Kulturhistoriske registreringar
|
|
- Gøran Ervik
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistrering i samband med utbetring av fylkesveg 122 mellom Fusa og Skåte i Fusa kommune Rapport
2 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne i plansaker overført til fylkeskommunane. I Hordaland fylkeskommune er det Seksjon for kulturminne og museum ved Kultur- og idrettsavdelinga som utfører det kulturminnefaglege arbeidet. Planområda vert sjekka ut i høve til arkivopplysningar om kjente automatisk freda kulturminne. Det vert og gjort ei kulturminnefagleg vurdering om det skal gjerast arkeologiske feltregistreringar. Feltarbeidet har som mål å finne ut om eit planlagd tiltak vil komma i konflikt med automatisk freda kulturminne (eldre enn 1537). Feltregistreringane omfattar overflateregistrering, prøvestikking og maskinell flateavdekking avhengig av mellom anna terrengtype, høgd over havet og nærleik til kjende kulturminne. I den grad tiltaket vil verka inn på nyere tids kulturminne vil desse bli kort omtalte. Denne rapporten er utarbeidd på bakgrunn av utført arkeologisk feltarbeid. Rapporten gjev opplysningar om arbeidsomfang, utstrekning og karakter av registrerte kulturminne, og skildrer om framlagde planar er i konflikt med kulturminne. I fylgje Kulturminneloven 10 må tiltakshavar bera kostnadene med gransking av automatisk freda kulturminne som nemnd i 8 og 9.
3 Samandrag Den arkeologiske registreringa i samband med ny fylkesveg 122 mellom Fusa og Skåte i Fusa kommune vart gjennomført i perioden juni Registreringa vart utført av Kultur- og idrettsavdelinga ved Hordaland fylkeskommune, og deltakarar var Ambjørg Reinsnos (5.-7. juni) og Trond Eilev Linge. Det vart lagt ned om lag 8 dagsverk i felt. I tillegg vart det brukt gravemaskin alle dagar. Det vart opna i alt 11 sjakter. Registreringa påviste spor av førhistorisk dyrking og ein førhistorisk struktur innanfor ein avgrensa del av planområdet som er tenkt nytta som massedeponi. Figur 1 Oversiktskart over Midthordland med det aktuelle området markert ut med grønt. 1
4 Figur 2 Traséen frå Fusa til Skåte med områda det vart gravd sjakter i markert med raudt. 2
5 Bakgrunn Bakgrunnen for registreringa er reguleringsplan for FV122, parsellen Fusa-Skåte (Statens Vegvesen 2006). Vegplanen går i hovudsak ut på å utbetre breidde og kurvatur langs dagens fylkesveg (fv.) 122 gjennom området. I tillegg skal einskilde kryss og avkjørsler endrast og enkelte større inntilliggande areal nyttast til massedeponi. Total lengd på traséen er 3840 meter (jf. figur 2). Det er gravd sjakter i to område som er planlagt nytta til massedeponi samt eit område der eit kryss skal leggjast om. Frå Skjørsand er tidlegare levert inn ei flekke av flint (B5433). På Skåte er levert inn ei skaftholøks i stein (B10870) og delar av ei kremasjonsurne (tapt?). Her er også kjent ei båtstø, ein gravhaug, ei langrøys og fem gravrøyser. Ingen av desse kulturminna ligg i nærleiken av det aktuelle vegplanområdet. Området Vegen går gjennom eit område som ber preg av landbruk, og traséen går gjennom eller like forbi fleire av gardstuna. Fv. 122 går om lag ved høgdekotane meter i skråninga over Fusafjorden. Planområdet går gjennom gardane Fusa, Foer, Haga, Storli, Litleli, Skjørsand, Fagerheim og Skåte. Mål og metode Registreringa er utført for å avklare om det er konflikt mellom reguleringsplanen og kulturminne som er automatisk freda etter kulturminnelova. Slike kulturminne er ofte ikkje synlege i overflata, og ein er difor avhengig av å grave sjakter for å påvise dei. I registreringa vart det sjakta etter prinsippet om flateavdekking. Såkalla maskinell flateavdekking går ut på å bruke gravemaskin til å fjerne jordlag for å på denne måten avdekke spor etter førhistorisk aktivitet i undergrunnen. Slike spor kan til dømes vere stolpehol og veggriller etter huskonstruksjonar, ulike typar nedgravingar som graver, kokegroper og eldstadar, ardspor etter førhistorisk jordbruk eller restar av kulturlag. Strukturane vil ofte oftast avteikne seg som mørke plettar i den lyse undergrunnen. For å skaffe betre grunnlag for å forstå kva type struktur det er tale om, og om det i det heile er tale om verkelege strukturar, vert det enkelte gonger grave snitt gjennom dei. Sjakter som det er gjort funn i er teikna i målestokk 1:50. Strukturar som er snitta er teikna i målestokk 1:10. Påviste strukturar er tildekka med vegduk før sjaktene vart lukka att. Regulær maskinell flateavdekking legg vekt på å avdekke store flater for å sjå samanhengar mellom strukturar, og er mest nytta i arkeologiske utgravingar. Sidan dette er ei registrering 3
6 er det berre avdekka mindre utsnitt i form av sjakter. Kvar sjakt er sjeldan meir enn 3-4 meter brei. Sjaktene er eigna til å undersøke om det finst førhistoriske strukturar i området, men gjev sjeldan høve til å kome med meir konkluderande resultat som til dømes rekonstruksjon av heile hus (samanhengar mellom strukturar). Figur 3 Sjakter på marka som er planlagt til massedeponi på Skjørsand. Raude sjakter er utan funn. Grøne har funn. Kvar rute er 100 x 100 meter. Funnførande område markert med blå skuggelegging. 4
