Periodeplan. Kløver. Februar juli 2016

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Periodeplan. Kløver. Februar juli 2016"

Transkript

1 Periodeplan Kløver Februar juli 2016

2 Personalet på Kløver: Anette (pedagogisk leiar) og Vivian (fagarbeidar). Barnegruppa på Kløver 2015/2016: Iver Olai, Emma, Emil, Amanda, Nora, Mikael, Kamilla, Mohamed, Imran, Leah. Livet i kløvergruppa frå i haust og fram til no. Eit halvt år er godt og vi har blitt godt kjend med kvarandre, både barn og vaksne. Vi ar arbeidd mykje med å få til eit godt samhald og miljø i gruppa. For å få til dette er det viktig med trygge, stabile vaksne som er tett på borna, samt at vi arbeider mykje med sosial kompetanse. Innan sosial kompetanse, har vi i haust hatt eit stort fokus på vennskap. Vi har snakka om kva er ein god ven? Kva kan vi gjere dersom nokon ikkje har nokon å leike med og liknande. Vennskap er eit stort og viktig tema, som vi skal fortsette arbeide med i denne perioden også. Til no, blant anna på turar, i førskuleklubb eller samlingar generelt spelar vi på dei mange ulike personlegdomane, samt ulike ferdigheiter og evnene vi ser hos barna i gruppa. Alle skal kjenne at dei kan bidra med noko til fellesskapet, og vi ynskjer å arbeide for at vi kan lære av kvarandre. Knytt til dette å lære av kvarandre, og hjelpe kvarandre ser vi at barna treng å arbeide med samarbeid framover. Kva betyr det å samarbeide- og kvifor er det viktig å lære seg å samarbeide med andre? Difor vil vi ha eit stort fokus på omgrepet samarbeid framover i arbeidet med små og større prosjekt utover våren. Tidleg i haust nytta personalet på kløver tida til å bli kjend med barna, og sjå kva barnegruppa og enkeltbarn treng meir støtte i. Som ein sentral del i dette arbeidet har vi sett på ulike arbeidsmetodar, og blant anna valt å dele barnegruppa i mindre grupper inn i mellom gruppetida vår. Det har vi sett har vore svært godt for mange av barna.

3 Mindre støy, meir ro, og auka konsentrasjon i leik og aktivitetar. Knytt til konsentrasjon og språk ser vi at mange på gruppa har behov for nettopp å dele i mindre grupper. Når vi er i mindre grupper har vi blant anna spelt brettspel, høgtlesing av bøker der borna må lytte så med spørsmål om kva vi las om etter på, og vi har vist fram bilete frå turar eller i inne/uteleik og snakka om dei i etterkant til refleksjon etc. Temaarbeid Årsprosjektet som fekk overordna tittel «på veg» skal ende opp i noko som vi kan syne fram til dykk foreldre under sommarfesten. I haust byrja vi med å fokusere på blant anna vennskap, det enda blant anna i mange fine samtalar, der blant anna ideen om ein vennebenk blei til. Vi brukte ein av dei benkane vi allereie har i barnehagen, og laga eit skilt. Vi vart så einige om korleis vennebenken skulle brukast. Blant anna handla det om at dersom nokon av borna ikkje har nokon å leike med, skal ein kunne setje seg på benken og forvente at andre barn kjem bort og spør om han eller ho vil leike med den eller dei. Benken vart godt brukt i byrjinga, men etter kvart som hausten gjekk har benken blitt litt gløymt, då vi har blant anna hatt fokus på andre prosjekt og aktivitetar. Blant anna hadde vi 3. årsstudentar med oss i 4 veker, med fokus på skogsområdet til barnehagen. I denne perioden datt mange av vore faste aktivitetar og tidlegare prosjekt ut. No over nyttår har mange av barna vore svært interessert i song og dans, spesielt songar frå to gutar ved namn Markus og Martinus. Vi tenkjer at kanskje dette er noko vi må spele vidare framover.

