Offisiell opning Kystsogevekene Litlebergen 13. august 2016

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Offisiell opning Kystsogevekene Litlebergen 13. august 2016"

Transkript

1 Offisiell opning Kystsogevekene Litlebergen 13. august 2016 Det er ei stor glede å få ønskje velkommen til Meland kommune og den offisielle opninga av Kystsogevekene 2016 her på Litlebergen. Det er første gong Meland kommune har æra av å vere vertskap for den offisielle opninga av Kystsogevekene. Kystsogevekene, som i år går av stabelen for 20. gong, har utvikla seg til ei stor mønstring. Sidan starten i 1997 med utgangspunkt i Håkonarspelet Kongen med gullhjelmen på Fitjar er det i dag kring 200 arrangement i 22 kommunar, frå Sveio i sør til Gulen i nord, dei 5 vekene det varar. I desse vekene blir alle sider ved kystkulturen vist fram, både gammel og ny, og både små og store arrangement finn stad. Det vidtfamnande programmet er nok nøkkelen til at så mange tar del i programmet kvart år. I Meland har vi hatt arrangement nesten frå starten, med det årlege arrangementet på Holmeknappen i slutten av august. I år går dette av stabelen helga 27. og 28. august og eg håper at mange av dykk vil finne vegen også til dette årvisse arrangementet. Ein ekstra dimensjon ved årets Kystsogedagar på Holmeknappen er at Meland kyrkje feirar 150 års jubileum, noko som vil bli markert søndagen. Kyrkjejubileet vil og bli markert med fleire arrangement frå 21. august til utgangen av oktober. Kystsogedagane på Holmeknappen har gitt Meland godt høve til å vise den rike kystkulturen i kommunen, med den sentrale plasseringa vi har i kystlandskapet nord for Bergen. Den årlege turen med dampskipet Oster i Herdlafjorden er eit populært og nostalgisk innslag for mange. Det er ikkje å legge skjul på at arrangementa som er i regi av Kystsogevekene har vore, og er, med på å styrke identieteten vi har som kystkommunar og er med på å gjere kystkulturen kjent for nye generasjonar. Ikkje minst for Meland kommune er det viktig å markere den rike kulturhistoria vi har som kystkommune. Som ein av dei hurtigst veksande kommunane både i Hordaland og landet forøvrig, er dette eit godt høve til å gjere kjent historia vår og for dei mange innflyttarane som har kome til kommunen dei siste åra. Marknader med kortreiste og tradisjonsrike matvarer, utstillingar, revyar og kulturhistoriske vandringar er med på gi gode opplevingar for dei som tar del dei vekene det står på. Og ikkje minst er dei ulike veteranbåtane som stiller opp med på gjere kjent korleis sjøvegen var den viktigaste kommunikasjonsåra for ikkje så mange tiår sidan. I dag er det Stord 1 og Vestgar som er med, noko som er viktig for å gi innblikk i den historia som er knytt til Den indre farleia, ei historie som pregar oss framleis. 1

2 Meland kommune vart eigen kommune i 1923, utskilt frå storkommunen Alversund. Og sidan 1964 har Meland bestått av heile Holsnøy, nordre del av øya, om lag 1/3 ble overtatt frå gamle Herdla kommune, saman med Ypsøy. Flatøy med Håøy vart overtatt frå gamle Hamre kommune, og eit utmarksstykke mellom Odland og Landsvik vart overtatt frå Sæbø kommune. Til gjengjeld overtok Askøy kommune Hanevik-krinsen som til då hadde høyrt til Meland, og det samla folketalet var etter kommunereguleringa 2538 personar. Det var verkeleg radikale endringar som vart resultatet av Schei-kommisjonen sitt arbeid i Til orientering vil Meland kommune i nær framtid passere 8000 innbyggarar. Vi har ein natur som innbyr til friluftsliv og opplevingar, der majestetiske Eldsfjellet som med sin heilt spesielle geologi er eit landemerke, lett synleg frå alle kantar. Rylandsvassdraget med Storavatnet dominerer store delar av Holsnøy, og innbyr til padling og naturopplevingar (veldig kjekt at Nordhordland padleklubb er med oss her i dag). Holsnøy og Meland kunne gjerne, om ikkje Radøy hadde vore først ute, blitt kalt den grøne øya. Og nord på Holsnøy er det til dels litt av øygardslandskapet, sjølv om det med tida er blitt meir av frodige busker og trær og her. Vi har Noregs, nokon hevdar verdas, flottaste golfbane, på Fløksand og på Frekhaug har vi landets største folkehøgskule, Nordhordland folkehøgskule. Og det er kjekt at vi får høve til å presentere ein ny lokasjon i Kystsoge-samanheng når vi har fått den offisielle opninga av Kystsogevekene, Litlebergen båthamn. Litlebergen, eller Sundet som er det eigentlege namnet på gardsnr. 26 i Meland, har ein sentral plass i Den indre farleia, som gjerne er namnet ein nyttar på sjøvegen frå Bergen i sør til fensfjorden i nord. Her ved foten av Håøy og med Flatøyosen som næraste nabo har ein sett både oppgangs- og nedgangstider gjennom dei siste århundra, og det er ei rik historie knytt til staden. Håøytoppen har gjerne ikkje ei imponerande høgd over havet med sine 171 m., men den strategiske plasseringa har vore svært viktig opp gjennom tidene. I Sverresoga blir det fortalt at Birkebeinarane måtte overmanne vardevakta på Håøytoppen før dei kunne hærta Bergen i På slutten av 1800-talet vart forsvarsverket rundt Bergen forsterka, med eininga Litlebergen, Hagelsundet og Håøy som ein viktig del av den nordre skipsleia til Bergen. Med Håøy som midtpunkt kunne ein setje inn batteriet på Litlebergen eller Hagelsundet, avhengig av kvar angrepet kom. Då var det svensken ein frykta mest. Rundt 1. verdskrigen såg ein ei opprustning på Håøy, og på det meste var 3 militæravdelingar stasjonerte på Håøy, og her på Litlebergen var det ei mineavdeling på Smineset. I dag er Håøy eit svært viktig friluftsområde for folket i både Nordhordland og Bergen Nord, og det er BOF som forvaltar området på vegne av Staten som eigar. Framleis finn ein tydelege spor etter den infrastrukturen som vart bygd opp der for over 100 år sidan. 2

