Periodeplan. Kløver. Oktober 2015 februar 2016

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Periodeplan. Kløver. Oktober 2015 februar 2016"

Transkript

1 Periodeplan Kløver Oktober 2015 februar

2 Personalet på Kløver: Anette, pedagogisk leiar. Vivian, fagarbeidar. Vikarar dykk vil møte i barnehagen er Arnstein som er heilt ny hos oss, Randi Elise, Hanne Marit, og Laura. Barnegruppa på Kløver 2015/2016: Iver Olai, Emma, Emil, Amanda, Nora, Mikael, Kamilla, Mohamed, Imran, Leah. Livet i kløvergruppa Sidan oppstartinga av det nye barnehageåret har vi vaksne nytta tida til å bli betre kjend med barnegruppa der dei er no, for å sjå kva vi skal arbeide med. Ut i frå det vi observerer barna er interessert i, gjennom å fange opp det dei er opptekne av i leik og aktivitetar, utviklar vi små og større prosjekt, og set oss mål for perioden med barnegruppa. Til no har vi sett at vi må arbeide med sosialkompetanse, og byrja fokusere på vennskap, og dette blir noko vi ynskjer å fokusere på saman med barnegruppa gjennom heile perioden. Til no har vi hatt samlingar, og snakka om vennskap der blant anna barna har fått kome med eigne tankar og refleksjonar, samt at vi har snakka rundt det vi har sett barna strevar med i forhold til vennskap. For eksempel har nokre blitt utestengt frå leiken, og vi har kome fram til at om nokon kjenner på det å ikkje ha nokon å leike med, så kan dei setje seg på ein «vennebenk». Vennebenken blei til på eige initiativ frå barn på gruppa, og dei kom sjølve med tanken om at når nokon sit på benken må andre barn kome å spørje om barnet vil leike med han eller ho. Vi vaksne synes det er viktig at barna får oppleve eit trygt og godt miljø i barnehagen, der dei får moglegheit for å knyte vennskap, og får vere ein del av eit rikt og trygt fellesskap. 2

3 Temaarbeid/prosjekt I år har vi i Øyra barnehage kome fram til at vi skal arbeide med prosjekt ut i frå eit overordna tema som vi har gitt tittelen «På veg». Vi vaksne ser at i prosjektet vårt skal vi ha eit ekstra fokus på vennskap og bygge opp om sosial kompetanse i arbeidet med barna. Barna skal også få moglegheit til å medverke i prosjektet, gjennom å uttrykke deira interesser og tankar, med støtte frå vaksne. Dette er sentralt for korleis prosjektet utviklar seg vidare. Andre sentrale tema i denne perioden er årstidene haust og vinter, der vi fyl med på endringane som skjer i naturen rundt oss. Vi kjem blant anna til å ha ei haustveke i løpet av oktober månad der vi er mykje ute. Øyra barnehage er også ein fleirkulturell barnehage. Vi vil blant anna markere aktuelle høgtidsmarkeringar, som id ul adha (offerfest for muslimar), og advent og jul. Vi kjem også til å arbeide med Forut, som er ein aksjon med fokus på fattige barn frå andre land i verda. Barna får gjennom filmar, eventyr og musikk bli kjend med barn som har andre oppvekstvilkår enn dei sjølve, samt innblikk i deira kultur og levemåte. I år er det igjen Nepal som er i fokus. Vi avsluttar denne barneaksjonen med å arrangere ein kafé for foreldre/føresette/besteforeldre der vi sel mat og diverse produkt, og samlar inn pengar til aksjonen. Dette har blitt ein tradisjon å delta på i Øyra barnehage. Vekerytme og organisering I Øyra barnehage har vi fleire kjekke og spanande aktivitetstilbod å tilby den eldste barnegruppa. Barna skal gjerast ekstra stas på gjennom å få oppleve rike og varierte opplevingar som kan styrke dei til skulestart, og gje dei gode minner om barnehagetida. Aktivitetstilbodet til Kløver inneber vasstilvenning i basseng, førskuleklubb og litt lengre turmål. I tillegg har vi kome fram til at barna skal få vere fadder for dei yngste på storbarn Kvitveisane. Det inneber at dei skal ta litt ekstra vare på dei og leike med 3

