Gjennom årets TV-aksjon vil mange barn bli kjende med temaet rus, og få høyre at barn i Noreg er rørte av dette. Mange barn vil også kjenne seg att.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Gjennom årets TV-aksjon vil mange barn bli kjende med temaet rus, og få høyre at barn i Noreg er rørte av dette. Mange barn vil også kjenne seg att."

Transkript

1 Velkomstside for lærarar Velkommen til TV-aksjonens sider for lærarar. Her vil du finne skuleprogrammet Større openheit mindre skam med lærarrettleiing, idébank for oppgåver og kompetansemål. Gjennom årets TV-aksjon vil mange barn bli kjende med temaet rus, og få høyre at barn i Noreg er rørte av dette. Mange barn vil også kjenne seg att. Det at skulen tek tak i temaet, gjer at elevane får snakke om det i trygge rammer. Undervisningsmaterialet er knyta opp til barnekonvensjonen, og ser rus i eit nasjonalt så vel som eit internasjonalt perspektiv. Vidare tek programmet sikte på å hjelpe elevane til å setje ord på kjensler og tankar kring situasjonar som kan vere vanskelege å snakke om, og samstundes støtte og verne om dei barna som er ramma. Ved skrittvis større openheit er vi med å bryte tabuet kring alkohol og å gjere skamma mindre. Sameleis gir det moglegheit for å kunne fange opp dei barna det gjeld tidlegare. Her har skulen eit medansvar. Med skuleprogrammet Større openheit mindre skam ynskjer TV-aksjonen Blå Kors å jobbe for større openheit, og invitere alle skulane i landet til å knyte temaet opp mot FN-dagen få dagar seinare. Det er viktig at alle barn får høyre følgjande på eit tidleg tidspunkt: Det er aldri barna si skuld at vaksne har det vondt. Dei er ikkje åleine om å ha det slik. Den einaste måten barn kan hjelpe vaksne på er å be andre vaksne om hjelp. Barn kan ikkje få vaksne til å slutte å drikke. Å be om hjelp er ikkje det same som å sladre. Kor kan barn få hjelp? Alle barn har rett til å ha det bra. Psykologspesialist og fagambassadør for TV-aksjonen Blå Kors Frid Hansen understrekar at læraren er ein viktig vaksenperson for barna. -Mange av dei barna som er rørte fortel historier om skulen som ein fristad, og om læraren som den viktigaste støttespelaren. Større openheit vil redde fleire barn! Vi vegrar oss mot barn si smerte, og difor lukkar vi augo. Skulen og læraren har eit medansvar når det gjeld å jobbe mot større openheit, og å sjå dei barna som er rørte for å hjelpe dei så dei slepp å bere løyndommen åleine. Lærarrolla er ikkje å vere terapeut, men å gå saman med barna. Læraren er til stor hjelp; barna får avlastning og er ikkje åleine med problema, seier Frid Hansen. Marius Helland Sjømælingen, generalsekretær i Ungdom mot Narkotika var sjølv eitt av dei rørte barna. Han seier at det var først i sjette klasse han fekk det bra. Då byta eg skule og fekk ein lærar som spurte meg: Korleis har du det i dag? Har du ete? Sove? Korleis har mamma det i dag? Ein som var ærleg spurte meg utan å pakke det inni bomull. Ein som ikkje var saksbehandlar eller frå barnevernet. Ein som berre såg meg bak klovnen og bølla som eg var. Men det først då eg var 16 år og kom til ein psykolog som kunne fortelje at det ikkje var meg det var noko galt med, at eg forstod at dette ikkje var min feil. Eg er glad for at TV-aksjonen oppmodar skulande til å ta temaet opp i grunnskulen, seier Marius Helland Sjømælingen.

