Den unge kunstnaren Kjell Aukrust

Like dokumenter
Målaren Kjell Aukrust

Knut Flatin. Gjesteutstillar måleri. 21. juni 16. august 2015 Ope kvar dag kl EVA BULL HOLTES MUSEUM

BERGENSKUNSTNEREN GUSTAV LANG

Last ned Bernt Tunold - Jan H. Landro. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Bernt Tunold Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

-Samtalar rundt kva kjensler dei ulike fargane kan symbolisere og fokuserer på å lage «glade og friske» sommarfuglar.

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

POTET BLIR KUNST. Breidablikk kulturbarnehage KORT OM PROSJEKTET

Vintervotter. Helga Reidun B. Nesset

Malerne på Østre Grefsen gård

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Foredrag med Kjell Magnus Økland?

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

OSCAR BODØGAARD

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Last ned Simen - Kjell Aukrust. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Simen Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Bonden - Kjell Aukrust. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Bonden Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Bror min - Kjell Aukrust. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Bror min Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Fra impresjonisme til ekspresjonisme

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

LITT OM KORLEIS SKULEFANA TIL AUSTRÅTT SKOLE VART TIL. Av Knut Osaland, lærar ved Austrått skole frå 1957, rektor frå 1965 til 1989.

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Last ned Vestlandskunstnaren Mons Breidvik - Reidar Storaas. Last ned

Foreldregruppe i barnehagen

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

OK, seier Hilde og låser.

Månadsbrev for Februar

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Daguerrotypi og visittkortet sin funksjon og oppbygging Håvard Hvoslef Kvalnes, 13HBMEDa,

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

-planlegge og lage enkle bruksgjenstander.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Kva er Leikepatruljen? Føremål. Føremål og bakgrunn. Aktive barn trivst betre

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN BRYNE SKULE ÅR 2017/2018 Veke Tema Mål (K06) Læringsmål Innhald (Lærebøker )

Månedsbrev april 2015

Olav Mosebekk 100 år

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P Va ren 2014

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Refleksjon og skriving

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.

Last ned Anders Svor - Morten Johan Svendsen. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Anders Svor Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Ei sann (Sand) historie

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Gulden. kunstverk. separatutstilling, maleri. 9. september. 1. oktober JAN ERIK WILLGOHS

Steget skal ha 1t samfunnsfag pr. Veke. Noko av denne tida har vorte lagt til «Det er mitt val» og til matøkta.

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Kunst og handverk. Trinn: 8. t

Velkomen som konfirmant

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Tor-Arne Moen. CV Utdanning. Hovedfag, Kunsthøyskolen, Bergen. Separatutstilling (utvalg) Galleri A, Oslo.

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Frå dikt til teikneserie

Terminprøve i matematikk for 8. trinnet

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

R e i d a r H ø v å s E t u t v a l g m a l e r i e r f r a G a l l e r i K a m p e n 2 7. o k t 1 8. n o v

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

RISS - grafikkverksted. med Solveig Landa og Anita Tjemsland. Klassetrinn: 7.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

Brukarrettleiing E-post lesar

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

-planlegge og lage enkle bruksgjenstander.

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Velkomen som konfirmant!

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Info til barn og unge

7. Sterk auke i enkeltbesøka ved musea

Å observere saman med barn

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y Va ren 2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Månedsbrev for April

Transkript:

Gunn Hvamstad Den unge kunstnaren Kjell Aukrust I sommar kunne Aukrustsenteret opne ei heilt ny utstilling med måleri av Kjell Aukrust,- måleri som ikkje er vist fram samla tidlegare. Utstillinga hadde tittelen Den unge Kjell Aukrust og inneheldt 35 måleri, dei fleste frå perioden 1942 45, men også noen frå 30-talet og 50-talet. Det har lenge vore eit sterkt ønske å få til ei slik utstilling, med bilde frå Kjells tidlege karriere. Vi visste at han måla mye i 1940-åra og at det starta alt i 1936 da han var elev på Leon Aurdals målarskole. Seinare dette året kom han også inn på Statens handverks- og kunstindustriskole etter anbefaling frå sjølvaste Henrik Sørensen: Kjell Aukrust er eller skal bli maler går på malerskole. Slipp ham inn. Frå Akershus, 1936. Olje på lerret. Leon Aurdal oppmoda elevane til å dra ned på Akershus festning for å måle. Kjell måla fleire bilde med motiv frå festninga. 14

