Planprogram for kommunedelplan for kulturminne

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Planprogram for kommunedelplan for kulturminne"

Transkript

1 Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Vedteke: i F-sak 163/14 Saks nr: 14/1065 Dato:

2 Innhald 1. Innleiing Bakgrunn for planarbeidet Mål for planarbeidet Rammer for planarbeidet Nasjonale føringar Regionale føringar Avgrensing av planarbeidet Medverknad Organisering Framdriftsplan... 7 Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Redigert etter vedtak i F-sak

3 1. Innleiing Kommunedelplan for kulturminne er ein tematisk plan som skal bidra til å auke kunnskapen og engasjementet rundt kulturminne. Bakgrunn for og mål med planarbeidet er omtala i kapittel 2 og 3. Det er lagt opp til aktivitetar under planarbeidet som skal bidra til auka interesse rundt kulturminne. Medverknad er omtala i kapittel 5. Planen skal omfatte alle kulturminne i Eid kommune, men sidan dette er første gang den vert utarbeidd vil den likevel vere avgrensa, sjå kapittel 4.3. for nærare avgrensing av planarbeidet. Planen skal ha ein eigen handlingsdel som syner korleis arbeidet med kulturminne skal følgjast opp dei komande åra. Handlingsdelen skal reviderast årleg. Handlingsdelen kan innehalde tiltak som til dømes er retta mot formidling, registrering og forvaltning. Dei tiltaka som krev økonomisk oppfølging frå kommunen må inn i økonomiplanen for å bli gjennomført. Handlingsdelen vert kopla mot kommunen sin økonomiplan gjennom handlingsprogrammet som vert revidert årleg av kommunestyret. 2. Bakgrunn for planarbeidet Utarbeiding av ein ny kommunedelplan for kulturminne i Eid kommune, er forankra i kommunen sin planstrategi for Arbeidet med kulturminne er følgt opp i kommuneplanen sin samfunnsdel, i form av tre strategiar under kommunen si rolle som forvaltar av felles verdiar: Ta vare på det kulturhistoriske særpreget i Eidsgata og Tverrgata Verne om naturressursar, kulturminne og særpreg i naturen Verne om særpreget på setrane. Denne kommunedelplanen skal bidra til meir systematisk registrering, forvaltning og formidling av kulturminne. Eid kommune har fått tildelt noko midlar frå Riksantikvaren og Sogn og Fjordane fykeskommune for å gjennomføre både kulturminneregistrering og utarbeide ein kommunedelplan for kulturminne. Kulturminneregistreringa er i første omgang avgrensa til å omfatte Eidsgata og Tverrgata i kopling mot aktiviteten på eksersisplassen. Kulturminne er spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, medrekna lokalitetar der det knyt seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Kulturminne er ein av fleire viktige identitetsberarar for eit lokalsamfunn, og bevaring av kulturminne har difor stor eigenverdi. Det er historia knytt til det levde liv som gjer desse spennande. Eit kulturminne kan til dømes vere gardstun, setrer, bygningar, steingardar og mykje meir. Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Redigert etter vedtak i F-sak

4 Kulturarv kan seiast å vere heile den historiske plattforma som samfunnet står på. Dette skapar grunnlag for identitet og rotfeste, samstundes som det skapar forståing av at eigne tradisjonar representerar noko verdifullt. Materielle kulturminne er faste og lause kulturminne, som til dømes bygningar, gravminne og båtar. I følgje kulturminnelova 4 er det viktigaste kriteriet for freding av materielle kulturminne alderskriteriet, med dette meinast det at kulturminnet skal vere frå tida før Immaterielle kulturminne kan til dømes vere tru, tradisjon og handverk. Altså kulturminne som lever vidare som kulturytringar i skriftleg form, som eventyr, historie, song og dans. Immaterielle kulturminne frå før år 1538 er automatisk freda. Kulturmiljø er ein konsentrasjon av fleire kulturminne samla på ein stad. Eidsgata og Tverrgata er døme på eit kulturmiljø i Eid kommune. Det er kulturminnelova som er førande for kva som vert definert som kulturminne i den offentlege forvaltninga. For den enkelte kan alt som minner om folks levde liv og virke, både i nær og fjern fortid, vere eit kulturminne. Sjølv om noko er klassifisert som kulturminne får det ikkje automatisk ein vernestatus. Vern og bevaring av kulturminne vert regulert gjennom kulturminnelova og plan- og bygningslova. Gjennom plan- og bygningslova har kommunen høve til å gi føringar for korleis kulturminne skal forvaltast. Kva inneber utarbeiding av denne planen? For samfunnet vil planen vere nyttig i form av å skaffe ei oversikt over det vi har. Dette skal betre grunnlaget for å formidle desse verdiane og utvikle næring basert på denne kulturarven. Både barnehagar, skular, lokale lag og næringsliv kan dra nytte av dette. Meir kunnskap om kulturminna våre kan vere grunnlag for undervisning, bruk av teknologi i formidling, utvikling av bøker og som grunnlag for utvikling av nye aktivitetar. For den enkelte eigar av eit kulturminne, skal denne planen gi ei oversikt over kva bevaringsordningar som finst og kor ein kan få tilgang på midlar, stønadsordningar, for å ta vare på kulturminna. Dersom kulturminnet har høg verdi, ynskjer ikkje kommunen at det skal fjernast. For Eid kommune skal planen vere eit nyttig verktøy for å vurdere verdien av ulike kulturminne i samband med til dømes planarbeid og byggesakshandsaming, slik at viktige kulturminne kan ivaretakast. Kommunen har høve til å legge inn bygningsvern etter plan- og bygningslova. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Riksantikvaren vil ha nytte av arbeidet som vert gjort med lokale kulturminneplanar, då dette vil danne grunnlag for vern av kulturminne med nasjonal og regional verdi etter kulturminnelova. Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Redigert etter vedtak i F-sak