2 Om skulematerialet Skulematerialet i samband med TV-aksjonen Blå Kors består av: Film med tilhøyrande oppgåver om barn som er rørte av vaksne sin rusmisbruk, og psykologspesialisten sine ord om filmen til barn og lærarane. (Filmen blir tilgjengeleg i august.) Ei liste over skjønnlitterære tekstar om rus som læraren kan hente tekstar frå eller knyte oppgåver til. Dramatiseringar med fokus på korleis barn kan få hjelp. Aksjonssongen Hope. Ein idébank med oppgåver: Spørsmål knytt til barnekonvensjonen. Treng vi barnekonvensjonen i Noreg? Årets aksjon set rus i eit internasjonalt perspektiv og gjer det relevant å knyte temaet opp mot FN-dagen. Aksjonen ser fellesnemnaren mellom barn i sør og barn i nord. Likeeins knyt aksjonen ein blå tråd til tidlegare aksjonar. Det kor forbruket at rus aukar, aukar også vald mot kvinner, fattigdom, hiv/aids og incest. Oppgåvene er retta mot å uttrykke kjensler. Nokre av oppgåvene er retta mot å gi barn fleire ord til kunne snakke om kjenslene sine. Desse er av meir generell karakter og kan nyttast i samband med å arbeide med eit inkluderande klassemiljø og i høve til mobbing. Dei er meint å seie noko om at vi alle kan kome i vanskelege situasjonar, og korleis vi kan vere mot einannan då. Oppgåvene som er knytt opp mot kjensler, er i hovudsak henta frå Regnbogeprogrammet som er eit program som har fokus på å gje barn reiskap til å meistre ein vanskeleg kvardag, laga slik at alle barn kan ha nytte av det. Forslaga til oppgåver er meint å vere ein idébank for lærarane slik at kvar enkelt lærar finn sin inngang til temaet rus. Det er viktig at kvar enkelt lærar kjenner seg komfortabel med å ta opp temaet og finn sin måte å gjere det på. Send oss gjerne innspel på gode måtar å ta opp temaet på og del idear og erfaringar på korleis vi skrittvis kan hjelpe til med å skape større openheit, på ein måte som vernar om dei barna som er rørte. Ved større openheit er vi også med på å bryte tabuet og å gjere skamma mindre. Slik kan vi vere med å lette kvardagen til mange barn. I oppgåvesettet viser vi til mamma og pappa og foreldre. Det er viktig at kvar enkelt lærar tilpassar oppgåvene til sin klasse, med omsyn til om det skal stå den vaksne (då det fins mange ulike familiekonstellasjonar i det norske samfunnet). Føremålet med oppgåvene er ikkje at barn som er rørte skal snakke i klasserommet om problema heime, og at dette skal bli ein terapisesjon. Føremålet er at barna skal høyre at det fins andre barn i Noreg som har det vanskeleg slik at dei som er rørte skal kjenne at dei ikkje er åleine, og vite at dei kan få hjelp. Oppgåvene som er retta mot å uttrykke kjensler er tenkt å vere meir generelle. Vi kan alle oppleve å ha det vanskeleg. Det å ikkje ha nokon å dele med gjer det ekstra vanskeleg, og det er godt å høyre om barn som har opplevd dette og som klarar seg. Dette kan gi håp og retning. Regnbogeprogrammet tilbyr eit gruppeopplegg for skular og barnehagar, samt eit todagars innføringskurs i gruppeopplegget. Erfaringa er at denne opplæringa er til god hjelp for å forstå og nytte reiskapen i gruppa/klassen.

