Beiting i det multifunksjonelle landbruket

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Beiting i det multifunksjonelle landbruket"

Transkript

1 L. Nesheim / Grønn kunnskap 8 (2) 201 Beiting i det multifunksjonelle landbruket Lars Nesheim / lars.nesheim@planteforsk.no Planteforsk Kvithamar forskingssenter Samandrag Det er færre beitande husdyr i utmarka no enn tidlegare, og det er ei av årsakene til den kraftige attgroinga mange stader. I tillegg til at kulturlandskapet vert mindre ope fører attgroinga til tap av biologisk mangfald. Sidan om lag 1990 har forskingsmiljøa vore opptatte av korleis beiting verkar på kulturlandskapet, og det er gjennomført fleire forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd der beiting har vore eitt av fleire forskingstema. Men det står mange utfordringar att, utfordringar som må møtast med tverrfagleg forsking, og ved at ein ser bruken av utmark og innmark i samanheng. Eit utval oppnemnt av Planteforsk, Institutt for husdyrfag NLH (IHF) og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) la i 2002 fram ei utgreiing om forskingsbehovet innan beiting med storfe og småfe på inn- og utmark (Nesheim et al. 2002). Det vart lagt mest vekt på fagområde, der Planteforsk, IHF og NILF anten er eller ønskjer å vere viktige aktørar. I dette innlegget er det gjort greie for bakgrunnen for forskingsbehovet, og fire prioriterte forskingstema er presenterte. Bakgrunn Strukturendringane og rasjonaliseringa av jordbruket dei siste tiåra har ført til mindre innsats av arbeidskraft og meir kapitalintensiv drift. Dette er illustrert mellom anna ved at tal årsverk i jordbruket er redusert med omtrent 3 4 sidan andre verdskrigen (Framstad & Lid 1998). I Jordbruksteljinga i 1999 går det fram at brukstalet vart halvert frå 1969 til 1999, og at talet på husdyrbrukarar har minka med %. Fram til no har størstedelen av innmarksareala på nedlagde bruk i sentrale strøk vorte halde i hevd av nabobruk gjennom leigeavtalar. I utkantstrøk er ein aukande del av

2 202 L. Nesheim / Grønn kunnskap 8 (2) innmarksareala tatt ut av drift, og ved Jordbruksteljinga i 1989 vart det registrert at ca dekar (ca. 8 %) av jordbruksarealet i Norge ( dekar) var ute av drift. Heile 45 % av dette arealet var i Nord-Norge og utgjorde 29 % av alt jordbruksareal i landsdelen (Framstad & Lid 1998). Tilsvarande tal frå Jordbruksteljinga i 1999 er dessverre ikkje tilgjengelege og ein har difor ikkje fullt oversyn over situasjonen på bruk ute av drift. Men i følgje Budsjettnemnda for jordbruket (2001a) har det på bruk i aktiv drift vore ein auke i arealet i drift og arealet ute av drift på desse einingane har minka frå 1989 til Det skuldast mellom anna at systemet for verkemiddel er lagt om, og at areal- og kulturlandskapstillegg for grovfôr vart innført i Krav til spreieareal og påbod om beite til storfe har også verka inn på arealauken på bruk i drift. Spørsmålet er om dette arealet vert nytta på ein slik måte at det biologiske mangfaldet vert tatt i vare, eller om arealauken i stor grad kan vere ein registrert følgje av tilpassing til tilskotsordningane. Det nedlagde arealet omfattar noko godt innmarksareal i nærleiken av regionsentra, men er for det meste skrinne eller tungdrivne område langs kysten, i høgareliggjande strøk, eller i kupert terreng. Mykje av arealet høver dårleg til maskinell drift, men kan likevel vere godt eigna til beiting. I tillegg til endringar i omfang og bruk av fulldyrka og overflatedyrka jord, har strukturendringane hatt og vil ha stor innverknad også på bruk av utmarks- og fjellbeite, og dermed på landskapet i desse områda. Beitebruken i utmarka har minka mykje, berre i frå 1959 til 1979 vart det årlege fôropptaket av husdyr på utmarksbeite om lag halvert (referert av Nedkvitne et al. 1995). I seinare år har likevel beitebruken i utmark auka noko, mellom anna som følgje av auka sauetal. Budsjettnemnda for jordbruket (1981, 2001b) har rekna ut at fôropptaket frå utmarks- og fjellbeite var 230 mill. Ffe i 1979 og 315 mill. FEm i Jordbruksareal som vert tatt ut av vanleg produksjon, eller utmarksareal der det vert beita mindre med husdyr, gror att med kratt og skog. At det er politisk vilje til å gjere noko med attgroinga, kan illustrerast med innstillinga frå Næringskomiteen (nr 167; ) om St.meld. nr. 19 ( ), om norsk landbruk og matproduksjon Det er videre et mål å sikre og vedlikeholde kulturlandskapet, herunder bevare et tilstrekkelig omfang av ekstensive driftsformer som sikrer biologiske verdier, og som drives av og i samspill med et aktivt landbruk. Det er likevel ikkje tilstrekkeleg med forskingsmessig interesse for å studere fenomenet attgroing og uttalt politisk vilje til å gjere noko med utviklinga. Når verdiskapinga i landbruket er knytt til produksjon av kulturlandskap, må ein først identifisere driftsformer og produksjonssystem som i størst mogleg grad tek i vare dette omsynet. Dersom intensjonane i St.meld. nr. 42 skal følgjast opp, må driftsformene i tillegg ta i vare det biologiske mangfaldet. Ein måte er å utvikle driftsformer som høver inn i ein