3 Fram til 1840 var det velståande byfolk som eigde garden og det var lokale paktarar som stod for gardsdrifta. Mellom anna var to av paktarane på Litlebergen med på det såkalte Pakteroppøret i 1815, då fleire av paktarane på gardane rundt Bergen gjorde opprør mot dei elendige vilkåra dei hadde. Denne ordninga heldt fram til 1840, då lensmann Christian Brudvig hadde fått hand om heile garden. Han var ein mann med stor autoritet og hadde ein sentral posisjon i lokalmiljøet og begynte etter kvart å dele garden opp i fleire bruk. Det var hos lensmann Brudvig Ivar Aasen tilbrakte 9 månader i 1843, når han reiste rundt og for å samle dialektmateriale til arbeidet med landsmålet. I den samanheng har det blitt reist ei byste av Aasen utanfor rådhuset på Frekhaug. Det gamle Lensmannshuset brann ned i 1943, 100 år etter at Aasen budde der, etter at det starta brenne i eldhuset. Men det var etter at rutebåten gjorde sitt inntog at Litlebergen fekk det vi kan kalle storheitstida. Etter at fabrikkeigar Jebsen sin båt «Arne» hadde gått meir eller mindre tilfeldig i fjordane frå 1864 kom dampbåten i rutefart i Nordhordland frå 1870 og avløyste seglbåten som farkost. Dette var ei stor nyvinning! Dampbåten vart einerådande i trafikken mellom Nordhordland og Bergen i nær 80 år. Då var det dei meir moderne «fjordbussane» som tok over, mange hugsar nok både «Manger» og «Sæbø». Dieseldrevne og utan særleg godstrafikk, var dei både raskare og meir komfortable å reise med. Fjordbussane var startskotet for dagpendlinga til Bergen! Både arbeidsfolk og skuleelevar kunne dagleg reise fram og tilbake til Bergen. Litlebergen vart tidleg ein stopp for rutebåtane og avgjerande for den sentrale posisjonen staden fekk for bygdefolket på slutten av og byrjinga av 1900-talet. Mange verksemder og tenestefunksjonar vart etablerte og dette gav arbeidsplassar. Postopneriet som vart oppretta hadde også telefonstasjon og vart nedlagt først i Det var også kafedrift på dampskipskaien. Den første butikken vart opna i midten av 1890-åra i huset der det seinare vart etablert meieridrift i Meieriet på Litlebergen fekk mjølk frå mest heile Austebygda (med unntak av dei nordlegaste gardane som leverte til meieriet på Revskard), og frå Flatøy vart mjølka rodd over morgon og kveld. Av andre verksemder som har vore på Litlebergen kan det nemnast trelastlager (1920-talet), kraftlagskontor og ikkje minst bakeri. Bakeriet til Ivar Hestdal leverte brød heilt til Sogn og hadde 5 tilsette på 30-talet. Han opna og eit sagbruk, som var elektrisk drive. Sidan Nordhordland kraftlag hadde kontor på Litlebergen var staden ein av dei første som fekk elektrisk straum i Nordhordland, rundt

