m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad"

Transkript

1 Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Nynorsk m j ø s o r m e n og andre uhyre Norsk for barnetrinnet 15795_Mjosormen_M_NN.indd :04:28

2 Mjøsa er den største innsjøen i Noreg. Han er meir enn fire hundre meter djup og rekk frå Minnesund i sør til Lillehammer i nord. Helgøya er ei øy i Mjøsa. På Helgøya ligg det fleire store gardar. Namnet Helgøya tyder «den heilage øya». nede I djupet Eg har vakse opp like ved Mjøsa. Mjøsa er djup, og vatnet kan ofte sjå heilt svart ut. Då eg var liten, sat eg ofte i ein robåt og kika ned i vatnet. Kva var det der nede i djupet? Fisk vel, seier du kanskje. Og fisk var det. Det var gjedde og sik, åbor og lake. Men var det noko meir? Noko vi aldri fekk i fiskegarnet eller på fiskekroken? Rett som det var, syntest eg eg såg lange skuggar som kappsumde med robåten vi sat i. Eg fekk vondt i magen kvar gong eg såg det. Kven eller kva var det som laga skuggane? _Mjosormen_M_NN.indd :04:48

3 Då eg var sju år, skulle eg lære å symje. Det var symjekurs på stranda. Den sommaren var vatnet i Mjøsa mykje varmare enn det pla vere. Unaturleg varmt, stod det i avisene. Ingen hadde noka forklaring. Dei vaksne snakka om det kvar dag. Dei fortalde gamle historier om folk som var blitt borte i Mjøs-djupet på varme sommarkveldar. No kom det nye historier til. Historier om båtar som blei funne att langt frå staden der dei var fortøydde. Historier om sauer som beitte i strandkanten og plutseleg blei søkk borte. Eg øvde på beintak og armtak heilt inne ved land. Heile tida surra orda til dei vaksne omkring i hovudet mitt. Var det ikkje ein skugge som for forbi under meg? Det kjendest nesten som om eg sparka borti noko. Der såg eg tydeleg noko mørkt fare utover. Kva var det? Eg grøssa og kom meg fort opp på land _Mjosormen_M_NN.indd :04:58

4 mj ø s o r m e n Trur du ikkje på meg kanskje? spurde Torbjørn. Eg visste ikkje kva eg skulle svare. Dersom eg sa nei, ville han kanskje bli sur og aldri snakke til meg meir. Dersom eg sa jo, kunne det hende han ville le av meg og tenkje at eg berre var ein lettlurt dritunge. Veit ikkje heilt, mumla eg. Og det var sant. Torbjørn fortel så mykje rart. Noko er kanskje sant, men eg trur han diktar litt sjølv òg. No hadde han nettopp servert ei fantastisk historie att. Om ein sjøorm. Du kan godt få heile historia, akkurat slik Torbjørn fortalde henne: For lenge sidan låg Hamar domkyrkje og bispeborga heilt nede ved breidda av Mjøsa _Mjosormen_M_NN.indd :04:58

5 Det var natt. Lars, ein av stallkarane* til biskop Mogens, vakna brått. Han syntest han hadde høyrt nokon underlege lydar nede frå stranda. Han stod opp, trekte på seg skorne og lista seg ut. Dei andre karane hadde visst ikkje høyrt noko. Dei sov så det dura i veggene. Sola hadde ikkje stått opp enno, men det var nesten lyst. Lars hutra litt og batt den tynnslitne kufta* tettare om seg. Så gjekk han raskt nedover mot stranda, der han meinte dei merkelege lydane hadde kome frå. * stallkar: ein som fôrar og steller hestar * kufte: langt, skjorteliknande plagg med belte i livet; i dag bruker vi ordet om strikkejakke _Mjosormen_M_NN.indd :04:59

6 Lars gjekk med faste og bestemte steg. Der vegen gjorde ein sving og heile stranda låg synleg framfor han, stoppa han brått og blei ståande heilt stiv. Det låg noko stort og mørkt på skjeret der ute! Skjeret var berre eit lite steinkast frå stranda, og Lars kunne tydeleg sjå at skapningen hadde lang hals og eit stort hovud. Hovudet såg ut til å ha man, akkurat som ein hest. Var det eit kjempestort hestehovud? Nei, dette var ingen hest. Ikkje noko anna dyr han kjende heller, så vidt han kunne sjå. Skapningen strekte seg mot himmelen og opna gapet. Lars hadde aldri før sett eit så digert gap. Han kjende at han skalv av redsle. Den kjempestore skapnaden gjorde _Mjosormen_M_NN.indd :05:02

