Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS Møte nr: 2014-03 Tid: 8. april 2014 kl. 15.30 18.00 Stad: Lærdal, Møterom 2. etasje KIWI-bygget Til stades Rolf Jerving (styreleiar) Jarle Molde Gro Starheimsæter Kari Sigrun Lysne Forfall: Hallvard Thomassen. Varamedlem Bjarne Nedrehegg hadde også meldt forfall. Jan Olav Fretland møtte som vara for Jarle Molde i sak V9-2014 og V10-2014, då han var ugild i desse sakene. Sekretær: Arve Tokvam Sakliste Godkjenningssaker G1-2014 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkalling og sakliste vart godkjent. G2-2014 Godkjenning og underskriving av protokoll frå førre møte Møteprotokollen frå møtet 18. februar vart godkjent og signert. Orienteringssaker O1-2014 Søknad til filmprosjekt i Lærdal Styret fekk orientering om ein søknad frå Alexander Zwart om tilskot til eit filmprosjekt i Lærdal. Søknaden vert lagt fram for handsaming i neste styremøte 27. mai. O2-2014 Omnivision AS drift av skjermar i Lærdal Styret fekk orientering om avtalen som LNU har med Omnivision om drift av informasjonsskjermar i Lærdal, og at det pågår ein diskusjon med Omnivision om organiseringa av den vidare drifta av desse. 1
Drøftingssaker D1-2014 Førespurnad frå Aurland kommune om næringssamarbeid Styreleiar og dagleg leiar innleia til drøfting i styret, med bakgrunn i ein førespurnad frå Aurland kommune til Lærdal kommune om eit eventuelt næringssamarbeid. Styreleiar og dagleg leiar har hatt møte med Lærdal kommune om denne førespurnaden, for mellom anna å diskutera Lærdal si tilnærming til vidare prosess. Konklusjon: Styret ser positivt på initiativet frå Aurland kommune, og at diskusjonar om eit samarbeid og organiseringa av dette vert ført vidare i tråd med framlagt tilnærming frå styreleiar og dagleg leiar, og innspel frå styret. Vedtakssaker V1-2014 Rekneskap LNU 2013 Administrasjonen la fram utkast til rekneskap for LNU for 2013. Styret har ingen anmerkingar til framlagt utkast til rekneskap for 2013, og ber administrasjonen om å leggja fram rekneskapen og årsmeldinga til godkjenning i neste styremøte. V2-2014 Inngåande balanse i rammeplanen for næringsfondet Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til inngåande balanse i rammeplanen for næringsfondet 2014. Styret gjer vedtak om at inngåande balanse for nærings- og konsesjonsavgiftsfondet 2014, pålydande kr 2 859 442, vert inkludert i post P5, og nytta til fordeling i ordinære tilskotssaker, slik som lagt til grunn. I tillegg kan IB 2014 også nyttast for tilskot som kjem inn under andre postar i rammeplanen, og som ikkje er knytt til fast avtalte løyvingar. Styret ber i tillegg administrasjonen om å leggja rammeplanen for 2014 ut på nettsidene til LNU. V3-2014 Rammeplan næringsfondet - retningsliner for tilskot til kompetanseutvikling Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til retningsliner for tilskot til kompetanseutvikling. Styret vedtek retningslinene slik dei ligg føre i framlegget frå administrasjonen, med fylgjande endringar: Under punkt 1, om kven som kan søkja om tilskot, vert punkt 1b endra til: Privatpersonar og private verksemder i samband med bedriftsetablering i Lærdal. 2
