Avfallsplan 2004 2008 Måldokument Endeleg versjon



Like dokumenter
Innhald. Revisjon av avfallsplanen BIR Privat AS

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

STRATEGISK PLAN SØRE SUNNMØRE REINHALDSVERK IKS (SSR) ( )

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 136/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

Total mengde restavfall regnet som sluttbehandlet ,7 % Jern til materialgjenv. (etter forbren.) ,3 %

VEDTEKT av februar 2007

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Forskrift for hushaldsavfall i Skodje kommune, Møre og Romsdal

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

BILAG 1 MOTTAK OG BEHANDLING AV RESTAVFALL

1 INNLEDNING AVFALLSTRØMMENE I BIR AVFALLSBEHANDLING... 12

Total avfallsmengde. Total mengde restavfall regnet som sluttbehandlet ,8 % Jern til materialgjenv. (etter forbr.) 1.930

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 FORUREININGSLOVA. - Ei rask innføring - kommunens rolle. Arild Støylen. Avd.ing.

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SÆRUTSKRIFT - MELDING OM POLITISK VEDTAK - AVFALLSGEBYR 2015.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Avfallsstatistikk for husholdningsavfall i BIR

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Avfallstatistikk. Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap. Avfallstatistikk for forbruksavfall i BIR Prosjektnavn.

Farleg avfall i Nordhordland

Strategiplan for Apoteka Vest HF

HORDALANDD. Utarbeidd av

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Fagdag for næringsmedarbeidarar

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

KOMMISJONSVEDTAK. av 3. februar 1997

FJELL KOMMUNE Temaplan for avfall

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

HOVEDPLAN FOR AVFALL Mål og strategier

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Forskrift om husholdningsavfall i Sula kommune

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Avfallshandtering - korleis bidra til eit betre miljø?

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Lov og forskrift. Loen Oddvin Ylvisaker

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Planstrategi for Ullensvang herad

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Forskrift om bustøtte

Kontroll ved. Halsvik Bil & Gjenvinning

Etablering av selskap for avfallshåndtering

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Avfall 2020 «Ressursar på rett veg» Strategidokument for handsaming av avfall i SIMAS IKS

Kommunereform. Presentasjon på folkemøta Vinteren 2015 INFORMASJONSSTRIPE REDIGER VIA MASTER SLIDE

Kommunale næringsfond

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

Total mengde restavfall regnet som sluttbehandlet ,1 % Jern til materialgjenv. (etter forbr.) 1.148

Forskrift om handtering av avfall frå hushald I kraft frå 1. mars 2014

Forskrift gitt med heimel i lov om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova) 30, 31, 33, 34, 37, 48, 49, 50, 79, 83 og 85.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fylkesmannen i Miljøvernavdelinga

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Kontroll ved. Sunnfjord Bil AS

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Til sak 4: Budsjett- og økonomiplan

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Avfallspolitikk og miljøeffekter

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Ingjald Lerum Arkiv: MTR 176/4 Arkivsaksnr.: 09/2508

STRATEGIDOKUMENT

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

MØTEBOK. Gebyrforskrifta for 2018 er ei vidareføring av gebyrforskrifta for 2017, men med tillegg i gebyrsatsane på 6,5 %.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Transkript:

Avfallsplan 2004 2008 Måldokument Endeleg versjon Oppdragsgiver: BIR Gjenvinning AS (frå 1. juli 2004: BIR Privat AS) Formell oppdragstittel: Avfallsplan 2004 2008 Oppdragsnummer: 112916 Rapportdato: 2004-02-10 2005-04-21 Versjonsnr.: E Prosjektansvarlig hos o.giver: Prosjektansvarlig hos Interconsult: Saksbehandler hos Interconsult: Kontrollør hos Interconsult: Toralf Igesund Reidar Seim Svein Sande Nøkkelord (søkeord): Signaturer: (Saksbehandler) (Utført kontroll) (Prosjektansvarlig Interconsult) IT-arkiv: C:\Documents and Settings\gislen\Skrivebord\Avfallsplan 2004-2008.doc

Innhald Side Samandrag...3 1 Innleiing...4 2 Rammevilkår...5 2.1 Nasjonale rammevilkår...5 2.2 Rammevilkår som er spesielle for BIR-kommunane...6 3 Avfallsmengder...7 4 Målsetjingar...9 4.1 Generelt om målsetjingar og val av løysingar...9 4.2 Overordna målsetjingar...10 4.2.1 Hovudmål...10 4.2.2 Gjenvinning...10 4.2.3 Nøgde kundar og effektiv drift...11 4.2.4 Produsentansvar og kommunal samordning...11 4.3 Delmål hushaldsavfall...11 4.3.1 Innleiing...11 4.3.2 Avfallsforebygging...12 4.3.3 Sortering og materialgjenvinning...12 4.3.4 Farleg avfall (tidl. spesialavfall)...13 4.3.5 Estetikk...14 4.3.6 Sluttbehandling...14 4.3.7 Renovasjonsgebyr...14 4.3.8 Hytterenovasjon...15 4.3.9 Søppelproblem i byområde...15 4.4 Delmål kommunal verksemd i BIR - kommunane...16 4.5 Behov for tiltak i planperioden...18 5 Referansar...19 Side 2 av 20

