Periodeplan. Solsikkene. Oktober februar Øyra barnehage.
|
|
- Roar Kristensen
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Periodeplan Solsikkene Oktober februar 2016 Øyra barnehage. 1
2 Velkommen til eit nytt barnehage år Då står eit nytt barnehage år for tur og vi gler oss til nye utfordringar saman med borna dykkar! Til no har vi nytta hausten til å kome inn i rutine igjen og til å bli kjent med nye born og vaksne, både på solsikkegruppa og på storbarnsbasen. I vår jobba vi med venskap, dette ynskjer vi å fortsette å ha fokus på i tillegg til ulikskap som ressurs. Vi er alle ulike og har våre styrke og ting vi meistrar betre enn andre ting. Dette ynskjer vi å setje fokus på og at borna kan nytte kvarandre i kvardagssituasjonar og vere meir sjølvhjelpte. For eksempel i garderobesituasjonen under påkledning der nokon born meistrar å få strikken under skoen/støvelen, medan andre born meistrar å glide igjen jakka, eller under måltid når det gjeld å smøre på skiva eller helle mjølk i koppen. Etter kvart som vi jobbar med prosjekt kan vi nytte borna sine styrkje med skriving, bygging, song og liknande. Vi har til no delt oss i mindre grupper der vi har hatt samling, snakka om venskap og kjensler, «kva er ein ven og korleis er vi ein ven for andre?». Borna har ein livleg fantasi og har mange historier om monster, troll, spøkelse og gruffalo. Vi har tatt utgangspunkt i borna sine historier å difor valt å jobbe med følelsen redd og det å vere modig. Vi har teikna å vere redd, dramatisert å vere redd, lest historier og gått på gruffalo-jakt i lærarskuleskogen. Borna har også lagt merke til endringane som skjer i naturen no når det går mot haust og andre er veldig opptatt av gravmaskiner og romskip. «På veg» I år har vi eit felles tema for heile barnehagen på prosjektarbeidet vårt, det er «På veg». Dette romar mykje og det er opp til kvar enkelt gruppe av born og vaksne å tolke det og velje si retning på prosjektet. Vi skal fylgje borna sine interesser og prosjektet skal ende opp i ein skulptur eller liknande til våren. Då skal vi ha eit arrangement for foreldra å presentere prosjektet og vegen fram til resultatet (dette får de meir informasjon om etter nytt år). I Reggio Emilia inspirert arbeid er det ikkje sluttresultatet som er det viktigaste, men vegen fram mot målet, dei prosessane borna er igjennom og dei erfaringane dei gjer seg undervegs. 2
3 Gruppa vår. Vi er 14 born på gruppa, 8 jenter og 6 gutar: Andrea, Solveig, Theodor, Jonah, Kine, Aleksandra, Selena, Felix, Diana, Abdulahi, Mathias, Isak, Sara, Nora Helen. Dei vaksne på gruppa er: Line, Pedagogisk leiar for Solsikkene og baseleiar på storbarn Annelin, assistent Luul, assistent Vikarar de vil møte på er Randi Elise som de kjenner frå før, samt Laura og Arnstein som er ny hjå oss frå i haust av. Hanne-Marit er fast vikar, henne vil de møte måndag, tysdag og fredagar. Musikk, dans og drama Borna er glade i song og dans. Vi tek tak i songpermen vår frå i fjor, syng kjente songar og lærar oss nye. For dei som ikkje veit det er Luul frå Somalia. Ho byrja i fjor å lære oss ein song som heiter «Noa». Denne skal Luul fortsette å synge for oss og vi har som mål å lære oss den, i vertfall delar av den. Vi skal ha song og dansesamling ein gong pr. veke. Det vert livleg når vi syng songar som vi kan danse og sleppe oss lause til. Då dansar og syng vi til songar som bl.a. «Boogie Boogie», «Barna`s blues» «hovud, skulder, kne og tå» og det er full liv og rørsle i desse samlingane! Igjennom dramatisering skal borna få kjennskap til ulike eventyr og forteljingar. I barnemøter og samling skal vi nytte boka om «Waldemar er aleine» og «rett og galt». Eventyr vi ynskjer at borna skal få kjennskap til dette halvåret er ulike eventyr om Oskeladden, vi fortset også med det kjente og kjære eventyret om 3
