Øyvind Vågnes. Sone Z. Roman

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Øyvind Vågnes. Sone Z. Roman"

Transkript

1

2 Øyvind Vågnes Sone Z Roman

3 DeGarve fekk meldinga alt dagen etter at Lil forsvann. Frå no av skulle han arbeide delar av tida si i sone B. Det var Wahl sjølv som kom ned og fortalde han det. Han skulle sjølvsagt framleis ha viktige oppgåver i sone Z. Det kunne Wahl forsikre han om. Det er berre for ei tid, sa han. Gudane skal vite at vi treng ein mann med di erfaring i Z. Men for ein periode vil eg at du skal dele tida di mellom dei to sonene. Eg trur det vil gjere deg godt. Han la ei hand på skuldra til DeGarve. Og du, sa han. Du bør jo ta nokre dagar fri. Ingen hadde venta at du skulle komme hit i dag. Lil hadde gått ut for å få seg litt mat. Mellom eitt og halv to ein gong. Dei var fleire på rettshjelpa som skulle arbeide utover kvelden. Ho kom ikkje tilbake. Ingen visste kvar ho hadde teke vegen. DeGarve hadde ringt Vincents, ein kollega i etterforskingsavsnittet. Dei var i gang, sa han. Men DeGarve skjønte det nok. Det kom til å bli vanskeleg å få saka skikkeleg etterforska. Byen var overvaka døgnet rundt. Likevel var det for mange forsvinningssaker. Politiet hadde ikkje ressursar til verkeleg å forfølgje dei. Dei kom vel til å gå ut ifrå at ein gjerningsmann hadde funne eit tilfeldig bytte. Han hadde klart å utføre udåden usett. DeGarve visste nok til ikkje å klandre dei for det. Lone hadde falle saman då dotter deira vart borte. Om

4 nokon verkeleg skulle leite etter Lil, måtte det bli han sjølv. Det var han som måtte snakke med venner, kollegaer. Det var han som måtte ta seg inn der, med ekstranøkkelen ho hadde gitt han, og gå gjennom alle eigedelane hennar. Skap og skuffer i alle rom. Han måtte endevende alt, høgst truleg utan å finne noko. Det var ikkje langt å gå. På det vesle kjøkkenbordet stod det ein tom kaffikopp. Ei strikkejakke hang over stolen. Han sette seg ved bordet og såg rundt seg. Det siste møtet deira. Heile rommet var fylt av det. Kor lenge var det sidan? Fleire månader. Over eit halvt år. Hadde det ikkje vore snø i gatene? Han hadde hatt med ein bukett. Ho hadde plassert blomane i ein vase i kjøkkenvindauget. Smurt eit par rundstykke, kokt te. Han hadde sett på henne når ho stelte til måltidet. Der står den vaksne dottera mi, hadde han tenkt. Denne kvinna ved benken, med ryggen til meg. Ein gong var ho ei lita jente. Mi vesle jente. Dei hadde snakka saman, han kunne ikkje hugse om kva. Laust og fast. Og så hadde det hendt. Ho hadde sett rett på han. Så hadde ho stilt spørsmålet. Etter ein slurk te, ut av ingenting. Ho som ikkje hadde vist noka interesse for arbeidet hans før. Tenkjer du nokon gong på dei, sa ho. På menneska, der ved muren. Det hadde vore noko med tonefallet.

5 Med måten ho såg på han på. Han måtte vike med blikket. Det var dette som var den vaksne dottera hans. Ho på andre sida av bordet. Som han ikkje orka å sjå i auga. Og no var stolen hennar tom. No var ho borte. DeGarve såg på inngangsdøra. Om ho berre kunne komme. Om berre døra kunne opne seg, og ho stod der. Så kunne dei setje seg ved bordet, igjen. Han vart sitjande slik litt og sjå bort på døra. Så vaska han den eine koppen med såpe og vatn, og låste seg ut. Wahl tok feil. Han kunne ikkje ta fri. Det var det siste han ville. Då kom han til å gå under. DeGarve trong nattskifta sine. Dei fekk han ut av soverommet. For det var om nettene dei kom tilbake til han. Dei kvite skuggane. I tankar, i draumar. Enten sov han ikkje, eller så sov han dårleg. Eller så tok han til pillane, igjen. Han hadde sett dei før. Kroppar det menneskelege auget ikkje kunne sjå i nattemørkeret. Men han kunne sjå dei. Det var ikkje lyset kameralinsa hans fanga. Det var varmen. Så lenge dei heldt på kroppsvarmen, dukka dei opp der, på skjermen til DeGarve. Som elektriske signal. I videobilda frå det ubemanna flyet han sat der og styrte, i båsen sin. Han fann dei ved foten av muren dei ville over, som strekte seg langs heile den tynne kyststripa som utgjorde sone Z. Han fann dei i vasskanten, i bølgjene. Kvite