Samandrag Denne avfallsplanen for perioden 2004-2008 er utforma av BIR Privat i samarbeid med representantar frå eigarkommunane i selskapet. Føremålet med planen er å definere dei viktigaste målsetjingane til BIR Privat i samband med innsamling og behandling av avfall frå hushalda i kommunane. I tillegg vurderer planen grunnlaget for å samordne nokre av dei andre forvaltingsoppgåvene som kommunane har innan avfallsfeltet. Rammevilkåra for innsamling og behandling av hushaldsavfallet er i stadig endring. Frå juli 2004 vert det innført ei endring som gjer at det kommunale ansvaret vert avgrensa til avfall frå hushald. Fleire kundar kan då kjøpe tenester på den frie marknaden, og BIR Privat må gjennomføre ei ny deling av kostnader mellom kundetypane. Dette fordi tenestene for hushaldsavfall skal gjennomførast til sjølvkost. Endringar i det såkalla deponidirektivet, og i den statlege avgiftspolitikken kan også påverke strategien og kostnadsnivået for BIR Gjennvinning i framtida. SFT sitt forslag om endring i sluttbehandlingsavgifta for avfallsforbrenning vil gje vesentleg gunstigare avgiftsvilkår enn i dag, men det er uklart om dette forslaget blir godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). I 2002 vart det i BIR-kommunane produsert 133.000 tonn avfall totalt, eller ca. 455 kg/innbyggjar. Av dette gjekk 35 % til materialgjenvinning, medan den totale gjenvinningsgraden inkludert energigjenvinning var på 59 %. Planen er delt inn i hovudmål og delmå for ulike tema. Hovudmåla er meint å overstyra verksemda til BIR Privat, medan delmåla definerer målsetjingane for dei tema som er høgst prioriterte. Planen for 2004-2008 har følgjande hovudmål: Gjenvinningsgrad på 80 % innan 2008 - Noko som er meir ambisiøst enn den nasjonale målsetjinga på 75 % innan 2010, og som skal skje gjennom auka energigjenvinning og betre innsamlingsordningar til materialgjenvinning. Verksemda skal oppfattast som kundevenleg hjå min. 75 1 % av kundane og vere mellom dei seks mest effektive i landet - Målsetjingar som krev ein balanse mellom fleksible kundetilpassa løysingar og god økonomistyring. For fraksjonar med produsentansvar vil BIR Privat legg til rette for kundevenlege løysingar dersom materialselskapa dekkjer kostnadene - I samband med planarbeidet har BIR saman med seks av dei største bykommunane i landet gått i felles dialog med materialselskapa med sikte på å oppfylle denne målsetjinga. Kommunane skal nytte BIR-samarbeidet til samordning av lokale forvaltingsoppgåver innan avfall - Med aukande delegering av forvaltningsansvar til kommunane vert dette eit stadig større behov. Det er i tillegg definert spesielle delmål for m.a. avfallsforebygging, sortering og materialgjenvinning, renovasjonsgebyr, hytterenovasjon og søppelproblem i byområde. På grunnlag av føringane frå hovudmåla og delmåla, må BIR Privat i samarbeid med eigarkommunane definere dei tiltaka som i størst mogeleg grad oppfyller målsetjingane. 1 Endret fra 70% til 75% i styrevedtak 28.04.2005 Side 3 av 20

1 Innleiing Styret i BIR Privat AS har bestemt at rulleringa av avfallsplanen skal skje på følgjande måte: Gjennomføre ein forvaltningsrevisjon av avfallsplanen 1999 2003. På grunnlag av dette skal det utformast ein avfallsplan for perioden 2004 2008. Forvaltningsrevisjonen er utført som eigen rapport (/5/). Den er nytta som grunnlag for eit planarbeid som er gjennomført i samarbeid med BIR Privat og eigarkommunane. Tidlegare avfallsplanar er utforma på grunnlag av lovfesta retningsliner. Etter ei lovendring står kommunane no vesentleg friare når det gjeld omfang og innhald i planarbeidet. Organiseringa i BIR-konsernet og BIR Privat sine oppgåver gjer det naturleg å definere følgjande føremål for planarbeidet: Planen er meint å fungere som ein "avtale" mellom medlemskommunane og selskapet om den overordna målsetjinga for BIR Privat si gjennomføring av innsamling og behandling av hushaldsavfall. Planen bør nyttast som grunnlag for samordning og samarbeid om lokale forvaltingsoppgåver innan avfallshandteringa. Planen sitt omfang er avgrensa til den lovpålagte avfallshandteringa til kommunane, og den inneheld såleis ikkje mål og tiltak innan næringsavfall. Styret i BIR Privat AS har vore styringsgruppe for planarbeidet. Deltakarane i arbeidsgruppa for planen er følgjande: Per Vikse, Bergen kommune. Roald Hovden, Osterøy kommune. Hans Kristian Stenerud, Samnanger kommune. Torbjørn Pedersen, Askøy kommune. Svein Ove Hesjedal, Vaksdal kommune. Øystein Havsgård, Fusa kommune. Øyvind Tøsdal, Os kommune. Frode Glesnes, Sund kommune. Hogne Høyseter, Kvam herad. Toralf Igesund, BIR Privat AS. Interconsult ASA har utført utgreiingsarbeid og skriftleg framstilling. Side 4 av 20

2 Rammevilkår 2.1 Nasjonale rammevilkår I ein kort gjennomgang av dei viktigaste nasjonale rammevilkåra vil vi vurdere korleis endringar kan påverke avfallshandteringa i planperioden. Endring i definisjonane i 27 i Forurensingslova (forbruksavfall blir husholdningsavfall) vil gjelde frå juli 2004. Då vert kommunane sin einerett på innsamling og behandling avgrensa til avfall frå hushald. Mindre verksemder, institusjonar, skular og liknande kan fritt vende seg til avfallsaktørar på den frie marknaden. BIR Privat kan ikkje "subsidiere" desse kundane gjennom avfallsgebyret. BIR-konsernet har allereie tilpassa strategi og organisering til dette, slik at endringa neppe vil få vesentlege praktiske følgjer for gjennomføringa av avfallsplanen. I 2003 vart det utarbeidd eit forslag om ein ny struktur på sluttbehandlingsavgifta for avfallsforbrenning. Avgifta vil etter dette forslaget bli direkte avhengig av utsleppet til luft av ulike stoff frå forbrenningsanlegget. I dag vert det som kjent betalt avgift pr tonn levert avfall til anlegget. Og i staden for dagens system der ein får redusert avgift i høve til prosentvis energigjenvinning, ville ein i det nye systemet få direkte tilskot frå Staten pr levert kwh (som fjernvarme, elektrisitet eller damp).bir sitt nye forbrenningsanlegg har eit avansert rensesytem som vil gje svært låg avgiftsdel for utsleppet frå pipa. Og i tillegg er energigjenvinninga no auka vesentleg ved framføring av fjernvarmeleidningar til Bergen sentrum. Det nye systemet ville såleis vere svært gunstig for BIR. Men EU-organet ESA har visse merknader til tilskotsdelen av det nye systemet. Innføringa av dette er såleis utsett. Avfalls-, energi- og klimapolitikken heng nøye saman, og det er i aukande grad argumentert for tiltak som stimulerer til bruk av avfallsenergi og utbygging av fjernvarme som erstatning for el- og oljefyring. Men bruken av verkemiddel har vore dårleg samordna. Utbyggingsaktørane er dermed svært varsame med nye investeringar så lenge rammevilkåra er såpass usikre. Det var såleis svært lite fjernvarmeutbygging i 2003 på grunn av forslag om endring av avgiftssystemet for elektrisitet. Miljøverndepartementet har inngått bransjeavtalar for ulike avfallstypar, der bransjane tek ansvar for innsamling og gjenvinning av sin del av avfallsstraumen. Bransjeavtalane omfattar m.a. emballasjefraksjonar som plast, papp, glas mv, og ulike typar elektronikkavfall, batteri, bildekk og PCB-haldige vindauge. Avtalane for emballasjefraksjonane vart reforhandla i 2003, med berre mindre justeringar i krava til materialgjenvinning. Dei fleste bransjeselskap er avhengig av at kommunane legg til rette ordningar for kjeldesortering for dei fraksjonane som kjem frå hushald. Både BIR Privat og dei fleste andre selskap/kommunar kan dokumentere at vederlaget frå bransjeselskapa ikkje dekkjer innsamling- og behandlingskostnaden slik bransjeavtalane føreset. Forskrifta for farleg avfall (tidlegare spesialavfall) vart revidert i 2003. Der er m.a. impregnert trevirke definert som farleg avfall. Det kan ikkje lenger leverast til deponi, men det kan kanskje leverast til BIR sitt forbrenningsanlegg. I den nye forskrifta er det også krav om meir omfattande analyser av slagget frå forbrenningsanlegget for å dokumentere at innhaldet av ulike stoff i slagget er innafor dei grensene som er sett som skilje mellom farleg og ufarleg avfall. EU har vedteke ei "forordning" om organiske biprodukt som m.a. kan gje forbod mot innsamling av matavfall frå storhushald til dyrefôr. Førebels er det signalisert at forbodet vil bli innført i Norge frå 2006. BIR sitt dotterselskap Miljøfôr Vest AS, må Side 5 av 20

