Info Sagvåg skule Nr1 1997/98 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Info Sagvåg skule Nr1 1997/98 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen"

Transkript

1 Info Sagvåg skule Nr1 1997/98 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen

2 INNHALD Velkommen til «reform-skuleåret» 1997/ Reform Den farlege skulevegen... 3 Visjon for Sagvåg skule Satsingsområda Sagvåg skule Skuledagen for dei ulike klassane... 8 Lovreglane om avgrensa fritak frå faget «Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering»... 8 «Tidsplan»... 9 Fag- og timefordeling Tidsbruk på hovudstega Gjennomsnitt tidsbruk i småskulesteget og mellomsteget. 11 Råd og utval Samarbeidsutvalet (SU) Foreldrerådet Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) Råd for andre tilsette Elevråd Litt av kvart Hjelpetenesta PPT (Pedagogisk-psykologisk-tenestekontor) Tannhelsetenesta Skulehelsetenesta Kvile-leggetid Attgløymde klede Skade på materiell Skulefritidsordninga (SFO) Sykling Trivselsreglane for Sagvåg skule

3 Velkommen til «reform-skuleåret» 1997/98 Reform-97 Etter nokre veker på skulen hausten 1997 er noko av spenninga knytt til Reformarbeidet utløyst. 1.klasse/førskule er i dei finaste lokala skulen har, 2.klasse har fått det klasserommet med best tilgang til fleire grupperom, nye møblar og ein del nytt utstyr. 5.klasse er Reformklassen på mellomsteget. Her vert det i haust kjøpt mange nye læremiddel, m.a. nye lærebøker innan dei fleste fag. Dei klassane som ikkje møter reforma hausten 1997, vil alle få ein forsmak på kva dei neste åra vil bringe. Planarbeidet og organiseringa av tidsplanen for elevane er døme på tiltak som alle møter allereie hausten 1997, men rein formelt vert reforma innført slik: Mellomsteget Småskulesteget 7.klasse 6.klasse 5.klasse 4.klasse 3.klasse 2.klasse 1.kl/førskulen Me skal informere så godt me kan om arbeidet som vert gjort ved Sagvåg skule i samband med Reform 97. Generell informasjon kjem også frå departementet, det praktiske arbeidet ser de gjennom det elevane gjer. Eg vil oppfordre til at de tek kontakt med meg, eller klassestyrar om det er noko som er uklårt eller verkar «rart». 2

4 Den farlege skulevegen Det har den siste tida vore debatt om skulevegen til borna ved Sagvåg skule. Spesielt har Jensanesvegen vore i fokus. Dette at foreldre og lokalsamfunnet tek opp desse sakene og held dei varme for politikarane er sjølvsagt noko me ved Sagvåg skule set svært stor pris på. Det viser seg også at i slike saker er det foreldra som har størst gjennomslagskraft. Trafikken føl elevane heilt fram til skuleporten, og det er denne siste delen av skulevegen me frå skulen si side har vore mest opptekne av. Me fekk bru og no er det også fotgjengarfelt 20m frå brua, likevel ser me altfor ofte at elevar på veg til eller frå skulen spring rett over vegen. Også dei som syklar tek svingen over vegen for å sleppe å gå brua. Dette vert teke opp på skulen kvart år, men også her ber me om hjelp frå foreldra. Mi oppmoding er altså at alle foreldre til å ta ein prat med borna sine om dette. Spesielt er det viktig at de som hentar og bringer born til skulen føl trafikkreglane og nyttar brua eller fotgjengarfeltet når de skal kryss vegen, enten det er saman med borna eller åleine. «Eksempelets makt!» La oss vone at me heller ikkje i år treng å finne fram planen: Tiltak ved alvorlege ulykker eller dødsfall i skulemiljøet. Eg vil til slutt på venge av alle tilsette ved Sagvåg skule få ønskje «gamle» og «nye» elevar og foreldre velkommen til Den tiårige grunnskulen. Lars Bakka -rektor- PS! Alle teikningane i heftet er laga av elevane i 2.klasse 3

