SAGVÅG SKULE 1995/96. Informasjonshefte til heimen

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SAGVÅG SKULE 1995/96. Informasjonshefte til heimen"

Transkript

1 SAGVÅG SKULE 1995/96 Informasjonshefte til heimen

2 VEL MØTT TIL NYTT SKULEÅR! Det nye skuleåret er allereie tre månader gamalt, og me er godt i gang med arbeidet. Først vil eg ynskja 1.klasse og 6-årsgruppa velkommen til Sagvåg skule. Me har også to nye lærarar i år ; Anne Elisabeth Trevland som er klassestyrar i 3.klasse og Kirsten Rabben som er timelærar. Sjølv er eg også fersk ved Sagvåg skule, men eg kom til ein skule der mykje godt arbeid er gjort frå før. Det har med andre ord ikkje vore så vanskeleg å komma i gang med arbeidet som rektor. Som ny ved Sagvåg skule ser ein også skulen med nye briller, og det som møtte meg var ein gamal og høgreist skulebygning med sjel. Då eg første gong kom inn i skulen slo det meg kor godt vedlikehalden skulen var. I ettertid har eg fått vita at foreldredugnad har ein stor del av æra for dette. Men dugnad og godt vedlikehald er ikkje nok. Etter det eg ser er det mest ikkje hærverk ved Sagvåg skule, og det er fantastisk på ein skule med 150 aktive ungar! Fråværet av hærverk er også eit godt symptom på korleis elevane opplever skulen sin og skulekvardagen. Eg har inntrykk av at dei fleste elevane er trygge og glade på Sagvåg skule. Stord kommune har utarbeidd kommunale satsingsområde som alle skulane i kommunen er forplikta til å arbeida etter. Sagvåg skule har utarbeidd verksemdsplan for skuleåret som gir føringar for kva me skal arbeida med. Men sjølvsagt er det slik at også eg har mine kjepphestar. Og eit viktig mål for meg vil vera å senka terskelen for å "slå på tråden" til skulen. Eit godt samarbeid mellom heimen og skulen er etter mi meining mellom anna avhengig av at foreldra er flinke til å gje skulen tilbakemelding om små og store ting i borna sin kvardag. Klassestyraren er ofte den naturlege samarbeidspartnaren,men av og til bør ein ta kontakt med skuleleiinga direkte. Spesielt når elevar på fleire klassesteg er inne i biletet. Det treng ikkje alltid vera slik at læraren eller rektor må gjera noko med saka,men ofte kan det vera godt å vita om at t.d Pål har klipt seg og gruar seg litt til å gå på skulen med ny sveis! I haust har eg hatt nokre få telefonsamtalar med foreldre som har teke opp små og store problem med meg direkte, og eg trur dei er einige med meg når eg hevdar at me har klart å løysa problema til beste for eleven. Men i denne bransjen nyttar det ikkje å kvila på lauvbæra. Eit kontinuerleg arbeid med å gje borna ein trygg kvardag med grenser der det å bry seg like mykje handlar om å bry seg om. Lars Bakka -rektor-

3 Sagvåg skule 1995/96 Administrasjon: Tlf.: Lærarrom: Tlf.: SFO/6-årstilbod: Tlf.: (pr ) Administrasjon: Tlf.priv. Rektor: Lars Bakka Undervisningsinspektør: Kari Almås Kontorassistent: Olaug Struen Imsland Lærerar: Klassestyrar 1.klasse: Brita Flatøy Klassestyrar 1.klasse: Maren Ottesen Klassestyrar 2.klasse: Kari Almås Klassestyrar 3.klasse: Anne Elisabet Trevland Klassestyrar 4.klasse: Aasne Vikanes Klassestyrar 5.klasse: Kjell Byrknes Klassestyrar 6.klasse: Marta Myhre Klassestyrar 6.klasse: Annbjørg Luggenes Timelærar: Kirsten Rabben Timelærar: Ninni Valvatne SFO og 6-årstilbod: Gro Akselsen Halvorsen Randi Røsseland Ann Tove Slaggerud Assistent: Laila Magnussen Marianne Ankervold Olaug Imsland Vaktmeister: Olav Spissøy KAJA-tilsett: Ingunn Vedå Liv Sigrid Almås Reinhaldarar: Astrid Skaar Laila Hansen AMO: Laila Risnes

