NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Like dokumenter
Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping

Strategisk plan for HVL, innspel til prodekan strategisk satsing. Generelt

Ei sentral føring er universitetsambisjonen og den profesjons- og arbeidslivsretta profilen.

Høringssvar frå CASE senteret på utkast til Strategi HVL 2023

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping. Kommentar til foreslått HVL-strategi fra Institutt for økonomi og administrasjon (IØA), FØS.

Strategifrukost/lunsj

SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Innspel til justeringar i høyringsforslag Sortering i høyringssvar HVL-strategi 2023

Høgskulen på Vestlandet. Send høringsinnspill til Merk svaret «høyring strategi HVL 2023»

SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Samhandling om kompetanseutvikling i eit nytt storfylke. Mai 2018

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Innspill HVL-strategi Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft nyskaping

Høyringssvar HVL-strategi

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

S T R A T E G I D O K U M E N T

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde,

Samarbeid med arbeidslivet for auka undervisningskvalitet

Strategi Forord

Saman om Ørstabarnehagen

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar


GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar

Avtale om gjennomføring av fusjon mellom

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Strategi Ny kunnskap ny praksis

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Strategisk plan UTKAST

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

15) Er det målsettingar for funksjonsområde bibliotek som ikkje har kome med (ref. funksjonsplan s. 2.)?

<forside> Strategi Høgskolen i Bergen. Samspel i kunnskapsfronten. Sak 18 15/16 Vedlegg 6

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Høringsuttalelse Høring - Forslag fra utvalg om endring i stillingsstrukturen

Tiltaksplan

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Innovasjonsmetoden vår

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

HØYRINGSINNSPEL UTKAST TIL STRATEGIPLAN FOR HVL Frå: seniorrådgjevar Georg Arnestad, campus Sogndal

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

HØYRINGSINNSPEL. Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Trygg og framtidsretta

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Nasjonalt rammeverk for kvalifikasjoner i høyere utdanning

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Fusjonsprogrammet HiB, HiSF og HSH. Prosjektplan Digitalisering

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

STUDIEBAROMETERET 2015

Høringsuttalelse Høring - Forslag til forskrift om rammeplan for barnehagelærerutdanning - KD Kunnskapsdepartementet

SAK 04/18 LIVSKVALITET HALLINGDAL

UNIVERSITETET I BERGEN

MELDING OM DELEGERT VEDTAK

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Læreplan i klima- og miljøfag

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

Plan for rettleiing av nyutdanna pedagogar i barnehage

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Strategiplan for Apoteka Vest HF

HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Transkript:

Til strategi@hvl.no FRÅSEGN FRÅ NTL: HØYRING PÅ HVL-STRATEGI Det er med blanda kjensler NTL skriv høyringsvar på HVL-strategien for 2023. Stoda i dag når det gjeld bemanning og arbeidsvilkår i fleire fakultet og administrative einingar, gir grunn til uro med tanke på å oppretthalda kvaliteten og aktiviteten som me hadde i førre studieår og i dei gamle høgskulane. Utkastet til strategi har mange fine ord om kva HVL skal vera om fem år, men det vert opplevd som ei skildring som er langt frå stoda i dag. NTL meiner spesielt at ambisjonen om å vera eit universitet i 2023, er urealistisk. Me vil likevel gje nokre innspel til strategien sidan me meiner me kan bidra til ein betre og meir realistisk strategi. Det er styret og plasstillitsvalde i NTL som har behandla strategien. Overordna innspel NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk. Det er gjennomgåande ein offensiv og pågåande institusjon som vert skildra i strategien. Ord som utfordrande, handlekraftig, uredd og modig er i utgangspunktet positivt lada. Men når denne typen adjektiv vert brukt gong på gong, og det er færre av adjektiv som reflektert, gjennomtenkt, kompetent, kunnskapsrik og klok, vert det ei slagside i strategien. HVL-strategien skal ikkje rusta HVL for vikingtokt, og me håpar at ordvalet difor kan balanserast noko meir. Ordet berekraft er brukt mange stader i strategien, men det er lite konkretisert. Å ha ein tydeleg miljøprofil bør vera eit viktig kjenneteikn for HVL. Denne framtidsretta profilen vil skilja HVL frå dei fleste andre UH-institusjonane, og vil vera ei god rettesnor både internt og eksternt. HVL har i dag altfor liten internasjonal aktivitet. Me må likevel skilja mellom aktivitetane som skal føra oss nærmare eit høveleg nivå, og biletet av HVL i 2023. I utkastet kan det sjå ut som me fyrst og fremst skal bli internasjonale, at det lokale kjem langt ut i rekkja. NTL meiner dette både gir eit svært urealistisk bilete av HVL i 2023, og til dels òg eit uønskt bilete når me skal vera eit universitet / ein høgskule med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Dei aller fleste kandidatane i HVL skal bli ein del av arbeidslivet i Noreg, og ein stor del av dei blir på Vestlandet. Det vil òg vera status i 2023, og det bør strategien spegla. NTL ynskjer at «kompetanse» skal bli brukt noko meir i strategien, i staden for «kunnskap». Spesielt eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil, må verdsetja ferdigheter og annan kompetanse som ein viktig del av det me skal bidra til å utvikla saman med arbeidslivet. Konkrete innspel