4 «Dei tre Bukkane Bruse». Vi tek også med oss situasjonar frå kvardagen og dramatiserer desse for og saman med borna. Dette ynskjer vi å gjere for å få borna til å reflektere over situasjonar dei kjem opp i eller for å førebu borna til ein liknande situasjon. Drama og rolleleik er også ein fin situasjon for borna å leve ut tankar, erfaringar og teoriar dei har igjennom leik. Rolleleik og dramatisering er med på å utvikle språket til barna. Dei lærer seg omgrep og får nyttig erfaring med bruk av språk i samhandling med andre. Uteliv og turar Vi kjem til å nytte oss av lærarskuleskogen som turmål denne hausten. Her kan borna boltre seg i skogen, klatre, balansere, studere ulike ting å finne mykje spennande som dei kan ta med seg til skattekista vår. Vi kjem til å ha lærarskuleskogen som base, men vi kjem også til å gå litt lengre turar oppover i skogen i mindre grupper. Andre turmål vi ynskjer å ta turen til i løpet av hausten er grinda løda, fjøra og biblioteket. Når vi er på tur har vi fokus på det borna undrar seg over og finn på vegen. Vi ynskjer at vegen til målet er likså viktig som at vi kjem oss til skogen. I samling har solsikkene laga seg reglar for tur og vi har kome fram til at vi skal ha ein turkompis. Då har borna ansvar for å passe på turkompisen sin og hjelpe kvarandre. Vi skal også ha fokus på trafikkreglar og kva som er viktig å hugse på når vi går langs med trafikkerte vegar. 4
5 Utetida i barnehagen ynskjer vi å ha fokus på at borna skal få utfalde seg fysisk, samt erfaring med dei ulike årstidene og nytte naturen som ressurs. Vi skal sanke naturmateriale som vi seinare skal nytte i forminga og lage noko av. Vi skal også hauste frukter og bær og nytte dette til matlaging. Dette er i tråd med det rammeplanen seier om viktigheta av at borna får kjennskap til samspelet mellom mennesket og natur. Konstruksjon Det er viktig at borna i tidleg alder får erfaring med ulike former, storleikar, sortering og logisk tenking. Borna skal igjennom til rettelagt aktivitetar og frileik på konstruksjonsrommet få erfare dette igjennom å bygge med ulike typar klossar og materiale, små klossar og store klossar, harde og mjuke. Borna skal også få oppgåver der dei skal byggje etter eit gitt mønster, men også at dei skal skape mønster sjølve. Vi ynskjer at borna skal lære seg balanse i byggverka sine. kva er viktig å tenkje på når vi bygg i høgda? Kva er viktig å tenkje på når vi bygg i lengda? Forming Rammeplan for barnehagen seier at borna sjølve må få høve til å uttrykkje seg estetisk og at borna skal få erfaring med kreativ tenking, skaparglede og bruke fantasien. Vi skal i haust jobbe med «min fantasifigur» og borna skal igjennom dette arbeidet få erfaring med former og fargar. Borna skal få teikne seg ei arbeidsteikning av sin fantasifigur. Vidare må dei velje seg materiale å lage av, dei må tenkje på kva former dei skal nytte, kva materiale må vi bruke for å få 5
6 denne forma, kva farge ynskjer dei på figuren sin, kva fargar må vi blande for å få riktig farge. Vi skal også igjennom prosjektarbeid nytte formingsfaget for at borna skal få uttrykkje seg. Dei skal få teikne seg sjølv i forskjellige følelsar, som redd, modig, sint, glad. Vi skal nytte verdilaust og naturmateriale og borna får også her erfaring med form og farge. Nysgjerrigper Med dette fagområdet ynskjer vi å tilby borna å vere undrande og forskande. Vi har globus, kart, forstørrelsesglas, ein torso der borna kan få kjennskap til dei indre organa og kvar dei sit i kroppen, kart over stjerne himmel og planetar og mange faktabøker. Vi har born og vaksne frå fleire kulturar og land. Vi nyttar globus og kart