RETTLEIING FOR UTFYLLING AV SØKNADSSKJEMA Les nøye gjennom rettleiinga, og fyll ut alle punkta i søknadsskjemaet.

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "RETTLEIING FOR UTFYLLING AV SØKNADSSKJEMA Les nøye gjennom rettleiinga, og fyll ut alle punkta i søknadsskjemaet."

Transkript

1 RETTLEIING FOR UTFYLLING AV SØKNADSSKJEMA Les nøye gjennom rettleiinga, og fyll ut alle punkta i søknadsskjemaet. Vi oppmuntrar til å søkje via den elektroniske søknadsportalen vår på Her blir du rettleia gjennom heile søknadsprosessen, og kan laste opp alle vedlegg digitalt. Dersom du treng meir hjelp, kan du ta kontakt på tlf Prosjektnamn Gi prosjektet ditt eit relevant namn. Bruk eit kort, skildrande namn på objektet/anlegget/området. Dette namnet, og prosjektnummeret som Kulturminnefondet gir kvar enkelt søknad, vil følgje prosjektet det blir gitt tilskot til. Døme: Naustet i Naustfjord. 2. Søkjar og eigar Fyll inn namn, adresse og andre personopplysningar for søkjaren. Dersom søkjaren er ei venneforeining, ein organisasjonar eller ei stifting, skal namnet på foreininga leggjast inn som søkjar. Namnet på kontaktpersonen blir lagt inn i eit eige felt. Det må leggjast inn anten fødselsnummer eller organisasjonsnummer. Fyll ut opplysningar om eigaren dersom eigar og søkjar ikkje er same person. I slike tilfelle må det leggjast ved signert fullmakt frå eigaren / alle eigarane. 3. Geografisk plassering Her oppgir du adressa til kulturminnet og kva kommune det tilhøyrer. Gardsnummer/bruksnummer MÅ fyllast ut (gjeld faste kulturminne). Du finn meir informasjon om eigedomar hos Kartverket, på Se Eiendom. Bygningsnummer: Dette er eit nummer som kommunen tildeler til bygningar, og som består av opptil ni tal. Bygningsnummeret blir registrert i GAB-registeret, og du får det ved å kontakte kommunen som kulturminnet ligg i. SEFRAK-nummer: SEFRAK-registeret (SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne) inneheld opplysningar om bygningar som er bygde før år Nummeret, som består av kommunenummeret (fire tal), registreringskretsnummeret (fire tal) og husløpenummeret (tre tal), blir skrive på denne måten: Du får dette nummeret ved å kontakte kommunen som kulturminnet ligg i. Askeladden-ID: Askeladdenregisteret inneheld alle typar automatisk freda kulturminne. Nummeret, som består av opptil fem tal for lokalitet og eitt påfølgjande tal for det enkelte objektet, blir skrive på denne måten: Du får dette nummeret ved å logge deg på askeladden.no eller kontakte Riksantikvaren. ID-nummer for fartøy: Alle fartøy over 15 meter har eigne kjenningssignal / internasjonale kjenningssignal, jf. NIS&NOR. Desse består som regel av fire bokstavar eller eitt tal og tre bokstavar. Fartøy under 15 blir ikkje registrerte i NIS&NOR.

2 Rettleiing for utfylling av søknadsskjema - side 2 4. Søknaden gjeld a. Hovudkategori Du kryssar her av for éin av ni hovudkategoriar. Kulturminnefondet har valt ei forenkla løysing der kulturminna blir delte inn i fleire over- og underkategoriar. Du oppgir her opphavleg type for det omsøkte objektet. Døme: Stabbur kjem inn under kategorien lagerhus. Våningshus eller bustader tilhøyrer kategorien bustadhus. Private bygningar: Bustadhus, dyrehus, lagerhus, småskalerte produksjonshus, fritidshus og hytter, fleirfunksjonshus. Utanomhusanlegg: Park, hage, kyrkjegard, mur, gjerde, varde, demning og molo, dam, kulturlandskap. Fartøy: Fiske- og fangstbåt, fraktebåt, passasjerbåt, lystbåt, spesialbåt. Arkeologi: Skjøtsel og tilrettelegging av arkeologiske kulturminne. Industribygg: Industrilokale, forretning og butikk, kontorbygg, lagerbygning, serveringsstad og overnatting, verkstad og produksjonslokale, kraftstasjon. Offentlege bygg: Kyrkje, kapell, andre gudshus, forsamlingslokale og samfunnshus, kulturhus, skule, rådhus. Samferdselsanlegg: Veg og sti, sporveg og jernbaneanlegg, trapp, bru, kai- og hamneanlegg, vassveg og kanal, flyplass, fyr. Andre konstruksjonar: Nothjell, fiske- og fangstanlegg, forsvarsanlegg, eldstad, pipe. Andre kulturminne Utfyllande skildringar kan leggjast ved som eige vedlegg. Formell status: Kulturminna får ulike statusar avhengig av den formelle statusen. Vi skil her mellom freda, regulert til omsynssone vern (regulert til bevaring) eller ikkje verneverdig. Kontakt kommunen, fylkeskommunen eller Kulturminnefondet viss du vil vite meir. Eigarform: Du vel her rett eigarskap for objektet, anlegget eller området. Det er viktig å avklare eigarforholdet til det omsøkte kulturminnet. 5. Skildring av kulturminnet/kulturmiljøet Gi ei kortfatta skildring av kulturminnet og kulturmiljøet. Dette kan vere opplysningar berre om det omsøkte objektet, heile anlegget eller større kulturmiljø. Dersom det omsøkte objektet er del av eit større kulturmiljø, må dette gå tydeleg fram. Historisk bruk kan skildrast i eit eige vedlegg. Ikkje gå inn på tilstanden her dette er eit eige punkt. 6. Dagens bruk Forklar i korte trekk kva objektet, anlegget eller området blir brukt til i dag. 7. Framtidig bruk Gi ei kortfatta utgreiing om kva det omsøkte objektet, anlegget eller området skal brukast til etter at det omsøkte tiltaket er fullført. Dersom tiltaket er del av eit større prosjekt, bør du ta med både dei kortsiktige og dei langsiktige planane for ny bruk. 8. Skildring av tilstanden per i dag Gi ei kortfatta utgreiing etter beste skjønn om tilstanden per i dag. Legg ved ein detaljert tilstandsrapport, teikningar/oppmålingar og fotodokumentasjon som gir ei omfattande forståing av tilstanden.

