postmottak@kud.dep.no, postmottak@kd.dep.no Oslo, 16. april 2012 HØYRING AV TO UTGREIINGAR OM LITTERATUR- OG SPRÅKPOLITISKE VERKEMIDLAR



Like dokumenter
VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

NY SATSINGSPLAN FOR NORSK LITTERATUREKSPORT

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Frå novelle til teikneserie

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Tiltaksplan

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

Strategiplan for Apoteka Vest HF

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

BARN OG UNGE I PLANSAKER

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Merkur programmet. Den multifunksjonelle nærbutikken Bokhandelen i distriktet. programmet.no

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Lønnsundersøkinga for 2014

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde,


Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Retten til spesialundervisning

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Informasjon til pasientar og pårørande

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Høringsuttalelse om utredninger av litteratur- og språkpolitiske virkemidler

Tilgangskontroll i arbeidslivet

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Team Hareid Trygg Heime

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Halvårsplan, hausten 2011

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet


Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Psykologisk førstehjelp i skulen

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Kulturutredningen 2014

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Plassebakken Barnehage

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

Nynorsk i nordisk perspektiv

Samansette tekster og Sjanger og stil

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Vestlandet ein stor matprodusent

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Høring - finansiering av private barnehager

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Transkript:

Litteraturselskapet Det Norske samlaget P.b. 4672 Sofienberg 0506 Oslo Kulturdepartementet Kunnskapsdepartementet postmottak@kud.dep.no, postmottak@kd.dep.no Oslo, 16. april 2012 HØYRING AV TO UTGREIINGAR OM LITTERATUR- OG SPRÅKPOLITISKE VERKEMIDLAR Vi viser til departementets høyringsbrev datert 4. januar 2012 og sender med dette over Litteraturselskapet Det Norske Samlagets fråsegn. Litteraturselskapet Det Norske Samlaget er eit lag med personlege medlemmer som arbeider for å fremje kjennskapen til norsk mål og odle og styrkje nynorsken som kulturmål i litteratur, undervisning og alt samfunnsliv elles. Laget representerer primært lesarane og skribentane som er oppteken av å styrkje og utvikle nynorsk litteratur, uavhengig av forlag. Stiftinga Det Norske Samlaget er eit forlag som gir ut bøker på nynorsk, skulebøker også på bokmål. Forlaget er medlem i Den norske Forleggerforening og samarbeider med dei andre forlaga om ei felles fråsegn derfrå. Hovudmerknad til utgreiingane Vi vil byrje med å peike på at vi i desse to utgreiingane ikkje finn at dei som har stått bak har sett seg inn i gjeldane norsk språkpolitikk slik den er fastsett i språkmeldinga (St. meld nr. 35 (2007 2008) Mål og Meining). I mandatet er det ikkje vist til dette. Det skulle sjølvsagt heller ikkje vere naudsynt. Litteraturselskapet viste i eit eige brev til begge utgreiingane til trongen for å sjå på den nynorske litteraturen si stilling særskilt. Det undrar oss at dette ikkje er gjort. Formuleringa i Oslo Economics m.fl. si utgreiing om nynorskspråket viser elles at den norske språksituasjonen med to jamstelte norske språkformer ikkje er verken kjent eller vurdert. Oslo Economics synes å ha lagt relativt snevre økonomiske vurderingar til grunn for arbeidet sitt. Det gjer den vidare oppfølginga meir krevjande for departementa, som no på anna vis må sikre at litteratur- og språkpolitiske omsyn vert grundig vurderte og ivaretekne. Mellom anna er samanhengen mellom språkpolitikk og litteraturpolitikk ikkje vurdert. Generelt Litteraturselskapet vil peike på at lesinga og tilbodet av littaratur generelt står sterkt i Noreg, sjølv om vi gjerne skulle sett at tilbodet på nynorsk litteratur hadde vore større.