såleis innan den tid finne alternative gjenvinningsløysingar for ca. 1.500 tonn/år som i dag går til dyrefôr. Frå 2003 har Miljøverndepartementet gjeve kommunane rett til å vedta lokale forskrifter for handtering av bygg- og anleggsavfall. I ei slik forskrift kan kommunane setje krav til avfallsplan for kvart tiltak, i tillegg til krav til type disponering og gjenvinning. Forskrifta gjev også kommunane rett til kontroll. Bergen kommune vil truleg vedta ei slik forskrift i nær framtid. Innan EU er det sett i gang eit arbeid med eit direktiv for biologisk behandling. Eitt av framlegga i eit tidlegare utkast tok sikte på tvungen innsamling av organisk avfall i byar og tettstader over 2000 innbyggjarar, men dette framlegget er tona ned i det siste arbeidsdokumentet. Det skal no vurderast om målsetjingane i deponidirektivet er eit godt nok verkemiddel for å oppnå føremålet i det biologiske direktivet. Det er lite truleg at direktivarbeidet får ei slik framdrift at eventuelle tiltak blir aktuelle i BIR området i planperioden. 2.2 Rammevilkår som er spesielle for BIR-kommunane Dei viktigaste lokale rammevilkåra er lista opp nedanfor. Utsleppsløyvet til BIR Avfallsenergi inneheld som kjent detaljerte krav til utslepp og krav om minst 50 % energiutnytting innan 2005. Kravet er no oppnådd ved framføring av fjernvarmeleidningar til Bergen sentrum/haukeland sjukehus sumaren 2003. Det er også eit krav i løyvet at anlegget berre skal brenne restavfall. Kva som er restavfall skal vurderast ut frå samfunnsøkonomi. Dette er nærare drøfta i punkt 4.1. I BIR Privat sine strategiske mål er følgjande punkt relevante for planarbeidet: "BIR Privat skal utviklast til ei kundefokusert serviceverksemd." "Auka kontroll med avfallsstraumane." "Monopoltenestene skal til ein kvar tid vere tevleføre." "Renovasjonsgebyret skal ikkje auke utover generell løns- og prisvekst." "Administrative støttesystem skal samordnast og effektiviserast." Side 6 av 20

3 Avfallsmengder Figur 1: Mengder og avfallsstraumar i BIR Privat-regionen 2002 (/1/) Total mengde restavfall regnet som sluttbehandlet 53.532 40,1 % Restavfall til deponi 0 Restavfall til forbrenning 88.501 Restavfall regnet som sluttbehandlet 53.532 FORBRENNING 37,2 % energiutnyttelse Slagg; toppdekke på deponi 14.883 Aske; destrueres som spesialavfall 2.316 Total restavfall 88.501 Total avfallsmengde 133.351 Materialgjenvinning (før i forbren.) 44.850 33,6 % Jern til materialgjenv. (etter forbren.) 2.082 Restavfall regnet som energigjenv. 32.887 24,7 % Total mengde avfall til materialgjenvinning 46.933 35,2 % (Materialgjenvinning etter forbrenning) Total mengde avfall til gjenvinning (material + energi) 59,9 % Kvar innbyggjar i BIR leverte i gjennomsnitt 455 kg avfall i 2002. Av dette vart 153 kg levert til gjenvinning, medan 203 kg vart levert som restavfall i rute eller til gjenbruksstasjonar. I 2002 var det såleis ei materialgjenvinning på 35 %. 0,0 10,0 20,0 30,0 40,0 50,0 60,0 Papir/papp Plast Glas/metall Matavfall Farleg avfall Grøntavfall Trevirke Skrapjern/ slaggjern Jord/stein Diverse EE-avfall Anna 0,3 7,7 9,8 2,1 9,5 11,1 7,2 4,5 17,8 34,0 56,1 Figur 2: Fraksjonar til materialgjenvinning frå BIR-kommunane 2002 (kg/innb.) Side 7 av 20