3 I førekant av programmet Større openheit mindre skam Sjå filmen for lærarar med psykologspesialist Frid Hansen til dømes på eit felles lærarmøte/lærarteam. Snakk og diskuter temaet med kollegaer. Diskuter: Utfordringa og nærleiken til årets tema. Det angår mange av oss på ulike måtar. Ved å gjere gjerne barna medvite og invitere til openheit letter vi børa til dei barna som er rørte. Ved å bryte tabu er vi og med på å gjere skamma mindre. Fellesskapet mellom kollegar er viktig. Snakk og diskuter med kollegane dine rundt temaet rus og kva for ord og tilnærmingar de kan nytte i høve til barna. Finn gode rutinevegar som de har tenkt gjennom på førehand. Kva for ressurspersonar har de rundt dykk?: Førstelinjetenesten: helsesøter, sosiallærarar, miljøarbeidarar samt PP-tenesta og BUP. Avklar med helsesøster eller eventuelt sosiallærar om hans/hennar laglege tilkomst slik at det er ein vaksen person til stades for barna i etterkant dersom det skulle vere behov for det. Det er viktig at barna ikkje må vente lenge på å få hjelp. Kan skulen behandle temaet ved at dei lærarane som er spesielt motiverte til å ta det opp med barna køyrer skuleprogrammet for fleire klassar? I alle høve så anbefalast det å vere to vaksenpersonar i klassen når temaet blir behandla. Lag gode rutinar for kva dykk skal gjere om de har barn som er rørte av vaksne sin rusmisbruk i klassen. Om å skape gode rutinar Psykologspesialisten til lærarane: Her fortel psykologspesialist Frid Hansen kva du som lærar kan gjere for å hjelpe eit barn som fortel at han eller ho har det vanskeleg heime på grunn av drikking eller anna rusmisbruk: Lytt til det barnet fortel. Ikkje bagatelliser eller på andre måtar pynt på det barnet fortel. Ta det som barnet seier på alvor. Barn har doble kjensler; difor er det viktig å hugse på at det er både vanskelege og gode tin der heime. Ikkje snakk nedsetjande eller stygt om foreldra, men sei til dømes Når vaksne har problem, blir det vondt og vanskeleg for born. Spør barnet om det har snakka med nokre andre om problemet, eller om dei har nokre andre dei trur dei kan snakke med, til dømes ei tanke, ein onkel, vener av familien eller andre som har eit rusproblem. Då kan det vere viktig å spørje om barnet kan snakke med den andre forelderen, eller om barnet allereie har gjort det og opplevd at det ikkje hjelpte. I samtalen med barnet. Gi deg tid. Det kan vere lurt å sei at ikkje alt treng å bli sagt med ein gong. Avtal heller ein ny tid for samtale. Dersom du som lærar ikkje opplev at barnet lev i ein situasjon prega av alvorleg omsorgssvikt slik at barnevernet må varslast omgåande, så har du tid til å drøfte saka med dei kollegaene eller dei hjelpetenestene som er knytt til skulen din. Stadfest for barnet at det var flott og viktig å kome til deg og snakke om dette, og fortel barnet at du vil vere med å hjelpe ved å snakke med helsesøster eller andre om korleis barnet kan få hjelp på best

4 mogleg måte. Ikkje gå fort fram. Mange barn er redde for at alt skal bli verre når det har fortalt den vonde løyndommen om at foreldre misbrukar rusmidlar. Fortel barnet at du alltid vil snakke med barnet først om kva du som vaksen tykkjer det er viktig å gjere, og kvifor. På denne måten opplev barnet at det får tid til å tenke seg om og få stilt spørsmål det treng å få svar på. Aldri lov barnet at du ikkje skal snakke med andre vaksne fagpersonar. Stadfest for barnet at det som han eller ho har gjort med å fortelje at det har det vanskeleg, er første steg mot å finne gode løysningar. Vaksne må hjelpe vaksne, det kan ikkje barna klare. Du som lærar skal snakke med andre hjelparar for å finne ut kven som skal prate med foreldra, og om korleis alle kan få den hjelpa som er naudsynt. Understrek at barnet kan kome å snakke med deg undervegs, og at du skal støtte så godt du kan. Det er viktig å følgje opp barnet. Det kan gjerast med små enkle grep som å spørje barnet etter helger og etter ferier om korleis det har det, eller på andre måtar gi barnet merksemd når du ser at det har det vanskeleg eller er ekstra uroleg eller trist. For mange barn er skulen ein god fristad, kan den einaste arenaen kor det opplev å få vere barn. Hald fram med å spørje korleis barnet har det, og vere den gode støtta sjølv om andre hjelparar blir kopla på saka. Delt smerte er halvert smerte. Små ting som å ruske i håret eller noko oppmuntrande som seier: Eg ser deg hjelp. Det er også viktig å vere medvit at barnet ikkje får rolla som gullungen det tener heller ikkje barnet. Det at mange skular engasjerar seg, og at mange foreldre og barn går saman med bøsse, trur vi vil gjere godt for dei borna som er rørte. For å sjå kva du kan gjere med saka vidare sjå handlingsrettleiinga om tidleg intervensjon: Korleis kome inn for seint så tidleg som overhovudet mogleg. Sjå filmen som er mynta på barn med klassen og gjerne på eit foreldremøte i førekant. På denne måten blir foreldra informerte om årets tema og blir førebudd på spørsmål som kan kome opp i samband med at det vil bli teke opp i media og i skulen. For skular som ynskjer å setje rus på dagsorden gjennom eit sterkare samarbeid mellom heim og skule har Blå Kors eit eige opplegg som heiter Medvite foreldre. Borgestadklinikken har på oppdrag frå Helsedirektoratet nasjonalt ansvar for familieprogrammet: Kjærleik og grenser. Dette opplegget rettar seg mot foreldre og barn på 6. og 7. klassetrinn. For skular som ynskjer eit fullstendig opplegg i høve til temaet rus i klassen, kontakt Regnbogeprogrammet. I klassen Når læraren tek opp temaet, kan det vere godt å vere to, til dømes sosiallærar, helsesøster eller andre som kan vere med å observere og med dialogen. Nokre barn blir:

