FORORD side 2. TABELL OVER AKTIVITETAR side 3 1. IDEFASE OG ALLIANSEBYGGING 4 2. FINANSIERING 5 3. KVALITETSKRITERIA OG LANSERINGSKONFERANSE 5



Like dokumenter
Tredrivaren (18)

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting


Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Forslag frå fylkesrådmannen

ehandel og lokalt næringsliv

PLP - PROSJEKTPLAN GRØN VARME I TELEMARK

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

SAK 51/17 FILM; FJORD, FJELL OG VIDDE

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Radøy kommune Kommunedelplan for vassforsyning og avløp - Planprogram. Utgåve: 1 Dato:

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Kompetanseprogram for auka bruk av tre. Møre og Romsdal

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Stryn kommune 1

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Hareid kommune Kommunedelplan for vatn og avløp Forslag til planprogram

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Forstudie Næringshage i Vinje

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

1. Tiltak K1 Nasjonalt utviklingsprosjekt i fylkeskommunar og kommunar.

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 35/17 Formannskapet

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

REGIONALT UTVIKLINGSPROGRAM FOR HORDALAND 2007 TILSEGN OM TILSKOT INNTIL KR 1,2 mill, TIL PROSJEKT Tiltaksprosjekt i Tysnes TILSEGN 40-07ON

Samspill Prosjektering

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/ Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

Støtteordningar og søknader

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Team Hareid Trygg Heime

Transkript:

MØRE OG ROMSDAL ARKITEKTFORENING BB2012 OPPSUMMERING FORPROSJEKT 2009-2010 INNHALD: FORORD side 2 TABELL OVER AKTIVITETAR side 3 1. IDEFASE OG ALLIANSEBYGGING 4 2. FINANSIERING 5 3. KVALITETSKRITERIA OG LANSERINGSKONFERANSE 5 4. RINDAL VEST, DIALOG OG LEVERANDØRUTVIKLING 6 5. ANDRE PROSJEKT, VERDSARVBUSTADEN 7 6. VEGEN VIDARE 9 1

FORORD Føremålet med denne oppsummeringa er å gje eit kortfatta, men mest mogeleg komplett bilete av idégrunnlag, prosjektet sine aktivitetar og kva som er oppnådd, og trekke konklusjonar for ein mogeleg veg vidare. Oppsummeringa og evaluering av forprosjektet bør og vere av stor interesse i for eventuelle liknande satsingar.. Det som i starten var ein ide om tematisk fokus i form av seminar, kurs og liknande i regi av Møre og Romsdal Arkitektforening utvikla seg til eit prosjekt som skal arbeide målbevisst for å få i gang fleire konkrete byggeprosjekt med miljø og energifokus i regionen. Dette er tråd med sentrale målsettingar som mellom anna er uttrykt i Bygg for Framtida, Miljøhandlingsplan for bolig og byggsektoren 2010-2012 (KRD), og dokumentet Arkitektur.nå : regjeringa si satsing på arkitekturpolitikk (nesten alle departementa, utgjeve i august 2009) Prosjektet har til no vore prega av knappe ressursar og ein ikkje utbetydeleg dugnadsinnsats, særleg i startfasen før finansieringa var på plass. Ikkje minst på bakgrunn av dette meiner vi det vi har oppnådd og som vi pr. i dag ligg an til å kunne få til i samarbeid med andre aktørar som har vore medspelarar og nye som kan trekkast inn kan verte av stor betydning.. Og ikkje minst er det viktig å peike på at vi skal leve, arbeide og byggje berekraftig i heile landet, ikkje berre i Fremtidens byer (Satsing innafor dei 13 største byområda i Noreg, Ingen av byane i Møre og Romsdal er store nok til å vere med her). BB2012 bør derfor ha ein viktig funksjon som regional pådrivar og arena for innovasjon og utvikling for sentralt uttalte mål med brei politisk plattform når det gjeld utforming av bygg for framtida. Nasjonal og politisk forankring: 2