4 Årstidene og høgtidsmarkeringar Vi kjem til å arbeide med tema om årstidene for perioden, som vinter, vår og sommar. Barna er blant anna blitt opptekne av nokre bringebærbusker som er like ved omsorgssenteret, fordi tidleg i haust gjekk vi forbi dei, stoppa opp, og smakte på gode, saftige bringebær før vi gjekk vidare. Dette hugsar mange av borna. Vi har difor blitt samde om at når vi går forbi der skal vi fylje med på desse buskene, dokumentere om det som skjer, og samtale om det eventuelt ser endringar. Når kjem det for eksempel bringebær på buskene? Kanskje er det dette vi kan bygge vidare på i årsprosjektet «på veg»? Andre tema for perioden er markering av samanes nasjonaldag 6. februar. Samane er ein viktig del av norsk kultur, og difor skal vi samtale om dette i barnehagen også. Vi skal og markere aktuelle høgtidsmarkeringar som blant anna fastelavn og påske. Før påske har vi ulike formingsaktivitetar, vi syng songar, og vi fokuserer på at det går mot ei mildare årstid der det byrjar å spire og gro. I mai skal vi markere grunnlovsdagen til Noreg den 17. mai. I forkant av denne dagen øver vi på å gå i tog, og vi syng 17. mai songar og hurrarop. Vekerytme og organisering I Øyra barnehage har vi fleire kjekke og spanande aktivitetstilbod å tilby den eldste barnegruppa. Barna skal gjerast ekstra stas på gjennom å få oppleve rike og varierte opplevingar som kan styrke dei til skulestart, og gje dei gode minner om barnehagetida. Aktivitetstilbodet til Kløver inneber vasstilvenning i basseng, førskuleklubb og turar i nærmiljøet. I tillegg er barna fadder for dei yngste på storbarn Kvitveisane. Vi har sett av måndagane til dette, og då er vi saman med kvitveisane delar av dagen. Denne ordninga med fadder ser vi har fungert betre og betre ut over hausten. Mange av

5 kløverborna er flinke til å leike med kvitveisane, og omvendt. Vi ser at kvitveisane har blitt tryggare på storbarn ut over hausten, og at born som kanskje var litt skeptiske til dei store på kløver, ikkje er skeptisk lenger! Vi ber om at alle borna er komne til barnehagen før klokka På turdagar innan Slik er vekeplanen for Kløver: Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Frå kl : «Utedag» Gruppetid Vi har turdag Bading frå kl Gruppetid Vi er med Kl Mellom kl i sjukehus- Vi delar oss i andre ord Førskuleklubb i ca. Barn bør kome til bassenget. mindre grupper mykje ute 1 time. barnehagen innan Går frå barnehagen saman med store delar av , tilbake seinast kvitveisar og er dagen fadder. NB: nokre gongar køyrer vi med personbil. Førskuleklubb Førskuleklubb har vi 1 gong i veka, kvar onsdag i ca. 1 time. Vi vekslar på å ha ei felles samling, og på å dele oss i to mindre grupper. Barna har fått kvar si arbeidsbok, som vi har kalla for femårsbok. Boka har ulike oppgåver og går gjennom fleire aktuelle tema som skal støtte barna i skuleførebuinga. Til no har vi arbeidd med tema om «meg sjølv» og «huset mitt», mønster, symbol og former, og måling. I denne perioden skal vi arbeide med tema som tal, plassering og sortering, bokstavar, og rim og stavingar.

6 Eit viktig mål med førskuleklubb i barnehagen er at barna skal få bli kjend med mange av dei omgrepa og arbeidsmetodane som dei møter i skulen. I dette arbeidet er det også viktig å lære barna blyantgrepet under teikning/fargeleggingsoppgåver, øve opp konsentrasjonsevne til å halde på med rolege aktivitetar, sitje i ro og lytte, vente på tur, ta i mot beskjedar frå vaksne, samt å bli sjølvstendige i garderobesituasjonane. Vasstilvenning/bading. Til no har vi gjennom ulike aktivitetar i bassenget hatt fokus på at borna skal kjenne seg trygge, oppleve glede og mestring gjennom leik og aktivitet i basseng. Dette synes vi vaksne at vi har fått til. Mange er blitt svært trygge, og fleire syner stor framgang i bassenget. Til jul fekk alle barna vannmerket, som betyr at dei klarar å flyte på rygg, symje frå ei side til ei anna side ved hjelp av armringar, og eventuelt eit flytebrett. Samt få vatn i ansiktet. Framover vil vi vurdere om vi skal arbeide for at borna kan få kvalmerket. Krava for dette merket er blant anna at barnet må kunne dukke ned på grunnaste del og hente ein ring. Om vi ser at nokre synes dette er både skummelt og vanskeleg legg vi lite merksemd rundt merket og at alle må gjere dette. Det viktigaste fokuset vi har gjennom dette tilbodet er at barna får oppleve mestring og glede i det og vere i leik og aktivitet i basseng. Dei to badegruppene er delt inn slik: Gruppe 1: Iver Olai, Kamilla, Emil, Mohamed, Amanda. Gruppe 2: Nora, Emma, Mikael, Leah, Imran.