Den totale gjenvinningsgraden i BIR-kommunane ut frå styresmaktene sin reknemåte, jf. faktaboks 1, er på ca. 59 %. Mengda samla inn frå gjenbruksstasjonane utgjer ca. 50 % av totalmengda til materialgjenvinning. Hentesystemet med matavfall frå storhushald, papir/papp og drikkekartong utgjer ca. 35 %, medan mengdene frå bringesystemet, dvs. glas/metall, plast, tekstilar mv. utgjer berre ca. 9 %. Dei resterande 5 % er det ein reknar med vert sortert ut ved heimekompostering, i tillegg til jern/metall sortert ut frå slagget. Figur 3 viser at dei totale avfallsmengdene har auka med over 30 % på 5 år. Dersom denne utviklinga held fram, vil ein såleis få ei dobling over ein periode på ca. 15 år. Den vidare utviklinga vil sjølvsagt vise om det er grunn til å starte planlegging av utvida eigenkapasitet for forbrenning, eksport av avfall, eller andre tiltak for kapasitetsauke eller avfallsreduksjon i planperioden. Figur 3: Utvikling av totalmengder og andel til gjenvinning 1996-2002 (/1/). Mengde (tonn) 140000 120000 100000 80000 60000 Totalt gjenvinning av avfall - Sluttbehandling av avfall Restavfall (1996-1999) / Sluttbehandlet (2000-2002) Energigjenvinning Materialgjenvinnig (1996-1999) / Materialgjenvinning inkl. skrapjern ( 2000-2002) 121080 117959 112092 126476 129750 40,1% 40,5% 98661 52592 50759 68 % 70 % 72 % 82290 76 % 82848 80563 23,3% 23,5% 74772 29500 30496 133351 40,1% 53532 24,7% 32887 40000 20000 0 24 % 23889 28 % 31529 30 % 35111 32 % 38993 36,5% 36,0% 46217 (1037 skrapjern) 46662 (1703 skrapjern) 35,2% 46933 (2082 skrapjern) 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 År Side 8 av 20

4 Målsetjingar 4.1 Generelt om målsetjingar og val av løysingar Det vert nytta ulike metodar og reknemodellar for å vurdere miljømessige og økonomiske konsekvensar ved ulike tiltak: Livsløpsanalyse, (LCA) - Føremålet med denne er å vise kva tiltak som gjev best miljøeffektivitet, dvs. best miljøgevinst over ressursane sitt livsløp. Det ver gjennomført ei analyse av eit materiale for å finne dei totale mengdene av utslepp og ressursbruk frå vogge til grav, dvs. frå uttak av jomfruelege ressursar til produksjon og fram til sluttbehandling på deponi eller ved avfallsforbrenning. Slike analyser er t.d. nytta for å finne miljøeffekten ved kjeldesortering av plastemballasje. Dette kriteriet tek ikkje omsyn til økonomi, men gjev resultat som mengde utslepp, mengde energibruk mv. Samfunnsøkonomisk analyse - Føremålet med denne er å vise kva tiltak som gjev best samfunnsøkonomi, dvs. dei tiltaka som utnyttar ressursane inkludert dei økonomiske, på ein mest mogeleg effektiv måte for samfunnet. Utsleppa frå livsløpsanalysen kan i denne analysen gjevast ein kroneverdi ut frå ulike skadeverknader eller oppryddingskostnader. Kroneverdien av dette vert såleis rekna saman med samfunnet sine direkte kostnader ved eit tiltak. Samfunnsøkonomi er eit overordna prinsipp for norsk avfallspolitikk, noko som seinast kom i fram i siste Stortingsmelding nr. 25, /6/. Same prinsipp ligg også til grunn for utsleppsløyvet til BIR sitt forbrenningsanlegg, der anlegget berre kan forbrenne avfall "som av tekniske eller samfunnsøkonomiske grunner ikke kan eller bør gå til ombruk eller materialgjenvinning". Forslaget til ny statlege utsleppsavgifta for forbrenningsanlegg tek også utgangspunkt i definerte miljøkostnader for utslepp av ulike stoff. Bedriftsøkonomisk analyse - Der føremålet i denne samanhengen er å vise kva tiltak som gjev lågast mogeleg gebyr for abonnentane. Denne reknemodellen tek berre omsyn til dei økonomiske tilhøva. I motsetnad til samfunnsøkonomien vert det berre teke omsyn til pengar som går ut eller inn av BIR-kommunane si gebyrkasse, og ikkje økonomiske konsekvensar for andre aktørar i samfunnet. Konklusjon: Samfunnsøkonomi er såleis den einaste modellen som tek omsyn til både miljø og økonomi på ein balansert måte, og som BIR-kommunane gjennom utsleppsløyvet til forbrenningsanlegget er pålagt å bruke. Samfunnsøkonomi skal såleis nyttast som overordna prinsipp ved val av løysingar i neste planperiode. Side 9 av 20

4.2 Overordna målsetjingar 4.2.1 Hovudmål Hovudmål Ein gjenvinningsgrad* for hushaldsavfall på minimum 80 % innan 2008. Verksemda innan hushaldsavfall skal oppfattast som kundevenleg hjå minimum 75 2 % av kundane. Verksemda innan hushaldsavfall skal vere mellom dei 6 mest effektive i landet ut frå NRF sin modell for effektivitetsmåling. For fraksjonar omfatta av produsentansvaret skal BIR Privat tilretteleggje for kundevenlege løysingar dersom materialselskapa dekkjer kostnadene. Kommunane skal nytta BIR -samarbeidet til samordning av lokale forvaltningsoppgåver innan avfallsområdet der dette er føremålstenleg. * Rekna ut på same måte som det nasjonale målet, jf. faktaboks 1. Desse fem måla er meint å "gjennomsyre" alle aktivitetar i BIR Privat og kommunane som vert omfatta av denne planen. Det vil seie at ved val av tiltak og løysingar i planperioden vert hovudmåla eit sjekkpunkt på om ein er på rett veg. Dersom det viser seg at målsetjingane ikkje kan oppfyllast ved dei tiltak som er skissert, må det gjerast korrigerande tiltak. Ved ein eventuell konflikt mellom hovudmål og delmål, gjeld hovudmålet først. I samband med utforming av avfallsplanen er det sjølvsagt ikkje mogeleg å utgreie dei fulle konsekvensane av målsetjingane. Dersom det viser seg at hovudmål eller delmål ikkje er praktisk mogeleg å oppnå, må avvik godtakast, men dette må i så fall grunngjevast ved revisjonen av planen. 4.2.2 Gjenvinning Faktaboks 1: Utrekning av gjenvinningsgrad med BIR-mengder frå 2002. Mengde avfall til avfallsforbrenning 88.501 tonn/år * Energiutnyttingsgrad forbrenning 37,2 % = Teoretisk mengde definert som 100 % energiutnytting 32.887 tonn/år + Mengde avfall til materialgjenvinning og kompostering: 46.933 tonn/år = Sum mengde til gjenvinning 79.820 tonn/år Total mengde avfall: 135.434 tonn/år Total gjenvinningsgrad: 58,9 % 2 Endret fra 70 % til 75 % i styrevedtak 28.04.2005 Side 10 av 20