4 dei. Gjennom ei slik fadderordning ynskjer vi at dei største barna skal få kjenne på det ansvaret med å vere størst i barnehagen, då dei ofte er forbilde for dei yngre barna. Tanken er også at det kan bli mindre skummelt for dei yngste barna på storbarn, og at dette kan lette overgangen frå små- til storbarn. Barnehagen opnar Vi tilbyr barna å ete med brakt frukost frå ca Leike og aktivitetstilbodet fram til kl er på tvers av grupper på dei ulike funksjonsromma våre. Frå ca samlast vi i Kløvergruppa, og dette er vekeplanen for Kløver: Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Frå kl : «Utedag» Gruppetid Vi går på tur Bading frå kl Gruppetid Vi er med Kl Mellom kl i sjukehus- andre ord Førskuleklubb bassenget. mykje ute heile dagen. Førskuleklubb Førskuleklubb har vi 1 gong i veka, kvar onsdag i ca. 1 time. Vi vekslar på å ha ei felles samling, og på å dele oss i to mindre grupper. Barna har fått kvar si arbeidsbok, som vi har kalla for femårsbok. Boka har ulike oppgåver og går gjennom fleire aktuelle tema som skal støtte barna i skuleførebuinga. Til no har vi arbeidd med tema om «meg sjølv» og «huset mitt» og skal snart byrje å snakke om mønster, symbol og former. Dei ulike oppgåvene i arbeidsboka går ofte ut på at barna skal teikne, fargelegge, gjengi eit mønster, streke opp, ringe rundt og liknande. Dei føre 4

5 rett inn i sjølve arbeidsboka, og får den med seg heim når dei skal slutte i barnehagen til neste sommar. Eit viktig mål med førskuleklubb i barnehagen er at barna skal få bli kjend med mange av dei omgrepa og arbeidsmetodane som dei møter i skulen. Dei skal få bli kjend med bokstavane i alfabetet og talsystemet vårt, men det er ikkje lagt opp til at barna skal lære å skrive, lese eller rekne. Noko av det som vi også ser er viktig å jobbe for mot skulestart er blyantgrep under teikning/fargeleggingsoppgåver, det å trene opp konsentrasjon til å sitje i ro og lytte, vente på tur for å snakke i samlingar, og gjennom å nytte aktivitetsbok. Vi er bevisst på at barna må huske å rekke opp handa og vente på tur for å ta ordet, og lytte til kvarandre, samt at vi må syne respekt for at vi gjer ting på ulike måtar. Vasstilvenning/bading. Vi tilbyr barna på Kløver vasstilvenning i varmtvassbassenget på sjukehuset i Volda. Kløvergruppa er delt i to mindre grupper slik at kvar gruppe har badeøkt annakvar fredag frå kl i bassenget, men vi går frå barnehagen ca og er tilbake til Gjennom ulike aktivitetar i bassenget legger vi til rette for at borna skal kjenne seg trygge, oppleve glede og mestring gjennom leik og aktivitet i basseng. Dei to badegruppene er delt inn i gruppe 1: Iver Olai, Kamilla, Emil, Mohamed, Amanda. gruppe 2: Nora, Emma, Mikael, Leah, Imran. Vi minner om badeutstyr som alle må ta med: badetøy, badehette, såpe, handkle og ferdig oppblåste baderingar til og ha rundt armane. 5

6 Turar Kløver går på tur kvar torsdag, og på turane våre ynskjer vi at borna skal få oppleve glede, sanselig- og motorisk utvikling og mestring. Vi prøvar å gå litt lengre turar enn tidlegare år i barnehagen, men sjølve turmålet vil ikkje vere det viktigaste, då vi som Reggio Emilia pedagogikk legg vekt på at vi skal undre oss saman og gjere oss oppdagingar på vegen. I etterkant av turane våre samtalar vi med barna om det vi har sett og undra oss over på vegen til og på turmålet. Vi har også kome fram til nokre viktige turreglar for gruppa. Blant anna er det viktig å gå på rekke og gå inntil kanten dersom vi går langs trafikkert bilveg. Det er viktig å lytte til vaksne, og når nokon ropar stopp, så skal man stoppe gå/springe. I trafikkerte områder er vi opptekne av skilta langs vegane, spesielt rundt sentrumsområdet. Mange er også svært bilinteresserte, og har syna interesse for ulike bilmerker. Nokre er generelt opptekne av alle slags typar motorkøyrety, som båt, bil, lastebil, traktor og motorsykkel. Av utstyr til turdagane ynskjer vi at alle barna tek med gode sekkar med festestropper, sitjeunderlag og drikkeflaske. Uteliv i barnehagen Når vi er ute i barnehagen ynskjer vi at borna skal få moglegheit for å utfalde seg fysisk, få erfaringar med dei ulike årstidene, samt få erfaring med dei ulike årstidene, og at vi nyttar naturen som ein ressurs. Vi sankar inn naturmateriale som vi kan bruke til å lage noko av i etterkant, for eksempel til bruk på forming. 6

