Bygdebrev #6 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS JULI 2012

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Bygdebrev #6 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS JULI 2012"

Transkript

1 Bygdebrev #6 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS JULI 2012

2 Hei! Her kjem det 6. og nest siste bygdebrevet i prosjektperioden til Liv i Vinje. Denne gongen har me fått tilsendt mykje god informasjon frå mange forskjellige og brevet har blitt rekordlangt! Det er berre å setje seg til i godstolen med ein god kopp kaffi. VINJE UNGDOMSLAG Ute av dvalen! Vinje ungdomslag er i sving att etter mange år i dvale og det nyvalde styret er: Signe Bråstøyl (leiar), Knut Erik Jordstøyl og Ole Johannes Romtveit. Vara: Åshild A. Ringhus og Kari Vinjerui. Ungdomsklubb 29. mars var det ungdomsklubb på Vinjar. 17 ungdommar var samla til film, kortspel, quiz, dans, ballspel og pizza. Trivleg å sjå så mange samla. Det kom ungdom frå Edland, Vinje og Åmot. Dette vil me gjera meir av. Takk til Åshild, Kari og Trine i arrangementskomiteen og takk til Vegar og Susanne som stilte som vakter saman med 3 vaksne. Det er planar om å få til ein klubbkveld i månaden frå september, så ungdom fylg med på facebooksida vår. LITT OM REVY Det har blitt prøva å få i gang teater og revy. Det har vore fleire møte og interessa er absolutt tilstades. Kostymelageret må fyllast att og noko har kome inn. Ungdomsklubb Bibliotekprosjekt

3 Kassa med dei gamle spilstykka er levera til laget, og det er arbeidd med nye tekstar. Teater- og revyarbeidet er knytt opp til Vinje ungdomslag. Arbeidet kjem i gang att frå hausten. BIBLIOTEKPROSJEKTET Vinje oppvekstsenter har no i to år vore med i programmet for skulebibliotek, som er administrert av Universitetet i Agder. I løpet av desse to åra har skulen blitt tilført kr ,- frå programmet, og mesteparten av dette har gått til frikaup av lærarar, til å arbeide med prosjektet. I det andre året, som no ligg bak oss, vart skulen med som ressursskule. Skulen er i dag den einaste ressursskulen i Telemark på skulebibliotek. Dette er noko å vera stolte av! Å vera ressursskule vil seia at andre skular kan koma på besøk for å lære om korleis me har organisert skulebiblioteket, og korleis ein kan nytte skulebiblioteket betre i undervisninga. Universitetet i Agder har gitt ut eit hefte om ressursskulane, der Vinje oppvekstsenter er omtala på fem av sidene, både med tekst og bilete. Båe bileta på omslaget til heftet er óg henta frå Vinje oppvekstsenter. Prosjektet vart avslutta ved at skulen sendte sluttrapporten den , men arbeidet me har starta med skulebiblioteket vil halde fram hjå oss. VINJE HANDVERKSLAG Spennande foredrag og kreative born I vårhalvåret hadde vi tre fine kveldar med bilete og foredrag: Tove Herberg fortalde om turen sin i Burma, Åse Bratland om kvinnebunaden i Vest-Telemark før og no, og Harald Kolstad om ølhøner. 50 stk av dei sto stilt ut på Haugsæl etterpå. Harald Kolstads ølhøne. I mars var det handverkskveldar med 16 flinke ungar. Dei teikna, nålefilta, snekra, dreiv med tinnstøyping, brikkevev og skinnarbeid. Hurra for ungar og instruktørar! Vinjeutstillinga 2012 Vinjeutstillinga 2012 opnar sundag 1. juli kl 14. Ove Mellingen kåserer og Solvending vil spela. Grenlandskunstnarane Oker er hovudutstillarar i år. Elles blir Vinje skogeigarlag markera med ei særutstilling i høve 100-årsjubileet. Utstillinga varer t.o.m. 12. august og er ope kvar dag Kurs og haustmarknad Til hausten kan det bli kurs: Åse Bratland vil starte bunadskurs. Vi kan brodere bunad og montere bunad Harald Kolstad vil lære oss å lage ølhøner. Sjå nærare lysingar! Det vert haustmarknad med inviterte handverkarar laurdag 25. august. Elles nye temakveldar og i oktober to kveldar for ungar att. Ope på Haugsæl fyrste laurdagen i kvar månad frå august til desember. To ledige verkstadrom, meld interesse! Sjå heimesida og facebook. VINJE JORDFRESARLAG Me er ein gjeng i Vinje som ynskjer meir fart i grønsakdyrkinga i området. Ideen kom frå Marit Sande som hadde eit forslag til skulen om dei kunne tenkje seg å setje i gang ein form for skulehage. Saka vart lufta for skulen men der vart konklusjonen at dette vart eit altfor stort prosjekt for dei. Det vart rødt litt om saka og me fann ut at det kunne vera ein gjeng interessera vaksne som sette i gang og kanskje invitera skuleborna til å vera med på visse oppgåver i eit grønsaksfelt. Men fyrst trong me å bli opplyste og få endå meir inspirasjon. Så då vart Knut Vollan frå forsøksringen i Tinn invitera til Vinjar. Han hadde førebutt eit foredrag bygt på spørsmål frå gruppa som no vil kalle seg jordfresarlaget og det var 14 personar som fylgde godt med og hadde endå fleire spørsmål som dei fekk grundige svar på. Etter vel to timar avslutta me kvelden godt nøgde og sikre på at dette vil me arbeide vidare med med tanke på å koma i gang neste år. Dersom det er fleire som har lyst til å vera med i dette jordfresarlaget som berre vil drive med grønsakdyrking (ikkje blomar), så meld frå til Marit Sande eller Ellen Nordstoga.