3 Rettleiing for utfylling av søknadsskjema - side 3 9. Planlagde tiltak kort skildring Gi ei kort utgreiing om dei planlagde tiltaka det blir søkt om. Dette kan gjerast i stikkordsform. Døme: Tiltaka omfattar reparasjon av veggar og tak. 10. Planlagde tiltak utfyllande skildring Gi ei utfyllande utgreiing om tiltaka det blir søkt om, og forklar prosjektet i detalj. Gjer greie for metoden for istandsetjing, materialbruk og handverksteknikkar. Det er viktig å gå i detalj på tiltaka, så legg gjerne ved ei tiltaksskildring frå handverkar eller annan rådgivar. 11. Framdriftsplan Planlagt start og slutt for prosjekt: Du oppgir her når prosjektet har planlagt oppstart, og når tiltaket det blir søkt om, skal vere ferdigstilt. Ver merksam på at du ikkje får gå i gang med tiltaket før vedtaket om eventuell støtte er fatta. 12. Skildring av framdriftsplan Grei ut om det planlagde arbeidet og tidsperspektivet. Det er viktig å lage ein realistisk framdriftsplan, og tenkje nøye gjennom kva faktorar som kan vere kritiske for gjennomføringa av prosjektet. 13. Tidlegare mottekne tilskot Dersom du allereie har motteke tilskot frå Kulturminnefondet til det same kulturminnet eller kulturmiljøet, oppgir du tilsegnsåret og spesifiserer kor mykje og kva det blei gitt tilskot til. 14. Budsjett 1. Kostnadsoverslag Ta med meirverdiavgifta for alle kostnader og vare-/tenestekjøp. Rund av til nærmaste Dugnad: Eigeninnsats og dugnad blir rekna ut etter ein fast sats på 200, per time. Dersom det er andre enn søkjaren som yter dugnadsinnsats, skal vedkomande førast opp under feltet «dugnad andre». Dugnadsarbeid blir ikkje betalt, men inngår som både kostnad og inntekt i budsjettet. Eigne materialar/maskiner: Rekn ut verdien av eigne materialar og bruk av eigne maskiner. Før opp eigne materialar (t.d. materialar frå eigen skog og materialar som har blitt kjøpte inn tidlegare) som ikkje kan dokumenterast med faktura. Eigne materialar er både kostnad og inntekt i budsjettet. Materialkostnader: Du spesifiserer her planlagde kjøp av alle typar materialar. Direkte lønsutgifter: Her fører du opp lønsutgifter inkludert sosiale kostnader for eigne tilsette og/eller personar som er leigde inn. Kjøp/leige av tenester: Du spesifiserer her planlagde kjøp av alle typar tenester. Kostnadsoverslag eller tilbod frå handverkarar og/eller rådgivarar for dei ulike fagområda skal følgje med som vedlegg. Søkjar/eigar kan sjølv utarbeide kostnadsoverslag for enkle tiltak. Fraktkostnader: Her fører du opp eventuelle fraktkostnader. Bruk av eigen bil kan førast opp etter dei statlege satsane for kilometergodtgjersle. Bruk av eigen traktor, gravemaskin eller båt blir ført i tråd med gjeldande takstar. Diverse kostnader: Her spesifiserer du eventuelle andre kostnader. Totale kostnader: Dette er summen av dei budsjetterte kostnadene.

