FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS"

Transkript

1 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak Arkivnr. 322 Saksh. Styve, Jan Per Saksgang Møtedato Fylkesutvalet FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS SAMANDRAG Hordaland Olje og Gass (HOG) er no samlokalisert med Business Region Bergen (BRB). Leiarstillinga i HOG er ledig. Dette har gjort det naturleg å vurdere eventuell justering av organiseringa av HOG. HOG er ein medlemsorganisasjon med deltaking frå både fylkeskommunen, kommunar og næringslivet. Hovudoppgåva er å ivareta Hordaland sine interesser knytt til olje- og gassverksemd i fylket, og medverke til å gi regionen ny styrke til å møte utfordringar innan petroleumsbransjen i åra framover. Fylkesrådmannen rår til at HOG held fram som medlemsorganisasjon, men at tilskot frå fylkeskommunen for framtida blir ytt gjennom BRB. FORSLAG TIL VEDTAK Fylkesutvalet meiner at Hordaland Olje og Gass (HOG) fortsatt skal ha ein viktig funksjon i arbeidet med å fremje Hordaland sine interesser og styrking av industriell utnytting av naturressursane på norsk sokkel m.a. gjennom tett samarbeid mellom næringslivet og offentleg sektor. Samtidig gjer etableringa av Business Region Bergen (BRB) det nødvendig med tiltak for å sikre eit tett samarbeid mellom HOG og BRB. Fylkesutvalet sluttar seg derfor til ei endra organisering av Hordaland Olje og Gass basert på følgjande hovudelement: 1. Hordaland Olje og Gass held fram som medlemsorganisasjon, men i tett samarbeid med Business Region Bergen.

2 2. Det tilskotet Hordaland fylkeskommune gir til HOG blir frå gitt til BRB, med føresetnad om at dette skal brukast til tiltak innan energifeltet. Kr ,- av tilskotet blir likevel gitt til HOG som medlemskontigent frå fylkeskommunen. 3. Når stillinga som fylkeskommunen har plassert i HOG blir ledig, blir den tilbakeført til fylkeskommunen. 4. Fylkesutvalet vil understreke HOG sin viktige rolle som bindeledd mellom fylkeskommunen/kommunane og næringsaktørane innan olje- og gassverksemd, og føreset at denne rolla fortsatt blir ivaretatt. Paul M. Nilsen Jan Per Styve 2

3 FYLKESRÅDMANNEN, : 1. Hordaland Olje og Gass (HOG) Organisering Noverande HOG vart etablert i 2003 gjennom ei samanslåing av Hordaland olje- og gassenter og Petroleumsrådet. Hordaland olje- og gassenter vart etablert i 1998/99 som ei vidareføring av Trollutvalet. HOG er organisert som ein medlemsorganisasjon med eige styre og representantskap. Styreleiar er f.t. Jakob Bleie. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg er f.t. leiar i representantskapen. HOG har no 45 medlemer 32 frå næringslivet og 13 kommunar/fylkeskommunen. Kommunane er: Austrheim, Askøy, Bergen, Bømlo, Fjell, Kvinnherad, Lindås, Masfjorden, Os, Stord, Sund og Øygarden. Det er altså stort samanfall mellom kommunane som står bak Business Region Bergen og kommunemedlemane i HOG. Økonomi Fylkeskommunen gir i dag eit årleg tilskot på kr ,-. I tillegg er ei stilling frå Strategiog næringsavdelinga plassert i HOG og finansiert av fylkeskommunen. Fram til hausten 2008 har fylkeskommunen også holdt kontor for HOG i fylkeshuset utan å krevje leige. Dette varte fram til HOG flytta over til samlokalisering med Business Region Bergen. Bergen kommune gir årleg eit tilskot på kr ,- Medlemskontigent utgjer tilsaman ei inntekt på kr ,- pr. år fordelt på kroner frå kommunane og kroner frå bedriftene. I tillegg har HOG fått varierande tilskot på frå nokre større samarbeidspartar/medlemer. Desse inntektene har vore vesentlege men ikkje faste eller sikre. Medarbeidarar HOG har tre ordinære stillingar inkl. stillinga frå fylkeskommunen. I periodar har ein person til vore engasjert på deltid for arbeid med internett o.l. Føremål Etter vedtektene skal HOG saman med andre arbeide for å styrke industriell utnytting av naturressursane på norsk sokkel til vediskaping med utgangspunkt i Hordaland. Visjonen HOG arbeider utfrå er at Hordaland skal være en ledende region innen utvikling og foredling av naturressursene på norsk sokkel Utfrå dette har HOG fastsett slike arbeidsmål: Hordaland Olje og Gass skal sammen med andre være en pådriver og tilrettelegger for utnytting av naturressursene på sokkelen til verdiskaping i Hordaland gjennom å arbeide for: 1. å ta i bruk miljøvennlig naturgass som energikilde, som råstoff og som drivstoff i samferdsel 3