5 SAGVÅG SKULE 1997/98 Administrasjon Fitjarvegen 25, 5410 Sagvåg E-post adm.: sagvaag online.no Personalrom SFO og 1.klasse/førskule Priv.tlf.nr Administrasjon Bakka, Lars Sjonarvegen 45, 5400 Stord Almås, Kari Tangedal Almåsvegen 86, 5410 Sagvåg Imsland, Olaug Struen Hjortåsen 45, 5400 Stord Lærarar Bruket, Toril Sandvik Studalsmyro 31, 5400 Stord Byrkenes, Kjell Ove Nysæterneset 27, 5415 Litlabø Flatøy, Brita Almåsvegen 102, 5410 Sagvåg Framnes, Kirsten Kyte Villavegen 12A, 5400 Stord Halvorsen, Gro Akselsen Åsvegen 9, 5400 Stord Luggenes, Annbjørg Bodgehaugen 8, 5410 Sagvåg Myhre, Kari Nysæterneset 64, 5410 Sagvåg Myhre, Marta Sveene 38, 5400 Stord Ottesen, Maren Eldøyvegen 100,5400 Stord Sørheim, Jannike Rustungvegen 50, 5400 Stord *Trevland, Anne Elisabeth Hillarhaugen 52, 5415 Litlabø Vikanes, Aasne Nysætervegen 20, 5410 Sagvåg * Permisjon skuleåret 1997/98 4

6 SFO Magnussen, Laila Rindane 8, 5410 Sagvåg Røssland,Randi Hamrane 17, 4510 Sagvåg Assistent Leth, Jorunn Almåsvegen 4, 5410 Sagvåg Morsmålslærarar: Pietruszenko, Liv Bente Vikaneskleivo 22, 5410 Sagvåg Smakiqi, Sevem Sagvågbrekko 20, 5410 Sagvåg Reinhald Dagsland, Theresa Fjellsmogehaugen 12, 5415 Litlabø Skaar, Astrid Fitjar Vaktmeister Spissøy, Olav Jensanesvegen 18, 5410 Sagvåg 5

7 Visjon for Sagvåg skule Visjon Alle ved Sagvåg skule er trygge og trivest. Me viser omsorg for-, og tek vare på kvarandre. Miljøet er kreativt og inkluderande og gjev rom for sjølvstende. 6

8 Satsingsområda Sagvåg skule SAMARBEID MED BARNEHAGANE OG UNGDOMSSKULEN 1. Kommunikasjon og 2. Læringsmiljø for leik, praktisk og sosialt samspel skapande aktivitet A. Arbeide med planen "Trivsel og Tryggleik" 1. Lokale planar for trivselstiltak 2. Program for barn og unge med samhandlingsvanskar B. Aktuelle fagområde 1. Kunst og kommunikasjonsfag som musikk m/dans, kunst og handverk og IT. 2. Natur og miljølære C. Samanheng fysisk miljø, arbeidsmåtar og organisering(inkluderer inne- og uteområde) 1. Leik og læring (1.-4.klasse) 2. Prosjektarbeid (5.-7.klasse) 3. Temaorganisering (Heile skulen) 7

9 Skuledagen for dei ulike klassane SFO Kvar dag : kl og klasse Kvar dag : kl klasse måndag / onsdag: kl tysdag / torsdag / fredag: kl Elevane bør ikkje møte på skulen stort meir enn 15 minutt før dei har eit tilbod å gå til. Grunnen til dette er at elevar som vert «gåande på laust» ikkje har tilsyn om noko skulle skje. Lovreglane om avgrensa fritak frå faget «Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering» Stortinget fatta 19.juni 1997 lovvedtak om fritak frå delar av undervisninga i faget Kristendomskunnskap med religions- og livsynsorientering (KrL). Ta kontakt med skulen om de ynskjer nærare informasjon om denne retten. 8

10 «Tidsplan» Omgrepet tidsplan kan ein like godt venne seg til jo før jo heller. Tidsplanen erstattar den tradisjonelle timeplanen som var ein nokså fast plan som t.d. kunne vise at elevane i 2.klasse hadde norsk i 4.time kvar måndag. Omgrepet timeplan peikar også på undervisnings-økter på omlag ein time. Ved Sagvåg skule har «timane» vore meir fleksible i fleire år no. Med større vekt på temaorganisering av undervisninga, vil den gamle timeplan vera lite tenleg. Difor kjem elevane til å få ein fleksibel tidsplan som frå veke til veke viser kva dei skal arbeide med. Nokre timar ligg nok fast fordi dei krev spesialrom som klassen disponerer til bestemte tider t.d. bassenget, men elles vil tidsplanen i framtida vera ulik frå veke til veke. Dette må til for at ein i løpet av året skal komme ut i ballanse med timetalet til dei ulike faga. Oversikta på neste side viser årstimetalet til faga. Det vert lærarane som i planlegginga av temaarbeid og fagtimar fører rekneskap med bruken av timar i dei ulike faga. 9