Under punkt 5, om kostnadselement det ikkje vert gjeve tilskot til, vert det lagt til eit punkt: 5c Vedlikehald eller fornying av eksisterande kompetanse. Søknadsfristar: 1. mars og 1. september. Styret ber i tillegg administrasjonen om å leggja retningslinene for tilskotet ut på nettsidene til LNU. V4-2014 Rammeplan næringsfondet - retningsliner for tilskot til arrangementsutvikling Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til retningsliner for tilskot til arrangementsutvikling. Styret vedtek retningslinene slik dei ligg føre i framlegget frå administrasjonen, med fylgjande endringar: Punkt 4, om føresetnader for å få tilskot til nye arrangement, går ut. Under punkt 6 Generelle retningsliner (endra til punkt 5 etter at punkt 4 går ut), vert underpunkt a endra til: Maksimalt tilskot til nye arrangement er kr 100 000. Under same hovudpunkt vert det sett inn eit nytt underpunkt: c Maksimalt tilskot til nye tiltak under eksisterande arrangement er kr 50 000. Søknadsfristar: 1. mars og 1. september. Styret ber i tillegg administrasjonen om å leggja retningslinene for tilskotet ut på nettsidene til LNU. V5-2014 Sal av tenester frå LNU Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til sal av tenester frå LNU. Styret gjev administrasjonen mandat til å vurdera om selskapet skal ta på seg eksterne oppdrag. Omfanget av slike oppdrag må heile tida vurderast nøye opp mot dei overordna måla og primæroppgåvene til selskapet. Styret gjev administrasjonen i oppdrag å utarbeida retningsliner og vilkår for eksterne oppdrag. V6-2014 Klage på vedtak frå Veterinærvakta i Lærdal Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til klage på vedtak frå Veterinærvakta i Lærdal. Styret i Lærdal Næringsutvikling AS rår til at avslaget på søknaden frå Veterinærvakta om tilskot frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet vert oppretthalden. Vidare oppfølging frå LNU si side vil vera knytt til prosessen som er starta om ein søknad om tilskot til forretningsutvikling. 3
V7-2014 Søknad om tilskot til entreprenørskapsmesse i Lærdal Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til søknad frå Sogn regionråd om tilskot til entreprenørskapsmesse i Lærdal 7. mai. 1. Styret i Lærdal Næringsutvikling AS rår til at Sogn regionråd får eit tilskot på kr 30 000 kroner frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet til gjennomføring av entreprenørskapsmessa i Lærdal. 2. Tilskotet skal takast av den summen som er avsett til «P5 Tildeling til ordinære tilskotssaker» i vedteken rammeplan for bruk av nærings- og konsesjonsavgiftsfondet for 2014. 3. Utbetaling av tilskotet skjer når arrangementet er avslutta, skriftleg sluttrapport med rekneskap er levert og det er motteke oppmoding om utbetaling. 4. Tilsegnet fell vekk dersom det ikkje er søkt utbetalt innan 6 mnd år frå tilsegnsdato. V8-2014 Søknad om tilskot frå Lærdal Grønt Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til søknad frå Lærdal Grønt om tilskot til investering i nye kjøl ved anlegget på Grandane. Kari Sigrun Lysne gjekk frå som ugild under handsaming av saka. 1. Styret i Lærdal Næringsutvikling AS rår til at Lærdal Grønt får eit tilskot på kr 450 000 kroner frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet til investering i ny kjøl. 2. Tilskotet skal takast av den summen som er avsett til «P6 Landbruk» i vedteken rammeplan for bruk av nærings- og konsesjonsavgiftsfondet for 2014. 3. Utbetaling av tilskotet skjer når ny kjøl er i drift, skriftleg sluttrapport med godkjent rekneskap er levert og det er motteke oppmoding om utbetaling. 4. Tilsegnet fell vekk dersom det ikkje er søkt utbetalt innan eitt år frå tilsegnsdato. V9-2014 Søknad om tilskot til kompetanseutvikling frå 2tal elektro AS Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til søknad frå 2tal elektro om tilskot til kompetanseutvikling. Jarle Molde gjekk frå som ugild under handsaming av saka. Jan Olav Fretland møtte som vara. 1. Styret i Lærdal Næringsutvikling rår til at 2tal elektro får eit tilskot på inntil kr 50 000 frå næringsog konsesjonsavgiftsfondet til gjennomføring av tre kompetanseutviklingstiltak. Dersom eitt eller fleire av tiltaka ikkje vert gjennomførte, så fell tilskotet til dette/desse vekk. 4