3 L. Nesheim / Grønn kunnskap 8 (2) 203 eigen anti-attgroings strategi for landbruket. Meir omfattande beiting må vere ein viktig del av ein slik strategi, men også endringar i arealbruk og intensitet i jordbruket må inngå. I utgreiinga (Nesheim et al. 2002) er det gitt eit kortfatta oversyn over nyleg avslutta og igangverande beiteforsking med storfe og småfe i Norge, utanom beiting med mjølkekyr på innmark som vart greidd ut tidlegare (Nesheim & Garmo 2001). Prioriterte forskingstema Tema 1. Analyse av arealbruk og tilskotssystem til å fremje biologisk mangfald og kulturlandskap Det er behov for å vidareutvikle bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk lønsame driftsformer for produksjon av mat, fôr og andre vekstar som sikrar at ein størst mogleg del av jordbruksarealet vert utnytta. Det er også nødvendig å kome fram til ekstensive driftsformer som på ein målretta måte kombinerer konvensjonell jordbruksdrift og skjøtsel av jordbruksareal som ikkje vert nytta i eit intensivt produksjonsopplegg, for å sikre at areal med stort biologisk mangfald vert halde ved like. Vidare er det trong for utvikling av drifts- og skjøtselformer som tek i vare spesielle behov for skjøtsel av særleg verdfulle kulturlandskap. 1. Konsekvensar av bruk av alternative vekstar og alternative driftsformer med ulik intensitet i beite- og fôrproduksjonen 2. Jamføring av utvalde norske produksjonssystem med tilsvarande system i andre land etter forskjellige kriterium for kulturlandskap og biologisk mangfald. 3. Tilrådingar om eit tilskotssystem som kan gi betre samsvar mellom beiting med forskjellige husdyr og betaling etter effekt på kulturlandskapet og biologisk mangfald Tema 2. Beiting med ulike sauerasar og geit: Utnytting av ulike vegetasjonstypar og verknad på kulturlandskap i utmark og på marginale innmarksbeite Sau av ulike rasar og geiter har ulik effekt på vegetasjonen dei beitar i. Men ein veit for lite om skilnader mellom beiting med sau eller geit med omsyn til å halde landskapet opent og bevare det biologiske mangfaldet. Kva vegetasjonstypar er viktigast for sauen med omsyn til opphaldstid og tilvekst i ulike regionar i Norge? Korleis er sauen sin bruk av næringsfattige og næringsrike vegetasjonstypar? Det siste vil vere

4 204 L. Nesheim / Grønn kunnskap 8 (2) viktig for å auke kunnskapen om positive og negative verknader av einsidig sauebeiting i sårbare økosystem, som til dømes tørre høgfjellsbeite. Prosjektet vil òg gi svar rundt potensialet beitedyr har for å påverke kulturlandskap og biologisk mangfald generelt. 1. Kunnskap om verknad av beiting med ulike dyreslag på tilvekst på dyra og på endringar av vegetasjon og biologisk mangfald 2. Kunnskap om korleis sau utnyttar ulike vegetasjonstypar Tema 3. Indikatorar for rett skjøtsel med beitedyr i spesielt verdfulle område Det er særs vanskeleg å gjenskape artsmangfaldet i gamal kulturmark om ho har grodd att, eller vorte øydelagd på anna vis. For i tide å kunne vurdere konsekvensen av endra bruk av innmarksareal i ulike regionar for det biologiske mangfaldet i Norge, bør det difor gjennomførast ei gransking i representative område. Det er også behov for dokumentasjon av verknader på biologisk mangfald av ulike driftsmåtar og skjøtselstiltak. Det trengst difor utvikling av metodikk og indikatorar for overvaking av verdfulle kulturlandskapsområde der det vert sett inn skjøtselstiltak. Vidare er det behov for å undersøkje dei reelle kostnadene med å oppretthalde og vedlikehalde slike områder. 1. Dokumentasjon og konsekvensanalyse av verknader på biologisk mangfald på grunn av endringar i driftsmåtar og driftsopplegg 2. Varslingsmetodikk for artar og vegetasjonstypar knytt til det tradisjonelle kulturlandskapet Tema 4. Driftsopplegg for mjølkeproduksjon med setring og kjøtproduksjon på storfe og småfe i inn- og utmark Det er behov for meir forsking omkring seterbruket, med omsyn til produktkvalitet, økonomi, landskap, biologisk mangfald og dyrevelferd. Det er mellom anna trong for registrering av biologisk mangfald i restaurerte seterområde. Det trengst også meir kunnskap om nødvendige etterfølgjande skjøtselstiltak for ulike restaureringsmetodar. Beitetilhøva kan vere avgjerande for val av kjøtferase og for kalvingstid ved sjølvrekrutterande kjøtproduksjon. I og med stor variasjon i lengd av beitesesong og innefôringstid, er det behov for eit mangfald av produksjonsopplegg for kjøtproduksjon,

5 L. Nesheim / Grønn kunnskap 8 (2) 205 frå beitebaserte system til intensive system basert på kraftfôr og mindre mengder grovfôr. Beitedyr kan rydde og halde områda opne samstundes som dei kan produsere høgverdig mat. Det gjeld såleis å finne dei produksjonsformene som gir eit tilfredsstillande produksjonsresultat, samstundes som ein får dei ønska resultata med omsyn til kulturlandskap og innverknad på flora og fauna. På dette området vil det vere eit stort behov for forsking og praktiske utprøvingar. Særleg vil det vere viktig å få ny kunnskap om beitemark på natureng og permanente beite på innmark, då desse utgjer store areal og såleis er viktige med omsyn til jordbruket sitt kulturlandskap. 1. Kunnskap om produktkvalitet og dyrevelferd for seterprodukt og kjøtt produsert på utmark, og om dette kan nyttast ved merkevarebygging 2. Økonomiske forhold ved seterdrifta med ku og geit, kva som krevst for at driftsforma skal kunne konkurrere 3. Langsiktige verknader og verdi av landskapspleie i seterregionen ved seterdrift og beitedrift i utmark 4. Verknad av beiting på natureng og permanente beite på innmark med småfe og storfe på produksjon og biologisk mangfald 5. Effekt av sambeiting og vekselbeiting på produksjon og biologisk mangfald 6. Verknad på tilvekst og produktkvalitet av fôringsstyrke etter beit tida Litteratur Budsjettnemnda for jordbruket Jordbrukets totalregneskap 1979 og 1980 og Jordbrukets totalbudsjett ISSN Budsjettnemnda for jordbruket. 2001a. Resultatkontroll for gjennomføring av landbrukspolitikken. ISSN s. Budsjettnemnda for jordbruket. 2001b. Totalkalkylen for jordbruket. Jordbrukets totalregneskap 1999 og 2000 og budsjett ISSN s. + vedlegg. Framstad, E. & I. B. Lid (red.) Jordbrukets kulturlandskap. Forvaltning av miljøverdier. Universitetsforlaget. Oslo. 285 sider. Nedkvitne, J., T.H. Garmo & H. Staaland Beitedyr i kulturlandskap. Landbruksforlaget. ISBN Nesheim, L. & T.H. Garmo Mjølkekyr på beite forskingsbehov. Utgreiing. Planteforsk og Institutt for husdyrfag, NLH. 16 sider. Nesheim, L., A. Norderhaug, L.J. Asheim, G. Steinheim & T.H. Garmo Beite i det multifunksjonelle landbruket. Samspel mellom landbruksproduksjon og kulturlandskap - forskingsbehov. Utgreiing mai sider. Planteforsk, Kvithamar forskingssenter, NILF og NLH, Institutt for husdyrfag.