5 3. Mål for planarbeidet Dette er første gong det vert utarbeidd ein eige kommunedelplan for kulturminne i Eid kommune, planarbeidet er difor avgrensa. Det som ikkje kjem med i dette arbeidet, vil vere tema for utviding av innhaldet i kommunedelplanen ved neste revisjon. Planprogrammet skal legge rammene for og synleggjere avgrensinga av dette planarbeidet. Vi ynskjer at arbeidet med kommunedelplan for kulturminne og tiltaka i etterkant, skal gi følgjande effekt: Auka kunnskap om kulturarven som grunnlag for lokal identitet, aktivitet og verdiskaping Når kommunedelplan for kulturminne er ferdig utarbeidd skal vi ha nådd følgjande mål: Oversikt over kulturminne Klare kriterium for vurdering av kulturminneverdi Oversikt over prioriterte kulturminne med bakgrunn i verdi Oversikt over stønadsordningar Prioritert oversikt over tiltak for vidare oppfølging innan kulturminnefeltet Gjennomført aktivitet som kan skape interesse og auke engasjementet rundt kulturminne 4. Rammer for planarbeidet Kommunedelplan for kulturminne vert utarbeidd i tråd med dei føringane som følgjer av plan- og bygningslova. Dette inneber mellom anna medverknad, offentleg ettersyn i minst seks veker, eigen handlingsdel og vedtak av plan i kommunestyret. 4.1 Nasjonale føringar Miljøverndepartementet publiserte i 2011 «Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging». Sentrale forventningar knytt til kommunal planlegging og kulturminne er:..planleggingen bygger på oppdatert og tilgjengelig kunnskap om kulturminneverdier. Nødvendig kartlegging og vurdering av disse verdiene inngår i planlegginga. Kommunene registrerer og verdisetter kulturminner og kulturmiljø som har lokal verdi og innarbeider disse i planer etter plan- og bygningsloven.... Nasjonale mål for kulturminneforvaltninga er å finne i St. melding nr. 16 ( ): Leve med kulturminner, med justeringar i Prop. 1S ( ): Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Redigert etter vedtak i F-sak

6 Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø skal ikkje overstige 0,5 prosent innan år For automatisk freda arkeologiske kulturminne skal det årlege tapet ikkje overstige 0,5 prosent innan Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan Eit representativt utval automatisk freda arkeologiske kulturminne skal vere sikra innan I St. melding nr. 35 ( ): Framtid med fotfeste, er det gjort greie for korleis ein skal nå desse måla innan Regionale føringar Sogn og Fjordane fylkeskommune satsar på lokale kulturminneplanar gjennom eit eige prosjekt. Her samarbeider fylket med Riksantikvaren for å nå dei nasjonale målsettingane. I denne satsinga ynskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune å bidra med kompetanse, ressursar og økonomisk tilskot til planarbeid. Målet med denne satsinga er å styrkje kommunane i deira operative rolle på kulturminnefeltet. 4.3 Avgrensing av planarbeidet Kommunedelplanen for kulturminne omfattar heile Eid kommune innanfor temaet kulturminne. Planen vil bli utarbeidd på grunnlag av registrerte kulturminne i Eid kommune. Sjå under for oversikt over kjelder som vil bli nytta: SEFRAK (Sekretariatet for registreringer av faste kulturminne) er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne, basert på registreringar som vart gjennomført frå 1975 til I denne registreringa vart alle bygningar frå før 1900, kartfesta, oppmålt og fotografert. I Eid kommune er det over 2000 bygningar registrert, dette dannar eit viktig kunnskapsgrunnlag for denne planen. Riksantikvaren sin database; Askeladden. Her vil vi mellom anna få oversikt over alle kulturminne som er automatisk freda eller vedtaksfreda gjennom kulturminnelova. Vi oppmodar alle om å registrere sine kulturminne i databasen Kulturminnesøk. Dette er ein open database, som vil bli nytta som kunnskapsbank. Bruk gjerne Riksantikvaren sin rettleiar: Håndbok for lokal registrering. Tidlegare kulturhistoriske registreringar i Eid kommune. Riksantikvaren sitt register for byar og tettstader i Noreg som har nasjonal interesse (NB-registeret). Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Redigert etter vedtak i F-sak

7 Lokalhistoriske skrifter, fylkesleksikonet og kulturlandskapsrapportar. Følgjande tema vil bli ekstra vektlagt i denne omgang: Generell omtale av kjende kulturminne i Eid kommune Eidsgata og Tverrgata opp mot eksersisplassen Generelle vurderingskriterium for verdien av kulturminne Prioritering av tiltak for å ta vare på kulturminna Planen skal ende med ein handlingsdel som gjer greie for kva tiltak kommunen ynskjer å støtte opp om og vere ein del av, for å ta vare på kulturminne i framtida. Handlingsdelen kan innehalde tiltak i form av nye registreringar, føringar for forvaltning og til dømes tiltak som skal gjere det enklare for eigar å ta vare på kulturminne og som gjer det lettare for ulike aktørar å formidle kulturarven. 5. Medverknad I arbeidet med kommunedelplan for kulturminne skal aktivitetar som kan skape interesse og engasjement for kulturminne vektleggast. Det er utarbeidd ei brosjyre med informasjon om heile kulturarvprosjektet, som og inkluderer registreringar av kulturminne i førekant av planarbeidet. Kulturminnesøk er ein database der alle som ynskjer kan registrere sine eigne kulturminne, og dermed legge grunnlaget for planarbeidet. Registrering av kulturminne kan ein gjere saman med andre som ein sosial aktivitet. Det er viktig å ta kontakt med eigar av kulturminne som eit ledd i denne prosessen. Det vil bli gjennomført arbeidsverkstad med felles registrering i kulturminnesøk og utveksling av erfaringar undervegs i planprosessen. Framdrifta i planarbeidet kan følgjast gjennom oppdateringar på Eid kommune sine heimesider og facebooksider. Følg og med i Fjordabladet. 6. Organisering Det er kommunestyret som har mynde til å vedta planen etter plan- og bygningslova, jf Formannskapet har delegert mynde til å ta avgjerder fram til endeleg vedtak av plan. Plan- og utviklingsavdelinga har ansvar for å utarbeide kommunedelplan for kulturminne. Prosjektansvarleg har overordna ansvar for økonomi, framdrift og for vidare rapportering. Prosjektleiar har ansvar for den daglege framdrifta. Prosjektgruppa har ansvar for å delta i utforming av prosessen og planen. Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Redigert etter vedtak i F-sak