4 «Jenter på hjul» på besøk på Mjonøy. GANG OG SYKKELVEG: VINJE BRO - JORDIVEGEN Detaljreguleringsplanen for denne vegen er samrøystes vedteken i plan- og miljøutvalet og Vinje kommunestyre. Så nær ei gjennomføring har det ikkje vore før. Plankontoret kan ikkje fastslå når arbeidet med vegen kjem i gang, men opplyser at det står att grunnerverv, ivaretaking av områda for kulturminne og byggjeplan. BROI I SMØRKLEPP Som mange veit så har det vore i gang eit arbeid med å få til ei bro der den gamle stokkutleggsbroi sto over Smørkleppåi. Den gamle broi er teikna i bygdesoga av Hugo Olaus Wolff i Arbeidet starta i 2009 og kom eit godt stykke på veg. Det har vore gjort mykje dugnadsarbeid av svært mange. Men det har vore ein del hindringar å forsere og konklusjonen er no at det ikkje let seg gjera å byggje bro. Grunnen er at etter mykje fuktig vêr har det gått ras i området som har teke med seg ein del av vegen. Etter det er det ikkje tilrådeleg å fara der med maskiner som kan byggje opp det brukaret som er nødvendig for å få opp stokkutleggsbroi. Ein kunne få opp ei hengjebru men då det ikkje er aktuelt for grunneigarane å gjeva løyve til ei slik bro, må prosjektet diverre skrinleggjast. I TV-RUTA Dei som var benka framom tv-skjermen tysdag 5. juni fekk sjå Jenter på hjul (TV2) vitje både Mjonøy, hjortefarmen på Kingland, Vinje biletgalleri og Bodil på Rauland. Bra reklame for området vårt! GALLERI MJONØY Opning av utstilling på Mjonøy laurdag kl 14. Konsert med Lars Ole Hagen. Gratis inngang! ZUMBA Friskvernsentralen gjev tilbod om zumba på Vinjar. Det starta opp i mars og er kvar torsdag. Me er så heldige å ha den 17-årige danseinstruktøren Helina Lundestad buande i skulekrinsen her. Ho leier oss trygt og friskt gjennom Zumbakveldane. Dette er så god trim at me blir både raudleitte og sveitte, samtidig som det er moro! Det er godt oppmøte og me satsar på framhald til hausten. BESØK FRÅ HJELMELAND I vår tok representantar frå Hjelmeland kommune og frivillige lag og foreiningar kontakt med Vest-Telemark Næringsutvikling. Dei ynskte informasjon om Bulystsatsinga i Vest-Telemark. Bygdelivsmeklar og ein av prosjektarbeidarane i Liv i Vinje, Elisabeth Lid, såg sitt snitt til å informere om prosjektet Liv i Vinje, og vise fram Mjonøy. Dei besøkande var imponerte over