6 206 I. E. Bruteig / Grønn kunnskap 8 (2) Beiting, biologisk mangfald og rovviltforvalting driftsformer for å ta vare på biologisk mangfald Inga E. Bruteig / inga.bruteig@nina.no Norsk institutt for naturforskning (NINA) Innleiing Store delar av det biologiske mangfaldet i Noreg er knytt til kulturlandskapet, - landskap og naturtypar som menneskeleg aktivitet har vore med på å forme gjennom fleire tusen år. Desse kulturbetinga vegetasjonstypane og mange av plante- og dyreartane knytt til dei er i dag trua av landskapsendringar, i første rekkje attgroing. Samfunnsendringar og økonomiske tilhøve har gjort at mykje av den tradisjonelle bruken har opphøyrt, og det som står att i dag er hovudsakleg beitebruk (i første rekkje med sau og tamrein), noko vedhogst og litt seterdrift. Beitebruken endra seg også i takt med at rovdyra vart så godt som utrydda frå norsk natur framover mot midt på 1900-talet. Det vart mellom anna slutt på gjetinga. No veks rovdyrbestandane på ny, og dette har ført til nye konfliktar mellom rovdyr og beitebruk i ein del område. I samband med stortingsmeldinga om rovvilt i norsk natur (Stortingsmelding nr ) vart det laga ei utgreiing for å sjå om forvaltinga av rovvilt kan føre til større press på det biologiske mangfaldet som er knytt til beitebruk (Bruteig et al. 2003). Historisk utvikling Utmarksbruken i Noreg har gjennom tidene vore mangfaldig og omfattande. Vi har lite areal som høver som dyrka mark, men dei store utmarksareala har gitt gode høve for beite og fôrsanking. I det førindustrielle jordbruket gav dyra gjødsel til matproduksjon på åkeren. Dette kravde eit mangedobbelt areal av slåtte- og beitemark, og utmarka var såleis grunnlaget for jordbruket. Regional variasjon i klima og naturgrunnlag for jordbruket gav ulik utmarksbruk i ulike delar av landet. Seterbruket har lang tradisjon, og skogsbeite har truleg også vore vanleg heilt sidan jordbruket vart introdusert. Langs kysten der det er så mildt at husdyra kan gå ute heile vinteren utvikla det seg opne kystlyngheier. Fôrhaustinga i utmarka (beite, seterslått, utslått, myrslått, sivslått, lauving, måssåsanking m.m.) sette spor i vegetasjonen på ulik måte, slik at det oppstod eit mangfald av ulike såkalla semi-naturlege vegetasjons-

Stranda kommune Næring og teknisk

Stranda kommune Næring og teknisk Stranda kommune Næring og teknisk Saksbehandlar: Asle Johan Bergseth Konnerth Rovvilt i region 6 Postboks 2600 7734 STEINKJER Vår ref.: 16/1057-3 Dykkar ref.: Arkiv: K2 - K47 Dato: 21.09.2017 Høyringsuttale

Detaljer

Landbruksinteresser i verneområda i Dovre og Lesja. Ellen Marie Sørumgård Syse

Landbruksinteresser i verneområda i Dovre og Lesja. Ellen Marie Sørumgård Syse Landbruksinteresser i verneområda i Dovre og Lesja Ellen Marie Sørumgård Syse Beiteressursar i Lesja og Dovre Av Dovre kommune sine totalt 1 364 km 2, ligg om lag 90% over 900 moh. Tilsvarande ligg om

Detaljer

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE 2018 2020 Godkjent av Sande kommunestyre, i møte den 19.06.2018, sak K-30/18. 1 SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE 2018-2020 Innhald

Detaljer

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE VANYLVEN KOMMUNE Plan- og utviklingsavdelinga STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE 2005-2008 Utarbeidd av Vanylven

Detaljer

Potensialet i utmarka for kjøttproduksjon. Beiteseminar, Beitostølen 2013

Potensialet i utmarka for kjøttproduksjon. Beiteseminar, Beitostølen 2013 Potensialet i utmarka for kjøttproduksjon Beiteseminar, Beitostølen 2013 Problemstillingar Er det behov produksjon av mørke kjøttslag framover? Globalt og nasjonalt. Potensiale og muligheiter for beitebaserte

Detaljer

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE VANYLVEN KOMMUNE Plan- og utviklingsavdelinga STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE 2013-2016 Postadresse:

Detaljer

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden 2016-2019 Radøy Kommune Ordningen skal fremme ivaretakelsen av natur- og kulturminneverdiene i jordbrukets kulturlandskap og redusere forurensningen

Detaljer

Yngve Rekdal, Røros

Yngve Rekdal, Røros Utmarksbeitekvalitet, kapasitet og bruk Yngve Rekdal, Røros 07.03.16 Gjersjøen Same prinsipp gjeld i utmark som i fjøset produksjonen er avhengig av kvaliteten på fôret Beitekvaliteten til eit utmarksareal

Detaljer

Forskrift om gjødslingsplanlegging

Forskrift om gjødslingsplanlegging Forskrift om gjødslingsplanlegging - og litt anna gjødselaktuelt. Øyvind Vatshelle. 1 Foto: Ø. Vatshelle Tema Dispensasjon til å ikkje ha gjødslingsplan: 3 regneeksempel for å knekke koden. Årleg gjødslingsplan

