Tale 2014. Gjestar, kollegaer, vener. Vel møtt til denne 107. Generalforsamlinga i Aalesunds Rederiforening.



Like dokumenter
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Pelagisk sektor sett frå fiskarsida. Tore Roaldsnes, styreleiar i Fiskebåt

Team Hareid Trygg Heime

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Høring - finansiering av private barnehager

Plassebakken Barnehage

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

DB

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Samansette tekster og Sjanger og stil

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

ehandel og lokalt næringsliv

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Kystfiskarane si rolle for auka verdiskaping i fiskeindustrien med fokus på tradisjonsfisk. Bergen 10.juni-2005 Knut Arne Høyvik

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Frå novelle til teikneserie

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Utfordringar hurtigbåt og ferje i Sogn og Fjordane. Øystein Hunvik, seniorrådgjevar kollektivtrafikk ved samferdsleavdelinga

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Lønnsundersøkinga for 2014

Brukarrettleiing. epolitiker

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Psykologisk førstehjelp i skulen

Kva er økologisk matproduksjon?

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)


ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Brukarrettleiing E-post lesar

dårlig avtale med Russland. I tillegg er Norge kommet skjevt ut i arbeidet med å sikre Norge en rettmessig andel av bestanden av snabeluer.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11


EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Med fleire bein å stå på.

FØRE-VAR-BESKATNING AV FISKERESSURSANE I BARENTSHAVET

Forslag frå fylkesrådmannen

Samferdsle og universell utforming i Sogn og Fjordane

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Månadsbrev for Rosa september 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Forskning, Forvaltning og Fordeling. Audun Maråk, direktør Fiskebåt

Frå tre små til ein stor.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Brødsbrytelsen - Nattverden

Kom skal vi klippe sauen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Pressemelding, Den internasjonale forbrukardagen 15. mars Postkasse- og fjernsynsreklame ergrar dei fleste norske forbrukarar

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

FANTASTISK FORTELJING

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Ny strategiplan for Høgskulen

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE


Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Transkript:

1 Tale 2014 Gjestar, kollegaer, vener. Vel møtt til denne 107. Generalforsamlinga i Aalesunds Rederiforening. Først vil eg be om at forsamlinga reiser seg og hedrar dei av våre kollegaer som har gått bort i løpet av året med 1. minutts stillheit.- Takk ** Dette er ei litt spesiell generalforsamling. Med eit lite forbehold om at dokke stemmer for dei nye vedtektene seinare i dag, er dette den siste generalforsamlinga med dette navnet på rederiforeninga. Aalesunds Rederiforeining vart stifta i 1906, faktisk 40 år før Fiskebåtredernes Forbund vart etablert som ein landsomfattande organisasjon. Den gongen, som no,var det behov for ein organisasjon som fronta fiskebåteigarane sine meininger. Dette behovet har slett ikkje vorte mindre med åra. Men effektiviseringa av flåten har ført til betydelig færre rederi enn før. Kommunikasjon og saksområde krev andre løysingar. Vi tek konsekvensen av dette og strukturer organisasjonen også. Vi får medlemmer frå Sogn og Fjordane rederiforening, Norsk Trålforening og i frå Aalesunds Rederiforening i det som skal heite «Fiskebåt Vest». Den nye foreninga vil vere ei av tre lokalforeininger i den nye organisasjonsstrukturen. Eg meiner dette er eit viktig steg på vegen mot å gjere organisajonen vår enda meir slagkraftig. Havfiskeflåten står for over 60% av fyrstehandsverdien av villfiske, i landets nest største eksportnæring. Og vi treng ein god organisasjon som kan fronte oss, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi har i haust fått ei ny regjering. Eg forventer at den nye fiskeriministeren Elisabeth Aspaker og resten av den politiske ledelsen vil hjelpe oss med å gi fiskerinæringa det fokuset den fortjener. Sjømatnæringa har for lavt fokus i den politiske debatten, i forhold til den betydning den har for landet Fiskeriminister Aspaker har i ein kronikk i Nordlys for nokre dagar sidan stilt ei rekkje spørsmål knytta til fiskerinæringa. konkurransekraft,