5 Ekstra urolege Ekstra stille og inneslutta Oppteken av å avleie Klovn eller på andre måtar forstyrre det som skjer i klassen. Frid Hansen: Mange lærarar vil spørje: Kor mykje kan vi snakke før vi går over skiljelinjene mellom støtte og behandling? Ein lærar kan aldri vere terapeuten til barnet, men er like fullt ofte ein svært viktig støttespelar for barna. Støttespelar er du som lærar når du høyrer på det barnet fortel og hjelp barnet vidare til dei som kan hjelpe barnet vidare. Læraren skal ikkje konfrontere foreldra med misbruket. Sjølv om barnet blir vist vidare for hjelp, så er du som lærar framleis ein viktig støttespelar. Prøv å følgje desse barna spesielt opp individuelt og ikkje i klassesamanheng og spør om dei kom til å tenke på noko spesielt, eller om det er noko dei vil fortelje. Fortel kvifor du lurte: Du vart plutseleg så roleg eller Lurte på om du syntes det var vanskeleg eller keisamt sidan du vart så uroleg. Ikkje press for å få svar; let berre barnet vite at du har sett. Alle barn bør få vite på generelt grunnlag at dersom dei ynskjer å spørje meir eller snakke meir om dette, kan dei ta kontakt med ein lærar ved eit seinare høve, seier Frid Hansen. Avslutt desse timane samla og med noko hyggeleg gjerne i ring. Rist på kroppen, hopp og sprett. Til dømes: Hald einannan i hendene og send ein hyggeleg beskjed med eit handtrykk gjennom sirkelen. La den gå gjennom nokre gonger.

Lærerveiledning til skoleprogrammet Større åpenhet mindre skam

Lærerveiledning til skoleprogrammet Større åpenhet mindre skam Lærerveiledning til skoleprogrammet Større åpenhet mindre skam Gjennom årets TV-aksjon vil mange barn bli kjent med tema rus, og få høre at barn i Norge er berørt av dette. Mange barn vil også kjenne seg

Detaljer

Info til barn og unge

Info til barn og unge Rein Design Har du vore utsett for seksuelle overgrep, eller kjenner du nokon som har vore det? Det er godt å snakke med nokon du kan stole på, og du treng ikkje sei kven du er. Vi vil hjelpe deg. Kontakt

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI) Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage

Detaljer

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE HAMRAMYRA 20 5363 ÅGOTNES Tlf. 55 09 63 00 Epost: TranevagenUngdomsskule@fjell.kommune.no TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING DEFINISJON: Det er mobbing/plaging

Detaljer

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Kafédialog Ungdommens kommunestyre Kafédialog Ungdommens kommunestyre Problemstilling A1: Psykisk helse I UngData svarte elevane på spørsmål om psykisk helse. Særskilt spørsmåla om bekymring, og «føler at alt er eit slit» får høge tal.

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som bur i fosterheim år Til deg som bur i fosterheim 0-12 år VIKTIGE TELEFONNUMRE: Tilsynsførar: Saksbehandlar i barneverntenesta: Forord til dei vaksne Denne brosjyren er laga for barn i aldersgruppa 0 12 år som bur i fosterheim.

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Barnerettane i SKULEN

Barnerettane i SKULEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i SKULEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017 I år nytta me Google.com for å få inn svar på nett, og fekk 34 av 48 moglege svar. Av og til = 5,9% (to elevar) som seier at dei vert dytta eller blir

Detaljer

Barnerettane i HEIMEN

Barnerettane i HEIMEN Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i HEIMEN Aktivitetsark med oppgåveidéar og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginal DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel

Detaljer

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget. Anne Randi Fagerlid Festøy Stipendiat ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Innlandet Forskningsspørsmål Kva funksjon