4 Rettleiing for utfylling av søknadsskjema - side 4 2. Finansieringsplan Dugnad: Her fører du opp same beløp som under kostnader. Eigne materialar/maskiner: Her fører du opp same beløp som under kostnader. Eigenkapital: Her fører du opp eigne middel og/eller lån. Lånetilsegn må stadfestast i eit eige vedlegg. Private tilskot: Her fører du opp budsjetterte eller innvilga tilskot frå private fond, legat, stiftingar og/eller andre private tilskotsytarar, og eventuelle private gåver. Innvilga tilskot skal stadfestast i eit eige vedlegg. Kulturminnefondet set som vilkår at minimum 30 % av dei totale prosjektkostnadene blir finansierte privat. Det vil seie at summen av dugnad, eigne materialar/maskiner, eigenkapital og private tilskot må utgjere 30 % av prosjektkostnadene. Sjå forskrift 11 frå Kulturminnefondet. Offentlege tilskot: Her fører du opp budsjetterte eller innvilga tilskot frå offentlege instansar som t.d. kommune, fylke eller stat. Innvilga tilskot skal stadfestast i eit eige vedlegg. Omsøkjast frå Kulturminnefondet: Her fører du opp beløpet du søkjer om frå Kulturminnefondet. Styret i Kulturminnefondet har vedteke rettleiande tilskotsrammer: Bustader og fritidsbustader får i regelen tilskot på opptil 30 %. I særlege tilfelle kan det bli gitt større tilskot. Totalfinansiering: Dette er summen av dei budsjetterte inntektene; dugnadstimar, eigne materialar, eigne midlar og/eller lån, søknadsbeløpet og eventuelle private og/eller offentlege tilskot. Budsjettet skal vere i balanse, og finansieringa skal dekkje kostnadene i prosjektet. 15. Tilleggsinformasjon Dersom kulturminnet ditt er del av ein fylkesdelplan eller regionplan for kulturminne, ein kommunedelplan for kulturminne, eit landskapsvernområde, ein nasjonalpark, eit naturreservat, ein statleg plan eller verdsarv, vel du den aktuelle kategorien her. 16. Obligatoriske vedlegg Fotodokumentasjon: Kulturminnet og omgjevnadene rundt Kulturminnet sett frå fleire retningar Detaljbilete av tilstand og skadar Historiske bilete av anlegget/objektet Fotodokumentasjon er viktig, men ver nøye med utvalet og relevansen for prosjektet. Kart: Legg ved situasjonskart for eigedomen og kart som viser den geografiske plasseringa. Detaljert tilstandsvurdering: Gi ei skildring av tilstanden til og skadane på kulturminnet per i dag. Gjer greie for årsaka til og konsekvensane av skadane. Detaljert skildring av tiltak: Skildringa av tiltak byggjer på korleis tilstanden er skildra, og gir konkret informasjon om planlagt materialbruk, metodar og handverksteknikkar. Kostnadsoverslag eller tilbod frå utførande handverkar og/eller rådgivarar Utgreiing om korleis ein sikrar naudsynt kompetanse i prosjektet: Det er vesentleg at det kulturminnefaglege innhaldet i prosjektet er sikra gjennom bruk av handverkarar og eventuelt rådgivarar med særskild kompetanse. Søkjaren bør gjere greie for korleis det er planen å løyse dette.

5 Rettleiing for utfylling av søknadsskjema - side 5 7. Andre vedlegg (der det er relevant for søknaden) Stadfesting av lån, garantiar og tilsegnsbrev for privat/offentleg tilskot. Stadfesting av formell status. Dispensasjon/godkjenning av tiltak på freda anlegg, frå antikvarisk styresmakt: Høvesvis frå Riksantikvaren, byantikvaren, fylkeskommunen, Sametinget. Byggjeløyve/dispensasjon frå kommunen dersom tiltaket er søknadspliktig: Undersøk med kommunen på førehand om kva som er søknadspliktig. Utgreiing om andre planlagde tiltak på kulturminnet: Du oppgir her eventuelle tiltak det er planar om å gjennomføre i perioden som tilsegna gjeld for (dei tre neste åra). Fullmakter (dersom det er fleire eigarar og ikkje alle har signert søknaden). 18. Andre tilrådde vedlegg Utsegn om prosjektet, objektet/anlegget/området og den historiske bakgrunnen: Dette kan vere utsegner frå Riksantikvaren, fylkeskommunen, byantikvaren, museum, bygningsvernsenter og historielag. 19. Signaturar Søknaden skal vere underskriven av den prosjektansvarlege og eigaren/eigarane. Søkjaren har det formelle ansvaret for søknaden og ei eventuell tilsegn. Ved å skrive under stadfestar eigaren/eigarane at det er høve til å søkje på det omsøkte objektet og tiltaket, og at eigaren er kjend med innhaldet i søknaden. Meir informasjon Kontakt administrasjonen for Kulturminnefondet på Røros dersom du ønskjer meir informasjon. Adresse: Kulturminnefondet, Bergmannsgata 17, 7374 Røros Telefon: , e-post: post@kulturminnefondet.no, heimeside: Send ein søknad med alle vedlegg per post eller e-post til adressa over.

VEILEDNING FOR UTFYLLING AV ELEKTRONISK SØKNAD Les veiledningen nøye og fyll ut alle punkter.

VEILEDNING FOR UTFYLLING AV ELEKTRONISK SØKNAD Les veiledningen nøye og fyll ut alle punkter. VEILEDNING FOR UTFYLLING AV ELEKTRONISK SØKNAD Les veiledningen nøye og fyll ut alle punkter. Navn og adresse Om prosjektet Gi prosjektet ditt et relevant navn. Bruk et kort beskrivende navn av objektet/anlegget/området.