MAF/BB2012. OVERSIKT OVER AKTIVITETAR I FORPROSJEKTFASEN Generelt prosjektarbeid Off. møter etc. regi andre viktige møter Off. møter etc. i eigen regi dato/tidsrom Aktivitet Føremål Deltakarar (tal) nov-des 08 Ide og prosjektskisse Lansering av ide for aktuelle 1 utkast til beskrivelse samarbeidspartnarar jan-mar 09 Vidareutvikling av beskr Avklaring innhald, budsjett budsjett og framdr.plan og finansieringsplan 26.mar.09 Klimaverkstad M og R Fylke Drøfting med diverse 8-10 frå forskjellige etater i fylket fylkesetater 01.apr.09 Seminar i samarb med Tema: Miljø og klimavenleg 35 + høgskule-stud. Høgskulen i Ålesund bygging, lansering BB212 bygg. (1. offentlege presentasjon) 12.mai.09 Alliansebyggande Møte, Presentasjon og drøfting Aktuelle samarbeids Molde av veg vidare. Opnemning partnarar (ca 20 pers) av interimstyre. ma. president i NAL jun-aug-09 Arbeid med søknader om Skaffe midlar Prosjektleiar og finansiering interimstyret 8.jun.09 Møte i Miljøutvalet, M og R. Presentasjon av BB 2012 Politisk utval på Runde Miljøsenter for fylkespolitikarar sept-okt 09 Arbeid med kvalitetskrit. Komplettering av Arbeidsgruppe/ og revidert prosjektbeskr. prosjektbeskrivelse interimstyret 20.okt.09 Landbrukskonferansen -10 Presentasjon av ca 200 i Møre og Romsdal BB2012 nov.09 Etablering av kontakt med Mulig casestudy for BB2012/landbr.avd Innovasjon Norge Treprogr nærare involvering av Inn N-Treprogr. og Rindal kommune. bedrifts-sida i prosjektet Rindal kom nov-des 09 Førebuing program for vår Generell blest og info Interimstyret utarbeiding av "flygar" jan-feb 10 Førebuing lanseringskonf. Lansering tema.. Styret og Ecobox jan-feb 10 Møter med Rindal Presentasjon og drøfting Rindal kom, BB2012 kommune Etablering av samarbeid Inn N-Treprogr. 11.mar.10 Lanseringskonferanse Lansering 70-80 mar-apr 10 Førebuing Dialogkonferanse Metode og program Rindal kom, BB2012 Inn N-Treprogr. 30.apr.10 Dialogkonferanse i Rindal Prosjektpresentasjon og ca 30 repr for open drøfting med 20-25 bedrifter deltakande firma apr.10 Møte med Tingvoll komm. Presentasjon og evt. samarb. M.a. nemnd for komm. prestebustad mai-juni 10 Evaluering dialogkonferanse Evaluering og kvalitets- Prosj.leiar Rindal V og skisseprosjekt for sikring, drøfting av BB2012/landbr.avd Rindal Vest prosess vidare Inn N-Treprogr. mai-aug 10 Oppsummering forprosjekt Sluttrapport/ veg vidare juli-aug 10 Utarbeiding av prosjektidé Utforming av ide, BB 2012 og The for Verdsarvbustaden m.a møte mde Ordførar Happy End Norddal 3