4 Annan småindustri som må nemnast er marina og bunkersstasjon (avvikla i 2002, som den siste verksemnda på Litlebergen), havremølle, margarinfabrikk, korkfabrikk, leiketøysfabrikk (med 13 tilsette og den leverte treleikar over heile landet) og møbelfabrikk. På 50-talet vart det også etablert plastindustri her i området, på tomta der den gamle guteheimen Fagerheim hadde vore. Plastindustri var det heilt fram til 90-talet, og på 80-talet jobba det nær 60 personar her. Det var også ei smie på Litlebergen, og dette gir høve til å tekkje fram motivet i kommunevåpenet vårt, navaren. Navaren er ein trebor som Ivar Aasen beskriv slik i ordboka si; emnet får, seier Aasen, «et skrueformigt snoet blad». I perioden var produksjonen av navarar på topp og det var produksjon i 20 ulike smier rundt i kommunen. Desse leverte langs heile kysten frå Finnmark til Oslo. På 50-talet blir det sagt at ei smie på garden Fosse laga opptil 1500 navarar på ei veke, men då var det med moderne hjelpemiddel og 5 personar i sving. Framleis er det navarsmedar i aksjon i Meland som held denne handverkstradisjonen i hevd. Tilbake til Litlebergen, her er det ny vekst med utgangspunkt i båthamna, her har båtforeninga vore sentral, saman med privatpersonar. Båthamna er utvikla dei seinare åra og mange av husa har fått nytt liv og blitt restaurerte. Det er marina og ei populær gjestehamn. Det er ikkje småindustri i Litlebergen lenger, men på andre sida av Flatøyosen finn vi FRAMO Flatøy som trass nedgangstidene i olje-/gasssektoren framleis er ei solid bedrift som satsar for framtida. Med drøyt 300 tilsette ber over 50 lærlingar bod om ei bedrift som tar eit samfunnsansvar utanom det vanlege. Det er Meland sin største arbeidsplass om vi ser vekk frå kommunen. Med endringar i kommunestrukturen for døra og stor folkevekst i regionen er det viktig at vi har fokus på den nære historia som har skapt grunnlaget for det samfunnet vi har i dag, og for oss langs kysten her spelar kystkulturen ei svært viktig rolle. Her spelar Kystsogevekene ei sentral rolle med sitt formål om å styrke identiteten i kystdistrikta og med å skape kultur- og reiselivsopplevingar knytt til kysten. Til slutt vil eg takke alle dei frivillige som trår til i dag for å få til eit slikt arrangement som dette, det er ikkje eit lite arbeid som er lagt ned. Det frivillige arbeidet som blir lagt ned i Meland, og i andre kommunar er svært viktig for både kultur og folkehelsa. Frivilligheita er limet i lokalsamfunnet og er svært viktig for identiteten vår. Eg vil spesielt takke arrangementkomiteen for Kystsogedagane i Meland med leiar Åge Skjelvik. Også Stitinga Kystsogevekene ved dagleg leiar Lena Eikeland Kutschera fortener ein stor takk for arbeidet som blir lagt ned. Eg synes vi skal gi dei ein god applaus. Eg håper de kosar dykk veldig her i dag og tar inn dei mange inntrykka som dei ulike innslaga vil gi dykk. Og at de gjerne tar turen tilbake til arrangementet på Holmeknappen i slutten av august. På vegne av Meland kommune vil eg takke alle som kom her i dag, ønskje velkommen til Meland kommune og ønskje lukke til med dagen! 4

5 Kjelder: Kleiveland, Geir og Homlong, Beate (2004): Mellom bakkar og berg. Gard og ætt i Meland. Band II. Meland kommune. Flatøy, Olav (1973): Meland kommune gjennom 50 år Meland kommune. Tungodden, Bertil (red.) (1993): Nordhordland vegen vidare. Nordhordland forlag. Styve, Ottar (red.) (1994): Nordhordlandsbrua. Frå kongstanke til røyndom Historienemnda for bruopninga. Informasjonstavle Håøya. Bergen og Omland Friluftsråd. 5

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg? Litt om denne økta Intro og litt om tankane bak dette møtet Kva er stoda i dei ulike kommunane Moglege kommunemodellar i vårt

Detaljer

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen... 7 Gjensidige pronomen... 7 1 PRONOMEN er ord som står i staden for substantiv.

Detaljer

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 BARNEOMBUDET Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036 Dep 0030 OSLO Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/00232-2 Ane Gjerde 1. mai 2014 Høyring - forskrift om barn sin rett

Detaljer

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD Magne Vivelid Gaular Frivilligsentral 24. Mai 2012 Gaular, ein kommune i vakre Sogn og Fjordane 07.06.2012 Landskonferansen på Alexandra 2 Gaular, med dei 3 ruteområda

Detaljer

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014 Fylkesprognose Sogn og Fjordane 214 www.sfj.no Samandrag Fylkeskommunen har utarbeidd ein prognose over folketal og bustadbehov i Sogn og Fjordane fram til 23. Prognosen viser at det i 23 vil vera 117

Detaljer

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv Arve Tokvam, Aurland Prosjektteneste AS Tradisjonsnæringar som verkemiddel for å skape meir attraktive lokalsamfunn! Tradisjonsnæringar?