7 Registrering av automatisk freda kulturminne Det er påvist funn i eit av områda; eit areal planlagt til massedeponi på Skjørsand. På denne marka vart det opna i alt seks sjakter. Det er gjort funn i to av dei, sjakt 1 og 4. Figur 3 syner sjaktene samt eit truleg funnførande område som er rekna fram til på bakgrunn av dei funna som er gjort. Funnområdet er lagt inn i kulturminnedatabasen Askeladden med id. nr Her følgjer ein presentasjon av dokumentasjonen av dei funna som vart påvist. Sjakt 1 dyrkingslag Profilen med dyrkingslaga er teikna og attgjeve som figur 4 her. Skildringa av dei ulike laga er som følgjer: Lag 1: Torv Lag 2: Dagens dyrkingslag; mørk brun, oransjespetta, humus. Feitt. Lag 3: Berg Lag 4: Steril grus. Blanda, porøs masse. Lag 5: Som lag 2, men mindre oransjespetta samt meir kompakt og mørkare på farge. Lag 6: Dyrkingslag Mørk brunt, feitt humus. Kolblanda. Linser med kol i laget er moglegvis eigne avsviingslag (?). Noko småstein. Overgongen til lag 2 er noko usikker/utflytande. Samanhengande kollinser markert ut med x ar på teikninga. Kolprøve nr. 1 er teke ut frå dette laget. Den gav eldre bronsealder: /- 70 bp (kalibrert til f. Kr) (T-19171). Lag 7: Dyrkingslag - Som lag 6, men gråare på farge kanskje fordi det i større grad er blanda med undergrunnen? Kollinser også i dette laget. Samanhengande kollinser markert ut med x ar på teikninga. Kolprøve nr. 2 er teke ut frå dette laget og er sendt inn til datering. Resultatet viste yngre bronsealder: /- 80 bp (kalibrert til f. Kr) (T-19172). 5
8 Figur 4 Teikning av nordlege profil i sjakt 1 med dyrkingslag (lag 6 og 7). 6
9 Sjakt 4 I sjakt 4 er påvist ein struktur nær nordaustenden til sjakta. Strukturen er ei uregelmessig sirkulær nedgraving med kolblanda humus og steinar, vesentleg flate heller, som fyllmasse (figur 5, 6 og 7). Omkrinsen er om lag 130 cm. Figur 5 Struktur 4-1 i nordaustenden i sjakt 4. Struktur 4-1 er teikna i plan, snitta og teikna i snitt (jf. figur 6). Det er også teke ut ei kolprøve frå snittet. Kolprøva (TUa-6843) er AMS-datert til1805 +/-35 bp, kalibrert til e. Kr, og denne dateringa svarar til yngre romertid. Profilen av snittet syner at strukturen på det meste er 11 cm djup. Det er ikkje lett å tolke kva strukturen representerar. Det er kol blanda inn i massen i strukturen, men ikkje i ei slik mengd at det er rimeleg å snakke om eldstad eller kokegrop. Det er også små flekkar med kolbitar i det nedre sjiktet (1-2 cm) av matjordlaget her, og massen i strukturen skil seg ikkje mykje frå denne. Bruken av heller i staden for annan stein synast å vere medvite. Det er ellers ikkje særleg med stein i undergrunnen her. Eit lite moderne glasskår kom fram under oppreinsking av strukturen, men det er uråd å slå fast om 7
10 dette låg nedi sjølve strukturen eller i dekningslaget rett ovanfor. Overdekninga over strukturen er om lag 20 cm. Figur 6 Plan og snitt av struktur 4-1 med markert uttaksstad for kolprøve i profilen. 8
11 Figur 7 Struktur 4-1 sett mot søraust. Målestokk: 1 meter. Omfang og avgrensing av funnførande område Relasjonen mellom funnførande sjakter og sjakter utan funn kjem fram av figur 3. Sjakt 2 er gravd nord for sjakt 1 og avgrensar utbreiinga av dyrkingslaga i sjakt 1 denne vegen. Sjakt 2 har ikkje spor av dyrkingslag. Matjordlaget er mellom 10 og 40 cm djupt og består av gråbrun torvig humus med litt sand. For ein stor del ligg dette rett på berget. I sjakt 3 er det litt spreidd kol i sjaktbotnen, men ikkje samanhengande i ein slik grad at ein kan tale om eit bevart dyrkingslag. Det er vel heller ein indikasjon på at ein er i utkanten av dyrkingslaga frå sjakt 1. Overdekninga i sjakt 3 er mellom 10 og 30 cm. Rett sør for sjakt 1 er ein traktorveg, og vi valde å ikkje sjakte over denne. Undersøking med sonderborr tydar på at berget som stakk fram i undergrunnen aust for dyrkingslaga i sjakt 1 (jf. lag 3 på teikninga, figur 4) held fram sørover mot sjakt 5. I denne sjakta er det og for ein stor del berg rett under matjordlaget. Funnområdet representert med den påviste strukturen i sjakt 4 er dermed avgrensa mot vest av sjakt 5. Mot aust avgrensast sjakt 4 av den eksisterande fylkesvegen. Sidan struktur 4-1 er påvist nær nordenden av sjakt 4, og det ikkje er fleire strukturar vidare sørover, vert 9
12 funnområdet også avgrensa denne vegen. Område som ein kan rekne som truleg funnførande utfrå dei registrerte funna er skuggelagt med blå farge i figur 3. Konklusjon Registreringa i samband med fylkesveg 122 mellom Fusa og Skåte resulterte i påvising av førhistoriske dyrkingslag i sjakt 1 og ein struktur i sjakt 4. To adskilte dyrkingslag i sjakt 1 er datert til yngre bronsealder og eldre bronsealder. Struktur 4-1 i sjakt 4 er datert til eldre romartid. På grunnlag av desse funna og negative sjakter er det rekna ut eit truleg funnførande område som er markert ut med blå skuggelegging i figur 3. Her er det altså direkte konflikt mellom kulturminna og det planlagte massedeponiet. Referanse: Statens Vegvesen 2006 FV 122 Fusa-Skåte, Reguleringsplan Fusa kommune, plandokument. Fv122, HP:01 Parsell: Fusa-Skåte. Statens Vegvesen, Region Vest, Voss og Hardanger distrikt. 10