Detaljer

Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune

Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune Registrering av Kjerneområde landbruk i Lærdal kommune Lærdal kommune landbrukskontoret januar 2007 Innhald: 1. Innleiing bakgrunn og formål side 2 2. Organisering og gjennomføring side 2 3. Landbruket

Detaljer

Virkemiddel knytt til forvaltning av biologisk og. Øystein Jorde Rådgjevar, Statens landbruksforvaltning

Virkemiddel knytt til forvaltning av biologisk og. Øystein Jorde Rådgjevar, Statens landbruksforvaltning Virkemiddel knytt til forvaltning av biologisk og Statens landbruksforvaltning genetisk mangfald i kulturlandskapet Av Øystein Jorde Rådgjevar, Statens landbruksforvaltning Hovudpunkt Miljøprogram Økonomiske

Detaljer

Utmarksbeite. Brit Eldrid Barstad. Fylkesmannen i Sør- Trøndelag. Avdeling for landbruk og bygdeutvikling

Utmarksbeite. Brit Eldrid Barstad. Fylkesmannen i Sør- Trøndelag. Avdeling for landbruk og bygdeutvikling Utmarksbeite Brit Eldrid Barstad Fylkesmannen i Sør- Trøndelag Avdeling for landbruk og bygdeutvikling Husdyr på utmarksbeite Sør-Trøndelag Dyreslag Sør-Trøndelag Ant. brukere Dyretall Mjølkekyr/ ammekyr

Detaljer

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene Seminaret Kulturlandskap i fare! - Geiranger 15. mai 2017 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane,

Detaljer

STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID.

STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID. STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET 2017 2020. FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID. Tilskot til særskilde miljøtiltak (SMIL), tradisjonelle tiltak. Tilskot til særskilde miljøtiltak

Detaljer

KOMMUNEPLAN

KOMMUNEPLAN LEIKANGER KOMMUNE KOMMUNEPLAN 2008 2016 - KOMMUNEDELPLAN LEIKANGER - VEDLEGG 2 KJERNEOMRÅDE LANDBRUK Jordbrukssjef Jens Øyrehagen, 2008 Innhald Innhald... 1 Kjerneområde landbruk... 2 Kriterium for utveljing

Detaljer

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november Rettleiingshefte for Tilskot til organisert beitebruk i Regionalt miljøprogram for Rogaland 2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november Førebels satsar: kr 20 per heimsanka sau/geit/storfe Regionalt miljøprogram

Detaljer

Kystlynghei. Innholdsfortegnelse. Demo Version - ExpertPDF Software Components

Kystlynghei. Innholdsfortegnelse. Demo Version - ExpertPDF Software Components Kystlynghei Innholdsfortegnelse http://test.miljostatus.no/tema/naturmangfold/kulturlandskap/kystlynghei/ Side 1 / 7 Kystlynghei Publisert 24.11.2015 av Miljødirektoratet Kystlyngheier er flere tusen år

Detaljer

Kulturlandskapet som pedagogisk ressurs

Kulturlandskapet som pedagogisk ressurs 506 B. Bele og S. Flæsen Almendingen / Grønn kunnskap 9 (2) Kulturlandskapet som pedagogisk ressurs Bolette Bele 1), Siv Flæsen Almendingen 2) / bolette.bele@planteforsk.no 1) Planteforsk Kvithamar forskingssenter,

Detaljer

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden 2013-2015 Korleis fungerer SMIL-ordninga? Frå og med 1/1-2004 vart SMIL-ordninga overført frå fylkesmannen til kommunane. Dette inneber

Detaljer

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016 Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016 Godkjend 18.6.2015 2 Innleiing I samband med omstillingsarbeidet som Lærdal kommune deltek i, er det gjennomført forprosjekt Næringsvenleg kommune. Dette

Detaljer

Utmarksbeite kvalitet, kapasitet og bruk. Yngve Rekdal

Utmarksbeite kvalitet, kapasitet og bruk. Yngve Rekdal Utmarksbeite kvalitet, kapasitet og bruk Yngve Rekdal 04.11.14 Foto: J. Hofsten Foto: J. Hofsten Foto: J. Hofsten Foto: J. Hofsten Foto: O. Puschmann Foto: O. Puschmann Foto: O. Puschmann 2000000 1800000

Detaljer

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane Side 1av 5 Saksbehandlar: Karoline Bjerkeset Avdeling: Næringsavdelinga Sak nr.: 12/8363-3 Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013-2016 Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet

Detaljer

Mange utfordringar med meir beiting

Mange utfordringar med meir beiting Mange utfordringar med meir beiting Av Dagfinn Ystad, Norsk Landbruksrådgiving Østafjells Beiteressursane har historisk sett vore fundamentet for det grovfôrbaserte husdyrhaldet i Noreg, der knapt 4% av

Detaljer

LANGBAKKSETRA I SUNNDAL

LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Side 1 LANGBAKKSETRA I SUNNDAL Skjøtsel 2013 Rapporten er skriven av Øystein Folden. Side 2 Slått blei gjennomført 5. til 8. september 2013. Slåtten blir utført av Naturvernforbundet på oppdrag frå Verneområdestyret

Detaljer

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst Å prøva å finna hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst er ein god overordna lesestrategi for lesing av slike tekstar. ARTIKKEL SIST

Detaljer

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete Utvalde kulturlandskap i jordbruket Rapport for 2011 Hoddevik Liset Grinde Engjasete Oppsummering av arbeidet med forvaltning av dei utvalde kulturlandskapa i Sogn og Fjordane i 2011 Mål og utfordringar

Detaljer

Hva er verdien av beitegraset?