7 Forming På formingsrommet i barnehagen skal barna få tilbod om å skape noko gjennom ulike formingsuttrykk og materiale som vi har i barnehagen. Vi vaksne som er ansvarlege på dette rommet har til no hatt fokus på fargelære, og ynskje at barna skal kunne lære seg å blande til den fargen dei vil ha, gjennom å bruke basisfargane våre: raudt, gult og blått. Dette kan barna nytte når vi arbeider med ulike prosjekt der vi for eksempel må bruke måling. Musikk, dans og drama På funksjonsrommet som vi har kalla for musikk, dans og drama-rommet skal barna få oppleve ulike estetiske uttrykk i form av dans, drama og musikk. Vi har til no observert at mange av barna er opptekne av ballett og hiphop, og har tenkt å sjå om vi kan utvikle eit eller fleire prosjekt om dette utover perioden. «Byggerommet»/konstruksjonsrom På dette rommet finn vi ulike leiker og materiale som barna kan nytte til å skape og konstruere med. For eksempel treklossar, kapla-stavar, jovo, legoklossar etc. som er i ulike størrelsar og former. I denne perioden ynskjer vi at barna skal få arbeide med prosjekt om ulike byggverk i verden. Nysgjerrigper rommet På nysgjerrigper rommet vil vi at barna skal få moglegheit for å kunne undre seg og forske vidare på ulike tema som dei er nysgjerrige på. Vi har mange spanande bildebøker, blant anna om verdsrommet, og om dinosaurar og ville dyr. Vi har og diverse utstyr med fokus på kroppen vår og skjelettet. 7

8 Viktige ting som skjer: September: 22.september foreldremøte. 23.september- Id ul adha (offerfest). Oktober: Frå veke 40: vi har fokus på brannvern, og har brannøving i veke 42. Veke 41: haustferie. Veke 42 har vi haustveke i barnehagen (eigen plan). 16. oktober: fotografering frå kl oktober har vi forut-kafé i barnehagen. Frå veke får vi 3. årssteg barnehagelærarstudentar i barnehagen. November: Foreldresamtalar Desember: 11. desember: Luciamarkering (Vi går i tog og syng på fjordsyn). Lyktefest for foreldre på ettermiddag/kveldstid. Nissefest for borna i barnehagen. Med vennleg helsing Anette og Vivian. 8

Periodeplan for Kløver. September 2014 februar 2015.

Periodeplan for Kløver. September 2014 februar 2015. Periodeplan for Kløver September 2014 februar 2015. Personalet på Kløver: Anette, Annelin og Bente. Barnegruppa på Kløver: Alva Nila Martinus Maria Luna Nicholas Trym Eivind Omar Wilsan Martin Signe Nathaniel

Detaljer

Periodeplan. Kløver. Februar juli 2016

Periodeplan. Kløver. Februar juli 2016 Periodeplan Kløver Februar juli 2016 Personalet på Kløver: Anette (pedagogisk leiar) og Vivian (fagarbeidar). Barnegruppa på Kløver 2015/2016: Iver Olai, Emma, Emil, Amanda, Nora, Mikael, Kamilla, Mohamed,

Detaljer

Periodeplan. Solsikkene. Oktober 2015- februar 2016. Øyra barnehage.

Periodeplan. Solsikkene. Oktober 2015- februar 2016. Øyra barnehage. Periodeplan Solsikkene Oktober 2015- februar 2016 Øyra barnehage. 1 Velkommen til eit nytt barnehage år Då står eit nytt barnehage år for tur og vi gler oss til nye utfordringar saman med borna dykkar!

Detaljer

Periodeplan Kvistveis

Periodeplan Kvistveis Periodeplan Kvistveis Oktober-Januar Hausten 2016 1 Velkommen til eit nytt barnehageår, med nye omgivnader, utfordringar og opplevingar. Vi har brukt hausten så langt på å verte kjent med storbarnsbasen,

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017 SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017 Mål for SFO i Ulstein I vedtektene for SFO-tilbodet til Ulstein kommune står det m.a.: «SFO skal styrke det totale oppvekstmiljøet for born frå 1.-4.klasse.