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

SJØPOSTEN. September 2012

SJØPOSTEN. September 2012 SJØPOSTEN September 2012 Hei! Nå er me alt kome til september, og mange har kome godt i gang med innkøyringa. Me ser at dei aller fleste har byrja å bli trygge på sin avdeling og dei vaksne som er der.

Detaljer

Held fram med nytt styre og nytt namn fredag 15. august 2014 10:12. Ny leiar for Coloria, Elna Tvedt Bauge (53). 1 / 9

Held fram med nytt styre og nytt namn fredag 15. august 2014 10:12. Ny leiar for Coloria, Elna Tvedt Bauge (53). 1 / 9 Ny leiar for Coloria, Elna Tvedt Bauge (53). 1 / 9 I byrjinga av august deltok 50 ivrige hobbymålarar på den siste samlinga i regi av Kristne kunstneres forbund, denne gongen på Framnes. Tekst og foto:

Detaljer

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Nokon kjem til å komme (utdrag) Jon Fosse (f. 1959) Nokon kjem til å komme (utdrag) I Nokon kjem til å komme av Jon Fosse møter vi et par som nettopp har kjøpt seg et hus på en bortgjemt plass. De flytter dit for å få tid alene sammen,

Detaljer

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN 8.1 INFORMASJON / INTRODUKSJON AV NYTILSETTE Førsteinntrykket på arbeidsplassen vil prega oss i lang tid framover. Det er difor viktig

Detaljer

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden? Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 Emne nr. 88 MØTESTADEN 1. Kor mange møtehus eller møtesalar er det i Dykkar bygd? Vi vil gjerne at De skal nemna talet så nøgje De kan. De skal ikkje rekna

Detaljer

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan Månadsbrev september 2014 VESLEFRIKK Tida fyk fort og allereie er det godt ut i september. Denne fyrste tida har det vore mykje leik både ute og inne. Det har vore lagt opp til at barna skal få skapa gode

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure 99- var 7 (snittvekt,9 kg. I vart det fanga 7 sjøaure (snittvekt,9 kg, det svakaste resultatet sidan 997. Etter at villaksen har

Detaljer

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015 Arkiv: K11 Arkivsaksnr: 2014/1974-8 Saksbehandlar: Bodil Gjeldnes Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/15 05.03.2015 Vedlegg 1 Tabell viktige friluftsområder

Detaljer

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant Av Anders Stub og Ottar Haugen Anders Stub og Ottar Haugen er begge prosjektleiarar og rådgjevarar på Landbruks avdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Detaljer

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule Peder Haug, Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda Innlegg ved: Innlandets utdanningskonferanse,

Detaljer

Eksamen 27.05.2013. SAM3006 Marknadsføring og leiing 2 / Markedsføring og ledelse 2. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål

Eksamen 27.05.2013. SAM3006 Marknadsføring og leiing 2 / Markedsføring og ledelse 2. http://eksamensarkiv.net/ Nynorsk/Bokmål Eksamen 27.05.2013 SAM3006 Marknadsføring og leiing 2 / Markedsføring og ledelse 2 Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Vedlegg Informasjon om oppgåva Informasjon

Detaljer

1 Utgreiing av søknaden

1 Utgreiing av søknaden 1 Utgreiing av søknaden Studentforeningen Frappé starta opp i haustsemesteret 2010 og fungerer både som studentorgan og aktivitetsforeining for studentane ved Norges Dansehøyskole (NDH). Fram til mai 2011

Detaljer

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

Månadsbrev for Oransje, mars 2016. Månadsbrev for Oransje, mars 2016. Oppsummering/ evaluering av månad.. Språkutvikling Leik Prosjektarbeid 1. mars feira me Barnehagedagen 2016. Slagordet i år var «Les høgt for oss», noko som passa godt

Detaljer

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014. Høyring om ny rammeplan for kulturskulen Meland kommune Norsk kulturskuleråd Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland 23.06.2014 Vår: 14/1583-14/9954 randi.hilland@meland.kommune.no Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Detaljer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S NYBAKK SI HISTORIE M/S Nybakk vart bygd på Vaagland Båtbyggeri, rett nord for Kristiansund N, i 1961. Nybygget vart tildelt kallesignalet JXPH då kjølen vart strekt. Bueland Det var brødrene Jakob,

Detaljer

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Tysdag 22. september kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Morten

Detaljer

Hallo i nedslagsfeltet!