11 Fag- og timefordeling Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KrL) 1.kl 2.kl 3.kl 4.kl Sum 5.kl 6.kl 7.kl Sum Norsk Matematikk Samfunnsfag Kunst og handverk Natur- og miljøfag Engelsk Musikk Heimkunnskap Kroppsøving Frie aktivitetar Klasse- og elevrådsarbeid L-97 s 82 L-97 s 82 Brutto årstimar Sum hovudtrinn Skulen og eleven sitt val 152 (vert teke frå alle fag) 114 (vert teke frå alle fag)

12 Gjennomsnitt pr. veke (38 veker) Tidsbruk på hovudstega Klassesteg Skulefaga (Ungdomssteget: minst 20%tema) (frå L-97 s 83) Fagorganisering av innhaldet Temaorganisering av innhaldet og prosjektarbeid Gjennomsnitt tidsbruk i småskulesteget og mellomsteget Småskulen Mellomsteget 1.kl./førskule 2.klasse 3.klasse 4.klasse 5.klasse 6.klasse 7.klasse Minst 60% temaundervisning Minst 30% temaundervisning 80% 70% 50% 40% 35% 30% 25% (Oppgitt som minimumskrav til bruk av temaundrvisning på årsbasis.) 11

13 Råd og utval Det kjem eit eign faldar med oversikt over om kven som er valde inn i dei ulike råd og utval ved Sagvåg skule1997/98 litt seinare ut på hausten. Samarbeidsutvalet (SU) Skulen sitt øvste styringsorgan. Foreldrerådet Alle foreldre og føresette som har born på skulen er medlem i foreldrerådet. Råd for andre tilsette Ikkje-pedagogisk personale har ein representant i Samarbeidsutvalet. Elevråd Kvar klasse vel ein representant til elevrådet. Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) Arbeidsutvalet er sett saman av klassekontaktane til dei ulike klassane.

14 Litt av kvart Hjelpetenesta Hjelpetenesta er eit formelt oppretta tverrfagleg «team» for dei kommunale tenestene som arbeider med barn og unge. Mål: Styrke og samordne det førebyggjande hjelpearbeidet for einskildbarn og unge ved tidleg tverrfagleg drøfting. Sette i verk tiltak i rett tid. PPT (Pedagogisk-psykologisk-tenestekontor) På PPT-kontoret kan foreldre og skule søkje råd og hjelp i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing og opplæring for born. På kontoret er det tilsett personar med ulik bakgrunn og røynsle; psykolog, sosionom, logoped, førskulepedagog og lekotekleiar. Etter avtale med foreldre tek skulen kontakt med PPT om einskildelevar. Foreldre kan ta kontakt med PPT på tlf Tannhelsetenesta Elevane vert til vanleg innkalla til tannlege ein gong i året. Foreldre eller eleven kan også sjølv ta kontakt med tannlegen direkte. 13

15 Skulehelsetenesta Dr. Kjersti Follesø er skulelege for Sagvåg skule. Ho har kontortid annakvar onsdag (oddetal) på helsestasjonen ved Nysæter ungdomsskule. Ingebjørg Grønsdal er skulehelsesyster. Ho er å treffe på Sagvåg skule kvar måndag frå kl til 14.00, og heile dagen når det er møte i hjelpetenesta. Begge er å treffe på telefon: Nokre gode råd frå helsesyster: Born treng eit godt sjølvbilete. Ikkje sei at barnet er umuleg. Gi heller beskjed om kva vi ikkje likar. Born treng ros. Dersom barnet klagar over at skulen eller lærarane er dumme, må du ikkje gi barnet medhald. Prøv heller å finne ut kva som er gale. Snakk om problemet med læraren eller rektor. Stå opp i lag med barnet. Et frukost saman. Sørg for at barnet har nokon å gå til etter skuletid. Vis også omtanke for andre barn. Gi beskjed til skulen/helsesyster eller sosialkontor, dersom du har mistanke om vannstell, omsorgssvikt eller incest. Ikkje lat som om du ikkje ser at born lid. Set grenser, alle born treng å vita kva dei har lov til. Grenser gir tryggleik. Born som føler dei er verd noko, får større interesse for å ta vare på eiga helse enn barn som tvilar på sitt eige verd. Helsesøster. 14