7 Minner om badeutstyr som alle må ta med: - Badetøy, badehette, såpe, handkle og ferdig oppblåste baderingar til og ha rundt armane. NB! Vi ber om at alle tek med badekle/utstyr kvar veke sjølv om det til rett er bading anna kvar veke. Dette i tilfelle nokon born er sjuke eller tek fri, for vi tek alltid med oss 5 born kvar veke. Tur Gjennom å tilby barnegruppa tur til ulike stadar rundt om i nærmiljøet til barna i barnehagen har vi eit større fokus på fagområder i rammeplanen til barnehagen (2011) som kropp, rørsle og helse, natur, miljø og teknikk, og nærmiljø og samfunn. Barna blir enda meir kjend med nærmiljøet sitt, får vere i bevegelse, og får kjennskap til og lære om ulike miljø. I løpet av haust-perioden har vi vore på tur til Garvarbuda, studert livet ved strandkanten og fjøra. Studert båthamna ved Andaneset, og kasta blant anna flaskepost. Vi har gått forbi fleire av borna sine hus, og vi har gått opp til Grindløda. Vi har leika i skogsområder, og blant anna tatt turen til lærarskuleskogen. No etter nyttår har vi blant anna vore å gått på glattisen utanfor huset til eit barn i barnehagen. På turane legg vi vekt på at borna skal oppleve mestring og at turdagane skal vere noko positivt. Under turane kan vi utvikle prosjektarbeid, eventuelt små eller større prosjekt. Kanskje blir turane ein del av eit prosjekt. På grunn av at vi har fokus på prosjekta våre, kan det hende at vi ikkje går på tur kvar veke, då vi kanskje har behov for å arbeide med prosjekta i sjølve barnehagen.

8 Vi minner om at alle barna tek med gode sekkar med festestropper, sitjeunderlag og drikkeflaske i barnehagen tilfelle turdag. Dette er utstyr som dei treng på skule også. Mat og kosthald I Øyra barnehage har vi fokus på eit sunt og variert kosthald, der brød, mjølk, frukt og grønsaker er sentralt. Vi tilbyr barna to måltid i barnehagen, og har varm mat minst 1-2 gongar pr. veke. Vi har fast matlagingsdag på storbarn onsdagane, og gruppene rullerer på ansvaret med å lage til maten. Det vi seie at kløver lagar mat kvar tredje onsdag til alle på storbarn. Når barna er med på å lage mat får innblikk i korleis man lagar mat, korleis man brukar ulike kjøkenreiskap, arbeide med å måle/berekne kor mykje ingrediensar man skal bruke.. etc. Nokre gongar lagar vi og litt ekstra god mat på turar, der vi grillar den på bål. Vi har og ei bålpanne i barnehagen som vi nyttar oss av inn i mellom når vi er mykje ute. I januar har vi blant anna hatt ein utedag med mykje leik og aktivitet i snøen som kom, då tok vi fram grillpanna og kosa oss med pølser og pinnebrød i nydeleg vinterver.

9 Funksjonsrom og prosjektutvikling. I barnehagen har vi ulike funksjonsrom delt inn etter fagområda i rammeplanen til barnehagen. På dei ulike romma kan barna finne ulike verktøy og materiale som kan brukast til å arbeide med i prosjekt vi held på med. Romma er noko endra sidan før jul, og sidan vi som Reggio Emilia inspirert barnehage er opptekne av at rommet er den tredje pedagog, som betyr at rommet skal innby til aktivitet og prosjektlyst, så er romma stadig i endring. I haust såg vi blant anna at formingsrommet vårt vart mykje brukt, og at vi trengde eit større rom. Vi flytta difor nysgjerrig-per rommet vårt, og bytta rom med formingsrommet. Nysgjerrigper-rommet er eit forskarrom, og har heller ikkje så mykje utstyr som på formingsrommet vårt. Tillegg til desse romma kan borna finne eit dans, drama og musikk-rom. Mange av kløverane er glad i både song og dans, og Markus og Martinus er noko av det mange av kløverane er opptekne av akkurat no. Vi har blant anna tenkt å drage denne interessa vidare i eit prosjekt. Konstruksjonsrommet ligg like ved dans, drama og musikkrommet, og der kan barna nytte ulike materiale til å skape og bygge ulike fantasiar, skulpturar eller byggverk. Vi

10 har halde på med tema om mønster og former i førskuleklubb, og kjem til å nytte rommet til å arbeide med vidare med aktuelle tema som vi har om i førskuleklubben. Vi skal etter kvart i denne perioden lage til eit sanserom like ved der vi har kjøkenkrok/bibliotek/spesialpedagog-rom. På dette rommet skal barna få tilbod om rolege aktivitetar, med ulike sanseinntrykk som fokus. På rommet finn vi og ulike spel, bøker og andre utstyr som kan brukast i språkstøtte. Samt vi har ein del leiker med fokus på familie/heim med kjøkenutstyr, dukke, dukkekle etc. IKT Dokumentasjon av prosessane i prosjekta våre er sentralt når vi arbeider etter ein Reggio Emilia pedagogikk. Gjennom å nytte oss av ulike ikt verktøy kan vi samtale og reflektere undervegs. Vi kan snappe opp ting som vi kanskje ikkje hadde tenkt på før. Gjennom å bruke verkty som fotokamera eller Ipad og pc kan vi studere bilete eller lage biletframsyning/filmar. Ipad og pc kan og nyttast til å spele ulike spel som har fokus på læring som vi ser er sentrale for vårt arbeid knytt til for eksempel skuleførebuing, eller i språkstøtte. Fleirkultur Øyra barnehage er ein fleirkulturell barnehage der vi har fleire barn med framandspråkleg bakgrunn. På kløvergruppa er det barn med bakgrunnar frå blant anna Somalia, Syria, Tyskland, Romania/Italia, og Sør-Amerika. Det er viktig at vi i barnehagen arbeider for at barna skal få innblikk i andre kulturar, og vi ynskjer blant anna arbeide å knyte inn noko frå dei ulike bakgrunnane som er representert i gruppa. Har foreldre innspel er vi svært interessert i dette.

