Vågsøy Arbeidarparti Program 2011-2015
Helse og omsorg For at Vågsøy kommune skal vere ein slagkraftig kommune også i framtida må ein satse på tiltak som gir auka tilflytting til kommunen. Arbeidarpartiet vil jobbe for å skape det politiske samarbeidet som er nødvendig for å sikre utvikling og ei trygg framtid for alle. Vågsøy kommune har tronge økonomiske rammer, men politikk handlar om å prioritere innanfor dei rammene som er, og skape best muleg grunnlag for vekst. Vågsøy Arbeidarparti vil føre ein ansvarleg politikk, sjølv om vi til tider må ta nokre upopulære val. Eigedomsskatt er nødvendig i ein periode for at kommunen skal gje eit tenestetilbod som gjer oss attraktive for tilflyttare. Med ny vekst vil inntektene auke og grunnlaget for eigedomsskatt vil bli mindre. Ap sitt mål er å halde eigedomsskatten på dagens nivå. arbeide for at kommunen skal vere ein aktiv pådrivar i prosjekt knytt til samhandlingsreforma og gjennomføringa av denne ha vekt på førebygging innføre trening på grøn resept satse på folkehelse, både når det gjeld kosthald og fysisk aktivitet senke terskelen for å få naudsynt hjelp når du treng det arbeide for å auke antal heildøgns omsorgsplassar ha eit godt dagsentertilbod arbeide for å behalde dyktige tilsette, og sikre rekruttering til helseog omsorgssektoren arbeide for eit framtidig godt tenestetilbod ved Nordfjord sjukehus auke kunnskapen til tilsette og innbyggjarar i kommunen om hjelpetiltaka som barnevernet kan tilby, for å sikre hjelp på eit tidleg tidspunkt sikre tilbodet ved ASVO Vågsøy kommune har ved hjelp av eit godt samarbeid med næringslivet og private aktørar skapt eit næringsapparat som viser til gode resultat, og som har vore med på å skape optimisme i vår del av fylket. Arbeidarpartiet vil jobbe hardt for at dette skal fortsetje, sidan vi ser på dette arbeidet som avgjerande for vidare utvikling i kommunen. Arbeidarpartiet vil jobbe for å sikre at Vågsøy kommune som den største arbeidsgjevaren i kommunen har nødvendig kompetanse innan organisasjonen. Vi vil også jobbe for å vidareutvikle ein effektiv organisasjon som sikrar nok kapasitet til å gje innbyggjarane og næringslivet tenester som er gode nok til å gje vekst og trivsel. 2 3
Opplæring Infrastruktur arbeide for å sikre nok fagarbeidarar til barnehagane ha fokus på innhald og kvalitet i skulen, ved å organisere barneskulane på ein effektiv måte arbeide for å sikre rekruttering til undervisningsstillingane, noko som vil vere ei utfordring med ei stadig meir spesialisert lærarutdanning og stor avgang dei næraste åra synleggjere for elevane kva karrieremulegheiter som finst i lokalmiljøet ved eit nært samarbeid mellom næringslivet og skulen arbeide for å behalde og vidareutvikle eit breitt tilbod ved opplæringsmiljøet tilknytt Måløy vidaregåande skule arbeide for realisering av 45-minuttsregionen arbeide for realisering av vegstrekningane Raudeberg skule haldeplassen, Måløy Vågsvåg og Bryggja Nave arbeide for sykkel- og gangveg ved Raudeberg skule og strekningane Måløy Vågsvåg og nordover frå Maurstad sikre mulegheitene for pendling gjennom tilpassa båt- og bussruter arbeide for realisering av Stad skipstunnel med ekstraordinære statlege midlar fullføre fiberutbygging i kommunen Attraktivitet Næringsutvikling og regionalt samarbeid vidareføre utviklingsarbeidet som Måløy Vekst har starta ta initiativ til regionalt samarbeid om næringsutvikling leggje til rette for samarbeid med FoU-miljø nasjonalt og internasjonalt sikre tilgang på næringsareal. Det er viktig å ha eit klart skilje mellom kva areal som skal nyttast til næring og kva som skal nyttast til andre formål ha tilgjengelege tomter i alle bygder, samt å leggje til rette for gjennomgangsbustader i Måløy sentrum leggje til rette for at Nordfjordhallen held posisjonen som den viktigaste kulturscena i ytre Nordfjord leggje til rette for eit endå meir variert ungdomstilbod arbeide for gode nettsider med informasjon om kommunen 4 5
Kristin Maurstad som ordførar kvifor? Bakgrunn: Utdanna adjunkt (faglærar i m.a. norsk og samfunnsfag) Har jobba seks år som ferievikar i mekanisk verkstad i olivinbedrifta på Åheim Har jobba på fleire skular: Ytre Stad, Flatraket, Åheim og Eid Har jobba i næringsutviklingsselskap i Vanylven (i ein periode som leiar) Jobbar no i Måløy Vekst som prosjektleiar Har vakse opp i ein politisk aktiv familie, med far som var ordførar i Vanylven i 16 år og fylkesordførar i Møre og Romsdal i fire år. Kjenner dermed godt til politisk tenking og det politiske språket Er småbarnsmamma Friluftsmenneske som likar å bruke naturen Aktiv i bygdeutvikling og frivillig arbeid Kvalitetar: Er ung Er utdanna lærar, og har eigne born i barnehage og skule Har eit utstrakt politisk nettverk, gjennom eigne verv som mellom anna stortingskandidat, styremedlem i fylkespartiet, lokallagsleiar, og gjennom jobberfaringar Har ein allsidig bakgrunn Har svært god kunnskap om næringslivet og dei utfordringane dei står ovanfor Har gode kunnskapar om kva rammebetingelsar som må jobbast med for å få til vekst og utvikling Er ein omgjengeleg person har alltid eit smil på lur Forventningar til kva Kristin skal få til: Få ting til å skje Vere ein aktiv nettverksbyggar Involvere innbyggjarane i utvikling av kommunen Ha aktiv dialog med næringslivet om saker som angår dei Tenkje regionalt Jobbe for gode og langsiktige løysingar på utfordringane ein har i kommunen 6 7
Valliste kommunevalet 2011 1. kandidat Kristin Maurstad 1. Kristin Maurstad 1980 2. Frode Kupen 1977 3. Helen Hjertaas 1967 4. Harry Øvstedal 1942 5. Anette Forthun 1970 6. Johnny Gotteberg 1964 7. Linda Vika 1973 8. Leif Magne Gil 1977 9. Jan Kvalheim 1957 10. Endre Sekse 1962 11. Roger Silden 1948 12. Stig-Rune Maurstad 1970 2. kandidat Frode Kupen 3. kandidat Helen Hjertaas Dei tre øvste er kumulerte For meir informasjon om Vågsøy Arbeidarparti: Kristin Maurstad, 6711 Bryggja Tlf. 412 34 049 E-post: kristinmaurstad@yahoo.no www.vagsoy.arbeiderparti.no 4. kandidat Harry Øvstedal Bruk stemmeretten din! Alle foto: Thomas Hagen, Måløy www.thagenphoto.com Ø M E R KE T ILJ Trykkeri 71 4 M 41 2 8 Grafisk produksjon: E. Natvik Prenteverk AS, Florø