8 Sogn og Fjordane fylkeskommune vil bidra med kompetanse, ressursar og økonomiske tilskot til planarbeid. Riksantikvaren vil bidra med støtte til registrering av lokale kulturminne. Under er ei skisse over prosjektorganiseringa og kven som deltek. Prosjektansvarleg: Gerd Fløde Bjørlo Prosjektleiar: Cecilie Marie Åshamar Prosjektgruppa: Kristina Kostopoulos Siv Langøen Rotevatn Gyri Tollås Kjell Nøstdal Trygve Espe Bjørn Kåre Moen Viktige samarbeidspartnarar: Bygdelag Lag/organisasjonar Andre interesserte Fylkeskommunen Riksantikvaren 7. Framdriftsplan Framdriftsplanen gir ei grov oversikt over dei ulike fasane i planprosessen og når dei skal gjennomførast. Fasar i planarbeidet Fristar/framdrift Vedtak om offentleg ettersyn av framlegg til planprogram ved Juni 2014 formannskapet Offentleg ettersyn av framlegg til planprogram Juni August 2014 Vedtak av planprogram ved formannskapet August 2014 Utarbeiding av framlegg til kommunedelplan for kulturminne, September Desember 2014 inkludert medverknad Vedtak om offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for Januar 2015 kulturminne ved formannskapet Offentleg ettersyn av framlegg til kommunedelplan for kulturminne Januar Mars 2015 Vedtak av kommunedelplan for kulturminne ved kommunestyret April 2015 Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Redigert etter vedtak i F-sak

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn

Planprogram for kommunedelplan for kulturminne Framlegg til offentleg ettersyn Planprogram for kommunedelplan for kulturminne 2015-2027 Framlegg til offentleg ettersyn Vedteke: Saks nr: 14/1065 Dato: 10.06.2014 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål for

Detaljer

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND 2016-2028 Vedteke: Saks nr: Dato: 04.06.2015 Innhold 1 Innleiing... 2 2 Bakgrunn for planarbeidet... 2 2.1 Krav til planlegging av tenesteområdet... 2 3 Mål

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG PLANPROGRAM Dette bildet av ein del av Sjøholt sentrum er teke i slutten av 1860-åra INNHALDSLISTE 1. INNLEIING... 3 2. BAKGRUNN FOR KULTURMINNEPLANEN... 4 3. FØRINGAR,

Detaljer

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER Rådmannen PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER 2018-2028 HØRINGSUTKAST Postadresse: Nesgata 11, 4480 Kvinesdal Besøksadresse: Nesgata 11, 4480 Kvinesdal Telefon: 38357700 Telefaks: post@kvinesdal.kommune.no

Detaljer

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 140 Objekt: Kommunedelplan for kulturminne vedtak av planprogram

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 140 Objekt: Kommunedelplan for kulturminne vedtak av planprogram EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Samfunnsutviklingsutvalet 11.09.2014 033/14 KDA Formannskapet 18.09.2014 163/14 KDA Kommunestyret 25.09.2014 CMÅ Avgjerd

Detaljer

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan

Bykle kommune -Bykle ser langt. Planprogram for kulturminneplan Bykle kommune -Bykle ser langt Planprogram for kulturminneplan 2016-2026 Høyringsutkast med frist for innspel 20.11.2015 1 Innhald: 1. Innleiing 2. Bakgrunn for kulturminneplanen 3. Føringar, rammer og

Detaljer

Sellevåg treskofabrikk. Foto: Ove Losnegård

Sellevåg treskofabrikk. Foto: Ove Losnegård Sellevåg treskofabrikk Foto: Ove Losnegård Framlegg til offentleg ettersyn Gulen kommune 23.05.2014 Innhold 1. Bakgrunn og mål... 3 1.1. Bakgrunn... 3 1.2. Mål... 4 2. Problemstillingar... 5 3. Mandatet...

Detaljer

Høyringsutkast: Kommunedelplan for kulturminne Forslag til planprogram

Høyringsutkast: Kommunedelplan for kulturminne Forslag til planprogram Høyringsutkast: Kommunedelplan for kulturminne Forslag til planprogram Foto: Kåre Eik Frist for innspel til planen og merknader til planprogrammet 15. januar 2016 Kultur og Fritid Innhold 1 Innleiing...

Detaljer

Masfjorden kommune FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN FOR MASFJORDEN KOMMUNE OKTOBER 2017

Masfjorden kommune FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN FOR MASFJORDEN KOMMUNE OKTOBER 2017 Masfjorden kommune FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN FOR MASFJORDEN KOMMUNE OKTOBER 2017 Innhald 1. Kvifor kulturminneplan?... 3 2. Bakgrunn for planarbeidet... 3 3. Mål med kulturminneplanen...