11 Viktige hendingar for denne perioden: Vi har karneval i barnehagen 18. februar. I veke 8, februar er det vinterferie i skulen. Vi markerar barnehagedagen 2016 den 1. mars. Påskeveka er i veke 12, skjærtorsdag 24/3 og langfredag 25/3 er stengt, samt måndag 2. påskedag den 28/3. Onsdagen denne veka har opent fram til klokka 12. NB: vi heng opp ferielister og dykk må krysse av for om dykk kjem eller tek fri i forkant. Barnehagen er stengt 5. (Kristi himmelfartsdag) og 6. mai (planleggingsdag). Barnehagen er stengt 2. pinsedag 16. mai, og på grunnlovsdagen 17. mai. Barnehagen er stengt 10. juni (planleggingsdag). I juni er det sommarfest for barnehagen, denne er det dykk foreldre til kløverane som skal arrangere. Vi ber dykk allereie no tenkje på om dykk bør samlast ein dato, og fordele ansvar. Vi skal og ha ein avslutningstur for kløvergruppa. Dette blir ein dagstur, og tidspunkt for dette skal dykk få seinare i perioden.

Periodeplan for Kløver. September 2014 februar 2015.

Periodeplan for Kløver. September 2014 februar 2015. Periodeplan for Kløver September 2014 februar 2015. Personalet på Kløver: Anette, Annelin og Bente. Barnegruppa på Kløver: Alva Nila Martinus Maria Luna Nicholas Trym Eivind Omar Wilsan Martin Signe Nathaniel

Detaljer

Periodeplan. Kløver. Oktober 2015 februar 2016

Periodeplan. Kløver. Oktober 2015 februar 2016 Periodeplan Kløver Oktober 2015 februar 2016 1 Personalet på Kløver: Anette, pedagogisk leiar. Vivian, fagarbeidar. Vikarar dykk vil møte i barnehagen er Arnstein som er heilt ny hos oss, Randi Elise,

Detaljer

Periodeplan for Solsikkene. August 2014-Februar 2015

Periodeplan for Solsikkene. August 2014-Februar 2015 Periodeplan for Solsikkene August 2014-Februar 2015 Innleiing Hei og velkomne til eit nytt barnehager i Solsikkegruppa. Solsikkegruppa har tidlegare vore ei gruppe for 3 -og 4 åringar, men frå i år av

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

Periodeplan. Kvitveisane. Oktober2014- januar Øyra barnehage

Periodeplan. Kvitveisane. Oktober2014- januar Øyra barnehage Periodeplan Kvitveisane Oktober2014- januar 2015 Øyra barnehage 1 Velkommen til eit nytt barnehage år! Vi er no godt i gong med det nye barnehageåret. Det har vore ein haust med mykje nytt for både born

Detaljer

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Nymannsbråtet barnehage KVITVEISEN Mai 2015 Månadens tema; Bevegelsesglede: Sirkus. Månadens song; «Nymannsbråtet barnehage», «Ja, vi elsker». Fagområde; Kropp, bevegelse og helse. Veke Fredag 01.05 Offentleg

Detaljer

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder: Språk og språkmiljø Vi har språk og språkmiljø som satsingsområde. Det er eit mål å gje barna varierte og positive erfaringar med ord og uttrykk, saman med konkret sanse- og førstehandserfaring, i naturlege

Detaljer

Månadsbrev for Blå, april 2016

Månadsbrev for Blå, april 2016 Månadsbrev for Blå, april 2016 Oppsummering/ evaluering av april Me har i april hatt fokus på friluftsliv. Før me starta på denne månaden var det få av oss som visste kva ei grandekule er, no er det begrepet

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODENS FAGOMRÅDER: NÆRMILJØ OG SAMFUNN: - Bli trygge på seg sjølv, vaksne og barn i barnehagen - Bli kjent

Detaljer

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE BØ KOMMUNE SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE Folkestad og Bø Skule Gullbring barnehage Folkestad barnehage Veslekroa studentbarnehage Maurtuva barnehage Sandvoll barnehage Bøhamna