6 skuggar som steig fram og vart lys i alt det svarte. Han kom heim og gjekk til sengs. Men han enda med å dusje og stelle seg lenge før natta var omme. Det var ikkje første gong han sat fullt påkledd ved kjøkkenvindauget sitt i ellevte etasje og såg på at det lysna ute. Sola kom krypande over betonglandskapet under han, raudt mot grått. Han kunne hugse morgonar då dei hadde fått auge på ei skjor som trippa over karmen. Hadde ikkje Lil gitt fuglen eit namn? Men det var mange år sidan. Dei hadde forsvunne no, alle saman. Kråkefuglane, som sporvane og duene før dei. Det var det same med kvar art. Dei vart borte. Han hadde lese om det før han la merke til det. Dei tolte ikkje lufta lenger, stod det. Byen var tom for fuglar. Då han kom på jobb, fann DeGarve nye vaktlister i hylla si. Han tok dei med seg til pauserommet. For ein gongs skuld var han åleine der. Han henta seg kaffi, fann seg eit bord. Det første nattskiftet i sone B var til kvelden. Han tok ein slurk av koppen. Såg ut i det tomme rommet, kjende på nøkkelen i lomma. Tenkte på strikkejakka der, over stolen. Han byrja der han minst venta å finne noko, men likevel måtte leite. I skuffer og skap på kjøkkenet. Så gjekk han vidare til den vesle korktavla over kjøkkenbordet. Ei

7 kakeoppskrift, ei rekning. Ingenting av interesse. I veggkalenderen fann han avtalar av ulike slag. Tannlegetimar, frisør. Namn han ikkje kjende til. Kvifor hadde ho skrive Jakob på alle desse datoane i april? Etterpå var ingen Jakob å sjå. Kanskje han skulle ringe Lone? Dei møttest jo frå tid til anna, Lil og mora. Men så fekk han seg ikkje til det. Han visste ho klandra han for det. For brotet med dottera. Han bladde bakover i kalenderen. Der var det. På ein av datoane, i ein av firkantane midt på arket. Han kjende att handskrifta hennar. Far, stod det. Det siste møtet deira. Tenkjer du nokon gong på dei? På menneska, der ved muren? Han hadde løfta blikket til slutt, sett bort på henne. Eg gjer berre jobben min, hadde han sagt. Ho hadde sett på han, utan å seie noko. Så trilla ei tåre ned kinnet hennar. Du gjer berre jobben din, sa ho, og kremta. Eg trur du må gå. Han hadde reist seg, gått ut i gangen. Teke på seg yttertøyet, skoa. Vorte ståande der, i døropninga. Kan eg spørje kvifor, sa han. Kvifor kjem dette no? Men ho svarte ikkje. Sat der berre ved kjøkkenbordet, såg ut av vindauget.

8 Så gjekk han derifrå. Han hadde vel trudd at ho kom til å ringe han, etter kvart. Men det gjorde ho ikkje. Han hadde forsvunne ut av veggkalenderen. Ut av livet hennar. Og no var ho borte. DeGarve hadde makta å halde dei kvite skuggane på avstand. Videobilda var lydlause. Den eine stumme kroppen likna til forveksling den neste. Dei var alle berarar av temperatur. Det var difor han hadde føretrekt nattskiftet. Men no hadde alt endra seg, etter det siste møtet med dottera. Som om det var ho som tvinga dei på han, no. Det hjelpte ikkje å knipe att auga. Han kunne kjenne at dei var der, at dei omgav han. Ein eller annan stad på vegen hadde dei fått tydelege trekk. Han skjønte jo at fantasien spela han eit puss, men det hjelpte ikkje. Det hadde vorte råd å skilje dei frå kvarandre, dei var alle menneske med sine kjenneteikn. Langt mørkt hår, ei tatovering i nakken, ein stor ring i høgre øyre. Ei flenge etter piggtråden. No var det dei som såg på han. Dei var tause, med opne munnar. Som om dei prøvde å seie han noko, men ikkje fekk det til. DeGarve gjekk bort til kjøleskapsdøra hennar. Nokre fotografi var festa der, med raude, hjarteforma magnetar. Lil var tydelegvis med på eit orienteringslag. På eit av bilda var ho utstyrt med startnummer og panneband. Ho hadde stilt seg opp under trea saman med nokre andre