7 nokon merkelege rørsler for å kome seg ut i vatnet att, men greidde det ikkje. Då kom det eit brøl frå skjeret, så kraftig og stygt at Lars aldri hadde høyrt maken. Brølet trengde seg inn i heile kroppen hans, det sprengde i øyra og la seg som ein stor klump i magen. Lars kjende at han blei kald som om han var frosen til is. Han bråsnudde og sprang oppover mot bispegarden. Men beina ville ikkje heilt lystre han, han meir snubla enn sprang. Kom! Hjelp! Eit uhyre på skjeret! Lars ropte så høgt han kunne. Han hadde nesten ikkje pust att då han nådde bispegarden. Der hadde nokon vakna av ropa hans. Dei kom forskrekka ut for å høyre kva som var på ferde. Så sprang dei saman med Lars frå dør til dør. Dei banka og ropte til det var blitt liv i alle tenestefolka. Nokre av prestane kom òg for å sjå kva som var grunne til alt oppstyret. Dei frykta det verste, for det hadde skjedd mange merkelege og uforklarlege ting i det siste. Folk var blitt urolege og redde. Til og med biskopen var skremd, særleg etter at han ei natt blei vekt av at kyrkjeklokkene brått begynte å kime. Då han gjekk ned i kyrkja for å sjå kven som ringde med klokkene, var det ingen som drog i taua klokkene ringde heilt av seg sjølv! Biskopen ville straks inn i kyrkja for å be. I same augneblinken som han sette foten i døropninga, begynte orgelet å spele men det sat ingen på orgelkrakken! No kika prestane seg nervøst omkring. Lars hadde jo vore heilt vitskremd då han kom springande og ropte om uhyret på skjeret. Skulle uhygga aldri ta slutt? _Mjosormen_M_NN.indd :05:02

Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad. leseserie Bokmål. m j ø s o r m e n. Norsk for barnetrinnet

Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad. leseserie Bokmål. m j ø s o r m e n. Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad leseserie Bokmål m j ø s o r m e n og andre uhyrer Norsk for barnetrinnet 15790_Mjosormen_M_BM.indd 1 16-11-07 13:32:48 Mjøsa er Norges største innsjø. Den

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte N Y N O R S K Trinn 3 5 Noteringshefte Personalia: Testpersonens namn:... Fødselsdato:... Norm:.. Skule/Institusjon:... Klasse:.... Testleiar:... Dato:.. Merknadar: 1. Leseflyt og leseforståing

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo Jon Fosse Kveldsvævd Forteljing Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8585-0 Om denne boka Kveldsvævd er ein frittståande

Detaljer

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn Dans meg Lat meg sjå deg utan andlet, lat meg gå med deg i skogen utan klede. Vis meg dit du aldri før har vore, sei meg det du aldri før har tenkt. Våg meg utan sko og utan pust. Dans meg dit du vil Hudsong

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan

Detaljer

Brannsår, rus eller friheit?

Brannsår, rus eller friheit? Brannsår, rus eller friheit? Eg la hendene bak ryggen og kneip meg sjølv i armen. Eg hadde førebudd meg på dette. Førebudd meg for den vonde heksa. Ho sat der, i sofaen, rusa. Alt var gitt opp, og no var

Detaljer

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid Matteus: Tid: Tidleg på 60-talet e.kr. Forfattar: Apostelen Matteus. Adressat: Jødar. Markus: Tid: En gang på 60- talet e.kr. Forfattar: Johannes Markus Adressat: Romarar

Detaljer

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen Det var ein gong ein liten geitekilling som hadde lært å telje til ti. Da han kom til ein vasspytt, stod han lenge og såg på spegelbiletet sitt i vatnet,

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE LESEKORT 1 A D Å B O V N F G I P L Y Ø U M S T Æ R E H J K a d å b o v N f g i p l y ø U m s t æ r e h J k LESEKORT 2 sa Vi ål du ør våt dyr syl klo båt lys tak Hest føle

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź marit kaldhol det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź roman Oslo 2014 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN 978-82-521-8437-2 Om boka

Detaljer

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Ståle Aklestad Preike Molde Domkirke 31.05.2015 Treeiningssøndag Det er treeinigssøndag. Og vi skal langt bort. Og djupt ned i jorda. For i Roma, nede i ei av katakombane, som er tidlege, kristne gravplassar,

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Forord Ein dag stod eg i stova til ein professor. Han drog fleire tjukke bøker ut av dei velfylte bokhyllene sine og viste meg svære avhandlingar; mange tettskrivne, innhaldsmetta, gjennomtenkte, djuptpløyande

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo Ein farleg klatretur Døveskolernes Materialelaboratorium, 1994 2. udgave 1. oplag Forfatter: H. P. Rismark Illustrationer: Henrik Taarnby Thomsen Tilrettelægging, layout, dtp, repro og tryk: Døveskolernes

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1 Nynorsk Lundefuglnettene av Bruce McMillan Hvert år besøker svarte og hvite fugler med orangefarget nebb den islandske Kvart år besøkjer øya Heimøy.

