EINHAUGEN Ein bit av Halsa kan bli din! 1 av 10
Lokalisering Einhaugen hyttefelt ligg 4 km aust for Liabø, kommunesenteret i Halsa. Frå feltet er det ca 1,5 t i bil til Trondheim (Tiller), Kristiansund eller Molde. Einhaugen ligg sør for Arasvikfjorden i Halsa Einhaugen i fugleperspektiv sett frå aust Frå feltet har ein utsikt over Arasvikfjorden mot Ertvågøya og Imarsundet. Feltet ligg i ly for verste veret, men det er likevel kort veg til storhavet vest for Tustna. 2 av 10
Naturen i Halsa og rundt feltet I Halsa har vi eit mildt klima med tidleg vår nede i bygda, men likevel stabile snøforhold oppe på fjellet om vinteren. Det er «kort avstand» mellom fjorden og fjella og grendene er fragmentert av heile fem fjordar, med mange holmar og lune viker. Denne variasjonen i landskapstypar innanfor relativt små avstandar gjer Halsa til ei utruleg spennande kommune for den som er glad i å bruke naturen. Her kan du ta morgonbadet i fjøra, ete lunsj på Hennafjellet og fiske storsei i havet til kvelds. -Og attpåtil rekk du å nyte «midnattssola» i Imarsundet frå terrassen din. Mange fine turar, også for korte føter! Frå hyttedøra i Einhaugen har ein direkte tilgang til eit stort og fantastisk variert turområde i skog og fjell kring Hennadalen. Kajakkpadling har blitt svært populært i Halsa. Det er utarbeida eit fint turkart for Halsa i 2010, som viser dei beste turane, -og som gir god inspirasjon til å kome seg ut, -enten til fots, på ski, med båt eller på sykkel. Det er gode forhold for fiske i fjorden -eller i havet utanfor Imarsundet, men du kan også fiske i fjellvatn, elvar og bekkar. Du kan jakte på elg, hjort, rådyr og småvilt i kommunen, og det er flotte forhold for å hauste sopp og bær i skogen og på fjellet. Det blir preparert skiløyper på Glåmsmyrane (like ved feltet) om vinteren. Spennande å gå på islagt vatn! 3 av 10
Fritids- og kulturtilbod I Halsa er det eit yrande kulturliv! Fosskonserten er kanskje det mest kjende arrangementet, der det vanlegvis er ca 3000 besøkande! Vi har også andre årvisse arrangement som veteranbåtfestival på Otnesbrygga, Norsk Vandrefestival, motbakkeløpet Botn Opp, sykkelløpet Valsøyfjorden rundt og Den årlege Fosskonserten er eit kulturelt høgdepunkt i Halsa, med fleire tusen tilhøyrarar. Bygdadagar for å nemne noko. Ca 1 km frå feltet ligg ei av Noreg sine beste gocartbaner, -for den som likar fart og spenning! I same området, men skjerma frå hyttefeltet, ligg også Valsøyfjord Skyttarlag si bane, der det er muleg å trene for skyttarar. Vi har paintballbane og ridesenter ca 15 min i bil frå Einhaugen. Siste åra har det vore satsa på turisme i kommunen, og det er fleire aktørar som tilbyr naturbaserte aktivitetar som kajakkpadling, klatring, rappelering osv. Halsa motorsportsenter ligg ca 1 km frå feltet Det er gode forhold for sykkelturar i nærleiken av feltet, både på lokale grusvegar og langs skogsvegar. Ein fin dagstur for familien kan vere å sykle rundt Strand, der ein kan besøke Keiko si grav på turen. Det er eit lite skitrekk i Betna, ca 10 km frå feltet, medan dei som søkjer større utfordringar kan ta turen til skitrekket i Surnadal (ca 4 mil). 4 av 10
Einhaugen hyttefelt Fjordporten Utbygging AS er i ferd med å bygge ut feltet Einhaugen på Henna i Halsa kommune lengst nord i Møre og Romsdal. Feltet består av 26 tomter, og skal byggast ut med lokalproduserte, nøkkelferdige hytter. Feltet ligg opp langs eit høgdepunkt (Einhaugen), og nederste tomtene har byggegrense 50 meter frå strandlinja. Heile feltet har fantastisk utsikt mot Tustnastabban og Imarsundet, der sola går ned like før midnatt i juni. Tomtene er tilknytta E39 via ein ny, ca 400 m lang privat veg. I fjøra lengst vest i feltet, er det regulert inn ei naustrekke med plass til ca 20 naust og eit bryggeanlegg. I stranda langs fjorden er det langgrundt og barnevennleg med gode forhold for rekreasjon. Flyfoto som viser feltavgrensinga. Tilkomsten var opparbeida etter at fotoet var teke. Utsikta frå feltet mot solnedgangen i Imarsundet Høg kvalitet på hyttene, -gjennomgåande stil i feltet Vi ønskjer å levere hytter med høg kvalitet, og Sørli Arkitekter AS syter for god terrengtilpassing på tomtane, og spennande utforming der det er teke omsyn til utsikt og solforhold. Vi legg vekt på høg kvalitet på materialar og utføring. Tomtene er store sjølveigar-tomter, og plassert mellom friluftsområder for å få «luft» mellom hyttene. Dersom du etter synfaring i Einhaugen ønskjer å bygge i feltet, kan du velje ut ei tomt og utforme di eiga hytte ilag med arkitekten. Når tegningane er klare, kan vi prise hytta, og utarbeide ei kontrakt med ferdigstillingsdato. Bileta under viser noko av det vi har gjort i feltet så langt, og er ein peikepinn på kva vi leverar. 5 av 10
6 av 10
Utsnitt av reguleringsplan for Henna. (Rutenettet viser 100x100 m) Reguleringsplanen viser mellom anna felles vegar, friluftsområder, bryggeanlegg og naustområde innanfor feltet. Avløpsgrøfter og vegar internt i feltet er regulert til fellesareal, og grøftetrasseane er tenkte som framtidige gangvegar. 7 av 10
Utsnitt av reguleringsplan som viser reguleringsføresegnene i feltet. 8 av 10
Naustområdet Den vestlege delen av stranda i hyttefeltet er avsett til naustområde og bryggeanlegg. Vi er i ferd med å opparbeide eit bryggefeste, og ei «bryggeforening» vil drifte flytebrygga i framtida. Vi skal også oppføre 15-20 naust i stranda, og dei 4 første er ferdige. Nausta er ca 4x7,5 m (varierande storleik), og er bygde slik at kjøpar kan montere vogn og vinsj for å dra opp båt. 9 av 10
Frå hytta på tomt 23 er det omlag 50 meter til sjøen, og den ligg ca 17 moh. Utsikta er fantastisk! Visning ytterlegare informasjon Dersom du ønskjer å kome på visning, kan vi stille på kort varsel alle dagar. I helgane er vi ikkje på mail, så ta kontakt på telefon; 99 57 89 22. Forøvrig svarar vi naturlegvis gjerne på alle spørsmål du måtte ha både på telefon og mail. Vi tek forbehold om feil i prospektet, og interessentar vert oppfordra til å undersøkje tomtene og feltet nøye. Valsøybotn, juni 2012 Åse Bergset For Fjordporten Utbygging AS 10 av 10