Detaljer

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Hei hå, no er det jul igjen! Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Me har no avslutta prosjektet «Familien min» og vil oppsummera litt.

Detaljer

Periodeplan for Solsikkene. August 2014-Februar 2015

Periodeplan for Solsikkene. August 2014-Februar 2015 Periodeplan for Solsikkene August 2014-Februar 2015 Innleiing Hei og velkomne til eit nytt barnehager i Solsikkegruppa. Solsikkegruppa har tidlegare vore ei gruppe for 3 -og 4 åringar, men frå i år av

Detaljer

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor

Detaljer

Periodeplan. Kvitveisane. Oktober2014- januar Øyra barnehage

Periodeplan. Kvitveisane. Oktober2014- januar Øyra barnehage Periodeplan Kvitveisane Oktober2014- januar 2015 Øyra barnehage 1 Velkommen til eit nytt barnehage år! Vi er no godt i gong med det nye barnehageåret. Det har vore ein haust med mykje nytt for både born

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

SJØPOSTEN. September 2012

SJØPOSTEN. September 2012 SJØPOSTEN September 2012 Hei! Nå er me alt kome til september, og mange har kome godt i gang med innkøyringa. Me ser at dei aller fleste har byrja å bli trygge på sin avdeling og dei vaksne som er der.

Detaljer

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Referat frå foreldremøte 2 september 2010

Referat frå foreldremøte 2 september 2010 Referat frå foreldremøte 2 september 2010 Saker: 1. Diverse informasjon 1.1.Foreldra presenterte seg 1.2.Personalet vart presentert Gunvor og Mona som jobber 4 dager i veka Lill Renee jobber kvar onsdag.

Detaljer

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan Månadsbrev september 2014 VESLEFRIKK Tida fyk fort og allereie er det godt ut i september. Denne fyrste tida har det vore mykje leik både ute og inne. Det har vore lagt opp til at barna skal få skapa gode

Detaljer

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK SKJOLDET AUGUST 2015 Hei alle sammen! Da er vi i gang med nytt barnehageår og vi har fått syv nye barn hos oss. Tilvenningen har gått bra men vi har enda noen morgener som er litt

Detaljer

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER Fotograf: Ragnhild Kvålseth5 år ÅRSPLAN FOR BARNEHAGEN 2015-2016 Barnehagen jobbar ut ifrå barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald

Detaljer

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune KVINNHERAD KOMMUNE LEIK OG LÆRING HAND I HAND 2011/1908 KVALITET I KOMMUNALE BARNEHAGAR Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune Barnehagane i Kvinnherad kommune: Standard for kommunale

Detaljer

Periodeplan for avdeling Lykke Januar juni 2014

Periodeplan for avdeling Lykke Januar juni 2014 Periodeplan for avdeling Lykke Januar juni 2014 BARNEHAGEÅRET 2013-2014: Vi er en barnegruppe på 16 stk født i 2009. De voksne som kommer til å være på avdelingen er: Pedagogisk leder: Camilla Abrahamsen

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

Periodeplan. Solsikke. Øyra Barnehage. Oktober 2015 Februar 2016

Periodeplan. Solsikke. Øyra Barnehage. Oktober 2015 Februar 2016 Periodeplan Solsikke Oktober 2015 Februar 2016 Øyra Barnehage 1 Velkommen til eit nytt barnehage år. Då står eit nytt barnehage år for tur og vi gler oss til nye utfordringar saman med borna. Til no har

Detaljer

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

Månadsbrev for Oransje, mars 2016. Månadsbrev for Oransje, mars 2016. Oppsummering/ evaluering av månad.. Språkutvikling Leik Prosjektarbeid 1. mars feira me Barnehagedagen 2016. Slagordet i år var «Les høgt for oss», noko som passa godt

Detaljer

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Generell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Tysdag 22. september kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Morten

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom kan få tilbod om hjelp.