Detaljer

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Eg må vite at eg har ANSVAR

Detaljer

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla. Spørsmål frå Elevundersøkinga 5.-7. trinn Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivjast på skolen. Det er

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Innsats i BTI Barnevern

Innsats i BTI Barnevern Side 1 Innsats i BTI Barnevern NAMN PÅ TILTAKET: Kartlegging GJELD NIVÅ: 2 Omfang: Inntil to møte. Kontaktperson i tenesta: Trine Hjertholm, tlf 90 88 09 58 Møte med familien og eventuelt nettverk for

Detaljer

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan? Introduksjon av økta Bildet: Klokka er 21.00, kva hender, kven er på bildet og kva er bra? Gruppe: Kva tenkte dei klokka 15.00? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Det er blitt seint og korleis kan

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

Sofies hemmelegheit.

Sofies hemmelegheit. Sofies hemmelegheit. Emma og Sofie går i 1. klasse på Soltun skule. Dei er bestevennar og er alltid saman. 2 Ein dag blir Emma med Sofie heim etter skulen. Det er ikkje så langt, berre forbi det store

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att. Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 Resultat trivselsundersøkinga våren 2019 I år prøvde me ut kort svarfrist, ei veke rett før vinterferien. Då var det nokre som tenkte at dei kunne nytta ferien i fred og ro til å svara, så for at alle

Detaljer

«Kule krabatar leikar»

«Kule krabatar leikar» «Kule krabatar leikar» Eit leikeprogram som blir nytta i arbeid med psykisk helse i barnegruppa v/linda Midtun, Gamlestova barnehage - Side 1 - Kvifor står eg her - bhgkonf 2017 har fokus på implementering

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret LEIRVIK SKULE I dette heftet finn de: Velkomen til skuleåret 2017 2018 - Informasjon om skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø - Trivselsreglar - Innkalling til foreldremøte i veke 35 og

Detaljer

OK, seier Hilde og låser.

OK, seier Hilde og låser. 4 Tor Arne, Mie og Markus skal i symjehallen medan Hilde og eg er på kunstutstillinga. Hilde stressar med å sjå etter at dei har fått alt med seg. Eg står og ventar. Eg merkar eg er utolmodig, eg kan ikkje

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse aktivitetane. Revidert haust 2015 BRINGING OG HENTING Kva er

Detaljer

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018 INFORMASJON TIL FORELDRE/FØRESETTE: Først og fremst: Me ønskjer alle barn og føresette velkommen til eit nytt skuleår! Me i SFO gler oss til å bli kjende med nye elevar,

Detaljer

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017 Klepp ungdomsskule, målet med denne planen: - Sørge for oppfylling av hensikt i Opplæringslova kap 9, at elevane på

Detaljer

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. Å laga forbindelser mellom teksten og eleven sjølv Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering. ARTIKKEL SIST ENDRET: 10.09.2015 Innanfor

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar PROSEDYRE FOR TIDLEG SAMHANDLING OM ELEVAR MED BEKYMRINGSFULLT FRÅVÆR Gjeldande lovverk: Opplæringsloven, Forvaltningsloven, Barnevernloven BESKRIVING AV PROSEDYREN Ansvar FORMÅL Målet med prosedyren er

Detaljer

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki

Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt. Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki Barnekonvensjonen til beste for barn - med rett til å bli høyrt Fylkesmannen, Bodhild Therese Cirotzki Barnekonvensjonen barna si grunnlov Barnekonvensjonen regulerer barna sine menneskerettar Norsk lov

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle. Retningslinjer for saker vedkomande opplæringslova 9a Rundskriv Udir-2-2010 Formål: Retningslinjene skal sikre god sakshandsaming i saker som vedkjem retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø etter

Detaljer

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE

SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE SOSIAL KOMPETANSEPLAN FOR 1.-7.KLASSE I SULDAL KOMMUNE EMPATI - SAMARBEID SJØLVHEVDING SJØLVKONTROLL ANSVARLEGGJERING Dimensjonar i sosial kompetanse I Kunnskapsløftet (LK06) heiter det at opplæringa skal

Detaljer

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage. Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage. Tema: Inkluderande barnehagemiljø Leiar for kultur og oppvekst Gjermund Flage hadde eit innlegg om inkluderande barnehagemiljø og samarbeidet

Detaljer

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Rettleiar for gjennomføring av vennegrupper på HBUS. «Jo mere vi er sammen» Utarbeida av Arbeidsgruppe 1 ved HBUS 1. Innføring av vennegrupper som strategisk

Detaljer

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAMARBEID HEIM OG SKULE SAMARBEID HEIM OG SKULE SLIK GJER ME DET PÅ VÅGEN SKULE Gjeld frå 30.08.2010 1 SAMARBEID HEIM- SKULE For å få skuletilbodet best mogeleg for elevane, ynskjer me å ha eit godt samarbeid mellom heim og skule.