4 2. feltutvikling og haleproduksjon i modne områder, som kan gi økt aktivitet i fylket 3. at Hordalandsbedriftene rettet mot petroleumsvirksomheten styrker sine posisjoner nasjonalt og internasjonalt, utvikler sin kompetanse og opprettholder sin konkurransekraft 4. å sikre og videreutvikle Bergen som driftsby 5. å styrke FoU-miljøene i fylket Representantskapen har no vedtatt at HOG også skal satse sterkare på arbeid innan felta fornybar energi og miljø. Dette kan resultere i navneendring. Oppgåver Med utgangspunkt i ovannemnde føremål, mål og strategiar har HOG både tatt initiativ til og gjennomført ein breidde av oppgåver og aktivitetar for å styrke olje- og gassverksemda i Hordaland. HOG har både jobba med oppgåver initiert av næringsaktørane og oppgåver initiert av kommunane/fylkeskommunen. Bergen kommune og fylkeskommunen har nok spelt hovudrolla som offentlege aktørar i HOG. I mange store saker har HOG gjort nyttig arbeid med påverknad av sentrale styresmakter og store industrielle aktørar for å fremje Hordaland sine interesser. HOG har no ei sentral rolle i det såkalla Mongstadprosjektet m.a. med fokus på å sikre næringsutvikling i regionen med basis i Mongstadutbygginga og CO2-prosjektet. 2. Vurdering Etter fylkesrådmannen si vurdering har HOG vore viktig for Hordaland. Rolla som fellesorgan for samspel mellom kommunane/fylkeskommunen og næringa har vore særs viktig. HOG representerer kompetanse og arbeidsressursar som alternativt måtte blitt bygd opp i fylkeskommunen og Bergen kommune. Men med ei slik løysing ville ein neppe klart å utvikle tilsvarande partnarskap med næringslivet. HOG har også virka til å samordne interessene i Hordaland knytt til olje- og gassverksemda, og sikra felles haldningar og aksjon i viktige saker. 3. Tid for endring? Når det no blir reist ein diskusjon om eventuelle endringar i organisering og innplassering av HOG, så skuldast det særleg to forhold: - Leiarstillinga er ledig. Det er naturleg at ein då vurderer situasjonen før rekruttering av ny leiar - Business Region Bergen er etablert, med sterk medverknad frå Bergen kommune og fylkeskommunen som også er dei to tunge bidragsytarane til HOG. BRB har i noko grad overlappande oppgåver med HOG når det gjeld utvikling av Bergensregionen sine tunge næringar og marknadsføring av regionen som ein attraktiv næringsregion. HOG er no også samlokalisert med BRB HOG vil ha stor nytte av BRB sin kompetanse og oppgåver innan marknadsføring. Vidare vil HOG kunne trekkje veksler på BRB sitt administrative apparat og tenester. Det er også slike 4