4 Råd og utval: Foreldrerådet: Alle forledre og føresette som har born på skulen er meldlem i foreldrerådet. Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU): Leiar: Stig Koppang Nestleiar: Torill H Stenersen Arbeidsutvalet er elles sett saman av klassekontaktane til dei ulike klassane. Råd for andre tilsette: Randi Røssland Samarbeidsutvalet: Leiar: Stig Koppang (Foreldrerådsrepresentant) Nestleiar: Ninni Valvatne (Lærarrepresentant) Sekretær: Lars Bakka (Rektor) Anne Britt Herfindal Johannsen (Levekårskomitèen) Torill H Stenesren (Foreldrerådsrepresentane) Marta Myhre (Lærarrepresentant) Randi Røssland ( Representant andre tilsette) Silje Aamot (Elevrepresentant) Reinert Benjaminsen (Elevrepresentant) Verneombod: Laila Magnussen Elevråd: Leiar: Silje Aamot Nestleiar:Reinert Benjaminsen Sekretær:Marita Røksund Medlem:Monica Danielsen Medlem:Kaia Troos Medlem:Mari Ottesen 4.klasse 6.klasse 3.klasse 5.klasse 1.klasse 2.klasse

5 Hjelpetenesta: Hjelpetenesta er eit formelt oppretta tverrfagleg team for dei kommunale tenestene som arbeider med barn og unge. Mål: Styrkja og samordna det førebyggjande hjelpearbeidet for einskildbarn og unge ved tidleg tverrfagleg drøfting. Setja i verk tiltak til rett tid. Skulehelsetenesta: Dr. Kjersti Follesø er skulelege for Sagvåg skule. Han har kontortid annakvar onsdag på helsestasjonen ved Nysæter ungdomsskule. Ingebjørg Grønsdal er skulehelsesøster.ho er å treffa på Sagvåg skule kvar måndag frå kl til og heile dagen når det er møte i hjelpetenesta. PPT (Pedagogisk-psykologisk tenestekontor) På PPT-kontoret kan foreldre og skule søkja råd og hjelp i spørsmål som gjeld trivsel,tilpassing og opplæring for born. På kontoret er det tilsett personar med ulik bakgrunn og røynsle; psykolog, sosionom, logoped, førskulepedagog og lekotekleiar. Etter avtale med foreldre tek skulen kontakt med PPT om einskildelevar. Foreldre kan ta kontakt med PPT på tlf Tannhelsetenesta: Elevane vert til vanleg innkalla til tannlege ein gong i året. Foreldre eller eleven kan også sjølv ta kontakt med tannlege direkte. Teieplikt: Teiepliktreglane i grunnskulelova lyder slik: Alle som gjer teneste eller arbeid etter denne lova har teieplikt etter reglane i forvaltningslova, 13 I rundskriv F-139/86 understrekar KUD ar desse reglane gjeld for alle som arbeider i skulen,også frivillige hjelperar ved turar,festar e.l. Klassestyrar kan gje eleven fri inntil ein dag. Rektor i samråd med klassestyrar kan gje eleven fri i inntil ei veke. Skulesjefen i samråd med rektor kan gje fri inntil to veker. Bruk meldeboka når det ynskjer å be om fri. Skriv og i meldeboka når de ynskjer at eleven skal sleppa t.d. gymnastikk eller bading ein time. Fritak over lengre tid krev legeattest.

6 Visjon for Sagvåg skule Me ynskjer at: Elevane ved Sagvåg skule er trygge og glade. Dei har tru på seg sjølv og tek vare på kvarandre. Dei er arbeidssame og kreative. Satsingsområda til Stord kommune: "Terpsikore", kultur for barn og unge med vekt på musikk, dans, drama. Miljølære. Samhandlingsvanskar. I tillegg til desse vil me ved Sagvåg skule: Me brukar samarbeidstida til mobilisering innan samarbeidsområda. Organiseringa av spesialundervisninga og bruk av edb i spesialundervisninga. Skulen tek i bruk miljøplanen som vart utarbeidd ved skulen i fjor. Me kjem til å fullføra arbeidet med utbetringa av skuleområdet på "denne sida av vegen", deretter må me tenka meir på "den andre sida". Arbeida vidare med eit prosjekt med tilknytnng til punkt 3. Spesialundervisning med vekt på åtferdsvanskar. (Dette går på andre året.)