Detaljer

Granvin herad. Planprogram for kommunedelplan kulturminne i Granvin herad

Granvin herad. Planprogram for kommunedelplan kulturminne i Granvin herad Granvin herad Planprogram for kommunedelplan kulturminne i Granvin herad 2016 2026 1. INNLEIING Kulturminne og kulturmiljø er i dag rekna som fellesverdiar i samfunnet. Dei er kjelde til kunnskap, oppleving

Detaljer

Planprogram. Interkommunal kommunedelplan for kulturminner Bø og Sauherad kommunar

Planprogram. Interkommunal kommunedelplan for kulturminner Bø og Sauherad kommunar 1 Innhald 1. Innleiing... 3 1.1 Lovgrunnlaget... 4 1.2 Plangrunnlag... 4 2 Vern gjennom forsvarleg bruk... 5 2 Kulturminner i Bø og Sauherad... 6 4 Utvikling og endring Bø og Sauherad si historie... 6

Detaljer

Planprogram - kulturminneplan FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN ØYGARDEN KOMMUNE

Planprogram - kulturminneplan FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN ØYGARDEN KOMMUNE FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN 2016 2022 ØYGARDEN KOMMUNE 1 Innhaldsforteikning 1. KVIFOR KULTURMINNEPLAN?... 3 2. BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET 3 3. MÅL MED KULTURMINNEPLANEN.. 3 4. RAMMER OG FØRESETNADER

Detaljer

Vågsøy kommune Saks nr:11/1727

Vågsøy kommune Saks nr:11/1727 Vågsøy kommune 08.05.2014 Saks nr:11/1727 Innhald 1. BAKGRUNN OG MÅL...3 1.1 BAKGRUNN...3 1.2 MÅL...4 1.3 PROBLEMSTILLINGAR...4 1.4 MANDATET...5 1.5 VERKTY OG HJELPEMIDDEL...5 2. ORGANISERING...6 2.1 ORGANISASJONSPLAN...6

Detaljer

Planprogram for Kulturminneplan i Skodje kommune

Planprogram for Kulturminneplan i Skodje kommune Planprogram for Kulturminneplan i Skodje kommune «Kulturarven er vegviseren på vegen mot en ukjent framtid og referansepunktet til fortiden. Uten slike rettesnorer blir samfunnet svekket og smuldrer opp.»

Detaljer

EID KOMMUNE Samfunnsutviklingsutvalet HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Samfunnsutviklingsutvalet HOVUDUTSKRIFT EID KOMMUNE Samfunnsutviklingsutvalet HOVUDUTSKRIFT Møtedato: 11.09.2014 Møtetid: Kl. 16:00 17:15 Møtestad: Kommunestyresalen Saksnr.: 024/14-034/14 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl.

Detaljer

Kulturminneplan for Gjemnes kommune

Kulturminneplan for Gjemnes kommune Kulturminneplan for Gjemnes kommune Planprogram for kommunedelplan 1 Innleiing Kulturminne og kulturmiljø er spor vi menneske har sett etter oss, og kulturlandskap er alt landskap som er påverka av menneske.

Detaljer

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet Kommuneplanen sin samfunnsdel i Aukra, melding om start av planarbeid Aukra formannskap har i møte den 3. april 2017 vedtatt å melde start av planarbeid, kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2015, i samsvar

Detaljer

Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING SAKLISTE

Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING SAKLISTE Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG KULTUR Møtestad: Selbjørn skule, møterom administrasjonsavdelinga Møtedato: 11.02.2014 Kl. 16:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf.

Detaljer

Planprogram Kulturminneplan

Planprogram Kulturminneplan Planprogram Kulturminneplan Revidering av kommunedelplan for kulturminne 2015-2018 Skjåk kommune 1. Bakgrunn og føremål 1.1. Generelt om bakgrunn for planarbeidet 3 1.2. Føremålet med planprogrammet 3

Detaljer

Norddal kommune Planprogram for Kulturminneplan

Norddal kommune Planprogram for Kulturminneplan Norddal kommune Planprogram for Kulturminneplan Notanaustet i Norddal 1. Prosjektskildring 1.1 Tittel Kulturminneplan 1.2 Plantype Kulturminneplanen skal ha status som temaplan, og omfatte kulturminne

Detaljer

Kulturminneplan for Radøy kommune

Kulturminneplan for Radøy kommune Framlegg til planprogram Kulturminneplan for Radøy kommune Oktober 2014 Innhold 1. Kvifor kulturminneplan?... 2 2. Bakgrunn for planarbeidet... 2 3. Mål med kulturminneplanen... 3 4. Rammer og føresetnader

Detaljer

Kulturminneplan - Framlegg til planprogram

Kulturminneplan - Framlegg til planprogram Kulturminneplan - Framlegg til planprogram Bakgrunn Både Riksantikvaren og Hordaland fylkeskommune oppmodar kommunane til å utarbeide kulturminneplanar, og har også lyst ut tilskot til utarbeiding av planar

Detaljer

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve Kommunedelplan for fysisk aktivitet 2018-2029 Planprogram - Høyringsutgåve INNLEIING Bakgrunn for revisjon av planen Klepp kommune skal i tråd med planstrategien 2016-2019 revidera kommunedelplanen for

Detaljer

EID KOMMUNE. Prosjektplan for utarbeiding av sentrumsanalysen. Sentrumsanalysen inngår som ein del av kommuneplanrevisjonen Eid kommunestyre.

EID KOMMUNE. Prosjektplan for utarbeiding av sentrumsanalysen. Sentrumsanalysen inngår som ein del av kommuneplanrevisjonen Eid kommunestyre. EID KOMMUNE Prosjektplan for utarbeiding av sentrumsanalysen Sentrumsanalysen inngår som ein del av kommuneplanrevisjonen 2013 Prosjektnamn Sentrumsanalyse for Nordfjordeid 2013. Foto: Rita Kristin Prosjekteigar

Detaljer

Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal. Fagdag, Statens Kartverk, 5.3.2013

Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal. Fagdag, Statens Kartverk, 5.3.2013 Kulturarv på kartet Registreringer i Møre og Romsdal Fagdag, Statens Kartverk, 5.3.2013 Kulturminne kulturmiljø kulturlandskap 1. Kulturminne spor etter menneskeleg virke Endres i topp-/bunntekst 06.03.2013