5 forhold som har gjort det naturleg å samlokalisere HOG med BRB. Ved ei samlokalisering har BRB no overtatt den rolla som fylkeskommunen har hatt m.o.t. å stille kontorplass til disposisjon. Både fylkeskommunen og Bergen kommune yter store tilskot til BRB. Fylkeskommunen gir eit fast årleg driftstilskot på 2,5 mill. og inntil 2,5 mill. i prosjektmidlar. Aksjonærane i BRB er i stor grad dei same kommunane som er medlemar i HOG. Det er såleis fleire forhold som gjer det naturleg å reise spørsmålet om å interegrere HOG endå tettare i BRB. Etter det eg forstår meiner også Bergen kommune dette er eit viktig spørsmål som no må vurderast. På den andre sida meiner eg det er særs viktig å ta vare på den spisskompetanse, erfaring og nettverk som HOG representerer. HOG er etablert som eit merkenavn med god legitimitet blant bedriftene innan olje- og gassverksemd. Særleg er det viktig å leggje til rette for fortsatt tett samspel med næringslivet. Ein eventuell ny modell må ha i seg element som sikrar dette. Det vil ikkje bli forstått i næringslivet om vi no kuttar det samarbeidet som har funne sin plass gjennom HOG. Styret i HOG gjorde i møte slikt vedtak i samband med drøfting av tiltak i samband med at dagleg leiar sluttar: Saken legges frem for representantskapet Representantskapets medlemmer må drøfte om HOG skal fortsette som egen organisasjon eller om HOGs arbeidsoppgaver skal legges inn under BRB. Administrasjonen utarbeider notat som omhandler fordeler/ulemper ved de to organisasjonsmodellene. Representantskapen i HOG drøfta i møte i desember Vidareføring av HOGs arbeid. Saka vart drøfta, men det vart vedtatt å utsette vidare behandling til møtet i februar. På møte i slutten av januar vedtok styret i HOG å sette ned ei arbeidsgruppe for å vurdere nærare framtidig organisering av HOG. Både fylkeskommunen og Bergen kommune vart invitert til drøftingar saman med arbeidsgruppa. Styret i HOG behandlar saka 10. mars. Det har elles vore god dialog mellom Bergen kommune og fylkeskommunen i denne saka. 4. Drøfting og tilråding Det synes klart at fleirtalet av medlemer i HOG ønskjer å oppretthalde HOG som medlemsorganisasjon med medlemer både frå næringslivet og offentleg sektor. Særleg medlemer frå næringslivet legg stor vekt på dette. Fylkesrådmannen sluttar seg derfor til å oppretthalde denne modellen. På den andre sida er det viktig å dra mest muleg nytte av samlokaliseringa med BRB, og utvikle eit tett samspel mellom desse to organisasjonane. Dette kan m.a. skje ved at BRB tar hand om administrative og økonomiske funksjonar og tenester. Vidare ved at ein trekkjer vekslar på BRB sine satsingar og kompetanse innan marknadsføring/profilering, og elles utviklar felles prosjekt og aktivitetar. Dette vil også sikre at regionen opptrer meir heilskapleg og effektivt. Utfrå dette går eg inn for at fylkeskommunen sitt tilskot til HOG heretter blir gitt til BRB med 5

6 føressetnad om at midlane skal brukast til tiltak innan energifeltet kroner av tilskotet blir gitt som medlemskontigent til HOG for at også fylkeskommunen skal vere ordinært medlem. Fylkeskommunen har plassert ei stilling frå strategi- og næringsavdelinga i HOG. Det er naturleg at denne blir tilbakeført til fylkeskommunen når den blir ledig. Etter det eg forstår er det rimeleg samanfallande standpunkt mellom fylkeskommunen og Bergen kommune i denne saka. Bergen kommune legg opp til å gjennomføre endra tilskotsmodell frå Det er naturleg at fylkeskommunen legg til grunn same dato. 6

SØKNAD OM DRIFTSTILSKOT TIL FUZZ AS FOR 2012-2014

SØKNAD OM DRIFTSTILSKOT TIL FUZZ AS FOR 2012-2014 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201103337-6 Arkivnr. 645 Saksh. Hagala, Yngvar Skaar, Ronny Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2011-21.06.2011

Detaljer

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201101622-5 Arkivnr. 146 Saksh. Imset, Øystein Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 19.05.2011 FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011 SAMANDRAG

Detaljer

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200600700-17 Arkivnr. 135 Saksh. Gilberg, Einar Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 20.06.2006 22.06.2006 VAL AV PILOTPROSJEKT

Detaljer

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2014 Kort om handlingsprogrammet Årleg handlingsprogram som er tufta på «Regional Næringsplan for Hordland 2014 2017». Vedtatt av fylkesutvalet 20. februar.

Detaljer

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200800701-29 Arkivnr. 800 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 05.06.2013 20.06.2013 ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP

Detaljer

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Innkjøpsseksjonen Arkivsak 200901211-16 Arkivnr. 180.T40 Saksh. Marit, Høisæter Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 24.05.2012 RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Detaljer

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD - Tilleggsakliste Kultur- og ressursutvalet Dato: 31. oktober 2013 kl. 12.00 Stad: Fylkeshuset INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Kultur- og ressursutvalet... 2 Tilskot til utgreiing av lokalisering av Hordaland

Detaljer

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl. 09.30 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl. 09.30 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD HORDALAND FYLKESKOMMUNE - Tilleggsakliste Valnemnda Dato: 11. juni 2013 kl. 09.30 Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD TILLEGGSAKLISTE - Valnemnda... 2 Grieghallen IKS - skiping av selskap, kjøp og