7 Kvile - leggetid: Born må ha nok kvile og søvn om dei skal fungera godt i skulen. Ei rettesnor kan vera at: Born som er 8 år legg seg seinast kl Sidan kan me leggja til eitt kvarter for kvart år. Ein 12-åring bør då vera i seng kl Attlgøymde klede: Skulen tek vare på klede som vert liggjande att på skulen. Mot sluttenav året vert desse lagt fram for henting før dei vert kasta eller gitt til Fretex. Merk kleda med fullt namn,særleg klede som mange har like t.d. regnklede. Skade på materiell: Etter vedtekne reglar er skulen ikkje ansvarleg for bortkomne klede eller skade på klede,eller andre ting. Einaste unntaket er briller,der ein viss del av utgiftene vert dekka av kommunen si forsikring. Pengar må aldri liggja i klede elevane heng frå seg på gangen. Skulefritidsordninga (SFO): SFO er eit tilbod til born i alderen 6- til 10 år. SFO er open før og etter skuletid kl SFO skal gje borna tilsyn,omsorg og læring gjennom leik,allsidige aktivitetar og sosial utvikling i samspel med andre born,personalet,foreldre og nærmiljøet. SFO har eit knekkebrødmåltid kvar dag ca kl (Foreldra betalar ekstra for dette.) Onsdagar bakar to born og ein vaksen dette et me kl Borna må alltid ha med niste til føremiddagsmaten. Tilbod til 6-åringar: Skulen har også 1995/96 15 plassar for 6-åringar.Gruppa brukar same romma som SFO. Borna er på skulen fire timar fire dagar i veka. Klassestyrartime: Første klassestyrartime i månaden er særleg sett av til kontakt med eleven sine føresette. Då kan de ringja og treffa klassestyraren,eller de kan møta på skulen. Meld frå på førehand,pr.telefon eller i meldeboka. De kan sjølvsagt også kontakta klassestyraren elles når det terng det Sykling: Elevane har lov til å sykla til skulen frå og med 4.klasse. Alle bør bruka hjelm.

8 Trivselsreglane for Sagvåg skule. Skulen bør vera ein stad der alle trivest og er trygge. Først då vert det god læring og rike fellesopplevingar. 1. Me er greie med kvarandre. 2. Me hjelper til med å halda skulen rein og fin. 3. Me er rolege i midttimen. 4. Me tek vare på det som veks, og utstyr både inne og ute. 5. Alle får vara med å leika, og me seier fine ting til kvarandre. 6. Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar o.l. er unnateke. 7. Snøball kastar me på blink der me har lov. 8. Er nokon borte frå skulen, må dei ha melding i meldingsboka så snart råd er. Treng nokon fri, spør dei om det på førehand. Bruk meldingsboka. 9. Brot på ordensreglane og uhøvisk framferd kan i alvorlege tilfelle føra til bortvising frå klassen, d.v.s. til rektor. I slike høve vert alltid foreldra kopla inn. Sagvåg skule 11.oktober 1995 Reglane vart handsama i SU 11.oktober 1995 Lars Bakka -rektor-

SAGVÅG SKULE 1996/97. Informasjonshefte til heimen SAGVÅG SKULE MOT ÅR

SAGVÅG SKULE 1996/97. Informasjonshefte til heimen SAGVÅG SKULE MOT ÅR SAGVÅG SKULE 1996/97 Informasjonshefte til heimen SAGVÅG SKULE MOT ÅR 2000... Skuleåret 1996/97 er godt i gang, og dette det er det siste året alle elevane arbeider etter mønsterplanen frå 1984 (M-84).

Detaljer

Velkommen til nytt skuleår!