Detaljer

Veiledning til utfylling Norsk Kulturminnefonds søknadsskjema

Veiledning til utfylling Norsk Kulturminnefonds søknadsskjema Veiledning til utfylling Norsk Kulturminnefonds søknadsskjema 1. Prosjektnavn Legg inn et prosjektnavn. Her utfylles navn på objektet/anlegget/området. Bruk et kort beskrivende navn. F.eks: Naustet i Naustfjoren.

Detaljer

VEILEDNING Utfylling av søknadsskjema

VEILEDNING Utfylling av søknadsskjema VEILEDNING Utfylling av søknadsskjema Les veiledningen nøye og fyll ut alle punkter i søknadsskjemaet. Søknad med alle vedlegg sendes per post til Norsk kulturminnefond, Bergmannsgata 17, 7374 Røros. Søknad

Detaljer

Søknadsskjema. Grimsøy vestre - eksteriør våningshus. Prosjektnummer Mottatt dato. Dato (dd.mm.yyyy) 1. Prosjektnavn. 2. Søker Eier. Org.nr.

Søknadsskjema. Grimsøy vestre - eksteriør våningshus. Prosjektnummer Mottatt dato. Dato (dd.mm.yyyy) 1. Prosjektnavn. 2. Søker Eier. Org.nr. Søknadsskjema For utfylling av skjemaet, se eget veiledningsdokument Fylles ut av Kulturminnefondet Prosjektnummer Mottatt dato 1. Prosjektnavn Grimsøy vestre - eksteriør våningshus Fylles ut av søker

Detaljer

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77) Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap. 1429 post 77) Mål for ordninga og målgruppe Post 77 skal medverke til oppfølging av nasjonale mål og satsingar på kulturminnefeltet ved å legge

Detaljer

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Utdrag frå rundskriv Nr: T:1/15 Tilskot til kulturminnetiltak Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 71) Generell omtale Riksantikvaren er

Detaljer

DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilde kulturlandskapstiltak og

DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilde kulturlandskapstiltak og Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal 2019 Rettleiingsskjema har to delar: DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilde kulturlandskapstiltak

Detaljer

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018 Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018 Rettleiingsskjema har to delar: DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilte kulturlandskapstiltak

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) Side 1 av 5 SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) SØKNADSFRIST: 15. NOVEMBER 2015 Søknad sendast til: Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga

Detaljer

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Detaljer

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE postmottak@skodje.kommune.no Kva for fasadeendringer er unntatt søknadsplikt og kva må du søkje om? Når du skal gjere noko som endrar fasaden

Detaljer

Brukarrettleiing Innsending av tolkekrav

Brukarrettleiing Innsending av tolkekrav 2017 Brukarrettleiing Innsending av tolkekrav Ove Midtbø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 30.03.2017 0 Innhold Informasjon til tolkar...2 Generelt om dekning av tolkeutgifter i fritt rettsråd-saker...2

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord

Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord Stortingsgaten 28 Postboks 8140 Dep N-0033 Oslo Telefon 24 13 10 00 Telefaks 24 13 10 05 postmottak@slf.dep.no Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord

Detaljer

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...

Detaljer

Søknad om tilskot til ordinære nærmiljøanlegg

Søknad om tilskot til ordinære nærmiljøanlegg Søknad om tilskot til ordinære nærmiljøanlegg NAMN PÅ ANLEGGET TYPE ANLEGG SØKJAR Rukjen skule - aktivitetsanlegg Aktivitetsanlegg Stord kommune ADRESSE POSTNUMMER 5410 POSTSTAD Sagvåg KOMMUNENUMMER 1221

Detaljer

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift. FRÆNA KOMMUNE: RETNINGSLINJER FOR PRIORITERING AV SØKNADER OM TILSKOT TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET Fastsett i 2004. Revidert i samråd med faglaga 7/4-2006 og 12/5-2009. 1. Innleiing Forskrift

Detaljer

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt? Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE postmottak@skodje.kommune.no Gjerde: Levegg: Definisjonar: Innhegning med enkle, lette konstruksjonar som skal hindre ferdsel, til dømes flettverksgjerde

Detaljer

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE Mars 2013 1. Formål med og målgruppe for ordninga Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 07.0.206 008/206 Silje Svinsaas Holiløkk Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 03.02.206 Tilskot til freda kulturminne og verdsarven. Forslag

Detaljer

Årsrapport for vaktverksemd

Årsrapport for vaktverksemd Ikkje offentleg, jf. offl. 13.1, jf. fvl. 13.1.2 Årsrapport for vaktverksemd Årleg frist: 31. mars Fyll ut, signér og send rapporten nedanfor til politidistriktet der verksemda har hovudkontor sitt, med

Detaljer

Gunnhild Ryen, rådgiver. Murbyseminar. Søknadsverksted

Gunnhild Ryen, rådgiver. Murbyseminar. Søknadsverksted 27.09.18 Gunnhild Ryen, rådgiver Murbyseminar Søknadsverksted Kulturminnefondet : en statlig tilskuddsordning underlagt Klima og miljødepartementet Mål: minimalisere tapet av verneverdige kulturminner

Detaljer

2 Generelt om tiltaket: Namn på tiltaket:... Kommune:..Fylke: Søknadsskjema A-09 Tilskotsmidlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett

2 Generelt om tiltaket: Namn på tiltaket:... Kommune:..Fylke: Søknadsskjema A-09 Tilskotsmidlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett Søknadsskjema A-09 Tilskotsmidlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett Tilskot til tiltak innan: naturforvalting, vilt-, fiske- og friluftslivsformål 1 Søkjar Namn/Adresse: Postnr.:. Poststed: Org.nummer:...