til å sjå på kvar landa ligg i verden. Øyra barnehage i eit fleirkulturelt perspektivt Vi markerer både jul og påske og andre merkedagar i barnehagen. Vi har tradisjon tru jul som tema i desember. Då har vi samlingstunder der vi snakkar om kvifor vi feirar jul i Noreg, vi tender lys, syng adventsong og trekker julekalender. Vi øver oss på julesongar og bakar julekaker. Vi har nissefest for borna i barnehagen og lyktefest for foreldra i løpet av desember månad. Vi går også i Luciatog til fjordsyn for å synge og dele ut lussekattar til dei som bur der. Vi vert også kjend med ulike muslimske merkedagar. Vi markerer id ul-adha og 1.muharran som er nyttår. Vi har ei samlingstund der Luul fortel oss om kvifor dei markerer denne dagen. Ho syner oss somalisk dans og vi dansar saman med ho. Stundom er vi også så heldig å få smake på ulike somaliske rettar som Luul og nokre av borna i barnehagen lagar til oss. Organisering Barnehagen opnar 7.15 og stengjer Frukosten startar kl Dei borna som kjem før dette kan ete dersom dei ynskjer, men den vaksne vil veksle mellom mottak av born og kjøkkenet fram til kl Frå kl sit ein vaksen saman med borna rundt frukostbordet. Vi avsluttar frukosten kl Borna tek med eigne matpakkar til frukosten, men får drikke i barnehagen. For å gje borna eit godt og meiningsfylt tilbod om morgonen har vi delt inn i ulike aktivitetar på funksjonsromma mellom kl Desse funksjonsromma er konstruksjon, forming, musikk, dans og drama. Her har ein vaksen ansvar for å halde på med til rettelagt aktivitet saman med borna der borna får kjennskap til ulikt materiale, rekvisita, samt at dei får kunnskap innanfor dei ulike faga. 6
7 Gruppetida er frå kl Vi har då samling og delar oss i smågrupper og jobbar med små og store prosjekt etter interesse frå borna. Måndag har vi turdag, vi går frå barnehagen kl Hugs å ta med ein god sekk, drikkeflaske og sitteunderlag. Tysdagar har vi utedag. Vi går ut 9.15 og er ute heile dagen. Hugs difor klede etter været og skifte klede til borna, også sko/støvel skifte. Kvar fredag har vi varmmat i barnehagen. Dei ulike gruppene har ansvar for å lage mat kvar 3. veke, då lagar vi til heile storbarnsbasen. Vi har også gitt borna i oppgåve å vere ordensassistentar. Borna har då ansvar kvar sin dag for å hjelpe til med måltid, både å dekke på og rydde etter måltidet. Kvar fredag må dykk ta med alle kleda til borna heim. Dette for å sjekke kleda til borna og få vaska det som trengst. Det er også for at vi i helgene skal vaske hyllene til borna og då må plassane vere tomme for klede. Viktige ting som skjer: September: Veke 40: Brannvern veke. Vi snakkar om brannvern 22. September: Foreldremøte kl september: Id ul- adha (offerfest) Veke 41: Haustferie Veke 42: Har brannøving. Oktober: oktober, veke 42: Haustveke i barnehagen, eigen plan kjem seinare 16.oktober: Fotografering i barnehagen, kl oktober: Forut kafé kl (dato kan verte endra). November: Foreldresamtaler Desember: 11.des: Lucia feiring Lyktefest for born og foreldre i barnehagen (ettermiddagstid). Nissefest for borna i barnehagen Helsing Line Eiken Lillebø, Pedagogisk leiar Annelin Brudevoll, assistent Luul Osman, assistent 7
Periodeplan Kvistveis
Periodeplan Kvistveis Oktober-Januar Hausten 2016 1 Velkommen til eit nytt barnehageår, med nye omgivnader, utfordringar og opplevingar. Vi har brukt hausten så langt på å verte kjent med storbarnsbasen,
DetaljerPeriodeplan. Kvitveisane. Oktober2014- januar Øyra barnehage
Periodeplan Kvitveisane Oktober2014- januar 2015 Øyra barnehage 1 Velkommen til eit nytt barnehage år! Vi er no godt i gong med det nye barnehageåret. Det har vore ein haust med mykje nytt for både born
DetaljerPeriodeplan. Solsikkene. Februar- juni Øyra barnehage.