1. IDEFASE OG ALLIANSEBYGGING. MAF-styret begynte hausten 08 så smått å skissere på et opplegg for en bustad- og byggutstilling i Møre og Romsdal med tema er berekraftige bygg med vekt på bruk av tre og tverrfagleg organisering og tilnærming. Ideen vart til slutten av november i samband med utlysing av tilskotet Regionale arkitektur- og designmidlar gjennom Norsk Form. På dette grunnlaget vart ideen formidla til NAL v/ Ecobox, Trefokus og Fylkesskogsjefen i Møre og Romsdal, som alle var interesserte i samarbeid om vidareføring av ideen. Utkast til prosjektbeskrivelse vart laga i desember og presentert for nokre fleire mogelege samarbeidspartnarar: Møre og Romsdal Fylke, plan og miljøetatane, Husbanken, Enova, Innovasjon Norge og Møregruppene av NIL (Norske interiørarkitekter og møbeldesigneres Landsforbund) og NLA (Norske Landskapsarkitekters landsforbund) Invitasjon til seminaret 01.04.09 på Høyskolen i Ålesund På grunnlag av drøftingane i Klimaverkstaden 26.03.09 (sjå tabell side 3) vart det innkalla til alliansebyggande møte på Fylkeshuset 12.05. Dette hadde deltakarar frå Husbanken, Trefokus, NAL/ Ecobox, skogbruksnæringa og møbelbransjen i fylket, fylkeslaga av arkitektforeininga, interiørarkitektane og landskapsarkitektane. Frå Møre og Romsdal fylke var både landbruk-, regional- og næring-, bygge- og vedlikehald-, areal- og miljøvernavdelinga og tettstadprogrammet representert. NAL sin president, direktør og redaktøren av Arkitektnytt var tilstades og synleggjorde forbundet si høge interesse for dette prosjektet. Eit interimstyre med ansvar for å utarbeide eit forprosjekt for bustad- og byggutstillinga fekk slik samansetting: - Harald Nymoen, fylkesskogsjef (leiar) - Aasmund Bunkholt, Trefokus - Aslaug Marit Øyehaug, NIL- Møregruppa - Ellen Devold, NAL/Ecobox - Eva Spirdal Jacobsen, Møre og Romsdal fylkeskommune, Plan og Miljøetaten - Magne Bergseth, MAF (prosjektleiar) - Mari Klauset Hagen, NLA - Pål Lunder, MAF / Fjordfiesta as Miljøutvalet i Møre og Romsdal fylke fekk 08.06.09 framlagt BB2012 som ei sak i sitt siste møte før sommaren: Sak 9/09A-BB2012. Med utgangspunkt i ein gjennomgang av klimaplanen og landbruksnæringa sine utfordringar presenterte vi dette tiltaket som tiltak i klimaplanen. Synspunkta som kom fram i møtet viste ei klar positiv haldning, og utvalet vedtok å be fylkesdirektøren vurdere finansiell støtte til prosjektet på budsjettet for 2010 då midlane for inneverande år var brukt opp. 4

2. FINANSIERING AV FORPROSJEKTET. Arbeidet kunne halde fram utover hausten på grunn av noko tilførte midlar, sjølv om ikkje alt var på plass før i november. Av den budsjetterte summen på 700 000 fekk vi ca. 500 000, med følgje at aktivitetsnivået har vore justert noko ned i samsvar med dette. Spesielt fann vi det naudsynt å eliminere utgifter til innleigd hjelp til profilering og framstilling av trykksaker. FINANSIERING Aktivitetsstønad NAL, NIL OG NLA 60000 Husbanken, kompetansetilskot 100000 Møre og Romsdal fylkeskommune 200000 Statens Landbruksforvaltning (BU-midlar gjennom fylket) 100000 Lanseringskonferanse 11.mars 2009, deltakaravgift 42690 SUM 502690 Av dette mva (avrunda tal) 91500 Det vart avslag på søknad til Innovasjon Norge, men grunngjeving at dei ikkje ville gje stønad til generelle mobiliseringstiltak og at bedriftssida ikkje var representert. Seinare har Innovasjon Norge bidratt med eit tilsagn om 80 000 dialogkonferansen i Rindal vest (sjå 1.4). Rekneskap er vedlagt (Vedlegg 4) 3. KVALITETSKRITERIAR OG LANSERINGSKONFERANSE. I løpet av hausten vart prosjektbeskrivelsen supplert med kvalitetskriteria for byggeprosjekta, og ei breid lansering vart planlagt ved årsskiftet. Då vart det utarbeidd flygar med kort info om prosjektet som vart sendt til presse, alle kommunane i fylket, byggenæringa sine organisasjonar, og trenæringa i fylket. Prosjektbeskrivelsen og anna relevant stoff vart lagt ut på MAF si nettside under NAL: http://www.arkitektur.no/?nid=5763 UTDRAG AV KVALITETSKRITERIANE (Meir utfyllande sjå prosjektbeskrivelsen side 9-11) 1. Lokalisering: Nærleik til off. kommunikasjon for prosjekt i by elle bynære område. 2. Energibruk: Prinsippet for passiv energidesign skal leggast til grunn lågt energiforbruk og klimagassutslepp både i byggefasen og i drifts-/bruksfasen. Dette gjeld og for uteområda og inventar/møblar. I drift ein standard tilnærma eller lik passivhusstandard. Minstekrav til realiserte prosjekt er ein reduksjon på 50% i høve forskriftskrav i dag. 3. Materialbruk: Robuste løysingar i høve til lokale klimatilhøve. Det skal i størst mogleg grad nyttast trevirke og trebaserte byggematerial der dette er forsvarleg ut frå konstruksjon og bruk. Dette gjeld også utemøblering og interiørprodukt. 4. Sosial berekraft: Velfungerande planløysingar, god planlegging av byrom og uteområde i samanheng med bebyggelsen. Universell utforming. 5. Næringsutvikling: Tilrettelegging for for ei løpande verdikjede- og leverandørutvikling i tilknyting til byggeprosjekta og utbyggingar. Lokale/regionale leverandørar skal oppmuntrast og inviterast til å delta i prosessar og prosjekt. 5

