Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort 2016-2018 Vedteken på skipingsmøte 4 april 2016 Leiar :Morten Torvund morten.torvund@hoyanger.kommune.no
Områdeavgrensing Bestandsplanen har definert årsleveområde for hjort til å vera avgrensa grovt sett om ein følgjer kommunegrensa mellom Fjaler og Gaular til fjorden og følgjer denne i sjøen sør til Hyllestad rundt Lihesten og inn Sognefjorden til Vadheim. Følgjer så valdgrensa mellom Torvund Vadheim og Vadheim -Kyrkjebø opp i fjellet til utgangspunktet. Innanfor denne avgrensinga har ein funne å ha ein felles hjortebestand. Definisjonen på dette er at ein reknar 80% av dyra der til å opphalde seg innan denne avgrensinga gjennom året og over år. Særleg for dei etablerte vaksne dyra. Avgrensinga er kome til gjennom felles drøftingar i møter. Gjennom møter i kvar kommune, gjennom arbeid i arbeidsgrupper i møta, og er eit resultat av å ha brukt generell kunnskap om hjort og arealbruk og kopla dette med lokalkunnskap. Innspela frå arbeidsprosessane har vore utarbeidd samla for alle areal. I seinare møter har forslaga vore drøfta med grunneigarane for kvart enkelt område kvalitetssikring av forslag. Interimstyra som har utarbeidd forslag til bestandsplan har også drøfta områdeavgrensing og hatt ytterligare kvalitetssikring av forslaga. Bestandsplanen er med det godt gjennomarbeidd i høve til områdeavgrensing. Det er grunn til å hevde at alt av tilgjengelig kunnskap er lagt til grunn for avgrensinga, og at det faglige derfor står seg godt. Status Det har vore færre felte hjortar dei siste åra. Bestanden er truleg redusert. Men det er vanskelig å seie kor mykje. Toppåret var 2009 med 1389 felte dyr medan 2015 med 1083 felte er lågaste fellingsresultat sidan 2007, trass at det var delt ut over 250 fleire løyve i 2015 enn 8 år før. Det er ikkje store endringar i tal observerte hjort pr jegerdag i kunnskapsgrunnlaget. Dei siste tre åra har observasjonane gått nedover, men det er framleis innanfor 2010-2011 nivået. Det er heller ikkje store endringar i samansetjinga mellom kjønn eller alder. Sett hjort-tala gir grunn for å meine annan utvikling for hjortebestanden enn fellingstala gjer. Retninga med reduksjon ligg der i begge metodar, men omfanget viser noko ulikt omfang. Det er derfor grunn til å gjere vurderingar på litt forsiktig grunnlag, samt å følgje utviklinga nøye for å fange opp endringar og korrigere dette for å nå målsetjingane. Hjortebestanden består av mange koller i høve til hanndyr. Hjortebestanden består av mest unge dyr. Hjortebestanden er produktiv. Sjå tabellane nedanfor som grunnlag for statusvurderinga.
Tabellen viser oversikt over felte dyr for årsleveområdet totalt tildelt hannkalv hokalv spissbuk ungkolle hanndyr hodyr sum k 2006 1417 89 116 178 164 178 198 923 2007 1505 136 119 195 182 190 227 1049 2008 1711 142 141 275 224 260 292 1334 2009 1756 156 160 242 249 277 303 1387 2010 1858 127 150 244 233 245 290 1289 2011 1837 144 143 256 221 220 255 1239 2012 1806 142 127 259 205 201 242 1176 2013 1816 149 126 235 263 211 243 1227 2014 1762 139 112 269 213 185 220 1138 2015 1767 120 120 223 178 205 237 1083 Tabellen viser sett hjort- tal for årsleveområdet 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 Sett hjort pr. 1,6 1,8 1,82 1,8 1,82 1,57 1,65 1,83 1,79 1,63 jegerdag Sett kolle pr. bukk 1,64 1,71 1,54 1,57 1,64 1,75 1,81 1,86 1,65 1,75 Sett kalv pr. kolle 0,65 0,68 0,64 0,62 0,64 0,66 0,67 0,66 0,66 0,67 Sett spissbukk pr. 0,57 0,64 0,66 0,69 0,74 