Etter kvart som det vart kjent gjennom media at vi arbeidde med utstillinga, vart vi kontakta av fleire som hadde eller visste om Aukrustmåleri og som med stor velvilje har lånt oss bilde og delt opplysningar om bilda med oss. Resultatet vart ei utstilling som vi er stolte av og som er viktig dokumentasjon av Kjell Aukrusts kunstnarskap i unge år. Og den unge kunstnaren imponerer. I svært ung alder er han tydeleg inspirert av store forbilde og opptatt av komposisjon, av lys og av farger. Da han var 15 år måla han Nattpotta. På baksida av bildet har Kjell sjøl notert følgjande: Mitt første maleri, ca. 1935. Bildet bærer tittelen Nattpotta. Bemerk den røde glød fra Bjørneovnen. Nattpotta, ca. 1935. Olje på lerret. Åra frå 1936 og utover førtitalet var viktige for Kjells utvikling som kunstnar. På Statens handverks- og kunstindustriskole og kunstakademiet fekk han betydningsfulle lærarar som Per Krogh og Alf Rolfsen som var sterkt inspirert av fransk målarkunst og særleg Matisseskolen. Ein annan viktig lærar og inspirasjonskjelde for Kjell Aukrust var Henrik Sørensen som hadde atelier i Oslo rådhus. Kjell besøkte Sørensen i atelieret kvar fjortande dag i dei åra han var elev ved kunst- og handverksskulen og kunstakademiet. Kjell Aukrust debuterte som teiknar på Statens hauststilling så tidleg som i 1939, 19 år gamal, med ei teikning som var laga til ei diktstrofe av onkelen Olav Aukrust, henta frå Tosten Raudskjegg i samlinga Hamar i Hellom: I sol og blømande villgras låg han. Da krigen braut ut i 1940 vart det vanskeleg å halde fram med utdanninga ved kunstakademiet. Det vart oppretta eit illegalt akademi i ein nedlagt korsettfabrikk i Pilestredet. Og her stakk enkelte etablerte malere sporadisk innom og korrigerte. Til slutt kokte det hele bort i kålen, skriv Kjell Aukrust i Slipp ham inn, og vidare: Disse håpløse tilstander ble forelagt Henrik Sørensen i Rådhustårnet. Han var villig til å stikke oppom hybelen på Sankthanshaugen og korrigere meg og malervennen Lynes, som jeg delte hybelen med. Etter kvart reiste Kjell heim att til Alvdal og hadde lengre opphald på Røros og i Lom og Bøverdalen. Somrane 1941 og 1942, og kanskje 1943, var han på Røros saman med medstudent og venn Anders O. Krigsvold frå Singsås. Mange målarar søkte til Røros. Blant dei var Roar Matheson Bye som hadde sommarbustad på Røros. Han var alt ein etablert kunstnar med nyttige kontaktar. Han inviterte Krigsvold og Aukrust til å delta på utstilling i Trondhjem 15

Frå Røros, 1942. Olje på plate. kunstforening vinteren 1941/42, men det ser ikkje ut til at utstillinga vart noe av. Avisa Fjell Ljom skriv mye om kunstnarane på Røros, og etter oppmoding frå ein lesar av avisa, blir det utstilling i Sangerhuset på Røros sommaren 1942. Utstillarane er, forutan Kjell Aukrust og Anders Krigsvold, Ludvig Eggen og Reidar Solli, begge frå Røros. Og bilda vart selde eller bytta i varer, eller var betaling for opphaldet. Det var rasjonering og knapt med varer. Det var også vanskeleg å få tak i oljemaling, og lerret var ikkje å oppdrive. Bak på eitt av bilda i utstillinga er det notert at det er levert i bytte mot 5 pk, 2 pk Gul Miks og 1 pk. Alle bilda frå krigsåra som er med på utstillinga er måla på plate, for det meste på huntonittplater. Ein del av platene er tydelegvis spesiallaga for føremålet og kjøpt hos Alf R. Bjerke. Men elles er det vanlege huntonittplater og finerplater. Eitt av bilda er til og med måla på baksida av eit ludospel. Men det fins eitt unntak, Barna i skogen som er måla i 1943. Her tok nok freistinga til å måla på lerret overhand. Under Kjell sitt måleri er det eit anna motiv, måla av ein annan målar, og bildet var det foreldra til Kjell som åtte. 16