6. Arbeidsprosess: Krav om utarbeiding av kvalitetsprogram i alle prosjekta for konkretisering av målsettinga i det enkelte byggeprosjekt. Krav om at prosjekta skal vere utvikla av prosjekteringsgrupper der både arkitekt, interiørarkitekt og landskapsarkitekt er med i tillegg til andre relevante faggrupper. LANSERINGSKONFERANSE. Føremålet var å presentere prosjektet og gje generell informasjon og inspirasjon til deltakarane for å vekke interesse for temaet generelt og mulig samarbeid om konkrete prosjekt. PROGRAM FOR LANSERINGSKONFERANSEN 11.03.10 VELKOMST Steinar Reiten, leiar av miljøutv. MogR fylke BB2012 -AMBISJON, STATUS OG KRITERIAR Helge Aarset, MAF. BYGG- OG BUSTADUTSTILLING SOM METODE Ellen Devold, NAL-Ecobox TRENÆRINGA I MØRE OG ROMSDAL Harald Nymoen, Fylkesskogsjef KLIMABYGGERI OG MILJØREGNSKAP- FRA TRENÆRINGA SIN STÅSTAD Aasmund Bunkholt, Trefokus BB2012 SOM INNOVATIV LØYSING FOR Ola Øyen, LOKALT NÆRINGSLIV Innovasjon Norge, Treprogrammet MARILUNDEN - INNOVATIVT OG RASJONELT Wilhelm Eder, TREBYGGERI I STAVANGER Eder Biesel Arkitekter PREFABRIKASJON AV MODERNE TEBYGG - MULIGHETER OG UTFORDRINGER Per Arne Kyrkjeeide, Trebyggeriet MILJØVENLEG MØBELINDUSTRI PÅ BANEN Helende Jellestad, Norsk Industri NARDO SKOLE, ENERGIEFFEKTIV SKOLE I MASSIVTRE Sverre Andreassen, Eggen Arkitekter Meir om konferansen sjå http://www.arkitektur.no/?nid=202341, her kan foredraga og lastast ned. 3. RINDAL VEST. DIALOGKONFERANSE OG LEVERANDØRUTVIKLING. Her vert det laga ein eigen rapport, som verktøy for det vidare arbeidet i samarbeid med Rindal kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Innovasjon Norge, Treprogrammet. Her er eit førebels oversyn over poeng og aktivitetar: I slutten av november 2009 vart det halde eit uformelt møte med Innovasjon Norge, Treprogrammet, der vi beslutta å prøve å få til ein konkret Case i samband med ei byggeprosjekt. Dette har vi fått til gjennom kontakt med Rindal kommune og utbygging av Rindal vest der det inngår to byggesaker. I november bidrog vi med nokre råd i samband med utlysning av prosjekteringsarbeidet i Doffin-basen. Det vart formulert relativt høge ambisjonar på energi- og miljøkrav og mest mogeleg bruk av tre, og prosjektleiar for BB2012 (Magne Bergseth) vart engasjert av Rindal Kommune som rådgjevar i val av planleggar. Valet fall på Rambøll Ålesund/Trondheim. I samband med dette vart det skipa til ein Dialogkonferanse 30.04.10 i samarbeid med Rindal Kommune og Innovasjon Norge. Konferansen har eit eige budsjett og er finansiert av Rindal Kommune (45 000) og Innovasjon Norge (80 000). Om konferansen sjå MAF si nettside under NAL: http://www.arkitektur.no/?nid=5763, Konferansen vart og omtala i lokal presse, på Rindal kommune si heimeside og nettstaden trollheimsporten, sjå http://www.trollheimsporten.no/imponerende-interessefor-dialogkonferansen.4779510-137312.html Om lag 30 verksemder innanfor byggenæringa var representerte på konferansen. Det er vår intensjon å følgje Rindal Vest-prosjektet vidare med tanke på at dette eventuelt skal bli eit av utstillingsprosjekta. 6