Hva er verdien av beitegraset? Hva er verdien av beitegraset? Landbrukskonferanse i Valdres Valdres vidaregåande skule 18. februar 2017 Beiteverdi Tradisjonell forverdi Landbruksfakta Norge Oppland - Valdres Beitenæringa i Valdres Statistikk

Detaljer

Beiting er politisk korrekt

Beiting er politisk korrekt Beiting er politisk korrekt St.meld.nr.19 (1999-2000) Norsk landbruk og matproduksjon Gjennom opprettholdelse av landbrukets kulturlandskap bevares og forvaltes viktige miljøgoder som biologisk mangfold,

Detaljer

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune. Dykkar ref.: «REF» Vår dato: 06.02.2014 Vår ref.: 2014/1051 Arkivnr.: 432.4 Oddmund Hognestad 4346 Bryne Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51

Detaljer

billeg mat har ein høg pris

billeg mat har ein høg pris billeg mat har ein høg pris Intensivt jordbruk basert på monokulturar og importerte råvarer tærer på både jorda, dyr og menneske. Noreg har gode føresetnader for å drive eit berekraftig jordbruk basert

Detaljer

Innhaldet i beitebruksplan i Gol

Innhaldet i beitebruksplan i Gol Innhaldet i beitebruksplan i Gol Innhald Føreord Samandrag Innleiing Beitebruk i Gol Organisert beitebruk -Gol Beitelag Problemstillingar og utfordringar med gjerdeplikt og beiterett Gjerdehald Gjerdelova

Detaljer

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll

Registrering av kystlynghei. Horgo, Austevoll Registrering av kystlynghei Horgo, Austevoll Aase Nøtttveit, SFLMK, 29.10.2008 2004/2005: ytre Sunnhordland, : Sveio Bømlo Stord Fitjar Austevoll Geitaråsen, Sveio Midt- og Nordhordland, 2008/2009: Sund

Detaljer

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet?

Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet? Korleis ta vare på landbruket og utviklinga av næringa gjennom fylkesplanarbeidet? Fylkesplanseminar juni 2012 Synnøve Valle Disposisjon Landbruket i Møre og Romsdal Landbruksmeldinga for MR Landbruket

Detaljer

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket Økonomiske verkemiddel overført til kommunane i 2004: - STILK - Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap - IMT - Investeringar i miljøtiltak - MOMLE - Miljøretta

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2017/2055-2 Karin Thauland Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt Innstilling frå rådmannen:

Detaljer

Utmarksbeitet i Sør-Trøndelag trues av gjengroing

Utmarksbeitet i Sør-Trøndelag trues av gjengroing NSG - Norsk Sau og Geit Utmarksbeitet i Sør-Trøndelag trues av gjengroing Forfatter Yngve Rekdal, NIBIO Sammendrag Sør-Trøndelag har store ledige beiteressursar i utmark. Men utnyttar berre halvparten

Detaljer

SMIL strategi og bruk av midlar. - Erfaringar frå Hjelmeland kommune

SMIL strategi og bruk av midlar. - Erfaringar frå Hjelmeland kommune SMIL strategi og bruk av midlar - Erfaringar frå Hjelmeland kommune Landbruket i Hjelmeland: 200 søknadar om produksjonstilskot. Snitt ca 200 da pr bruk, snautt halvparten dyrka. Ca 6,2 mill. liter kumjølkkvote

Detaljer

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan 2017

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan 2017 Felles Landbrukskontor Tiltaksplan landbruk Handlingsplan 2017 2 Innleiing I samband med omstillingsarbeidet som Lærdal kommune deltek i, er det gjennomført forprosjekt Næringsvenleg kommune. Dette prosjektet

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30 MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: 11.04.2011 Tid: 12.30 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 8/11 11/339

Detaljer

Bruk av beite. Vegard Urset, Avlssjef. Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura

Bruk av beite. Vegard Urset, Avlssjef. Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura Bruk av beite Vegard Urset, Avlssjef Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura Kvifor bruk av beite Gunstig for dyra dyra treng mosjon For å utnytta ein stor fôrressurs Billig fôr

Detaljer

Ein ynskjer meir bruk av beite, men utfordringane er mange

Ein ynskjer meir bruk av beite, men utfordringane er mange Ein ynskjer meir bruk av beite, men utfordringane er mange Av Dagfinn Ystad, Norsk Landbruksrådgiving Østafjells Beiteressursane har historisk sett vore fundamentet for det grovfôrbaserte husdyrhaldet

Detaljer

Vedlegg: 1. Brev frå Landbruks- og matdepartementet. Invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2015

Vedlegg: 1. Brev frå Landbruks- og matdepartementet. Invitasjon til innspel til jordbruksforhandlingane 2015 Side 1 av 7 Saksframlegg Saksbehandlar: Arne Monrad Johnsen, Næringsavdelinga Sak nr.: 14/6475-2 Jordbruksforhandlingane 2015 Fylkesrådmannen rår hovudutvalet for plan og næring til å gje slik tilråding:

Detaljer

Rogaland landets største beitefylke

Rogaland landets største beitefylke Rogaland landets største beitefylke Husdyra viktig for å ta vare på landskapet og det biologiske mangfaldet Feil bruk av husdyrgjødsel kan påverke biologisk mangfold DN samling kartlegging og bruk av biomangfolddata,

Detaljer

Anders Mona. 26. oktober 2010

Anders Mona. 26. oktober 2010 Grovfôrkvalitet og beitebruk økoløft kjøt ø Anders Mona NLR NT 26. oktober 2010 Økokjøt grovfôrbasert produksjon!? 80 90 % av fôret er grovfôr Viktig med rett kvalitet Ulike produksjonsretningar krev ulikt

Detaljer

Eksamen LGA2002 Forvalting og drift / Forvaltning og drift. Programområde: Landbruk og gartnarnæring/landbruk og gartnernæring

Eksamen LGA2002 Forvalting og drift / Forvaltning og drift. Programområde: Landbruk og gartnarnæring/landbruk og gartnernæring Fylkeskommunenes landssamarbeid Eksamen 04.06.2019 LGA2002 Forvalting og drift / Forvaltning og drift Programområde: Landbruk og gartnarnæring/landbruk og gartnernæring Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32 Kjøp av husvære Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Behov for kommunale husvære for vidare utleige SAKSOPPLYSNINGAR Behov Kommunstyret

Detaljer

Prosjekt sau og utmark

Prosjekt sau og utmark Årdal, Lærdal og Aurland Prosjekt sau og utmark 2012-2016 prosjektplan søknad om prosjektmidlar Innhald 1. Bakgrunn... 2 2. Mål... 2 3. Tiltak korleis nå måla?... 4 4. Organisering og roller... 4 5. Økonomi...