9 jenter. Dei smilte raudkinna mot kamera. Orienteringslaget Pan. Han la bildet i jakkelomma. Det hang eit foto av eit barn på døra, ei lita jente. Kanskje fire eller fem år, med langt lyst hår og blå auge. DeGarve ante ikkje kven det var. Han løfta det forsiktig ned, såg bakpå. Ingenting. Eit par andre bilde hadde noko kuriøst over seg, noko internt. Motiva var heilt ordinære. Men det måtte jo knyte seg eit eller anna til dei? Eit minne, kanskje. Det eine var av ein tom benk. Han kunne ikkje heilt sjå kvar det var. Han myste mot steinmuren bak benken og graset der. Kanskje ved Parkplassen? Det andre bildet såg ut til å ha vorte teke frå ein båt, inn mot land. Bak bølgjene kunne han sjå berg, klipper. Skog. Han kunne skimte menneske mellom trea der, meinte han. Om han kom tett nok på. Det stod ikkje noko bakpå desse fotografia heller. Øvst på døra hang det eit nærbilde av Lil. DeGarve plukka det ned, tok det med seg bort til kjøkkenbordet. Ho likna på mor si. Seg sjølv kunne han ikkje sjå i trekka hennar. Dottera såg ut til å ha tulla seg inn i eit badehandkle. Ho sat i lyset frå sola. Det glødde i det raude håret. Fotografen hadde komme så nært at han såg freknene hennar. Kven hadde teke det? Ein elskar, tenkte DeGarve. Det var då han kjende at det sokk i han, tungt. Kva var det han heldt på med? Ho hadde bede han om å gå. Om å forsvinne. Og her var han. Og rota rundt i tinga hennar. Den uønskte

10 etterforskaren. Han reiste seg og gjekk bort til kjøleskapet, festa bildet til døra igjen. Ingenting av dette kjem til å hjelpe, tenkte han. Han såg opp på bildet av dottera. Det var tarveleg, det han gjorde. Han gjekk ut i entreen, tok på seg yttertøyet sitt, og låste seg ut. Dei hadde bygd eit system som skulle vere vasstett. Kvar rørsle i kvar krok skulle dei få auge på, der på sentralen i sone C. Dei hadde auge og øyre over alt. Data flaut inn, natt og dag, rann som vatn gjennom huset. Men med all teknologien som var samla i bygget, måtte DeGarve likevel alltid vente på heisen som skulle ta han ned under bakken. Eg trur ikkje vi har helst på kvarandre? Mannen stod der brått, bakanfor DeGarve. Dei tok kvarandre i hendene. Clemet, sa han. Og du er DeGarve? DeGarve nikka. Døra opna seg, og dei steig inn. DeGarve festa blikket på kameraet oppe i hjørnet. Clemet vart ståande og sjå på han. Wahl kom og snakka med meg, sa han. Eg må innrømme eg vart overraska. Pausen som følgde, var akkurat lang nok til at DeGarve kunne ha skyte inn noko. Ei forklaring. Men han sa

Alt det lyse og alt det mørke

Alt det lyse og alt det mørke Brynjulf Jung Tjønn Alt det lyse og alt det mørke roman Til Helle, Olav, Ingeborg og Marie Fars fingrar kunne likne krokete greiner, og dei klumpete blodårene på oversida av handa likna snirklete røter.

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Simbegwire Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Då Simbegwire si mor døydde, vart ho veldig lei seg. Simbegwire sin far gjorde sitt beste for

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Eselbarnet Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Det var ei lita jente som først såg den mystiske skikkelsen i det fjerne. 2 Etter kvart som skikkelsen

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND DEL 1 1 Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred. Mamma likte ikkje at eg forstyrra når ho hadde besøk. Ho hysja og bad meg stikka av. Av og til kom det folk eg

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk av Martine Grande Berte og Iver og månen Nynorsksenteret Berte Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Det er kjekt å reise på oppdagingsferd i lag med

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN Det Norske Samlaget 2016 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9310-7 Om denne boka Kjærasten til Reiner døyr og han sørgjer slik over henne at