Bokbransjen står overfor store utfordringar framover, ikkje minst på det digitale området. Norsk bokbransje er komen kort her. Utviklinga så langt er prega av store, internasjonale aktørar. Vi veit lite om kva endringar vi vil få. Nettsal og nettdistribusjon av (e-)bøker er til gode for mange. Mangfaldet i boktilbodet vil likevel vere avhengig av ein krevjande prosess med utvikling av ide, manusbearbeiding osv. Vi trur at papirbøker vil finnast i lang tid framover, det same vil bokhandlarane. Påpeikinga til Oslo Economics om at bøker er eit informasjonsgode der verdien for forbrukeren ofte er ukjent på det tidspunktet kjøpsbeslutningen treffes (s. 67) viser kor viktig det er å ha gode sals- og informasjonskanalar. Her er bokhandlarane framleis svært viktige, og dette gjeld ikkje minst for nynorsk litteratur. Vi veit at kjøparar ofte er skeptiske til nynorsk, og at bokhandlarar og andre formidlarar er særleg viktige for å spreie denne litteraturen. Fastpris for bøker Litteraturselskapet vil gå inn for ei vidareføring av ordninga med faste bokprisar i Noreg. Dette baserer vi m.a. på utgreiinga frå Rønning m.fl., som skriv at analyser og studiar dei har hatt tilgang til konkluderer med at boklover (med fastprisreguleringar) er den ordninga som best ivaretek kulturpolitiske mål. Dei påpeikar at boklover sikrar betre breidde og mangfald, og også eit større tal sals- og distribusjonseiningar. Oslo Economics uttalar i si utgreiing at Samlet sett synes virkemidlene på et prinsipielt plan i hovedsak å være effektive, både i forhold til målene de har og i forhold til administrasjonen av dem. Vidare: Fastpris som prinsipp kan ha et rasjonale i bokbransjen, og det er vanskelig å finne økonomiske argumenter for at forlagene ikke bør kunne videreføre dette. Det er derfor noko underleg at dei likevel konkluderer med at fastpris berre bør vere eit frivillig verkemiddel. Dette kan synast å vere utslag av rein økonomisk konkurransetenking, utan at dette omsynet er vurdert mot litteratur- og språkomsyn. Vi vil særleg peike på desse argumenta for å oppretthalde ei ordning med faste bokprisar: a) Omsynet til forbrukarane/lesarane: Utgreiingane viser at fastpris gir eit betre utval (mangfald) av bøker. Den fysiske tilgangen til bøker vert også betre ved at det er eit større tal bokhandlarar (sals- og distribusjonseiningar). Lesarane vil få best tilbod ved at dei kan velje ut frå eit mangfald av bøker. Vi er redd at med frie prisar vil forlaga sine marknadsstrategiar med vekt på bestseljarar bli vesentleg meir dominerande. Ein bokmarknad med større fokus på bestseljarar vil gi meir makt til dei store forlaga. Tilbodet på nynorsklitteratur er særleg sårbart i eit friprissystem. Nynorskforlaga er små, og som regel forlag med ein kulturpolitisk utgivingsprofil med breidde og stor satsing på nye forfattarskap. Det er meir krevjande å nå fram til store kjøpargrupper med nynorsklitteratur, og formidlarrolla til bokhandlarane er enno større. Oslo Economics si påpeiking av at bøker er eit informasjonsgode gjeld enno sterkare for bøker på nynorsk. Vi viser elles til utgreiinga til Rønning m.fl.: Men valg av prissystem virker inn på hvilke bøker som selges og presumptivt leses: Valg av friprissystem fører til økt bestselgersalg og lavere priser på utvalgte bøker, mens fastspris fører til sal av et bredere utvalg av bøker. b) Oppretthalda eit nett av bokhandlarar, som har ei viktig samfunnsmessig rolle når det gjeld spreiing av litteratur. Bokhandlarar er avgjerande for at lesarane skal ha tilgang til breidda i litteraturen. Bokhandelstilsette er viktige for å få ut informasjon til kjøparane/ lesarane også om ukjente/nye (smale) bøker, og slik eit viktig verkemiddel for å få fram

