Fråsegn til framlegg til endringar i industrikonsesjonslova vassdragsreguleringslova



Like dokumenter
BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Lønnsundersøkinga for 2014

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /09 KAWV

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Etablering og drift av kraftselskap

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

10/60-14/N-211//AMS

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Aurland kommune Rådmannen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Til deg som bur i fosterheim år

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

VEDTEKT av februar 2007

HORDALANDD. Utarbeidd av

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

MØTEBOK Tysnes kommune

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Grunnlovsforslag ( )

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Granvin herad Sakspapir

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Informasjonshefte Tuv barnehage

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Fra Forskrift til Opplæringslova:

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Saksbehandling kva er no det?

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Plan for selskapskontroll

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Finansiering av søknaden

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Høyringssvar NOU 2018:11 Ny fjellov

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Fråsegn i hove framlegg til endring i energilova vinteren 2009

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Med god informasjon i bagasjen

Forstudie Næringshage i Vinje

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Oversyn over økonomiplanperioden

Forbrukerrådets husleiekontrakt

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

ETNEDAL KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Forslag om oppheving av konsesjonslov - høyringsuttale til LMD frå Etnedal kommune

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Transkript:

OLJLE. OG Aksjon Bygde - Noreg 5994 Vikanes Olje- og Energidepartementet Oslo Fråsegn til framlegg til endringar i industrikonsesjonslova vassdragsreguleringslova og Aksjon Bygde - Noreg er samd i at det trengs lovendringar som styrkjer norsk eigarskap til vasskraftressursane og norsk styring med korleis ressursane vert nytta. Aksjon Bygde - Noreg er ikkje samd i at eigarskapen til desse ressursane i så stor grad som i lovframlegga skal overtakast av staten og kommunane. Aksjon Bygde - Noreg meiner at den viktigaste reiskapen for å nå desse måla er gjennom lov- og regelverk å leggja føringar på korleis vasskraftressursane vert nytta av den som eig dei, ikkje ved at staten og det offentlege overtek eigarskapen. Vi peikar mellom anna på: Når det gjeld fall som kjem inn under industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova har heimfallsreglane vore ein særleg viktig reiskap for på langt sikt å sikra norsk kontroll med utnyttinga av vasskraftressursane. Men denne reiskapen har saman med det offentlege sine eigne erverv av fall over tid ført til at ressursane i alt for stor mon er tekne bort frå bygdesamfunna og verdiane overførde til storsamfunnet og urbane strok. Verknadene av dette kan illustrerast ved vasskraftkommunane Modalen og Masfjorden i Nordhordland. I Modalen vert innvunne om lag I Twh årleg og i Masfjorden om lag 1,5 Twh. Rekna pr innvunnen kwh står denne energiinnvinninga for om lag 300 mill kr av BKK sitt overskott (etter skatt) i 2007. Av dette overskotet får staten, som eig om lag 50 % av BKK, rundt 150 mill kr, Bergen kommune om lag 110 mill kr og dei store kommunane rundt Bergen resten. Masfjorden får 900 000 kr og Modalen ingen ting. Inntektene av energiinnvinninga til Modalen og Masfjorden kjem frå skattar og avgifter. Modalen far td om lag 20 mill kr for året i skattar og avgifter som direkte skriv seg frå energiinnvinninga og om lag 10 mill i vanlege skattar og avgifter frå anlegg mv, til saman i storleiksorden 30 mill i året. Dette er ikkje særleg meir enn det einskildpersonar som er tilsette i større verksemder kan oppnå i årleg inntekt. Samstundes har desse kommunane opplevd sterk nedgang i folketalet, og tradisjonelt jordbruk er i sterk tilbakegang. I Modalen var det td i 1910 rundt 70 gardsbruk med mjølkeproduksjon, i dag er att 4-5 og dessutan nokre bruk som driv med sau. Folketalet er kraftig redusert.