Periodeplan Solsikkene Februar- juni 2016 Øyra barnehage. 1 Livet i gruppa Hausten 2015 har vi jobba med sosial kompetanse, venskap og det å framheve kvart enkelt barna sine sterke sider. Vi har tatt opp
DetaljerMånadsbrev for Rosa oktober 2014
Månadsbrev for Rosa oktober 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Leik Då har også oktober passert, og vi merkar at hausten har kome for alvor. Uteaktiviteter har framleis hatt stor
DetaljerINFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag
DetaljerOSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE
OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE AVDELINGSPLAN TRIOLA Kontaktinformasjon: Triola: 59192749 Barnehagemobil: 94508709 E-post: daniel.monstad.windt@osterøy.kommune.no TRIOLA Triola er den største av dei
DetaljerMånadsbrev for GRØN mars/april 2014
Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på
DetaljerINFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for
DetaljerHalvårsrapport grøn gruppe- haust 2015
Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida
DetaljerMånadsbrev for ROSA mars 2015
Månadsbrev for ROSA mars 2015 Oppsummering/ evaluering av mars Mars har vore ein lunefull månad med tanke på veret, men vi gledar oss over mange fine dagar med sol og vårleg varme. Har vore mykje ute og
DetaljerMÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.
Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag
DetaljerHalvårsrapport raud gruppe haust 2015
Halvårsrapport raud gruppe haust 2015 Det har vore eit flott halvår på raud gruppe. I gruppa har me 13 born, 10 jenter og 3 gutar, ein pedagog og ein assistent. Me har hatt tre studentar denne hausten.
DetaljerMe har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.
JANUAR 2015! Ja, i går vart friluftsåret 2015 erklært for opna og me er alle ved godt mot og har store forhåpningar om eit aktivt år. Det gjeld å ha store tankar og arbeida medvite for å gjennomføra dei.
DetaljerPeriodeplan. Solsikke. Øyra Barnehage. Oktober 2015 Februar 2016
Periodeplan Solsikke Oktober 2015 Februar 2016 Øyra Barnehage 1 Velkommen til eit nytt barnehage år. Då står eit nytt barnehage år for tur og vi gler oss til nye utfordringar saman med borna. Til no har
DetaljerInformasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016
Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage 2015-2016 Kommunal barnehage i same eining som skulen. Vik skule og barnehage Opningstid: Kvar dag 06.45 17.00 Kjøp av tid: Dersom det er ledig plass og nok vaksne,
DetaljerSPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!
SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT! Gode sitat og tankar Det synest vera eit kjennemerke på godt stell at spedbarnet ikkje berre vert bada i vatn, men også i språklyd og kroppskontakt! Ved å læra at meiningar
DetaljerSPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!
SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT! Gode sitat og tankar Det synest vera eit kjennemerke på godt stell at spedbarnet ikkje berre vert bada i vatn, men også i språklyd og kroppskontakt! Ved å læra at meiningar
DetaljerKjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)
Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.
DetaljerVelkomen til Mork barnehage
Velkomen til Mork barnehage BARNEHAGELOVA Stortinget har i lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehageloven) fastsatt overordna bestemmelsar om barnehagens formål og innhald. RAMMEPLANEN gjev styrar,
DetaljerMånadsplan for Hare November
Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund
DetaljerSFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule
SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule SFO HAFSLO - INFORMASJON SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1. 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik,
DetaljerPeriodeplan. Kvitveis. Våren Øyra barnehage
Periodeplan Kvitveis Våren 2015 Øyra barnehage Livet i gruppa Det er ein flott gjeng med kvitveisar som har mange flotte og forskjellige eigenskapar og ferdigheter. Dei er hjelpsame og ivrar etter å få
DetaljerMånadsbrev for Rosa september 2014
Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører
DetaljerTEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5
TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det
DetaljerVedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17)
Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE 2015-2019 (-17) Innhald 1 Innleiing... 2 2 Satsingsområde... 2 3 Status 2014/15... 3 4 Innhald og tilbod... 4 5 Feriar... 4 6 Praktisk informasjon... 5 1 Utdanningsdirektoratet
DetaljerInformasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE
Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen
DetaljerSandeid skule SFO Årsplan
SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert
DetaljerHalvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe
Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe Omsorg, medverknad, vennskap og fellesskap Tidleg på hausten brukte me mykje tid på barnas medverke og sjølvbilete. Dette gjorde me gjennom arbeid i prosjekt, der
DetaljerÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE
ÅRSPLAN 2006 2007 SUNDE BARNEHAGE SUNDE BARNEHAGE: Sunde barnehage ligg midt i Sunde sentrum, med Sunde skule som næraste nabo. Barnehagen og skulen med ca. 210 born og 40 tilsette utgjer Sunde oppvekstsenter.
