ÅRSPLAN FOR VAKSDAL KOMMUNALE BARNEHAGE

Like dokumenter
Årsplan for Vaksdal kommunale barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Del 1 : FELLESDEL FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE

Årsplan Søre Fusa oppvekstsenter avdeling barnehagen 2015/2016

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Du må tru det for å sjå det

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

PLAN FOR SAMMENHENG OG OVERGANG BARNEHAGE - SKOLE

Velkommen til foreldremøte

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Blåbærskogen barnehage

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

ÅRSPLAN barnehagen for de gode opplevelsene

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Årsplan Gimsøy barnehage

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

RAMMEPLAN. for innhaldet i og oppgåvene. til barnehagen

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

KOMMUNAL ÅRSPLAN

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

Alna Åpen barnehage - Tveita

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Vetlandsveien barnehage

Barnehagen sitt samfunnsmandat

Årsplan for 2013/2014

Virksomhetsplan

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Årsplan barnehage. Her kan bilde/logo sette inn. Bærumsbarnehagen

Barnehagen mål og satsingsområder.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Plan for overgangar. for barn og unge

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Barnehagelærerutdanninga Ansvar for likestilling og likeverd i barnehagen?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Bærekraftig utvikling

Pedagogisk plattform

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Knøttene familiebarnehage

Velkomen til Mork barnehage

Barnehageplan for Vinje kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Avtaleerklæring Barnehage foreldre. Sørreisa kommune

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Vedlegg: doc; doc

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Furuhuset Smart barnehage

Årsmelding for Urhei barnehage

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

LOFTHUS FAMILIE- BARNEHAGE

Salsnes oppvekstsenter Barnehagen ÅRSPLAN

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Fladbyseter barnehage 2015

Transkript:

ÅRSPLAN FOR VAKSDAL KOMMUNALE BARNEHAGE 2014-2015

Innhald 1. Velkomen 2. Visjon og pedagogisk plattform 3. Verdiar 4. Danning, leik og læring 5. Satsingsområder 6.Fagområda 7. Barns medverknad 8. Diverse 9. Samarbeid barnehageheim 10. Samarbeid med andre instansar 11. Planlegging, dokumentasjon og vurdering. Velkomen til nytt barnehageår i Vaksdal kommunale barnehage! Velkomen til eit nytt år i Vaksdal kommunale barnehage. Du sit no med ein årsplan som gjeld for avdelingane Stamnes, Dale, Stanghelle og Vaksdal. Dette er ein overordna plan og dei ulike avdelingane vel sjølve tema og korleis dei tek føre seg innhaldet i årsplanen. Det er viktig at dei ulike bygdene får ha fokus på det som er viktig hjå dei, samstundes som heile barnehagen dreg i same retning. Meir utfyllande informasjon vil ein få ut hjå den einskilde avdeling. Den kommunale barnehagen har fire avdelingar: Vaksdal barnehage, Stanghelle barnehage, Dale barnehage og Stamnes barnehage. Kvar barnehage er oppdelt i avdelingar (ein avdeling i Stamnes barnehage), og dei fleste er aldersblanda med born i alderen 2-6 år. Dei aller minste borna er på eigne avdelingar.

Årsplanen er barnehagen sitt viktigaste arbeidsverktøy og legg grunnlaget for verksemda. Vaksdal kommunale barnehage vert drive i samsvar med Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagen, kommunedelplan for oppvekst og Verksemdplan for Vaksdal kommunale barnehage. Årsplanen vår vert utarbeidd på bakgrunn av desse dokumenta. Årsplanen er eit arbeidsdokument for barnehagane som dannar grunnlag for dei dokumenta som vert delt ut på avdelingane. (temaplan osv). Årsplanen beskriv barnehagen sitt pedagogiske grunnsyn, måla me arbeider mot og kva metodar og tiltak me brukar for å nå desse. Dette barnehageåret er satsingsområdet språkutvikling. Pedagogisk plattform Kvart barn er eit unikt individ som skal bli møtt med respekt, omsorg og likeverd i våre barnehagar. Me ynskjer å etablere ein felles praksis i barnehagen som gjenspeglar dette i møte med kvart barn i kvardagen, anten det gjeld leik og moro eller i rutinar, reglar og grensesetting. Barnehagen skal være ein arena for å gi alle barn positive relasjoner til andre barn og til vaksne, og skal bringe barn i læringsposisjon så dei får utvikle seg i positivt samspel med andre mennesker. Som metode og verktøy i dette arbeidet har barnehagen satset på opplæring og bruk av det forskningsbaserte programmet «De utrolige årene» utarbeidd av Carolyn Webster Stratton. Forskning har vist at barnehage- og skoleprogrammet av De utrolige årene (DUÅ) bidreg til å styrke dei tilsette sin kompetanse i klasse- og gruppeleiing, auke barna sin sosiale kompetanse og førebygge og redusere åtferdsvansker hjå barn. Alle tilsette i Vaksdal kommunale barnehage (med få unntak av nytilsette haust-14) har gått gjennom felles opplæring i programmet. De utrolige årene er et verktøy som byggjer på sentrale teorier, metoder og prinsipp som gjennom forskning har blitt løfta fram som betydningsfulle for å gi barn ein positiv utvikling innan trygge og forutsigbare rammer: - Personalet lærer korleis: - Skape positive relasjoner til barn - Fremje sosial og emosjonell kometanse hjå barn - Bringe barn i læringsposisjon - Førebygge uro og åtferdsvansker - Korleis få borna sin oppmerksomhet - Skape ro i overgangssituasjoner - Korleis skape motivasjon for læring og endring - Tilpasse konsekvenser - Korleis legge til rette for godt samarbeid med foreldre Dette er verktøy og metodikk som barnehagen arbeider aktivt for å få etablert i sin daglege praksis i møte med alle barn og foreldre, og er eit overordna satsingsområde for inneverande og komande år.