Hallo i nedslagsfeltet! Hallo i nedslagsfeltet! Her i Valdres skin sola og våren snik seg på, medan eg nyt dei siste vekene av folkehøgskulelivet. Sjølv om eg elskar snø og vinter, må eg faktisk innrømme at det er litt deilig

Detaljer

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER 2015. Påmeldingsfrist 11. september 2015.

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER 2015. Påmeldingsfrist 11. september 2015. Fyresdal Ungdomsklubb og Dalen Ungdomsklubb Inviterer deg til årets SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER 2015 Påmeldingsfrist 11. september 2015. Kven kan delta? Alle frå 8.

Detaljer

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2 Interkommunalt IKT-samarbeid Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal Vår ref 10/3794-29 Eining/avd/saksh. REGIKT//CARNYB Arkiv Dykkar ref Dato 28.11.2012 ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013 Innhald Kva har

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA Gjennomsnittleg årsfangst av sjøaure - var (snittvekt, kg. I vart det fanga sjøaure (snittvekt, kg, som er noko betre enn dei tre føregåande åra. Etter at villaksen

Detaljer

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar Psykologisk Førstehjelp - barneskulen Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar 0 Psykologisk Førstehjelp Kan eg gjera noko sjølv for å bli meir trygg, modig og glad? Du kan læra deg

Detaljer

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN GENERELT Det er med fylkeskommunen som med ei privat hushaldning, at vi kan ikkje bruke meir enn vi har pengar til å betale med. Ei forsvarleg økonomistyring i fylkeskommunen

Detaljer

«Nordhordland kommune»

«Nordhordland kommune» «Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy Notat oppsummering av innspel til intensjonsavtale 25.01.16 Side 1 1. Innleiing Dette notatet samanfattar dei innspela som har kome

Detaljer

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Samferdselsutvalet i Hordaland 5020 BERGEN Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger Hardangerrådet iks sender slik uttale vedr. ferjesamband i Hardanger, og ber om at denne uttalen vert teke omsyn til i budsjetthandsamingsprosessen

Detaljer

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv Sykkylven www.skaparglede.no Organisasjonskart RÅDMANN Kommunalsjef -Kommunalsjef-Økonomisjef Fellestenestene - Rådmannens stab

Detaljer

linselusa bak er prøveleiaren

linselusa bak er prøveleiaren Rasenprøve nr XVIIII er gjennomført i NVK s 75 år I år tangerte vi faktisk rekorden i tal unghundar til start første dag. 23 unghundar til start og fleire av desse var på sin aller første apportprøve.

Detaljer

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Hei hå, no er det jul igjen! Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid». Me har no avslutta prosjektet «Familien min» og vil oppsummera litt.

Detaljer

Inntekt i jordbruket 2013

Inntekt i jordbruket 2013 Inntekt i jordbruket 213 Samla næringsinntekt i jordbruket 24 213 Tabell 1. Næringsinntekt frå jordbruk i alt, mill. kr. SSB, tabell 4984. Fylke 24 25 26 27 28 29 21 211 212 213 Østfold 32 339 3 333 374

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom eller skade kan få tilbod

Detaljer

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Bustadområde i sentrum. Vurdering Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar

Detaljer

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: 1-12 skal lyde: 1-12 Fritak frå opplæring i kroppsøving Rektor kan etter søknad gi elevar i vidaregåande opplæring

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I RØDNEELVA

FANGST OG SKJELPRØVAR I RØDNEELVA FANGST OG SKJELPRØVAR I RØDNEELVA Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 979-7 var 8 laks med snittvekt på,8 kg og 77 sjøaurar med snittvekt på, kg. Innrapportert fangst av laks har variert mykje i Rødneelva,

Detaljer

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering ORDNING FOR Vigsling av diakon Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling av diakonar i kyrkjelyden. Vidare brukar ein ordninga ved vigsling til diakonale

Detaljer

SJØPOSTEN HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE. Februar 2013. Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag»

SJØPOSTEN HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE. Februar 2013. Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag» HÅ KOMMUNE NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE SJØPOSTEN Februar 2013 Visjonen vår: «Trivsel, leik og kreativitet i ein språkleg kvardag» Tida går utruleg fort og me er alt komne til februar månad. Januar har vore

Detaljer

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/571 1178/2015 / 002 RÅD / SANGUD 16.03.