16 Kvile-leggetid Born må ha nok kvile og søvn om dei skal fungere godt i skulen. Ei rettesnor kan vera at: Born som er 8 år legg seg seinast kl Sidan kan me leggja til eitt kvarter for kvart år. Ein 12-åring bør då væra i seng kl Attgløymde klede Skulen tek vare på klede som vert liggjande att på skulen. Mot slutten av året vert desse lagt fram for henting før dei vert kasta eller gitt til Fretex. Merk kleda med fullt namn, særleg klede som mange har like t.d. regnklede. Skade på materiell Etter vedteke reglar er skulen ikkje ansvarleg for bortkomne klede eller skade på klede, eller andre gjenstandar. Einaste unnataket er briller, der ein viss del av utgiftene vert dekka av kommunen si forsikring. Om eleven må ha pengar med seg, må desse aldri liggje i klede elevane heng frå seg på gangen. 15

17 Skulefritidsordninga (SFO) SFO er eit tilbod til born i alderen 6- til 10 år. SFO er open før og etter skuletid frå kl til kl SFO skal gje borna tilsyn, omsorg og læring gjennom leik, allsidige aktivitetar og sosial utvikling i samsvar med andre born, personalet, foreldre og nærmiljøet. Tilbodet har 22 plassar. Sykling Elevane har lov til å sykle til skulen frå og med 5.klasse. Alle bør bruke hjelm. 16

18 Trivselsreglane for Sagvåg skule. Skulen bør vera ein stad der alle trivest og er trygge. Først då vert det godt læringsmiljø og rike fellesopplevingar. 1. Me er greie med kvarandre. 2. Me hjelper til med å halda skulen rein og fin. 3. Me er rolege i midttimen. 4. Me tek vare på det som veks, og på utstyr både inne og ute. 5. Alle får vera med å leika, og me seier fine ting til kvarandre. 6. Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar o.l. er unnateke. 7. Snøball kastar me på blink der me har lov. 8. Er nokon borte frå skulen, må dei ha melding i meldeboka så snart råd er. Treng nokon fri, spør dei om det på førehand. Bruk meldeboka. 9. Brot på ordensreglane og uhøvisk framferd kan føra til bortvising frå klassen, d.v.s. til rektor. I slike høver vert ofte også foreldra kopla inn. Sagvåg skule 1996 Lars Bakka -rektor- (Reglane vart handsama i SU hausten-96, og vert revidert i det første SU-møtet hausten-97) 17

Info Sagvåg skule Nr /99 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen

Info Sagvåg skule Nr /99 SAGVÅG SKULE Informasjonshefte til heimen 21.09.98 Info Sagvåg skule Nr 1 1998/99 SAGVÅG SKULE 1998-99 Informasjonshefte til heimen INNHALD Velkommen til nytt skuleår!... 2 Ny Sagvåg skule i Rukjen!?... 2 Reform-97... 3 Stord`98... 4 Visjon for

Detaljer

Info Sagvåg skule nr 1 august 1999

Info Sagvåg skule nr 1 august 1999 31.03.04 Info Sagvåg skule nr 1 august 1999 Velkommen til nytt skuleår! Ny Sagvåg skule i Rukjen!? FAU (Foreldrearbeidsutvalet) ved Sagvåg skule inviterte LEV (Levekårskomiteen) til omvising på Sagvåg

Detaljer

SAGVÅG SKULE 1996/97. Informasjonshefte til heimen SAGVÅG SKULE MOT ÅR

SAGVÅG SKULE 1996/97. Informasjonshefte til heimen SAGVÅG SKULE MOT ÅR SAGVÅG SKULE 1996/97 Informasjonshefte til heimen SAGVÅG SKULE MOT ÅR 2000... Skuleåret 1996/97 er godt i gang, og dette det er det siste året alle elevane arbeider etter mønsterplanen frå 1984 (M-84).

