OPPSUMMERING HAUSTEN 2011



Like dokumenter
Ordføraren Dato: Vår ref.: 2013/74-405/2013 Ark.kode:

Frå visjon til realitet November 2012

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Ordføraren Dato: Vår ref.: 2014/ /2014 Ark.kode:

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

FJELL KOMMUNE Ordføraren Dato: Vår ref.: 2012/ /2012 Ark.kode:

Investeringsbehov dei neste 5-10 åra

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Fjell kommune. Møteinnkalling. Eldrerådet. Utval: Møtestad: Fjell rådhus, komitésalen. Dato: Tid: 11:00 14:00

Sund kommune Møteprotokoll

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Møteprotokoll. Utval: Valstyre for Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 16:00-16:30

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

EID KOMMUNE Driftsutvalet HOVUDUTSKRIFT

Til deg som bur i fosterheim år

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

SOTRA BRANNVERN IKS - eit interkommunalt selskap eigd av Fjell og Sund kommunar.

FJELL KOMMUNE Ordføraren Dato: Vår ref.: 2013/ /2013 Ark.kode:

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Mål for arbeidet denne kvelden

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

JØLSTER KOMMUNE Kommunestyret HOVUDUTSKRIFT

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2015

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Sotrasambandet. Eit viktig grunnlag for framtidig vekst og utvikling i Bergensregionen FØRESETNAD FOR TRYGGLEIK OG BEREDSKAP

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Fitjar kommune Møteprotokoll

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Kvam herad. Kvam heradsstyre /09 HIAN

OPPSUMMERING HAUSTEN 2013

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Møteprotokoll for Formannskapet

OPPSUMMERING HAUSTEN 2012

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 15:45. Møtestad: Møterom NAV, kommunehuset Saksnr.: 01/14 05/14

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Scandic Ørnen, Lars Hillesgate 18, Bergen Møtedato: Tid: 13:15-15:00

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

ÅRSRAPPORT FRÅ KREFTOMSORG. Årdal kommune

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Møteprotokoll. Fellesnemnd Nye Øygarden kommune Skjenet 2, møterom i andre etasje. Dato: Tid: 09:00-11:10

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Møteprotokoll for møte i

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Innkallinga og saklista har vore kunngjord med oppslag i rådhuset.

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Transkript:

OPPSUMMERING HAUSTEN 2011 Juli Fjell markerte seg i Special Olympics i Aten Nest-Sotra United sin tur til Special Olympics i Aten vart krona med bronse då laget slo Kina 2-1 i bronsefinalen. Dette laget representere Noreg under Special Olympics i Aten. Alle spelarane på laget med følgje fekk vera med på turen som vart ei festreise frå start til mål. Måndag 27. juni var det stor fest i Aten der mellom anna ordførar Eli Årdal Berland var med. Ann Karin Uthaug var ein sentral spelar på det norske handball-laget under OL. Seint tysdag 5. juli landa ho på Flesland og vart teken imot av ordførar Eli Årdal Berland og leiar i komité for drift Vidar Arnesen. 1,9 mill. til fornying og omstilling Fjell kommune har saman med nabokommunar og åleine fått totalt 1,9 millionar kroner av Fylkesmannen til fornying og omstilling. Fylkesmannen har tidlegare totalt fordelt 118 millionar kroner i skjønsmidlar tidlegare i år. I juli løyvde han nye 13 millionar kroner til ulike prosjekt retta mot omstilling og fornying i kommunane. Lagar unike padleløyper Ved hjelp av 200 tusen kroner i tilskot frå Gjensidigestiftelsen vert det oppretta merka og graderte padleløyper i region vest. Nordsjøåra er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Bilete: Line Steinsland, Lennart Fjell og Kyrre Flotve er klar for merking av padleløyper. 22. juli I juli vart nasjonen råka av ein stor tragedie med terrorangrep på regjeringskvartalet og AUF sin leir på Utøya. Staten og kommunane følgde opp med kontaktinformasjon og tiltak for dei pårørande. Dei tragiske hendingane 22. juli vart markert ved skulestart i alle barnehagane og skulane i Fjell. Det var også ei minnemarkering i Fjell rådhus 21. august. August Besøk frå Hedmark og Oppland Også denne hausten har Fjell har mange besøk. 18. august hadde vi besøk av fylkesstyra og rådmannsutvala i KS Hedmark og KS Oppland. Dei fekk informasjon om omdømeprosjektet som Fjell kommune har arbeidd med sidan januar 2010 og samhandlingsreforma.