2 behovet for forenklingar i regelverket rundt drifta, to- delt økonomi er ting som ho tek opp der. Ho etterlyser oppmerksomhet om næringa og medvirkning til å gjere ting betre. Eg vil knytte nokre kommentarar til det ho tek opp etterkvart. Fyrst vil eg likevel kommentere den nye departementskonstruksjonen der ein slår saman fiskeri og næringsdepartementet til eit stort departement, med to ministrar pluss øvrig politisk ledelse. Eg synes dette er spennande og kan være eit viktig trekk for å øke den politiske oppmerksomheten om fiskerinæringa. Eg har eit håp om at denne samanslåinga kan føre til at vi etterkvart vert behandla likt med anna næringsliv. Samtidig er det viktig at ein beheld fiskeridelen i departementet. Rett og slett fordi fiskeria er ei spesiell næring som treng ekstra fokus ikkje minst pga av at vi forvaltar mange av fiskebestandane i lag med andre land. Denne næringa er basert på det havet gir av ressursar. Norsk økonomisk sone og havområda rundt dekker et enormt område med produktivt hav som husar fleire av verdas største fiskebestander. Dette gir oss store muligheter til å fortsette å utvikle sjømatnæringa til å være en langsiktig leverandør av sunn og god mat i frå eit rent hav til verdas befolkning. Men desse havområda gir også Norge som nasjon eit stort ansvar til å forvalte ressursane på ein god og bærekraftig måte. Ein kjem ikkje unna at manglande satsing på ressursforskning kostar næringa og landet dyrt. ICES kasta tidlegare i haust korta når det gjaldt makrell, og erkjende at det var systematiske feil både i kunnskapane om historisk fangst og at metodikken som til no hadde vore brukt, ikkje heldt mål. Makrellbestanden hadde blitt svært stor. Eg vil hevde at betre kunnskap om makrellbestanden hadde gitt oss ein annan situasjon opp gjennom heile 2000 talet. Kvotane hadde truleg vore høgre, og konfliktane med andre land hadde ikkje kome så langt som no. Som eit resultat av at mange av bestandane på 60 og 70 talet var på svært lave nivå, så ser det ut som om målet for god forvaltning er å få nær sagt alle bestandar opp på så høge nivå som mogleg. Naturen gir svingningar, fiskebestandane svinger også. Det har dei alltid gjort og det vil dei nok forsette å gjere. Ta for eksempel NVG silda her har vi hatt ein

3 stor bestand i mange år. Vi har fulgt forskarane sine anbefalinger til punkt og prikke. Alikavel så svinger bestanden kraftig. Som om ikkje det er nok så har vi en forvaltningsmodell som ytterligare forsterker desse svingningane kraftig. Dette gjer det vanskelig å tilpasse kapasiteten både på sjø og land. Kanskje er det ikkje nødvendigvis det beste verken for silda eller næringa å prøve å dyrke fram ein gigantbestand på 10-12mill tonn. Dette eksperimentet er ikkje til gagn for noken andre enn våre naboer i vest som nyttar den rekordstore utbredelsen av makrell og norsk vårgytende sild til å ta for seg det dei greier av desse fiskeslaga. Vi sit igjen som taparar, men prektige er vi sjølsagt. Forskning viser at Norge sin andel av Makrellen etter prinsippet om sonetilhørighet burde vere 46%!! Vi har i dag 20% av totalfangsten. På NVG har vi 61% men vi skal etter det samme prinsippet ha over 80%. Eg håper at myndighetene ser verdien av å hevde vår rett i internasjonale forhandliger. Vi har dessverre hamna i forsvarsposisjon. Vi burde heller gå ut offensivt å fremme våre rettmessige krav. Eg håpar i allefall at Norge no ikkje tapar siste omgang også i denne striden. Vi må no sette vår lit til at den nye ministeren og regjeringa fortsetter å vise fastheit og tålmodigheit i desse sakene. Eg meiner at ein også må sjå på forvaltningsstrategiane for bestandane som vi no har hatt i bruk nokre år. Framtidige forvaltningsstrategiar må ha eit breidare perspektiv enn det reint biologiske. Vi må i alle fall som eit første mål ha ambisjon om at svingingane i kvotane ikkje blir større enn svingingane i totalbestandane. Så må uttaksgraden avpassast også etter det som er realistisk å få til internasjonalt. Havforskningsinstituttet har no i gang eit arbeid der ein skal sjå på forvaltninga av bestandane. Eg meiner at det er feil at næringa skal vente på konklusjonane av dette. Næringa må inn på eit langt tidligare stadie enn vi har vore hittil. Eg håpar at Fiskebåt tek nye initiativ om dette. Finansieringa av denne viktige forskninga burde takast i statsbusjettet. Og ikkje ved forskningskvoter eller avgifter. Eg vart derfor skuffa når det ikkje vart løyvt meir til bestandsforskning i dette budsjettet. Men, her har eg forventningar framover til at ein verdien av dette i det store nye fiskeri og næringsdepartementet. Samtidig meiner eg at ein på Havforskningsinstituttet bør gå i seg sjølv å sjå om forskningsløyvingane blir brukt rett. Er valget om å