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012 Straumen går Vatnet kom som regn frå skyene det kom inn frå havet i tunge mørke skyer dei drog seg lågt inn over kysten og lét dropane falle det

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman Carl Frode Tiller Innsirkling 3 Roman OM FORFATTEREN: Carl Frode Tiller (f. 1970) er ein av dei fremste forfattarane i norsk samtidslitteratur. For dei fire romanane Skråninga (2001), Bipersonar (2003),

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal leseserie Nynorsk Dø D e n i D ø r a Norsk for barnetrinnet 15800_Dodenidora_NN.indd 1 05-12-07 08:17:16 Fuglen hans er død. Kim spring over markene og

Detaljer

spøkjelse I HUS MED EIT >>>

spøkjelse I HUS MED EIT >>> spøkjelse I HUS MED EIT Ein gong styrte ho garden med jernhand. Heller ikkje etter sin død i 1913 greidde Oline å sleppe taket på Åmot gard i Bygstad. Ikkje før ho fekk fortelje historia si. >>> 26 JULEMAGASINET

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda III Oslo Det Norske Samlaget 2013 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8374-0 Om denne boka Siste boka i lesaranes

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Tor Arve Røssland. Oslo

Tor Arve Røssland. Oslo Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda Oslo Om denne boka Ei ung jente blir funnen knivdrepen i heimen sin. Mordet blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år. Når Elisabeth

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Jon Fosse. Lilla. Skodespel Jon Fosse Lilla Skodespel Personar BASSISTEN 2 Ei uvanleg brei jerndør opnar seg og Guten kjem inn, held døra open, og Jenta kjem inn etter han, og han let døra att, det er ein lysbrytar til høgre for

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset Omsett av Bodvin Rovde 2012 H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo www.aschehoug.no Tilrettelagt for ebok av Type-it AS, Trondheim 2012 ISBN 978-82-03-35198-3 Bibliotekutgave

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland Det blir pinlig uansett Om forfatterne: Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland kjente ikke hverandre mens de skrev denne boka. De skrev uten å ha snakket sammen,

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Med tre spesialitetar i kofferten

Med tre spesialitetar i kofferten Med tre spesialitetar i kofferten Av Eli Gunnvor Grønsdal Doktor Dorota Malgorzata Wojcik nøgde seg ikkje med å vere spesialist i eitt fag. Ho tok like godt tre. No brukar ho kunnskapen sin, ikkje berre

Detaljer

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å læra mange ulike måtar å måla bilete på Å måle eit bilete med tre fjør Eg ville læra å lage trykk med den gamle klesrulla i Lars og Peter sin garasje, Det heile gjekk veldig bra, avtrykket viste tre

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen Frode Grytten Rom ved havet, rom i byen Noveller Oslo 2012 Det Norske Samlaget 2007 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8441-9 4. utgåva Om denne boka

Detaljer

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Jon Fosse. Andvake. Forteljing Jon Fosse Andvake Forteljing 2007 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Stian Hole/Blæst design Printed in Denmark Trykk og innbinding: Nørhaven Paperback AS, 2008 Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia,

Detaljer

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing Jon Fosse Olavs draumar Forteljing Det Norske Samlaget 2012 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8123-4 Om denne boka Alida og Asle kom i Andvake til

Detaljer

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman Trude Teige Lene seg mot vinden Roman Om forfatteren: Trude Teige (f. 1960) har jobbet som politisk reporter, nyhetsanker og programleder i TV2. I 2002 debuterte hun med Havet syng, oppfølgeren Lene seg

Detaljer

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: SETNINGSLEDD 1 Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet: Leo som budde på Cuba før, snakkar godt norsk. Subjekt: Leo som budde på Cuba før Verbal: snakkar

Detaljer

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

VELSIGNING AV HUS OG HEIM KR 15.4/12 VELSIGNING AV HUS OG HEIM 1 Denne liturgien kan brukast når folk bed presten eller ein annan kyrkjeleg medarbeidar om å koma og velsigna den nye heimen deira. 2 Dersom presten blir beden om