Detaljer

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201200095-2 Arkivnr. 8 Saksh. Støle, Øivind Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 15.02.2012 22.02.2012-23.02.2012 13.03.2012-14.03.2012

Detaljer

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201302181-120 Arkivnr. 135.6 Saksh. Haugland, Tone Stedal Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 17.09.2013-18.09.2013 TILLEGGSAK KUP-LØYVING

Detaljer

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Arkivsak 201112362-44 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Fylkesutvalet Møtedato 05.06.2012 21.06.2012 FAGSKOLETILBOD PÅ STORD -

Detaljer

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Arkivsak 200801439-108 Arkivnr. 015 Saksh. Smørdal, Jon-Rune Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 26.01.2012 VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Detaljer

VEDTAK AV REGIONAL PLAN FOR HARDANGERVIDDA 2011-2025

VEDTAK AV REGIONAL PLAN FOR HARDANGERVIDDA 2011-2025 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 200702612-59 Arkivnr. 712.T07 Saksh. Bakke, Tord, Bjørgo, Tore Saksgang Samferdselsutvalet Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget

Detaljer

Vestlandsrådet - Revisjon av politisk plattform, samarbeidsavtale og vedtekter

Vestlandsrådet - Revisjon av politisk plattform, samarbeidsavtale og vedtekter REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/10930-2 Saksbehandlar: Matti Torgersen Saksframlegg Saksgang Vestlandsrådet - Revisjon av politisk plattform, samarbeidsavtale og vedtekter Samandrag Samarbeidet i Vestlandsrådet

Detaljer

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013

Detaljer

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201105600-21 Arkivnr. 715 Saksh. Hage, Torild Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 10.01.2012 26.01.2012 RALLARVEGRÅD

Detaljer

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER

Detaljer

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201103659-3 Arkivnr. 712.T07 Saksh. Engum, Hans-Christian, Taule, Eva Katrine R. Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 10.11.2011 OPPSTART OG

Detaljer

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016 SAMARBEID OM BRANN- OG REDNINGSTENESTE - DELTAKING I SOGN BRANN OG REDNING IKS Vedlegg: Prosjektrapport av 20.05.10 Bakgrunn: Forprosjektrapport

Detaljer

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Møteinnkalling for Administrasjonsutval Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla

Detaljer

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201002086-1 Arkivnr. 112 Saksh. Viken, Karl Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 23.03.2010-24.03.2010 FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR SAMANDRAG

Detaljer

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200811709-6 Arkivnr. 8323 Saksh. Rødseth, Tor Harald Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 01.04.2009 22.04.2009-23.04.2009 SØKNAD OM

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031 Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam eldreråd 03.09.04 013/04 SILA Kvam formannskap 07.09.04 178/04 SILA Kvam heradsstyre 21.09.04 100/04 SILA Avgjerd

Detaljer

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE KAP. 1. FIRMA, KONTORKOMMUNE, FORMÅL 1-1 SpareBank 1 Søre Sunnmøre er skipa den 17. september 1853. Vedtektene vart godkjende første gongen ved høieste Resolution

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune Kommunikasjonsplan Nye Øygarden kommune Fase 3: Fellesnemnda - oktober 2017 desember 2019 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma

Detaljer

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum 2011-2015 KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/276-1 Saksbehandlar: Elisabeth Bjørsvik Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 21.01.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 Fylkestinget

Detaljer

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2 DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2 representantar til å skrive under protokollen 4. Behandla Rosendal

Detaljer

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 200809360-112 Arkivnr. 656 Saksh. Bjørsvik, Elisabeth, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato

Detaljer

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN

SØKNADER FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE OM STATLEGE TILSKOTSMIDLAR FOR 2013 FOR AUKA TILGJENGE TIL KOLLEKTIVTRANSPORTEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201202536-1 Arkivnr. 146 Saksh. Grude, Nils Egil Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.04.2012 25.04.2012-26.04.2012 SØKNADER FRÅ HORDALAND

Detaljer

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Ingvild Hjelmtveit FE - 002 15/709 Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS 25.03.2015 Kommunestruktur - oppstart reelle drøftingar Vedlegg: Etablering

Detaljer

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Sakhandsamar: Kristine Enger Saka gjeld: Behandlingstilbodet til pasientar i legemiddelassistert rehabilitering i Rogaland Arkivsak

Detaljer

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201112362-125 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 19.03.2013 SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL

Detaljer

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00 Nissedal kommune Møteinnkalling Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 02.10.2014 Tidspunkt: 13:00 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling.

