Operativ mediehandbok for politiet

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Operativ mediehandbok for politiet"

Transkript

1 Operativ mediehandbok for politiet 1

2 Denne mediehandboka er utgitt av Politidirektoratet. Kapittelet som omhandlar uttalar i straffesaker er skrive av Riksadvokaten. 6. mai

3 Politiet, påtalemakta og media For politi og påtalemakt er kommunikasjon ein grunnleggjande føresetnad i arbeidet for å sikre tryggleik, lov og orden. Informasjon skal brukast aktivt og målretta for å førebyggje og slå ned på kriminalitet. Politiet er avhengig av eit godt omdømme og tillit i befolkninga for å løyse oppgåvene sine. Omdømme og tillit må skapast gjennom det daglege arbeidet og open kommunikasjon gjennom media. Media er ein viktig kanal for å nå fram til innbyggjarane. Journalistar har ei viktig samfunnsoppgåve, både som informa sjonsformidlarar og kritikarar. Politiet og påtalemakta forstår at journalistar har behov for informasjon. Derfor bør vi gi media den informasjonen vi kan, når vi kan. Kommunikasjonen frå politiet har vore prega av at vi ope og aktivt har delt kunnskap. Politiet skal vere tydeleg i sin bodskap. Kommunikasjonen skal vere ansvarleg, sakleg og etterretteleg, men den treng ikkje å vere fullstendig. Ansvaret for kommunikasjon følgjer fag og linje. Medieinstruksar og sentrale føringar gjer meir detaljert greie for ansvar og prinsipp. Denne handboka er laga for å gi alle i politiet og påtalemakta ein praktisk rettleiar i mediehandtering. 3

4 Politiet i mediekvardagen I kommunikasjonsarbeidet må politiet ta omsyn til kvardagen i media. Nettmedium, tv og radio sørgjer for ein rask nyheitsstraum 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Media konkurrerer om å vere først ute med nyheitene, og alle vil ha sine spesielle vinklingar på ei sak. Hugs: / Dersom politiet bruker lang tid på å svare, går media til andre kjelder. Blir mediebiletet prega av urett eller mangelfull informasjon, kan det gi befolkninga eit feilaktig bilete av situasjonen. Det kan òg skape grunnlaus frykt. / Politiet skal ikkje styre media, men skal heller ikkje vere redd for å rettleie dei. Politiet skal stille spørsmål og åtvare mot identifisering og offentleggjering som kan skade etterforskinga eller politiet sitt arbeid elles. Politiet må prøve å gi etterretteleg og korrekt informasjon tidlegast råd. God og rask informasjon til media kan òg vere avgjerande for politiets vidare etterforsking. Hugs at publikum i større grad enn før er kjelde for media via SMS, MMS, Twitter og andre sosiale medium. 4

5 / Politiet skal kvalitetssikre informasjon som skal ut. Men vi kan ikkje vente til vi veit «alt». Vi seier det vi kan seie så langt korrekt, men ikkje fullstendig. Folks observasjonar og opplevingar på ein åstad er ofte det som blir publisert først etter ei hending. Folks observasjonar og opplevingar på ein åstad er ofte det som blir publisert først etter ei hending, og kan vere med på å prege den vidare mediedekninga. Dette er til hjelp for politiet, samtidig som det stiller nye krav. 5

6 Kommunikasjon frå politiet Kommunikasjon frå politiet kan systematiserast rundt omgrepa hovud, hjarte og hender. Dette gjeld i alle situasjonar der det blir utført politiarbeid og politiet kommuniserer med media. Hovud betyr at fakta og bakgrunn skal presenterast. Hjarte betyr at det skal visast empati og forståing. Hender betyr at politiet skal fortelje kva som konkret blir gjort med den aktuelle saka. Grunnleggjande for all kommunikasjon mellom representantar for politiet og media er at desse tre elementa kjem fram, og at media blir møtte på ein vennleg og serviceorientert måte. / Hovud eit klart hovud som analyserer og formidlar fakta / Hjarte eit varmt hjarte som formidlar forståing og medkjensle / Hender målretta innsats og aktiv tilnærming 6

7 Media i kvardagen 7

8 Media og deira behov Media har sin eigen dagsorden og sine eigne prioriteringar. Media vel sjølve sine vinklingar og spørsmål. Fri og uavhengig nyheitsformidling er den grunnleggjande oppgåva til media. Media stiller oftast korte og konkrete spørsmål og vil ha raske svar, spesielt ved hendingar. Journalistar arbeider ofte etter fem nyheitskriterium som kan oppsummerast slik: / Konflikt / Betydning / Identifikasjon/personifisering / Sensasjon / Aktualitet Eksempel på nyheitssak der nyheitskriteria er følgde: Ein brann braut ut i nitida i dag tidleg i lokala til Byggfirmaet A/S i Oslo sentrum. Brannen var eksplosjonsarta. Rundt 200 menneske blei evakuerte frå bygningen, som husar mange bedrifter, mellom anna fleire legekontor. 8

9 Journalistar vil ha svar på desse spørsmåla: / Kva? / Når? / Kvar? / Korleis? / Kven? / Kvifor? / Kva no? Brannen skal ha starta på eit kontor i andre etasje. Politiet kjenner ikkje årsaka til brannen, men branntekniske etterforskarar er no inne i bygningen. 9

10 Journalistar vil òg fortelje om / Kjensler / Offer for hendingar / «Heltar» i ei historie / «Skurkar» i ei historie / Konsekvensar av ei hending / Eventuelle kritikkverdige innslag / Eventuelle feilvurderingar som blei gjorde undervegs / Det spektakulære det som er annleis 10 Desse områda gir meir enn fakta, dei skaper innleving og noko ein kan identifisere seg med. Politiet må rekne med å få spørsmål av denne typen.

11 Kontakt med media 11

12 Når media tek kontakt Når journalisten ber om intervju: / Avklar om du er den som skal uttale seg, og vis til andre om du ikkje er det. / Skaff deg tid slik at du kan førebu deg. / Ta kontakt med infoeining eller kommunikasjonsrådgivar for koordinering/rådgiving. / Lag klare bodskapar og svar så raskt og effektivt som mogleg. Undersøk om det finst bodskapsplattformer på temaet. / Sørg for å få fram det politiet meiner er viktig, sjølv om du ikkje blir spurt om det. / Prøv å føresjå spørsmåla slik at du kan svare best mogleg. / Sorter bodskapar og talepunkt gå gjerne kort gjennom saman saka med ein kollega før du skal intervjuast. / Be om å få det første spørsmålet før intervjuet startar. / Bestem deg for kva du vil seie, og sørg for å få sagt det. Operasjonssentralen er eit viktig kontaktpunkt for media, og mediehandtering er ein integrert del av operasjonssentralens arbeid. Rask og profesjonell mediehandtering frå operasjonssentralen er avgjerande for at politiet skal nå ut med informasjon i mediene. 12

13 Når du tek kontakt med media / Ver førebudd. Bestem deg for kva du vil seie, og sørg for å få sagt det. Bruk gjerne eksempel for å underbyggje hovudbodskapen. / Ta kontakt med infoeining eller kommunikasjonsrådgivar for koordinering/rådgiving. / Finst det ei bodskapsplattform, så bruk denne. Det betyr at mykje av forarbeidet og vurderingane er gjort. Du sparer tid og får tilgang til ei breiare og tydelegare vurdering. / Når du ringjer journalisten, presenterer du saka og spør om dette er noko journalisten kan tenkje seg å lage ei sak på. / Legg til rette for gode bilete som kan illustrere saka. Bestem deg for kva du vil seie, og sørg for å få sagt det. 13

14 Når du blir intervjua / Fortel det viktigaste først. / Bruk eit enkelt språk utan faguttrykk. / Bruk eksempel og konkrete fakta. / Ikkje la deg vippe av pinnen av kritiske spørsmål. Hald deg roleg og svar sakleg. / Ver tydeleg. Media har fleire kjelder. Dine uttalar blir sett inn i ein samanheng. / Ikkje spekuler! Ver varsam med årsaker, konsekvensar og følgjer for dei involverte i ein tidleg fase, spesielt ved hendingar. / Bruk ikkje sarkasmar, ironi eller vitsar. / Dersom du meiner at journalisten har feil opplysningar, så korriger dei. / Be om å få svare ein gong til dersom du opplever at du ikkje fekk sagt det du ville i eit tveller radiointervju. 14

15 / «Off the record» finst ikkje! Ta for gitt at alt du seier til ein journalist, kan ende opp i avisa, på nettet, radio eller tv. / Skal du fotograferast, skal antrekket vere korrekt. / Når du blir intervjua og opptrer i media, repre s enterer du heile politiet og ikkje berre ditt avsnitt, din seksjon eller liknande. Innbyggjarane og media oppfattar politiet som éin etat for publikum spelar det inga rolle kvar i politiet du jobbar. / Dersom du blir stilt spørsmål som ligg utanfor ditt ansvarsområde, er det viktig at du viser vidare til rett instans. Unngå å avvise spørsmål og seie at du ikkje har ansvar eller ikkje veit svaret det er med på å skape eit bilete av politiet som lite samordna. / Journalistar stiller ofte same spørsmålet fleire gonger med forskjellige vinklingar. Det er lov å seie at ein har svart på spørsmålet og gjerne vil komme vidare i intervjuet. Gjenta uansett bodskapen og svar det same på spørsmålet heile tida. 15

16 Når du ikkje kan svare på alle spørsmåla du får / Sei det vi førebels kan gå ut med. / Sørg for å få fram det politiet meiner er viktig. / Sei kvar og når det vil bli gitt meir informasjon. / Grunngi alltid kvifor du ikkje kan seie meir enn du gjer. Verkemiddel du kan bruke i staden for å seie «ingen kommentar»: Vise til tidsaspektet / Eg kan ikkje gjere greie for ansvarsforholda i denne saka no. Vi gjer alt vi kan for å kartleggje fakta og vår eiga rolle i saka, og vil informere så snart vi har fleire opplysningar. Du treng meir tid / Dette må vi komme tilbake til. / Vi skal kommentere dette seinare, no jobbar vi med kartlegging. 16

17 Ikkje rett å svare på spørsmålet / Det ville vere uryddig å meine noko om skuld og ansvar så tidleg, det må rette instans komme tilbake til etter nærmare undersøkingar. No er det viktig for oss å handtere dei menneska det gjeld på beste måte Tilvising til andre kjelder / Det kan vi ikkje kommentere. Det er ikkje politiet som er ansvarleg for å informere om dette, eller som er best skikka til det. Grunngitt avvising / Førebels er dette ei personalsak. Av omsyn til personar som er innblanda, kan vi ikkje kommentere dette offentleg. Erstatt det du ikkje kan svare på med din eigen bodskap / Eg har ikkje informasjon som gjer at eg kan svare på spørsmål om det enno. Det eg kan seie, er at 17

18 Dine rettar Når du blir kontakta av ein journalist, anten på telefon eller ute, har journalisten også nokre plikter overfor deg: / Journalisten skal fortelje kva medium han eller ho representerer, og kva som er formålet med å kontakte deg (intervju, bilete, spørsmål om kva politiet gjer o.l.). / Journalisten skal gjengi utsegnene dine rett. Du har krav på sitatsjekk og på å få retta opp feilsitat. / Du har ikkje krav på å få trekkje tilbake det du har uttalt eller endre innhaldet i ein artikkel. Media har sine eigne, sjølvpålagde reglar. Ver varsam-plakaten seier også noko om rettane til dei som blir intervjua. Det er viktig å kjenne til innhaldet i Ver varsam. Plakaten kan lesast på: 18 Du har krav på sitatsjekk og på å få retta opp feilsitat.

19 Kommunikasjon ved hendingar 19

20 Kommunikasjon ved hendingar Politiet handterer dagleg hendingar som er av interesse for publikum og media. Når ei hending finn stad, har politiet ofte få sikre opplysningar om kva som har skjedd. Kan vi ikkje seie noko om kva ei sak eller hending går ut på, så fortel kva vi gjer. Du kan eksempelvis seie at politiet har sett inn ressursar, undersøkjer saka, at vi gjer alt vi kan for å kartleggje fakta, at vi kjem tilbake med meir informasjon så snart vi har meir oversikt. Dette dekkjer det omgåande nyheitsbehovet. Innsatsleiaren kan utføre oppgåva sjølv eller peike ut ein annan til å handtere media. 20

21 På innsatsstaden Innsatsleiaren er ansvarleg for informasjon til media på innsatsstaden. Innsatsleiaren kan utføre oppgåva sjølv eller peike ut ein annan til å handtere media. Praktiske råd: / Hald felles informasjonsmøte for alle mediefolk på innsatsstaden. / Prioriter deretter nettmedium, radio og tv, som ofte skal gå direkte. / Legg til rette for fotografering og filming. Media er sjølve ansvarlege for kva dei bringar vidare. Likevel kan det vere nyttig å opplyse journalistane om at visse bilete, også av køyretøy, bygningar og liknande, kan føre til at pårørande kjenner att offer i media før dei har fått informasjon av politiet, og at dette sjølvsagt ikkje er ønskeleg. / Informer media om det neste tidspunktet då dei kan vente å få informasjon. / Gi ut fakta om hendinga, forklar kva politiet gjer og kvifor. / Gi hjelp og støtte til pårørande som oppsøkjer skadestaden. Gjer merksam på at media er til stades, men at politiet kan stå til teneste med å skjerme dei. Snakk med journalistane, be dei respektere ønska til dei pårørande. Pårørande som ønskjer å snakke med media, har full rett til det. 21

22 I kriser: Under store hendingar og kriser set politiet stab. Det blir oppretta eigne telefonar for å svare på spørsmål frå media. I stab er P5 ansvarleg for mediekommunikasjon, og alle uttalar skal klarerast med P5. Dersom du skal uttale deg, er følgjande viktig: / Gi media dei opplysningane du kan gi. Fokuser på at politiet gjer ein innsats for å redde liv, helse, miljø og materiell og avgrense skadeverknader. / Ikkje spekuler eller la deg lokke til å stadfeste opplysningar du ikkje kan stadfeste. / Ver roleg og beherska. I situasjonar der folk er redde, må politiet utstråle tryggleik. / Vis empati krisa vedgår mange. 22

23 Kontakt med media i straffesaker 23

24 Uttalar i straffesaker I straffesaker skal berre statsadvokaten eller politimeisteren uttale seg til publikum, eller det skal skje etter deira fullmakt, jf. straffeprosesslova 61 c nr. 9, påtaleinstruksen 3-3 nr. 8 og politiinstruksen 5-5 fjerde ledd. Retningslinjer for korleis ein skal uttale seg til media i straffesaker, er gitt i Riksadvokatens rundskriv nr. 1/1981*. Nokre hovudpunkt i rundskrivet er: / Ingen må krevje eller ta imot godtgjersle for å gi opplysningar til media. / Opplysningar til publikum må vere strengt refererande og haldast i ei nøktern form utan vurderande kommentarar. / Namn og anna som lett kan røpe identitet, må ikkje opplysast med mindre - formålet med kunngjeringa krev det - ein må gå ut frå at namnet alt er velkjent i samband med saka - identifisering er nødvendig for å unngå at mistanke kan bli retta mot uskuldige 24 Vurder å gi informasjon til øvrige parter om hvilke opplysninger du gir til mediene.

25 / Dersom ein tek omsyn til personvernet og moglege uheldige verknader for den vidare etterforskinga og saksarbeidet, kan ein gi meldingar og opplysningar til publikum for å a) medverke til sakleg og nøktern omtale av behandlinga av straffesaker b) korrigere urette eller usanne rykte og skape nødvendig balanse i omtalen av ei sak c) åtvare mot fare og lovbrot d) medverke til lovlydig framferd / Det må visast særleg varsemd med opplysningar om og innhaldet i politimeldingar før desse er vurderte og nærmare undersøkte og prøvde. / Påtalevedtak (bortlegging, påtaleunnlating, førelegg eller tiltale) må ikkje kunngjerast, og det må ikkje opplysast om dei før dei impliserte er varsla om avgjerda. Det må visast varsemd med detaljerte opplysningar om mellombels siktingar. (Påtaleinstruksen 22-7 gir reglar om offentleggjering av tiltalar.) Reglar om teieplikt er tekne inn i straffeprosesslova 61a-e, jf. påtaleinstruksen kapittel 3 og politiinstruksen 5-5 * Reglane er under endring, jf. utkast til ny politiregisterlov 25