andre bøker enn bestseljarane med høge marknadsføringsbudsjett. Dette gjeld særleg for nynorskbøker (og kan ikkje erstattast av meir passiv tilgjengeleg informasjon på nett). Lesarane/ kjøparane treng brei presentasjon og kyndig rettleiing. Utan fastpris vil andre enn bokhandlarane lett skumma fløyten og selja bestseljarane (i store volum og gjerne som lokkemat, ref bleiekrig i daglegvarebransjen). I ei utgreiing gjort for Forleggerforeningen (Foros/Kind: Fastpris på bøker: Bransjeomfattende eller frivillig) vert det konkludert med at Dersom et viktig motiv er å løse problemer av kollektiv art, som å øke bredden av litteratur, og omfang og kvalitet på forhandlerleddet, er det grunn til å tro at bransjeomfattende fastpris vil være fordelaktiv, både bedrifts- og samfunnsøkonomisk. c) Omsynet til det norske språket og det norske kultursamfunnet. Rønning m.fl. skriv at I små land anses boklover også å være viktige i språk- og utdanningspolitiske henseender og bidrar til å sikre rammebetingelser for lokalt produsert litteratur. Ein kjend konsekvens av frie prisar er auka bestseljarfokus. Det har ikkje Noreg som kulturnasjon og lite språksamfunn råd til. Dette vil også kunne gi større fokus på omsett bestseljarlitteratur. Nynorskbøker blir sjeldan bestseljarar. Ei friprisordning vil gjere det meir risikabelt for forlag å gje ut nynorsklitteratur, med drastiske konsekvensar for tilgangen. Vi legg vekt på at ved frie prisar kjem nynorsk litteratur til å tape i tevlinga med bestseljarar på bokmål, og andre høgt profilerte bøker på bokmål. Nynorske bøker og nynorsk litteratur blir sett på som smale utgjevingar av bokhandlarane. Vi skulle gjerne ha sett noko i utgreiingane som tok for seg nett dette, og som kunne stadfesta våre opplevingar og erfaringar med at nynorsk litteratur som regel sel mindre og dårlegare enn bøker på bokmål. Mange lesarar treng eit ekstra puff for å lese nynorske bøker. Dette er lik situasjonen for minoritetsspråkleg litteratur i alle land, og sjølv om ikkje nynorsk er eit minoritetsspråk, er det likevel ein mindre brukt del av norsk, med tilsvarande tilhøve i marknaden. For å oppretthalde nynorsk litteratur og tilgang på denne, er fast pris og eit godt utbygd bokhandlarnett eit viktig verkemiddel. Fastpris er eit billig og relativt effektivt verkemiddel. Gir faste prisar høgare prisar? Vi vil også kommentere spørsmålet om faste prisar fører til høgare prisar for forbrukarane særskilt. Konkurransetilsynet fører ein kjend argumentasjon om at faste prisar hindrar konkurranse, og at dette gir høgare prisar til forbrukar. Det er ingenting i utgreiingane som tilseier at fastprissystem gir høgare prisar. Rønning m.fl. skriv tvert om at det ikkje er mogleg å seie at eit friprissystem gir lågare prisar. Deira analyser viser at land med boklover ikkje har gjennomsnittleg høgare prisar enn land med frie prisar. Konkurransetilsynet (i kronikk i Aftenposten 13.4.2012) viser til deira prisundersøkjing. Dette synes å vere ei undersøkjing av bestseljarar. At slike blir billigare i eit system med frie prisar er opplagt. Andre undersøkjingar viser at det blir høgare prisar på (og mindre utval av) smalare litteratur. Dette er nettopp den utviklinga som Litteraturselskapet vil åtvare imot. Bokkjøparane (forbrukarane) ønskjer, og det er i samfunnets interesse, å ha eit breiare utval av bøker. Vi skal ikkje gi oss i kast med å vurdere kven av dei mange økonomane som i utgreiingar og i debattinnlegg har uttalt seg om dette som har mest rett. Det er i beste fall usikkert om faste prisar fører til høgare prisar for forbrukar. Vi vil hevde at vi ikkje har råd til å eksperimentere

