R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua



Like dokumenter
Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

HANDHØVLING AV GOLVBORD

Handverksnettverket. Seminar praktisk og prosessuell restaurering Ødegårdstuen 2005 Maihaugen

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Skjeltrevegg på grindebygd løe på Skageflå i Geiranger

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Brukarrettleiing E-post lesar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

mmm...med SMAK på timeplanen

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Bitraf Resultatregnskap0per

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Brukarrettleiing. epolitiker

Verneverdige bygningar i kulturlandskapet

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kulturhistoriske registreringar

Lønnsundersøkinga for 2014

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Med god informasjon i bagasjen

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

Til deg som bur i fosterheim år

Bilete og figurar i Word

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

FANTASTISK FORTELJING

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Tilgangskontroll i arbeidslivet

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

VOLLASETRA I SUNNDAL

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.


ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Fra Forskrift til Opplæringslova:

DB

G A M A L E N G K U L T U R

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

IKT-kompetanse for øvingsskular


BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust

HOLSVATNET RUNDT UNIVERSELL UTFORMA TURSTI

Hallo i nedslagsfeltet!

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Vi lærer om respekt og likestilling

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Transkript:

For NHU Målselv Tradisjonshandverk og Musikk DA Roald Renmælmo Lyngstad 9321 Moen tlf: 77835293 Mobil: 99518938 e-post: roaldren@online.no R apport Seminar i praktisk og prosessuell restaurering Øygardsstua veke 37, 2004, Maihaugen, Lillehammer. Mur Vi starta den praktiske delen av seminaret ved å gå opp til den nesten ferdige grunnmuren som var satt opp på grunnlag av den dokumentasjonen som fans og med justeringar i høve til lokale høve og lokale massar. Espen gjorde greie for dei vurderingane som låg til grunn for muringa og korleis han med rot i tradisjonen vurderte dei lokale massane på den aktuelle tomta. Det er mange problemstillingar knytt til å rekonstruere eller restaurere murverk. Gamle murar er alltid tilpassa terreng og tilgang på lokale materialar. Å slavisk kopiere ein gamal mur på ein stad vil verte feil andre stader. Eg viser til utfyllande rapport av Espen Martinsen om grunnarbeid og muring som var lagt ved i kursmateriellet som vart levert ut på kurset. Tak Vi fann ut at vi var i den heldige situasjonen at det er bevart delar av det gamle undertaket på stua. Til alt overmål har desse borda lege som einaste tekking i mange år før dei vart overtekt med tegl. Berre delar av borda var så gode at dei vart teke vare på etter nedplukkinga av stua for 31 år sidan. Dei gamle borda vart undersøkt av deltakarane under leiing av Jon Godal. Dette vart gjort før vi drog ut i skogen for å finne noko tømmer som kunne egne seg til å skjere takbord av. Det var frå før kjørt fram noko tømmer til saga på staden men mesteparten av dette heldt ikkje same kvaliteten som vi fann på dei gamle takborda.