Detaljer

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) 2018-2022 Bakgrunn Ordninga med SMIL-midlar (Spesielle Miljøtiltak I Landbruket) er etablert for å ta vare på kultur-

Detaljer

Beitenæringa i Norge. Lars Erik Wallin. generalsekretær

Beitenæringa i Norge. Lars Erik Wallin. generalsekretær Beitenæringa i Norge Lars Erik Wallin generalsekretær Hva er beiting? Når dyr fritt kan gå og ete gras og andre vekster. Ordet «fritt» blir da et definisjonsspørsmål Vanligvis omfatter beitenæringa i Norge

Detaljer

Utmarksbeitet i Buskerudressursgrunnlag. Yngve Rekdal, Vikersund

Utmarksbeitet i Buskerudressursgrunnlag. Yngve Rekdal, Vikersund Utmarksbeitet i Buskerudressursgrunnlag og bruk Yngve Rekdal, Vikersund 27.03.17 Vi skal auke matproduksjonen i takt med befolkningsauken, 1% meir mat per år Dyrka jord 477 km 2 (3,5 %) Innmarksbeite 90

Detaljer

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi 2017-2020 1 INNHALD side 1. Innleiing 3 2. Prosess og lokal forankring 3 3. Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 3 3.1 Mål med ordninga 3 3.2 Verdiar

Detaljer

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder Fylkesmannen i Aust-Agder, landbruksavdelinga. Kjelde: Statistisk Sentralbyrå. Arbeidsinnsats og årsverk: Jordbruksteljinga 1999 og Landbruksteljinga 2010. Jordbruksareal:

Detaljer

Kantsonenes betydning i kulturlandskapet

Kantsonenes betydning i kulturlandskapet Kantsonenes betydning i kulturlandskapet Det vi kaller kulturlandskapet omfatter arealer som er tatt i bruk av mennesker, og der mennesket har satt tydelige spor. Vanligvis snakker vi om landskap som er

Detaljer

BIOLOGISK MANGFOLD. Kulturmarkstyper er naturtyper som til en viss grad er avhengig av skjøtsel eller bruk

BIOLOGISK MANGFOLD. Kulturmarkstyper er naturtyper som til en viss grad er avhengig av skjøtsel eller bruk SLÅTT OG BEITE Lanseringsseminar-Biologisk mangfold i landbrukets tjeneste Litteraturhuset 1. september 2015 Hanne Sickel Seksjon for kulturlandskap og biologisk mangfold BIOLOGISK MANGFOLD Biologisk mangfold

Detaljer

Utmarksbeite miljøvennleg og fornybart, men krev meir og meir ressursar til tilsyn. Oppland Sau og Geit

Utmarksbeite miljøvennleg og fornybart, men krev meir og meir ressursar til tilsyn. Oppland Sau og Geit Utmarksbeite miljøvennleg og fornybart, men krev meir og meir ressursar til tilsyn Oppland Sau og Geit Lover/Forskrifter: Dyr som holdes i driftssystemer der velferden deres er avhengig av regelmessig

Detaljer

Beiteressursar i Nord Østerdalen

Beiteressursar i Nord Østerdalen Beiteressursar i Nord Østerdalen Ressursgrunnlag for utmarksbeite og areal av innmarksbeite Yngve Rekdal, Tynset 16.02.17 Arealrekneskap for utmark Vegetasjonskartlegging 16 % Selskapet for Norges Vel

Detaljer

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 1/11. Mars 2011. Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf. 61 29 36 00 Edvard Storms veg 2 Fax 61 29 36 01 2680 VÅGÅ

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 1/11. Mars 2011. Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf. 61 29 36 00 Edvard Storms veg 2 Fax 61 29 36 01 2680 VÅGÅ INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 1/11 Mars 2011 Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf. 61 29 36 00 Edvard Storms veg 2 Fax 61 29 36 01 2680 VÅGÅ LANDBRUKSKAFE I HEIDAL, WEISTAD KAFE, 23. MARS KL. 11-13

Detaljer

Fylkesmannen i Oppland JORDVERNSTRATEGI FOR OPPLAND

Fylkesmannen i Oppland JORDVERNSTRATEGI FOR OPPLAND Fylkesmannen i Oppland JORDVERNSTRATEGI FOR OPPLAND 2007-2011 www.fylkesmannen.no/oppland www.oppland.no www.planoppland.no Innleiing Jordvernstrategi for Oppland er laga i eit samarbeid mellom fylkeskommunen,

Detaljer

Utmarksbeitet i Nord-Trøndelag - ressursgrunnlag og bruk. Yngve Rekdal, Stjørdal

Utmarksbeitet i Nord-Trøndelag - ressursgrunnlag og bruk. Yngve Rekdal, Stjørdal Utmarksbeitet i Nord-Trøndelag - ressursgrunnlag og bruk Yngve Rekdal, Stjørdal 03.03.17 Veldig ulike vilkår møter husdyr i utmark Foto: J. Hofsten Foto: J. Hofsten Foto: J. Hofsten Same prinsipp gjeld

Detaljer

Beitebruksprosjektet! Marie Skavnes, FMLA - Gjøvik 18 februar 2012

Beitebruksprosjektet! Marie Skavnes, FMLA - Gjøvik 18 februar 2012 Beitebruksprosjektet! Marie Skavnes, FMLA - Gjøvik 18 februar 2012 Hjelp: Plasser her et liggende bilde Velg først bredden av bildet i Formater autofigur, størrelse (23,4cm), så ok. Beskjær bildet i høyden

Detaljer

Retningsliner for handsaming av søknader om tilskot til. Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) Stranda kommune

Retningsliner for handsaming av søknader om tilskot til. Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) Stranda kommune 1 Retningsliner for handsaming av søknader om tilskot til Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) Stranda kommune 2018-2021 2 Innhald Føremål... 3 Finansiering... 3 Søknader... 3 Vilkår... 3 Sakshandsaming...

