OS KOMMUNE Os kommune MØTEPROTOKOLL Os Forvaltningsstyre Møtestad: Vedholmen kai Møtedato: 05.07.2004 Frå: 09.00 til KL. 16.40 Synfaringar kl. 09.00-14.10 Til stades på møtet: Medlemar: Forfall: Varamedlemmer: Frå adm. : Andre: Merknader: Leiar Gustav Bahus (FrP), Sølvi Bugge (FrP), Eirik Neverdal (uavhengig), Nils Olav Nøss (Ap), Jostein Bondevik (KrF), Terje Sperrevik (TvS) Laila Hope (FrP), Ruth Elin Midtbø (Ap), Jonny Garvik (H) Arne Strønen (FrP), Nils Gunnar Drange (Ap) (Var ikkje med på synfaringane), Bjørn Matland (H), Harald Aasen (FrP) var vara for Eirik Neverdahl i sak 126/04 og for Arne Strønen i sak 127/04 Det var kalla inn ein vara for mykje for FrP (Wenche Berg-Olsen). Ho var med på synfaringane. Øyvind Tøsdal, Geir Heldal Merethe Lunde og Arve Rød var med på delar av møtet. Ingen merknader til innkalling. Merknad til møteprotokoll: Sak 0101/04: Terje Sperrevik stemte for opprinneleg framlegg til vedtak. Sølvi Bugge hadde følgjande merknad til Politisk kvarter - Strønebrua: Det er feil at stillaset er teke ned att. Der skal stå at Stillaset blir ståande til arbeidet er ferdig. Det er viktig at stilaset vert ståande til alt arbeid er utført, og at det ikkje vert stopp i arbeidet grunna pengemangel. Innkalling og protokoll vart godkjende med overnemnde merknader Behandla saker: 0119/04-0128/04 Underskrifter: Besøksadresse: Telefon: 56 30 06 50 Bankgiro: 5270.05.01787 Sentrumskvartalet, Osøyro Telefax: 56 30 24 83 Org.nr.: 844 458 312 Postadresse: E-post: os.kommune@os-ho.kommune.no P.b. 84, 5201 Os
Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er ført i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Os, 05.07.2004 Gustav Bahus leiar Terje Sperrevik Side 2 av 13
SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0119/04 04/00888 17/72, SØVIKNESET, FASADEENDRING NAUST - FRODE SØVIKNES 0120/04 03/02800 22/87 DRANGE, FASADEENDR. NAUST/PÅBYGG KAI - LASSE MICHELSEN 0121/04 03/02705 39/54 NOTABUHOLMEN, NYBYGG HYTTE- ANNE KARI KLEIVELAND 0122/04 03/02702 39/53 NOTABUHOLMEN, NYBYGG HYTTE- ERIK STEPHANSEN 0123/04 04/00190 29/101, BRATHOLMEN, OMBYGG. AV NAUST TIL NAUST M/BUSTADDEL -MAGNAR BRATHOLMEN 0124/04 04/00892 29/4, RØTTINGEN, SØKNAD OM TILLEGGSAREAL TIL G.NR. 29, B.NR. 329 0125/04 03/03126 44/487 HALHJEMSMARKA, NYBYGG BUSTADHUS - NY BEHANDLING 0126/04 04/01100 REGULERINGSPLAN BERGSTØ, MINDRE VESENTLEG ENDRING KLAGE PÅ VEDTAK 0127/04 03/02858 OFFENTLEG ETTERSYN. REGULERINGSPLAN FOR SAUØYA OG BRATTHOLMEN 0128/04 03/01183 OFFENTLEG ETTERSYN AV REG.PLAN JESSADALEN - STALLEN, ENDRING 0129/04 04/00934 OPPSTART AV PLANARBEID SØRE NESET IDRETTSPLASS Side 3 av 13
0119/04 Arkiv: MA 17/--72 Arkivsaknr.: 04/00888 17/72, SØVIKNESET, FASADEENDRING NAUST - FRODE SØVIKNES Administrasjonen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. Forvaltningsstyret i Os kommune godkjenner melding om tiltak, tilbygg/fasadeendring naust, på gnr. 17, bnr. 72, Søviknes, i samsvar med søknad motteke 19.04.04. Vedtaket er gjort med heimel i 93 i plan- og bygningslova. Vidare dispenserar Forvaltningsstyret i Os kommune frå plan- og bygningslova 70, nr. 2, 1. ledd for avstand mot nabogrense. Forvaltningsstyret i Os meiner at det i denne saka ligg føre særlege grunnar etter plan- og bygningslova 7. Det er eit krav at tilbygget vert brannsikra i samsvar med TEK 7-26. Forvaltningsstyret i Os meiner og at tilbygget stettar krava i plan- og bygningslova 74, nr. 2. Forvaltningsstyret i Os kan ikkje sjå at tilbygget/fasadeendringa vil vera til vesentleg sjenanse for eigar av gnr. 17, bnr. 