0,73 0,76 0,81 0,7 0,65 bukk Prosent bukker 16,29 19,55 19,21 18,52 18,66 21,61 21,27 20,45 19 21,29 felt av sette bukker Prosent koller felt 10,73 11,56 12,25 12,76 11,86 12,58 10,89 11,36 11,04 11,49 av sette koller Prosent kalver felt 8,54 10,67 10,53 11,9 9,91 11,53 10,08 9,33 9,58 9,93 av sette kalver Antall jegerdager 5207 4538 6019 6116 6012 5660 5163 5238 5007 4070 Jaktfelt som har levert skjema 167 160 173 176 182 174 168 168 170 140 Mål Det er eit mål å halde hjortebestanden på nivået ein har i dag totalt sett. Det er innanfor dette rom for ulike lokale forskjellar innan hovudområdet. Td av hensyn til skadepress eller liknande. Det er eit mål å auke andelen hanndyr i bestanden Det er eit mål å auke andelen eldre dyr i bestanden Tiltak Redusert bestand bør uttrykkjast i redusert tal løyve gitt frå kommunane. Som alternativ meiner vi tal løyve kan haldast høgare dersom ein sikrar høgare uttak av kalv og dermed sikrar auka produksjon ved at fleire eldre dyr blir att i bestanden. Eit slikt tiltak vil vera robust sjølv om bestanden er noko redusert. Kommunane bør sikre tildeling i tråd med kjønns- og aldersfordelt oppsett i bestandsplanen. Gjerne med noko høgare kalvetildeling for å sikre å unngå overbeskatning av eldre dyr av begge kjønn. For bestandsplanområdet legg styret til grunn å oppretthalde løyvetalet, med å dreie avskytinga meir mot unge, ikkje produserande dyr og halda høgare del produktive dyr i bestanden etter jakt.
Styret meiner at sum felte dyr for området totalt sett må ned i høve til 2015 nivået. Valda som deltek i samarbeidet blir utfordra til å seie kor stor del av kvoten dei ønskjer å bruke kvart år. Truleg bør ikkje avskytinga totalt overstige 1000 hjort, men her er ingen fasit, og det er kun gjennom årleg oppfølging av utvikling ein kan sjå korleis dette bør styrast. For bestandsplanområdet skal fordelinga av faktisk felte dyr årleg avskyting - i sum og for kvart vald følgja slik fordeling: Hanndyr maks 35% - herav minst spissbukk 50% Hodyr maks 35% - herav minst ungkoller 50% Kalv minst 30% Valda vil ha årleg kjønns- og aldersfordelt tildeling lik avskytingsplanen. Valda vil ha fleksibilitet for flytting av løyver mellom år og mellom vald kvart år. Denne teksten tilfredstiller kravet i forskrifta til skriftlig avtale mellom vald som vil flytte løyve seg i mellom, og gjeld for heile jakta, alle løyve, alle år. Avtalen om slik fleksibilitet er gjort ved innmelding. Desse valda er forplikta av planen og utgjer bestandsplanområdet med slike areal og slikt løyvetal til kvart vald årleg, og totalt for planperioden: Løyvetal pr år Løyvetal plan Kommune/Valdnavn Areal Høyanger kommune: Torvund Vadheim storvald 39938 75 225 Hyllestad kommune: Høydal Ytre 1776 6 18 Handalen 6882 17 51 Skor 5238 15 45 Bråstad 2895 7 21 Indre Bøe 1393 4 12 Kleive 568 2 6 Fjaler kommune: Flekke /Jarstad storvald 24772 80 240 Vassdalen storvald 53903 115 345 Fjorden storvald 16000 26 78 Straumsnes storvald 23950 76 228 Vestre Fjaler hjortevald 29400 111 333 Hovland Espedal storvald 24935 46 138 Hellevik hjortevald 19925 120 360 Nedre Guddal storvald 47330 127 381 Hovlandsdal 10500 18 54 Hellevik gård 3650 11 33 Eiken 4300 16 48 317355 872 2616
Evaluering Styret for bestandsplanområdet gjer årleg vurdering av bestandsutviklinga og tilrår justeringar. Styret har ikkje mynde over valda i samarbeidet. Det er valda sjølve som skal syte for at naudsynte justeringar blir gjennomført i valda slik at hovudmåla i bestandsplanen kan nåast.