Detaljer

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2016 3917/2016 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato UD 2/16 Utdanningsutvalet 04.02.2016 Fylkesrådmannens tilråding 17.02.2016 Fylkesutvalet

Detaljer

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato

Detaljer

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 05.12.2016 Sak nr.: 16/3228-304 Internt l.nr. 41741/16 Sak: 134/16 Tittel: Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune Behandling: Frå fylkesrådmannen låg

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/2350-21542/2014 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: 09.10.2014 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Drøftingssak - Eigarskapsmelding 2015 Samandrag

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 12.12.2006 120/06 SILA

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 12.12.2006 120/06 SILA Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre 12.12.2006 120/06 SILA Avgjerd av: Kvam heradsstyre Saksh.: Sigrid Laupsa Arkiv: N-016 Objekt: Arkivsaknr

Detaljer

Forslag frå fylkesrådmannen

Forslag frå fylkesrådmannen TELEMARK FYLKESKOMMUNE Hovudutval for kultur Forslag frå fylkesrådmannen 1. Telemark fylkeskommune, hovudutval for kultur gir Norsk Industriarbeidarmuseum og Vest Telemark Museum ei samla tilsegn om kr

Detaljer

SOGN driftig raus ekte

SOGN driftig raus ekte SOGN driftig raus ekte Regionalplan for splan 2013-2014 Næringsutvikling Fylkesgrenser grenser hinder eller utvikling? Sogn skal styrka seg som region og bli interessant for nye etableringar. må bli meir

Detaljer

Vedlegg: doc; doc

Vedlegg: doc; doc Høyringsuttale Fra: Anne Hjermann [Anne.Hjermann@post.hfk.no] Sendt: 29. oktober 2007 12:02 Til: Postmottak KD Emne: Høyringsuttale Vedlegg: 110205599-4-200705131-2.doc; 110205599-2-200705131-5.doc Vedlagt

Detaljer

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre JONE Avgjerd av: Saksh.: Jon Nedkvitne Arkiv: Objekt: N-101.1 Arkivsaknr 2004002075 Fylkesplanen for

Detaljer

Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform Frivilligpolitisk plattform 2018-2021 Frå kafedialogen om samspel og samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor: «Kva kan di foreining bidra med i eit tettare samarbeid med kommunen» 1 Innhald: 1. Mål...

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Internasjonalt arbeid Arkivsak 200809950-1 Arkivnr. 058 Saksh. Astrup, Ingebjørg Lillefjære-Tertnæs, Charlotte Torgersen, Matti Roksvåg, Berit Titlestad, Tor Saksgang Kultur- og

Detaljer

1 a)endringar av investeringsbudsjettet

1 a)endringar av investeringsbudsjettet Aud Karin Oen sette fram slikt forslag: Årsbudsjett 2012 Økonomiplan 2012-2015 A) Årsbudsjett 2012 1 a) Investeringsbudsjett, som rådmann, men med følgjande justeringar 1 b) Driftsbudsjettet som rådmann,

Detaljer

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant Av Anders Stub og Ottar Haugen Anders Stub og Ottar Haugen er begge prosjektleiarar og rådgjevarar på Landbruks avdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Detaljer

Revisjon av mandat og samansetnad av Regionalt næringsforum

Revisjon av mandat og samansetnad av Regionalt næringsforum REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/1323-7 Saksbehandlar: Arthur Kristian Arnesen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet 28.08.2014 Revisjon av mandat og samansetnad av Regionalt næringsforum

Detaljer

Forslag til Ungdommens fylkesting 2016. 12.-14. februar 2016

Forslag til Ungdommens fylkesting 2016. 12.-14. februar 2016 Forslag til Ungdommens fylkesting 2016 12.-14. februar 2016 Innhald Del 1: Visjon og verdiar for Ungdommens fylkesting... 1 Del 2: Mål for perioden... 2 Del 3: Tiltak... 3 Opplæring og helse... 3 Kultur,

Detaljer

SATSING MOT FRÅFALL 2011. PROSJEKTET NY GIV/FLEIRE FULLFØRER

SATSING MOT FRÅFALL 2011. PROSJEKTET NY GIV/FLEIRE FULLFØRER HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 00455-3 Arkivnr. 523 Saksh. Haaland, Marianne Saksgang Yrkespplæringsnemnda Opplærings- g helseutvalet Fylkesutv Møtedat 02.02. 08.02. 23.02. - 24.02.