Detaljer

Trollnytt for januar og februar

Trollnytt for januar og februar He Trollnytt for januar og februar. Henry-førstehjelp for barnehagebarn er eit pedagogisk læringsopplegg utviklet for barn mellom 3-6 år. Målet er å lera dei eldste barna i barnehagen om førstehjelp. Henryførstehjelp

Detaljer

Tilbakeblikk på mars:

Tilbakeblikk på mars: MÅNEDSPLAN FOR NØTTELITEN Tilbakeblikk på mars: Tema for mars var «ballaktivitet og påskeførebuing». Me har leika med ballar og ballongar på avdelinga, i gymsalen og i uteleiken. Me har og byrja med påskesamlingar

Detaljer

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke

Detaljer

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt

Detaljer

Periodeplan Kvistveis

Periodeplan Kvistveis Periodeplan Kvistveis Oktober-Januar Hausten 2016 1 Velkommen til eit nytt barnehageår, med nye omgivnader, utfordringar og opplevingar. Vi har brukt hausten så langt på å verte kjent med storbarnsbasen,

Detaljer

Periodeplan for storbarnsbase

Periodeplan for storbarnsbase Periodeplan for storbarnsbase frå august januar 2013 2014 Kløver 4-5 år Solsikke 2-4 år Innleiing Hei og velkomne til eit nytt barnehageår! I år er vi til saman 38 barn på storbarnsbasa Kløver og Solsikke.

Detaljer

ANSVAR OMSORG - GLEDE

ANSVAR OMSORG - GLEDE PEDAGOGISK PERIODEPLAN SKOGTROLLA Januar-Februar-Mars ANSVAR OMSORG - GLEDE Side 1 av 6 Innhald Viktige datoar / sangar og eventyr på avdelinga...3 Evaluering...4 1:0 Tema «kven er eg?»...4 1:1 hovudmål

Detaljer

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018 ÅRSPLAN Jostedal barnehage 2017 / 2018 2Innleiing: I denne årsplanen finn de informasjon om barnehagen sine satsingar og konkrete tiltak innafor ulike område, og i planen er det teke omsyn til idear og

Detaljer

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER Så er september over og vi er godt i gang med oktober. Det har gått veldig fint med oppstart av nytt barnehageår, barna viser trivsel og vi har det kjekt i lag. Vi har

Detaljer

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema Del 2 Ågotnes barnehage årstema 2017-2018 Visjonen til barnehagen er «Leikande, glade barn og natur hand i hand» og dette skal prege kvardagen. Dei seinare åra har vi hatt fokusområde språk og sosialkompetanse.

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE,

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2017 Tysdag kl.10 14 Onsdag kl.09 14 Torsdag kl.10 14 (i fylge skuleruta) Vi kan til tilby: * Koselig samvær med born og vaksne * Samlingsstund, leik, formingsaktivitetar,

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2016-2017 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Måndag til torsdag 06.45 17.00 Fredag 06.45-16.30 Kjøp av tid: Dersom det

Detaljer

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april: MAI Månadsskriv for Nøtteliten Tilbakeblikk på april: I april hadde me «turglede i naturen» og «påske» som tema. Me gjekk på fleire lange fine turar, kor me fekk auge på endå fleire vårteikn. På turane

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

Månedsbrev april 2015

Månedsbrev april 2015 Månedsbrev april 2015 MARS 2015 Mars har gitt oss nokon solfylte og varme dagar, der me har fått kjenne på våren. Spørsmålet om å gå med jakke og sko kom ganske fort. Uteleiken fekk eit vårpreg over seg,

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år

Året 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering

Detaljer

Månadsbrev for Februar

Månadsbrev for Februar Månadsbrev for Februar Februar månad er over, og me har fått opplevd mykje forskjellig. Me starta månaden med eit lite kunstprosjekt. Naturmateriale henta me på tur, og la til tørk. Me mala namnet vårt

Detaljer

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl

Nyttar høve til å minna om at de ringer barnehagen dersom barnet dykkar har fri, er sjuk eller kjem seint i barnehagen. Ring då seinast kl Februar har vore ein innhaldsrik månad. I byrjinga med fokus retta mot samefolkets dag, for så å gå over til fokus retta mot karneval. Mange opplevingar, mykje kreativitet og læring. Tema elles denne månaden

Detaljer

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017 1. kommunikasjon, språk, tekst Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle sin språkforståelse, språkkompetanse og et

Detaljer

Periodeplan. Kvitveis. Våren Øyra barnehage

Periodeplan. Kvitveis. Våren Øyra barnehage Periodeplan Kvitveis Våren 2015 Øyra barnehage Livet i gruppa Det er ein flott gjeng med kvitveisar som har mange flotte og forskjellige eigenskapar og ferdigheter. Dei er hjelpsame og ivrar etter å få

Detaljer

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017 1. Kommunikasjon, språk, tekst: Gjennom arbeid med dette fagområdet skal barnehagen bidra til at barnet blir kjent med bøker, sanger, bilder m.m. (Rammeplanen).