13 11
14 12
15 13
16 14
17
18 Lokalitet Arkeologisk lokalitet - Bosetning-aktivitetsområde - Skjørsand - Bosetningsspor Lokalitet Arkeologisk lokalitet - Bosetningaktivitetsområde - Skjørsand - Bosetningsspor Klassifisering Kategori: Arkeologisk lokalitet Art: Bosetningaktivitetsområde Stedfesting Fylke: Kommune: Gårdsnavn: Museumsdistrikt: Hordaland Fusa Skjørsand Bergen Museum Eiendomsopplysninger Kommune: Fusa Gnr: 40 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Geometri Koordinatsystem: (23) UTM sone 33 (EUREF89/WGS84) Nord: Øst: Metadata på digital stedfesting: Geometri datert: Oppretting og ansvar Registrert Dato: Ansvarlig etat: Hordaland fylkeskommune Utført av: Trond Eilev Linge Instans: Hordaland Registreringstype: Veiplanregistrering fylkeskommune Utfyllende opplysninger Beskrivelse: Det er påvist to adskilte dyrkingslag i sjakt 1 lengst nord i området. C14 datert til /-70bp ( f. Kr.) og /- 80 bp ( f Kr.) (T og T-19172). Er avgrensa av negative sjakter og bergparti. Ein struktur påvist i sjakt 4 på flata i søraust: sirkulær nedgraving med kolblanda humus og heller. AMS-datert til /-35 bp ( e. Kr) (TUa-6843). Kartmarkeringa syner antatt utbreiing av dyrkingslag og strukturar. Terrengbeskrivelse: Dyrka mark. Terrenget skrånar mot vest. Orientering: Ligg på dyrka mark rett vest for fylkesveg 122 mellom Fusa og Skåte Tilhørende enkeltminner 1 Dyrkingsflate AUT Tilstand registrert den (1 of 3) :39:55
19 Lokalitet Arkeologisk lokalitet - Bosetning-aktivitetsområde - Skjørsand - Bosetningsspor Tilstand: Årsak: Arealbruk: Registrert dato: Registrert av: Utførende instans: Oppdragsgiver: Vernestatus for lokalitet Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 Enkeltminne Arkeologisk enkeltminne - Dyrkingsflate - Klassifisering Kategori: Arkeologisk enkeltminne Art: Dyrkingsflate Opprinnelig funksjon: Landbruk Hovedgruppe: Primærnæringer Status: Stedfesting Fylke: Hordaland Kommune: Fusa Eiendomsopplysninger Kommune: Fusa Gnr: 40 Festenr: 0 Bnr: 1 Seksjonsnr: 0 Datering Datering: Bronsealder - jernalder Metode: Radiologisk (C 14) Eksakt datering: Kvalitet: Dokumentert Utfyllende opplysninger Vernestatus for enkeltminne Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: Kulturminneloven av 1978 Tinglystdato: Paragraf: 4 Sikringssone (2 of 3) :39:55
20 Lokalitet Arkeologisk lokalitet - Bosetning-aktivitetsområde - Skjørsand - Bosetningsspor Beskrivelse: Sikringssone på: 5 meter Vernetype: Automatisk fredet Vernedato: Lovgrunnlag: KML Paragraf: 6 (3 of 3) :39:55
21
22
Kulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med reguleringsplan for Våga gnr. 83 bnr. 2 Sveio kommune Rapport 11
DetaljerKuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for Kuventræ, Os k. Rapport 15 2 0 0 9
Kuventræ 54/11 og 54/26. Os kommune. Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187 fylkeskonservator
DetaljerSkulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune
Skulestadmo gbnr. 58/163, 43 og gbnr. 59/2, 26 Voss kommune Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Arkeologisk registrering i samband med ny gardsveg på gnr. 196/2 og 3, Gjernes i Voss kommune Rapport 6
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Spissøy, gnr. 27 og 29, Austevoll kommune. Rapport 6 2006 Forord Etter omorganiseringa
DetaljerF7 Rydningsrøys. C analyse ble datert til middelalder, kalibrert datering 1260-1320 og 1350-1390 e. Kr. F9 Steingjerde
F7 Rydningsrøys Mål: Lengde: 4,5 m, bredde 2,5 m, høyde 40 cm. Rydningsrøys på en bergknaus. Steinene er for det meste nevestore, men det er enkelte større steiner. Det er kun et tynt lag med steiner på
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med oppstart av reguleringsplan for Ytrebygda, gnr 30 bnr 15 m.fl.,
DetaljerInnhald. Vedlegg: Fotoliste Utskrift frå Askeladden Oversikt over alle sjaktene som vart gravne i planområdet C-14-skjema
Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne i plansaker overført til fylkeskommunane. I Hordaland fylkeskommune er det Seksjon for kulturminne
DetaljerFørhistoriske busetnadsspor på gnr. 43, Ytre Tysse i Samnanger kommune
Førhistoriske busetnadsspor på gnr. 43, Ytre Tysse i Samnanger kommune Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187
DetaljerKulturhistoriske registreringar i samband med reg.plan for Havlandet, Sakseid del av gnr 5-1, Bømlo kommune. Rapport 5 2 0 0 9. Kontaktinformasjon
Kontaktinformasjon Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239185 eksp. Hordaland fylkeskommune, Kultur og idrettsavdelinga...55239187 fylkeskonservator Rapport 5 2 0 0 9 Kulturhistoriske
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med reguleringsplan for Dørøya, Espevær, gnr. 146 bnr. 154 m.fl., Bømlo
DetaljerØK-kart Gårdsnr. -navn. Bruksnr. -navn 41 Norderås 1 Norderås 42 Ås 7 Ås kirkegård II. Funn: Det ble registrert et bosetningsområde R117067.
Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med VA-ledning fra 42/7 Ås kirkegård II til 41/1 Norderås i Ås kommune, Akershus. ØK-kart Gårdsnr. -navn. Bruksnr. -navn CO039-5-1
DetaljerRegistreringsrapport
S.nr.10/6574 17.juni 2011 Registreringsrapport Reguleringsplan - Pentagon UMB Ås kommune David J. A. Hill Arkeologisk feltenhet, Akershus fylkeskommune Pentagon- UMB Innhold Landskap og kulturmiljø...
DetaljerKulturhistoriske registreringar. Arna Jordsortering, gnr. 300, bnr. 3 m.fl. - Bergen kommune Rapport
Kulturhistoriske registreringar Arna Jordsortering, gnr. 300, bnr. 3 m.fl. - Bergen kommune Rapport 38 2015 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne
DetaljerErvesundet, Sveio kommune Gnr. 105, bnr. 5, 10, 12, 14, 39
Ervesundet, Sveio kommune Gnr. 105, bnr. 5, 10, 12, 14, 39 Rapport 44 2 0 0 9 Kulturhistoriske registreringar i samband med reguleringsplan for bygging av hytter og naust med tilhørande friluft- og fellesareal.
DetaljerMongstad sør, Statoil industriområde
Mongstad sør, Statoil industriområde Gnr. 127 bnr. 123 m.fl. i Lindås kommune Gnr. 129, bnr. 19 m.fl. i Austrheim kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR REGULERINGSPLAN FOR INDUSTRIOMRÅDE RAPPORT 2011
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G GNR/BNR 24/1, 25/22 MFL. SOGNDAL KOMMUNE 1. Sjakt A sett
DetaljerFunn: Det er registrert et automatisk fredet kulturminne i planområdet.
Vår ref.:07/03628 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av deler av Gran gbnr. 34/8, i Fet kommune, Akershus fylkeskommune. ØK-kart Gårdsnr. /-navn. Bruksnr.
DetaljerVik, gnr. 4/110, Eidfjord kommune
Vik, gnr. 4/110, Eidfjord kommune Rapport 6 2 0 0 9 Kulturminneregistreringar Søknad om dispensasjon for brakkerigg 19-20.02.09 og 23.02.09 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart
DetaljerFunn: Det ble registrert fire lokaliteter fra eldre steinalder under kulturminneregistreringen.
Vår ref.: 06/13204 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av Li, gbnr. 39/265 mfl. i kommune, Akershus fylke. ØK-kart Gårdsnr. /-navn. Bruksnr./-navn CO043-5-4,
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om
DetaljerØstfold fylkeskommune
Østfold fylkeskommune Fylkeskonservatoren 2013/268 HOVSVEIEN 44 HALDEN KOMMUNE Figur 1. Nordaustre del av planområdet. I bakgrunnen skimtast sjakt 1-3. Mot SA. Jan Berge 2013/14 1 RAPPORT FRÅ ARKEOLOGISK
DetaljerFunn: Det ble registrert en steinalderlokalitet (R 89461)innenfor planområdet
Vår ref.: 04/05176 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med reguleringsplan på Kjærnes, gbnr. 111/1, 82, 125, 168, 187, 212, 235, i Ås kommune, Akershus fylke. V/Stig
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G LANDBASERT FISKEOPPDRETTSANLEGG PÅ ORTNESET GNR/BNR 131/
DetaljerSkien kommune Griniveien
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Skien kommune Griniveien GNR. 57, BNR. 21 Fra planområdet. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Skien Gardsnavn: Søndre Grini Gardsnummer:
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G REGULERINGSPLAN HESJASLETTA GNR/BNR 26/28, 6/12, 6/17,
DetaljerAugust Baugstø Hanssen 1.12.2008 Akershus fylkeskommune
Rapport fra utvidet registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av G.M. Brydesvei 34, gbnr. 64/22 i Asker kommune, Akershus fylke. V ed August Baugstø Hanssen. 30.6-4.7.2008.
DetaljerArkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr
Ein tydeleg medspelar Arkeologisk rapport nr: Kristiantunet II Godøy Gnr, b.nr Heidi A Haugene Forord Eit kulturminne er eit spor etter menneskeleg liv og virke i vårt fysiske miljø, som til dømes ein
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G REGULERINGSPLAN SÆBØ 2 GNR./BNR. 1/24 VIK KOMMUNE Utsyn
DetaljerFunn: Det ble registrert ett automatisk fredet kulturminne. Vår ref.:07/2605
Vår ref.:07/2605 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med graving av vann/kloakk og gjenoppføring av bolig på gbnr. 27/2 i Bærum kommune, Akershus fylkeskommune ØK-kart
DetaljerRAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAV D E L I NGA RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING DETALJREGULERING AV GARTNERHAGEN GNR/BNR 28/48 FLORA KOMMUNE Utsyn over Gartnerhagen. Mot NA. Foto: Karoline Hareide
DetaljerForord... 4. 1.0 Samandrag... 5. 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga... 6. 3.0 Området... 7
2 Innhald Forord.......... 4 1.0 Samandrag......... 5 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga..... 6 3.0 Området......... 7 4.0 Kulturhistorisk riss........ 8 4.1 Automatisk freda kulturminne...... 8 4.2
DetaljerFunn: Det ble registrert to områder med dyrkningsspor fra nyere tid innenfor planen.
Vår ref.: 09/4087 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med reguleringsplan på gbnr. 19/3,4,51,59 m.fl. for Haraldvangen i Hurdal kommune, Akershus fylkes. ØK-kart Gårdsnr.
DetaljerRAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING
SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE KULTURAV D E L I NGA RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING DETALJREGULERING FOR THORSNES GNR/BNR 26/ 5 BALESTRAND KOMMUNE Sjakt 1 på Thorsnes, Balestrand kommune. Mot A. Foto:
DetaljerKjønstadmarka Kjønstad gnr/bnr 7/1 Levanger Kommune Nord-Trøndelag. Figur 1: Oversiktsbilde før avdekking. (Ruth Iren Øien)
Kjønstadmarka Kjønstad gnr/bnr 7/1 Levanger Kommune Nord-Trøndelag Figur 1: Oversiktsbilde før avdekking. (Ruth Iren Øien) 1 Figurliste... 2 Sammendrag... 3 Praktiske opplysninger.... 4 Bakgrunn for undersøkelsen:...
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar i samband med oppstart av reguleringsplan for Ytrebygda, gnr 109 bnr 10 m.fl.,
DetaljerArkeologisk registrering
Rapport 19 2017 Arkeologisk registrering Reguleringsplan Frøylandsbekken Seksjon for kulturarv Kulturavdelingen Gnr. 28 Bnr. 9 & 881 Time Kommune Figur 1: Oversiktsfoto av maskinell sjakting i den sørøstlige
DetaljerRegistreringsrapport
21. oktober 2011 Registreringsrapport Busslomme Ruter, Vinterbro gbnr. 115/1 m. fl. Ås kommune Christine Boon Arkeologisk feltenhet, Akershus fylkeskommune 1 Busslomme Ruter, Vinterbro Innhold Innledning...
DetaljerKulturhistoriske registreringar. Kronheimtomten gnr. 107 bnr. 33, 453 Bergen kommune Rapport
Kulturhistoriske registreringar Kronheimtomten gnr. 107 bnr. 33, 453 Bergen kommune Rapport 8 2015 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk freda kulturminne
DetaljerEspeland-Grindheim øvre Delar av gnr. 12 og 14 Bømlo kommune. Rapport 26 2011
Espeland-Grindheim øvre Delar av gnr. 12 og 14 Bømlo kommune Kulturhistoriske registreringar reguleringsplan for bustadfelt. Rapport 26 2011 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G REGULERINGSPLAN FOR LIA GNR/BNR 3/1, 3/2 ASKVOLL KOMMUNE
DetaljerTELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Siljan kommune Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75 RAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Siljan Gardsnamn: Solvika Gardsnummer: 15 Bruksnummer:
DetaljerHORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Saksnr 07 NOV, 2013 3Ls'S- u.off. Saksbeh.11:1(1 Kop 3L Vår ref.: (nyttast ved
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Arkeologisk registrering i samband med reguleringsplan for Linga Camping. Gnr. 101/1 Linga Store, Kvam
DetaljerBjørneparken kjøpesenter, 2018/4072 Flå kommune
Bjørneparken kjøpesenter, 2018/4072 Flå kommune Buskerud fylkeskommune Utviklingsavdelingen mai 2018 Saksnavn Bjørneparken kjøpesenter Vikberget gnr 24 bnr 94 og gnr 25 bnr 4 Flå kommune - detaljregulering
DetaljerR A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G
S O G N & F J O R D A N E F Y L K E S K O M M U N E K U L T U R A V D E L I N G A R A P P O R T F R Å K U LT U R M I N N E R E G I S T R E R I N G VARSEL OM REGULERINGSARBEID GBNR 56/45 NORDFJORDEID GNR/BNR
DetaljerRingheim gnr. 50 bnr. 2, 24, gnr 52 bnr 3, og gnr 53 bnr 1, med fleire. Voss kommune. Rapport 52 2010
Ringheim gnr. 50 bnr. 2, 24, gnr 52 bnr 3, og gnr 53 bnr 1, med fleire. Voss kommune Kulturhistoriske registreringar reguleringsplanendring for VANGSTUNNELEN Rapport 52 2010 Forord Etter omorganiseringa
DetaljerFRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201204244-14 Arkivnr. 714 Saksh. Nordmark, Per, Slinning, Tore, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 05.03.2013
DetaljerLars Andersson 01.02.2010 Akershus fylkeskommune