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. Formål Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen er kjende med aktivitetsplikta som vedkjem elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø,

Detaljer

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven

Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde. Barnekonferanse i Loen Jorunn Liv Kleiven Oppfølging av opplæringsprogram til barnehagane i Førde Barnekonferanse i Loen 18.11.2014 Jorunn Liv Kleiven Visjon for Førde barnehagane BARNA SKAL ERFARE AT DEI KVAR DAG FÅR SAGT NOKO SOM BÅDE BARN OG

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG 12.03.13 VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM. Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Handlingsplan ved urovekkande fråvær 13.09.2017 Handlingsplan ved urovekkande fråvær Definisjonar og prosedyrar GRANVIN BARNE- OG UNGDOMSSKULE Innhald Handlingsplan ved urovekkande fråvær ved Granvin barne- og ungdomsskule... 3 Føremål...

Detaljer

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 7.klasse ved Solund barne- og ungdomskule Dei fleste elevar tenker vel på at den og den læraren er streng, og den læraren

Detaljer

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE Kjære foreldre/føresette ved Motland skule.informasjon februar 2010 Informasjon Skulen sin telefon: 51798380 SFO: 98479597 1.og 3. 98479665 2. og 4. E-post: post.motland.skule@ha.

Detaljer

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell Pakkeforløp psykisk helse og rus Forløpskoordinator-rolla Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell Pakkeforløp Pakkeforløpa er ein måte å organisere tenestane på, som skal sikre at alle har lik rett til

Detaljer

Skuleåret 2017/2018.

Skuleåret 2017/2018. Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE KVIFOR MEKLING? PARFORHOLDET TEK SLUTT, MEN FORELDRE- SKAPET SKAL HALDE FRAM KVA SEIER LOVA OM MEKLING? Denne brosjyren skal vere ei hjelp

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den. PXT: Stein, saks, papir Skrevet av: Bjørn Hamre Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Microbit Introduksjon Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller

Detaljer

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Utviklingsplan 2015 2016 for Vigrestad skule Dagfrid Bekkeheien Skrettingland Vigrestad skule Kort oppsummering av status læringsresultat og læringsmiljø Læringsresultat: Satsingsområda for Vigrestad skule

Detaljer

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Oppsummering trivselsundersøking våren 2016 Svarprosent: 89% - der det er ungdomsskulen som "trekkjer ned". Småskuletrinn og mellomtrinn har 100% svarprosent. Korleis trivst du på skulen Svært godt Mykje

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

Kva vil det seie å vere buddhist?

Kva vil det seie å vere buddhist? KAPITTEL 2 Buddhismen 1 KORTTEKST Side 38 49 i grunnboka Kva vil det seie å vere buddhist? Ein verdsreligion som begynte i Nord-India Buddhismen begynte i Nord-India for nesten 2500 år sidan. På den tida

Detaljer

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie

MEDVERKNAD FOR BARN. Nokre funn frå ein kvalitativ studie MEDVERKNAD FOR BARN Nokre funn frå ein kvalitativ studie DISPOSISJON Litt om studien Nokre grøfter Nokre funn kva synes de om ulike løysingar? STUDIEN Styring, organisering og leiing i barnehagesektoren

Detaljer

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule Dei tre skulane våre i kommunen har stor betyding for nærmiljøet i bygdene våre.