Detaljer

Halvtårsplan for førskulegruppa. Valestrand barnehage våren Osterøy kommune

Halvtårsplan for førskulegruppa. Valestrand barnehage våren Osterøy kommune Halvtårsplan for førskulegruppa Valestrand barnehage våren 2016 Osterøy kommune Førskulegruppa barnehageåret 2015-2016 består av 7 born. Agata Daleki Marie Evensen Reigstad Tim Ferdinand Holter Vatle Sara

Detaljer

Månedsbrev Bikuben juni, juli og august 2016

Månedsbrev Bikuben juni, juli og august 2016 Månedsbrev Bikuben juni, juli og august 2016 Med språket som basiskompetanse i dagligtalen har me fokus på at alle barna får delta aktivt med å fortelje og prate rundt både frukostbordet, lunsjbordet,

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017 Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017 TEMA: «Fysisk aktivitet, psykisk helse og kosthald» «Være sammen» Askeladden Kristoffer, pedagogisk leder Britt Karin, pedagogisk leder Linda, pedagogisk

Detaljer

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida Veslefrikk Mai 2018 Den siste tida har me hatt mykje bra vær, og det har me nytta oss av. Å få vera ute og leika og gå i ulendt terreng er bra for motorikken til alle barn. Me ser framgang hos alle, både

Detaljer

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage) Denne planen gjeld frå og med januar 2015 til og med desember 2015. I tillegg lagar personalet ein grovplan med meir

Detaljer

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019 haust og leik MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019 Mål: Vi vert kjende med Nanah og livet hennar i Sierra Leone. Vi forberedar oss til aksjon, og jobbar med tema solidaritet og barn hjelper barn. Vi går tur

Detaljer

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd, Desember månedsbrev I desember har me fått gjort masse kjekt med barna. 1. desember byrja vi med lyssamlinga i amfiet der me skulle synge julesongar foran alle barna i barnehagen. Deretter byrja vi med

Detaljer

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne UTVIKLINGSPLAN 2015 Pedagogiske rom Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne Tiltak og arbeidsmetodar: Mål; Skape rom - som inspirerer

Detaljer

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre

Detaljer

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 3: januar, februar og mars

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 3: januar, februar og mars PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 3: januar, februar og mars Periodens prosjekt: - Vintereventyr Vi har lest ulike bøker med tema vinter, som har handlet om snø, snømenn, snøballkasting

Detaljer

Periodeplan. Solsikkene. Februar- juni Øyra barnehage.

Periodeplan. Solsikkene. Februar- juni Øyra barnehage. Periodeplan Solsikkene Februar- juni 2016 Øyra barnehage. 1 Livet i gruppa Hausten 2015 har vi jobba med sosial kompetanse, venskap og det å framheve kvart enkelt barna sine sterke sider. Vi har tatt opp

Detaljer

Periodeplan for Blåklokke

Periodeplan for Blåklokke Periodeplan for Blåklokke September 2016 -Februar 2017 ØYRA BARNEHAGE 1 Evaluering Vi har så vidt kome i gang med kvardagen vår på Blåklokke. I august og september har vi tilvenning av nye born. Nokre

Detaljer

Periodeplan for avdeling Lykke, januar til juni 2013

Periodeplan for avdeling Lykke, januar til juni 2013 Periodeplan for avdeling Lykke, januar til juni 2013 Lurer på om det kommer en båt. Barnehage året 2012 2013 er vi 10 barn på avdeling Lykke. Vi vil være 3 faste personale på avdelingen fordelt slik Personalet

Detaljer

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage

Kostholdsplan for Gardstunet barnehage Kostholdsplan for Gardstunet barnehage I Gardstunet barnehage har vi eit stort fokus på eit sunt og variert kosthald. Måltida i barnehagen utgjer ein del av barnas totale kosthald. Eit sunt og variert

Detaljer

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016 KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016 Problemstilling: Kilden/kjernekomponentane Korleis kan arbeid med språk og samspel sikre fleirspråklege barn

Detaljer

Leikande, glade barn og natur hand i hand

Leikande, glade barn og natur hand i hand Leikande, glade barn og natur hand i hand Året 2013-2014 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2013-2014 3 Eventyr 4 Dino /Duå ut til alle 5 Førskulegruppa 6 Vurdering 7 Planleggingsdagar

Detaljer

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Halvårsrapport lyseblå haust 2017 Det har vore eit flott halvår på lyseblå gruppe med eitt og toåringane. I gruppa har me 8 toåringar og 5 eittåringar. Me har to pedagogar, ein fagarbeidarar, ein assistent

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR MAI RØDKLØVER. Veke Måndag 02 Tysdag 03 Onsdag 04 Torsdag 05 Fredag Hipp Hurra for Emilia n 5 år 7 Mai!