Detaljer

Kommunplan Vik Kommune 2013-24. Arealdelen

Kommunplan Vik Kommune 2013-24. Arealdelen Kommunplan Vik Kommune 2013-24. Arealdelen Vedlegg 6.1 Konsekvensutgreiing. Utdrag for område A14 og A15 (G17 og G18 på plankart) Utført av: Aurland Naturverkstad AS v/ Christoffer Knagenhjelm, Knut Frode

Detaljer

Langs åpne grøfter og kanaler: Tilskudd kan gis for årlig skjøtsel av kantarealer langs åpne grøfter og kanaler knyttet til innmark.

Langs åpne grøfter og kanaler: Tilskudd kan gis for årlig skjøtsel av kantarealer langs åpne grøfter og kanaler knyttet til innmark. Forskrift om regionale miljøtilskudd for jordbruket i Troms Fastsatt av Fylkesmannen i Troms 06. juni 2013 med hjemmel i lov av 12. mai nr 23 om jord (jordlova) 18 og delegasjonsvedtak i brev av 14. desember

Detaljer

Tiltaksstrategier for tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) i Balsfjord kommune

Tiltaksstrategier for tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) i Balsfjord kommune Tiltaksstrategier for tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) i Balsfjord kommune 2018 2021 Bakgrunn Stortingsmelding nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet regionalt og lokalt

Detaljer

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen.

Kommunen skal vidare legge vekt på kunnskap som er basert på lokalkunnskap og erfaringar gjennom bruk av naturen. KU Geithei Naturmangfaldlova tredde i kraft 1. juli 2009. Sentrale prinsipp i lova skal leggast til grunn ved utøving av mynde etter naturmangfaldlova og annan lov, slik som lov om motorferdsel i utmark

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK Vassforvaltningsseminar på Skei 28.-29. mars 2017 Trude Knutzen Knagenhjelm Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, landbruksavdelinga Kva utfordringar

Detaljer

Utviklinga av beitebruken i utmarka - Utviklingstrekk siste 1000 år - Utfordringer i framtiden - Hva gjør Modum

Utviklinga av beitebruken i utmarka - Utviklingstrekk siste 1000 år - Utfordringer i framtiden - Hva gjør Modum Per Fossheim FKT-prosjektet Rovvilt-Sau, NSG, NBS, NB Erling Skurdal, Nortura Utviklinga av beitebruken i utmarka - Utviklingstrekk siste 1000 år - Utfordringer i framtiden - Hva gjør Modum 23.10.2015

Detaljer

2.2: Eit prioritert utval arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

2.2: Eit prioritert utval arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. 2.2: Eit prioritert utval arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 22. Årleg tap og skade på arkeologiske kulturminne i utvalte område og etter årsaksforhold + Få går tapt,

Detaljer

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet Fornyings- og administrasjonsdepartementet Statsråd: Heidi Grande Røys KONGELEG RESOLUSJON Ref. nr.: Saksnr.: 200703632 Dato: 17.12.2008 Forskrift om mellombels unnatak frå konkurranselova for avtaler

Detaljer

Gode mål for områdene

Gode mål for områdene Gode mål for områdene Mange spør om mye KLD og LMD: «Hvor mye får vi igjen for penga?» KLD: Hvor mye miljø ivaretas gjennom satsingen? LMD: Hvordan utvikler jordbruket seg i områdene? Skjer det næringsutvikling?

Detaljer

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Komite Forvaltning 07.02.2013 019/13 FRH Kommunestyre 26.02.2013 005/13 OIV Sakshandsamar: Frida Halland Arkiv: N-504, gbn- 014/001 Arkivsaknr: 2013000206

Detaljer

Regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram Regionalt miljøprogram Samling for kommunal landbruksforvaltning 12. mars 2014 Monica Dahlmo Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga 1 RMP på 90 minutt 45 minutt: Overblikk på 2013 og endringar i 2014

Detaljer

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR PLAN OG BYGGESAK Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 20.08.2013 Kl. 15.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor.

Detaljer

Naturmangfaldlova i Førde kommune Kvar var vi og kor er vi i dag. Føredragshaldar: Oddbjørn Sellevoll Dato:

Naturmangfaldlova i Førde kommune Kvar var vi og kor er vi i dag. Føredragshaldar: Oddbjørn Sellevoll Dato: Naturmangfaldlova i Førde kommune Kvar var vi og kor er vi i dag Føredragshaldar: Oddbjørn Sellevoll Dato: 02.11.2016 Byggesak og arealforvaltning Plan, byggesak, landbruk, oppmåling, og gis Ei eining

Detaljer

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar.

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar. Biologisk mangfald Mål Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar. Status Jernbaneverket arbeider kontinuerleg med å handtere konfliktar mellom biologisk mangfald og

Detaljer

Hvordan kan vi bruke overvåkingsdata om gjengroing og hvordan kan vi bli enda bedre?

Hvordan kan vi bruke overvåkingsdata om gjengroing og hvordan kan vi bli enda bedre? Landskapsovervåkning nå og framover Hvordan kan vi bruke overvåkingsdata om gjengroing og hvordan kan vi bli enda bedre? Kristin Ø. Bryhn seniorrådgiver Fylkesmannen i Hedmark, Landbruksavdelingen Lillestrøm,

Detaljer

Endringar i arealbruk og husdyrhald på Vestlandet. Utfordringar m.o.t. bruk av eng og beiteareal.

Endringar i arealbruk og husdyrhald på Vestlandet. Utfordringar m.o.t. bruk av eng og beiteareal. 16 Endringar i arealbruk og husdyrhald på Vestlandet. Utfordringar m.o.t. bruk av eng og beiteareal. Liv Synnøve Sognnes og Samson Øpstad / liv.sognnes@planteforsk.no Planteforsk Fureneset fagsenter. 6967

Detaljer

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre MASFJORDEN Foto: Gettyimages S E N T E R PA R T I Kommunen og innbyggjarane våre Masfjorden Senterparti Me i Senterpartiet er opptatt av nærleik, og at du skal få vere med å bestemme korleis kvardagslivet

Detaljer

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2 Tingvoll, 21.7.2016 Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1 Viser til brev av 4.7.2016, sak 2016/19-2 Vi merker oss at kommunen i alle fall har undersøkt Artskart og Naturbase for å gjere

Detaljer

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Tingvoll, 16. mai 2012 Tingvoll kommune NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING Naturvernforbundet i Tingvoll blei tilfeldig klar over for ei tid sidan at det 24.10.2008