Detaljer

Søkje om spelemidlar. Spelemiddelkurs Florø, Dale, Skei, Stryn og Lærdal

Søkje om spelemidlar. Spelemiddelkurs Florø, Dale, Skei, Stryn og Lærdal Søkje om spelemidlar Spelemiddelkurs Florø, Dale, Skei, Stryn og Lærdal Hausten 2015 A) Spelemidlar 1. Saksgang 2. Fristar 3. Planforankring 4. Kven kan søkje? 5. Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning

Detaljer

Søknad om løyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1

Søknad om løyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 Flora kommune Postboks 13 6901 Florø : 57 75 60 00 : postmottak@flora.kommune.no Sjå eiga rettleiing for utfylling av søknaden, bl. nr. 702438en Søknad om løyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1

Detaljer

Orientering. Spelemidlar 2016

Orientering. Spelemidlar 2016 Orientering Spelemidlar 2016 Presentasjon Linda Øen Tilsett på kultur og fritid Rådgjevar Kultur og idrett Idrett og friluftsliv Museum Tilskotsordningar ut mot lag og organiosasjonar Den kulturelle skulesekken

Detaljer

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane Tiltak Vurdering Søknadssum/ totalkostnad 1 Loftesnes, hovudhuset Arbeidet med salen er i sluttfasen og fylkesdirektøren vurderer det som viktig at 450

Detaljer

1. Søkjar. 2. Namn, type anlegg og evt. anleggsnr på prosjektet. 3. Underskrift. For kommunen

1. Søkjar. 2. Namn, type anlegg og evt. anleggsnr på prosjektet. 3. Underskrift. For kommunen Sogndal kommune Sogndal Kommune Søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planar Føresegn om idrettsfunksjonell førehåndsgodkjenning er oppgitt nederst på dokumentet Skildring av krav til vedlegga

Detaljer

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2017, 10.04.2018, s. 1 Partifinansiering 2017, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet

Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet S02 - Søknadsskjema for tiltak av avgrensa omfang Søknaden skal sendast elektronisk til post@mfa.no med kopi til den ansvarlege eininga for tilskotsordninga.

Detaljer

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE postmottak@skodje.kommune.no Kva er ein dispensasjon? Ein dispensasjon er eit vedtak som innber at det blir gitt eit unntak frå føresegner

Detaljer

Leikanger kommune Søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planar

Leikanger kommune Søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planar Leikanger kommune Søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av planar Føresegn om idrettsfunksjonell førehåndsgodkjenning er oppgitt nederst på dokumentet. Skildring av krav til vedlegga til søknaden

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet

Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet S01 - Søknadsskjema for prosjekt- og programstøtte Søknaden skal sendast elektronisk til post@mfa.no med kopi til den ansvarlege eininga for tilskotsordninga.

Detaljer

Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO. Vedr. Saknr Dokumentnr

Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO. Vedr. Saknr Dokumentnr Telemark fylkeskommune Postboks 2844 3702 Skien Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO Vedr. Saknr. 15-15956 Dokumentnr. 15-15956-6 På side 3 følger brev fra Telemark

Detaljer

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune Vedteke i kommunestyret 24.4.2014, sak K-14/62 INNHALD: 1 Generelt... 3 2 Aktivitets- og driftsstøtte... 3 3 Prosjektmidlar og investeringsstøtte...

Detaljer

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad

Detaljer

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Vedlegg 1 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga SØKNAD OM VIDAREGÅANDE OPPLÆRING SPESIELT TILRETTELAGT FOR VAKSNE 1. PERSONOPPLYSNINGAR Namn Fødselsnummer, 11 siffer Adresse Tlf. privat Tlf.

Detaljer

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt? Send søknad til: Bremanger kommune Rådhuset Postboks 104 6721 Svelgen Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt? Når du skal setje opp støttemur er det tre ulike kategoriar

Detaljer

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010 Brukarmanual 1 for https://ungdomslag.hypersys.no Levering av årsrapport og medlemslister for 2010 Denne manualen kan lastast ned frå www.ungdomslag.no/lagssorvis. Her finn ein og Brukarmanual 2 Administrasjon

Detaljer

Informasjon og brukarrettleiing

Informasjon og brukarrettleiing Informasjon og brukarrettleiing Om kartløysinga Kartløysinga er tenarbasert. Alle operasjonar blir utførde av ein sentralt plassert tenar (server). Dette inneber at du som brukar berre treng å ha ein pc

Detaljer

FLORA KOMMUNE. Handlingplan for kulturminne Versjon for vedtak i Bystyret

FLORA KOMMUNE. Handlingplan for kulturminne Versjon for vedtak i Bystyret FLORA KOMMUNE Handlingplan for kulturminne 2016-2020 Versjon for vedtak i Bystyret 20.12.16 1 Innhald 1.0 Innleiing... 2 2.0 Definisjonar... 2 3.0 Nasjonale miljømål for kulturminner og kulturmiljø....