Detaljer

Planprogram Kulturminneplan for Tingvoll kommune

Planprogram Kulturminneplan for Tingvoll kommune Planprogram Kulturminneplan for Tingvoll kommune 1 Innledning Kulturminne og kulturmiljø er spor vi menneske har satt etter oss, og kulturlandskap er alt landskap som er påvirket av mennesker. Gamle hus,

Detaljer

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel Til kommunestyret Innleiing I Volda kommune sin planstrategi (vedteken 29.11.2012) vart det vedteke at fullstendig revisjon av kommuneplanen skulle ha høg prioritet

Detaljer

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Kommunestyret Eldrerådet 08.12.2014 014/14 Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 08.12.2014 013/14 Formannskapet 11.12.2014 108/14 Sakshandsamar

Detaljer

Kommunedelplan for kulturminne

Kommunedelplan for kulturminne BØMLO KOMMUNE Kommunedelplan for kulturminne Forslag til planprogram Det gamle handelshuset i Bømlahamn foto frå billedarkivet Prosjektskildring Tittel Kommunedelplan for kulturminne (kulturminneplan)

Detaljer

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM Lærdal kommune PLANPROGRAM Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet 2015-2019 Innhald Innhald... 1 1 Innleiing... 2 2 Overordna føringar og rammer for planarbeidet... 3 2.1 Nasjonale føringar... 3

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015 KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST 2016-2019 FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og avgrensing av innhald 6. Planprosess

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan 2017-2027 FORSLAG TIL PLANPROGRAM 1. Planprogram Dette planprogrammet skal vere eit verktøy for å sikre tidleg medverknad og avklaring av viktige omsyn som må takast

Detaljer

Skodje kommune Teknisk avdeling

Skodje kommune Teknisk avdeling Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 63/15 Arkivsak nr: 14/445 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 105/15 Formannskapet 01.09.2015 63/15 Kommunestyret 22.09.2015 FORSLAG TIL KOMMUNEPLAN

Detaljer

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø 2013-2023 Framlegg til planprogram 09.11.15 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og

Detaljer

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM 2010-2014. Datert 19.08.09. 1 INNHALD. 1 PLANPROGRAM FOR RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG

Detaljer

Møtebok. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet /15 CMÅ Kommunestyret /15 CMÅ.

Møtebok. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet /15 CMÅ Kommunestyret /15 CMÅ. EID KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Saksansv. Formannskapet 03.09.2015 147/15 CMÅ Kommunestyret 10.09.2015 096/15 CMÅ Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandler: Cecilie

Detaljer

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil» Planprogram Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet «Saman er vi sterke og får til det vi vil» Balestrand 10.06.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Føremål og bakgrunn med planarbeidet. 4 2.1. Føremål

Detaljer

Framlegg til planprogram

Framlegg til planprogram Kommunedelplan for oppvekst 2015-2026 Framlegg til planprogram Vedteke: Saks nr: 14/734 Dato: Innhald Bakgrunn for planarbeidet Innhald... 1 1. Bakgrunn for planarbeidet... 2 2. Føremål... 2 3. Føringar

Detaljer

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar Tokke kommune Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg 2017 2030 Framlegg 15. mai 2017 Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4.

Detaljer

Planprogram Kommunedelplan for kulturminner, kulturmiljø og kulturlandskap.

Planprogram Kommunedelplan for kulturminner, kulturmiljø og kulturlandskap. Planprogram Kommunedelplan for kulturminner, kulturmiljø og kulturlandskap. Kulturminner, kulturmiljøer og kulturlandskap skal gjennom bevaring og synliggjøring gi respekt for fortiden, bygge identitet

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016 KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG 2017-2027 FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016 Innhald 1. Bakgrunn for planarbeidet 2. Føremål 3. Føringar for planarbeidet 4. Mål 5. Tema og avgrensing

Detaljer

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak Eid kommune Arkiv: FE - 140 JournalpostID: 17/824 Saksbehandlar: Anne-Grete Eikås Vedtaksdato: 20.01.2017 Saksframlegg Saksnr. Utval Møtedato 006/17 Eid ungdomsråd 28.02.2017 006/17 Råd for menneske med

Detaljer

HØRINGSUTKAST: Kommunedelplan for KULTURMINNE - Forslag til planprogram

HØRINGSUTKAST: Kommunedelplan for KULTURMINNE - Forslag til planprogram HØRINGSUTKAST: Kommunedelplan for KULTURMINNE - Forslag til planprogram Turid Leirvoll Øverås Nesset kommune 23.08.2013 1 Innhald: side Kommunedelplan for kulturminne, planprogram 3 Om kommunedelplan,

Detaljer

PLANPROGRAM FOR KULTURMINNEPLAN (kommunedelplan)

PLANPROGRAM FOR KULTURMINNEPLAN (kommunedelplan) PLANPROGRAM FOR KULTURMINNEPLAN 2016 2026 (kommunedelplan) Høyringsutkast Høyringsfrist 10. april 2015 INNHALDSLISTE 1. Innleiing... 3 2. Bakgrunn for kulturminneplanen 4 3. Føringar, rammer, overordna

Detaljer

FLORA KOMMUNE. Handlingplan for kulturminne Versjon for vedtak i Bystyret

FLORA KOMMUNE. Handlingplan for kulturminne Versjon for vedtak i Bystyret FLORA KOMMUNE Handlingplan for kulturminne 2016-2020 Versjon for vedtak i Bystyret 20.12.16 1 Innhald 1.0 Innleiing... 2 2.0 Definisjonar... 2 3.0 Nasjonale miljømål for kulturminner og kulturmiljø....

Detaljer

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR Saksnummer Utval Vedtaksdato 038/17 Utval for drift, utvikling og kultur 04.09.2017 070/17 Formannskapet 05.09.2017 Saksbehandlar: Møllerhaug, Eva E. Sak - journalpost: 11/686-2017010059

Detaljer

Planprogram

Planprogram Planprogram 15.02.2017 Kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer i Trysil kommune 2018-2033 Bakgrunn og innledning Kulturminner, kulturmiljøer og kulturlandskap er viktige fellesgoder i lokalsamfunnet.