Detaljer

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det

FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland berre himmelen fjella, lyset. først er det FOLKEHELSEBLUES Dikt til plankonferansen i Hordaland 26.10.16 først er det berre himmelen fjella, lyset først er det berre blått i blått grått i grått vått i vått først er det berre grøftegraset risleraslelauvet

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet. Preike Matt 18, 12-18 Molde Domkirke 5.s i treenigheitstida, 23.06.2013 DEN GODE HYRDEN Eg vil starte med å vise eit bilete i dag. Det er eit bilete som i ein eller annan variant heng i mange heimar og

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur

NOR Nordisk barne- og ungdomslitteratur UNIVERSITETET I OSLO DET HUMANISTISKE FAKULTET ------------- Eksamen i NOR1302 - Nordisk barne- og ungdomslitteratur Høst/haust 2016 Tid: Onsdag 7. desember kl. 09:00 (4 timer). Sted: Seminarrom 3, 4 og

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

1982 Det Norske Samlaget  Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 1982 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN 978-82-521-7686-5 Om denne boka Du som er slik ein språkekspert, sa eg. Det er noko eg har lurt på.

Detaljer

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Birger og bestefar på bytur til Stavanger Birger og bestefar på bytur til Stavanger Denne dagen var heilt spesiell, for i dag skulle Birger få lov å bli med bestefar frå Hjelmeland der dei bur, til Stavanger, for å selja plommer på torget. Kvelden

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

2016 Det Norske Samlaget

2016 Det Norske Samlaget 2016 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim designstudio Skrift: Questa Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S Isbn: 978-82-521-9388-6 Forfatta ren har mottatt støtte frå Det faglitterære

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Magnus Osnes Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8839-4 Fire av dikta i denne boka var representert i Galleri Volt,

Detaljer

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Bestemors bananar Ursula Nafula Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Kjøkkenhagen til bestemor var full av durra, hirse og maniok. Men best av alt var bananane.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman

Magnhild Bruheim. Hyttemysteriet. Stian og Stine. Roman Magnhild Bruheim Hyttemysteriet Stian og Stine Roman Oslo 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Mystical Garden Design Førtrykk: Samlaget Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8760-1 Om denne boka Dagny har blitt storesøster,

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 Det Norske Samlaget 2014 www.samlaget.no Omslag: Mystical Garden Design Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8757-1 2. utgåva Om denne boka Motorsykkelmysteriet er

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden as ISBN 978-82-8238-166-6 (epub) ISBN 978-82-8238-160-4 (trykk) www.mangschou.no Bente

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk? Innlevert av 6 & 7 ved Fister skule og barnehage (HJELMELAND, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2012 Årets nysgjerrigper vart ein suksess på Fister skule. Hypotesene,

Detaljer

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage

MARS. Grøn og oransje. Skogatufto barnehage MARS Grøn og oransje Grøn gruppe har også denne månaden jobba med prosjektet «MEG SJØV». Me har blant anna vore å sett på husa til Emil og Yasmin, så no har me snart vore å sett på alle husa. Barna har

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

MI BRILJANTE VENNINNE

MI BRILJANTE VENNINNE Elena Ferrante MI BRILJANTE VENNINNE Bok I Barndom, tidleg ungdom Roman Frå italiensk ved Kristin Sørsdal Samlaget Oslo 2015 Originaltittel: L amica geniale Edizioni E/O, Roma 2011 Norsk utgåve: Det Norske

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS. MÅNADSBREV FOR MARS. Frøet Eg ligger bare her og gror og drikker vatn og spiser jord. Her er så varmt og mørkt og vått. Her er så fredelig og godt. I natt kom regnet lett på tå og banka ganske sakte på.

Detaljer

Sivert N. Nesbø. Som eit barn

Sivert N. Nesbø. Som eit barn Sivert N. Nesbø Som eit barn Til Ida Det blir kveld, og himmelen har letna. Eg går ut i den klåre angen og ser vatnet mørkne mot himmelen medan ei stille legg seg over oss. Du står på tunet når eg kjem,

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN Det Norske Samlaget 2017 www.samlaget.no Omslag: Magnus Osnes Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9316-9 Om denne boka Eit par er på reise i Afrika, men utset heimturen: Dei har

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Hva gjør du? Er det mine penger? Nei, du har tjent dem. Behold dem.