26 Eit utval nedsett av Riksadvokaten og Den norske advokatforening har utarbeidd ti rettleiande normer for uttale frå politiet, påtalemakta og forsvararar til media på etterforskingsstadiet i straffesaker. Riksadvokaten har slutta seg til normene. / 1. Vis respekt for den sentrale rolla til media som informasjonsformidlar. / 2. Hugs at ingen skal reknast som skuldig før endeleg dom ligg føre. / 3. Ta omsyn til at medieomtale kan vere ei stor tilleggsbelastning. / 4. Ikkje uttal deg eller opplys noko anonymt. Be om å bli oppgitt som kjelde. / 5. Gi sakleg informasjon. / 6. Vurder å gi informasjon til andre partar om kva opplysningar du gir til media (jf. påtaleinstruksen 7-6 andre ledd om informasjon til krenkte og etterlatne). / 7. Ikkje utlever straffesaksdokument utan samtykke frå politiet. / 8. Unngå førehandsprosedyre. / 9. Tenk på at det du seier, kan svekkje tiltrua til deg sjølv og profesjonen din. / 10. Vis respekt for andres profesjonelle opp gåver i saka. 26

27 Notatar 27

28 28

29 29

30 30

31 31

32 32

33 33

34 34

35 35

36 Politidirektoratet Mai 2010 Design: RMgrafika ISBN POD publikasjon 2010/06 36

Operativ mediehåndbok for politiet

Operativ mediehåndbok for politiet Operativ mediehåndbok for politiet 1 Denne mediehåndboken er utgitt av Politidirektoratet. Kapittelet som omhandler uttalelser i straffesaker er skrevet av Riksadvokaten. 6. mai 2010 2 Politiet, påtalemyndigheten

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Rettane til den fornærma og dei etterlatne

Rettane til den fornærma og dei etterlatne Rettane til den fornærma og dei etterlatne Denne brosjyren gir ei oversikt over dei viktigaste reglane. Dersom du ønskjer å vite meir, sjå kontaktinformasjonen på baksida av brosjyren. Den som er offer

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto TILSYNSRAPPORT første halvår 2012 - ei evaluering av marknadsføring frå januar til og med juni månad 2012 Tilsynsrapport marknadsføring nr. 2012-12 Lotteritilsynet

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune Gjeldande frå 25. april 2018 1 Innhald Innhald... 2 1. Innleiing... 3 2. Kven kan opprette ei side?... 3 3. Bruk av sosiale media i kommunen

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn Jobbskygging side 1 ELEVARK 8 trinn Jobbskygging Innhald Yrke og utdanning i familien min Nettverk og kompetanse. Kva betyr omgrepa? Slektstreet mitt Yrkesprofil Stilling og ansvarsområde. Kva betyr omgrepa?

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon til pasientar og pårørande HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Fra Forskrift til Opplæringslova: Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Lokalavisa og politikken

Lokalavisa og politikken Lokalavisa og politikken På vegner av innbyggjarane følgjer lokalavisa di den lokale politikken. Om rammevilkåra avisene arbeider innanfor. Utgjevar: Landslaget for lokalaviser (LLA). Lokalavisa tek samfunnsansvar

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Metodiske verktøy ved kursleiing

Metodiske verktøy ved kursleiing Metodiske verktøy ved kursleiing Lærings- og Meistringssenter Helse Fonna 30.03.2015 Metodiske verktøy - LMS Helse Fonna 1 Runde Enkel måte å få alle til å delta: Gi ei enkel oppgåve som er mogeleg for

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER LES DETTE NØYE FØR DU FYLLER UT SKJEMAET Alle postane i skademeldinga må fyllast ut fullstendig og så nøyaktig som mogleg, og om du beskriv legemiddelskaden og følgjene av

Detaljer

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL RUSVERNTENESTER 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å oppnå rusmeistring hos brukaren og fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 OS KOMMUNE Personalavdelinga MØTEPROTOKOLL Personalutvalet Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Tilsette repr Tilsette repr Namn

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når: Prosessplan for arbeidet med standarden Sett inn einingsnamn her Standard: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Sist oppdatert: 15.09.2014 Sjå nedst for rettleiing utfylling og frist for innsending. For

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Seksjon for intervjuundersøkelser Oslo, august 2006 Saksbehandler: Telefon 800 83 028 (gratis) Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre Du vil i løpet av kort tid bli kontaktet