Det viktigaste med Case-studiet er likevel prosessen. Interesserte leverandørar vert presentert for byggeplanane på eit tidleg stadium og utfordra til å kome med innspel og gå i dialog med planleggjarane om val av løysingar på eit tidlegare stadium enn (som normalt) når prosjekteringa er kome så langt at dei viktigaste føringane er lagt. Denne strategien håpar vi skal legge til rette for eit samspel mellom aktørane og inspirere til innovasjon og nyskaping. Fig.2: Samspelet der BB2012 har ein koordinerade rolle (skisse: Ola Øyen) Fig 3: Prosessen (skisse Per A Holte, Innovasjon Norge) Figurane 2. og 3 er henta frå førebels evalueringsrapport frå Dialogkonferansen. Rambøll leverte skisseframlegg til utbygginga Rindal vest i slutten av juni. Skissene vart gjennomgått i møte 29.6 mellom Prosjektleiaren for Rindal Vest, Steinar Hovlandsvåg, Ola Øyen frå Innovasjon Norge / treprogrammet og Magne Bergseth frå BB2012. Oppsummering i eigen rapport. 5 Andre aktuelle prosjekt, Verdsarvbustaden. På eit drøftingsmøte i Tingvoll vart det presentert eit opplegg i tilknyting til eit prosjekt for utbygging av ein kommunal prestebustad, idéen vart godt motteke, men stranda på at kommunen hadde for knapp framdriftsplan. Vi har mottatt eit prosjektframlegg som dreier seg om rehabilitering av ein einebustad frå 1960-talet i Ulsteinvik, dette kunne vore eit interessant objekt, men eigaren har seinare bestemt å selje huset. 7

Det har vore uformell kontakt med fleire andre utbyggarar, men dette har til no ikkje resultert i fleire prosjekt. Vi har god tru på at vidare kontakt med kommunar og andre aktuelle utbyggarar kan vere interesserte når vi får etablert eit hovudprosjekt og presentert metoden som har vore utprøvd i Rindal vest, og forsøkt tilpassa og vidarført i prosjektet Verdsarv-bustaden. VERDSARVBUSTADEN. I etterkant av Møre-og Romsdal Arkitektforening sitt årsmøte på Paktarbustaden ved Norddal prestegard 11.06 og synfaring til turistveg-prosjekta og i Verdsarv-området (Geiranger m.v.) signaliserte nokre sentrale personar tilknytt "The Happy End Norddal" interesse for å drøfte eit mogeleg prosjektsamarbeid med BB2012. Sjå: http://www.norddal.com/. Idéen vart utvikla i samband med "outoftown-seminar" i Paktarbustaden 25.6, og underteikna laga eit notat i etterkant av dette som vart drøfta vidare under ei vitjing i Norddal i veke 32. (sjå prosjektbeskrivelsen) Under desse drøftingane kom det og fram ynskje om å prøve å dra inn potensielle motstraumsflyttarar og folk/institusjonar som forskar på dette i prosjektet. Dei har kontakt med aktuelle folk som kan tenkje seg å slå seg ned på staden. Desse omsyna utvidar det tverrfaglege siktemålet som pregar BB2012, og som framleis skal vere rettesnor for prosjekta. Dette delprosjektet set og fokus på korleis strategi for miljøvenleg bygging skal vere overordna og i utkantstrok, og ikkje berre i byar og tettstader. Soleis har det ein viss likskap med Rindal Vest. Vidare er prosessen som er utvikla i samband med Case-studiet for Rindal Vest, og ideen om hybrid mellom kurs og arkitekttevling som var lansert for Tingvoll, søkt vidareført og tilpassa prosjektet. Norddal (Dalsbygda) er ei lita bygd i Norddal kommune. Delar av kommunen er med i Verdsarvområdet (UNESCO-lista): Vestnorsk Fjordlanskap, Nordre del, sjå: http://www.verdensarv.com/, der eit overordna mål er følgjande: I verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap er det eit overordna mål å sikre både natur- og kulturverdiane. Området inneheld også busettingsområde, og det er viktig at forvaltninga gjev gode vilkår for framhald av busetting og næringsverksemd, utan at dette svekker verneverdiane. Ideen vart lagt fram for ordføraren i Norddal kommune i møte 12.august og svært godt motteke. Herdalen med Herdalssetra er med i Verdsarv-området foto mb Meir utfyllande om prosjektet Verdsarvbustaden, sjå eigen prosjektbeskrivelse. 8