HVL i 2023 Fyrste avsnitt, andre setning: Me stussar på at kunnskapen skal vera «forankra internasjonalt»: Det er ikkje slik at dei beste løysingane finst i andre land og skal omsetjast lokalt. Det er betre å snu om på setninga, fordi ein gjennom tett samarbeid med arbeids- og samfunnslivet har størst sjanse for å finna gode løysingar, som òg kan verka internasjonalt. Dette skal kjenneteikne HVL i 2023 Andre punkt: «Forskinga vår held høg internasjonal kvalitet [ ] Stryk «internasjonal», høg kvalitet er nok. Femte punkt: Her bør det leggjast til at HVL skal vera ein god og attraktiv arbeidsplass. Visjon Sjå generelt innspel om «kunnskap». Siste setning: Orda bør vera i omvendt rekkjefølgje til slutt, slik: «set spor både lokalt, nasjonalt og internasjonalt». Verdiar Dei fire verdiane utfordrande, delande, handlekraftig og tett på har ei slagside, jf. dei generelle innspela over. Utfordrande (ev. handlekraftig) bør skiftast ut med eit omgrep som signaliserer kunnskap/kompetanse, etikk, refleksjon eller liknande. Det er generelt brukt svært mange adjektiv i strategien, og NTL meiner at det svekkar han. Ein bør gå gjennom verdiane og sjå etter samanheng mellom overskrift og innhald, og unngå for mykje gjentaking av poeng som står andre stader. Delande Fyrste punkt: Kutt «og inviterer til dialog med samfunnet rundt oss». Denne formuleringa innskrenkar meininga i fyrste del. Dialogen med samfunnet kjem godt fram andre stader. Andre punkt: NTL stiller spørsmål ved at ein dreg inn vestlandsk tradisjon, som om det er ein tradisjon på Vestlandet. Ein «vestlandsk tradisjon» kan like gjerne vera å vera smålåten og tilbakehalden. Kutt gjerne ut fyrste setning, og lat andre setning stå. Då dempar ein òg «toktkjensla», jf. dei generelle innspela. Handlekraftig Dei to punkta er svært viktige, men det er ikkje sikkert at handlekraftig er rett overskrift. Fyrste punkt: Her vert det for mange adjektiv (tydelege, modige og framsynte). Tett på Andre punkt: Her bør det òg komma fram at det skal vera kort veg mellom einingar og nivå i organisasjonen. Dette er ei stor utfordring som må takast på alvor i HVL.