Detaljer

Freda bygningar og anlegg. Arlen Bidne rådgjevar

Freda bygningar og anlegg. Arlen Bidne rådgjevar Freda bygningar og anlegg Arlen Bidne rådgjevar Kvifor fredar me bygningar? Kjelde til kunnskap Identitetsskapande Opplevingsressurs Bruksressurs Stortingsmelding nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner

Detaljer

SØKNADSSKJEMA Turskiltprosjektet 2015

SØKNADSSKJEMA Turskiltprosjektet 2015 Turskiltprosjektet det skal merkast i heile landet www.turskiltprosjektet.no SØKNADSSKJEMA Turskiltprosjektet 2015 Tilskot til skilting og merking av turruter Søknaden sendast til Hordaland fylkeskommune

Detaljer

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring

Detaljer

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Innhold Oversikt over lag og organisasjonar... 2 Registrer ditt lag... 3 Dashbordet... 5 Legge til arrangement / hendingar... 6 Treng du hjelp?... 7 Adressa til

Detaljer

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar For å sikre ei einskapleg rapportering i samband med oppmoding om utbetalingar, og ved årsrapportering/sluttrapportering etter ferdig utført (del-)prosjekt,

Detaljer

Kulturminner for alle

Kulturminner for alle Kulturminner for alle Søknadsskjema: 1. Søknaden gjelder: - Gi prosjektet et kort og beskrivende navn. Fyll deretter ut opplysninger om beliggenhet. - Søker skal være den ansvarlige for prosjektet. Her

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk

Partifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk SSB, Partifinansiering rapport for 2016, 27.03.2017, s. 1 Partifinansiering 2016, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald

Detaljer

Skuleåret 2017/2018.

Skuleåret 2017/2018. Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal Nye kommunar i Møre og Romsdal INFO-skriv nr. 2/2017 Innhald 1. Krav til felles kommunestyremøte 2. Unntak frå krav om felles kommunestyremøte 3. Saksbehandling fram til kongeleg resolusjon 4. Nærare om

Detaljer

Søknad om serveringsløyve

Søknad om serveringsløyve Søknad om serveringsløyve (jf. serveringslova av 13. juni 1997 nr. 55) 1. Det blir søkt om slikt løyve Nytt løyve Endring Overdraging (dato): Informasjon om tidlegare eigar 2. Den som søkjer løyve Har

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er» Partar Kjøpar Namn: fødselsnr.: Namn: fødselsnr.: Adresse: Postnr/stad: E-post: Seljar Namn: fødselsnr.: Namn: fødselsnr.: Adresse: Postnr/stad: E-post: Side 1 av 8 Betaling Kjøpesum, kr med bokstavar

Detaljer

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2017/3067-8 Hilde Kjelstrup Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen

Detaljer

Informasjon om søknadsprosessen på spelemidlar

Informasjon om søknadsprosessen på spelemidlar Informasjon om søknadsprosessen på spelemidlar Innhald Kven kan søkje om spelemidlar?... 2 Kor mykje spelemidlar kan vi søkje om?... 2 Kva krav er det til søknaden?... 3 Kor kan vi søkje om spelemidlar,

Detaljer

SØKNADSSKJEMA HØST 2012

SØKNADSSKJEMA HØST 2012 SØKNADSSKJEMA HØST 2012 Prosjektnummer Mottatt dato Fylles ut av Svalbards miljøvernfond Søknadsfrist 15. SEPTEMBER 2012 1. Kort informasjon om søker og prosjektet/tiltaket Prosjektnavn Navn på søker Organisasjon

Detaljer

FLORA KOMMUNE. Handlingplan for kulturminne Versjon for handsaming i Plan- og samfunnsutvalet

FLORA KOMMUNE. Handlingplan for kulturminne Versjon for handsaming i Plan- og samfunnsutvalet FLORA KOMMUNE Handlingplan for kulturminne 2016-2020 Versjon for handsaming i Plan- og samfunnsutvalet 08.03.16 1 Innhald 1.0 Innleiing... 2 2.0 Definisjonar... 2 3.0 Nasjonale miljømål for kulturminner

Detaljer

Søknad om støtte frå kommunen sitt næringsfond

Søknad om støtte frå kommunen sitt næringsfond Hemsedal kommune Søknad om støtte frå kommunen sitt næringsfond Søknadsskjema er ei rettleiing før søknad om støtte frå kommunen sitt næringsfond. Skjema skal nyttast så langt det passar for prosjekt det

Detaljer

Opplysningar om søkjar

Opplysningar om søkjar Skjemainformasjon Skjema Søknadsskjema for museumsprogrammer 2015 (nynorsk) Referanse 1005724 Innsendt 05.05.2015 18:23:47 Opplysningar om søkjar Søkjar Namn på organisasjonen Leiar av institusjonen Postadresse