Styresmaktene nyttar same prinsipp for utrekning for evaluering av det nasjonale resultatmålet om maksimalt 25 % avfall til sluttbehandling innan 2010, /7/. Definisjon "materialgjenvinning" = Avfall sortert ut for materialgjenvinning, dvs. det går inn i produksjon der materialet vert teke vare på heilt eller delvis. Då den nasjonale målsetjinga er 75 % gjenvinning innan år 2010, er BIR si målsetjinga meir ambisiøs både når det gjeld måltal og framdrift. Fordelinga mellom energigjenvinning og materialgjenvinning er i utgangspunktet mindre viktig, men målet kan til dømes også nåast gjennom materialgjenvinning på 37 % og energiutnytting på 68 %. 4.2.3 Nøgde kundar og effektiv drift Tenestene innan hushaldsavfall er finansiert gjennom avfallsgebyret som kvar abonnent (hushaldskunde) må betale ut frå eit sjølvkostrekneskap. Kunden må såleis betale det tenesta kostar uavhengig av kvalitet og effektivitet, og kunden har ikkje høve til å skifte til ein annan tenesteleverandør. Målsetjinga om nøgde kundar og effektivitet gjev såleis visse retningsliner for BIR Privat når det gjeld å setje kunden i sentrum, og ved å organisere tenestene på ein effektiv måte. Målestokken på nøgde kundar vert jamnlege spørjeundersøkingar, medan modellen for effektivitetsmåling nyleg er utvikla av Norsk renholdsverks forening (NRF). Ingen av desse målestokkane gjev sikre svar. Men i planen vert det likevel vurdert som viktig å knyte konkrete tal til desse målsetjingane. 4.2.4 Produsentansvar og kommunal samordning I tillegg til dei fraksjonane som vert omfatta av produsentansvaret i dag, har styresmaktene signalisert at dette vert utvida til fleire fraksjonar som t.d. impregnert trevirke. Sjølv om det vert danna eigne selskap med ansvar for dette, er kommunane sine innsamlingsordningar ofte ein viktig kanal for å oppfylle bransjemåla. BIR Privat er gjerne med å legge til rette for kundevenlege ordningar, men føreset då at materialselskapa betalar det dette kostar, slik at ordningane ikkje gjev ein auke i avfallsgebyret. Det siste hovudmålet er ei felles målsetjing frå alle BIR-kommunane om å nytte BIRsamarbeidet som arena for samordning av ulike forvaltningsoppgåver. Til en viss grad kan enkelte av forvaltingsoppgåvene delegerast til BIR Privat, men det er noko som den enkelte kommune må avgjere. 4.3 Delmål hushaldsavfall 4.3.1 Innleiing Utgangspunktet for planen er at BIR Privat har ansvaret for innsamling og behandling av hushaldsavfall. Delmåla under dette punktet er dermed eit oversyn over retningslinjer som vert sett for denne verksemda. Temautvalet er plukka ut dels på grunnlag av det som kommunane ønskjer å prioritere, og dels saker som BIR Privat ønskjer å avklare. Dei delene av avfallshandteringa som ikkje er nemnde her, reknar ein med vert utførde i samsvar med dagens rutinar. Side 11 av 20

4.3.2 Avfallsforebygging Delmål avfallsforebygging Påverke kundane sine haldningar i retning av meir avfallsforebygging. Avfallsforebygging er å hindre at avfall oppstår. I NOU-rapporten om "Avfallsforebygging", /4/, vert det understreka at dette området i mindre grad handlar om avfall, men mest om ressursar og korleis desse kan utnyttast betre. NOU-utgreiinga var såleis avklarande i høve til rollefordelinga i arbeidet, der den tyngste delen av arbeidet må gjerast i dei ansvarlege ledda før avfallet oppstår, dvs. i produksjon, varehandel og på forbrukssida. For "etterbruksfasen", der verksemda til BIR Privat høyrer heime, vert det i NOU-utgreiinga m.a. tilrådd følgjande: Innsamlingsordningane skal organiserast slik at dei vert lett å bruke for abonnentane. Abonnentar som nyttar gjenvinningsordningane bør premierast gjennom gebyrsatsane. Produsentansvaret bør vidareutviklast. BIR Privat er i gang med planlegging av konkrete tiltak som tilfredsstiller dei tre punkta. Desse tiltaka er nemnde under andre punkt i planen. Dette gjeld mellom anna "Returløftet" og systemet for gebyrdifferensiering. Tiltaka vil saman med haldningsskapande arbeid generelt vere med å oppfylle det første delmålet. 4.3.3 Sortering og materialgjenvinning Delmål sortering og materialgjenvinning Minimum materialgjenvinningsgrad på 37 %. Minimum innsamlingsgrad for : Papir / papp / drikkekartong på 60 kg/innb. Mjuk og hard emballasjeplast på 4* kg/innb. Glas/metall-emballasje på 8 kg/innb. Gjennomføre "Returløftet" for emballasjeavfall slik at: Abonnentane får ein høgare servicegrad. Vederlaget frå materialselskapa skal dekkje alle kostnadane til BIR Privat. Det skal gjennom informasjon, tilrettelegging og gebyrdifferensiering stimulerast til heimekompostering og lokalkompostering av matavfall. Alle gjenbruksstasjonar skal få felles profil, og alle hushaldskundar skal betale ein viss eigendel ved levering av avfall til stasjonane. * Føreset at Returløftet gjennomførast, med full kostnadsdekning. Dei tre fraksjonstypane som er konkretisert i målsetjinga utgjer i sum 75 kg/innb. Det tilsvarar ein auke i materialgjenvinning på 11 kg/innb. Også eit forsiktig totalmål om 37 % materialgjenvinning må såleis ha som føresetnad at innsamlingsgraden for grove fraksjonar som treverk, skrapjern, grøntavfall og jord/stein vert om lag på same nivå som i dag, eller betre. Side 12 av 20