4. VEGEN VIDARE Det er lagt eit betydeleg arbeid ned i utarbeiding og gjennomdrøfting av kvalitetskriteriar for dei konkrete byggeprosjekta, jfr.kap.4 Essensen av dette vart innarbeidd i utlysingsteksten for prosjektet Rindal Vest i desember 2009, og skal gjennomsyre arbeidet med vidare utvikling av prosjektet. Med dette har vi lagt grunnlaget for eit verktøy som kan ha stor overføringsverdi til liknande prosjekt i andre kommunar. Måla som er sett opp for dei einskilde byggeprosjekta kan sjølvsagt ikkje etterprøvast før seinare, når ein er kome vidare i prosessane. Målet om kompetanseheving, innovasjon og nye tverrfaglege samarbeidsformar ser vi gode spirar til både i Rindalsprosjektet og Verdsarv-bustanden. Vi meiner og vi har greidd å spreie ein del viktig kunnskap og haldningar gjennom dei seminara og konferansen vi har hatt. Med røynsle frå møta vi har hatt med prosjektpresentasjon og drøfting av mogeleg samarbeid i Tingvoll og Rindal kommunar meiner vi at ein mogeleg strategi kan vere å avtale liknande informasjons- og drøftingsmøte med alle kommunane i fylket. Gjerne begynne med byane, men det føreset ein del meir info om prosjektet. Sjølv om dette har vore utsendt på epost, og dei fleste kommunane har vore kontakta på telefon (i samband med mobilisering framfor konferansen i mars) er det ikkje sagt at info om prosjektet har nådd tilstrekkeleg fram til målgruppene på utbyggarsida. For lite merksemd om klima- og miljøstoff generelt? Det er eit gjennomgåande fenomen at klima og miljøstoff har liten merksemd i lokal og regional presse i forhold til kor viktig dette er. Dette gjeld kanskje særleg passive tiltak som energisparing som ein kan oppnå med gjennom betre byggjeskikk. Det viser seg og at temaet ikkje er lett å få formidla gjennom lokal og regional presse. Her bør det leggast større innsats for dagen, men det krev jo sitt i form av midlar. Konservatisme mellom utbyggarar og byggenæringa lokalt? Trong til å gjere det slik som vi har gjort det før og kan er relativt stor. Det er alltid risk med å prøve nye ting og nye byggemetodar, og derfor vanskeleg å få aktørar til å velje å satse på nye metodar og pilotprosjekt, særleg når dei ikkje er overtydd om at dei får meirkostnadane dekte i form at tilskot. Det er og ofte problem knytt til at ekstra satsing for mange utbyggar synest å gå utover ønska framdrift (jfr. dømet frå Tingvoll) Generelt er det vår oppfating at her må det meir satsing til, og at pådrivarar lokalt og regionalt er viktig. Dette er igjen ein av dei viktigaste drivkreftene bak satsinga i prosjektet, og vi ser det som eit problem at denne delen av satsinga er noko av det vanskelegaste å få finansiering til. Bygge og trevarebransjen er vidare avhengig av at dei blir stilte framfor konkrete utformingar som er nedfelt i design og prosjektering av bygg. Dersom det berre blir designa og prosjektert i kjent og kjær stil vert utviklinga deretter. Uavhengig av graden av suksess for BB2012 vil utfordringane for lokal byggjenæring, treforedling og møbelindustri vere til stade. Det same vil utfordringane for utviklinga av busetnaden og verdiskapinga i heile landet. Nyskapingar vil kome og dersom ein ikkje fylgjer med lokalt og regionalt vil andre overta. Generelt har vi eit inntrykk av at vi er i flyt i riktig retning om enn noko saktare enn vi hadde håpa på, og at vi må fortsette med info og kontaktar. Utviklinga av prosjekta i Rindal og Norddal vil vere ei viktig indikator på om vi er på rett veg. Ikkje minst er vi overtydd om at pådrivarar regionalt og lokalt er ein viktig faktor. Utan dette skjer det lite. Det å sjå at nye perspektiv og muligheiter oppstår gjennom samspel i eit slikt prosjekt dersom ein er open for det er ein viktig drivkraft for vilje til vidare satsing. Vi har den klare oppfatinga at ei vidare satsing på prosjektet bør finne stad, og er eit naudsynt supplement til den generelle satsinga på området gjennom sentrale politiske vedtak og meldingar, og som vert kanalisert gjennom mellom anna Husbanken og Enova. 9