Detaljer

SAGVÅG SKULE 1995/96. Informasjonshefte til heimen

SAGVÅG SKULE 1995/96. Informasjonshefte til heimen SAGVÅG SKULE 1995/96 Informasjonshefte til heimen VEL MØTT TIL NYTT SKULEÅR! Det nye skuleåret er allereie tre månader gamalt, og me er godt i gang med arbeidet. Først vil eg ynskja 1.klasse og 6-årsgruppa

Detaljer

Velkommen til nytt skuleår!

Velkommen til nytt skuleår! NR 1 Informasjonshefte til heimen september 2000 For fjerde året på rad får elevane i 1.klasse/ førskule refleksvestar. Dei siste åra har vestane vore ei gåve frå arbeidsutvalet til foreldra (FAU), men

Detaljer

Framleis fleksitid ved Sagvåg skule. Ny Sagvåg skule. HSH og Sagvåg skule. Skulefrukt. Informasjonshefte til heimen skuleåret 2002/03 September 2002

Framleis fleksitid ved Sagvåg skule. Ny Sagvåg skule. HSH og Sagvåg skule. Skulefrukt. Informasjonshefte til heimen skuleåret 2002/03 September 2002 Informasjonshefte til heimen skuleåret 2002/03 September 2002 Skuleruta 2002/03 2002 hending August torsdag 15. første skuledag September Oktober onsdag 9-fredag 11. Haustferie November torsdag 7.-fredag

Detaljer

Sagvåg skule 2001/02.

Sagvåg skule 2001/02. NR 2 Informasjon til heimen September 2001 Skuleruta 2001/02 2001 August Måndag 16. Oktober Ons. 10. Fr.12. November To.8.- Fr. 9. Desember Torsdag 20. 2002 Januar Torsdag 3. Skulestart Haustferie Elevfri

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 01.08.16 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Foreldremøte 19. september 2018

Foreldremøte 19. september 2018 Foreldremøte 19. september 2018 Folkestad skule NB: Husk å slå på mobiltelefonen når møtet er ferdig! Presentasjon av personalet TEMA FELLESDEL Praktisk info Samarbeidet skule heim Digitalt medvit «Ta

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. SFO BØ SKULE SKULEÅRET 2014-2015. BØ SKULE Rektor: Gyrid Kvaale tlf: 35059452 Sentralbord: Gunn Berit Sønstebø tlf: 35059450 SFO leiar: Liv Bente V. Øygarden tlf: 35059473 MEDARBEIDARAR PÅ SFO SKULEÅRET

Detaljer

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune Vedteke i Kommunestyret 12.05.2016 K-sak 36/16 1. Eigar Hemsedal kommune er eigar og ansvarleg for drifta av skulefritidsordningane (SFO) ved Tuv og

Detaljer

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. Opningstid SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar. SFO tek til kl.07.00-08.20 (utetid-08.30) og etter skuletid kl. 13.15/14.00 og 12.00-16.30. SFO har ope 190

Detaljer

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO Samling, Atheno, Stord, 22. mai 2019 Petter Steen jr., rådgjevar Sveio kommune 1 Bakgrunnen for at vi har SFO Skulefritidsordninga (SFO) blei gradvis etablert i norske

Detaljer

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO. VELKOMMEN TIL ØYE SKULEFRITIDSORDNING Målsettingane vi arbeider etter i Øye SFO, bygger på ei fritidspedagogisk plattform. Den frie u leiken er viktig for oss, men

Detaljer

Foreldremøte Harøy skule 17.9.2015. Vel møtt!