Detaljer

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur Revidering av kommunedelplan for oppvekst 2013-2025 - Struktur INNHOLD 1. BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.1 BAKGRUNN... 3 1.2 MÅL... 3 2. FØRINGAR... 3 3. INNHALD... 4 3.1 FOLKETALSUTVIKLING... 4 3.2 TAL KLASSER,

Detaljer

Freda bygningar og anlegg. Arlen Bidne rådgjevar

Freda bygningar og anlegg. Arlen Bidne rådgjevar Freda bygningar og anlegg Arlen Bidne rådgjevar Kvifor fredar me bygningar? Kjelde til kunnskap Identitetsskapande Opplevingsressurs Bruksressurs Stortingsmelding nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminner

Detaljer

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM...

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM... INNHALD 1. BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM... 3 1.1 BAKGRUNN OG MÅL... 3 1.2 KVA ER EIT PLANPROGRAM... 3 2. FØRINGAR... 4 2.1 KOMMUNEPLAN FOR VÅGSØY KOMMUNE 2013 2025, SAMFUNNSDELEN... 4 2.2 PLANSTRATEGI

Detaljer

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan Framlegg til arbeidsprogram 10.10.2016 1. Innleiing I planstrategi for Fjell kommune for perioden 2016-2019, blir det peika på at klimaendringane førar til

Detaljer

FLORA KOMMUNE. Handlingplan for kulturminne Versjon for handsaming i Plan- og samfunnsutvalet

FLORA KOMMUNE. Handlingplan for kulturminne Versjon for handsaming i Plan- og samfunnsutvalet FLORA KOMMUNE Handlingplan for kulturminne 2016-2020 Versjon for handsaming i Plan- og samfunnsutvalet 08.03.16 1 Innhald 1.0 Innleiing... 2 2.0 Definisjonar... 2 3.0 Nasjonale miljømål for kulturminner

Detaljer

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram Hareid kommune 21.11.2017 Kommunedelplan for vatn og avløp 2018-2030 Forslag til planprogram INNHALDSLISTE 1 Kort om planprogrammet... 3 2 Formål med planarbeidet... 3 3 Rammer og føringar... 3 4 Planområde...

Detaljer

Kva er ein god kulturminneplan? Arbeidseminar, Bergen, 14 oktober 2013 - Elizabeth Warren, Hordaland fylkeskommune

Kva er ein god kulturminneplan? Arbeidseminar, Bergen, 14 oktober 2013 - Elizabeth Warren, Hordaland fylkeskommune Kva er ein god kulturminneplan? Arbeidseminar, Bergen, 14 oktober 2013 - Elizabeth Warren, Hordaland fylkeskommune Ein plan for alle i kommunen Grunneigar, innbyggar får kunnskap om kulturminne og hjelp

Detaljer

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda Sauda kommune Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda 2015-2025 Sauda 04.06.2014 INNHALD 1. Om planprogrammet... 3 2. Føremålet med planenprosessen... 4 3. Nasjonale, regionale og kommunale

Detaljer

KULTURMINNER. Rolleavklaring mellom Staten, Fylkeskommunen og kommune 19.11.14

KULTURMINNER. Rolleavklaring mellom Staten, Fylkeskommunen og kommune 19.11.14 KULTURMINNER Rolleavklaring mellom Staten, Fylkeskommunen og kommune 19.11.14 Nasjonale mål St.meld. nr. 16 (2004 2005) Leve med kulturminner og St.meld. nr. 35 (2012 2013) Framtid med fotfeste. Målsettinga

Detaljer

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa Verktøykassa Møre og Romsdal fylkeskommune, plan og analyseavdelinga, mai 2017 Plantypane Planstrategi svært overordna, skal avdekke behov for planlegging kvart fjerde år (skal ikkje vere ein plan i seg

Detaljer

Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi - vedtak.

Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi - vedtak. saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 11.04.2014 24807/2014 Jens Peter Ringstad Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet 27.05.2014 Fylkestinget 16.06.2014 Regional delplan for kulturminne av regional

Detaljer

Planprogram for revisjon av Kommuneplan

Planprogram for revisjon av Kommuneplan Planprogram for revisjon av Kommuneplan 2007 2019 Innhald: Bakgrunn s. 2 Rammer og premisser s. 2 Planprosess og medverknad s. 3 Vedlegg. s. 5 9.1. Bakgrunn: Gjeldande Kommuneplan 2007-2019 blei vedteke

Detaljer

Revidert planprogram for Kommunedelplan for kulturminne

Revidert planprogram for Kommunedelplan for kulturminne Revidert planprogram for Kommunedelplan for kulturminne Bygger på vedtatt planprogram frå 2013 1 Vedtak 2013, sakssnr 2013/161 Innhald: 1 INNLEDNING KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNE FOR NESSET KOMMUNE PERIODEN

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret Aurland kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda 06.09.2012 112/12 Kommunestyret 06.09.2012 Saksansvarleg: Jan Olav Møller Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/771-3 K1-120,

Detaljer

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet Utdrag frå rundskriv Nr: T:1/15 Tilskot til kulturminnetiltak Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 71) Generell omtale Riksantikvaren er

Detaljer

Kulturminnekompetanse i Kommunane - Kulturminneplan

Kulturminnekompetanse i Kommunane - Kulturminneplan Kulturminnekompetanse i Kommunane - Kulturminneplan Ein del av KiK prosjektet i regi av Hordaland fylkeskommune Kulturminneplan som verkty for prioritering av tiltak knytt til verneverdige bygg Kulturminne

Detaljer

Marnardal Kommune. Høringsutkast for planprogram: Kommunedelplan for Kulturminner

