SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda
2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy for huseigarar av organisasjonseigde kulturbygg til å skape meir aktivitet og verte medviten på huset sitt og innhaldet i det. Inspirasjonen til utforminga av dette verktøyet er henta frå prosjektet Trivelsbygda som 4H, Noregs Bygdekvinnelag og Noregs Bygdeungdomslag gjennomførte frå 2008-2010. Gjennom aktivitetskartet for huset i bygda kan huseiagarar få bygdefolket med på å kartlegge ynskje, behov og tekniske utfordringar for huset og eigedomen. Dette kan nyttast internt i styret eller under medlemsmøter.? Korleis kan aktivitetskartet bidra til større aktivitet? Ved å kartlegge huset vert ein bevisst på kva som er positivt og negativt og kva som bør gjerast for å utvikle huset. Ein får oversikt og kan lettare lage ein prioriteringsplan for arbeidet med huset. Resultatet kan vere at nye lag og organisasjonar, bedrifter og privatpersonar ynskjer å nytte huset i ulike samanhenger. Auka inntekter på utleige kan også vere ein viktig positiv effekt. Styremøte Inviter styret til arbeidsmøte og gjennomfør aktivitetskartet. Dette kan vere med å skape større engasjement og større bevisstgjering mellom dei som sit i styret. 3
4 Bygdemøte Invitere alle i bygda til eit ope møte, og inviter gjerne lag og organisasjonar som kan verte framtidige leigetakarar spesielt. Dei frammøtte skal no få komme med idear og innspel rundt bruken av huset. Gjennomføring av bygdemøte Plasser bord med stolar rundt slik at det er klart til gruppearbeidet som skal gjennomførast. Legg ut aktivitetskartet og tusjar på kvart bord. Få folk til å komme: Skriftleg invitasjon i postkassene. Lag ein invitasjon som skil seg frå reklame og anna post. Bruk lokalavisene. Plakat på butikken, skulen, oppslagstavler osv. Ta personleg kontakt med ressurspersonar i lokalmiljøet. Ha gjerne servering, underhaldning eller utstilling som innslag. Involver mange i planleggingsarbeidet. Inviter politikarar, presse, bedriftsleiarar, lag/organisasjonar spesielt. Ta godt i mot dei som kjem! Den som leiar møtet forklarer kva som skjer og korleis det skal skje. 1. Gruppearbeid. Alle har fått utdelt kvar sitt Aktivitetskart og tusjar på borda. Alle skal starte med å gå ein runde i huset, og skrive svar på spørsmåla i stikkord eller setningar. Min. 30 min, maks 1 time til dette arbeidet. 5
6 Hugs å ta med! Store mengder papir, plakatar, pennar og tusjar. Kalender og årsplanar for styret/laget, organisasjonar som brukar huset. Kart/bilde/teikningar av huset og uteområdet. 2.Pause/mat/underhaldning Samle inn alle aktivitetskarta når det er pause i arbeidet. Ha klar store plakatar/ark på veggane som har kvar sitt spørsmål frå aktivitetskartet som overskrift. Skriv opp alle forslag frå alle gruppene på rett plass.! 3. Gjennomgang og oppsummering Gå gjennom alle idear som er kome inn i plenum. Lat alle få gå ein runde og lese kva som står på dei ulike plakatane. Lever ut kvar sin tusj og be dei sette eit kryss/eller ein strek ved dei to punkta dei tykkjer er viktigast å gripe tak i på kvar plakat. Oppfølging Det er viktig at det som kjem fram i møtet vert følgt opp. Som styre bør de kort tid etter møtet samlast og gå gjennom det som er skrive og byrje arbeidet vidare. Om det ikkje vart sett ned nokre konkrete arbeidsgrupper så kan aktuelle personar spørjast om å sitte i ei eller fleire slike. Det er også viktig å sette nokre av forslaga frå bygdemøtet raskt ut i livet, for å halde oppe engasjementet og syne deltakarane at det skjer ting. 7
Om Huset i bygda Huset i bygda er eit prosjekt som starta i Sogn og Fjordane i 2010, i regi av Sogn og Fjordane Ungdomslag og Norske kulturbygg. Gjennom Huset i bygda skal vi løfte fram og styrke dei organisasjonseigde kulturbygga i Noreg. Huset i bygda skal bli styrka som sosial møtestad, som arena for utøving av kultur og som kulturminne. Gjennom prosjektet vil vi gje frittståande og organisasjonstilknytte lag som eig og driv kulturbygg nye verktøy og ny glød i arbeidet med å skape moderne og framtidsretta kulturbygg. Vi vil skape auka kulturaktivitet og samhald i bygdene. Aktivitetskart for Huset i bygda er eit verktøy som skal føre til at fleire brukar huset og at fleire kjenner til huset.