900 mill. i tiltak for vatn og avlaup I framlegget til kommunedelplan for vassforsyning og avlaup/vassmiljø 2011-2022 var klar for godkjenning kommunestyret i august. Her er det lista opp tiltak for totalt 900 millionar kroner. I forslaget til handlingsprogrammet er det sett opp tiltak for 416 millionar kroner til vassforsyning og 484 millionar kroner til avlaup og vassmiljø. Opning av Øyane DPS Øyande distriktspsykiatriske senter (Øyane DPS) vart offisielt opna 29. august. Bygget er på 3900 kvadratmeter og har kosta 108 millionar kroner, ekskl. tomt. Fjell kommune står som byggherre, medan Helse Bergen er leigetakar. Senteret gjev tilbod til vaksne menneske over 18 år med psykiske lidingar i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Utvida skulebygg på Hjelteryggen og Brattholmen På Hjelteryggen og Brattholmen er skulane utvida og rehabilitert i 2010/2011. Dei oppgraderte bygga er tekne i bruk. Det er bygt ut for om lag 50 millionar kroner. September Tilgjengeprisen Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne delte torsdag 1. september ut Tilgjengeprisen 2010 til Straume terapisenter. Bilete: Frå venstre: Elin Raunholm Sæle, Liv Møen og Mari Mikkelborg. Nei til regionalt brannvernsamarbeid Kommunestyret vedtok 1. september at Fjell kommune for sin del vil vidareføra organiseringa av brannvernet på Sotra slik det er i dag. Andre vedtak i kommunestyret: Godkjenning av kommunedelplan for vassforsyning og avlaup, ordninga med tre komitéar held fram også i neste kommunestyreperiode og Radio Sotra frå kinokonsesjon. Valet 2011 12. september klokka 22.35 var grovteljingsresultatet i Fjell klart. Høgre vart det største partiet i Fjell med ein oppslutnad på 28,1 prosent. Arbeidarpartiet følgde med 21,9 prosent, medan FrP har fekk ein oppslutnad på 17,6 prosent. Valoppslutnaden var på 64,9 prosent. Dette er 3,4 prosentpoeng betre oppslutnad enn ved kommunevalet i 2007. Høgre, FrP og KrF inngjekk samarbeid for ein ny fireårsperiode, og to dagar etter valet var det avklart at Eli Årdal Berland (H) held fram som ordførar, medan Odd Bjarne Skogestad (KrF) skulle vera varaordførar.

Vala vart formelt gjort av kommunestyret 6. oktober. I Ungdommens kommunestyre vart Linn Kristin Fauskanger valt som leiar, medan Joachim Indrevik vart nestleiar. Firespråkleg i kultursalen Det er ikkje ofte at seminar går på fire språk i kultursalen i Fjell. Men 6. september, vart det snakka både tysk, fransk, nederlandsk og norsk då ein internasjonal delegasjon på 28 personar var på plass for å snakka om korleis det kan leggjast til rette for arbeid til utviklingshemma. På denne fagdagen var det innlegg av ordførar Eli Årdal Berland, leiar av Straume Arbeidssenter Ragnar Selstø, leiar NAV Fjell, Rune Jacobsen, personalsjef Lisbeth Grosvold, personalrådgjevar Wenke Sandvær og leiar av komité for drift, Vidar Arnesen. Ny gangveg på Tellnes Elevane på Tellnes skule kan heretter ferdast tryggare enn før på skulevegen mellom Tellnes og skulen som ligg like ved den tungt trafikkerte fylkesveg 555 mot Sund. Gangvegen gjennom marka er fint tilpassa terrenget og den gamle steingarden i området. Utveksla erfaring med integrering Den siste veka i september var representantar frå Erfurt i Tyskland på besøk hjå barnehage- og skulefolk i Fjell for utveksla erfaringar med integrering og inkludering av barn med særskilte behov. Dette er eit EU-prosjekt der deltakarane frå Erfurt og Fjell har besøkt kvarandre. Hjelteryggen skule og Marihøna barnehage deltek i prosjektet frå Fjell kommune. Oktober Stramt budsjett for 2012 - Det vert eit stramt budsjett for Fjell kommune i 2012. Det sa rådmann Steinar Nesse etter at regjeringa tidleg i oktober la fram statsbudsjett. Fjell får ein vekst i frie inntekter på 3,6 % og 21 millionar kroner til samhandlingsreforma. Regionen prioriterer psykisk helse for barn og unge I byrjinga av oktober var 140 deltakarar samla på Oktoberseminaret på Solstrand Hotel og Bad. Dette er eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. I år handla det om å førebyggja og behandla angst og depresjon hjå barn og unge. Dette er eitt av mange døme på samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest og Helse Bergen.