Velkommen til nytt skuleår! NR 1 Informasjonshefte til heimen september 2000 For fjerde året på rad får elevane i 1.klasse/ førskule refleksvestar. Dei siste åra har vestane vore ei gåve frå arbeidsutvalet til foreldra (FAU), men

Detaljer

Info Sagvåg skule Nr1 1997/98 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen

Info Sagvåg skule Nr1 1997/98 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen Info Sagvåg skule Nr1 1997/98 SAGVÅG SKULE 1997-98 Informasjonshefte til heimen INNHALD Velkommen til «reform-skuleåret» 1997/98... 2 Reform-97... 2 Den farlege skulevegen... 3 Visjon for Sagvåg skule

Detaljer

Info Sagvåg skule nr 1 august 1999

Info Sagvåg skule nr 1 august 1999 31.03.04 Info Sagvåg skule nr 1 august 1999 Velkommen til nytt skuleår! Ny Sagvåg skule i Rukjen!? FAU (Foreldrearbeidsutvalet) ved Sagvåg skule inviterte LEV (Levekårskomiteen) til omvising på Sagvåg

Detaljer

Info Sagvåg skule Nr /99 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen

Info Sagvåg skule Nr /99 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen 21.09.98 Info Sagvåg skule Nr 1 1998/99 SAGVÅG SKULE 1998-99 Informasjonshefte til heimen INNHALD Velkommen til nytt skuleår!... 2 Ny Sagvåg skule i Rukjen!?... 2 Reform-97... 3 Stord`98... 4 Visjon for

Detaljer

Sagvåg skule 2001/02.

Sagvåg skule 2001/02. NR 2 Informasjon til heimen September 2001 Skuleruta 2001/02 2001 August Måndag 16. Oktober Ons. 10. Fr.12. November To.8.- Fr. 9. Desember Torsdag 20. 2002 Januar Torsdag 3. Skulestart Haustferie Elevfri

Detaljer

Framleis fleksitid ved Sagvåg skule. Ny Sagvåg skule. HSH og Sagvåg skule. Skulefrukt. Informasjonshefte til heimen skuleåret 2002/03 September 2002

Framleis fleksitid ved Sagvåg skule. Ny Sagvåg skule. HSH og Sagvåg skule. Skulefrukt. Informasjonshefte til heimen skuleåret 2002/03 September 2002 Informasjonshefte til heimen skuleåret 2002/03 September 2002 Skuleruta 2002/03 2002 hending August torsdag 15. første skuledag September Oktober onsdag 9-fredag 11. Haustferie November torsdag 7.-fredag

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar. ORDENSREGLAR FOR TJØDNALIO SKULE: Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø er blitt styrka gjennom opplæringslova 9a.I opplæringslova 2-9 er konsekvensar for dei som bryt reglane blitt

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2016-2017 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Måndag til torsdag 06.45 17.00 Fredag 06.45-16.30 Kjøp av tid: Dersom det

Detaljer

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedteke i Kommunestyret 12.05.2016 K-sak 36/16 1. Eigar Hemsedal kommune er eigar og ansvarleg for drifta av skulefritidsordningane (SFO) ved Tuv og

Detaljer

Foreldremøte 19. september 2018

Foreldremøte 19. september 2018 Foreldremøte 19. september 2018 Folkestad skule NB: Husk å slå på mobiltelefonen når møtet er ferdig! Presentasjon av personalet TEMA FELLESDEL Praktisk info Samarbeidet skule heim Digitalt medvit «Ta

Detaljer

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. VELKOMMEN TIL ØYE SKULEFRITIDSORDNING Målsettingane vi arbeider etter i Øye SFO, bygger på ei fritidspedagogisk plattform. Den frie u leiken er viktig for oss, men

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2018-2019 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: 06.45 16.30 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne, kan du

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE Godkjent av Time kommunestyre, sist endra i Levekår, 10.april 2019. 1 Eigartilhøve og ansvar for drift av barnehagane 1.1 Vedtektene gjeld barnehagar som blir drivne

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2016 2017 Nr 2 - Oktober Hausten blei finare enn sommaren! Sjølv om ikkje turdagen til Synesvarden var den finaste dagen, så blei det ein gild tur med alle

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar Anita og Annette Vær en god rollemodell Barn arver ikke leseferdighet og leseglede av foreldre, men de