Detaljer

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING 2013-2015

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING 2013-2015 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Arkivsak 201210523-1 Arkivnr. 015 Saksh. Jordet, Håkon Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.01.2013 MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET

Detaljer

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201001438-1 Arkivnr. 146 Saksh. Spjeld, Britt Karen Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 18.02.2010 TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010 SAMANDRAG

Detaljer

REKRUTTERING TIL MARIN SEKTOR

REKRUTTERING TIL MARIN SEKTOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 201010115-6 Arkivnr. 313 Saksh. Wahl, Trond Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 24.11.2010-25.11.2010 REKRUTTERING TIL MARIN

Detaljer

ETABLERING AV PILOTANLEGG FOR INDUSTRIELL ALGEPRODUKSJON PÅ MONGSTAD, TILSKOTT TIL PILOTSENTER

ETABLERING AV PILOTANLEGG FOR INDUSTRIELL ALGEPRODUKSJON PÅ MONGSTAD, TILSKOTT TIL PILOTSENTER HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201202972-5 Arkivnr. 146 Saksh. Døskeland, Inge Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 21.11.2012 ETABLERING AV PILOTANLEGG FOR INDUSTRIELL

Detaljer

Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015

Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015 Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015 Stortinget juni 2014 Vedtak, 18.06.14: «Stortinget ber regjeringen gjennomgå oppgavene til fylkeskommunene/

Detaljer

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200803028-19 Arkivnr. 81 Saksh. Midtgård, Bjørn Inge Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Valnemnda Fylkestinget Møtedato 11.11.2009 18.11.2009-19.11.2009

Detaljer

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL. 08.30-10.45, TYSNES RÅDHUS

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL. 08.30-10.45, TYSNES RÅDHUS REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FREDAG 11. MARS KL. 08.30-10.45, TYSNES RÅDHUS Desse møtte: Morten Storebø Geir Aga Siri Klokkerstuen Pål Nygård Wenche Tislevoll Atle Tornes Peder Sjo

Detaljer

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 25.11.2015 Sak nr.: 15/11996-2 Internt l.nr. 51548/15 Sak: 135/15 Tittel: Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane Behandling: Frå fylkesrådmannen låg det føre slik

Detaljer

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200703590-60 Arkivnr. 8 Saksh. Raddum, Gunhild Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.01.2010 21.01.2010 SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL

Detaljer

Etne E-lag. 7. Fastsetje godtgjersle for tillitsvalde

Etne E-lag. 7. Fastsetje godtgjersle for tillitsvalde Etne E-lag Etne E-lag held vanleg årsmøte på Etne E-lag sitt møtelokale på Nyvoll, onsdag 01. juni 2016 kl. 19.00. Medlemmer som ynskjer å delta på årsmøte må registrera seg til kontoret på telefon 53771155,

Detaljer

EVALUERING AV FESTSPILLENE I BERGEN SOM KNUTEPUNKT

EVALUERING AV FESTSPILLENE I BERGEN SOM KNUTEPUNKT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201209778-4 Arkivnr. 640 Saksh. Haugland, Tone Stedal Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 11.06.2013 20.06.2013 EVALUERING

Detaljer

ETABLERING OG FINANSIERING AV KNOWLEDGE HUB I BERGEN

ETABLERING OG FINANSIERING AV KNOWLEDGE HUB I BERGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201307275-5 Arkivnr. 146 Saksh. Hagala, Yngvar Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 25.09.2013-26.09.2013 ETABLERING OG FINANSIERING AV KNOWLEDGE

Detaljer

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Administrasjonsutvalet 19.05.2010 KAI 025/10 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbeh.: Kari Anne Iversen Ansv. KAI Arkiv: N-048.2 Arkivsaknr

Detaljer

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre Arkiv: K1-002 Vår ref: 2014000344-45 Journalpostid: 2015018302 Saksbeh.: Elin Wetås de Jara KOMMUNEREFORMA - VIDARE FRAMDRIFT Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre Framlegg

Detaljer

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Finansiering av dei offentlege fagskolane Saksutredning: BREV FRÅ VESTLANDSRÅDET TIL KUNNSKAPSDEPARTEMENTET OM FAGSKOLEUTDANNINGA Trykte vedlegg: Ingen Utrykte vedlegg:... Sett inn saksutredningen under denne linja Finansiering av dei offentlege

Detaljer

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane Side 1av 5 Saksbehandlar: Karoline Bjerkeset Avdeling: Næringsavdelinga Sak nr.: 12/8363-3 Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane 2013-2016 Fylkesdirektøren for næring rår hovudutvalet