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel Barnehage og skule tek i bruk den sosiale læreplanen og utviklar felles rutinar for handtering av mobbesaker. Barnehage og skule har trygge og tydelege vaksne og set fokus på vaksenrolla. Barnehage og

Detaljer

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016 Hei alle saman. No i september har me starta med å gå tur heim til nokon av barna, for å sjå kor dei bur. Det er stas å visa fram heimen sin, og kjekt for dei andre

Detaljer

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,

Detaljer

Velkomen til Mork barnehage

Velkomen til Mork barnehage Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,

Detaljer

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Tilbakeblikk på mars:

Tilbakeblikk på mars: MÅNEDSPLAN FOR NØTTELITEN Tilbakeblikk på mars: Tema for mars var «ballaktivitet og påskeførebuing». Me har leika med ballar og ballongar på avdelinga, i gymsalen og i uteleiken. Me har og byrja med påskesamlingar

Detaljer

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015 Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Tiltaksplan mot mobbing

Tiltaksplan mot mobbing Tiltaksplan mot mobbing Definisjon på mobbing : (Dan Olweus) Ein person vert mobba eller plaga når han eller ho, fleire gonger og over ei viss tid, vert utsett for negative handlingar frå ein eller fleire

Detaljer

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, Kjillarstuggu Vår 2013

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, Kjillarstuggu Vår 2013 Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, Kjillarstuggu Vår 2013 HALVÅRSPLANA BYGGER PÅ ÅRSPLAN FOR INNSET OG VONHEIM BARNEHAGER 2013 OG PLAN FOR KOMPETANSE- OG KVALITETSUTVIKLING 2013-2016 Halvårsplana

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER SFO 2012/2013 INNHALDSLISTE FØREORD FORMÅL MED SFO INNHALD I SFO ORGANISERING AV SFO PERSONALET PÅ SFO 2012/2013 BORNEGRUPPA PÅ SFO 2012/2013 BUDSJETT MATBUDSJETT ANDRE

Detaljer

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Peder Haug, Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda Innlegg ved: Innlandets utdanningskonferanse,

Detaljer

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema Del 2 Ågotnes barnehage årstema 2017-2018 Visjonen til barnehagen er «Leikande, glade barn og natur hand i hand» og dette skal prege kvardagen. Dei seinare åra har vi hatt fokusområde språk og sosialkompetanse.

Detaljer

Informasjonshefte 2010-2011

Informasjonshefte 2010-2011 Informasjonshefte 2010-2011 Trollongane barnehage Time kommune 1 Trollongane barnehage Trollongane barnehage er ein andelsbarnehage som starta opp januar 1990. I september 2010 blir barnehagen ein kommunal

Detaljer

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER Så er september over og vi er godt i gang med oktober. Det har gått veldig fint med oppstart av nytt barnehageår, barna viser trivsel og vi har det kjekt i lag. Vi har

Detaljer

Hva skjer på Varden september-november 2015

Hva skjer på Varden september-november 2015 Hva skjer på Varden september-november 2015 Personalet i spira Høytorp Fort har valgt Forskning og Uteliv som fordypning i en tre års periode fra 2015-2017. Det vil si at dette skal være hovedfokuset vårt

Detaljer

SJØPOSTEN HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE. Februar 2013. Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag»

SJØPOSTEN HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE. Februar 2013. Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag» HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE SJØPOSTEN Februar 2013 Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag» Tida går utruleg fort og me er alt komne til februar månad. Januar har vore

Detaljer

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... 7 Gjensidige pronomen... 7 1 PRONOMEN er ord som står i staden for substantiv.

Detaljer

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, Loftet Høst 2013

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, Loftet Høst 2013 Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, Loftet Høst 2013 HALVÅRSPLANA BYGGER PÅ ÅRSPLAN FOR INNSET OG VONHEIM BARNEHAGER 2013 OG PLAN FOR KOMPETANSE- OG KVALITETSUTVIKLING 2013-2016 UKEPLAN LOFTET

Detaljer

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der

Detaljer

Periodeplan for storbarnsbase

Periodeplan for storbarnsbase Periodeplan for storbarnsbase frå august januar 2013 2014 Kløver 4-5 år Solsikke 2-4 år Innleiing Hei og velkomne til eit nytt barnehageår! I år er vi til saman 38 barn på storbarnsbasa Kløver og Solsikke.