Detaljer

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Søk regionale miljøtilskot elektronisk Søk regionale miljøtilskot elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne foldaren er det ei skildring av korleis

Detaljer

Tilsegn om tilskot over statsbudsjettet kap. 1360, post 60 for 2017 til sjarkkai og servicekai for fiskefarty i Kobbebukta KVINNHERAD KOMMUNE

Tilsegn om tilskot over statsbudsjettet kap. 1360, post 60 for 2017 til sjarkkai og servicekai for fiskefarty i Kobbebukta KVINNHERAD KOMMUNE Tilsegn om tilskot over statsbudsjettet kap. 1360, post 60 for 2017 til sjarkkai og servicekai for fiskefarty i Kobbebukta KVINNHERAD KOMMUNE Fiskerihamn : Kobbebukta Kommune : Kvinnherad Fylke : Hordaland

Detaljer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.10.2014 60985/2014 Maria Bolstad Dale Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 22.10.2014 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 18.11.2014 Fylkestinget

Detaljer

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Framlegg til offentleg ettersyn Vedteke: Saks nr: 14/1065 Dato: 10.06.2014 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for

Detaljer

Bruk av reiserekning i Agresso

Bruk av reiserekning i Agresso Bruk av reiserekning i Agresso Generell saksgang: 1. Reiserekning på web skal fyllast ut av den tilsette. 2. Når reiseregning er ferdig utfylt, skal den tilsette skrive ut reisebilag og stifte kvitteringar

Detaljer

Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget.

Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget. Søknad om verjegodtgjering Send skjemaet til fylkesmannen i det fylket der personen med verje er folkeregistrert. Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige

Detaljer

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål. TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL PSYKISK HELSEARBEID 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje

Detaljer

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT 1. Føremål Ordninga gjeld tiltak for sikring og istandsetting av verdsarvstaden Bryggen. Målsettinga er

Detaljer

Jordskifteretten Særdomstol for fast eigedom Kjetil Brandsar Jordskiftedommar

Jordskifteretten Særdomstol for fast eigedom Kjetil Brandsar Jordskiftedommar Jordskifteretten Særdomstol for fast eigedom Kjetil Brandsar Jordskiftedommar Jordskifteretten 1 Tema for kvelden - Sakstyper kva kan jordskifteretten løyse jskl 1-4 - Vegsaker kva gjer vi Jordskifteretten

Detaljer

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi 2017-2020 1 INNHALD side 1. Innleiing 3 2. Prosess og lokal forankring 3 3. Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) 3 3.1 Mål med ordninga 3 3.2 Verdiar

Detaljer

Kulturminneplan for verneverdige bygningar og bygningsmiljø i Nordherad - sluttbehandling og godkjenning

Kulturminneplan for verneverdige bygningar og bygningsmiljø i Nordherad - sluttbehandling og godkjenning Vågå kommune Arkivsak: 2013/663-23 Arkiv: C51 Saksbehandlar: Ingunn Moen Helland Utv.saksnr Utval Møtedato 49/18 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning 31.08.2018 19/18 Hovudutval for oppvekst,

Detaljer

Skjøtsel av arkeologiske kulturminne i jordbrukslandskapet

Skjøtsel av arkeologiske kulturminne i jordbrukslandskapet Skjøtsel av arkeologiske kulturminne i jordbrukslandskapet Arkeologiske kulturminne Kulturminne eldre enn reformasjonen 1537 er automatisk freda etter kulturminnelova. Mellom anna: - Gravanlegg - Helleristningar

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak med ansvarsrett PBL 20-1

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak med ansvarsrett PBL 20-1 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak med ansvarsrett PBL 20-1 Kvinnherad kommune Juni 2014 Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no Utfylling av søknad HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Fagdag for næringsmedarbeidarar Fagdag for næringsmedarbeidarar 21/9-17 God sakshandsaming, kommunale næringsfond og regionalforvaltning Dagsorden fagdag 21/9-17 Kl 10:00 Mjuk oppstart med dagsorden og presentasjon Kl 10:10 Sentrale

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming Samnanger kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Samnanger kommune. Rapporten

Detaljer

EO-fondet Ei rettleiing til deg som skal søke

EO-fondet Ei rettleiing til deg som skal søke EO-fondet 2019 Ei rettleiing til deg som skal søke Innhald: Side 3: Side 4: Side 5: Side 6: Side 7: Side 8: Side 9: Side 10: Side 11: Side 12: Kva er EO-fondet? Kven kan søke om midlar? Kva kan man søke

Detaljer

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Vedteke: 18.10.2014 i F-sak 163/14 Saks nr: 14/1065 Dato: 17.10.2014 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for planarbeidet...

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Kulturminne og kulturmiljø

Kulturminne og kulturmiljø Kulturminne og kulturmiljø TEMATISK KOMMUNEDELPLAN Foto: Steinar Bleken Planprogram MÅLSETJINGAR FOR PLANARBEIDET Hovudmål Betre forvaltning og bruk av kulturminna i kommunen. Delmål Auka kunnskap om og

Detaljer

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt I dette heftet får du informasjon om LivOGLyst-programmet og ein gjennomgang av korleis du legg inn søknad om LivOGLyst-prosjekt i søkjarportalen www.regionalforvaltning.no.