Foreldremøte Harøy skule 17.9.2015. Vel møtt! Foreldremøte Harøy skule 17.9.2015 Vel møtt! Informasjon om skulen Ny skuleleiing Kva skal eg gjere ved spørsmål og problem Ordens-/datareglement Tilpassa opplæring og spesialundervising Råd og rettleiing

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2016-2017 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Måndag til torsdag 06.45 17.00 Fredag 06.45-16.30 Kjøp av tid: Dersom det

Detaljer

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar

Detaljer

Informasjonshefte til heimen 2003/04

Informasjonshefte til heimen 2003/04 Skuleruta 2003/04 2003 August Måndag 18. September første skuledag (ingen fridagar) Oktober Mån.6. til fre. 10. Haustferie November Mån. 10. og tys. 11. elev fri/ kursdag Desember Fredag 19. siste dag

Detaljer

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar. ORDENSREGLAR FOR TJØDNALIO SKULE: Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø er blitt styrka gjennom opplæringslova 9a.I opplæringslova 2-9 er konsekvensar for dei som bryt reglane blitt

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring ( 9A-2). Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing,

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018 Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018 Første trinn 1a: Lillian og Kristina 1b: Christina og John Morten Nina, Jannicke og Kim Andre Tilsette ved skulen 25 lærarar. 14 fagarbeidarar/assistentar

Detaljer

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag Velkommen til orienteringsmøte om skulestart 2019-2020 Torsdag 21.03.19 På programmet: Diverse informasjon Bli kjend med Landro skule og våre satsingsområde Fokus på førebuing til god skulestart Skulestart

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE Godkjent av Time kommunestyre, sist endra i Levekår, 10.april 2019. 1 Eigartilhøve og ansvar for drift av barnehagane 1.1 Vedtektene gjeld barnehagar som blir drivne

Detaljer

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette.

SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette. SIKRINGSINSTRUKS FOR TJØDNALIO BARNEHAGE Til tilsette og foreldre/føresette. Gjer dykk kjent med reglane som gjeld for dei ulike punkta i instruksen, og spør personalet dersom det er noko som er uklart.

Detaljer

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

SIKRINGSINSTRUKS FOR FURULY BARNEHAGE

SIKRINGSINSTRUKS FOR FURULY BARNEHAGE SIKRINGSINSTRUKS FOR FURULY BARNEHAGE Instruksen skal vera med på å fremja helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige tilhøve for barna i Furuly barnehage. Han skal og førebyggja sjukdom og skade. Bakgrunn

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017 ÅRSPLAN 1 1. Opplæringslova om skulefritidsordning (SFO) 13-7.Skolefritidsordninga Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for

Detaljer

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE

FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE FORSKRIFT OM ORDENSREGLEMENT FOR AUSTEBYGD SKULE I RADØY KOMMUNE Ordensreglementet er ei forskrift fastsett med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61: Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova)

Detaljer

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt. INFORMASJON FRÅ A Å Barnehageåret: går frå 2. helga i august Betaling: de får tilsendt faktura den 1. i kvar månad med 14 dagars betlingsfrist. Uteblir betalinga, vil de få brev frå økonomiavdelinga om

Detaljer

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld: MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2018-2019 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: 06.45 16.30 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne, kan du

Detaljer

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Forsand skule der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Me er heldige som får bli kjent med, ta vare på og undervisa nettopp ditt barn! Derfor er dette viktig for oss: å arbeida

Detaljer

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra Fotlandsvåg skule 5283 Fotlandsvåg TLF.56 19 23 30 Faks. 56 19 23 31 Rektor: Kjell Haugland 56 19 23 55 Personalrom 56 19 23 50 fotlandsvag.skule@osteroy.kommune.no Ein trygg stad å vera ein god stad å

Detaljer

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE Kjære foreldre/føresette ved Motland skule.informasjon februar 2010 Informasjon Skulen sin telefon: 51798380 SFO: 98479597 1.og 3. 98479665 2. og 4. E-post: post.motland.skule@ha.

Detaljer

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule! SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik, respekt og gode utvikligsvilkår. Det blir

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE

ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE ORDENSREGLEMENT FOR KAUPANGER SKULE Føremål Dette reglementet er gjeve med heimel i Lov av 17.07.1998 nr. 61 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Ordensreglementet er godkjent

Detaljer

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018 «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre» SULDALSSTANDARD SKULEFRITIDSORDNINGA (SFO) KVA ER SFO? SFO er eit friviljug opphalds- og aktivitetstilbod på skulen

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2016 2017 Nr 2 - Oktober Hausten blei finare enn sommaren! Sjølv om ikkje turdagen til Synesvarden var den finaste dagen, så blei det ein gild tur med alle