Den talfesta innsamlingsgraden for papir/papp/drikkekartong og glas/metall viser ein moderat auke i høve til i dag. Men for plast krev målsetjinga ei vesentleg omlegging av innsamlingssystemet for å oppnå ein auke frå 0,3 til 4,0 kg/innb. Der ein elles i landet oppnår ei innsamling på 7-9 kg/innbyggjar er det innført hentesystem. Erfaringsmessig er det vanskeleg å oppnå så gode resultat i storbyar. Dersom Returløftet vert realisert, reknar ein likevel med at det kan innførast tiltak som kan tilfredsstille dette delmålet utan gebyrauke. Målsetjingane om kompostering og gjenbruksstasjonar er i samsvar med dagens strategi i BIR Privat. Målsetjingane vert likevel formulert også i denne planen fordi dei vert sett på som viktige aktivitetar i avfallshandteringa. Faktaboks 2: Returløftet Som ein del av planarbeidet har BIR Privat teke initiativ til å starte eit prosjekt kalla "Returløftet". Dei andre deltakarane i prosjektet er Oslo, Kristiansand, Tromsø, Fredrikstad, Stavanger og Trondheim. Deltakarane representerer tilsaman ca. 1,3 mill. innbuarar. Føremålet med prosjektet er å gå i samla dialog med Materialselskapa om ei felles landsdekkande innsamlingsløysing for alle emballasjefraksjonar. Dersom kommunane får dekka sine kostnader med innsamlinga, kan dei etablere ei felles ordning med høg innsamlingsgrad. Hovudprinsippet er ein oppsamlingseining eigd av kommunen, t.d. behaldar, som er felles for følgjande fraksjonar: Hard og mjuk emballasjeplast Drikkekartong. Emballasjekartong (KAS). Pappemballasje. I same behaldar er det i tillegg aktuelt med mindre typar EE-avfall / farleg avfall som t.d. kasserte leiker, kasserte mobiltelefonar, oppladbare batteri, lyspærer/sparelyspærer mv. Materialselskapa må seg i mellom bli samde om den interne kostnadsdelinga.gjennom felles pilotprosjekt må ein saman med materialselskapa finne kva fraksjonar som er mest føremålstenleg å ta med i høve til behovet for sortering i etterkant. 4.3.4 Farleg avfall (tidl. spesialavfall) Delmål farleg avfall Mengda farleg avfall samla inn igjennom innsamlingsordningar for hushaldskundar skal vere minimum 3,0 kg/innb. innan 2008. Det skal gjennomførast konkrete forbetringar i høve til systema i drift pr. 2003 slik at kundane får eit betre tilbod for levering av farleg avfall Det skal gjennomførast informasjonstiltak som aukar kundane sin kjennskap til farleg avfall og den rette behandling av dette. I siste planperiode var det ein auke i innsamlingsgrad frå 1,4 kg/innb. til 2,0 kg/innb. utan andre konkrete tiltak enn betre informasjon. I neste planperiode viser interne utgreiingar at det skal gjerast fysiske tiltak for å betre innsamlingsgraden, og ei målsetjing med ein auke på 50 % bør såleis vere realistisk. Døme på tiltak er å utplassere mobile mottak hjå burettslag, /3/. Ved utrekning av innsamlingsgrad i høve til målsetjinga skal innsamla mengder impregnert trevirke og PCB-haldige vindauge haldast utanfor. Side 13 av 20

Farleg avfall er ein svært viktig del av avfallsstraumen. Uavhengig av innsamlingsgraden er det såleis behov for målsetjingar om eit betre leveringstilbod, og informasjonsarbeidet om fraksjonen må prioriterast. Samla gjev tiltaka innan farleg avfall ein auke i kostnaden. Det er ikkje grunnlag for å talfeste denne, men ein må truleg rekne med ein auke på ca. 30-50%, eller ca. 7-11 kr/kunde. For fraksjonar med produsentansvar vil ein legge betre til rette for mottak dersom det ansvarlege materialselskapet dekkjer kostnaden med dette. 4.3.5 Estetikk Delmål estetikk I løpet av planperioden skal alt utstyr vere i samsvar med BIR Privat sin felles profil. Ein skal sjå til at alle returpunkt og gjenbrukstasjonar har eit akseptabelt estetisk nivå, både når det gjeld utforming og vedlikehald. I siste planperiode vart det utforma estetiske retningslinjer for BIR, og det er nyleg gjort vedtak om å innføre ein lik profil som skal omfatte kjøretøy, behaldarar, containerar, returpunkt og gjenbruksstasjonar. Ein felles profil gjev attkjenningseffekt og mindre feilsortering. Gode estetiske løysingar gjev ei positiv oppleving for brukarane, og fører til mindre hærverk og misbruk av ordningane. Delmåla skal sikre at opprustingsarbeidet vert gjennomført. 4.3.6 Sluttbehandling Delmål sluttbehandling Alt brennbart restavfall skal gå til energigjenvinning der minst 65 % av den produserte energien vert nytta. BIR Avfallsenergi skal ha kapasitet til å behandle hushaldsdelen av restavfallet frå BIR-kommunane i eit langsiktig perspektiv. Drifta til BIR Avfallsenergi vil skje etter gjeldande lover og reglar, der mottak av avfall og energiutnytting vil følgje marknadstilhøva. Det vert likevel sett mål som skal sikre at restavfallet frå BIR-kommunane går til energigjenvinning med ei høg utnuttingsgrad og at det tidsnok vert teke omsyn til eventuelle framtidige kapasitetsproblem. Delmålet om 65 % energiutnytting vert sett som eit minimum. Innan 2008 vil det truleg vere nærare 70 %. 4.3.7 Renovasjonsgebyr Delmål renovasjonsgebyr Det skal innførast eit fleksibelt system for gebyrdifferensiering som stimulerer til avfallsreduksjon og kjeldesortering og som omfattar alle hushaldskundar. Med 2003 som utgangspunkt skal renovasjonsgebyret ikkje auke utover generell løns- og prisvekst. Side 14 av 20