Hva gjør du? Er det mine penger? Nei, du har tjent dem. Behold dem. Int, kjøkken, morgen Vi ser et bilde av et kjøkken. Det står en kaffekopp på bordet. Ved siden av den er en tallerken med en brødskive med brunost. Vi hører en svak tikkelyd som fyller stillheten i rommet.

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Honningguidens hemn Zulu folktale Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Dette er historia om Ngede, honningguiden, og ein grådig ung mann ved namn Gingile. Ein

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd 1 09-11-07 13:04:28 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.

Detaljer

Lesley Koyi, Ursula Nafula Brian Wambi Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Lesley Koyi, Ursula Nafula Brian Wambi Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Den dagen eg drog heimanfrå for å dra til byen Lesley Koyi, Ursula Nafula Brian Wambi Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3 Den vesle busstasjonen i landsbyen min var travel og

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017.

HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017. HALVTÅRSRAPPORT, GRØN GRUPPE. VÅREN 2017. Personalet på grøn gruppe: Ingelin Eide ped.leiar. Gunnhild M. Hope, assistent. Det er 10 barn på gruppa, 5 gutar og 5 jenter. Dei 7 fagområda: 1.Kommunikasjon,

Detaljer

Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4

Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 På ferie hos bestemor Violet Otieno Catherine Groenewald Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 4 Odongo og Apiyo budde i byen med far sin. Dei såg fram til ferien. Ikkje berre fordi

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

DRAUM OM HAUSTEN av Jon Fosse Scene for mann og kvinne. Manuset får du kjøpt på

DRAUM OM HAUSTEN av Jon Fosse Scene for mann og kvinne. Manuset får du kjøpt på DRAUM OM HAUSTEN av Jon Fosse Scene for mann og kvinne Manuset får du kjøpt på www.adlibris.com Vi møter en mann og en kvinne som forelsker seg i hverandre. De har møttes før, men ikke satt ord på sine

Detaljer

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden Ulsteinvik 03.09.2016 Brødsbrytinga / nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1 Nynorsk Lundefuglnettene av Bruce McMillan Hvert år besøker svarte og hvite fugler med orangefarget nebb den islandske Kvart år besøkjer øya Heimøy.

Detaljer

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen. 1 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring (Opplæringslova 9a-1) Det vil seie at alle elevane : har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje 1 Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje Tidleg morgon i mai. Sol over messeområdet i Örebro, Sverige. Ti Bergen CK- veteranar klare til start, pent oppstilte på to linjer, alle i oppdaterte

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 Magozwe Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5 I den travle byen Nairobi, langt frå det trygge livet heime, budde det ein gjeng heimlause gutar. Dei

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette? I skuleåret 2015/16 gjekk vi frå å ha både nynorsk- og bokmålsundervisning kvart semester til å berre bruke ei målform kvart semester og berre vurdere elevane i den eine målforma det semesteret. I samband

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo Magnhild Bruheim Det som er sant Roman Oslo 2013 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8397-9 Om denne boka DET SOM ER SANT Solveig

Detaljer

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret Bok på 1-2-3 Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund Tverrfagleg opplegg for 1. 4. trinn i faga norsk, matematikk og naturfag. Tid: 90 minutt Utstyr og førebuing Kople opp pc med tilgang til

Detaljer

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... 7 Gjensidige pronomen... 7 1 PRONOMEN er ord som står i staden for substantiv.

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Månadsbrev Januar `18

Månadsbrev Januar `18 Månadsbrev Januar `18 Denne månaden har me hatt prosjekt med temaet «karneval og samar». Me valde i år å slå saman karneval og markering av samefolkets dag, difor har me no arbeidd med å verta kjende med

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Tidligere utgitt: Skinndød. Krim, 2010 (Gyldendal Norsk Forlag AS) Fantomsmerte. Krim, 2011 (Gyldendal Norsk Forlag AS)

Tidligere utgitt: Skinndød. Krim, 2010 (Gyldendal Norsk Forlag AS) Fantomsmerte. Krim, 2011 (Gyldendal Norsk Forlag AS) Tidligere utgitt: Skinndød. Krim, 2010 Fantomsmerte. Krim, 2011 Blodtåke. Krim, 2013 Den onde arven. Ungdomsbok, 2013 Våpenskjold. Krim, 2014 Banesår. Krim, 2015 2017 Kagge Forlag AS Omslagsdesign: Handverk

Detaljer

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1 KAPITTEL 15 NOREG 1 TANKEKART Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1 2 KVA BETYR ORDA? Langstrekt Arktis Antarktis Midnattssol Vêrmelding Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer