Årets nysgjerrigper 2010

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Årets nysgjerrigper 2010"

Transkript

1 Årets nysgjerrigper 2010 Prosjekttittel: Kva påverkar reaksjonsevna vår? Klasse: 6. og 7. Skole: Lægreid skule (Eidfjord, Hordaland) Antall deltagere (elever): 17 Dato: Side 1

2 Undersøkingane var gjort i løpet av vinter/vår 2010 av elevar i 6. og 7. klasse ved Lægreid skule i Eidfjord. Sjølve gjennomføringa vart gjort med overnatting på skulen og kunne ikkje vore gjennomført utan stor innsats frå foreldre. Dei laga i stand pizza og sto for nattevakta medan forsøket pågjekk. Vi må også takke rektor som belønna søknaden om midlar til innkjøp av snop med 500kr! Med helsing Monica Bjørge (kontaktlærar) og 6. og 7.klasse 2009/2010. Ansvarlig veileder: Monica Bjørge Deltagere: Ragna Helen B., Katrine G., Siriporn G., Ørjan H., Torgeir T., Natalie H., Hanne L., Helena L., Ole Kristian S., Sebastian V., Hildegunn W., Vegard B., Anette B., Therese L., Stine M., Eirik S., Malika F. Side 2

3 Dette lurer jeg på Korleis kom vi på å forske på reaksjonsevna? Hvorfor er det slik Våre hypotesar. Legg en plan Korleis gjorde me forsøket? Kva veit andre om dette? Ut å hente opplysninger Kva resultat fekk me? Dette har jeg funnet ut Kva er våre konklusjonar? Fortell til andre Vil du lese meir? Side 3

4 Dette lurer jeg på Korleis kom vi på å forske på reaksjonsevna? Me i 6. og 7.klasse på Lægreid skule gjorde ein test på reaksjonsevna når når vi hadde om hjernen. Nokre lærare deltok og og dei hadde ganske gode resultat! Faktisk betre enn oss! Då begynte vi å tenkje på kvifor det kunne vere slik. Det synte seg at alle hadde drukke kaffe og alle hadde sove lite. Vi blei nysgjerrige på om vi elevar og ville reagere raskare dersom vi sov lite og drakk kaffe. I tillegg kom vi på at vi har høyrt mykje negativt om sukker så det ville vi og prøve ut. Vi ville finna ut korleis for lite søvn, kaffe og for mykje sukker påverkar reaksjonsevna. Side 4

5 Hvorfor er det slik Våre hypotesar. Om for lite søvn: Me trur at med får dårlegare reaksjonsevne når med søv for lite. Kvifor: me kan bli så trøtte at me ikkje føl godt med på testen. Alle hadde vore så trøtte ein gong at dei nesten ikkje greide noko. Me trur og at me kan bli overtrøtte og "hyper". Kvifor: dette hadde nesten alle opplevd at ein er nesten meir enn vaken. Om kaffe: Me trur at reaksjonsevna blir raskare. Kvirofr: alle dei vaksne hadde drokke kaffi og dei var raskare enn me. Me trur at me kan bli ukonsentrerte og reagere seinare. Kvifor: det er ikkje sikkert kaffi er bra for barn og me kan bli nesten hyper. Om sukker: Me trur at me blir "hyper" og ukonsentrerte og reagerar seinare. Kvifor: dette er noko neste alle hadde opplevd når dei hadde ete mykje snop. Side 5