Detaljer

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE. HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201204244-14 Arkivnr. 714 Saksh. Nordmark, Per, Slinning, Tore, Ekerhovd, Per Morten Saksgang Møtedato Kultur- og ressursutvalet 05.03.2013

Detaljer

Vår ref. 2013/520-6. Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Vår ref. 2013/520-6. Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no

Detaljer

Kulturminner for alle

Kulturminner for alle Kulturminner for alle Søknadsskjema: (se veiledning for hjelp til utfylling) 1. Søknaden gjelder: - Gi prosjektet et kort og beskrivende navn. Fyll deretter ut opplysninger om beliggenhet. - Søker skal

Detaljer

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er» Om kontrakten Denne kontrakten gjeld for kjøp av bustad og fritidsbustad mellom private, der seljaren ønskjer å selje eigedomen «som han er». Kontrakten er tilpassa avhendingslova som gjelder ved slike

Detaljer

Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal. Fagdag, Statens Kartverk, 5.3.2013

Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal. Fagdag, Statens Kartverk, 5.3.2013 Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal Fagdag, Statens Kartverk, 5.3.2013 Kulturminne kulturmiljø kulturlandskap 1. Kulturminne spor etter menneskeleg virke Endres i topp-/bunntekst 06.03.2013

Detaljer

Dato: Beskriv situasjonen som førte til skadeavverjing med bruk av tvang/makt, og forklar kvifor det var ein naudsituasjon:

Dato: Beskriv situasjonen som førte til skadeavverjing med bruk av tvang/makt, og forklar kvifor det var ein naudsituasjon: 1: Kommune/bydel: Helse- og omsorgstenestelova 9-5 tredje avsnitt bokstav a Melding om skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar 2: Tenestemottakar: 3: Født: 4: Diagnosar: Det må stadfestast at personen

Detaljer

Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet S01 - Søknadsskjema for prosjekt-/programstøtte

Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet S01 - Søknadsskjema for prosjekt-/programstøtte Søknad om tilskot frå Utanriksdepartementet S01 - Søknadsskjema for prosjekt-/programstøtte Utanriksdepartementet Postboks 8114 Dep N-0032 Oslo post@mfa.no Søknaden skal sendast elektronisk til post@mfa.no

Detaljer

STATENS NATUROPPSYN. anne.rudsengen@miljodir.no. Konkurransegrunnlag: «Prosjekt- og arbeidsleiing av stirestaurering i Jostedalsbreen nasjonalpark»

STATENS NATUROPPSYN. anne.rudsengen@miljodir.no. Konkurransegrunnlag: «Prosjekt- og arbeidsleiing av stirestaurering i Jostedalsbreen nasjonalpark» STATENS NATUROPPSYN Konkurransegrunnlag: «Prosjekt- og arbeidsleiing av stirestaurering i Jostedalsbreen nasjonalpark» Tilbodsfrist: 9.mai 2014 Tilbodet vert å sende på e-post til Statens naturoppsyn postmottak@miljodir.no

Detaljer

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015 Søknaden vert sendt til: Kva er ein dispensasjon? Ein dispensasjon er eit vedtak som inneber at det vert gjeve eit unntak frå reglar gjeve i eller i medhald av plan- og bygningslova (pbl). Dispensasjon

Detaljer

Søknad om rettferdsvederlag frå staten for romanifolk/taterar.

Søknad om rettferdsvederlag frå staten for romanifolk/taterar. Søknad om rettferdsvederlag frå staten for romanifolk/taterar. St.prp. nr. 72 (1998 1999) og Innst. S. nr. 4 (1999 2000) St.prp. nr. 65 (2006 2007) og Innst. S. nr. 262 (2006 2007) St.meld. nr. 44 (2003

Detaljer

Finansiering av søknaden

Finansiering av søknaden Hei, Dei føreslegne endringane er i orden for oss. Mvh Bjarte Lofnes Hauge Den 3. jun. 2016 kl. 11.02 skrev Guro Høyvik : Hei igjen, og takk for nye vedlegg. Eg har gått gjennom den

Detaljer

Trinn 3: Søkeropplysninger Trinn 4: Kort sammendrag av tiltak / prosjekt

Trinn 3: Søkeropplysninger Trinn 4: Kort sammendrag av tiltak / prosjekt Veiledning til søknadsskjema i elektronisk søknadssenter Svalbards miljøvernfond samarbeider med Miljødirektoratet for håndtering og prosjektstyring av søknader om tilskudd. For å få åpnet og sendt inn

Detaljer

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige

Detaljer

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT ENDELEG TILSYNSRAPPORT Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehager Krav til sakshandsaming Vaksdal kommune 1. Innleiing Rapporten er utarbeida etter tilsyn med Vaksdal kommune. Rapporten

Detaljer

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag. Fra: [Guro.Hoyvik@sfj.no] Til: Rivedal Yndestad (kryndestad@gmail.com) [kryndestad@gmail.com] Kopi: Sendt: 20.06.2016 13:41:13 Emne: SV: Utbetaling Holmedal ungdomslag Vedlegg: Hei, det er slik at vi må

Detaljer