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/571 1178/2015 / 002 RÅD / SANGUD 16.03. NOTAT VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen Til: Frå: Kopi: Anna Lianes Sak: Kommunesamanslåing - f.o.m 2012 Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/571 1178/2015 / 002 RÅD / SANGUD 16.03.2015

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

Møte i FBR-H 14. & 15. januar 2016. ved fylkesberedskapssjef Arve Meidell

Møte i FBR-H 14. & 15. januar 2016. ved fylkesberedskapssjef Arve Meidell Møte i FBR-H 14. & 15. januar 2016 ved fylkesberedskapssjef Arve Meidell 1 Transportberedskap som tema Gjennom funn i ulike ROS-analysar, ved tilsyn, møte og faktiske hendingar ser Fylkesmannen behov for

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Sogn og Fjordane krets av NSF JOTA/JOTI

Sogn og Fjordane krets av NSF JOTA/JOTI JOTA/JOTI Førde, mars 2008 Hei, speidarar, leiarar eller andre som no sit med dette vesle «heftet», enten i digital- eller papirform. På Sogn og Fjordane sin JOTA/JOTI i 2007, som var på Fagerneset, mellom

Detaljer

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo Bispemøtet Dato: 16.juni 2014 Deres ref.: 14/40-1 INW Vår ref.: 2014/3701 Norheim Kompetanseutviklingsplan for prester 2014 - høring Vedlagt oversendes høringssvar

Detaljer

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra) Studieretning for idrettsfag 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra) 1 / 6 5t Individuell toppidrett (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breiddeidrett

Detaljer

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015 saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.02.2016 9256/2016 Lillian Sæther Sørheim Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet 01.03.2016 Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre

Detaljer

Skredproblem i varslingsregion Sunnmøre

Skredproblem i varslingsregion Sunnmøre Skredproblem i varslingsregion Sunnmøre Statistikk frå varsom.no og Regobs.no 2012-2015 Informasjon frå spørjeundersøking hausten 2015 Skredkonferansen 2015 Christer Lundberg Nes Presentasjonen Skredproblem

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK INNHALD 1. Å vere barn som pårørande 2. Kven kan hjelpe? Alle under 18 år som har forelder eller andre pårørande med alvorleg sjukdom kan få tilbod om hjelp.

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013. Vårkonferanse Mandal 1 Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 1 Gaular, ein flott kommune i vakre Sogn og Fjordane. 30.04.2013 Vårkonferanse Mandal 2 Gaular, med dei tre ruteområda (2.923 innbyggjarar

Detaljer

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER SFO 2012/2013 INNHALDSLISTE FØREORD FORMÅL MED SFO INNHALD I SFO ORGANISERING AV SFO PERSONALET PÅ SFO 2012/2013 BORNEGRUPPA PÅ SFO 2012/2013 BUDSJETT MATBUDSJETT ANDRE

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG

RELIGIØSE HØGTIDER I NOREG 1 Høgtidsdagar I alle land, kulturar og religionar finst det dagar som vert feira eller markerte på ein spesiell måte. Dette vert gjort for til dømes å minnast ei historisk hending, både religiøs og nasjonal.

Detaljer

Teknologi og fargar RGB

Teknologi og fargar RGB 1 Teknologi og fargar RGB RGB står for fargane raud, grøn og blå. Det er desse fargane som kan visast på ein fargeskjerm. I dette heftet skal du læra meir om korleis matematikk er eit verktøy i bruk av

Detaljer

BPPV/krystallsykje. BEHANDLINGSTILTAK Behandling med Epleys manøver:

BPPV/krystallsykje. BEHANDLINGSTILTAK Behandling med Epleys manøver: svimmel BPPV / Krystallsykje BPPV/krystallsykje BPPV eller krystallsykje er ein sjukdom i det indre øyret, og er ein av dei mest vanlege årsakene til svimmelheit. Den førekjem oftare hos eldre, men kan

Detaljer

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN HELSE 1 BERGEN Haukeland universitessjukehus KJÆRE PASIENT OG PÅRØRANDE I dette heftet finn du informasjon som er aktuell for deg som er pasient på ein av våre sengepostar. Vi

Detaljer

Kulturhistoriske registreringar

Kulturhistoriske registreringar Kulturhistoriske registreringar Kultur og idrettsavdelinga, seksjon for kulturminnevern og museum Kulturminneregistreringar på Vetlebotn Gnr 272 og 275 Myrkdalen Voss kommune Rapport 7 2004 Rapport om

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

«HEILE NOREGS FRUKTFAT»: SATSING OG SUKSESS MED FRUKT OG BÆR I SOGN OG FJORDANE

«HEILE NOREGS FRUKTFAT»: SATSING OG SUKSESS MED FRUKT OG BÆR I SOGN OG FJORDANE «HEILE NOREGS FRUKTFAT»: SATSING OG SUKSESS MED FRUKT OG BÆR I SOGN OG FJORDANE Kristine Skarbø, Vestlandsforsking Bygdeforskingsdagen, 5.november 2013, Trondheim Stoda for 15 år sidan «Det var mykje