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport

Ein tydeleg medspelar. KS omdøme. Sluttrapport Ein tydeleg medspelar KS omdøme Sluttrapport Innhald Samandrag Samandrag 3 Bakgrunn 4 Gjennomføring 5 Mål 7 Kva har vi gjort? 8 Har vi nådd måla? 10 Aktivitet i gruppa 12 Sluttkommentar 13 I 2010 var Møre

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS) Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2012/1597-12483/2013 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: 04.06.2013 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 30/13 Ungdommens kommunestyre 11.06.2013 72/13 Kommunestyret 20.06.2013

Detaljer

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte 01.06. 2011

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte 01.06. 2011 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 11.05.2011 Sakhandsamar: Carina Paulsen Saka gjeld: Psykisk helsevern for barn og unge - ventetider og fristbrot Arkivsak 2008/351/ Styresak

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. MØTEPROTOKOLL Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: 03.12.2007 Tid: 15.00 17.45 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene

Detaljer

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift- og utviklingsseksjonen Arkivsak 201112362-76 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Hordaland fagskulestyre Opplærings- og helseutvalet Møtedato

Detaljer

INNEKLIMATILTAK 2009 - BUDSJETTENDRING 2

INNEKLIMATILTAK 2009 - BUDSJETTENDRING 2 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200900703-9 Arkivnr. 111 Saksh. Moe, Eivind Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 18.06.2009 INNEKLIMATILTAK 2009 - BUDSJETTENDRING 2 SAMANDRAG

Detaljer

Skaparkraft og partnarskap i samspel

Skaparkraft og partnarskap i samspel Skaparkraft og partnarskap i samspel Kvifor satsa Norddal kommune på partnarskap i hoppid.no? Terese Jemtegård Moen, dagleg leiar i Fjordhagen AS Verdas første hoppid.no-kontor etablert i Valldal 4.mai

Detaljer

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga MØTEREFERAT Referat frå: styremøte i Vestkystparken Møtedato: 29. april 2011 Tid: 0900-1100 Møteleiar: Hilde Gunn Bjelde Møtestad: Preikestolhytta Arkivsak:

Detaljer

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 201102938-1 Arkivnr. 520 Saksh. Wanvik, Torill Iversen Saksgang Y- nemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 29.03.2011 05.04.2011-06.04.2011

Detaljer

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland

Detaljer

SØKNADER OM TEST OG UTVIKLING AV TEKNOLOGI FOR BIOGASSHYBRIDBUSSAR FYLKESKOMMUNAL EIGENANDEL

SØKNADER OM TEST OG UTVIKLING AV TEKNOLOGI FOR BIOGASSHYBRIDBUSSAR FYLKESKOMMUNAL EIGENANDEL HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201302651-1 Arkivnr. 831 Saksh. Jacobsen, John Martin Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 21.03.2013 SØKNADER OM TEST OG UTVIKLING AV TEKNOLOGI FOR BIOGASSHYBRIDBUSSAR

Detaljer

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo)

Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) rundskriv nr 5/09 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane Dato: Ref: 16.03.2009 MR 9146/2009/040 Kompetanseutvikling - 2009/2010 (budsjettåret 2009 - vgo) Fylkesutdanningsdirektøren meiner

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Referat styremøte Regionrådet Vest

Referat styremøte Regionrådet Vest Referat styremøte Regionrådet Vest Mandag 21.Mars 2011 kl. 08.30 12.00 Panorama konferansehotell Sund Til stades: Varaordførar Siv Høgtun Ordførar Eli Årdal Berland Ordførar Ove Bernt Trellevik Ordførar

Detaljer

RADIOSAMBAND I TUNNELAR I HORDALAND

RADIOSAMBAND I TUNNELAR I HORDALAND HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200906373-6 Arkivnr. 814 Saksh. Iversen, Erlend Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.04.2010 22.04.2010 RADIOSAMBAND I TUNNELAR I

Detaljer

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge 2014-2020

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge 2014-2020 VR-sak 4/13 Vedlegg Auka finansiering av Interreg-programma i Norge 2014-2020 Bakgrunn Interreg-programma er EU-finansierte samarbeidsprogram som gir midlar til prosjekt som fremjar sosial, økonomisk og

Detaljer

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF Tid: Måndag 28. februar 2005, kl 1100 kl 1400 Stad: Scandic Bergen Airport Hotell, Bergen Styremøtet var ope for publikum og presse Saker: Sak 16/05 B Godkjenning