5 HAR DU EI FIN TOMT ELLER TO? Påfonndajen kva me hadde fått til i prosjektet, og Aasne og Lars Ole framførde Vinjesongen for dei - til stor jubel! HEIMESIDA Kari og Luke ynskjer å arbeide vidare med heimesida til Liv i Vinje, og gjerne halde kurs for folk som er interesserte i å kunne legge inn stoff der. PÅFONNDAJEN 2012 Påfonndajen vart grunna snomangel flutt frå Bøgrend til Vinje. Skirenn vart bytt ut med sykkelløp og trillebørrenn. Trillebørrennet vart vunne av eminente Vinjeflatens herreforening. Etterpå var det program inne på Vinjar med premieutdeling til alle deltakarane. Det var sal av suppe laga av Vinje gardsmat og utlodding av fine premiar. GRATIS VED Styret i Liv i Vinje har motteke innspel om at det hadde vore fint å få rydda skog på nedsida av vegen for å få betre utsikt over vatnet og Vinjeflaten når ein kjem køyrande frå Bøgrend mot Vinje. Nokre telefonar er tatt, og no er det opna for at det kan hoggast. Dei som er interesserte i å gjera dette, og skaffe seg gratis ved, kan ta kontakt med Olav Rui på telefon Han veit kvar du kan hogge og viser deg kvar du kan starte. Bustadgruppa Bustadgruppa har det siste året m.a. jobba med å prøve og finne laglege tomter me kan by fram. Me har henta fram att huskrull-konseptet frå 70-talet, hatt nokre alternativ på blokka, og sjekka ut desse med kommunen og ute i felt. Førebels har me landa på to konkrete stader som me no lagar eit prospekt på med litt informasjon og bilete. Desse vil bli lagt ut på heimesida og kan også printast ut og distribuerast. Me tek imot fleire gode forslag Men om det er fleire alternativ så er det berre bra! Så om du som grunneigar kan ha ein stad ein kan få til fine tomter kan me i bustadgruppa og Liv i Vinje vera med på å formidle dette, og kanskje dukkar det opp nokon som finn draumetomta si akkurat der! Sol, utsikt, skogens ro, badeplass eller tursti? Har du ei fin tomt du trur nokon vil trivast på, så gje oss i bustadgruppa beskjed. SEMINARET LIV OG BULYST april arrangerte Vest-Telemark Næringsutvikling AS, Norsk Landbruksrådgiving Østafjells og Liv i Vinje kurs om generasjonsskifte på gardsbruk. Kurset vart halde på Mjonøy og gjekk over to dagar. Arrangørane er godt nøgde med deltakinga. Kurset sette fokus både på dei formelle sidene i samband med generasjonsskifte på gardsbruk, og ikkje minst på dei menneskelege utfordringane og den vanskelege samtala. For at deltakarane skulle få størst mogleg utbytte av kurset, og på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare kurs, vart heile familiane inviterte både kjøpar, seljar og andre involverte familiemedlem. LIV I VINJE OG VEGEN VIDARE Folkemøte med evaluering av prosjektet den 19. september Fyrst litt historikk for å skjerpe minnet, og som førebuing til møtet: Fylgjande lysing stod å lesa på etterjolsvinteren 2009 i VTB: «Bygdemobilisering i Vinje skulekrins. Møte på Vinjar 5. mars kl. 19. Program: Elevar ved Vinje skule. Arne Vinje. Folk frå administrasjonen i Vinje kommune. Musikk ved Sonja, Ingvild og Anders B. Kaffe og kake. Vinje, Smørklepp og Mogane grendelag. Vinje oppvekstsenter.» Rundt 90 personar møtte fram den kvelden. Folk i krinsen var uroa for kva som kom til å skje her når den seiste forretninga i området nettopp hadde blitt nedlagt og skulen meldte om lågare elevtal. Ville framtida bli slik at me som bur her må til Åmot for å finne møtestader? Noko måtte gjerast! Alt same kvelden vart det sett ned dugnadsgrupper: Ei for musikk, kor og dans,