MÅNADSPLAN FOR MAI RØDKLØVER. Veke Måndag 02 Tysdag 03 Onsdag 04 Torsdag 05 Fredag Hipp Hurra for Emilia n 5 år 7 Mai! Nymannsbråtet barnehage Månadens tema;.17 mai., vann Månadens song; to dråper vann Fagområde;.Natur, miljø og teknikk MÅNADSPLAN FOR MAI RØDKLØVER Veke Måndag 02 Tysdag 03 Onsdag 04 Torsdag 05 Fredag 06

Detaljer

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE AVDELINGSPLAN TRIOLA Kontaktinformasjon: Triola: 59192749 Barnehagemobil: 94508709 E-post: daniel.monstad.windt@osterøy.kommune.no TRIOLA Triola er den største av dei

Detaljer

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald

Detaljer

Periodeplan for avdeling Lykke Januar juni 2014

Periodeplan for avdeling Lykke Januar juni 2014 Periodeplan for avdeling Lykke Januar juni 2014 BARNEHAGEÅRET 2013-2014: Vi er en barnegruppe på 16 stk født i 2009. De voksne som kommer til å være på avdelingen er: Pedagogisk leder: Camilla Abrahamsen

Detaljer

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER: HEI, HEI! No er me komne godt i gong med kvardagen på Bikuben med rutinar, friluftsdagar, smøremat, kvilestund og små grupper. Me ser at gode daglege rutinar er med på å skape

Detaljer

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar Gul gruppe månedsbrev for januar og februar I Januar har me hatt oss nokre snødagar. Me benytta snøen og aka i barnehagen og utfor barnehagen. Me har og hatt utelunsj med både pølsespidding, graut og skiver.

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

GALGENES BARNEHAGE 2010/ 2011

GALGENES BARNEHAGE 2010/ 2011 GALGENES BARNEHAGE 2010/ 2011 ÅRSPLAN FOR BJØRNEHIET. Årsplanen er et redskap for personalet og et dokument til foreldre og barnehagemyndigheten. Årsplanen viser hva de enkelte avdelingene i barnehagen

Detaljer

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra Styringsdokument for Vik barnehage er Lov om barnehagar med Rammeplan. Desse finn ein på internett www.lovdata.no eller www.kunnskapsdepartementet.no. Vik

Detaljer

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei også litt tilvenning. Derfor har me fokusert på sosialisering

Detaljer

Månadsbrev Januar `18

Månadsbrev Januar `18 Månadsbrev Januar `18 Denne månaden har me hatt prosjekt med temaet «karneval og samar». Me valde i år å slå saman karneval og markering av samefolkets dag, difor har me no arbeidd med å verta kjende med

Detaljer

Månedsbrev Bikuben april 2017

Månedsbrev Bikuben april 2017 Månedsbrev Bikuben april 2017 MARS MÅNED: Det er stor aktivitet og glede hjå barna på Bikuben. Dei er i aktivitet heile dagen gjennom, både inne og ute. Me har vore gjennom alle årstidene på kort tid,

Detaljer

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar 07.15 Ankomst Gi barnet ein god start på dagen Skape gjensidig kontakt mellom bhg og foreldre. Vise merksemd og annerkjenne barnet 08.00 Frokost Ete seg mett

Detaljer

Månedsbrev for Steingrua! Februar Foto: Helén Eliassen

Månedsbrev for Steingrua! Februar Foto: Helén Eliassen Månedsbrev for Steingrua! Februar 2017 Foto: Helén Eliassen Nok ein måned har gått på Steingrua og me avrundar februar. Det har vore ein måned med varierande værforhold; alt frå mykje snø der me har kunna

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Månedsbrev Bikuben februar 2017 Månedsbrev Bikuben februar 2017 Februar måned: Endeleg kom snøen og vinteren til oss for fullt. Snø og sol frå skyfri himmel skapte god stemning i akebakken der ivrige barn og voksne akte på akebrett og

Detaljer

GALGENES BARNEHAGE 2010/ 2011

GALGENES BARNEHAGE 2010/ 2011 GALGENES BARNEHAGE 2010/ 2011 ÅRSPLAN FOR MAURTUA Årsplanen er et redskap for personalet og et dokument til foreldre og barnehagemyndigheten. Årsplanen viser hva de enkelte avdelingene i barnehagen jobber

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

Månedsplan, april. Grøn gruppe

Månedsplan, april. Grøn gruppe Månedsplan, april. Grøn gruppe Veke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 13 14 Påske verkstad Påske verkstad 15 Påske kos Påske kos. 16 2. påskedag. Fri. 17 Lekegruppe, lesegruppe, spelegruppe. Lekegruppe,

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer Månadsbrev for juni avdeling Glimmer Mai månad har vore skiftande med både kald og sur vind og fine soldagar inn i mellom. Vi har vore på mange fine turar og har vore mykje ute. Det har vore ein del fråvær

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg. JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.