360, 381, Tore Sjaastad. Klage frå Tore Sjaastad datert 27.04.04 er såleis ikkje teken til følgje. Vedtaket kan påklagast 0120/04 Arkiv: MA 22/87 Arkivsaknr.: 03/02800 22/87 DRANGE, FASADEENDR. NAUST/PÅBYGG KAI - LASSE MICHELSEN Administrasjonen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. I medhald av 93 i plan- og bygningslova godkjenner Forvaltningsstyret i Os fasadeendring naust, påbygg eksisterande kai og nybygg kai på gnr. 22, bnr. 87, Drange, for Lasse Michelsen på følgjande vilkår: 1. Påbygg eksisterande kai og nybygg kai skal utførast i samsvar med vilkår sett av Bergen og omland havnevesen i brev datert 12.12.03 2. Tiltakshavar må syta for at påbygg kai og nybygg kai ikkje kjem i konflikt med nabogrense. 3. Påbygg kai, nybygg kai må plasserast slik at den ikkje hindrar tilflott til Bjørn Kaland sin eigedom og fortøyningsarrangementer på Kaland sin eigedom, gnr. 22, bnr. 41. Side 4 av 13
Merknader frå nabo, eigar av gnr. 22, bnr. 41, Bjørn Kaland er delvis teken til følgje. Vedtaket kan påklagast. 0121/04 Arkiv: MA 39/54 Arkivsaknr.: 03/02705 39/54 NOTABUHOLMEN, NYBYGG HYTTE- ANNE KARI KLEIVELAND Alt 1: Forvaltningsstyret i Os kan ikkje godkjenna søknad om løyve til tiltak, nybygg hytte, på gnr. 39, bnr. 54, Notabuholmen, motteke 25.08.03, for Anne Kari Kleveland. Etter Forvaltningsstyret sitt syn ligg det ikkje føre særlege grunnar etter 7 i plan- og bygningslova, til å dispensera frå arealdelen av kommuneplanen for Os. Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova 7 og 20-4d i arealdelen av kommuneplanen for Os. Vedtaket kan påklagast. Alt 2: I medhald av 7 og 93 i plan- og bygningslova, dispenserar Forvaltningsstyret i Os kommune frå 20-4d i arealdelen av kommuneplanen for Os, for søknad om løyve til tiltak, nybygg hytte, på gnr. 39, bnr. 54, Notabuholmen, motteke 25.08.03, for Anne Kari Kleiveland. Følgjande særlege høve ligg til grunn for godkjenninga: - Tiltaket ligg innafor eit område med spreid hyttebygging - Forvaltningsstyret i Os kan ikkje sjå at lokale eller regionale friluftsinteresser vert råka i denne saka. Administrasjonen sitt framlegg til vedtak, alt. 1, vart samrøystes vedteke. Forvaltningsstyret i Os kan ikkje godkjenna søknad om løyve til tiltak, nybygg hytte, på gnr. 39, bnr. 54, Notabuholmen, motteke 25.08.03, for Anne Kari Kleveland. Etter Forvaltningsstyret sitt syn ligg det ikkje føre særlege grunnar etter 7 i plan- og bygningslova, til å dispensera frå arealdelen av kommuneplanen for Os. Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova 7 og 20-4d i arealdelen av kommuneplanen for Os. Vedtaket kan påklagast. Side 5 av 13
0122/04 Arkiv: MA 39/53 Arkivsaknr.: 03/02702 39/53 NOTABUHOLMEN, NYBYGG HYTTE- ERIK STEPHANSEN Alt 1: Forvaltningsstyret i Os kan ikkje godkjenna søknad om løyve til tiltak, nybygg hytte, på gnr. 39, bnr. 53, Notabuholmen, motteke 25.08.03, for Erik Stephansen. Etter Forvaltningsstyret sitt syn ligg det ikkje føre særlege grunnar etter 7 i plan- og bygningslova, til å dispensera frå arealdelen av kommuneplanen for Os. Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova 7 og 20-4d i arealdelen av kommuneplanen for Os. Vedtaket kan påklagast. Alt 2: I medhald av 7 og 93 i plan- og bygningslova, dispenserar Forvaltningsstyret i Os kommune frå 20-4d i arealdelen av kommuneplanen for Os, for søknad om løyve til tiltak, nybygg hytte, på gnr. 39, bnr. 53, Notabuholmen, motteke 25.08.03, for Erik Stephansen. Følgjande særlege høve ligg til grunn for godkjenninga: - Tiltaket ligg innafor eit område med spreidt hyttebygging - Forvaltningsstyret i Os kan ikkje sjå at lokale eller regionale friluftsinteresser vert råka i denne saka. Administrasjonen sitt framlegg til vedtak, alt. 1, vart samrøystes vedteke. Forvaltningsstyret i Os kan ikkje godkjenna søknad om løyve til tiltak, nybygg hytte, på gnr. 39, bnr. 53, Notabuholmen, motteke 25.08.03, for Erik Stephansen. Etter Forvaltningsstyret sitt syn ligg det ikkje føre særlege grunnar etter 7 i plan- og bygningslova, til å dispensera frå arealdelen av kommuneplanen for Os. Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova 7 og 20-4d i arealdelen av kommuneplanen for Os. Vedtaket kan påklagast. 0123/04 Arkiv: MA 29/- Arkivsaknr.: 04/00190 101 29/101, BRATHOLMEN, OMBYGG. AV NAUST TIL NAUST M/BUSTADDEL MAGNAR BRATHOLMEN Side 6 av 13
Administrasjonen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. Forvaltningsstyret i Os kommune kan ikkje sjå at klage frå Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga, datert 13.05.04, inneheld opplysningar Forvaltningsstyret ikkje hadde kjennskap til, og vurderte, under handsaminga av saka i møte 01.04.04. Forvaltningsstyret i Os opprettheld derfor sitt vedtak i sak 0063/04. Klage frå Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga, vert såleis ikkje tatt til følgje. Saka går til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. 0124/04 Arkiv: MA 29/---4 Arkivsaknr.: 04/00892 29/4, RØTTINGEN, SØKNAD OM TILLEGGSAREAL TIL G.NR. 29, B.NR. 329 Alt.1. I medhald av arealdelen til kommuneplanen finn ikkje Forvaltningsstyret i Os å kunna godkjenna søknad, dat 19.04.04 om frådeling av ein parsell på gnr.29, bnr.4, ved Gjelevika. Forvaltningsstyret kan ikkje sjå at det i dette høve føreligg særlege grunnar for å dispensera frå arealdelen til kommuneplanen. Alt.2. I medhald av 7 0g 93h i plan- og bygningslova dispenserer forvaltningsstyret frå arealdelen til kommuneplanen og 17.2 i same lov (forbod mot bygging i strandsona) og godkjenner søknad, dat. 19.04.04. om frådeling av parkeringsareal som tillegg til gnr.29, bnr.329, ved Gjelevika. Framlegg frå FrP) om følgjande tillegg til alt. 2: Forvaltningsstyret oppmodar tiltakshavar om at han ved seinare søknadar om frådeling av tilleggsareal til nærliggjande nausttomter freistar å leggja tilleggsarealet slik at det framstår som ein del av eit samla parkeringsareal for alle nausttomtene. Administrasjonen sitt framlegg til vedtak, alt. 1, fekk 2 røyster (1Ap og 1 TvS) og fall. Administrasjonen sitt framlegg, alt. 2 fekk 7 røyster,og vart vedteke. Tillegg til alt. 2 vart samrøystes vedteke. Side 7 av 13
I medhald av 7 0g 93h i plan- og bygningslova dispenserer forvaltningsstyret frå arealdelen til kommuneplanen og 17.2 i same lov (forbod mot bygging i strandsona) og godkjenner søknad, dat. 19.04.04. om frådeling av parkeringsareal som tillegg til gnr.29, bnr.329, ved Gjelevika. Forvaltningsstyret oppmodar tiltakshavar om at han ved seinare søknadar om frådeling av tilleggsareal til nærliggjande nausttomter freistar å leggja tilleggsarealet slik at det framstår som ein del av eit samla parkeringsareal for alle nausttomtene. 