Vår ref.: 09/10998 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med reguleringsplan av gang- og sykkelvei langs rv. 152- Dalsbakken-Glenne på gbnr. 48/1m.fl, 50/1 m.fl, 90/1m.fl
DetaljerRAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING. Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE
RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Detaljreguleringsplan for Solvika Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE Kommune: Fjaler Gardsnamn: Solvika Gnr/Bnr: 29/2, 29/9, 29/8 Tiltakshavar: Adresse: Sunnfjord
DetaljerNotodden kommune GS Ylikrysset - Flyplassen
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Notodden kommune GS Ylikrysset - Flyplassen GNR. 63, BNR. 6, 8, 35 RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Notodden Gardsnavn: Gardsnummer:
DetaljerARKEOLOGISKE REGISTRERINGER
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Skollevoll Gnr 36 Bnr 343 Farsund kommune Rapport ved Yvonne Olsen R A P P O RT F R A K U LT U R H
DetaljerKULTURHISTORISK REGISTRERING
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Fyresdal kommune Hegglandsgrend Haugen øvre GNR. 44, BNR. 1 RAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Fyresdal Gardsnamn: Haugen øvre Gardsnummer:
DetaljerRå gnr. 119 bnr. 3, 35 mfl. Bergen kommune
Rå gnr. 119 bnr. 3, 35 mfl. Bergen kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR I SAMBAND MED BYGGING AV IDRETTSANLEGG RAPPORT 12 2014 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret
DetaljerArkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen
Ein tydeleg medspelar Arkeologisk rapport nr. 3/2013: Mardalsmoen Eikesdalen, gnr. 79 i Nesset kommune Kristoffer Dahle 4 Innhald Forord.......... 6 1.0 Samandrag......... 7 2.0 Bakgrunn og formål med
DetaljerKulturminner i Nordland
Kulturminner i Nordland Arkivsak nr.: 12/5696 Befaringsdato: 21.24.5., 27.29.5., 30.5. og 4.6.2013 Kommune: Meløy Gård: Sørfore Øvre og Dalen Gnr. 67 og 70 Formål: Områderegulering gang og sykkelveg FV17
DetaljerFunn: Det ble registrert ett automatisk fredet kulturminne i planområdet
Vår ref.: 10/1089 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av Batteriveien 1, Seiersten på gbnr. 70/1 i Frogn kommune, Akershus fylkeskommune ØK-kart Gårdsnr.
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Arkeologisk registrering i samband med oppstart reguleringsplan for Rv 565 i Radøy kommune Rapport 21 2007
DetaljerSkien kommune Sanniveien
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Skien kommune Sanniveien GNR. 80, BNR. 10 OG GNR. 82, BNR. 3 Figur 1. Del av planområdet. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune:
DetaljerSkien kommune Gulset senter
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Skien kommune Gulset senter GNR. 2, BNR. 286, MFL Sjakting nordøst for Gulset kirke RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Skien
DetaljerArkeol ogi sk Kommune: Ørland Ra p p ort Gårdsnavn: Hårberg
. Arkeol ogi sk Kommune: Ørland Ra p p ort Gårdsnavn: Hårberg Gårdsnr./bnr.: 69/9 Arkivsaksnr.: 201410959-8 Kopi: Forsvarsbygg, Ørland kommune, NTNU Vitenskapsmuseet Vedlegg: utdrag fra dateringsrapport
DetaljerFunn: Det ble registrert en automatisk fredet hulvei, et nyere tids rydningsrøysfelt og tre veifar fra nyere tid.
Vår ref. : Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av deler av Fylkesvei 82/Fagerstrandveien i Frogn kommune, Akershus fylke. ØK-kart Gårdsnr. -navn. Bruksnr.
DetaljerRegistreringsrapport
Snr.10/16116 15 novembre 2011 Registreringsrapport Mastemyr industriområde gnr. 39 Li Helan Recasens Sala Arkeologisk feltenhet, Akershus fylkeskommune 1 Mastemyr industriområde Innhold Innledning... 3
DetaljerSøreide gnr. 36 bnr. 1, 3, 408 og 442, m.fl. og gnr. 35 bnr. 6 Bergen kommune
Søreide gnr. 36 bnr. 1, 3, 408 og 442, m.fl. og gnr. 35 bnr. 6 Bergen kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR REGULERINGSPLAN FOR SØREIDE SENTRUM. RAPPORT 24 2010 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet
DetaljerArkeologisk befaring/vurdering av mulig fangstgrav
NIKU Oppdragsrapport 165/2011 Arkeologisk befaring/vurdering av mulig fangstgrav Gomsrud, Industrivei, går/b.nr 8626/1 Kongsberg, Buskerud Knut Paasche NIKU prosjektnummer/ årstall 15620481 / 2011 Berørt
DetaljerARKEOLOGISKE REGISTRERINGER
REGIONALAVDELINGEN EN FYLKESKONSERVATOREN ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Hølleveien Bnr 23, 72 og 18 Gnr 1,23, 46, 16, 93 189, m.fl. Søgne kommune Rapport ved Joakim Wintervoll RAPPORT FRA ARKEOLOGISK BEFARING/REGISTRERING
DetaljerSkien kommune Kongerød skole
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Skien kommune Kongerød skole GNR. 223, BNR. 16 M.FL. Bilde 1: Kongerød skole, Skien. R A P P O RT F R A K U LT U R H I S T O R I S K B E FA R I N G /
DetaljerPorsgrunn kommune Gravaveien - Heistad
TELEMARK FYLKESKOMMUNE ARKEOLOGISK REGISTRERING Porsgrunn kommune Gravaveien - Heistad GNR. 65, 66, 67, 69, BNR. 3, 8, 9, 13, 85, 116 Figur 1. Oversikt over planområdet. Gravemaskinen fyller igjen sjaktene.