på dette området. Argument om pris må ikkje åleine få avgjere kva litteratur- og språkpolitiske politikk som skal førast i Noreg. Faglitteratur Ein grunnleggjande føresetnad for at norsk skal vere eit komplett, samfunnsberande språk, er at det kan brukast til å utveksla og formidla spesialisert kunnskap heiter det i Språkmeldinga (pkt 7.2 Terminologi og fagspråk). Fag- og pensumlitteratur for høgare utdanning er eit strategisk svært viktig felt for å oppretthalda norsk (bokmål og nynorsk) språk. Utvikling av norsk fagspråk er avhengig av publisering av faglitteratur på norsk Samtidig er dette er svært utsett bokgruppe. Oslo Economics peikar på behov for tiltak for å styrke norsk faglitterær produksjon, og nemner ei eiga innkjøpsordning og oppfølging av det lovpålagde ansvaret til utdanningsinstitusjonane som moglege verkemiddel. Vi støttar konklusjonen om at det trengst tiltak for norsk faglitteratur, og ein må sjå på både nynorsk og bokmål. Situasjonen for nynorsk fagspråk er særleg urovekkjande. På tiltakssida må ein først og fremst sikre at fagbøker framleis blir omfatta av fastprisordninga. Vi viser elles til alle argumenta som kom fram i høyringsrunden hausten 2010 (knytt til forskrifta om fastprisordning). Forslaget om ei innkjøpsordning må vurderast nærare, det kan vere at verkemiddel direkte retta mot produksjon kan vere meir målretta. Dette heng også saman med utdanningsinstitusjonane sitt ansvar for vedlikehald og utvikling av norsk fagspråk. Det er m.a. trong for å vurdera korleis ordninga med publiseringspoeng fungerer. Skriving av fag-/pensumbøker gir ikkje poeng, og for artiklar er ofte engelskspråklege meir verdsette enn norske. Skulebøker: Ut frå vårt perspektiv er det viktigast å sikra at det er lik pris på nynorsk- og bokmålsutgåvene av skulebøkene (og at dei kjem til same tid). Kjøpargruppa her er i all hovudsak det offentlege (skuleeigarane). Dette er ein avgrensa marknad der etterspørselen er mykje styrt av andre mekanismar enn i den vanlege bokmarknaden. Vi føreset at det offentlege vurderer erfaringane med å ha fri pris på skulebøker, og korleis det verkar inn på pris og tilbod (m.a. innanfor mindre fag) og ev konsekvensar for parallellutgåver på nynorsk og bokmål. Forfattarane Forfattarar og andre opphavsrettshavarar er i Noreg oftast i eit standardisert avtaletilhøve med utgjevarane. Utgangspunktet er det fastprisregimet vi i dag har. Det er vanskeleg å finne fram til liknande avtalar der det er frie prisar. I dag opplever forfattarar som skriv på nynorsk eit press direkte eller indirekte på å skifte skriftspråk om dei vil gi ut bøker på andre forlag enn nynorskforlaga. Det er stor grunn til å tru at dette presset vil auke med den ytterlegare kommersialiseringa som bortfallet av faste bokprisar vil gi. Avslutning Vi har argumentert for behovet for å oppretthalda systemet med fastpris på bøker i Noreg. Dette bør gjerast gjennom lovregulering. Det vil gi eit meir stabilt system som ikkje er avhengig av stadige unnatak frå konkurranselovgivinga, og også eit system som vi kan vere trygge på er akseptert innanfor EUs konkurranseregelverk også. Vi ser også fordelar med ei ordning som gjeld heile bransjen, og som ikkje er utarbeidd av bransjen sjølv.

Fastprisreguleringa må inngå i eit vidareført og vidareutvikla samla system med litteratur- og språkpolitiske verkemiddel (m.a. innkjøpsordningar). Dette er sjølvsagt kulturpolitikk, men også utdanningspolitikk. Universitets- og høgskulesektorens ansvar for utvikling og bruk av norsk fagspråk må konkretiserast ut over den (i praksis) honnørparagrafen som vi har i universitets- og høgskulelova i dag. Vidare må det framleis vere abonnementsordningar for bokhandlarane for å sikre at bøker/forlag ikkje blir ulikt behandla og at bøkene faktisk finst i dei ulike bokhandlane. For nynorsk litteratur er det behov for meir målretta støtteordningar enn kva som finst i dag. Med helsing Kari Bjørke styreleiar Edmund Austigard sekretær/forlagsdirektør