0125/04 Arkiv: MA 44/487 Arkivsaknr.: 03/03126 44/487 HALHJEMSMARKA, NYBYGG BUSTADHUS - NY BEHANDLING Framlegg frå TvS: Forvaltningsstyret finn ikkje å kunna dispensera frå reguleringsføresegnene i Halhjemsmarka. Forvaltningsstyret tar klagene frå Brurberg Olsen, dat. 01.02.04, Soltvedt, dat. 04.02.04, Dahle, dat. 30.01.04 eller Aarvik, dat. 04.02.04 til følgje. Topp golv skal senkast slik at byggjehøgda er i samsvar med fastsett høgd i gjeldande reguleringsplan. Vedtaket er gjort med heimel i 70 og 93 i plan-og bygningslova. Administrasjonen sitt framlegg til vedtak vart vedteke mot 3 røyster (2Ap og 1TvS) I medhald av plan- og bygningslova 7 dispenserer Forvaltningsstyret i Os frå reguleringsplan for Halhjemsmarka med tilføyrande føresegner, og godkjenner søknad om endring av løyve, motteken 12.01.2004. Godkjenningsvedtaket vert gjort i medhald av 70 og 93 i plan- og bygningslova. Endringa gjeld: Heving av høgd på golv 1. etasje frå kote 51,00 til 51,32 moh. Vilkåra gjeve i løyve til tiltak, datert 21.10.03 gjeld elles som før. Etter Forvaltningsstyret sitt skjøn vil ikkje den omsøkte heving av golvhøgda medføre ulemper for naboane som er av ein slik karakter at dei kan seiast å vera betydelege slik lova krev. Reguleringsplanen eller føresegnene til planen seier ikkje noko om bygningstypar eller høgd på sjølve bygningane. Tiltakshavar kunne såleis valgt ein annan hustype der mønehøgda vert høgare sjølv om høgda på golv 1. etasje vart lagt i samsvar med føresegnene. Forvaltningstyret har også vurdert det estetiske i høve til linja som er etablert i rekkja av bustader langs vegen. Forvaltningsstyret kan heller ikkje sjå at ei heving av golvhøgda med 32 cm vil kunna skapa presidens ved vidare utbygging i feltet, då alle dispensasjonssøknader må behandlast individuelt. Side 8 av 13
0126/04 Arkiv: GEO R8805.02 Arkivsaknr.: 04/01100 REGULERINGSPLAN BERGSTØ, MINDRE VESENTLEG ENDRING KLAGE PÅ VEDTAK Alternativ A) Forvaltningsstyret (det faste utval for plansaker) opprettheld delegasjonsvedtak 04/0176 av 26.05.04 og avviser klagen frå Anders Magne Bergstø, Nils Gunnar Bergstø og Eva Bergstø av 27.05.04. Alternativ B) Forvaltningsstyret (det faste utval for plansaker) opphevar delegasjonsvedtak 04/0176 av 26.05.04. Forvaltningsstyret viser til tidlegare vedtak av 21.02.02, sak 0054/02 der det vart godkjent at det vert varsla oppstart av arbeid med privat endring av reguleringsplan for Bergstø, gnr. 8, bnr. 526. Eirik Neverdal (FrP) er ugild i denne saka. Harald Aasen (FrP) går inn som vara. Brev av 5. juli 2004 frå Advokatfirmaet Harris vart delt ut på møtet. Administrasjonen sitt framlegg til vedtak, alternativ A, vart samrøystes vedteke med følgjande tillegg: Ingen kan starta bygging på tomtene før vegar m/ vegljos og felles parkeringsareal er ferdig opparbeidd og asfaltert, samt at vassforsyningsanlegg, avlaupsanlegg og overvassanlegg er ferdig opparbeidd og alt saman er godkjent av eining for kommunalteknikk. Området kan byggjast ut i etappar. Plan for evt. etappevis utbygging skal på førehand søkjast om og godkjennast av kommunen før det fysiske arbeidet vert sett i gang. Det vert ikkje godkjent at parkeringsareal vert merka til blanda føremål- leik / parkering. Hus F og leik kan byta plass. Det skal opparbeidast fortau langs heile tilkomstvegen til feltet. Netto asfaltert vegbreidde kan vera minimum 3,0 m og netto breidde på fortau 2,0 m. Topp møne på bygga må visast på plankartet. Høgda på hus på nr. 8, bnr. 158, bnr. 361 og bnr. 390 må visast i høve til nybygga A- F. Høgda på A-F må tilpassast slik at utsikt frå bakanforliggjande eigedomar ikkje vert vesentleg redusert. Side 9 av 13