BIR Privat skal vurdere å innføre eit fleksibelt system for gebyrdifferensiering med utgangspunkt i registrering av talet på tømingar for kvar kunde. Med eit slikt systemet vil gebyret variere med kunden si avfallsmengde. Eit slikt system vil stimulere til avfallsreduksjon og kjeldesortering, og det vil truleg bli oppfatta som meir rettferdig enn dagens ordning. Det vil dessutan oppfylle BIRkonsernet sitt strategiske mål om betre kontroll med avfallsstraumane. I tillegg til å oppfylle eit lenge signalisert ønskje om meir rettvise gebyr, kan systemet også gje inntektsauke og redusere kostnader i gebyrrekneskapen. I dette planarbeidet er det ikkje gjort utrekningar som viser kva grad dei formulerte målsetjingane vil gje gebyrendringar. Endringane vil truleg bli små, og dei vil opplagt bli mindre enn følgjene av eventuelle avgiftsendringar for sluttbehandling i det omfang som er skissert. Målsetjinga om gebyrutviklinga er i samsvar med eitt av BIR sine strategiske mål og sikrar såleis fokus på dette. 4.3.8 Hytterenovasjon Delmål hytterenovasjon Felles strategi for hytterenovasjon som inkluderer eit system for gebyrdifferensiering som skal setjast i drift innan 2005. Systemet for hytterenovasjon skal gje eit godt og einsarta tilbod til alle hyttekundar. For dette saksområdet er det gjort eit internt utgreiingsarbeid, /3/ som grunnlag for eit eit styrevedtak som har fastlagt følgjande prinsipp: Tilbodet om hytterenovasjon skal vere einsarta og omfatte alle BIR-kommunane. Hytterenovasjonen skal vere sjølvfinansiert. Hytteeigarane skal såleis betale for det systemet som er etablert for innsamling og behandling av hytteavfall. Gebyret skal vere differensiert ut frå standarden på hytta og avstanden til køyreveg. Hytter med høg standard skal ha eit høgare gebyr enn hytter med enklare standard. 4.3.9 Forsøplingsproblem i byområde Delmål forsøplingsproblem i byområde BIR Privat skal i samarbeid med Bergen kommune gjennomføre ei juridisk vurdering for å sikre heimel til påleggje huseigarar større avfallsvolum og ei meir tenleg organisering av avfallsordningane. BIR Privat / Bergen kommune skal gå inn problemområde med sikte på å få til ei betre organisering av samarbeidet med huseigarane. BIR Privat skal vurdere tilbod om finansieringsløysningar, i tillegg til teknisk service og vaktmeistertenester på slike felles avfallsløysningar. I Bergen sentrum er overfylte avfallsbehaldarar eit aukande problem. Dette gjeld særleg område der huseigarane har innreia studenthyblar utan å ta ansvar for at avfallsinnsamlinga vert handtert på ein forsvarleg måte. Dette gjer det vanskeleg å gjennomføre ei effektiv innsamling, og bygater fulle av søppel og "uorganiserte" avfallsbehaldarar gjev eit svært dårleg inntrykk både overfor turistar og fastbuande. Side 15 av 20

Første steg mot ei betring vil vere at BIR Privat i samarbeid med kommunen går gjennom eigedomstilhøva og gjev huseigarane pålegg om å gå over til større behaldarar og/eller betale for oftare tøming. Dette kan gjerast med heimel i renovasjonsforskrifta og ny delegasjon til kommunane for næringsavfall. Men den spreidde eigarstrukturen gjer det svært vanskeleg å organisere tenlege fellesløysingar i form av t.d. søppelrom, samleplassar eller utbygging av system for "bossug". Dette er leidningar under bakkenivå som gjennom eit sugesystem samlar avfallet til ulike sentralar. Skal ein oppnå betring i desse tilhøva, må dette skje gjennom eit samarbeid mellom BIR Privat og Bergen kommune. Kommunen bør såleis vurdere endringar i kommunale vedtekter som gjer det lettare å handheve konkrete tilfelle der avfallshandteringa enten gjev fare for smittespreiing eller vert oppfatta som skjemmande. BIR Privat kan vurdere gunstige finansieringsordningar for fellestiltak som t.d. bossug, eller tilby ekstratenester som omfattar vedlikehald / vask av søppelrom og liknande fellesanlegg. 4.4 Delmål kommunal verksemd i BIR - kommunane Kommunane har delegert oppgåvene innan innsamling og behandling av hushaldsavfall til BIR Privat AS. Men det er også ein del andre lovpålagde plikter innan avfallsfeltet som ikkje er aktuelle å delegere, men der BIR-samarbeidet likevel kan nyttast til følgjande: Erfarings - og kompetanseutveksling. Samordning av praksis innan sakshandsaming. Eventuelt samarbeid / arbeidsbyte ved manglande ressursar. Faktaboks 3 viser ei opplisting av nokre kommunale plikter innan avfallsfeltet. Faktaboks 3: Døme på kommunale plikter innan avfallsfeltet 1. Plikt til å ha avfallsbehaldarar på offentlege utferdsstadar, i tillegg til ansvar for tøming og opprydding. 2. Plikt til å syte for opprydding av villfyllingar og forsøpling. 3. Plikt til beredskap mot mindre tilfelle av akutt ureining. 4. Tiltak på nedlagde kommunale deponi og etterdrift av desse. 5. Gje løyve til bakkeplanering i samsvar til forskrift om dette. 6. Auka ansvar til kommunane i samband tilsyn/kontroll med saker vedr. forureina grunn. Det vert snart innført ny forskrift om dette. 7. Kommunane har høve til å vedta lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i mindre omnar. 8. Kommunane har høve til å vedta lokal forskrift om kontroll med bygge- og anleggsavfall (BA-avfall). 9. Delegert mynde til kommunane om auka kontroll med disponering av næringsavfall i samband med nye definisjonar frå 01.07.04. Pliktene i faktaboksen viser at det truleg er behov for å samarbeide om praktisering av eit regelverket som regulerer det ein kan definere som "ulovleg avfallsdisponering". Behovet for samarbeid vil truleg auke etterkvart som næringslivet får større ansvar for Side 16 av 20

eige avfall. Eit samarbeid bør gje positive verknader innan kompetanseutveksling, og sikre ein forholdsvis lik praksis i alle kommunane. Det er stilt spørsmål til kommunane om behovet for samarbeid innan desse problemfelta, og alle har stadfesta ei positiv interesse. Det er likevel ei utfordring at det er ulike avdelingar i kommunane som arbeider med slike saker, samstundes som dei fleste personane med ansvar for dette arbeider med saker innan ulovleg avfallsdisponering berre ein del av tida. Delmål kommunal verksemd Kommunane skal aktivt vurdere å samarbeide om forvaltning av lokale avfallsoppgåver. Kontrolltiltak og oppfølgjing av saker innan ulovleg avfallshandtering og forureina grunn skal samordnast kommunane i mellom. I organisering av eit eventuelt samarbeid er det viktig at BIR Privat si rolle er eintydig definert. Dette fordi ein i arbeidet kan få konfliktsituasjonar med aktørar innan næringsavfall som konkurrerer med andre dotterselskap i BIR-konsernet. For at arbeidet skal kome i gang, er det truleg føremålstenleg at BIR Privat tek det første initiativet. Arbeidet bør likevel styrast av kommunane sjølve, men der BIR Privat t.d. kan vere sekretær, og eventuelt evaluere samarbeidet i slutten av planperioden. Side 17 av 20