6 Legg en plan for undersøkelsen Korleis gjorde me forsøket? Me brukte ein reaksjonstest på nettet: Me måtte fyrst finne ut kva som var vår vanlege reaksjonstid sånne at me hadde noko å samanlikne med. Me tok testen med jamne mellomrom for å finna gjennomsnittet. Me brukte Excel og rekna ut. Sjå vedlegg. Så planla me overnatting på skulen sånn at flest mogeleg kunne vere der. Me sende søknad til rektor for me måtte ha pengar til å kjøpa snop! Og det fekk me - 500kr! Me delte oss i grupper sånn at nokon målte sukker, andre kaffi og nokon søvnmangel. Sukkergruppa skulle ete mykje snop og måle reaskjonstida etter ei stund sånn at sukkeret fekk "virke". Kaffigruppa skulle drikke litt omlag ein kopp kaffi og måle reaksjonstida etter ei stund sånn at koffeinen i kaffien fekk virke. Søvnmangelgruppa skulle la ve å sove heile natta og ta testen klokka 6 om morgonen etterpå. Det var viktig at dei som tok testen ikkje skulle bli forstyrra for då kunne det påverke resultata. Testen bli tatt i eit rom ingen andre fekk lov til å bruke. Kva veit andre om dette? Søvnmangel Me leita litt på internett men det var vanskeleg å finna stoff. Det er ikkje mange som har forska på dette. Me fann fram til ei dame frå Høgskulen i Bergen som har skrive ein bra artikkel om søvnmangel. Mangel på søvn kan raskt påverka menneskets reaksjonsevne. Det skal ikkje alltid så mykje til, seier førsteamanuensis Alvhild Alette Bjørkum. Ein tenker kanskje ikkje at så lite som ei natt uten søvn vil gi noko utslag på kroppen, men i situasjonar kor ein må reagere kjapt, for eksempel om ein skal stoppe på rødt lys, kan da bety masse. Ho ringde me til og ho kunne fortelje oss mykje. Det var vanskeleg å notere samstundes så vi avtala å sende spørsmåla våre på mail. Diverre fekk me aldri svar, ho var for opptatt. Sukker Me visste at gotteri inneheld mykje hurtige karbohydratar. Karbohydrat = ulike typar sukker. Desse karbohydratane gjer at blodsukkeret stig snøgt og du kjenner deg frisk og opplagd. Om me et for mykje sukker stig blodsukkeret raskt og du kan få sukkerkick. Men det reagerer både positivt og negativt. Kaffi Me leita etter informasjon om kaffi på Friele sine nettsider og sende dei ein mail med spørsmål. Han vart aldri svart! Me fann likevel ut på heimesidene deiras at kaffi inneheld eit stoff som heiter koffein. Me kan bli avhengig av koffein. Den kjemiske formelen for koffein er C8H10N4O2. (Tala skal vere mindre og stå nedanfor linja) Koffein står på dopinglista for det aukar prestasjonen. Det kan auke Side 6

7 uthaldenheita. Side 7

8 Ut for å hente opplysninger Kva resultat fekk me? Søvnmangel Me målte reaksjonsevna til 10 personar når dei hadde fått for lite søvn. Me fant ut at 6 av 10 personar fekk raskare reaksjonsevne, 3 av 10 fekk saktare reaksjonsevne og 1 av 10 ikkje blei påverka i det heile tatt. Dermed viser forsøket at vi fekk raskare reaksjonsevne av lite søvn og at kanskje hypotesa om at me kan bli hypre stemmer. Vi kan ikkje vere sikre for 2-3 timar etterpå var alle så trøtte at kanskje skulle vi ha målt resultata på eit seinare tidspunkt enn klokka Sukker Me var 6 elevar på gruppa. 1/3 fekk raskare reaksjonsevene, mens dei andre 2/3 fekk ein seinare reaksjon. Dette resultatet seier altså ikkje heilt klart om hypotesa vår med at me blir hypre og ukonsentrerte av for mykje sukker stemmer. Kaffi 75% av gruppa på 4 hadde dårlegare resultat etter å ha drukke kaffi. Kun ein av oss hadde raskare resultat. Me har funne ut at kaffi ikkje betrar reaksjonsvenene våre. Då stemmer kanskje hypotesa om at me blir ukonsentrerte av koffein. Alle resultata er i vedlegga. Side 8

9 Dette har jeg funnet ut Kva er våre konklusjonar? Søvnmangel Resultata våre var litt overraskande for dei fleste trudde reaksjonsevna skulle bli seinare. Alt vi fant ut om dette på nettet sa også det. Det kan sjå ut som om hypotesa om at vi blir hypre kan stemme. Vi fann ikkje ut noko meir i andre kjelder, berre at alle hadde opplevd det sjøl før. Kanskje skulle vi målt 2-3 timare seinare for då var alle veldig trøtte i staden for klokka Sukker Resultata våre stemde med litt med hypotesa om at du kan bli ukonsentrert av for høgt blodsukker. Det er det vi har høyrt før og alle hadde opplevd før. Kaffi Resultata stemde godt med hypotesa om at du kan bli ukonsentrert. Det var liten skilnad mellom snitt og påverknad så vi fekk eigentleg liten endring om me ser på tida. Side 9

10 Fortell til andre Vil du lese meir? Me vil gjerne publisere rapporten vår på kommunen si heimeside og sende han til Eidfjord Nytt. Side 10

11 Vedlegg Vedlegg på Internett Reaksjonsevna til vanleg Søvnmangel resultat Kaffi resultat Sukker resultat Side 11