Forvaltningsstyret (det faste utval for plansaker) opprettheld delegasjonsvedtak 04/0176 av 26.05.04 og avviser klagen frå Anders Magne Bergstø, Nils Gunnar Bergstø og Eva Bergstø av 27.05.04. Ingen kan starta bygging på tomtene før vegar m/ vegljos og felles parkeringsareal er ferdig opparbeidd og asfaltert, samt at vassforsyningsanlegg, avlaupsanlegg og overvassanlegg er ferdig opparbeidd og alt saman er godkjent av eining for kommunalteknikk. Området kan byggjast ut i etappar. Plan for evt. etappevis utbygging skal på førehand søkjast om og godkjennast av kommunen før det fysiske arbeidet vert sett i gang. Det vert ikkje godkjent at parkeringsareal vert merka til blanda føremål- leik / parkering. Hus F og leik kan byta plass. Det skal opparbeidast fortau langs heile tilkomstvegen til feltet. Netto asfaltert vegbreidde kan vera minimum 3,0 m og netto breidde på fortau 2,0 m. Topp møne på bygga må visast på plankartet. Høgda på hus på nr. 8, bnr. 158, bnr. 361 og bnr. 390 må visast i høve til nybygga A- F. Høgda på A-F må tilpassast slik at utsikt frå bakanforliggjande eigedomar ikkje vert vesentleg redusert. 0127/04 Arkiv: GEO R0005 Arkivsaknr.: 03/02858 OFFENTLEG ETTERSYN. REGULERINGSPLAN FOR SAUØYA OG BRATTHOLMEN Med heimel i Plan- og bygningslova 27-1, nr. 2 og 30, godkjenner forvaltningsstyret at reguleringsplanen for Sauøya og Brattholmen, datert 05.04.04 med tilhøyrande føresegner vert lagt ut til offentleg ettersyn, med dei merknader som framgår av saksutgreiinga, kap. 4.0 Vurdering. Arne Strønen (FrP er ugild i denne saka. Harald Aasen (FrP) går inn som vara. Gustav Bahus (FrP) oppsummerte saka. Møtet vart heva nokre minuttar for at tiltakshavar Arne Strønen skulle få uttala seg. Merethe Lunde frå administrasjonen orienterte om saka då møtet vart sett på nytt. Nils Olav Nøss (Ap) hadde følgjande framlegg til vedtak: Med heimel i Plan- og bygningslova 27-1, nr. 2 og 30, godkjenner forvaltningsstyret at reguleringsplanen for Sauøya og Brattholmen, datert 05.04.04 med tilhøyrande føresegner vert lagt ut til offentleg ettersyn, men med dei endringar at ei hytte på Brattholmen vert teken ut av planen. Framlegget frå Nils Olav Nøss fekk 2 røyster (Ap) og fall. Administrasjonen sitt framlegg til vedtak fekk 7 røyster og vart vedteke. Side 10 av 13
Med heimel i Plan- og bygningslova 27-1, nr. 2 og 30, godkjenner forvaltningsstyret at reguleringsplanen for Sauøya og Brattholmen, datert 05.04.04 med tilhøyrande føresegner vert lagt ut til offentleg ettersyn, med dei merknader som framgår av saksutgreiinga, kap. 4.0 Vurdering. 0128/04 Arkiv: GEO R8302.07 Arkivsaknr.: 03/01183 OFFENTLEG ETTERSYN AV REG.PLAN JESSADALEN - STALLEN, ENDRING I medhald av 27-1.2 i plan- og bygningslova gjer Forvaltningsstyre (det faste utvalet for plansaker) vedtak om å leggja framlegg til vesentleg endring av reguleringsplan for Jessadalen - Stallen, rev. 28.05.04, med tilhøyrande reguleringsføresegner, ut til offentleg ettersyn, når følgjande krav er oppfylt: Det skal takast inn i føresegnene at området ikkje kan byggjast ut før det er opparbeida fortau frå feltet, langs Langedalsvegen, fram til overordna gangvegsystem langs E 39. Byggjehøgde for kvart enkelt bygg skal påførast planen. Administrasjonen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke med følgjande tillegg: P2 i planen flyttast til P3 med utviding av P3. Leikearealet utvidast slik at det går over heile tidlegare P2 og ned til B2. Det må leggjast inn gode gangvegssamband internt i feltet, spesielt mellom leikeareal og bustadareal. Det vert rådd til å leggja gangveg langs den gamle stigen og ta vare på trea langs stigen. Ingen kan starta bygging på tomtene før vegar m/ vegljos, leikeareal og felles parkeringsareal er ferdig opparbeidd og asfaltert, samt at vassforsyningsanlegg, avlaupsanlegg og overvassanlegg er ferdig opparbeidd og alt saman er godkjent av eining for kommunalteknikk. Området kan byggjast ut i etappar. Plan for evt. etappevis utbygging skal på førehand søkjast om og godkjennast av kommunen før det fysiske arbeidet vert sett i gang. Teksten i reguleringsføresegnene 1.12 må endrast til 4-mannsbustadar i staden for 6-manns bustadar. 