Godkjente endeleg planprogram for Sotrasambandet Kommunestyret vedtok 27. oktober samrøystes å godkjenna det endelege planprogrammet for Sotrasambandet. Planprogrammet slår fast kva alternativ som skal utgreiast vidare. Arbeidet er delt opp i to kommunedelplanar; eín for strekninga Kolltveit - Storavatnet og eín for strekninga Storavatnet - Liavatnet. Byrådet i Bergen godkjente planprogrammet i desember. Fjell Idrettsråd fekk Frivilligprisen Fjell Idrettsråd fekk Frivilligprisen for 2011. Idrettsrådet fekk prisen for sitt engasjement for idretten med fokus på frivillig arbeid og samarbeid mellom idrettskrins, idrettsråd, idrettslag og kommune. I grunngjevinga frå juryen heiter det at Fjell Idrettsråd har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å vera eitt av idrettsråda i Hordaland Idrettskrets tilrår andre idrettsråd å sjå og læra av. Prisen vart delt ut på Musikkrådet sin julekonsert i Foldnes kyrkje i desember. November Fjell vart Årets nynorskkommune Den 16. november delte kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ut prisen Årets nynorskkommune til Fjell. Prisen var på 100 tusen kroner og eit bilete av kunstnaren Alf Christian Hvaring. Det var ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, som tok imot prisen på vegner av kommunen. Vinje kommune i Telemark fekk heidersprisen. Liv Signe Navarsete viste til at Fjell det siste året har fått mykje merksemd i media etter at heile 81 prosent av skriv til kommunen frå statlege organ i ein gitt periode var skrivne på bokmål. - Mållova slår fast at Fjell som nynorskkommune skal ha alle skriv på nynorsk, sa Navarsete under tildelinga. Kan Vestlandet erobra havrommet? Vestlandet har eit stort utviklingspotensiale, og olje, gass og marin næring vil ha ei viktig rolle i framtida. Men skal ein lukkast med dette, må det leggjast til rette for kunnskapsmiljø og forsking. Dette kom klart fram på eit SINTEF-seminar i Fjell rådhus 19. november Konsernsjef i SINTEF, Unni M. Steinsmo, (bilete) stilte spørsmålet om Vestlandet kunne erobra havrommet. - Vestlandet er god på innovasjon og verdiskaping. For å utvikla dette trengs det gode rammevilkår for å ta ut potensialet. Innovasjon handlar om utdanning, forsking og implementering, sa Steinsmo. Dette var den første gongen SINTEF arrangerte eitt av desse seminara utanom Oslo. Ove Trellevik ny leiar i regionrådet Ordførar i Sund, Ove Trellevik, vart på styremøtet 22. november valt til ny leiar av Regionrådet Vest. Han avløyser Olav Martin Vik (ordførar i Øygarden 2007-2011) som har leia styret sidan 2010. Då styret for regionrådet konstituerte seg vart Fjell-ordførar Eli Årdal Berland valt som nestleiar.