6 «Traktor-og sjauegjengen» og «Litt-av-kvartgjengen». Bustadgruppe vart òg starta. Mådagsmiddagen kom i gang alt 23. mars 2009! Og det vart vald eit styre, - etter lystprinsippet! Grasrotprosjektet fekk namnet Liv i Vinje, og det vart søkt Vinje kommune om midlar. Vinje kommune støtta prosjektet ved å løyve pengar til prosjektleiar (70% stilling) i 3 år, frå til Det vart tilsett prosjektleiar, og etter kvart prosjektmedarbeidarar. Prosjektet fekk fylgjande målsetjing: På stutt sikt: Auke trivsel og livskvalitet for dei som bur i Vinje skulekrins. Leggje til rette for opparbeiding av nye tomter, ny busetnad og rørsle i ein sovande bustadmarknad. Leggje tilrette for nye næringsetableringar i Vinje. På lengre sikt: Auke folketalet og sikre beste skule-og fritidstilbodet for ungane i Vinje. Arbeide for at Vinje skal vera ein attraktiv stad å bu, arbeide og oppleva. Dette var litt om bakgrunnen for prosjektet. Har dei tiltaka som prosjektet har sett i gang for å nå desse målsetjingane lykkast? Kva med til dømes Bøgrend Autofest, songa Heim te Vinje, Paafonndajen, Paafonnprisen, Mådagsmiddajen, Bygdebreva, Bøgrend Automarken? Prosjektperioden er i ferd med å renne ut, og me som bur her må finne ut kva me vil vidare. Styret for LiviVinje ynskjer derfor å høyre med grasrota, altså du og dine som bur her i krinsen, om dette. Bør prosjektet halde fram, og i så fall i kva form? Er nokon av tiltaka i prosjektperioden så bra at dei må halde fram? Korleis taka med gode erfaringar frå prosjektet på vegen vidare frå ? Kom på folkemøtet i september. Meir info om møtet kjem når det nærmar seg. Katzenjammer kjem til Bøgrend! LIV I VINJE - INFORMASJON PÅ BØGREND AUTOFEST Liv i Vinje tenkjer å lage ei plakat med informasjon om prosjektet som kan henge ein stad under festivalen. På same staden kan også tomteprospekta til bustadgruppa henge, samt evt. annan relevant informasjon. Dersom det er nokon som har informasjon dei vil ha med her, t.d. annonser om ledige hus, tomter eller reklame for verksemder dei driv, skal me prøve å få til det. Send i så fall ein førespurnad til silje@livivinje.no (tlf ) BØGREND AUTOFEST august Programmet for dei tre festivaldagane i august er no klart. Til saman står det 16 artistar på scena. Blant desse finn du artistar som Katzenjammer, Odd Nordstoga, Susanne Sundfør, Blåmann Blåmann, Amund Maarud m. fl. I tillegg til konsertar vert det også i år utradisjonell bingo med Bingokongen Ronny Haugeland. Det vert også festivalcamp med hengekøyehotell, ein eigen fotoboks Bøgrend Autofokus, samt leselounge med Vest-Telemark Blad der det vert stilt ut gamle artiklar om Bøgrend Auto, musikklivet i Vinje og andre saker frå bygda. Elles lagar Bodil Nordjore & Øystein Løvlie svært kortreist mat, og Vinje Gardsmat sel drikke og småmat. I tillegg vert det sal av kvalitetskaffe ved kaffekvern.no. Bra førehandsal av billettar Førehandsalet av billettar er betre enn nokon gong tidlegare, og det er under 100 dagspass att kvar dag, og mindre enn 100 festivalpass att totalt. Hugs at du kan skrive ut billettane heime i år. Billettane finn du på billettservice, og her er prisane: Festivalpass: 850,- + billettavgift. Dagspass: 400,- + billettavgift NB: arrangementet har 20-års aldersgrense. På heimesidene finn du fullt program, info om artistane og anna praktisk informasjon du treng om årets festival. Lyst til å vera med å arrangere festival? Me treng frivillige! 1 dag ordensvakt = gratis festivalpass (2 dagar fri!) Er du staut og stødig som vakt? Rigge og rydde festivalområdet? Hente og bringe artistar mellom Auto`n og Mjonøy? Tapetsere Telemark med plakater? Sanitetsvakt? Les meir på Meld i frå til Sigrid Vesaas: e-post: sigrid.vesaas@gmail.com - Tlf: God sommar!