Detaljer

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Månedsbrev Bikuben oktober 2016 Månedsbrev Bikuben oktober 2016 SEPTEMBER MÅNED: Barnegruppa på Bikuben er no kome godt i gang, dei nye barna har funne seg godt til rette, me ser mykje glede, latter og smil. Barna viser tillit og trygghet

Detaljer

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år Storebjørn Året 2016-2017 Kva vi jobbar spesielt med i år September 2016 1 Innhald Satsingsområde 3 Hakkebakke skogen 3 Førebygge mobbing i Ågotnes barnehage 5 Fellessamlinger, 6 Gymsal, Barn sin medverknad

Detaljer

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

SJØPOSTEN OKTOBER Hei! SJØPOSTEN OKTOBER 2012 Hei! Nå er me alt kome til oktober månad og me kan merke at hausten er her. Mange ulike ver typar gjere at barna får mange ulike opplevingar med ver og vind på godt og vondt. Haglbyer

Detaljer

PERIODEPLAN 4 Avdeling: Spurv EVALUERING AV PERIODE 3: Januar - Mars 2017

PERIODEPLAN 4 Avdeling: Spurv EVALUERING AV PERIODE 3: Januar - Mars 2017 PERIODEPLAN 4 Avdeling: Spurv EVALUERING AV PERIODE 3: Januar - Mars 2017 I denne perioden har vi fått tre nye barn på avdelingen. Vi har derfor hatt litt ekstra fokus på relasjoner og skape trygge gode

Detaljer

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem

Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Månaden som kjem Februar 2015 Januar, månaden som gjekk Denne månaden har me jobba med tema tog. Me har lagt opp til varierte erfaringar for læring. Dei store har lekt med det fine toget dei har laga av banan-øskjer. Det

Detaljer

Månedsbrev Bikuben april 2016

Månedsbrev Bikuben april 2016 Månedsbrev Bikuben april 2016 I MARS HAR ME HATT Fokus på språket som basiskompetanse i dagligdagen. I mars månad har det vore stor aktivitet med å lage forskjellig påskepynt. Det har vore stor iver hjå

Detaljer

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR MARS RØDKLØVER Månadens tema; ballsport, kroppen, påske Månadens song; Dine hender er fulle av blomster Fagområde;.kropp, bevegelse og helse, kommunikasjon,

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Kvifor (henv.til rammeplan) Bli kjent med bøker, songar, bilete, media o.a. Rammeplanen s.41

Kvifor (henv.til rammeplan) Bli kjent med bøker, songar, bilete, media o.a. Rammeplanen s.41 Halvtårsplan for Enge barnehage Avd. Tyttebæret og Molto Tidsperiode. Våren 2017 Februar Mål: Skape trygghet og gode relasjonar mellom barn/ barn og barn/ vaksne og tidlig språkstimulering Kva(aktivitet)

Detaljer

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er

Detaljer

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Halvtårsplan våren 2014 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2018-2019 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: 06.45 16.30 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne, kan du

Detaljer

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014

LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014 LEIRELVAPOSTEN SEPTEMBER 2014 B E K K E N Bildet er tatt på vei tilbake til barnehagen etter bærtur i skogen. Vi har brukt denne måneden til å kjenne på gruppefølelsen og bli godt kjent med hverandre.

Detaljer

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Månedsbrev Bikuben februar 2017 Månedsbrev Bikuben februar 2017 JANUAR MÅNED: Gleda var stor når snøen endeleg kom i januar. Barna var ivrige med å kome seg ut og finne fram akebrett og klar for mykje moro i akebakken. Det var mykje

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

Månadsbrev Januar 2017

Månadsbrev Januar 2017 Månadsbrev Januar 2017 Godt nytt år alle saman! Endeleg er me komen godt i gong att etter flytting, jule- og nyttårs-feiring. Veke 2 kom me endeleg i gong med tilrettelagte aktivitetar. Ting tek litt tid

Detaljer

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.

Detaljer

Velkommen til Tussejuv barnehage!

Velkommen til Tussejuv barnehage! Velkommen til Tussejuv barnehage! INFORMASJONSHEFTE Adresse: Brøløsvegen 8, 3840 Seljord Telefon: 35 06 51 80 / -81/ -82 Styrar: Gunhild Sundbø E-post: tussejuv.barnehage@seljord.kommune.no Seljord kommune

Detaljer