DetaljerTil deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»
Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.
DetaljerPå tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11
På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet
Detaljer«Ny Giv» med gjetarhund
«Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på
DetaljerÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015
ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE 2014-2015 VÅR VISJON: VI BRYR OSS OM, TEK VARE PÅ OG ER UNDERVEGS. 1 KVA ER EIN ÅRSPLAN? Ein årsplan er eit oversyn over den pedagogiske verksemda i barnehagen gjennom eitt
DetaljerNasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk
Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for
DetaljerOvergangsplan barnehage - skule i Stord kommune
Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta
DetaljerTema august: Tilvenning, bli kjent med alle i barnehagen, dagsrytmen og rutinar.
BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE august 2015 ************************************************************************************************ Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2015/2016!
DetaljerVår Visjon : SAMAN ER VI BEST
Halvtårsplan våren 2014 Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST Leirstaden Barnehage er ein kulturbarnehage. Vi spissar vår kompetanse og prosjekter i denne retninga. I Barnehageloven står det: Barnehagen skal formidle
DetaljerGenerell Årsplan 2012-2015. Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start
Generell Årsplan 2012-2015 Barnehageeininga Samnanger kommune Saman om ein god start 1 Organisering. Barnehageeininga har ein felles einingsleiar og styrar på kvar barnehage. Opptakskrins og plassering.
DetaljerBARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE
1 Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR INFORMASJONSHEFTE 2 forord Informasjonsheftet omhandlar 10 spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga
DetaljerUke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08
Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08 01.09 02.10 Røyskattene: Jakob 4 år og hausting av urter 35 rom rom Førskulegruppe Mathea 4 år David 5 år!! 36 05.09 06.09 07.09 Gruppe fotografering 08.09
DetaljerOverordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.
ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!
DetaljerMÅNADSBREV FOR APRIL GRØN
MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling
DetaljerInformasjonshefte Tuv barnehage
Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av
DetaljerKVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME
KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME Kvalitetsplanen er eit overordna styringsdokument. Det vert utarbeidd lokale handlingsplanar og årshjul på skulane som konkretiserer innhald og form. Organisering
DetaljerBrødsbrytelsen - Nattverden
Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk
Detaljermmm...med SMAK på timeplanen
mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2
DetaljerVESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan
Månadsbrev september 2014 VESLEFRIKK Tida fyk fort og allereie er det godt ut i september. Denne fyrste tida har det vore mykje leik både ute og inne. Det har vore lagt opp til at barna skal få skapa gode
DetaljerÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016
ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar
DetaljerVelkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått
DetaljerMolde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike
Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue
DetaljerMinnebok. Minnebok NYNORSK
Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,
DetaljerINNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.
ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal
DetaljerBYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015
BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015 Vi kan tilby: * Frå 13 oktober: Ope kvar tysdag, onsdag og torsdag, frå Kl 10 14. * Fri leik * Formingsaktivitetar * Lunsj med kaffi, te, mjølk og frukt. * Spleiselunsj
DetaljerTil deg som er student i Maurtuå Barnehage!
Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær
DetaljerAktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen
Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak
DetaljerÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE 2013-2014
ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE 2013-2014 Ingen ville vel ynskje å leve utan vener, sjølv om han hadde alle andre godar. Aristoteles 1 ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE, FELLESDEL 2013-2014 Årsplanen skal
DetaljerVÅGE SKULE BESØKSSKULE
VÅGE SKULE BESØKSSKULE Velkommen til Våge skule på Bømlo. Du finn skulen vår ca 2 km sør for Kulleseidkanalen. Skulen ligg godt plassert i naturen, noko som gjer det lett for store og små elevar å vera
DetaljerMånadsbrev frå oktober, Grøn avd.
Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.
DetaljerBirger og bestefar På bytur til Stavanger
Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,
DetaljerINFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS
INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen 1 5863 Leikanger. Tlf. 57654412/13 - Barnehagen Mob. 90956720(Hilde, styrar) Mob. 95763430(Inger Lise)
DetaljerDu kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen 1 5863 Leikanger.
INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen 1 5863 Leikanger. Tlf. 57654412/13 - Barnehagen Mob. 90956720(Hilde, styrar) Mob. 95763430(Inger Lise)
DetaljerPeriodeplan for Solsikkene. August 2014-Februar 2015
Periodeplan for Solsikkene August 2014-Februar 2015 Innleiing Hei og velkomne til eit nytt barnehager i Solsikkegruppa. Solsikkegruppa har tidlegare vore ei gruppe for 3 -og 4 åringar, men frå i år av
DetaljerBIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring
BIGSET BARNEHAGE -omsorg gjennom latter, leik og læring ÅRSPLAN 2015-2016 Bigset barnehage -der latter, leik og læring går hand i hand. «Barna i Hareid skal gjennom sitt møte med vaksne og barn i barnehagen
DetaljerÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering
ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett
DetaljerHANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.
HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar. Vårt ynskje: Alle barn skal ha eit trygt miljø i barnehagen utan mobbing.
DetaljerAktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen
Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen VÅR VISJON: Rom for leik VÅRT MOTTO: Med gode opplevelser, leik og fantasi. Vil barna trives og få en SFO å bli glad i. Innhald Aktivitet/Tiltak
DetaljerVIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra
VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra Styringsdokument for Vik barnehage er Lov om barnehagar med Rammeplan. Desse finn ein på internett www.lovdata.no eller www.kunnskapsdepartementet.no. Vik
DetaljerDitt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering
Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk
DetaljerTENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09
TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg
DetaljerOlweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016
Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul 2015 2016 Systemarbeid ligg i botnen. Arbeid mot mobbing med gode system og god struktur, vert gjennomført der vaksne er i posisjon inn mot elevane, og har
DetaljerÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE
ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE 2015-2016 INNHALD Innhald 2 Kort om skulefritidsordninga 3 Opningstider og tilbod i feriane 4 Påmeldingsfristar 5 Personalet ved SFO 6 Hovudmålsetjing 7 Dagsrytmen 8
DetaljerDel 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.
Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013 BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel. Vi vil at alle barn skal kunne ta del i eit fellesskap der trygghet og trivsel står i fokus gjennom leik og læring.
DetaljerPlan for Liabygda SFO
Plan for Liabygda SFO Generelt: Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune. Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane.
DetaljerLUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/2016. - En god start på livet
LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/2016 - En god start på livet Lunde barnehage Lundevegen 159 5690 Lundegrend Kontor: 53431715 Sønnavind Tlf: 974 97 474 Nordavind Tlf: 904 05017 Onarheim barnehage Onarheimsvegen
DetaljerMÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE
Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE Månadens tema;.«nysgjerrigper» - vann, trafikk Månadens sang: To dråper vann Sosial kompetanse; Vennskap Fagområde: natur, miljø og teknikk og nærmiljø
DetaljerKlepp kommune Tu skule
Veke Tema Kompetansemål Læringsmål: Eg skal kunne 34 Familien om variasjonar i Eg skal veta om ulike typar familieformer og om familiar. 35 relasjonar og oppgåver i familien 36 37 38 39 40 42 Haust Bruk
DetaljerHei alle sjøstjerneforeldre
Hei alle sjøstjerneforeldre Tida flyg og me er godt i gong med oktober månad. Me har fine dagar på avdelinga og mykje fint haustvær har gjort til at me har vore mykje ute. Me har no jobba jamt og trutt
DetaljerTil... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!
Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen! Eit lite julekorthefte! Eg gleder meg til jul. Kanskje er eg ikkje aleine om det. Famile, julefilmar, julebrus, kakemenn og ikkje minst julehefte. Eg har i ei årrekkje
DetaljerPROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE
PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE PROGRESJONSPLAN FOR ROGNE BARNEHAGE Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver seier at barnehagane bør ha ein langtidsplan for å sikre progresjon og samanheng
DetaljerUndervisningsopplegg for filmen VEGAS
Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad
DetaljerBokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal
Vinter 2014 Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal 2014 I fjor haust feira fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal bokbåten Epos sin 50 årsdag, vi vil takke for alle gratulasjonar
DetaljerJoakim Hunnes. Bøen. noveller
Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.
DetaljerINFORMASJON om førestellinga:
BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE Juni/juli 2015 ************************************************************************************************************ Tema juni: Førestillinga Månadens song: Alle songane
DetaljerØystese barneskule April - 08
Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,
DetaljerMina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!
Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen! 17. mai er annleis enn alle andre dagar. Ein stor bursdag der alle er inviterte, tenkjer Mina, medan
DetaljerTarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :
Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og
DetaljerMånadsplan oktober. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag. GRUPPEDAG TARZAN MATTEDAG Måling. (etter frukost) Ansvar: Else J.
Månadsplan oktober Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag 40 41 42 43 44 Denne månaden vil me også arbeida med «Barn hjelper barn», som endar med ein foreldrekafè og innsamling til trengande barn (meir
DetaljerVelkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!
HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE august 2014 *************************************************************************** Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015! Kvar månad sender
DetaljerVedlegg til utvikingsplan 2012/2015
Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015 Innhald: 1. Visjon 2. Satsingsområde 3. Kompetanseutvikling 4. Oversikt over innhaldet i barnehageåret 2012/2013 5. Avdelingane 6. Vil du vite meir? 7. Samarbeid med
DetaljerÅret 2015-2016. Kva vi jobbar spesielt med i år
Året 2015-2016 Kva vi jobbar spesielt med i år 31.08.2015 1 Innhald Satsingsområde 2015-2016 3 Sosial kompetande: Forebygge mobbing i Ågotnes barnehage 3 Få duå under huden og synleggjere arbeidet vårt
DetaljerVENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage
VENNEBUSSEN Vennebussen Mob. 951 92 616 (mellom 08.00 15.30) Skavøypoll barnehage V/styrar Janne Halsør tlf. 57 84 53 61 / 990 28 763 Skavøypoll barnehage V/sjåfør Magnar Bakke tlf. 944 87 404 (berre viss
DetaljerLærarrettleiing 1. Kornartane
Lærarrettleiing 1. Kornartane Om modulen Modulen skal gje elevane oversikt over kva slags kornartar vi dyrkar i Noreg, kva dei blir brukt til, og kva rolle korn har i kosthaldet vårt. Kornartane ris og
DetaljerÅret 2014-2015. Kva vi jobbar spesielt med i år
Året 2014-2015 Kva vi jobbar spesielt med i år 1 Innhald Satsingsområde 2014-2015 3 Bli synlig duå barnehage 3 Leiken 5 Fellessamlinger, Miniprosjekter 6 Gymsal, Barn sin medverknad Førskulegruppa 7 Vurdering
DetaljerInvitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012
Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her
DetaljerPlassebakken Barnehage
Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen
Detaljer9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.
1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja
DetaljerPlan for overgangar. for barn og unge
Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.
DetaljerPLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019
PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING 2016-2019 BARNEHAGANE OG BARNEHAGESEKTOREN i KLEPP KOMMUNE 1 Klepp kommune Del 1: Grunnlaget Del 2: Område for kvalitetsarbeid Del 3: Satsingsområda Del 4: Implementering Del
DetaljerHei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015
Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke 19 2015 Velkommen til aktivitetsdag med fredsmarsj kl. 18.00- kl. 19.30 på torsdag 7.mai. Det vert program med korsong og dans. Etterpå er det fredsmarsj.
DetaljerÅRSPLAN 2016/17 HYLESTAD OG VALLE BARNEHAGE
ÅRSPLAN 2016/17 HYLESTAD OG VALLE BARNEHAGE Presentasjon Valle Kommune har to kommunale barnehagar. Hylestad barnehage ligg på Nomeland ved Hylestad Skule. Valle Barnehage ligg rett sør for Valle sentrum,
Detaljer