Detaljer

NTNU Fakultet for lærer- og tolkeutdanning

NTNU Fakultet for lærer- og tolkeutdanning NTNU Fakultet for lærer- og tolkeutdanning Emnekode(r): LGU52003 Emnenavn: Matematikk 2 (5-10), emne 2 Studiepoeng: 15 Eksamensdato: 23. mai 2016 Varighet/Timer: 6 Målform: Nynorsk Kontaktperson/faglærer:

Detaljer

Foreldreundersøking i skule 2006

Foreldreundersøking i skule 2006 Foreldreundersøking i skule 2006 Våren 2006 gjennomførte me ei brukarundersøking for foreldra i skulane i Kvam. Dette var ei digital undersøking som Utdanningsdirektoratet står bak. Foreldra fekk internettadressa

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Vinje kommune Vinje helse og omsorg Arkiv saknr: 2014/516 Løpenr.: 8125/2014 Arkivkode: G10 Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret Sakshandsamar: Kari Dalen Friskliv i Vinje

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for borna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

Gjennomgang Ungdata-statistikken 2014

Gjennomgang Ungdata-statistikken 2014 Gjennomgang Ungdata-statistikken 2014 Innleiing Det vart gjennomført Ungdata-undersøkelse på ungdomsskulen i Skodje før påske i 2014. Svarprosenten for undersøkinga var på 91 %, noko som betyr at resultata

Detaljer

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang: Nyheiter hoppid.no - Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang: Ny tilskotsordning for hoppid.no-nettverket, frist 4.mai Søk midlar Bygdemobilisering, frist 1.mai Ein million kroner i etablerartilskot

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028

Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 Kommunedelplan for oppvekst 2016 2028, på høyring i perioden 03.03.16 14.04.16 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune...

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret VOLDA KOMMUNE SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Henrik Skovly Arkivsak nr.: 2009/1144 Arkivkode: 151 Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret JUSTERING AV INNTEKTENE PÅ 2010- BUDSJETTET Administrasjonen

Detaljer

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200812600-2 Arkivnr. 322 Saksh. Styve, Jan Per Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 22.04.2009-23.04.2009 FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG

Detaljer

Attraktivitetspyramiden

Attraktivitetspyramiden Referat frå kommuneplanseminar dag 2 31.03.11. A. TEMA FOR KOMMUNEPLANSEMINARA: Dag 1 Korleis ser me på oss sjølve? Kva med framtida vår? Dag 2 Korleis ser andre på Kviteseid? Korleis ser framtida ut?

Detaljer

Notat om historie og kulturlandskap

Notat om historie og kulturlandskap Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal

Detaljer

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning. SULDAL FJELLSTYRE Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning. Suldal statsallmenning ligg i Dyraheio og er på 92 000 da. Ein liten del av allmenningen ligg i Breifonnområdet,

Detaljer

Regional utvikling er mangfoldig både som innsatsområde og kunnskapsbehov

Regional utvikling er mangfoldig både som innsatsområde og kunnskapsbehov Regional utvikling er mangfoldig både som innsatsområde og kunnskapsbehov Regionaldirektør Jan Per Styve 1 1 Region og regionalisering: Spennande fagsatsing - og fornuftig seminarinitiativ 2 Vi ønskjer

Detaljer

Årsmøte 2011. Ænes og Mauranger Bygdalag

Årsmøte 2011. Ænes og Mauranger Bygdalag Årsmøte 2011. Ænes og Mauranger Bygdalag Søndag 19. februar kl. 14.00 2012. i Samfunnshuset Årsmøte startar kl. 14.00. Under årsmøte vert det vist film for borna. Kl. 15.00 vert det servert kjøttkaker

Detaljer

Juvet Landskapshotell

Juvet Landskapshotell ei norsk oppleving Juvet Landskapshotell I tunet Burtigard på Alstad i Norddal kommune blir det etablert ei reiselivsbedrift utanom det vanlege; eit landskapshotell som tilbyr eit kortferiekonsept basert

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Lye forsamlingsstyre.

Lye forsamlingsstyre. Lye forsamlingsstyre. Sak: Instruks for ungdomspresten Saksframlegg. Styret har over ei tid samtala om kva ein ønskjer ungdomspresten skal gjera. I følgje avtalen mellom Forsamlingsstyret og Time sokneråd

Detaljer

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA I perioden til var gjennomsnittleg årsfangst laks med snittvekt på, kg, og sjøaurar med snittvekt på, kg. I var fangsten laks (snittvekt, kg, om lag tre gonger så mykje som

Detaljer

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp Vi treng større fokus på rekruttering! Kvifor? Trondheim 30.01.2010 Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp -Leiar i Barne- og ungdomsutvaletwww.bjarnehuseklepp.com Plan for dagen min i Sør-Trøndelag