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter og retningslinjer departementet til ei

Detaljer

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd Oktober 2015 LOVGRUNNLAG Opplæringslova 9a 3 andre ledd plikta til å undersøkje, varsle

Detaljer

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått

Detaljer

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Forsand skule der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET Me er heldige som får bli kjent med, ta vare på og undervisa nettopp ditt barn! Derfor er dette er viktig for oss: å

Detaljer

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO Dette heftet er i utgangspunket utarbeida for dei tilsette i Suldalsskulen, men me ønskjer og å auka forståinga til foreldre og føresette, slik at dei og kan vera

Detaljer

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

Alversund skule 5911 Alversund Tlf Alversund skule 5911 Alversund Tlf. 56 37 50 50 FØREORD Kvart år reiser elevar frå Alversund skule ei veke på leirskule. Her får dei ta del i praktisk tilrettelagt undervisning inne og ute. Under leirskuleopphaldet

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen. 1 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring (Opplæringslova 9a-1) Det vil seie at alle elevane : har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa

Detaljer

Årsplan for

Årsplan for Årsplan for 2015-2016 Fister SFO 1 Innholdsfortegnelse Aktivitetsplan... 3 Hausten 2015... 3 Aktivitetsplan... 4 Våren 2016... 4 Hovudmåla for SFO jamfør opplæringslova 13-7... 4 Målsetjing... 5 SFO tilbodet...

Detaljer

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld.

Dersom reglane blir broten, kan det få konsekvensar for den det gjeld. Storebø skule Telefon 55 08 13 25 Ordensreglane for Storebø skule er utarbeidd med bakgrunn i Forskrift for ordensreglement for skulane i Austevoll gjeldande frå 01.04.11 og Forskrift om individuell vurdering

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Hafslo barne- og ungdomsskule - Tiltaksplan mot mobbing Revidert juni 2012 9 A opplæringslova: Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og

Detaljer

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret

Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule. Skuleåret Informasjon om Sør-Fron ungdomsskule Skuleåret 2019-2020 Her tek vi for oss; Presentasjon av trinna Om skulen Trivsel og læring for alle, forventningar Skuleområdet Timeplan Vurdering Utviklingsamtalar

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Torsdag 6. oktober kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Kristel

Detaljer

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17 Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2016/17 SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Barnehage- og skuleteam

Barnehage- og skuleteam Barnehage- og skuleteam Orientering til grunnskular, kommunale og private barnehagar i Voss kommune Barnehagar, grunnskular, helsestasjons- og skulehelsetenesta, pedagogisk psykologisk tenestekontor og

Detaljer

Uttale til høyringsnotat til

Uttale til høyringsnotat til Uttale til høyringsnotat til konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret 2012-2013 og framlegg om forskrift med heimel i opplæringslova 8-1 frå SAMARBEIDSUTVALET og SKULEMILJØUTVALET

Detaljer

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE Kjære foreldre/føresette ved Motland skule. Informasjon oktober 2009 Informasjon Skulen sin telefon: 51798380 SFO: 98479597 1.og 3. 98479665 2.og 4. E-post: post.motland.skule@ha.

Detaljer

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar Anita og Annette Vær en god rollemodell Barn arver ikke leseferdighet og leseglede av foreldre, men de

Detaljer

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013

10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 INTERNT NOTAT MASFJORDEN KOMMUNE «SSE_NAVN» Til: Kommunestyret Frå: Alf Strand Dok. ref. Dato: 10/60-14/N-211//AMS 22.05.2013 Vedtekter for barnehagane i Masfjorden Vedlagt følgjer reviderte vedtekter

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ Saman for læring og trivsel Radøy kommune INNHALD Plan for psykososialt arbeid for elevar og tilsette på 3 Samanheng med Radøy kommune sin overordna plan

Detaljer

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil: Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN rigmor.hanssen@granvin.kommune.no Rektor mobil: 40403885 Assisterande rektor mobil: 40403884 Informasjon til heimane, november 2017 Hausten er på hell, og det

Detaljer

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE INNHALD I DENNE PLANEN side Mål for skulemiljøet 3 Lovgrunnlag 3 Lokale reglar 3 Systematisk arbeid for å fremje HMT-arbeidet til elevane.