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

http://eksamensarkiv.net/

http://eksamensarkiv.net/ Bokmål (side 2 5) Kortsvar Legg merke til at det står kommentarer under oppgaveinstruksene. Kommentaren vil være til hjelp for å løse oppgaven. Del A Alle skal svare på del A. Tekst: «De tapte generasjoner»

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra. Ressurssenter for psykologiske og sosiale faktorar i arbeid Tilbakemelding til tilsett og leiing i verksemda Ei kartlegging bør følgjast av tilbakemelding til dei tilsette om resultata. Ein spreier dermed

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015 Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO Gjeld frå 1. januar 2015 1 Innhald Innleiing... 3 Del 1: Reglar om inhabilitet... 4 1.1. Automatisk

Detaljer

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune I. INNLEIING Formål I Hordaland fylkeskommune er det ønskjeleg at tilsette seier frå dersom dei får kjennskap til kritikkverdige forhold i fylkeskommunen.

Detaljer

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF. www.sentio.no Omdømme Helse Vest Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RH Om undersøkinga I Respondentar: Politikarar i stat, fylke og kommunar, embetsverk for stat, fylke og kommunar, og andre respondentar

Detaljer

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER Revidert av kommunestyret 22.06.09 Saksnr. Dok.nr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref. 08/1437 9554/09 000 FSK/PER/STDA 1 OM RETNINGSLINENE...3 1.0 KVA ER ETIKK 3 1.1

Detaljer

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse ------------------------------------------------------------------------------- Innhald 1 Innleiing... 3 1.1 Videokonferanse... 3

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

HiST i Sosiale Medier

HiST i Sosiale Medier HiST i Sosiale Medier Innhald Kvifor skal HiST vere tilstade i sosiale medier?... 2 HiST-tilsette i sosiale medier... 2 Facebook... 3 Korleis bruker HiST den overordna Facebook-sida?... 3 Tips til godt

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Eksamen 30.11.2012. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 30.11.2012. REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål Eksamen 30.11.01 REA308 Matematikk S Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del : 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter timar. Del skal leverast

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt

Detaljer

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.

Detaljer

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Kva reglar gjeld ved skade knytt til undervisning, praksis, ekskursjonar og feltarbeid? Utdanningsforum 17.09.12 Terje Bjelle Hovudprinsippet: Staten

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i

Detaljer

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn? Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn? Dei som arbeider med barn 0-18 år * *Ved mistanke om seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar skal IKKJE foreldra informerast først. Du skal

Detaljer

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging Side 1 av 5 1.0 Mål Målet med denne retningslinja er å kvalitetssikre korleis den enkelte skole skal førebygge og handtere vald og trusselhandlingar som elevar utøvar mot tilsette på skolane. 2.0 Omfang

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Aurland kommune Rådmannen

Aurland kommune Rådmannen Aurland kommune Rådmannen Kontrollutvalet i Aurland kommune v/ sekretriatet Aurland, 07.10.2013 Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Arkiv 13/510-3 Steinar Søgaard, K1-007, K1-210, K3- &58 Kommentar og innspel

Detaljer

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du INNBYGGERUNDERSØKELSE: Skodje kommune Skodje kommune har inngått to intensjonsavtalar og vurderer no å danne ei ny kommune med: a. «Ålesund kommune» = Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula,

Detaljer

Journalisthandbok for elevar

Journalisthandbok for elevar Journalisthandbok for elevar Tekst: Katrine Nybø, NRK Illustrasjon: Johan Sæther, NRK Foto: Mirjam Svendsen, NRK LITTERATURLISTE Allern, Sigurd og Roppen, Johann: (2010) Journalistikken samfunnsoppdrag.

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013. I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak; saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 14.08.2013 49823/2013 Sverre Hollen Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 05.09.2013 Anonym retting av prøver våren 2013 Bakgrunn I sak Ud-6/12 om anonym

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsstrategi Kommunikasjonsstrategi Jølster kommune 2015 2020 Vedteke av kommunestyret sak 028/15 28.04.2015 INNLEIING Jølster kommune har definerte mål i overordna planar vedtatt av Jølster kommunestyre. Dette er

Detaljer