Detaljer

HALVÅRSPLAN FOR AVDELING GRANA. Bygg Rognbudalen ROGNBUDALEN BARNEHAGER. Våren 2015

HALVÅRSPLAN FOR AVDELING GRANA. Bygg Rognbudalen ROGNBUDALEN BARNEHAGER. Våren 2015 HALVÅRSPLAN FOR AVDELING GRANA Bygg Rognbudalen ROGNBUDALEN BARNEHAGER Våren 2015 På Grana; En kilde til trivsel og vekst I mørketiden, som vi snart legger helt bak oss, er det godt å bli møtt av strålende

Detaljer

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE AVDELINGSPLAN TRIOLA Kontaktinformasjon: Triola: 59192749 Barnehagemobil: 94508709 E-post: daniel.monstad.windt@osterøy.kommune.no TRIOLA Triola er den største av dei

Detaljer

Søknadsskjema: https://skjema.kf.no/more/wizard/wizard.jsp?wizard id=834&ouref=1825

Søknadsskjema: https://skjema.kf.no/more/wizard/wizard.jsp?wizard id=834&ouref=1825 GRANE KOMMUNALE BARNEHAGE Ditt barn vokser og vil trenge utfordringer både fysisk og sosialt. Et godt sted å oppleve nettopp dette er i vår barnehage! Søknadsskjema: https://skjema.kf.no/more/wizard/wizard.jsp?wizard

Detaljer

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015 PERIODENS FAGOMRÅDER: NÆRMILJØ OG SAMFUNN: - Bli trygge på seg sjølv, vaksne og barn i barnehagen - Bli kjent

Detaljer

Storm har 2 tur dager og en utedag. Og Tornado har to turer /utedager i uken.

Storm har 2 tur dager og en utedag. Og Tornado har to turer /utedager i uken. Velkommen til et nytt barnehage år på Løveklippen. I år er vi delt i to grupper: Storm som er 5 åringene, førskolebarna. Og Tornado Som er 3 og 4 åringene. Disse er igjen delt inn i primærgrupper. 3 og

Detaljer

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.

Tema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar. BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE august 2015 ************************************************************************************************ Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2015/2016!

Detaljer

Månadsbrev for Februar

Månadsbrev for Februar Månadsbrev for Februar Februar månad er over, og me har fått opplevd mykje forskjellig. Me starta månaden med eit lite kunstprosjekt. Naturmateriale henta me på tur, og la til tørk. Me mala namnet vårt

Detaljer

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019 haust og leik MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019 Mål: Vi vert kjende med Nanah og livet hennar i Sierra Leone. Vi forberedar oss til aksjon, og jobbar med tema solidaritet og barn hjelper barn. Vi går tur

Detaljer

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak

Detaljer

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule 2015 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule 2015 2018 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Ogna skule 2015 2018 Reglar mot mobbing 1) Me skal ikkje mobba andre 2) Me skal hjelpa andre som vert mobba 3) Me skal vera saman med elevar som er aleine 4) Viss me veit at nokon

Detaljer

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET Namn på institusjon: Kviteseid skule Rektor/fagleg leiar: Liv Sonja Flolid Telefonnummer: 350 55 300 Postadresse: 3850 Kviteseid E-postadresse:

Detaljer

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a

Utviklingsplan skuleåret 2015-2016. Vasshus skule a Utviklingsplan skuleåret 2015-2016 Vasshus skule a Innhald Innleiing s. 3 Oppsummering av læringsmiljø og læringsresultat s. 4 Prioriterte utviklingsområder for skulen s. 5 Mål, milepælar, kompetanse og

Detaljer

Plan for Liabygda SFO

Plan for Liabygda SFO Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.

Detaljer

Månedsbrev Bikuben september 2016

Månedsbrev Bikuben september 2016 Månedsbrev Bikuben september 2016 Velkomen til eit nytt barnehageår på Bikuben. Spesielt velkomen til dei nye barna frå Knøttene; Emrik, Jonas, Elisabeth, Malvin, Gabriel Ragnar og Vanessa, og til Natanael

Detaljer

Vekeplan 9. klasse. Namn:.. Veke 38. Eng British English. RLE: Likeverd og likestilling Natur:

Vekeplan 9. klasse. Namn:.. Veke 38. Eng British English. RLE: Likeverd og likestilling Natur: Vekeplan 9. klasse Veke 38 Namn:.. Norsk: Repetere verb. Lære korleis vi kan bruke grammatikkkunnskapane til å finne rett bøyingsform i ordlista, og dermed skrive verba rett i eigne tekstar. Mål: Lære

Detaljer

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

SJØPOSTEN OKTOBER Hei! SJØPOSTEN OKTOBER 2012 Hei! Nå er me alt kome til oktober månad og me kan merke at hausten er her. Mange ulike ver typar gjere at barna får mange ulike opplevingar med ver og vind på godt og vondt. Haglbyer