Verdiar Barnehagen skal formidle grunnleggjande verdiar som felleskap, omsorg og medansvar og representere eit miljø som byggjer opp om respekt for menneskeverd og retten til å vera ulike. Menneskeleg likeverd, likestilling, åndsfridom og toleranse er sentrale samfunnsverdiar som skal leggjast til grunn for omsorg, oppseding, leik og læring i barnehagen.(rammeplan for barnehager s. 10) Verdiar Barnehagane i Vaksdal skal dette året ha fokus på dei tre verdiane anerkjenning, meistring og tryggleik.

Anerkjenning: Meistring: Tryggleik: Borna skal få oppleve: ros og oppmuntring bli sett bli hørt Borna skal få oppleve: meistringsfølelse god sjølvkjensle oppmuntring Ros Borna skal få oppleve: tydelege vaksne trygge vaksne samkjørte vaksne medbestemming Forutsigbarhet Verdiar Personalet skal Ta borna på alvor Sikre borns medverknad Personalet skal: hjelpe borna til å meistre rose oppmuntre Personalet skal: oppmuntre til god relasjonsbygging vera trygge og tydelege vaksne visa omsorg

Danning Gjennom oppseding og danning blir verdiar, normer, tankar og uttrykks- og handlingsmåtar vidareførte, endra og forhandla om. Personalet skal rettleie barna i vekslinga mellom samfunnsnormer og sosiale krav og eigen væremåte. (Rammeplanen 2011 Barnehagens innhold Kap 2.1) Danning Danning er ein livslang prosess som mellom anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne handlingar og veremåtar. Danning skjer i samspel med omgivnadane og med andre og er ein føresetnad for meiningsdanning, kritikk og demokrati. Gjennom gode danningsprosessar blir barn i stand til å handtere livet ved at dei utviklar evna til å være prøvande og nysgjerrige på omverda og til å sjå seg sjølve som ein verdifull medlem av eit større fellesskap. Barn må få utfordringar, sjansen til å utvikle kunnskapar og ferdigheiter og få støtte for å handle omsorgsfullt og gjere etisk grunngitte val. Gjennom danning legg ein grunnlaget for allsidig utvikling (rammeplan for barnehager s. 15). I vår barnehage legg vi vekt på å utvikle praksis for gode danningsprosessar som ivaretek alle barn i barnehagen. Dette føreset at alle tilsette strekker seg mot felles haldningar, verdigrunnlag og etiske prinsipp som samsvarer med det samfunnsmandat barnehagen er gitt gjennom rammeplanen og lokale føringar sett i kommunedelplan for oppvekst. Det føreset og at det blir gitt rom for og lagt til rette for at kvart barn kan utforske, undre seg og snakke med vaksne om dei erfaringar dei gjer i kvardagen. Borna skal få oppleve: - Respekt - Å erfare korleis ein skal vera med andre menneske - Å erfara ulike strategiar for å meistre ulike situasjonar - Engasjerte vaksne som møter dei i her- og no situasjoner og set ord på og samtaler om barnet sine undringar og erfaringar Personalet skal: - Vere gode rollemodellar - Oppmuntra og støtta barna til å tenkje sjølv og ta aktive val - Undre seg i lag med barna gjennom aktivt å setje ord på undringar og refleksjoner i lag med barnet - Vere open for andre sine meiningar