Detaljer

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune Utval : FORMANNSKAPET Møtestad : Rådhuset Møtedato : 19.01.2015 Tid : 09:00 MØTEINNKALLING Tysnes kommune SAKLISTE: Utvalsaknr. Arkivsaknr. Tittel PS 1/15 15/37 LUNDE BARNEHAGE - UNDERVISNING I STORASTOVA

Detaljer

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen. 1 Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring (Opplæringslova 9a-1) Det vil seie at alle elevane : har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa

Detaljer

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. 26. 5. 2010 Bilde 1 Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus. Sofus får vere med Marius nesten over alt Det er tidleg på dagen. Marius

Detaljer

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn? Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn? Dei som arbeider med barn 0-18 år * *Ved mistanke om seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar skal IKKJE foreldra informerast først. Du skal

Detaljer

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering på barnesteget. No gjeld det Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev

Detaljer

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. BARNEHAGE: Helland barnehage AVDELING: Havhesten FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: KVALITETEN I HENTESITUASJONEN ER GOD NÅR DEN VAKSNE: Legg

Detaljer

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE 2012 13 SAMARBEIDSUTVALET Samarbeidsutvalet er samansett av 6 medlemar, 2 valde av foreldre, 2 valde av

Detaljer

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Rettleiar Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar Til elevar og lærarar Føremålet med rettleiaren er å medverke til at elevane og læraren saman kan vurdere og forbetre opplæringa i fag.

Detaljer

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor Eit undervisningsopplegg om BARNERETTANE MÅL frå læreplanen DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING Artikkel 2: Alle barn har rett til vern mot diskriminering PRIVATLIV Artikkel 16: Alle barn har rett til

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

felles fag på 6. og 7. årssteget

felles fag på 6. og 7. årssteget Forsøk med framandspråk som felles fag på 6. og 7. årssteget til foreldre og elevar 2010 2012 Vi reiser meir og møter stadig fleire språk og kulturar. Kontakt med omverda blir viktigare. Barn opplever

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2016 2017 Nr 2 - Oktober Hausten blei finare enn sommaren! Sjølv om ikkje turdagen til Synesvarden var den finaste dagen, så blei det ein gild tur med alle

Detaljer

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss? Tekst: Olaug Nilssen, e-post: olaugnilssen@gmail.com Artikkelen ble først trykket i Morgenbladet 24.-30. august 2015 s.24 Når D, min son med autisme

Detaljer

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE. Elevane sin rett til eit godt fysisk og psykososialt læringsmiljø er blitt styrka og konsekvensar for dei som bryt reglane er blitt skjerpa i Opplæringslova. Også krava

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A. For utfyllande informasjon sjå Rundskriv Udir-2-2010 og Udir: Elevenes skolemiljø Formål: Retningslinjene skal sikre at dei tilsette i skulen

Detaljer

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule Handlingsplan mot mobbing ved Åheim skule Godkjent i SU 02.10.2013 Førebygging På skulenivå: Årleg spørjeundersøking blant elevane i 4. 10. klassene o Vi vaksne skal vite omfanget av mobbing ved Åheim

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018 Bore Nytt Informasjon frå Bore skule skuleåret 2017 2018 Nr 3 - Januar Så tar me hoppet over til 2018 Enno eit år er lagt bak oss og me skal ta til på eit nytt halvår i skulen. Me ønskjer alle eit godt

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober Ungdataundersøkinga Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Skuleleiarkonferansen 2017 Loen, 4.oktober Randi Vartdal Knoff, spesialkonsulent Sogn og Fjordane 2017 Ungdommen si stemme Skule Familie

Detaljer

Foreldregruppe i barnehagen

Foreldregruppe i barnehagen Foreldregruppe i barnehagen Barnehagen - ein naturleg stad å ha fokus på læring og mestring. Janett Lillås Mathiassen Brukarrepresentant FOUSAM Foto: colourbox Anita Weltzien Dalaker Styrar Aksdal barnehage

Detaljer

Du må tru det for å sjå det

Du må tru det for å sjå det Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,

Detaljer

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016 Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016 Torsdag 17 mars inviterer vi til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Vi inviterer entreprenørskapsungdom til å vise fram sine elevbedrifter, og

Detaljer

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar?

Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune. Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar? Bjarte Gangeskar Barnevernsleiar i Eid og Selje Frå 2020: Stad kommune Tema Korleis avdekke og følgje opp vald i nære relasjonar? Eksempel frå eigen praksis Mor sin behandler har visst om at ho var utsett

Detaljer

Samspel og livsmeistring

Samspel og livsmeistring Samspel og livsmeistring Deltakarar; Tilsette og foreldre saman med borna og dei hovudansvarlege. Hovudansvarlege; Britt Siri, Petter, Marion og Heidi Mål; Skape tryggleik og tilknyting Bidra til god psykisk

Detaljer