Marnardal Kommune. Høringsutkast for planprogram: Kommunedelplan for Kulturminner Marnardal Kommune Høringsutkast for planprogram: Kommunedelplan for Kulturminner Bakgrunn 1. BAKGRUNN «KULTURMINNER ER ALLE SPOR ETTER MENNESKERS LIV OG VIRKE I VÅRT FYSISKE MILJØ. BEGREPET OMFATTER OGSÅ

Detaljer

Radøy kommune Saksframlegg

Radøy kommune Saksframlegg Radøy kommune Saksframlegg Saknr Utval Type Dato 019/2016 Formannskapet i Radøy PS 18.02.2016 Kommunestyret i Radøy PS Sakshandsamar Arkivsaknr.: Dokumentnr.: Tonje Nepstad Epland 16/162 16/1228 Plansak

Detaljer

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa Verktøykassa Møre og Romsdal fylkeskommune, plan og analyseavdelinga, november 2015 Plantypane Planstrategi svært overordna, skal avdekke behov for planlegging kvart fjerde år (skal ikkje vere ein plan

Detaljer

Kommunedelplan for kulturminner

Kommunedelplan for kulturminner Strømsund bro, Kopervik, fredet 2008 Planprogram Kommunedelplan for kulturminner Karmøy kommune Høringsutkast Januar 2013 Innhold 1. Hvorfor kommunedelplan for kulturminner? 2. Bakgrunn for planarbeidet

Detaljer

Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune

Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune Planprogram for trafikksikkerhetsplan Tysvær kommune - Kommuneplanutvalet 28.03.2017 1. Innledning Tysvær kommune sin trafikksikringsplan blei vedtatt i kommunestyret den 26.10.2010, og er gjeldande i

Detaljer

Planprogram Kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer. Hole kommune

Planprogram Kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer. Hole kommune Planprogram Kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer Hole kommune 1 Innhold Innledning:... 2 Planprogram... 3 Kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer... 3 Organisering av arbeidet... 4

Detaljer

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG R.f. Styre, råd, utval m.v. Møtedato Saksnr KS Kommunestyret 28.03.2012 018/12 Arkiv: K1-143 Arkivsaknr: 12/772-1 OPPSTARTSAK : NY KULTURPLAN 2013-2023 FOR ØYGARDEN

Detaljer

Skodje kommune Teknisk avdeling

Skodje kommune Teknisk avdeling Skodje kommune Teknisk avdeling Sak 58/16 Arkivsak nr: 16/488 Arkiv: Sakshandsamar: Ingunn Stette Sak nr Utval Møtedato 60/16 Formannskapet 04.05.2016 58/16 Kommunestyret 24.05.2016 KOMMUNAL PLANSTRATEGI

Detaljer

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE ØKONOMIPLANEN. Kåre Træen. Fylkesmannen

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE ØKONOMIPLANEN. Kåre Træen. Fylkesmannen FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE ØKONOMIPLANEN Kåre Træen Fylkesmannen FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE Prosjekt samanhengen mellom kommuneplanen og økonomiplanen Formålet med prosjektet er styrking av gjennomføringskrafta

Detaljer

Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon.

Innspel knytt til akvakultur (landbasert, parkeringsplassar osv) Område for tareproduksjon. Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaksnr: 16/1096 Journalpostnr: 16/14573 Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 070/2016 29.09.2016 Ungdomsrådet 039/2016 26.09.2016 Råd for seniorar

Detaljer

Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi

Målselv mulighetslandet. Kommunal planstrategi Målselv mulighetslandet Kommunal planstrategi 2012-2015 Vedtatt KSsak 77/2012, den 20.09.2012 Innledning Kommunal planstrategien er verken ein plan eller ein strategi, men eit verktøy for å vurdere kommunen

Detaljer

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71)

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) Side 1 av 5 SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) SØKNADSFRIST: 15. NOVEMBER 2015 Søknad sendast til: Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga

Detaljer

Kommunedelplan for naturmangfald. Etnedal kommune. Planprogram

Kommunedelplan for naturmangfald. Etnedal kommune. Planprogram Etna- varig verna vassdrag Foto: Privat Kommunedelplan for naturmangfald Etnedal kommune Planprogram 10.10.2017 Etnedal kommune PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR NATURMANGFALD Godkjent av Kommunestyret 12.10.2017

Detaljer

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet 29.01.2015 007/15 Kommunestyret 12.02.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/638-15/326 K1-024 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63

Detaljer

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 1.2.2012. 1. Kommunar som blir omfatta av ordninga Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale næringsfond.

Detaljer

Forslag til Planprogram for Kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer i Sandnes

Forslag til Planprogram for Kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer i Sandnes Forslag til Planprogram for Kommunedelplan for kulturminner og kulturmiljøer i Sandnes 2014 2030 Trapperommet i Sandnes rådhus. Planlagt av arkitekt Gustav Helland (1879-1958) og utført av Endre Årreberg

Detaljer

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur 2017-2021. 1 Vedtak, dato, saksnummer Innhald planprogram 1 HOVEDREVISJON AV KOMMUNEDELPLAN. 1.1 Om

Detaljer

Eid Kommune Planprogram for avgrensa revisjon av Kommuneplanen sin arealdel

Eid Kommune Planprogram for avgrensa revisjon av Kommuneplanen sin arealdel Eid Kommune Planprogram for avgrensa revisjon av Kommuneplanen sin arealdel 2015-2027 [Vedtaksorgan/Dato for vedtak] Saks nr: 16/21104 Dato: 22.02.2017 Versjon: 1.01 Innhold 1 Innleiing... 2 2 Bakgrunn

Detaljer

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.02.2012 10347/2012 Hilde Johanne Svendsen Saksnr Utval Møtedato Fylkestrafikktryggingsutvalet 28.02.2012 Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for

Detaljer

Handlingsprogram

Handlingsprogram Handlingsprogram 6-8 Regional plan for vassforvaltning i Sogn og Fjordane vassregion (6-) www.vannportalen.no/sognogfjordane Handlingsprogram 6-8 til Regional plan for vassforvaltning 6- Sogn og Fjordane