DetaljerARKEOLOGISK REGISTRERING
NÆRINGS-, SAMFERDSEL- OG KULTURAVDELINGEN FYLKESKONSERVATOREN ARKEOLOGISK REGISTRERING BERGESLETTA GNR. 168 YTRE BERGE OG GNR. 167 ØVRE BERGE LYNGDAL KOMMUNE Rapport ved Endre Wrånes Bakgrunn for undersøkelsen
DetaljerSkien kommune Bergan gnr 268 07-4112
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Skien kommune Bergan gnr 268 07-4112 GNR. 268, BNR. 9 OG 44 Bilde 1 P8310116 Utsikt fra grunneier Oppebøens gård, tatt mot Norsjø i nordøst. R A P P
DetaljerFunn: Det ble registrert to automatisk fredete kulturminner og to nyere tids kulturminner
Vår ref.: 10/8505 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av Rykkinveien 100 gbnr 94/23, Bærum kommune, Akershus fylkeskommune. ØK-kart Gårdsnr. /-navn.
DetaljerFunn: Det ble registrert ett automatisk fredet kulturminne innenfor planen
Vår ref.: 10/2127 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av Nesbru vgs, gbnr. 32/6, 239 i Asker kommune, Akershus fylkeskommune ØK-kart CL044-5-4 Gårdsnr.
DetaljerBausje Gnr 32 og 33 bnr diverse Farsund kommune
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Bausje Gnr 32 og 33 bnr diverse Farsund kommune Rapport ved Bente Isaksen R A P P O RT F R A A R K
DetaljerPorsgrunn kommune Stridsklev Ring/Malmvegen
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Porsgrunn kommune Stridsklev Ring/Malmvegen GNR. 52, BNR. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Porsgrunn Gardsnavn: Gardsnummer:
DetaljerARKEOLOGISKE REGISTRERINGER
NÆRINGS-, SAMFERDSEL- OG KULTURAVDELINGEN FYLKESKONSERVATOREN ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER SKINNARSMOEN Gnr 103 Bnr 4,5,23,42 SONGDALEN KOMMUNE Figur 1: Flyfoto over Skinnarsmoen Rapport ved: Ann Monica
DetaljerRapport fra arkeologisk registrering
STED: STAUPSLIA KOMMUNE: LEVANGER GNR/BNR: 4/1 SAKSNUMMER: 15/09028 ASKELADDEN ID: 219688 Rapport fra arkeologisk registrering Figur 1: Oversiktsbilde før sjakting, mot NV. Foto: IMK/NTFK. Reguleringsplan
DetaljerArkeol ogi sk Kommune: Ørland Ra p p ort Gårdsnavn: Røstad
. Arkeol ogi sk Kommune: Ørland Ra p p ort Gårdsnavn: Røstad Gårdsnr./bnr.: 81/2 og 10 Arkivsaksnr.: 201509112-7 Kopi: Ørland kommune, NTN U Vitenskapsmuseet Vedlegg: Kartvedlegg Ved/dato: Ingvild Sjøbakk,
DetaljerNotodden kommune Gransherad - Ormemyr
TELEMARK FYLKESKOMMUNE ARKEOLOGISK UTGRAVING Notodden kommune Gransherad - Ormemyr Bildet viser kullgrop 116749-1 under utgravning. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Kommune: Notodden Gardsnavn:
DetaljerSkien kommune Bakkane
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Skien kommune Bakkane GNR/ BNR. 216/2, 217/205, 217/283 1: Hovedhuset på Bakkane gård. Bildet er tatt mot vest. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING
DetaljerKnibe Gnr 52 Bnr 1 Søgne kommune
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Knibe Gnr 52 Bnr 1 Søgne kommune Rapport ved Hege Andreassen R A P P O RT F R A A R K E O L O G I S
DetaljerHøva barnehage, Nes kommune. 2015/3092 Nes
Høva barnehage, Nes kommune 2015/3092 Nes Buskerud fylkeskommune Utviklingsavdelingen januar 2016 Saksnavn Høva barnehage gnr 53 bnr 68. 123 og del av bnr 5 Høva - Nesbyen Nes kommune varsel om oppstart
DetaljerFagerdalen, Bergen kommune
Fagerdalen, Bergen kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR REGULERINGSPLAN FOR FAGERDALEN BUSTADOMRÅDE, OLSVIK BERGEN KOMMUNE RAPPORT 7 2014 Innhaldsliste: 1. Samandrag... 1 2. Området... 1 3. Nyare tids
DetaljerKULTURHISTORISK REGISTRERING
TELEMARK FYLKESKOMMUNE REGIONALETATEN KULTURHISTORISK REGISTRERING I SKIEN KOMMUNE MÆLA GNR. 4, BNR. 215 Ill. oversiktbilde over undersøkelsesområde mot vest. RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING
DetaljerFyresdal kommune Grunnvik
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Fyresdal kommune Grunnvik GNR. 36, BNR. 5 Figur 1. Rydningsrøys og sjakt 2 i planområdet RAPPORT FRA KULTURHISTORISK BEFARING/REGISTRERING Navn på sak:
DetaljerTrøndelag fylkeskommune Seksjon Kulturminner
Rapport fra arkeologisk registrering. Ny vannledning over prestegårdsjordet ved Slættet, Ørland kommune Saksnr. 201840317 Tiltak Ny vannledning mellom Brekstad og Grande Kommune, gnr/bnr Delstrekning ved
DetaljerKulturhistoriske registreringar
Kulturhistoriske registreringar Avdeling for Kultur og Idrett Koke- og avfallsgroper frå bronsejernalder Kollanes 117/4 Granvin Herad Rapport 5 2003 Området 1 Innberetning om funn av førhistoriske anlegg
DetaljerFunn: Det er registrert ett nyere tids kulturminne.