Vårt bidrag til samfunnet Andre setning: «Gjennom gode og utfordrande læringsmiljø» Adjektivet «utfordrande» kan kuttast sidan læringsmiljøet er godt omtalt i fyrste avsnitt i strategien («Gjennom trygge og utfordrande læringsmiljø»). Dersom «utfordrande» skal vera med her, må òg «trygge» vera med. «Noregs mest nøgde studentar» er svulstig. Det er betre med «skal vi vere kjende for å ha nøgde studentar som trivst og lykkast». Det er ein høg ambisjon å vera kjende for dette. Vi skal: «Danne og utdanne». Dette er eit godt punkt. «Forske, utvikle og innovere». Byt ut «innovere» med «fornye». Det dekkjer langt på veg innhaldet, og ein unngår avstanden som framandordet «innovere» skaper. Utdanne høgt kompetente kandidatar til nytte for omverda Fyrste avsnitt, fyrste setning. «Utdanningane våre skal vere basert på [ ] utvikling» gir ikkje meining. Det bør stå «Utdanningane våre skal vere forskingsbaserte», korkje meir eller mindre. Fyrste avsnitt, andre setning: «agentar for endring» er eit fagbegrep. For folk flest gir «agent» spesielle assosiasjonar, så her bør ein heller bruka «drivkraft for endring». Fyrste avsnitt, siste setning: Kutt «det beste miljøet for læring i landet», skriv «godt læringsmiljø». Drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet og relevans Andre avsnitt, andre setning: «Entreprenørskap, tverrprofesjonelt og tverrfagleg samarbeid er berande element.» NTL meiner entreprenørskap ikkje er det rette ordet å ha med her. Dersom ein meiner nyskaping i vidare form, bør ein skriva det. Formidle kunnskap og kompetanse som kjem samfunnet til gode Det er svært bra at HVL tek ansvar for eit godt nynorsk fagspråk, at HVL skal leggje til rette for norsk som eit fullverdig vitskapleg publiseringsspråk, og at «klarspråk» skal vera eit kjenneteikn. Dette er viktig med tanke på det arbeidslivet me utdannar kandidatane til. Det er dessutan ein profil som kan skilja oss frå dei fleste andre UH-institusjonane. Mål på at vi lykkast: «Attraktiv tilbydar av tilrettelagt kompetanse for den enkelte». Kva betyr dette? Dersom dette handlar om etter- og vidareutdanning, bør det skrivast. Felles faglege satsingsområde Det er valt gode, felles faglege satsingsområde, som kan brukast på dei fleste faglege einingane. Berekraftig utvikling Heile avsnittet bør få eit enklare og klarare språk. Danning Dei to siste setningane bør flyttast til byrjinga av avsnittet.

Folkehelse Dette avsnittet handlar mest om kva folkehelse er, og mindre om HVL sitt bidrag inn i problemstillinga. Dette bør komma klarare fram. NTL saknar arbeidshelse som ein del av dette sidan det er svært viktig del av folkehelseproblematikken. I andre setning bør ein byta ut «inaktivitet» med aktivitet. Mogleggjerande teknologi «Mogleggjerande» gir meining, men finst det eit betre ord som om lag kan dekka dette innhaldet? Tredje setning: NTL stiller spørsmål ved denne setninga. Det kan sjå ut som endring i seg sjølv uansett er positivt, og at me skal utdanna kandidatar som skal vera pådrivarar for endring uavhengig av kva kontekst han/ho kjem inn i. Dette vert noko betre dersom studentane vert inkludert i «vi» i neste setning, men det er ikkje sjølvsagt slik det står i dag. Denne siste setninga er elles fin. Bygging av institusjonen Kompetansebygging og organisasjonsutvikling Arbeidsmiljø bør trekkjast inn i avsnittet. Tredje setning: Denne setninga må endrast. Her ser det ut som dei tilsette berre skal tilpassa seg endringar som leiinga vedtek. Endringar må skje i samspel mellom tilsette og leiing, og det må komma klart fram at medbestemming er viktig i høgskulen. Siste del av setninga kan uansett takast vekk sidan innhaldet kjem fram i førre setning. Samhandling Andre setning: «Med eit tydeleg innovasjonsperspektiv» kan kuttast. Det står andre stader. Siste setning: Kva betyr «gode leiarlinjer»? Verdien «Tett på» bør speglast i dette kapitlet. Medbestemming bør takast inn der ein omtalar intern samhandling. Internasjonalisering Siste setning: Å rekruttera tilsette internasjonalt vil ikkje automatisk styrka utdanning og forsking osv. Dette krev god og gjennomtenkt oppfølging av dei tilsette, slik at dei blir verande og kan bidra på lang sikt. Dette bør komma fram i denne setninga. Digitalisering Andre avsnitt, fyrste setning. [ ] for å ruste studentane med digital kompetanse [ ]. Kutt «digital kompetanse og». Det er sagt i fyrste setning. Sogndal, 24. august 2018

Tone Skjerdal for styret i NTL Høgskulen på Vestlandet