7

8

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

LIV I VINJE EIT GRASROTPROSJEKT

LIV I VINJE EIT GRASROTPROSJEKT LIV I VINJE EIT GRASROTPROSJEKT PROSJEKTFORTELJING I STUTTE TREKK Laga til og opplese på Folkemøtet på Vinjar 19.sept 2012 KVAR VAR ME? 1.febr 2009 blei endå ei bu lagt ned, den seiste me hadde att her

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Prosjektplan - «Liv i Vinje»

Prosjektplan - «Liv i Vinje» Prosjektplan - «Liv i Vinje» Utarbeida av: Vest-Telemark Næringsutvikling as, v/ole Dalen 6. januar 20 Vest-Telemark Næringsutvikling as - Adr.: Granlivegen A, 3850 Kviteseid T +47 35 06 84 00 M +47 4

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2013/2014 Innleiing Årsmøtet for 2012/13 vart avvikla i grendahuset 28.03.13. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf. 35024868 mob. 91579766 bygdesentralen@hjartdalsbygda.no www.hjartdalsbygda.no.

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf. 35024868 mob. 91579766 bygdesentralen@hjartdalsbygda.no www.hjartdalsbygda.no. Bygdeblad Nr 9 09 Bygdesentralen/Frivillighetssentralen Tlf. 35024868 mob. 91579766 bygdesentralen@hjartdalsbygda.no www.hjartdalsbygda.no Innhald: Frivillige Fotpleie Misjonshuset Julegrantenning Bygdesentralen

Detaljer

I fjor hadde me STORMØTI den 10.februar, så me er litt tidlegare ute i år og no heiter det Årsfest med Årsmøti.

I fjor hadde me STORMØTI den 10.februar, så me er litt tidlegare ute i år og no heiter det Årsfest med Årsmøti. ÅRSFORTELJING FOR LIV I VINJE 2010 I fjor hadde me STORMØTI den 10.februar, så me er litt tidlegare ute i år og no heiter det Årsfest med Årsmøti. På Stormøti i fjor kunne me fortelje om oppstartinga av

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin

Detaljer

«Ny Giv» med gjetarhund

«Ny Giv» med gjetarhund «Ny Giv» med gjetarhund Gjetarhundnemda har frå prosjektleiinga i «NY GIV I SAUEHOLDET» som HSG står bak, fått ansvar for prosjektet «KORLEIS STARTA MED GJETARHUND FOR FØRSTE GANG». Prosjektet går ut på

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 28 mai kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit Andre til stades på møte: Sveinung

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015 Kultur og fritid ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB 2014-2015 Velkomne til Valle Ungdomsklubb! Vedlagt finn du årsmelding for Valle ungdomsklubb 2014-2015. Det har vore eit spennande år med mykje aktivitet.