Detaljer

Kvam herad. Objekt: Søknad om tilskot og lån til idrettsanlegg i Kvam - kunstgrasbanen på Sandven og Strandebarm Idrettspark

Kvam herad. Objekt: Søknad om tilskot og lån til idrettsanlegg i Kvam - kunstgrasbanen på Sandven og Strandebarm Idrettspark Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 11.01.2005 003/05 KJHE Kvam formannskap 18.01.2005 029/05 KJHE Kvam heradsstyre 01.02.2005 004/05 KJHE

Detaljer

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN 2014-2015. Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN 2014-2015. Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND FOS HANDLINGSPLAN 2014-2015 Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage Oppdatert 18.09.2014 HANDLINGSPLAN 2015/2015 ORGANISASJON STYRINGSGRUPPA :

Detaljer

HØRINGSUTTALE TIL NY FOLKEHELSELOV - SAMHANDLINGSREFORMA-

HØRINGSUTTALE TIL NY FOLKEHELSELOV - SAMHANDLINGSREFORMA- HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201012571-1 Arkivnr. A. 44.00 Saksh. Corwin, Lise Saksgang Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato 11.01.2011 27.01.2011

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 201002107-21 Arkivnr. 811 Saksh. Utne, Bente Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 18. 09.2013 25.09.2013 15.10.2013 VOSSAPAKKO

Detaljer

Digitaliseringsfylket Hordaland

Digitaliseringsfylket Hordaland NOTAT TIL DISKUSJON PÅ STRATEGIKONFERANSEN 23. JANUAR 2018 Digitaliseringsfylket Hordaland Dette notatet blir sendt alle kommunar og fylkeskommunen i Hordaland. Føremålet er å formidle ein mulegheit og

Detaljer

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap 14.06.2011 039/11 HASO Kvam heradsstyre 20.06.2011 065/11 HASO Avgjerd av: Saksh.: Hans Atle Soldal Arkiv:

Detaljer

REGIONAL PLANSTRATEGI OPPSTART

REGIONAL PLANSTRATEGI OPPSTART HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Utviklingsseksjonen Arkivsak 201100201-17 Arkivnr. 712 Saksh. Torgersen, Matti Saksgang Kultur- og ressursutvalet Opplærings- og helseutvalet Samferdselsutvalet

Detaljer

21.08.2012 28.08.2012

21.08.2012 28.08.2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201200217-6 Arkivnr. 644 Saksh. Skaar, Ronny/Haugland, Tone Stedal Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 21.08.2012 28.08.2012

Detaljer

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF 3. mars 2015 STIFTINGSPROTOKOLL FOR Helse Vest Innkjøp HF Styret i Helse Vest RHF vedtok i sak 26/2015 å stifte Helse Vest Innkjøp HF som eit helseføretak i medhald av lov om helseføretak av 15. juni 2001

Detaljer

Saksbehandler: Regionrådskoordinator Edvin Straume FORNYELSE AV OSLOREGIONENS STRATEGIER. Hjemmel:

Saksbehandler: Regionrådskoordinator Edvin Straume FORNYELSE AV OSLOREGIONENS STRATEGIER. Hjemmel: Arkivsaksnr.: 11/1776-2 Arkivnr.: N00 Saksbehandler: Regionrådskoordinator Edvin Straume FORNYELSE AV OSLOREGIONENS STRATEGIER Hjemmel: Rådmannens innstilling: Vedlagt forslag til høringsuttalelse vedtas.

Detaljer

STIFTELSEN SOLHOVDEN - NY HYTTE PÅ KVAMSKOGEN

STIFTELSEN SOLHOVDEN - NY HYTTE PÅ KVAMSKOGEN HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Eigedomsseksjonen Arkivsak 200809045-15 Arkivnr. 610 Saksh. Kjellevold, Svein H. Saksgang Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 09.06.2009 09.06.2009-10.06.2009 STIFTELSEN

Detaljer

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017 Kommunikasjonsplan Fase 2: Førebuande fellesnemnd - desember 2016 juni 2017 Desember 2016 1 Innleiing Denne kommunikasjonsplanen skal vera ein reiskap for informasjon knytt til arbeidet med kommunereforma

Detaljer

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201209179-1 Arkivnr. 643 Saksh. Skaar, Ronny B. Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 13.11.2012 21.11.2012-22.11.2012 AVTALE

Detaljer

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar. Sogn regionråd FELLES UTGREIING OM KOMMUNEREFORMA - STATUS Kommunane i Sogn regionråd gjennomfører ei felles utgreiing som skal gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med

Detaljer