Detaljer

ÅS KOMMUNE. Periodeplan for Solstrålen

ÅS KOMMUNE. Periodeplan for Solstrålen ÅS KOMMUNE Periodeplan for Solstrålen September- november 2010 Innledning Vi ønsker både gamle og nye barn og foreldre/foresatte velkomne til et nytt barnehageår her på Solstrålen. Vi er ferdig med tilvenningsperioden

Detaljer

Periodeplan for Blåklokke

Periodeplan for Blåklokke Periodeplan for Blåklokke September 2016 -Februar 2017 ØYRA BARNEHAGE 1 Evaluering Vi har så vidt kome i gang med kvardagen vår på Blåklokke. I august og september har vi tilvenning av nye born. Nokre

Detaljer

NOVEMBER. Månedsplan for TREKANTEN. Fredag 2.11. Torsdag 1.11. Vi går på tur. Varm mat, Ta med leke dag Eventyr samling. Torsdag 8.11. Mandag 5.

NOVEMBER. Månedsplan for TREKANTEN. Fredag 2.11. Torsdag 1.11. Vi går på tur. Varm mat, Ta med leke dag Eventyr samling. Torsdag 8.11. Mandag 5. Månedsplan for TREKANTEN NOVEMBER. Torsdag 1.11 Fredag 2.11 Mandag 5.11 Tirsdag 6.11 Onsdag 7.11 Torsdag 8.11 Fredag 9.11 Viten- fabrikken Vi går kl 10.00 Mandag 12.11 Tirsdag 13.11 Onsdag14.11 Torsdag

Detaljer

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni 1 Del 2 ÅRSHJUL BRATTÅS BARNEHAGE AS 2012/ 2013 OG 2013/ 2014 2012/ 2013: Etikk, religion og filosofi Oktober, november og desember Januar, februar og mars Kropp, bevegelse og helse Natur, miljø og teknikk

Detaljer

En kilde til trivsel og vekst

En kilde til trivsel og vekst En kilde til trivsel og vekst Vi på Selja ønsker alle barn og foreldre et riktig godt nyttår 2016! Tema for vårhalvåret: Årstider: Vi jobber med temaet årstider hver måned der barna får lære om vinter,

Detaljer

Periodeplan for avdeling Humor august til desember 2013

Periodeplan for avdeling Humor august til desember 2013 Periodeplan for avdeling Humor august til desember 2013 Barnehageåret 2013-2014 er vi 16 barn, alle er født i 2008. Vi vil være 5 faste personale på avdelingen fordelt slik: Pedagogisk leder: Eva K Olsen

Detaljer

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har

Detaljer

Månadsplan for juni -Nøtteliten-

Månadsplan for juni -Nøtteliten- Månadsplan for juni -Nøtteliten- Tilbakeblikk på mai: I mai øva me på fargane i det norske flaget. I samlingane fekk barna smake på rød, kvit og blå mat. Me har marsjert i tog, mala og teikna med maifargar.

Detaljer

Månedsevaluering fra Perlå januar 2011

Månedsevaluering fra Perlå januar 2011 Månedsevaluering fra Perlå januar 2011 Det var en gang tre bjørner som bodde i et koselig lite hus langt inne i skogen Hei hei alle sammen! Nytt år og nye spennende ting som skjer på Perlå Vi vil først

Detaljer

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Litt om denne økta Intro og litt om tankane bak dette møtet Kva er stoda i dei ulike kommunane Moglege kommunemodellar i vårt

Detaljer

Omsorg og læring går hånd i hånd, sammen danner vi vennskapsbånd 2015-2016

Omsorg og læring går hånd i hånd, sammen danner vi vennskapsbånd 2015-2016 Orion. Orion er en avdeling for barn mellom 2-5 år. Dette barnehageåret vil barnegruppen bestå av 14 barn, 3 gutter og 11 jenter. Hver dag vil det være tre voksne på jobb. Dagsrytme: 7.00: Avdelingen åpner.