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval Stryn kommune Arkiv: FA - A22 JournalpostID: 18/923 Saksbehandlar: Edvard Nordang Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval 30.01.2018 Vedtekter for SFO i Stryn kommune 2018 Bakgrunn

Detaljer

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE 2013-2014 VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET Målekartet bygger på prinsippa i Balansen og kommunen sin visjon for barnehage, skule, kulturskule og

Detaljer

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod: Vedtekter for SFO Skulefritidsordninga er heimla i Opplæringslova 13-7. Vedtektene vart vart av Komitè for oppvekst, kultur og idrett i november 2010. Revidert mars 2014 1. Om skulefritidsordninga: - Skulefritidsordninga,

Detaljer

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Granvin herad Granvin barne- og ungdomsskule November 2017 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet...

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage Praktisk informasjon om Treungen barnehage Barnehageåret 2018 2019 Desse møter du i Treungen barnehage: I løpet av hausten -18 vil det skje ei endring av den administrative organiseringa i Treungen barnehage.

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD 1. Lovheimel Ordensreglementet er heimla i 1. Opplæringslova, 2-9: Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal

Detaljer

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE. 2016 KVINNHERAD KOMMUNE SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE Bringedalsbygda.oppvekstsenter@kvinnherad.kommune.no «Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk

Detaljer

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule For tryggleik, trivsel og læring for barnet for foreldra Regelverksamling 26.10.2016 Elin Røyseth, styrar Anne Finsveen Midtbø, rektor barneskule Åge Stafsnes,

Detaljer

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule Handlingsplan mot mobbing ved Åheim skule Godkjent i SU 02.10.2013 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 4. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget av mobbing ved Åheim

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 11.06.2019 43/2019 Kommunestyret PS 17.06.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Ann Kristin Bolstad FA-B57

Detaljer

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017

Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017 Årsplan for Sagstad SFO skuleåret 2016/2017 Oversikt personal: Morten Isaksen (dagleg leiar) Anita Dale Anita Viketun Bertelsen Ann Christin Erlandsen Britt Elin Monstad Geir Hopland Heidi Viktoria Sætre

Detaljer

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA- Førde kommune Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite 11.03.2010 008/10 Bystyret 25.03.2010 Sakshandsamar: Per Arne Furseth Arkiv: FA-A22, FA- Arkivsaknr.: 10/331 Innføring av leksehjelp i grunnskulen

Detaljer

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Retningslinjer og Rutineskildring Oktober 2015 INNHALD Innleiing... 2 Lovgrunnlag... 3 Opplæringslova... 3 Elevane sitt fysiske skulemiljø...

Detaljer

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing.

Tiltaksplan. mot mobbing og rasisme. Oma skule. Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing. Tiltaksplan mot mobbing og rasisme Oma skule Alle tilsette skal arbeide for nulltoleranse mot mobbing. Innhald 1. Visjon s. 3 2. Hovudmål s. 3 3. Føresetnader s. 3 4. Definisjon s. 3 5. Førebyggjande arbeid

Detaljer

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule 1 Innhold 1. Innleiing... 3 2. Rettsleg grunnlag for tilsynet... 3 3. Tema for

Detaljer

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018 HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018 Vedteke i ungdomsrådet: 19.06.2018 UNG sak 042/18 Saksnummer: 17/479-14 Prioriterte tiltak: (rekkefølgja er ikkje prioritert) 1. Opplæring Mål: Fusa kommune skal

Detaljer

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule Utviklingsplan 2018-2019 Skule: Vigrestad storskule Mål 1: Elevane skal oppleve ein meir praktisk skule der elevane får erfaring med og utvikle sine praktiske talent. a. Elevane skal få bruke sine praktiske

Detaljer

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform Ny Øyra skule Pedagogisk plattform PEDAGOGISK PLATTFORM Visjon Øyra skule vil arbeide for å nå dei overordna nasjonale målsettingane i Kunnskapsløftet gjennom ein inkluderande skule med mottoet: Ein god

Detaljer

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune Barnet symboliserer framtida, fordi det forvaltar mulegheitene fordi kvart barn kan bety verdas framgang, fornying, forløysing. Lars Oftedal Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune Vedtekter

Detaljer