Takkonstruksjonen på stua kan ein kalle fotingsrøst utan at vi er sikre på at det er den rette lokale nemninga opphavleg. Namnet er kjent frå andre bygder i området. Det er saksesperrer som står på ein sperrelunn som ligg på tømmerveggen. Sperrelunnen har ikkje haking for å verke som samhald. Sperrelunnen stikk noko utom vegglivet og sperreføtene er tappa ned i denne utom vegglivet. På denne måten vert det løft i spennet til sperrelunnen som også ber loftsgolvet. Skogsarbeid Etter å ha studert virkeskvaliteten i dei gamle takborda frå Øygardsstua reiste vi ut i skogen ikkje så langt frå Maihaugen. Vi hadde avtale med ein skogeigar om å få ta ut eitt tre om vi fann noko som var høveleg. Området vi var i har låg bonitet med ein del blåbærlyng imellom blandingsskog av gran og furu. Jon Godal var frå før kjent i skogen der etter å ha tatt ut nokre tre der tidlegare. Det å kjenne skogen frå før er viktig for å kunne vurdere ein ståande bestand. Vi drøfta dei ulike faktorane som er viktige for at trea skal få dei eigenskapane som vi gjerne er ute etter. Tre som veks i lågare bonitet og som veks relativt seint vil gjerne ha betre eigenskapar enn tre som veks fort. Det lokale klimaet på staden betyr også ein del for korleis eigenskapane vert. Verknaden av at Mjøsa minkar temperaturvariasjonar og held oppe temperaturen om hausten kan være med på å gjere tømmeret seigare (meir langfibra) enn i område som er tørrare og har kaldare haustar slik som oppover Østerdalen. Samansetninga av eit bestand vil og være avgjerande for kvaliteten. Tre som veks opp i eit ope terreng eller med berre tre av lik alder rundt seg vil gjerne vekse raskare og breie utover lange kraftige greiner. Grana midt i bilete har typiske hengande greiner som er eit teikn på mjuk ved. Slik kraftig greinsetting gir gjerne uroleg ved i tillegg til at kvisten i seg sjølv kan lage store problem for handverkaren som skal bruke materialen. I eit bestand der ein har tre av ulik alder vil dei store trea stå som ein skjerm for dei yngre som kjem opp under. Ungtre får ikkje fri tilgang på lys og får heller ikkje bre seg så mykje utover. For å overleve vil ungtre strekke seg oppover for å kome til lyset og sette mindre kvist. Slike tre som veks noko seint og som strekker seg i ungdomen vil gjerne få mange gode eigenskapar.

Vi plukka ut ei gran som hadde svært lite og små kvist nest på stammen og som hadde frisk kvist oppover. Grana hadde kvistar som hang nedover og som tyder på at det var mjuk ved og mjuke kvistar til skilnad frå graner som har kvist som peiker rett ut eller oppover. For å vise eit døme på prosessuell restaurering også i handsaminga av tømmeret i skogen vart grana hogd med øks. Dette var etter ein arbeidsmåte som er dokumentert i Målselv og som var i bruk på 1920-talet. Vi har ikkje sett spor etter slik hogging på tømmeret i Øygardsstua men sidan tømmeret vart hogd midt på 1800-talet kan vi være sikre på at det i si tid vart hogd med øks og ikkje med sag. Foto: Hans Marumsrud Sag Vi fekk inn rotstokken som vi hogg i skogen og vurderte korleis han skulle skjerast for å få best mogleg resultat. Sjølv om grana i skogen verka lovande så var det ein del å ta stilling til. Stokken hadde ei tydeleg margsprekk, ei side med ein del tennar og ei side med meir kvist. Vi bestemte oss for å skjere eit margbord i midten parallelt med margssprekka for å unngå problem med denne. Vi fekk då ei side av stokken med bord med lite kvist og utan tennar. I den andre sida vart det litt meir kvist og ei tennarrand i kanten på borda. I den gode sida fekk vi ut 3 gode takbord og i den andre sida fekk vi ut to bord. Vi skar også bord av 2. og 3. stokken av denne grana og då vart det 4 bord av kvar stokk, to på kvar side av mergen. Vi fekk totalt ut 13 gode bord av denne eine grana og fekk ein del igjen for at vi reiste ut i skogen for å plukke ut dette eine treet. Alle stokkane vart skore mest mogleg parallelt med mergen for å få best mogleg virke i 1. og 2. borda. Borda vart skore berre ukanta på saga for at vi ikkje skulle miste verdifull breidd. Borda vart seinare kanta med øks før dei vart høvla ferdig til takbord. Vi hadde og liggande nokre stokkar som var kjøpt frå ein som hogg tømmer i ein gamal fjellskog i området. Dei var i utgangspunktet bestilt for å brukast til takbord og var av ganske grei kvalitet. Ved nærare gransking viste det seg at alle stokkane hadde større eller mindre virkesfeil som i vår samanheng gjorde dei omtrent ubrukeleg. Fjellskogen blir gjerne vanskeleg å bruke til slike formål som takbord.