Detaljer

Åsane Seilforening Årsmelding 2015. Storøen

Åsane Seilforening Årsmelding 2015. Storøen Åsane Seilforening Årsmelding 2015 Storøen Årsmelding Rammetillatelse Seilforeningen fikk godkjent rammetillatelse i slutten av desember 2013 for ombygging av nøst, kaianlegg og gjestehavn i regi av Bergen

Detaljer

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT) Kort tilbakeblikk 2004 Dei statlige fagteama vart etablert og presentert som redninga for

Detaljer

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet Mai 2010 AUD- rapport nr. 6-10 Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet Dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn

Detaljer

RV 555 Hovudsambandet Sotra - Bergen

RV 555 Hovudsambandet Sotra - Bergen RV 555 Hovudsambandet Sotra - Bergen Siling: Kulturminneregistrering Sepember 2006 OMRÅDA: Område 1. Område med naustbebyggelse, brygger og eldre bro. Naustmiljøet: Naust og brygger ligg på begge sider

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre JONE Avgjerd av: Saksh.: Jon Nedkvitne Arkiv: Objekt: N-101.1 Arkivsaknr 2004002075 Fylkesplanen for

Detaljer

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007. Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare.

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007. Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare. 1 Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november 2007 Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare. Eg skal på den korte tida eg har fått til disposisjon seie litt

Detaljer

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL. TUSSAFIBER VELKOMEN SOM FIBERKUNDE Dette heftet vil gi deg litt informasjon om det arbeidet som skal gjerast for å få lagt fiber inn

Detaljer

MÅNEDSRAPPORT FOR FEBRUAR PÅ MÅNEKROKEN.

MÅNEDSRAPPORT FOR FEBRUAR PÅ MÅNEKROKEN. MÅNEDSRAPPORT FOR FEBRUAR PÅ MÅNEKROKEN. Februar er den store karnevals tiden, og det er det også på Soltun. En morsom dag for store og små. Vi er imponert over alle de flotte kostymene. Vi tilbragte dagen

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL. 08.30-10.45, TYSNES RÅDHUS

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL. 08.30-10.45, TYSNES RÅDHUS REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL. 08.30-10.45, TYSNES RÅDHUS Desse møtte: Morten Storebø Geir Aga Siri Klokkerstuen Pål Nygård Wenche Tislevoll Atle Tornes Peder Sjo

Detaljer

Stormfestival 2016. Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Stormfestival 2016. Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival. Stormfestival 2016 Klart for stormfest Då er det like før det brakar laust med stormfestival. Stormfestival 2016 nermar seg. Vi er klare for at alle skal få ei triveleg helg her ute med kysten. Her kjem

Detaljer

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel

2. Sjå tiltak under punkt 2.1. 3. Ikkje aktuel Barnehage og skule tek i bruk den sosiale læreplanen og utviklar felles rutinar for handtering av mobbesaker. Barnehage og skule har trygge og tydelege vaksne og set fokus på vaksenrolla. Barnehage og

Detaljer

6039 Langevåg Langevåg, Ålesund, Oslo 09.08.12

6039 Langevåg Langevåg, Ålesund, Oslo 09.08.12 Sula kommune Postboks 280 6039 Langevåg Langevåg, Ålesund, Oslo 09.08.12 INNSPEL TIL KOMMANDE RULLERING AV AREALPLANEN I 2012. OMRÅDE: MOLVÆRSHAMNA I LANGEVÅG For å verne kulturminneverdiane i Molværshamna

Detaljer

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 12.03.2013 Kl.15:30 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding,

Detaljer

S1 Eksamen våren 2009 Løsning

S1 Eksamen våren 2009 Løsning S1 Eksamen, våren 009 Løsning S1 Eksamen våren 009 Løsning Del 1 Oppgave 1 a) Skriv så enkelt som mulig 1) x 1 x 1 x 1 x 1 1 x 1 x 1 x x 1 x 1 x 1 1 x 1 x 1 ) a b 3 a b 3 a 4a b 1 3 4a b 3 b 1 b) Løs likningene

Detaljer

Skriftlig eksamen. AKT2001 Aktiviseringsfag. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Aktivitør. Utdanningsprogram for Design og håndverk/handverk

Skriftlig eksamen. AKT2001 Aktiviseringsfag. Våren 2014. Privatister/Privatistar. VG2 Aktivitør. Utdanningsprogram for Design og håndverk/handverk Finnmark fylkeskommune Troms fylkeskommune Nordland fylkeskommune Nord-Trøndelag fylkeskommune Sør-Trøndelag fylkeskommune Møre og Romsdal fylke Skriftlig eksamen AKT2001 Aktiviseringsfag Våren 2014 Privatister/Privatistar

Detaljer