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Forsand skule der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Me er heldige som får bli kjent med, ta vare på og undervisa nettopp ditt barn! Derfor er dette er viktig for oss: å

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO Dette heftet er i utgangspunket utarbeida for dei tilsette i Suldalsskulen, men me ønskjer og å auka forståinga til foreldre og føresette, slik at dei og kan vera

Detaljer

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra Fotlandsvåg skule 5283 Fotlandsvåg TLF.56 19 23 30 Faks. 56 19 23 31 Rektor: Kjell Haugland 56 19 23 55 Personalrom 56 19 23 50 fotlandsvag.skule@osteroy.kommune.no Ein trygg stad å vera ein god stad å

Detaljer

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING

I NNKALLING MED SAKSUTGREIING Innkalla: Frå FAU: Janne Marit Øye og Roar Stokken Frå elevrådet: Renate Myklebust og Kristoffer Myklebust Frå undervisningspersonalet: Ragnhild Kjeldseth-Moe og Kirsten Havåg Frå andre tilsette: Svein

Detaljer

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE INFORMASJON OM HJELPEINSTANSANE for barnehage og skule Ål kommune I dette heftet er det samla informasjon om hjelpeinstansar som samarbeider med barnehage og skule. Desember 2014 PPT FOR ÅL OG HOL Pedagogisk-psykologisk

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval Stryn kommune Arkiv: FA - A22 JournalpostID: 18/923 Saksbehandlar: Edvard Nordang Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval 30.01.2018 Vedtekter for SFO i Stryn kommune 2018 Bakgrunn

Detaljer

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Hafslo barne- og ungdomsskule - Tiltaksplan mot mobbing Revidert juni 2012 9 A opplæringslova: Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og

Detaljer

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Forsand skule der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Me er heldige som får bli kjent med, ta vare på og undervisa nettopp ditt barn! Derfor er dette viktig for oss: å arbeida

Detaljer

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule! SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik, respekt og gode utvikligsvilkår. Det blir

Detaljer

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. Opningstid SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. SFO tek til kl.07.00-08.20 (utetid-08.30) og etter skuletid kl. 13.15/14.00 og 12.00-16.30. SFO har ope 190

Detaljer

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

DEL I: REGLAR OVERORDNA: DEL I: REGLAR OVERORDNA: ALLE ELEVAR I GRUNNSKULEN OG VIDAREGÅANDE SKULE HAR RETT TIL EIT GODT FYSISK OG PSYKOSOSIALT MILJØ SOM FREMJAR HELSE,TRIVSEL OG LÆRING. 9a-3.ledd i Opplæringslova. 1.ÅTFERD: På

Detaljer

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. BØ SKULE Rektor: Gyrid Kvaale tlf: 35059452 Sentralbord: Gunn Berit Sønstebø tlf: 35059450 SFO leiar: Liv Bente V. Øygarden tlf: 35059473 MEDARBEIDARAR PÅ SFO SKULEÅRET

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018 «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» SULDALSSTANDARD SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) KVA ER SFO? SFO er eit friviljug opphalds- og aktivitetstilbod på skulen

Detaljer

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle. Retningslinjer for saker vedkomande opplæringslova 9a Rundskriv Udir-2-2010 Formål: Retningslinjene skal sikre god sakshandsaming i saker som vedkjem retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø etter

Detaljer

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan 2015 Meling skule. Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare. Utviklingsplan 2015 Meling skule "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare." GRUNNGJEVING FOR VAL AV SATSINGSOMRÅDE Me har bestemt oss for å føre vidare satsingsområda Samarbeid

Detaljer

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE Kjære foreldre/føresette ved Motland skule.informasjon februar 2010 Informasjon Skulen sin telefon: 51798380 SFO: 98479597 1.og 3. 98479665 2. og 4. E-post: post.motland.skule@ha.