Høvling av takbord Etter å ha granska dei gamle takborda så gjekk vi laus på å høvle nye bord til taket. Vi vurderte det slik at ingen av dei originale borda kunne brukast på taket om det skal stå med berre bordtak utan overtekking. Vi arbeidde med rå material rett frå saga. Vi brukte kritsnor for å merke på for kantinga og hogg kantinga med øks. Vi merka borda slik at vi fekk størst mogleg breidd i begge endar men slik at vi fekk rette sider. Borda fekk på denne måten den avsmalinga som det var på den aktuelle stokken. Dei gamle borda hadde mykje vankant og bar preg av at dei som hogg kantinga på dei ville ha størst mogleg breidd. Vi let det også være noko vankant på det som vert undersida på borda, mens det var rein kant på oversida slik at landet på sutakshøvelen får anlegg. Vi vurderte det slik at alle påborda på originaltaket var høvla med okshøvel på oppsida mens omlag halvparten av underliggarane var høvla. Vi valde også å høvle alle påborda med okshøvel. Det var nok med eit drag med okshøvelen for å ta sagskuren. Påborda vart høvla rand i både på oppsida og undersida. Randa på undersida låg nærare kanten av bordet for at det skal passe med randa oppå underbordet. Underborda hadde høvla rand berre på oppsida og der gjorde vi også det same med dei nye borda vi høvla. Ein detalj som vi kunne studere på det gamle taket var at dei som høvla borda var plaga med dei kvistane som låg ut mot kanten av bordet. Når dei høvla over desse kvistane letta dei på høvelen og let være å høvle akkurat over kvisten. For at vatnet skulle renne av bordet trass i at renna ikkje vart høvla over kvisten skar dei ut ei renne med kniv eller øks til sides for kvisten innover bordet. Vi klarte ikkje å finne ut om det var kniv eller øks som var brukt til dette men vi brukte øksa når vi laga same spora.

Vøling Det var ikkje så store råteskadar på Øygardstua ved nedplukking i 1973 men det har vorte meir under lagring på Maihaugen. Vi plukka ned dei stokkane som det var aktuelt å reparere og la dei bort på ein arbeidsbukk som var laga til. Vi vurderte skadeomfang på dei enkelte stokkane og kor vidt vi måtte bytte heile stokkar eller om det gjekk å spunse. Dei stokkane vi starta med kunne alle spunsast på ulike måtar. Vi gjekk fram på den måten at vi prøvde å fjerne det råteskadde treverket for så å finne ut korleis ein eventuell spuns måtte formast. Vi drøfta og at i andre område i landet så var det klimatiske høve som tilsa at ein måtte tenke meir over utforminga av slik spunsing og kanskje og heller bytte heile lengder av stokken. Dei nye bitane vart laga av tørr granplank som var plukka ut til føremålet. Vi prøvde å finne bitar som hadde mest mogleg lik kvalitet som originalstokken og tok ut emnet slik at årringane vart ståande på same måten som i originalen. I løpet av seminaret kom vi ikkje lengre enn å få grovtilpassa spunsane før nagling. Det vart drøfta ulike festemåtar som kan være aktuelle i ulike samanhengar. I denne samanhengen var det trenaglar i kone hål som er bora med 3 4 navar som var mest aktuelle. Det er krav til slike festemåtar at dei skal være bestandige over lang tid og då er trenaglar av det betre ein kan bruke.

Teljing Tømmeret i veggane i Øygardsstua er telja av gran som har høveleg dimensjon i høve til at det er arbeidsøkonomisk å telje sidene med øks før det som vert innsida i veggen vert høvla slett. Utvendig vegg vert det ikkje andre verktøyspor enn dei som vi ser etter teljinga. Ulike stader i landet har ein ulike måtar å telje (ry, skante eller bjelke som det også kallast) til slikt tømmer. Gjennom tidene har også reiskap og arbeidsmåtar endra seg. Slike forskjellar vil bli synleg i dei spora som blir att i veggen. Dei verslitne veggane i Øygardsstua har ikkje att så mange tydelege hoggemerke men noko kan vi lese ut av veggane. Det ser ut til å være hogd med bile som har gått ganske på tvers og litt på skrå av veden. Grovhogging med smaløks. Legg merke til at venstre fot er bak. Gjennom eit dokumentasjonsprosjekt som NHU har hatt tidlegare har ein dokumentert lokale tradisjonsberarar (ikkje langt frå der Øygardsstua stod) og arbeidsteknikken dei nytta til å telje tømmer. Denne arbeidsmåten vart nytta til teljinga av det tømmeret som trongs til utskifting i Øygardsstua. Arbeidsmåten går ut på at ein har stokken liggande på bukkar som er litt høgre enn knehøgd eller omlag 60 cm over bakken. Gangen i arbeidet kan beskrivast på denne måten: Ein vel ut stokk som skal teljast før ein har han opp på bukken. Det er om å gjere at tømmeret ikkje er for grovt i høve til det ferdige målet på stokken i veggen. Stokken vert lagd på bukken og vurdert i høve til kva som skal være opp. Som regel vert stokkane lagt med krylen opp i veggen. Om stokken er oval så vert han lagt på høgaste kant så han bygger mest mogleg i veggen. For at kritet skal synast betre kan ein gjerne hogge av ei barkeremse i den kanten snorstreken kjem. Det kan også være like greitt å barke heile stokken med øks eller barkespade før han vert lagt på bukkane.