Detaljer

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART Saksnr Utval Møtedato Saksbeh. Utval for plan og miljø OHA Råd for seniorar og menneske med OHA nedsett funksjonsevne 012/14 Ungdomsrådet 08.04.2014 OHA Sakshandsamer: Øystein Havsgård Arkivsaknr 13/1119

Detaljer

REGIONAL PLANSTRATEGI

REGIONAL PLANSTRATEGI REGIONAL PLANSTRATEGI 2016-2020 1 Vedtatt av fylkestinget i T-6/16. Arbeidet med Regional planstrategi 2016-2020 starta formelt opp med vedtak i fylkesutvalet i februar 2015. Dokumentet er utarbeidd etter

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE

KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE KOMMUNEDELPLAN TRAFIKKTRYGGING HERØY KOMMUNE 2013-2016 PLANPROGRAM Planprogram, sist revidert 24.5.2012 1. Planprogram I samsvar med plan- og bygningslova 5-1 skal dette planprogrammet vere eit verkty

Detaljer

Kommunedelplan for kulturminne - Sveio kommune

Kommunedelplan for kulturminne - Sveio kommune KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2015/6046-4 Saksbehandlar: Gunnbjørg Austrheim, Elizabeth Warren og Inger Lena Gåsemyr Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 20.08.2015

Detaljer

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen 2015 2019

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen 2015 2019 Vik kommune Planprogram Tematisk kommunedelplan for grunnskulen 2015 2019 Planprogrammet tek føre seg mandat, framdriftsplan, føringar, målsetjingar, tema, organisering og medverknad i planprosessen. 1

Detaljer

Planprogram kommunedelplan kulturminner og kulturmiljøer

Planprogram kommunedelplan kulturminner og kulturmiljøer Notat Planprogram kommunedelplan kulturminner og kulturmiljøer Utkast 1, april 2013 1: Innledning planprogram I henhold til plan- og bygningslovens (PBL) 4-1 skal det utarbeides planprogram som grunnlag

Detaljer

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Åse Aleheim N - 101 16/153 Saksnr Utval Type Dato 040/16 Hovudutval teknisk/næring PS 05.09.2016 031/16 Hovudutval oppvekst/kultur PS 05.09.2016 099/16 Formannskapet

Detaljer

PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN FOR SORTLAND KOMMUNE

PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN FOR SORTLAND KOMMUNE PLANPROGRAM KULTURMINNEPLAN FOR SORTLAND KOMMUNE Minnelunden/ Sortland kommunes tusenårssted Kulturfabrikken Sortland KF 2017 Vedtatt av Sortland formannskap 26.01.17, sak 16 Politisk forankring og begrunnelse

Detaljer

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1 Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan 2013-2016 Pilotfylke Møre og Romsdal 1. Innleiing Møre og Romsdal fylkeskommune fekk i 2013 eit tilskot på kroner 100 000

Detaljer

PLANPROGRAM - høyringsutgåve KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNE I OSTERØY KOMMUNE

PLANPROGRAM - høyringsutgåve KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNE I OSTERØY KOMMUNE PLANPROGRAM - høyringsutgåve KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNE I OSTERØY KOMMUNE 2016-2026 1 Innhold 1. INNLEIING... 3 1.1. Kvifor kulturminneplan?... 3 1.2. Bakgrunn... 3 1.3. Utfordringar... 3 1.4. Målsetnad...

Detaljer

Hyllestad kommune. Planprogram Utarbeiding av lokal kulturminneplan

Hyllestad kommune. Planprogram Utarbeiding av lokal kulturminneplan Hyllestad kommune Planprogram Utarbeiding av lokal kulturminneplan Frå Hyllestadvikja Foto: Sigrid Solberg Hyllestad mars 2015 1 Innleiing Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune si satsing på lokale kulturminneplanar

Detaljer

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Formannskap 21.05.2012 040/12 VIL Kommunestyre 19.06.2012 047/12 VIL Sakshandsamar: Vigdis Lode Arkiv: N-502 Arkivsaknr: 2012000894 KOMMUNAL PLANSTRATEGI

Detaljer

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING Utval Møtedato Saknr Saksh. Formannskap 21.05.2012 040/12 VIL Sakshandsamar: Vigdis Lode Arkiv: N-502 Arkivsaknr: 2012000894 KOMMUNAL PLANSTRATEGI 2012-2016 Vedlegg i saka: Kommunal

Detaljer

Vi viser til brev av 27. mai 2016 til kommuner i Hordaland med invitasjon til samarbeid i 2016 og utlysing av midler.

Vi viser til brev av 27. mai 2016 til kommuner i Hordaland med invitasjon til samarbeid i 2016 og utlysing av midler. LINDÅSKOMMUNE Kultur- og aktivitetseininga Hordaland fylkeskommune Kultur- og idrettsavdelinga 5020 BERGEN Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Eileen M Feste 19.08.2016 Vår: 14/7008-16/21907 EMF@Iindas.kommune.no

Detaljer

Saksnr Utval Type Dato 068/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Saksnr Utval Type Dato 068/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 068/16 Formannskapet PS 08.06.2016 044/16 Heradsstyret PS 22.06.2016 Saksbehandlar ArkivsakID Laura Ve 15/1602 1.gongs handsaming - Kommunal planstrategi for Osterøy kommune

Detaljer

Jølster kommune Saksutgreiing

Jølster kommune Saksutgreiing Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Utval for Plan og Utvikling 13.06.2012 032/12 TOF Kommunestyret 19.06.2012 050/12 TOF Sakshandsamar: Thor Ove

Detaljer

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Arkivnr: 2014/21484-4 Saksbehandlar: Britt Karen Spjeld og Hanne Espe Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Utval for kultur, idrett og regional utvikling 19.01.2016 Framlegg

Detaljer