Detaljer

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018 Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018 Første trinn 1a: Lillian og Kristina 1b: Christina og John Morten Nina, Jannicke og Kim Andre Tilsette ved skulen 25 lærarar. 14 fagarbeidarar/assistentar

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

Barnehage- og skuleteam

Barnehage- og skuleteam Barnehage- og skuleteam Orientering til grunnskular, kommunale og private barnehagar i Voss kommune Barnehagar, grunnskular, helsestasjons- og skulehelsetenesta, pedagogisk psykologisk tenestekontor og

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ Saman for læring og trivsel Radøy kommune INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på 3 Samanheng med Radøy kommune sin overordna plan

Detaljer

Informasjon og kvalitetsplan

Informasjon og kvalitetsplan Informasjon og kvalitetsplan BORE SFO 2018-2019 Innleiing Då me er midt i eit skifte av leiar i SFO, er mykje av denne planen den same som i fjor. Me har justert litt på nokre rutinar og nokre forventningar

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 ÅRSPLAN 1 1. Opplæringslova om skulefritidsordning (SFO) 13-7.Skolefritidsordninga Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for

Detaljer

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Definisjon: Ein person er mobba eller plaga når han eller ho, gjentekne gonger over tid, vert utsett for negative handlingar

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE INNHALD I DENNE PLANEN side Mål for skulemiljøet 3 Lovgrunnlag 3 Lokale reglar 3 Systematisk arbeid for å fremje HMT-arbeidet til elevane.

Detaljer

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt. INFORMASJON FRÅ A Å Barnehageåret: går frå 2. helga i august Betaling: de får tilsendt faktura den 1. i kvar månad med 14 dagars betlingsfrist. Uteblir betalinga, vil de få brev frå økonomiavdelinga om

Detaljer

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Handlingsplan ved urovekkande fråvær 13.09.2017 Handlingsplan ved urovekkande fråvær Definisjonar og prosedyrar GRANVIN BARNE- OG UNGDOMSSKULE Innhald Handlingsplan ved urovekkande fråvær ved Granvin barne- og ungdomsskule... 3 Føremål...

Detaljer

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2018 2019 Desse møter du i Treungen barnehage: I løpet av hausten -18 vil det skje ei endring av den administrative organiseringa i Treungen barnehage.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE Ordensreglementet er ei forskrift fastsett med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61: Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova)

Detaljer

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE Føremål Dette reglementet er gjeve med heimel i Lov av 17.07.1998 nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Ordensreglementet er godkjent

Detaljer

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette. SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette. Gjer dykk kjent med reglane som gjeld for dei ulike punkta i instruksen, og spør personalet dersom det er noko som er uklart.

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 11.06.2019 43/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ann Kristin Bolstad FA-B57

Detaljer

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule Handlingsplan mot mobbing ved Åheim skule Godkjent i SU 02.10.2013 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 4. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget av mobbing ved Åheim

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. For utfyllande informasjon sjå Rundskriv Udir-2-2010 og Udir: Elevenes skolemiljø Formål: Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen

Detaljer

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld. Storebø skule Telefon 55 08 13 25 Ordensreglane for Storebø skule er utarbeidd med bakgrunn i Forskrift for ordensreglement for skulane i Austevoll gjeldande frå 01.04.11 og Forskrift om individuell vurdering

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå 01.01. 2011 1 2 VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND gjeldande frå 01.01. 2011 1. DRIFT I SAMSVAR MED NORSK LOV Eigaren av barnehagane er Studentsamskipnaden for

Detaljer

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE Kjære foreldre/føresette ved Motland skule. Informasjon oktober 2009 Informasjon Skulen sin telefon: 51798380 SFO: 98479597 1.og 3. 98479665 2.og 4. E-post: post.motland.skule@ha.

Detaljer

ÅRSPLAN GARNES SFO

ÅRSPLAN GARNES SFO ÅRSPLAN GARNES SFO 2016-17 Me legg Bergen kommune sine mål for SFO og Garnes skule sitt elev og læringssyn til grunn for arbeidet vårt på Garnes SFO. Bergen Kommune har utarbeida desse felles måla for

Detaljer

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag Velkommen til orienteringsmøte om skulestart 2019-2020 Torsdag 21.03.19 På programmet: Diverse informasjon Bli kjend med Landro skule og våre satsingsområde Fokus på førebuing til god skulestart Skulestart