Ein merkar av tjukna på stokken ved å bruke ein vater og halde han i lodd. Ein tenker særleg på å halde margen mest mogleg i senter av stokken for å få ein mest mogleg sprekkfri og stabil veggstokk. Ein skjer hakk i øvrekant av streken slik at kritsnora får styring. Ein mann står i enden av stokken medan den andre står midt på og løftar den strekte kritsnora passe høgt. Han som står i enden passar på at snora vert lyft mest mogleg i lodd før ho vert slept. Når dette er gjort rett får ein ei rett line mellom endane på stokken og ein kan kontrollere dette ved å sikte. Ein brukar ei smaløks til å grovhogge av baken på stokken før ein tar til med bila. Når ein står på same sida som ein øksar på og har stokken såg høgt oppe er det særs viktig at ein står godt og på rett måte. Når du har stokken på høgre side av kroppen og går bakover er det sikrast å ha venstre fot bak og høgre fram. Når øksa glepper i stokken så svingar ein ho ut til sides for å ikkje risikere å hogge seg. Til sjølve teljinga så vart det brukt biler på omlag 3 kilo som var skjefta ein tanke over for å kome betre til. Ein startar også her i toppenden av stokken og går baklengs og teljar slik at teljehona (uttrykk frå Hadeland) vert hengande fast i stokken. Når ein har omlag ein tomme att av veden inn til streken før ein går på med bila så er det gjerne høveleg for å få hona til å henge saman.

Vindauge Dei originale vindauga som var i stua vart tekne inn i snikkarverkstaden på Maihaugen og alle gruppene var innom kvar sin tur for å vurdere tilstand og tiltak. Nokre av vindauga var svært verslitne og var vanskeleg å få laga god kittfals utan å gjere for store inngrep i dei. Det var drøfta nokre ulike alternativ til tiltak og dei fleste var positive til å restaurere dei beste vindauga og så lage prosessuelle kopiar av dei som var mest verslitne. Det vert da aktuelt å ta vare på originalane i magasinet på Maihaugen slik at ein seinare kan gå tilbake til desse for å studere detaljar.

Dokumentasjon Det var ei eiga gruppe som skulle arbeide med dokumentasjon av det arbeidsgruppene føretok seg på seminaret. Det vart bruka fotoapparat og notat for å dokumentere undervegs. I utgangspunktet skulle det være to som dokumenterte på kvar gruppe men det fall slik at mange av dokumentatorane måtte reise tidlegare i veka så dei to siste dagane var det berre to av dei igjen og berre ein av desse fekk følgje ei gruppe gjennom heile seminaret. For å kome inn i dei problemstillingane som dei aktive deltakarane i gruppene strevde med så måtte dokumentatoren følgje godt med i alle prosessar og i alle drøftingar. Dette var meir krevjande enn det dei hadde tenkt seg på førehand. Når ein skal notere og fotografere så kravs det ein del konsentrasjon og fokus på dette. For å få fullt utbyte av arbeidet med dokuementasjonen burde kanskje dokumentasjongruppa vore involvert i etterarbeidet med å lage ei framstilling av det som vart gjort på seminaret. På denne måten får ein tenkt igjennom dei ulike prosessane på nytt.