Detaljer

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter. RAPPORT FRÅ STRANDEBARM SKULE TYSDAG 18/10-05 Gruppa vart delt i 3. Det me skulle gjera i dag var: gjera klar grønsaker til marknad, stell i fjøset og steike pannekaker på stormkjøkken. Poteter og gulrøter

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB Kultur og fritid ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB Velkomne inn i Valle ungdomsklubb! 2016 Vedlagt finn du årsmeldinga vår for 2016. Det har vore eit spennande år med mykje aktivitet. Vi

Detaljer

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009 Årsmøtet konstituerte seg med Steinar Røyrvik som møteleiar og Rigmor Øygarden som skrivar. Glenn Arne Vie og Sigurd Hatlenes vart valde til å

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012 Årsrapport 2012 Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen Årsrapport bygdeutvikling 2012 I 2012 har hovedstyret i BU Instedalen hatt 7 styremøter. Styret har sett ned arbeidsgrupper til dei forskjellige prosjekta,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33 Vinje kommune Økonomi, plan og utvikling Arkiv saknr: 2010/2042 Løpenr.: 2053/2012 Arkivkode: L12 Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet 08.02.2012 12/16 Kommunestyret 01.03.2012 12/33 Sakshandsamar:

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage Seljord kommune Adresse: Flatdalsvegen 1139, 3841 Flatdal Telefon: 350 51365 E-post: heddeli.barnehage@seljord.kommune.no Styrar: Kristin Gaarder Opningstid: Måndag

Detaljer

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom 2013-2014 Møtestruktur: Fylkesstyremøte ein gong kvar månad. Ein bør setja dato for neste møte når ein er samla slik at flest mogleg har høve til å notera seg datoen

Detaljer

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon

Detaljer

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvalitetsplan mot mobbing Kvalitetsplan mot mobbing Bryne ungdomsskule Januar 2016 Kvalitetsplan for Bryne ungdomsskule 1 Introduksjon av verksemda Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum i Time kommune. Me har om lag 450 elevar

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE MØTEINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG Møtestad: Rådhuset Møtedato: 10.09.2013 Tid: 16.30 Kl. 1630-1700: Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang Varamedlemmer

Detaljer

Bygdebrev #7 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS DESEMBER 2012. Foto: Anne Vesaas

Bygdebrev #7 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS DESEMBER 2012. Foto: Anne Vesaas Bygdebrev #7 TIL ALLE HUSSTANDANE I VINJE SKULEKRINS DESEMBER 2012 Foto: Anne Vesaas Hei alle saman! Prosjektet Liv i Vinje, som starta for alvor i januar 2010, er no inne i sin siste månad. F.o.m. januar

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din. Skal skal ikkje Har du ein draum om å driva Inn på tunet verksemd? Gjennom dette kapittelet i netthandboka får du tankehjelp og praktisk hjelp i dei første fasane mot etablering; frå draum til forretningsplan.

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE Sogndal kommune Utval: MØTEINNKALLING SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 02.06.2008 Tid: 1200-1400 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 - Varamedlemmar møter etter

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 OS KOMMUNE Personalavdelinga MØTEPROTOKOLL Personalutvalet Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 30.11.2009 Frå: 18.00 til 19.30 Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Tilsette repr Tilsette repr Namn

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368)

Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Les for livet - del 2 (Ref #1318522676368) Søknadssum: 299000 Kategori: Leseløftet Varighet: Treårig Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Osterøy bibliotek / 974774682 senter 5282 http://osteroy.bibliotekivest.no/

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)! Kjære -konfirmant (og føresette)! Ja, for nettopp du har blitt trekt ut til å bruke konfirmant-tida di på dette halvåret! Vi byrjar no på fredag, 23. november, og vil halde på til slutten av mars. Kva