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Tormod Haugland MØRK MATERIE Tormod Haugland MØRK MATERIE Roman FORLAGET OKTOBER 2015 TORMOD HAUGLAND Mørk Materie Forlaget Oktober AS 2015 Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg Exil Design hos OZ Fotosats AS Tilrettelagt for ebok

Detaljer

Kom skal vi klippe sauen

Kom skal vi klippe sauen Kom skal vi klippe sauen KOM SKAL VI KLIPPE SAUEN Kom skal vi klippe sauen i dag Klippe den bra, ja klippe den bra Så skal vi strikke strømper til far Surr, surr, surr, surr, surr. surr Rokken vår går,

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Kom ikkje inn i mitt hus

Kom ikkje inn i mitt hus Arnfinn Kolerud Kom ikkje inn i mitt hus Roman 2012 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8157-9 Om denne boka Berre ein siste, liten

Detaljer

Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman

Runar Dahle. Bak auga er det natt. Roman Runar Dahle Bak auga er det natt Roman Til Guri Del 1 Eg heldt på å vakne. Ei kvinne gjekk rundt i rommet, eg kunne lukte henne, og ein augneblink fekk eg leve i trua på at ingenting av det som har skjedd,

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer leseser ie Nynorsk Julius Cæsar Norsk for barnetrinnet slaget Ved alesia Den mest berømte av motstandarane til Cæsar under gallarkrigen var gallarhovdingen

Detaljer

Hei alle sjøstjerneforeldre

Hei alle sjøstjerneforeldre Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt

Detaljer

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B 13.11.14. Innhald Innhald Introduksjon... 1 Teori... 2 Den første beskrivelsen... 2 Den sekundære betydinga... 2 Assosiasjonar... 3 Målgruppa... 4 Kvifor har dei gjort det slik, og kvifor seier bildet kva det seier?...

Detaljer

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no

post@efremforlag.no / www.efremforlag.no tidebøn Efrem Forlag 2009 Rune Richardsen Boka er laga i samarbeid med Svein Arne Myhren (omsetjing) etter mønster av Peter Halldorfs og Per Åkerlunds Tidegärd, Artos 2007. Med løyve. Bibeltekstane er

Detaljer

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne? Norsk etnologisk gransking Desember 1956 Emne 61 TURKESTOVA 1. Var det vanleg i Dykkar bygd å ha eit hus som dei kalla turkestova, tørrstugu, tørrstua, tørrstoga, trøstogo, tørrstugu, trystugu, trysty,

Detaljer

Plassebakken Barnehage BA

Plassebakken Barnehage BA Plassebakken Post AUSTIGARD Januar 2012 www.plassebakken.no Godt nyttår No har vi starta på eit nytt år, tenk dei er ferdige med det første halve året i barnehagen allereie! I desember har vi gjort fole

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8777-9 Om denne boka Tidleg ein sommar flyttar Agnes og dottera Maja

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i

Detaljer

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer: Velkomen til Dette heftet tilhøyrer: 1. samling: Kva er Bibelen? Skapinga. Babels tårn Forskaroppgåve 1 På denne samlinga har vi snakka om Bibelen. Det er ei gammal bok som har betydd mykje for mange.

Detaljer

Del 1 Ordklasser. ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying...

Del 1 Ordklasser. ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying... ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying... 10 1 ADVERB a fortel korleis, når og kvar noko skjer. Dei kan stå til eit verb og fortelje

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2 Rolf Lystad 18.09.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen

Detaljer

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst Målet med reportasjen er å setje fokus på praktiske løysingar for oppstalling av frisk kalv, god avdrått og avkastning med mjølkeproduksjon

Detaljer

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas 1,6 Kristi himmelferd: Jesus reiste frå jorda og opp til himmelen. Han skal koma att på same måten som han reiste. 2,1 Anden kjem pinsedagen: Læresveinane vart fylte

Detaljer

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim DETTE LURER VI PÅ I år begynte vi nysgjerrigper-prosjektet heilt utan å vita kva vi ville forske på. Vi begynte med og gå rundt i skulegarden og i klasserommet

Detaljer

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom Formål med pasienthotelllet: Hovudoppgåva er å vere eit tilbod for at pasientane skal behandlast på beste

Detaljer

Setring ved Håbakkselet Hareid

Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember

Detaljer

I dag er starten på resten av K15. www.t-dagen.no. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

I dag er starten på resten av K15. www.t-dagen.no. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell K15 I dag er starten på resten av livet www.t-dagen.no Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen trus pplæringsdagen i Fjell Eg trur på Gud Fader... Velkomen heim! Innimellom kan foreldre vere ei utfordring!

Detaljer