Vasskraftressursane har såleis korkje i Modalen eller Masfjorden sett desse kommunane i nemnande betre stilling enn om ressursane ikke hadde vore der. Det er også slik at heimfallsinstituttet ikke har noko å seia for desse utkantkommunane. Inntektene deira, skattar og avgifter av energiinnvinninga, blir dei same anten det er heimfall eller ikkje. Heimfallsreglane kan godt - og med rette - sjåast på som rettsreglar som tek bort verdiane frå lokalsamfunna og overfører dei til storsamfunnet, fyrst og fremst til Oslo. Det er fare for at fleire og fleire i utkantsamfunn dreg den konklusjonen at det kan vera eitt og det same om verdiane vert overførde til Oslo og storsamfunnet eller dei hamnar i utlandet. Aksjon Bygde - Noreg er ikke samd i slike synspunkt. Men tankegangen er forståeleg. Det er no mykje om å gjera at ein finn fram til ordningar der ein større del av vasskraftverdiane vert veranda att der vasskrafta finst. Aksjon Bygde _ Noreg har elles merka seg reglane i lovframlegget som gjev private rett til å eiga inntil 1/3 av dei offentlege selskapa, reglane om forlenging av konsesjonsperiodar og reglane om utleige av fall til private. Aksjon Bygde - Noreg vurderer det slik at dette regelverket vil svekka målsetjinga om norsk styring med vasskraftressursane. Også om ein vurderer ut frå det Regjeringa seier er målet, offentleg eigarskap, vil målsetjinga bli svekka. Det offentlege sin eigarandel går ned, ikkje opp. I ein situasjon der det er større velvilje for privatisering enn den noverande Regjering har, kan desse reglane føra til at det offentlege blir ein reiskap til å overføra verdiane til private i inn- og utland. Aksjon Bygde - Noreg er i mot at slike lovreglar vert innførde i vassdragslovgjevinga. Aksjon Bygde - Noreg vil også peika på at etter lovframlegget blir omgrepet "naturhestekraft" framleis ein viktig styringsreiskap. Dette er eit svært ueintydig omgrep. Eit og same vassfall kan få fleire og svært ulik naturhestekrafttal alt etter korleis det blir utbygt. Særleg for litt større småkraftanlegg eller mindre regulerte anlegg kan utbyggingsmåten avgjera om det er heimfall eller ikkje og om fallet kjem inn under reglane i vassdragsreguleringslova. Tradisjonelt er det også dette omgrepet som vert nytta ved verdsetjing av fall. Særleg ved uregulerte fall vert verdien med denne metoden svært liten. Eit ekstremt eksempel er Måren ved Sognefjorden der bøndene i 2002 gav fallet frå seg for 45 000 kr. Rekna på den måten som Høgsterett avgjorde i januar i år og samanhalde med skjøn der Høgsterett si avgjerd er fylgd, vert verdien over 40 mill kr. Det er det offentleg eigde selskapet BKK som har overteki fallet og som har fått konsesjon til å byggja det ut. Det kan nok vera at slike døme er med på å styrkja bygdene si mistru til at vasskraftverdiane vert fordelte på noko meir rettvis måte enn før om vi får offentleg eigarskap til dei. På litt lenger sikt vil det vera heilt uakseptabelt om naturhestekraftomgrepet vert nytta i vassdragslovgjevinga. Men det er viktig at omgrepet ikke vert erstatta med noko endå verre. Det kan lett bli tilfelle om ein prøver å styra utviklinga gjennom vassdragslovgjevinga der staten vert sett på som eigar av ressursane. Berre eit enkelt døme: Om fall skal leigast ut til private må dette etter EØS-reglane lysast ut på tilbod, eller det må på andre måtar sikrast at det ikke skjer noko diskriminering i høve til noko selskap eller person i heile EØS/EU området. Det vert ikke mykje styringsrom att for stat og kommune!

Det må her leggjast til at Måren er eit ekstremt tilfelle. Normalt vil Høgsterett si avgjerd føra til ei 5-50 dobling av fallverdien på eigaren si hand. Måren er nok eit spesialtilfelle som heng saman med at elva ikkje skal regulerast, og at lågvassføringa er lita og dermed lågt naturhestekrafttal, samstundes som utbyggingskostnaden er svært låg. Men tilfellet illustrerer nokså godt kva ein kan risikera om naturhestekrafttalet blir ein styringsreiskap slik han har vore til no. Mårenfallet kjem i den gruppa av fall som Høgsterett uttalar seg om. Andre tilfelle fell utanfor slik at verdiberekningane blir som før - men like urimelege. Når det gjeld verknaden av naturhestekraftkriteri et for heimfall, saksførehaving ved konsesjonssøknader, konsesjonsavgifter, konsesjonsstraum med vidare, blir dette etter lovframlegget som før. Det er ikke akseptabelt. Aksjon Bygde - Noreg vil elles streka under at i Noreg er vassfall ein del av grunneigarretten. Den som eig grunnen der elva går eig også fallet. Jf vassressurslova 13. Slik er det ikke i Europa elles. I så godt som alle andre land er fall og elverettar staten sin eigedom eller tilhøyrer den som avleider sin rett frå Kongen eller staten. At slike rettar som vassfall, jakt og fiske, dei flere mineral rav i utgangspunktet tilhøyrer grunneigaren, dvs bonden eller eit sameige av bønder og andre i grenda, er ein vesentleg føresetnad for utviklinga av vårt demokrati. Det har i Noreg gjeve grupper, som i andre land ikke talde stort, eit mynde og ein legitimitet til å delta i samfunnsbygginga på ein måte som elles var heller ukjent. Lovframleget frå Regjeringa kan sjåast på som eit alvorleg angrep på denne skipnaden og ei tilpassing til EU systemet. Her nemner vi særskilt at med denne rettstilstanden som utgangspunkt har det dei siste åra vore gjort ei rad utbyggingsavtalar der falleigarane, i dei fleste tilfelle for ein avrensa tidsperiode, har leigd ut falla sine til utbyggjarar utanfrå. Slike avtalar skulle vore etterprøvde etter reglane om frådeling av jordbruks- eller grunneigarressursar i jordlov/bygningslov, og like eins prøvd etter den vanlege konsesjonslova frå 2003: om leigaren eller kjøparen kunne få konsesjon for ervervet eller ikkje. Desse reglane har ikke vore fylgde og avtalane ikke etterprøvde. I mange tilfelle har dette ført til meiningslause avtalar om utleige eller sal av fallrettar, både i høve til falleigarar og i høve til samfunnet elles. Aksjon Bygde - Noreg beklagar sterkt at dette lovverket ikke har vore nytta for å styra utviklinga på området. Samstundes er det klårt at nokså mange av aktørane har kome fram til rimeleg anstendige avtalar som mellom anna gjer at dei reelle verdiene av fall blir synlege. Dette er også ein del av bakgrunnen for Høgsterett sin dom. Aksjon Bygde - Noreg meiner at reglane i jordlov/bygningslov og den vanlege konsesjonslova må takast i bruk straks for å styra utleige eller sal av mindre fall. Aksjon Bygde - Noreg meiner vidare at dette lovverket bør byggjast vidare ut slik at det kan nyttas til å sikra at også større fall vert nytta på ein måte som storsamfunnet kan godta. Aksjon Bygde - Noreg peikar her særskilt på at jordbruket og grunneigarane sin

eigedomsrett til fall er ein rett dei har. Denne retten kan ikkje setjast til sides av nokon domstol, heller ikke EFTA domstolen. Reglane som gjeld for offentleg eigde tiltak kan heller ikkje styre korleis desse eigarane nyttar eigedomen sin. Men det er eit godteki prinsipp både i Noreg og andre land at måten eigarretten vert utøvd på kan styrast gjennom eigne lovar, reglar og påbod frå staten. Det er ved å nytta denne reiskapen staten bør sikra at ressursane vert nytta på den måten som best sikrar overordna politiske mål, herunder norsk og lokalt eigarskap. Konklusjon: Vasskraftressursar skal framleis vera privat eigedom i Noreg. Berre når brot på dei reglane som vert gjevne for bruken av desse ressursane fører til at overordna mål ikkje blir nådde, skal det vera eit mål at eigarskapen vert overteken av det offentlege. Bruken av ressursane vert styrt av lovar og regelverk gjevne av staten. Utgangspunktet for å utvikla eit slikt regelsett både for store og mindre fall har vi lovreglane for frådeling av grunneigarressursar i jordlov/bygningslov og den vanlege konsesjonslova. Naturhestekraftomgrepet som reiskap for styring av utnyttinga av vasskraftressursar vert avskipa. Aksjon Bygde - Noreg vil vena innstilt på at det vert nytta nokså skarpe verkemiddel i lovgjevinga for å sikra overordna samfunnsmål. Aksjon Bygde - Noreg ser at det kan ta noko tid å utvikla slike styringsreiskapar for større fall. Td krevst det ein god del omtanke for å avskipa naturhestekraftomgrepet som styringsreiskap. Det bør ikkjefremjast noko framlegg til Stortinget før dette er gått nærmare gjennom. Ingen odelstingsproposisjon i vår! Vikanes 3004 08 Heine Århus/s Åsmund Berthelsen/s Signhild Dyrkolbotn/s Medlemer av arbeidsutvalet for Aksjon Bygde - Noreg

Kittelsen Beate Fra: Sendt: Til: Emne: _Postmottak OED 2. mai 2008 08:36 Kittelsen Beate VS: høyringsuttale ABN-fråsegn30040 8.doc (36 kb) -----Opprinnelig melding----- Fra: Dyrkolbotn Fjellstove [mailto:dyrkolbotn.leirskole@c2i.net] Sendt: 30. april 2008 23:53 Til: Postmottak OED Emne : høyringsuttale Vedlagt fylgjer høyringsuttale frå Aksjon Bygde - Noreg til endringar i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova. Uttale på papir vert ettersendt pr post i morgon, i tilfelle denne vert "ommøblert" under sending. Venleg helsing Signhild Dyrkolbotn 5994 Vikanes for arbeidsutvalet 1