4.5 Behov for tiltak i planperioden I denne planen ser ein ikkje behov for ei detaljert opplisting av dei tiltaka som skal gjennomførast i neste planperiode. Tabell 1 gjev likevel eit oversyn over dei tiltaka som skal til for å oppfylle målsetjingane. Tabell 1: Forventa følgjer av målsetjingane i avfallsplanen Tema Målsetjing (kortform) Vilkår for å oppfylle mål eller behov for tiltak Hovudmål Avfalls forebygging Sortering og materialgjenvinning Farleg avfall Estetikk 80 % gjenvinning Auke frå ca. 60 % i dag krev meir omfattande kjeldesortering og fleire fjernvarmekundar. Skal vere kundevenleg Krev eit godt kundefokus. Oppnåinga vert målt gjennom kundekartleggingar. "Topp 10" innan effektivitet Produsentansvar - full kostnadsdekking Kommunal samordning Påverke kundehaldningar Interne tiltak 37 % materialgjenvinning Samanlikning av system og arbeidsmåtar mot andre selskap og eventuelt innføre forbetringar. Krev alliansar med andre storbyar og ein konstruktivt dialog med dei ulike materialselskapa, jf. Returløftet. Kommunane må syne vilje og evne til samarbeid. Evaluere eksisterande tiltak og vurdere behov for nye. Må bruke meir ressursar enn forrige planperiode. Haldningsendringane bør kartleggjast. Systematisere innkjøpsordningar o.l. i høve til avfallsreduksjon og eventuelt innarbeide desse i det interne kvalitetssystemet. Auken er relativt liten frå dagens nivå på 35 %, men det kan også bli ei utfordring å oppretthalde dette nivået. Innsaml.grad papir mv. Betre informasjon og evt. vurdere justeringar i systemval. Innsamlingsgrad plast Innsaml.grad glas mv. Returløftet Heimekompostering / lokalkompostering Endring gjenbruksstasjonar Innsamlingsgrad 3,0 kg/innb. Konkrete forbetringar Informasjon Oppgradere i samsvar med felles profil Akseptabelt estetisk nivå. Jf. tiltaket for Returløftet nedanfor. Betre informasjon og event. justeringar i systemval. Starte pilotprosjekt, avklaring av økonomiske vilkår og organisering. Same omfang av informasjon/kontroll som i dag, men den økonomiske støtta bør skje gjennom gebyrreduksjon. Etter avklaring av strategien skal konkrete tiltak innførast innan slutten av planperioden. Vil krevje kostnadsauke både når det gjeld innsamlingsløysingar, informasjon og behandling av større mengder. På grunnlag av det interne utgreiingsarbeidet skal det innførast konkrete tiltak innan slutten av planperioden. Meir informasjon, i tillegg til at verknaden av informasjon bør målast og evaluerast. Oppføljing av dagens strategi, noko som kan krevje ekstra ressursar i ein startfase. Side 18 av 20

Tema Målsetjing (kortform) Vilkår for å oppfylle mål eller behov for tiltak Sluttbehan dling Forbrenning med min. Ikkje behov for endring i strategi. 65 % e-gjenvinning. Vurdere kapasitetsauke Eventuell vurdering mot slutten av planperioden. Gebyr Hytter Forsøpling i byområder Kommunal verksemd Nytt system for gebyrdifferensiering Krav til maksimal gebyrauke Felles strategi inkl. gebyrdifferensiering Einsarta tilbod Juridiske tilpassingar Organisere samarbeid Finansiering / bistand felles tiltak Vurdere samarbeid innan avfallsforvalting Forvalting ulovleg avfallshandtering / forureina grunn I ein startfase vert det behov for auka ressursar til teknisk oppføljing og tilpassing av prisdifferensieringa. Tilpasse budsjett og tiltak i høve til dette. Setje i verk system og tilpasse prisdifferensieringa Samarbeid mellom BIR Privat og kommunen for å få til eit regelverk som gjer handhevinga meir effektiv. Vil krevje eit omfattande kartleggingsarbeid for finne dei ansvarlege, i tillegg til at det må utviklast finansieringssystem som stimulerer til fellesløysingar. BIR Privat lagar opplegg for sjølvfinansierande løysingar inn finansiering og bistand. BIR Privat tek initiativ, men kommunane styrer arbeidet. Kommunane vurdere konkrete samarbeidsformer for å hindre at ulovleg avfallshandtering vert eit problem. 5 Referansar /1/ BIR Gjenvinning AS (2003): Avfallsstatistikk for forbruksavfall 2002. /2/ Interconsult ASA (2004): Gjennomgang av kjeldesortering og kommunale oppgåver. Delnotat som ein del av avfallsplanarbeidet for BIR Gjenvinning AS.. /3/ BIR Gjenvinning AS (2003): Kundeorientert renovasjon. Intern utgreiing om gebyrdifferensiering, gjenbruksstasjonar, farleg avfall og hytteavfall. /4/ Miljøverndepartementet (2002): Avfallsforebygging - En visjon om livskvalitet, forbrukerbevissthet og kretsløpstenkning. NOU 2002:19. ISBN 82-583-0670-7. /5/ Interconsult ASA (2003): Revisjon av avfallsplanen 1999-2003. Utført på oppdrag av BIR Gjenvinning AS. /6/ Miljøverndepartementet (2003): Stortingsmelding nr. 25 (2002-2003); Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, kapittel 9 om avfall og gjenvinning.. /7/ Miljøverndepartementet (2001): Stortingsmelding nr. 24 (2000-2001); Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, kapittel 8 om avfall og gjenvin- Side 19 av 20

ning.. Side 20 av 20