4 bygge ut ein eigen forskningsflåte i staden for å leige inn det mest økonomiske? Men om det no er slik at HI delvis skal brukerfinansierast med ei avgift på 1,2% av førstehandsverdien, so burde no i hvert fall alle brukarane bidra likt Eg tenker spesielt på oppdrettsnæringa som i fjor hadde ein førstehandsverdi på 31milliarder kroner. 1,2% av dette ville gi ca 350mill i HI sitt budsjett. For det er vel ikkje meininga at fiskarane skal finansiere forskninga til Fredriksen & Co? Marked Som ein stor fiskerinasjon er vi avhengige av eit marked for produkta våre. Norsk sjømatnæring produserer fisk tilsvarande 36millioner måltid kvar dag. Markedsadgang er svært viktig for å få omsetning for all denne fisken. Vi har desverre eit par uheldige saker, som eksportørane merker kvar dag. Det er ostetoll saka og det kjølige forholdet til Kina. Her må politikarane ordne opp så snart som råd. Eg stussar litt på prioriteringane i det nye statsbusjettet. Å fjerne skarve 7 millioner frå sikkerhetsopplæringa for fiskere? Kvifor velg regjeringa å ta såpasss med støy pga ein slik sum?? 30 millioner i Co2 avgift? Eit insentiv til å spare bunkers? Eg kan berolige politikarane med at dagens oljeprisar gir meir enn nok insentiv til å spare så mykje olje som overhodet mulig. Den forrige regjeringa hadde no tross alt sukra pillen litt med å auke fiskarfrådraget. Denne auken vart også fjerna Manglande satsing på bestandsforskning. Målet er ei subsidiefri næring er argumentet. Tja!

5 Eg regner med at det er målet for andre næringer også? Vi får stadig nye krav til administrasjon og drift av båtane våre, Vi skal ha samme krav som den øvrige skipsfarten er mantraet. Det ser ut som om vi skal få alt utenom rederiskatt, nettolønn og gunstige finansierinsordninger. Fiskebåtrederia består stort sett av små ein og tobåtsrederi Det er i bunn og grunn eit spørsmål om kva slags flåtestruktur ein ønsker. På eine sida ønsker ein ei næring med mange aktører og spreidt eierskap, men på den andra sida har vi særleg sjøfartsmyndighetene som stadig kjem med nye krav til flåten. Ordningane er stort sett henta frå handelsflåten og tilpassa til deira drift som i regelen er transport av varer, ikke som oss som driver jakt. Sikkerheitstyringssystem er ein god ting. Gode rutiner på dette området støttar eg fullt ut. Det er berre tre år sidan Sjøfartsdirektoratet fremja krav til slike ordningar på dei større fiskebåtane. Utan å evaluere verknaden av dette har no Sjøfartsdirektoratet funne ut at ein forlet dette sporet og vil innføre det ordinære ISM systemet også i fiskeflåten. Truleg fordi det er bekvemt for sjøfartsmyndigheitene. Det framgår av høyringsdokumenta at summen av alle desse krava til dokumentasjon er snart så stor at ein ikkje kjem utanom å ha ein betydelig administrasjon på land. Men passar det til eigarstrukturen i fiskeflåten?. Det omfattende rapporteringsregimet som ein har i offshore gjer det nødvendig å leie inn konsulenter for å kunne handtere det. Fiskefartøy har eit helt annet driftsmønster enn konvensjonsfartøy Når et fiskefartøy går fra kai veit ikke rederiet eller skipper nøyaktig hvor en skal og hvor fartøyet befinner seg ett døgn eller tre frem i tid. Vi mener driftsformen til fiskefartøy medfører andre behov enn det en har i handelsflåten. Dette norske særkravet er neppe med på å jevne ut virkningen av vår to- delte økonomi. Eg vil nemne ballastdirektivet, bakgrunnen for dette direktivet er at man oppdaga at ballastvannet til tankskip som kom frå tropiske strøk kunne innehalde uønska organismer, greit nok. Men så er det at noken kreative sjeler finn ut at man skal dele kysten vår inn i forskjellige soner og nekte båter å ta med seg sjøvann fra den eine sona til den andre utan å rense vatnet.dette er eit eksempel på korleis ei problemstillig vert tatt tak i av teoretikarane og blåst heilt ut av alle proporsjonar. Kva vil dei gjere med Golfstraumen som frakter enorme mengder sjø over desse grensene utan noken form for rensing? Spørsmålet er om det skal gå slik som i oppdrettsnæringa der små aktører gir opp og selger til dei store selskapa pga uoverkommelige krav til administrasjon.