1.14 må rettast til Det skal setjast av 2 biloppstillingsplassar pluss 1 gjesteparkeringsplass pr. husvære. Forvaltningsstyret ber om at utbyggjar i utleggingsperioden til offentleg ettersyn vurderer ei redusert utnytting av arealet og ser på ei betre estetisk utforming av parkeringsarealet P1. Side 11 av 13
I medhald av 27-1.2 i plan- og bygningslova gjer Forvaltningsstyre (det faste utvalet for plansaker) vedtak om å leggja framlegg til vesentleg endring av reguleringsplan for Jessadalen - Stallen, rev. 28.05.04, med tilhøyrande reguleringsføresegner, ut til offentleg ettersyn, når følgjande krav er oppfylt: P2 i planen flyttast til P3 med utviding av P3. Leikearealet utvidast slik at det går over heile tidlegare P2 og ned til B2. Det må leggjast inn gode gangvegssamband internt i feltet, spesielt mellom leikeareal og bustadareal. Det vert rådd til å leggja gangveg langs den gamle stigen og ta vare på trea langs stigen. Ingen kan starta bygging på tomtene før vegar m/vegljos, leikeareal og felles parkeringsareal er ferdig opparbeidd og asfaltert, samt at vassforsyningsanlegg, avlaupsanlegg og overvassanlegg er ferdig opparbeidd og alt saman er godkjent av eining for kommunalteknikk. Området kan byggjast ut i etappar. Plan for evt. etappevis utbygging skal på førehand søkjast om og godkjennast av kommun en før det fysiske arbeidet vert sett i gang Det skal takast inn i føresegnene at området ikkje kan byggjast ut før det er opparbeida fortau frå feltet, langs Langedalsvegen, fram til overordna gangvegsystem langs E 39. Byggjehøgde for kvart enkelt bygg skal påførast planen. Teksten i reguleringsføresegnene 1.12 må endrast til 4-mannsbustadar i staden for 6-manns bustadar. 1.14 må rettast til Det skal setjast av 2 biloppstillingsplassar pluss 1 gjesteparkeringsplass pr. husvære. Forvaltningsstyret ber om at utbyggjar i utleggingsperioden til offentleg ettersyn vurderer ei redusert utnytting av arealet og ser på ei betre estetisk utforming av parkeringsarealet P1. 0129/04 Arkiv: 611 Arkivsaknr.: 04/00934 OPPSTART AV PLANARBEID SØRE NESET IDRETTSPLASS I medhald av plan- og bygningslova 27.1 godkjenner Forvaltningsstyret i Os (Det faste utval for plansaker) at det blir starta arbeid med reguleringsplan for arealet knytt til Halhjem Barnetun og Søre Neset Idrettsplass. Føremålet med reguleringa er å plassera framtidig treningsbane for Søre Neset Idrettslag, og sikra areal for Halhjem Barnetun og regulera inn eigna parkeringsareal i tilknytning til baneanlegga og barnetunet. Teikningar vart delt ut på møtet. Side 12 av 13
Samrøystes vedtak som innstillinga frå amdinistrasjonen. Protokolltilførsel etter merknad frå Jonny Haugland, barnetalsmann: Ein må be om at Os tomteselskap opparbeider parkeringsplass i tråd med godkjent reguleringsplan snarast råd. I medhald av plan- og bygningslova 27.1 godkjenner Forvaltningsstyret i Os (Det faste utval for plansaker) at det blir starta arbeid med reguleringsplan for arealet knytt til Halhjem Barnetun og Søre Neset Idrettsplass. Føremålet med reguleringa er å plassera framtidig treningsbane for Søre Neset Idrettslag, og sikra areal for Halhjem Barnetun og regulera inn eigna parkeringsareal i tilknytning til baneanlegga og barnetunet. Side 13 av 13