Detaljer

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk Vi må ta vare på matjorda Om jordvern og eigedomspolitikk Jordvern for meir mat Jordvern er viktig fordi vi må ta vare på all matjorda for å mette dagens og komande generasjonar. Behovet for mat er venta

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/623-15/766 K2 - L12 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63 29 73 05.02.2015 Reguleringsplan(detaljregulering)

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre JONE Avgjerd av: Saksh.: Jon Nedkvitne Arkiv: Objekt: N-101.1 Arkivsaknr 2004002075 Fylkesplanen for

Detaljer

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT TYSVÆR KOMMUNE SÆRUTSKRIFT Dato: 15.12.2014 Saksnr.: 2014/1893 Løpenr.: 35062/2014 Arkiv: V00 Sakshandsamar: Anne Berit Hauge HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT Saksnr Utval Møtedato 6/15

Detaljer

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om Side 1 av 6 K SAMNANGER KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: John Inge Sandvik Arkivsaksnr: 12/186 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Naturutvalet Arkivkode: GBNR-16/4 Løpenr: 12/4346

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

Melding om vedtak. Høyring-Forslag til forvaltingsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

Melding om vedtak. Høyring-Forslag til forvaltingsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Bykle kommune Rådmannsstaben Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane Setesdalsmuseet 4748RYSSTAD Melding om vedtak Vår ref: Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2009/147-122 Sigrid Bjørgum, 37938500 026 30.10.2014 Høyring-Forslag

Detaljer

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2019/2185-1 Saksbehandlar: Birthe Andersen Haugen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse 12.03.2019 Uttale - Høyring forslag til endring i

Detaljer

Faun notat Slåttemyr i Støyldalen, Nissedal kommune

Faun notat Slåttemyr i Støyldalen, Nissedal kommune Vår dato.: 4.8.2014 Dykkar dato: 25.6.2014 Vår ref.: HK Dykkar ref.: Lars Ole Thunold Faun notat 4-2014. Slåttemyr i Støyldalen, Nissedal kommune Oppdragsgjevar: Skagerrak Kraft AS 1. Konklusjon Det finst

Detaljer

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring // Nedgang i sykepengeutbetalingene til selvstendig næringsdrivende Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring AV JORUNN FURUBERG SAMANDRAG Mange som avsluttar attføring kjem tilbake som yrkesvalhemma

Detaljer

Gode mål for UKL-områda naturmangfald kulturminne - jordbruk

Gode mål for UKL-områda naturmangfald kulturminne - jordbruk Gode mål for UKL-områda naturmangfald kulturminne - jordbruk Gode mål for Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal Sunndal kommune i Møre og Romsdal Gode mål i vårt område: Skjøtta areal 820 Skjøtta

Detaljer

Statsråden. Vår ref 18/144-2

Statsråden. Vår ref 18/144-2 Statsråden Stortinget Postboks 1700 Sentrum 0026 OSLO Dykkar ref Spm 889 Vår ref 18/144-2 Dato 15. februar 2018 Svar på spm. Nr. 889 frå stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand - tilskot gitt til

Detaljer

Utmarksbeitet i Hedmark

Utmarksbeitet i Hedmark NSG - Norsk Sau og Geit Utmarksbeitet i Hedmark Forfatter Yngve Rekdal, Norsk institutt for skog og landskap Sammendrag Tal frå prosjektet «Arealrekne - skap i utmark» viser at Hedmark har eit utmarksbeite

Detaljer

SAMLA SAKSFRAMST HQIYRING AV FORSLAG TIL ENDRING AV LOV 15. JUNI 2001 NR. 75 OM VETERINÆRER OG ANNET DYREHELSEPERSONELL

SAMLA SAKSFRAMST HQIYRING AV FORSLAG TIL ENDRING AV LOV 15. JUNI 2001 NR. 75 OM VETERINÆRER OG ANNET DYREHELSEPERSONELL - I la:iri(i\,t.ilk\- og ni2itdc.p. r,%]/y3 HQIYRING AV FORSLAG TIL ENDRING AV LOV 15. JUNI 2001 NR. 75 OM VETERINÆRER OG ANNET DYREHELSEPERSONELL - - 5-5- ORSTA KOMMUNE l------.,$l- - MAI 20@ /!~)/sb~b

Detaljer

Dyr på utmarksbeite gir positive miljøeffekter!

Dyr på utmarksbeite gir positive miljøeffekter! Dyr på utmarksbeite gir positive miljøeffekter! Beiting og økt matproduksjon i Buskerud beitebruksplan som verktøy Flå 17. oktober 2017 Katrine Andersen Nesse, fagsjef bærekraft, miljø og klima Dyr på

Detaljer

REGIONAL PLAN FOR DOVREFJELLOMRÅDET

REGIONAL PLAN FOR DOVREFJELLOMRÅDET REGIONAL PLAN FOR DOVREFJELLOMRÅDET STYRINGSGRUPPA SI TILRÅDING 26.03.15 Handlingsprogrammet Versjon 1.1 Foto: Olav Strand Foto: Ole Einar Butli Haarstad Våren 2015 1 Innhald 1.0 Innleiing... 3 2.... 4

Detaljer

Uttale til forslag til forskrifter og faggrunnlag for prioriterte arter

Uttale til forslag til forskrifter og faggrunnlag for prioriterte arter Hå kommune Saksnummer Utval Vedtaksdato 005/14 Formannskapet 14.01.2014 Saksbehandlar: Olav Magne Tonstad Sak - journalpost: 13/1884-14/261 Uttale til forslag til forskrifter og faggrunnlag for prioriterte

Detaljer

Handlingsplan for landbruket i Os HANDLINGSPLAN FOR LANDBRUKET I OS

Handlingsplan for landbruket i Os HANDLINGSPLAN FOR LANDBRUKET I OS HANDLINGSPLAN FOR LANDBRUKET I OS 2012-2017 1 HANDLINGSPLAN FOR LANDBRUKET I OS KOMMUNE 2012-2017 1 Mandat 2 Innleiing 3 Arbeid med planen 4 Landbruket i Os i dag 2011 Tabell 1 4.1 Analyse sterke og svake

Detaljer