Detaljer

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD 1. Lovheimel Ordensreglementet er heimla i 1. Opplæringslova, 2-9: Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Komite for oppvekst, kultur, idrett Møtedato 25.01.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 - Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post:

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE 6 Vedteke i K-sak 020/13 den 02.05.2013 Heimel for skulefritidsordninga Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova i kap 13, 13-7 og i forskrift

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

TILSYNSRAPPORT. Fjell kommune Fjell ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT. Fjell kommune Fjell ungdomsskule TILSYNSRAPPORT Fjell kommune Fjell ungdomsskule 9. juni 2017 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for tilsynet... 3 4. Rettslege krav... 3 Opplæringslova 2-15 Rett

Detaljer

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage Skule: Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU Barnehage: Samarbeidsutval Foreldreråd/FAU Innhold 1. Skule...

Detaljer

PPT no og i framtida.

PPT no og i framtida. PPT no og i framtida http://liuandco.uk/news/diversity-within-architecture Har du møtt ei PP-teneste har du møtt ei PP-teneste FINN PPT! Oppgåvene til PPT Opplæringslova 5.6 - Tenesta skal hjelpe skulen

Detaljer

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune Barnet symboliserer framtida, fordi det forvaltar mulegheitene fordi kvart barn kan bety verdas framgang, fornying, forløysing. Lars Oftedal Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune Vedtekter

Detaljer

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå 15.08.12 Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra Side 2 VEDTEKTER FOR KOMMUNALE SKOLEFRITIDSORDNINGER I AUKRA KOMMUNE. 1 Eigarforhold. Aukra

Detaljer

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Austevoll kommune Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet Møtestad: Sol-li barnehage AS Møtedato: 20.11.2014 Møtetid: 15:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 5508 10 00 servicekontoret eller til postmottak@austevoll.kommune.no.

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Torsdag 6. oktober kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Kristel

Detaljer

Verksemdsplan. for. Ålvik skule

Verksemdsplan. for. Ålvik skule Verksemdsplan for Ålvik skule 2006-2007 V I S J O N "Ålvik skule skal vera ein god lærestad, der foreldre er trygge for borna sine, og der borna likar å vera!" Hovudmål Skulen vår skal gje elevane best

Detaljer

Foreldre ved Ål ungdomsskule

Foreldre ved Ål ungdomsskule Foreldre ved Ål ungdomsskule I. Kven er kva Om du lurer på dei ulike rollene til foreldrekontaktane på ungdomsskulen, sjå Foreldreutvalget for grunnopplæring (FUG) sine heimesider, www.fug.no SU- samarbeidsutvalget

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Fogn oppvekstsenter Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy kommune, Judabergv. 6, 4160 Finnøy 26.09.19 Innkalling til møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Fogn oppvekstsenter Møtedato og stad: Torsdag 3.

Detaljer

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved Handlingsplan mot mobbing og anna krenkjande åtferd ved Åheim skule Godkjent i SU 26.10.2015 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 5. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE

PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE PLAN FOR SAMARBEIDET MELLOM HEIMANE OG ÅMÅS FRISKULE OVERORDNA MÅL FOR SAMARBEIDET: Samarbeidet er eit gjensidig ansvar, og det skal vere prega av dialog og respekt for eleven. (K-06) - 1 - OBS! To ganske

Detaljer

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år. VEDTEKTER FOR DRIFTA AV NAUSTVÅGEN BARNEHAGE 15.02.2018. 1. Vedtekter Vedtekter for Naustvågen barnehage blir fastsett av eigar innanfor ramma av gjeldande lover og reglar. Endringar eller tillegg til

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

Årsplan for

Årsplan for Årsplan for 2015-2016 Fister SFO 1 Innholdsfortegnelse Aktivitetsplan... 3 Hausten 2015... 3 Aktivitetsplan... 4 Våren 2016... 4 Hovudmåla for SFO jamfør opplæringslova 13-7... 4 Målsetjing... 5 SFO tilbodet...

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Nysæter ungdomsskule

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Nysæter ungdomsskule ENDELEG TILSYNSRAPPORT Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring Stord kommune, Nysæter ungdomsskule 1 1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Stord kommune, Nysæter ungdomsskule. Rapporten

Detaljer