6 Her må det nye stordepartementet avklare kva retning vi skal gå i, slik at ikkje direktorata tek over politikken, - og før eg forlet byråkratiseringa heilt- No håpar eg at den nye regjeringa avviklar planane om losordning for fiskeflåten. Struktur i fiskeflåten er eit viktig tema. Med det norske kostnads og lønnsnivået treng ein stadig meir fisk pr fiskar for å kunne opprettholde ein konkuransedyktig lønn. Dette må vi ta innover oss enten vi likar det eller ei. Samtidig må vi opprettholde en flåtestørrelse som gjer at vi kan utnytte ressursane på ein god måte når kvotene svingar oppover. Dette er ein viktig balansegang som eg vil oppfordre styret i Fiskebåt til å vurdere grundig. Utdeling av 3 nye rekekonsejoner og stadig utdeling av rekrutteringskvoter i kystflåten viser at politikarane gjerne fyller på i andre enden, sjølv om aktørane kjøper ut kapasitet.. Eg vil oppfordre politikarane til å bytte ut rekrutteringskvotene med ei god finansieringsordning for ungdom som vil satse på fiskeri. Problemet er at ei slik ordning vil koste litt pengar. Men fordelen er at ungdommane som satser på fiskeri slepp å bruke store deler av si framtidige inntekt på å kjøpe ut overkapasitet I haust fekk vi dommen i Volstad saka, den vart dessverre ikkje slik som vi ønska. Dommen seier faktisk at vi ikkje kan stole på staten, og at vi faktisk må rekne med å bli lurt trill rundt av og til av staten, slik som Eivind Volstad vart. Det einaste positive med denne dommen er at Høgsterett legg til grunn, og slår ettertrykkelig fast at strukturkvotene skal falle tilbake til gruppene som dei kjeme i frå. Det som må kome i kjølvatnet av denne saka er ei grundig vurdering av alle forandringer i rammebetingelsane våre. Vi er langsiktige og vi krever å få langsiktige rammebetingelser som står seg i meir enn ei stortingsperiode. Vi må verte flinkare å bygge omdømme. Og å fortelle omverda kva vi styrer med. For det er faktisk noke å vere stolte av. I den samanheng vil eg trekke fram Havfisk som hadde med seg ein reresentant frå WWF på trålfiske i Barentshavet. Han blogga om turen og gav eit positivt bilde av trålfisket. Dette når fram til grupper som nok ikkje er veldig begeistra for store båter med trål i utgangspunktet.

7 Vi må ta inn over oss at det no veks opp ein heil generasjon som såg på barnetvserien om redningsskøyta Elias. Der vert havfiskeflåten framstilt som ein grådig, usympatisk og skrytete trålar med utprega ålesundsdialekt. Dette inntrykket har nok festa seg i blant altfor mange. Det kan i hvert fall sjå slik ut på enkelte bokutgivelser i det siste.. Vi ser daglig på tv reklamer som viser betydninga oppdrett har for lokalsamfunn langs kysten. Det er kanskje på høg tid at vi viser fram kva fiskerinæringa betyr for landet? Og ikkje minst kva næringa kan bety for landet i framtida. Omdømme handlar også om den vanskelege øvinga det er å fortelle den gode historia. Eg minner om programma frå dei ulike fiskeria som NRK ved Dag Lindebjerg formidla for nokre år sidan. Alle forsto språket. Eg trur at ein sjeldan har fått så mykje godord til næringa frå folk flest som etter dei programma. Eg følte stoltheit, og at vi endeleg vart framstilte i media på ein måte som eg kjente meg igjen i. Norsk fiskerinæring er ei suksesshistorie, vi har våre utfordringer som alle andre. Men ved samarbeid og ved hjelp av politikere som ser mulighetene, kan vi bygge denne næringa vidare til å vere en av hjørnesteinane i Norsk økonomi når oljealderen tek slutt. Heilt til slutt så vil eg takke for det gode samarbeidet som eg har hatt i styret og med administrasjonen. Etter 5 år som styreleder vil eg også takke for meg. Det har vore interessant og lærerikt å ha dette vervet, eg vil oppfordre medlemmane til å ta på seg verv i organisasjonen, det er viktig å sjå behovet av å ha ein samlande foreining. Vi fiskarane er ein gjeng med individualister som har godt av å komme ilag å sjå kvarandre sine utfordringer og ikkje berre skrike ut når det skjer noke som ikkje passer meg. Organisasjonsarbeid dreier seg som regel om å finne kompromiss og løysningar som gagner medlemmane og næringa. Takk.