Detaljer

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Halvtårsplan for Enge barnehage hausten 2016 Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur. Satsingsområde: Språk og Være saman. Gjeld heile hausten 2016 Kva (aktivitet) Språk Være saman Korleis (arbeidsmåte)

Detaljer

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år Storebjørn Året 2016-2017 Kva vi jobbar spesielt med i år September 2016 1 Innhald Satsingsområde 3 Hakkebakke skogen 3 Førebygge mobbing i Ågotnes barnehage 5 Fellessamlinger, 6 Gymsal, Barn sin medverknad

Detaljer

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak

Detaljer

ANSVAR OMSORG - GLEDE

ANSVAR OMSORG - GLEDE PEDAGOGISK PERIODEPLAN SKOGTROLLA Januar-Februar-Mars ANSVAR OMSORG - GLEDE Side 1 av 6 Innhald Viktige datoar / sangar og eventyr på avdelinga...3 Evaluering...4 1:0 Tema «kven er eg?»...4 1:1 hovudmål

Detaljer

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE NISSEDAL KOMMUNE Vedtekter for barnehagane vedteke i k-sak 16/16 VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I NISSEDAL KOMMUNE 1. Eigar og driftsforhold. Nissedal kommune eig og driv Treungen

Detaljer

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd, Desember månedsbrev I desember har me fått gjort masse kjekt med barna. 1. desember byrja vi med lyssamlinga i amfiet der me skulle synge julesongar foran alle barna i barnehagen. Deretter byrja vi med

Detaljer

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage 2012-2014.

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage 2012-2014. «Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage 2012-2014. 1. Lover, retningslinjer og visjon Barnehageloven, formålsparagrafen og Rammeplan for barnehagens

Detaljer

SKAIÅ BARNEHAGE. Meisen og Spurven. her går de aller minste barna

SKAIÅ BARNEHAGE. Meisen og Spurven. her går de aller minste barna SKAIÅ BARNEHAGE Vi har nå 7 avdelinger i Skaiå barnehage, og hver av avdelingene har sitt særpreg og målrettet arbeid. Avdelingene tilpasser sitt pedagogiske arbeid mot sin aldersgruppe, men tar utgangspunkt

Detaljer

GODE EKSEMPEL FRÅ DISI. Stranda barnehage, juni 2009

GODE EKSEMPEL FRÅ DISI. Stranda barnehage, juni 2009 GODE EKSEMPEL FRÅ DISI Stranda barnehage, juni 2009 Innhald 0 1 2 3 4 5 6 Innleiing Prosjekt i barnegruppa Språkstimulering Matematisk språk Kartlegging (TRAS og MIO) Diffrensierte tiltak språkgruppe Overgang

Detaljer

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09

Detaljer

2 åringen Øve på turtaking i å fortelle og lytte. Bruke bilder fra barnehagehverdagen til å sette ord på aktiviteter og skape samtale.

2 åringen Øve på turtaking i å fortelle og lytte. Bruke bilder fra barnehagehverdagen til å sette ord på aktiviteter og skape samtale. Halvårsplan for avdeling Rosa høsten 2013 Villabyen barnehage. Kommunikasjon, språk og tekst Kommunikasjon Øve på å uttrykke seg for å oppnå kontakt og ytre behov. Bruke bilder fra barnehagehverdagen til

Detaljer

INFORMASJON om førestellinga:

INFORMASJON om førestellinga: BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane

Detaljer

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side 3. 2. Retningslinjer side 3. 3. Reglement side 3. 4. Samarbeidsutvalet side 3. 5.

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side 3. 2. Retningslinjer side 3. 3. Reglement side 3. 4. Samarbeidsutvalet side 3. 5. Innhald 1. Definisjon og formål for SFO side 3 2. Retningslinjer side 3 3. Reglement side 3 4. Samarbeidsutvalet side 3 5. Målsetjing side 4 6. Barnegruppa side 5 7. Tilsette side 5 8. Foreldresamarbeid

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Bærekraftig utvikling

Bærekraftig utvikling Bærekraftig utvikling Deltakarar; Både små og store barn, men tilpassa til ulike aldrar Hovudansvarlege; Sven, Monica, Norun og Sissel Mål; Barna skal bli glad og trivast i naturen forstå samspelet i naturen

Detaljer

Halvårsplan for avdeling. Tyrihans. Høst 2013. Barnas Hus Tyrihans. Halvårsplan, Del 2. Side 1

Halvårsplan for avdeling. Tyrihans. Høst 2013. Barnas Hus Tyrihans. Halvårsplan, Del 2. Side 1 Halvårsplan for avdeling Tyrihans Høst 2013 Barnas Hus Tyrihans. Halvårsplan, Del 2. Side 1 Vi på Tyrihans er: Trine Anita Skretteberg, pedagogisk leder, 90 % stilling. - Assisterende styrer 10%. Janka

Detaljer