Vår ref.: 07/3451 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med tiltak i 86/87 Torggata 2-Handelshuset Drøbak i Frogn kommune, Akershus fylkeskommune. ØK-kart Gårdsnr. /-navn.
DetaljerRAPPORT KULTUR AVDELINGEN S EKSJON FOR KULTURARV. GNR. 29 BNR. 7 Hå kommune
RAPPORT 69 2015 KULTUR AVDELINGEN S EKSJON FOR KULTURARV GNR. 29 BNR. 7 Hå kommune Forord Kulturavdelingen ved Fylkeskommunen er førsteinstans og den regionale kulturminnemyndigheten i Rogaland fylke.
DetaljerR E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N. Huseby 2/32 Farsund kommune
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Huseby 2/32 Farsund kommune R A P P O RT F R A A R K E O L O G I S K B E FA R I N G / R E G I S T R
DetaljerKulturminnearbeid i Asplan Viak. Eit fagfelt dekka av Asplan Viak
arbeid i Asplan Viak Eit fagfelt dekka av Asplan Viak 2 Nye kvalitetsplaner Fagfeltet kulturminnevern Eit eige forretningsområde i AV brei kulturminnefagleg kompetanse. Overordna analysar (t.d KVU) KU
DetaljerKragerø kommune Rv 38 Eklund - Sannidal
TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Kragerø kommune Rv 38 Eklund - Sannidal Dette bildet, som ble fremskaffet av Sigmund Heldal fra Sannidal Historielag, viser området rundt Sannidal stasjon
DetaljerFunn: Det er registrert tre automatisk fredete kulturminner.
Vår ref.: 09/12653 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av gbnr. 123/8 Dalen østre m.fl, Eidsvoll kommune, Akershus fylke. ØK-kart Gårdsnr. /-navn. Bruksnr.
DetaljerINNHOLD SAMMENFATNING OG VURDERING AV UNDERSØKELSEN PÅ AMONDAMARKA BAKGRUNN TOPOGRAFI... 5
INNHOLD INNHOLD... 0 1. SAMMENFATNING OG VURDERING AV UNDERSØKELSEN PÅ AMONDAMARKA... 4 2. BAKGRUNN... 4 2. TOPOGRAFI... 5 3. UNDERSØKELSESMETODER OG FORLØP... 6 3.1 Problemstillinger... 6 3.2 Metode og
DetaljerBildøy gnr. 34 bnr. 523 m.fl. Fjell kommune
Bildøy gnr. 34 bnr. 523 m.fl. Fjell kommune KULTURHISTORISKE REGISTRERINGAR OMRÅDEPLAN BRANNDALSÅSEN RAPPORT 26 2014 Forord Etter omorganiseringa av kulturminnevernet i 1990 vart ansvaret for automatisk
DetaljerR E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N. Ytre Åros. Gnr 20 Bnr 1, 160 m. fl. Søgne kommune. Rapport ved Morten Olsen
R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Ytre Åros Gnr 20 Bnr 1, 160 m. fl. Søgne kommune Rapport ved Morten Olsen R A P P O RT F R A A R K
DetaljerFunn: Det ble registrert en boplass fra steinalderen innenfor planområdet.
Vår ref.: 04/10356 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med regulering av del av gbnr. 140/1 Soprim i Aurskog-Høland kommune, Akershus fylkes. V/Lars Andersson 12.11
DetaljerVed/dato: Ingvild Sjøbakk, Arkeologisk registrering i forbindelse med utvidelse av kirkegården ved Stadsbygd kirke, Rissa kommune.
Arkeologisk rapport Kommune: Rissa Bruksnavn: Stadsbygd kirkegård tillegg Gårdsnr. /bnr.: 13/1 Ref.: Arkivsaksnr. 201609350- Kopi: Grunneier, NTNU - Vitenskapsmuseet Vedlegg: 3 stk. Kulturminne-id: 221309
DetaljerØK-kart Gårdsnr. -navn. Bruksnr. -navn CS Asak 1 Asak søndre
Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med ny vann og kloakkledning gbnr. 55/1 Asak søndre i Sørum kommune, Akershus fylke. ØK-kart Gårdsnr. -navn. Bruksnr. -navn CS048-5-3
DetaljerFunn: Det ble registrert et automatisk fredet kulturminne i form av to kokegroper.
Vår ref.: 07/10889 Rapport fra registrering av automatisk fredete kulturminner i forbindelse med sjakting av kabelgrøft på gbnr. 55/1 m.fl. og 56/2 m.fl. i Skedsmo kommune, Akershus fylkes. ØK-kart Gårdsnr.
DetaljerARKEOLOGISKE REGISTRERINGER
1 R E G I O N A L A V D E L I N G E N F Y L K E S K O N S E R V A T O R E N ARKEOLOGISKE REGISTRERINGER Repstadveien 332 Gnr 67 Bnr 6 Søgne Kommune Figur 1 Oversikt tiltaksområde, sett mot nord Rapport
Detaljer