Sten, Alvdal, årstall mangler. Etter sommaropphalda på Røros reiste Kjell Aukrust og Anders Krigsvold til Bøverdalen, der dei tok inn i Larstrædet, ovafor Nordgard Aukrust, heimgarden til Lars O. Aukrust. Mange av bilda er måla i Bøverdalen, som også var ein stad som trekte til seg mange kunstnarar. Kjell skildrar dette betre enn noen: Under krigen var Bøverdalen et yndet sted for turister og penselsvingere. Hit kom de i store skarer. Det fantes knapt ei gammal ut-løe eller steinrøys, hvor ikke en kunstmaler rigga seg opp. Her ble malt på Krøkje, rundt Røisheim, langs Bøvra, oppe ved Tande og under Lomsegga. Bredbremma kunstnerhatter, alpeluer, flagrende hår og skjegg hvor du snudde deg. Turister og bønder møtte opp. Maleriene gikk unna i bytte mot tobakk, brennevin, geitoster og nylagte egg fra frittgående høner (fra Lykkelig er den av Kjell Aukrust) Kjell måla også på mange av desse stadene. På Krøkje slo han opp staffeliet der Henrik Sørensen hadde stått og måla: Jeg ville prøve meg på samme motivet som hang i Nasjonalgalleriet, skriv han i erindringsboka Lykkelig er den... Mange av dei som har besøkt utstillinga i sommar har bidratt med nyttig og viktig informasjon om motiva. Blant 17

Røros med kyrkja, 1943. Olje på plate. anna har vi fått vita at motivet på eitt av bilda er garden Skjæsar i Lom og at Alf Rolfsen også har brukt same motivet på ei teikning i Asbjørnsen og Moes eventyr. Der er Skjæsar omtala som garden til Håkon Borkenskjegg. Eitt av måleria er frå garden Marstein i Bøverdalen. Fremst i bildet er det ein hane. Kjell har sjølv fortalt at han var inspirert av den franske målaren Pierre Bonnard (1867 1947) som ofte hadde med ein katt på bilda sine. Elles har Kjell ofte plassert inn ein liten gut eller eit par. Dei er kanskje meint å skape balanse, gje bildet djupne eller rett og slett fange blikket. Motivvalet som pregar utstillinga er for det meste hus og landskap frå Lom og Bøverdalen, frå Røros og frå Alvdal. Men det er også med interiør og ei skisse til altertavle i Sollia kyrkje frå 1942 og dessutan to portrett, eitt av faren, Lars O. Aukrust, og eitt av Anders Sørhus som var banksjef i Alvdal. Her er det tydeleg at det er likskapen som er det viktige. Finn Jor skriv at Kjell Aukrust, trass sin unge alder, viser seg som ein mogen målar med klår evne til karakterisering og at det er synd at han har vore så atterhalden med portrett. 18

Med utstillinga Den unge Kjell Aukrust, har vi presentert eit utval av det Kjell Aukrust måla i sine unge år, men vi er sikre på at det fins mye meir. Det har vore ei glede å vise fram denne utstillinga som kompletterer bildet av ein mangfaldig og svært produktiv kunstnar. Og vi tar framleis svært gjerne imot informasjon om måleri av Kjell Aukrust. Skisse til altertavle i Sollia kyrkje, 1942. Olje på plate. Skjæsar i Lom (i bakgrunnen Lomsegga og til høgre Skim), 1943. Olje på plate. 19

Barna i skogen, 1943. Olje på lerret. Med dette måleriet debuterte Kjell Aukrust som målar på Statens haustutstilling i 1945. Eigar: Aukruststiftelsen. Kjelder Kjell Aukrust: Slipp ham inn, 1979 Kjell Aukrust: Lykkelig er den.., 1988 Finn Jor: Galleri Aukrust, 1993 Finn Jor: Kjell med pensel, 2001 Per Hvamstad, Årbok for NordØsterdalen 2001 Mange takk til alle som har bidratt med utlån av bilde og med informasjon. Om forfatteren Lars O. Aukrust, årstal ukjent. Olje på lerret. Gunn Strømsøyen Hvamstad, f. 1947. Utdanna cand. mag frå Universitetet i Oslo. Kultursjef i Alvdal kommune 1996-2004. Sia 2004 leder for Aukrustsenteret på Alvdal. 20