Pådriv og resursar som dei som er kanalisert gjennom Fremtidens Byer med delprosjektet Fremtidens bygg i dei 13 største byområda i landet manglar i Møre og Romsdal, Her kan BB2012 kome inn og ha ein viktig rolle. Kommunane er pålagt å utarbeide klimaplanar som skal vere forpliktande og gje resultat. Her kan BB2012 vere både pådrivar og verktøykasse for å få realisert miljøvenlege og framtidsretta kommunale byggeprosjekt. Prosjektet bør få ein litt større og klarare forankring og utvida eigarskap. Drøftingar om organisering av dette og etablering av hovudprosjekt er under førebuing. Innleiande møte med fylket var 21.06, der ein vart samde om å ta tak i dette etter ferien. Dette krev politisk vilje og vi er avhengig av avklaringar både i høve til administrasjonen i fylkeskommunen, og fylkesmannen, og politisk leiing, og det vil ta tid å få det på plass. Viktig utfordringar er korleis vi skal organisere og finansiere den aktiviteten som må til for å drive fram dette, og korleis vi skal få fram prosjektet sine fortrinn som viktig aktør i det vidare miljøpolitiske og næringspolitiske arbeidet i fylket. Eit viktig del av dette må vere å få presentert Rindalsprosjektet som verktøykasse. Vi har og den klare oppfatninga at kontinuitet i arbeidet er viktig, ikkje minst fordi vi allereie er involvert i eit konkret prosjekt (Rindal Vest) og ser spennande muligheiter i Verdsarv-bustaden. Derfor er det viktig med såpass slagkraft at dette kan vere mogeleg. Glød for saka er til stade, men dette åleine er ikkje nok. Utifrå prosjektleiaren si vurdering vil eit engasjement som tilsvarar 25-30% stilling + nokre midlar til involvering frå interimstyret og reisekostnader vere naudsynt i ein litt forlenga interimsperiode fram til finansiering av hovudprosjektet er etablert. Dette kjem i tillegg til naudsynte midlar i samband med mogeleg prosjekt i Norddal, jamfør notatet, vedlegg 3 - Målsetting, aktivitetar og kostnadsnivå: Målet må vere å få etablert eit hovudprosjekt i tråd med målsetningane i forprosjektet (minst 3 konkrete byggeprosjekt osv). Vi er på god veg til dette og meiner at vi bør arbeide med ein målsetning om at det skal vere organisert innan oktober -10. Samla kostnadsnivå er ikkje mogeleg å anslå før ein har etablert prosjekta. - Type byggeprosjekt. Tekst om dette i forprosjektet gjeld framleis, men poenget med leverandørutvikling og leverandørmobilisering (etter modell frå casen i Rindal) bør poengterast. Det er det og gjort i prosjektskissa til Verdsarv-bustaden I møte med Husbanken 3.5 vart det påpeika at prosjekt innafor rehabilitering og ombygging vil vere spesielt interessante i samband med søknad om stønad (Regiondirektøren) - Leverandørutvikling. Det er ein klar føresetnad for medverknad frå Innovasjon Norge at prosjektet blir ein reiskap som fører til utvikling og innovasjon på leverandørsida. Framgangsmåten og opplegget i Rindal er ein freistnad på strategi for å legge til rette for dette, men for å kome dit er vi avhengig av at tiltakshavarar stiller opp med formulerte ynskjer og utfordringar som vert vidareført og profesjonalisert av kreative og kompetente aktørar på design- og prosjekterings-sida. Ulike leverandørar må utfordrast til å bidra med sin kompetanse i ein tidleg fase i prosjektet. Eit slikt samspel kan gi grunnlag for utfordringane som leverandørsida kan ta tak i og som dei ser verdien av for utviklinga i sin eigen bedrift, og truleg og bane veg for nyetableringar. Ulsteinvik/Eiksund 05.08.10. BB2012 v/magne Bergseth 10