2. Tilskotet skal takast av den summen som er avsett til «P7 Kompetansutviklingstiltak» i vedteken rammeplan for bruk av nærings- og konsesjonsavgiftsfondet for 2014. 3. Tiltaka er sett opp med fylgjande kostnadsgrunnlag: Tiltak Budsjettert kostnad Godkjent kostnad Tilrådd tilskot Termografisertifisering 46 500 46 500 22 500 Ekomautorisasjon 47 000 47 000 22 500 F-gass-sertifisering 30 000 30 000 5 000 Sum 123 500 123 500 50 000 4. Tilskotet er avgrensa til 40 % av godkjente kostnader. 5. Utbetaling av tilskotet skjer når tiltaka er gjennomført. 6. Prosjektet vil vera avslutta når skriftleg sluttrapport og prosjektrekneskap er sendt inn og godkjent. Prosjektrekneskapen skal vera stadfesta av rekneskapsførar eller revisor. 7. Tilskotet er gitt i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig støtte». Desse reglane føreset at det over ein treårsperiode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro i offentleg støtte. 8. Ved eventuelle nye søknader om offentleg støtte (uansett støttekjelde) har støttemottakar plikt til å opplysa om dette tilskotet. Opplysningsplikta gjeld over eit tidsrom på tre år. 9. Tilsegnet fell vekk dersom det ikkje er søkt utbetalt innan eitt år frå tilsegnsdato. 10. Eventuelle særvilkår: V10-2014 Søknad om tilskot til investering frå 2tal elektro AS Styret fekk orientering om administrasjonen si innstilling i saka knytt til søknad frå 2tal elektro om tilskot til investering i termografikamera. Jarle Molde gjekk frå som ugild under handsaming av saka. Jan Olav Fretland møtte som vara. 1. Styret i Lærdal Næringsutvikling rår til at 2tal elektro får eit tilskot på inntil kr 15 000 frå næringsog konsesjonsavgiftsfondet til innkjøp av termografikamera. Det ligg som føresetnad for tilskotet, at kompetanseutviklingstiltaket som ligg til grunn for investeringa, også vert gjennomført som skissert. 2. Tilskotet skal takast av den summen som er avsett til «P5 Ordinære tilskotssaker» i vedteken rammeplan for bruk av nærings- og konsesjonsavgiftsfondet for 2014. 5
3. Investeringa er sett opp med fylgjande kostnadsgrunnlag: Tiltak Budsjettert kostnad Godkjent kostnad Tilrådd tilskot Termografikamera 50 000 50 000 15 000 Sum 50 000 50 000 15 000 4. Tilskotet er avgrensa til 30% av godkjente kostnader. 5. Utbetaling av tilskotet skjer når investeringa er gjennomført og innkjøpet er dokumentert. 6. Tilskotet er gitt i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig støtte». Desse reglane føreset at det over ein treårsperiode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro i offentleg støtte. 7. Ved eventuelle nye søknader om offentleg støtte (uansett støttekjelde) har støttemottakar plikt til å opplysa om dette tilskotet. Opplysningsplikta gjeld over eit tidsrom på tre år. 8. Tilsegnet fell vekk dersom det ikkje er søkt utbetalt innan eitt år frå tilsegnsdato. 9. Eventuelle særvilkår: Oppfølgingssaker Styret fekk ei orientering om status i oppfølgingssaker frå tidlegare styremøte. Sak Tema Status Ansvar 14-8 Rutinar for styrearbeidet i LNU Er avslutta 14-10 Rammeplan for bruk av næringsfondet 2014 rutinar og retningsliner. Under arbeid DL 14-12 LNU lokalisering eigen organisasjon og eventuelt kontorfellesskap med andre. Er avslutta Eventuelt E1-2014 Eventuelt Ingen saker. Neste styremøte vert tysdag 27. mai 2014. Rolf Jerving Hallvard Thomassen Gro Starheimsæter (Styreleiar) Kari Sigrun Lysne Jarle Molde Jan Olav Fretland (sakene V9-2014 og V10-2014) 6