Detaljer

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vår ref. Dykkar ref. Dato: 03/1009-1/N-244//AGNH 23.07.2003 Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004. Vedlagt ligg søknadsskjema for treningstid ved Øystese Idrettshall for hausten 2003

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Lønnsundersøkinga for 2014

Lønnsundersøkinga for 2014 Lønnsundersøkinga for 2014 Sidan 2009 har NFFs forhandlingsseksjon utført ei årleg lønnsundersøking blant medlemane i dei største tariffområda for fysioterapeutar. Resultata av undersøkinga per desember

Detaljer

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for Huset i bygda 2 Kva er Aktivitetskart for huset i bygda? Aktivitetskartet for huset i bygda er eit verktøy for huseigarar av organisasjonseigde kulturbygg

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN Lyngmo - Glytten 23. årgang Januar 2014 Helsing frå Lyngmo Når du mottek Lyngmoglytten denne gangen er det travelt arbeid i gang på kjøkkenet

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur SPØRSMÅL VED FOLKEMØTET 25.02.10 I planprogrammet inngår eit kapittel om medverknad frå innbyggarane. Kommunen valte å arrangera ein temakveld der 5 (hovudtema 1,2,3,6og7) av dei 8 hovudtema i planarbeidet

Detaljer

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Til deg som er student i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som me håper kan være grei for deg når du skal vær

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare? Kst. lovrådgjevar Ole Knut Løstegaard Evalueringskonferansen, Bergen 19. september 2014 Evaluering av offentleglova bakgrunn Prosessen

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

MEDLEMSINFO. august 2009

MEDLEMSINFO. august 2009 MEDLEMSINFO august 2009 No er ferien over! Sidan siste medlemsinfo har vi slett ikkje hatt ferie. Denne sommaren har vore veldig aktiv. Tusen takk til alle dokke som har stått på i sommar!! Det har vore

Detaljer

9.-10. august 2013 NESETDAGANE. www.neset-telemark.no

9.-10. august 2013 NESETDAGANE. www.neset-telemark.no 9.-10. august 2013 NESETDAGANE www.neset-telemark.no PROGRAM 2013 FREDAG 9. AUGUST 14.00 Naturstig opp til Tehytta 17.00 Omvisning på tunet 19.00 Norskamerikaneren - Hillborg Romtveit og Trygve K.Vågen,

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.04.2015 Tid: 10.00 MØTEINNKALLING Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset : 27.04.2015 Tid: 10.00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf.

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Nymannsbråtet barnehage MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN. Månadens tema; «Nysgjerrigper» - luft, brann. Månadens song; «Brannmann Sam». Fagområde; «Natur, miljø og teknikk». Veke Tysdag 01.09 Onsdag

Detaljer

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE Sogndal Studentbarnehage er ein privat barnehage, som vert driven av Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), velferdsorganisasjonen

Detaljer

Plan for overgangar. for barn og unge

Plan for overgangar. for barn og unge Plan for overgangar for barn og unge Os 2011 Frå Kvalitetsplan oppvekst og kultur Mål Alle born og unge skal oppleva gode overgangar der ein sikrar kontinuitet og heilskap i opplæringa og oppfølginga.

Detaljer

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN. PEDAGOGISK UTVIKLINGSARBEID. RAPPORT. SOGNDAL FOLKEHØGSKULE 2003. NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN. Bakgrunn. Sogndal kommune har i de seinare åra teke i mot mange flyktningar

Detaljer

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Austevoll kommune MØTEINNKALLING Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 03.06.2013 Kl. 15.00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg

Detaljer

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal Velkomen til kulturbygda Lærdal Ein tur i Hans Gjesme sine motiv Den lokale kunstnaren Hans Gjesme gav ved sin død i 1994 Lærdal kommune ei kunstgåve på vel 1500 kunstverk som omfattar måleri, grafikk,

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Søknad om vidareføring av prosjektet Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland Prosjektansvarleg: Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland Prosjektleiar: Trond Haga, Kværner

Detaljer