Felles Ansvar: - Vi er i gang Åsta Årøen er tilsett som prosjektkoordinator i det felles rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar. Med tilsetjing av koordinator er arbeidet for alvor starta opp. Basen til Felles Ansvar er lokalisert i Askøy, og Årøen skal ha kontoret på Askøy rådhus. Fjell-delegasjon til Danmark I november deltok ein fjelldelegasjon på ein stor nordisk konferanse i Danmark for å gjera danskane kjent med korleis vi realiserer samhandlingsreforma i Fjell og regionen Nye lokale for helsestasjonen på Ågotnes Frå 5. desember fekk Ågotnes helsestasjon nye og moderne lokale i det nye Ågotnes helsehus i Skjergardsvegen 1376 like ved Rema 1000. - Vi får tre hundre kvadratmeter til disposisjon i gode og tenlege lokale. Både brukarar og dei tilsette kan sjå fram til dette, sa leiande helsesøster Astrid Paulsen. Underteikna kontrakt for 120 mill. 30. november skreiv Fjell kommune og Lønnheim Entreprenør AS under kontrakten for bygging av ny fleirbrukshall på Straume. Det store idrettsanlegget vert lokalisert i Straume Idrettspark og skal etter planen overleverast til kommunen 30. april 2013. Bilete: Ordførar Eli Årdal Berland og direktør i Lønnheim Entreprenør AS, Nils Petter Vegsund Desember Seks stjerner til Fjell for heimesida Fjell kommune får seks stjerner av seks moglege og har ifølgje Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) si kvalitetsvurdering den tredje beste kommunale heimesida i Hordaland i 2011. 1. desember kåra Difi dei offentlege nettstadene for dette året. Etne og Stord toppa lista, medan Fjell og Øygarden kom på delt tredjeplass i fylket. Fjell kjem på 27. plass blant alle kommunane i landet Vil ha turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen Komité for finans og forvaltning (KFF) gjekk på møtet 6. desember inn for at planane om turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen vert realisert. Restfinansieringa på inntil 2,3 millionar kroner vert etter planen innarbeidd i økonomiplanen når kommunestyret vedtek økonomiplanen 15. desember.

Leirstaden barnehage og Ulveset barnehage fekk Arbeidsmiljøprisen 2011 Leirstaden barnehage Ulveset barnehage Like før konserten med Frode Alnes, koret Skrik og Fjell kulturskulekor i Foldnes kyrkje 13. desember, fekk Leirstaden barnehage og Ulveset barnehage utdelt Arbeidsmiljøprisen 2011. Vinnarane fekk utdelt måleri og 15 tusen kroner kvar. Prispengane skal nyttast til vidare HMT-arbeid på arbeidsplassen. Budsjettet i hamn Fjell kommunestyret vedtok 15. desember driftsbudsjettet for 2012, økonomiplan for 2012-2015 og investeringsprogram. Det var samarbeidspartia (Høgre, FrP og KrF) sitt budsjettframlegg som vart vedteke. Driftsbudsjettet er auka med vel tre millionar kroner i forhold til rådmannen sitt framlegg og balanserer på knapt 1,3 milliardar kroner. Tillegget på tre millionar kroner i driftsbudsjettet vert finansiert med å ikkje flytta tre millionar kroner i momsrefusjon frå driftsbudsjettet til investeringsbudsjettet. Det vert investert for 97,2 millionar kroner i Fjell neste år (ekskl. etableringslån). Dei største investeringspostane neste år er ny fleirbrukshall og utbygging av gravplassar på Foldnes og Kleivane. Fylte opp Grieghallen Grieghallen var nesten fullsett på Tranevågen ungdomsskule si framsyning "From T.u.sk. till Dawn" 20. desember. Alle dei 470 elevane på ungdomsskulen har vore engasjerte i UNG 2011. Ein stolt rektor Johnny Eide fekk eitt minutt til å takka for kvelden, men brukte fem. - Skal eg gje ein karakter på skalaen eín til seks for denne kvelden, vert det ein sjuar. Bilete: Tone Lise Bernhardsen (10. trinn) Vedtak i Bergen om Sotrasambandet I det siste møtet før jul, 20. desember, gjorde byrådet i Bergen vedtak om planprogrammet for Sotrasambandet. I vedtaket vert det lagt til grunn eit prinsipp om å dela planområdet Kolltveit- Liavanet i to kommunedelplanar; Kolltveit-Storavatnet og Storavatnet-Liavatnet. I vedtaket heiter det mellom anna at kollektivtransporten skal styrkast framfor personbiltransport mellom Sotra og Bergen sentrum.