Leik Leik Barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter. (Barnehageloven 2 Barnehagens innhold 2. ledd) Leiken har ein sentral plass i barnehagen. Leiken er eit fenomen der barn har høg kompetanse og stort engasjement. Eit leikefellesskap legg grunnlaget for vennskap. Å få delta i leiken og få venner er grunnlaget for at barn trivst og opplever barnehagen som noko meiningsfullt. I samhandling med kvarandre blir grunnlaget for læring og sosial kompetanse lagt. Leiken til små barn er tett knytt til den særeigne humoren deira. Hos dei yngste barna har humoren først og fremst ein kroppsleg basis og blir vesentleg utvikla gjennom samhandling barna imellom. Utgangspunktet for leiken er at barn er nysgjerrige og har ulike evner og føresetnader (rammeplan for barnehager s.32). I vår barnehage skal det være god tid til leik for alle aldersgrupper. Dette betyr ikkje at barn «bare skal leike i fred», men at dei vaksne skal legge til rette for allsidig leik både inne og ute heile året. Det skal leggjast til rette for at alle barn får delta i leik med andre barn og sjølv aktivt får velge og styre leiken på inkluderande måter. Barna skal få oppleve: Eit positivt leikemiljø Glede og humor i leiken Vennskap Personalet skal: Arbeide med vennskap og sosial kompetanse Vere med på å utvikla og inspirera leiken Støtta og retteleia barna i leiken

Læring Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. (Barnehageloven 1 formål, 2. ledd) Læring Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen støtte opp under og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring og danning. Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske og miljøet og heng nært saman med leik, omsorg og danning. Barn kan lære gjennom alt dei opplever og erfarer på alle områder. Når barn undrar seg over noko, må dei møtast på ein utfordrande og utforskande måte, slik at det dannar grunnlaget for eit aktivt og utviklande læringsmiljø i barnehagen. Interessene og spørsmåla til barna bør danne grunnlaget for læringsprosessar og tema i barnehagen. I vår barnehage vil vi legge til rette for at alle barna får utvikle eigne interesser samstundes som barnehagen legg til rette for felles opplevingar som grunnlag for å utvikle undring, felles leikerepertoar, samspel og meistring. Vi vil nytte alle kvardagsaktiviteter som læringsarena, frå av- og påkledning, måltid og kvilestund, til gardsbesøk, tur i fjæra og studie av insektar mm. Borna skal få oppleve: Meistring Aktivitetar og ulike opplevingar Samarbeid Personalet skal: Rettleie barna Gje barna moglegheit til å prøva og utforske Undre seg saman med barna

Utviklingsmål for barnehagane 2014-2015 Utviklingsmål for barnehagane 2014-2015 Vidareutvikle samarbeid heim-barnehage Støtte opp om kvalitetsmål vedteke i kommunedelplan for oppvekst. Fagområda i rammeplanen skal være synleg i daglege aktiviteter og leik Vi vil dette året ha særleg fokus på å systematisere barnehagens daglege arbeid med språkstimulering for alle barn Implementere felles kommunal plan for språkstimulering Sikre felles fokus og praksis for utvikling av språk og sosial kompetanse i barnehagen. Sikre best mogleg overgang mellom barnehage og skule Leiken står sentralt i kvardagen og alle barn skal få være aktive og kreative i kvardagen Alle plandokument ligg på www.vaksdal.kommune.no under Oppvekst, barnehage.

Samarbeid barnehage - heim Foreldresamarbeid Barnehagen skal i samarbeid og i forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg, lek og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. (Barnehageloven 1 formål, del 1) Barnehagen ynskjer eit tett samarbeid med heimen til borna. Me møter foreldre kvar dag ved levering og henting og dette er det viktigaste møtepunktet mellom barnehagen og foreldra. Med samarbeid er meint regelmessig kontakt der ein utvekslar informasjon og grunngjevingar. Spørsmål som er knytte til trivsel og utviklinga til barnet skal drøftast. Samarbeidet skal gje høve til å byggje opp gjensidig forståing for dilemma som kan oppstå når omsynet til eitt enkelt barn må sjåast i forhold til barnegruppa. Personalet må arbeide for å finne ein balanse mellom respekt for foreldra sine prioriteringar og det å ta vare på rettane til barna og dei grunnleggjande felles verdiane som barnehagen byggjer på. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for trivselen og utviklinga til barna. Det daglege samarbeidet mellom heimen og barnehagen må byggje på gjensidig openhet og tillit.

Barnehagen har to foreldremøter i året, eit tidleg haust og eit i vårhalvåret. På desse møta informerer barnehagen om nødvendig og aktuell informasjon og grunngiving for barnehageverksemda og inviterer foreldra til medverknad. Foreldremøta kan også innehalde ulike tema der andre, t.d ppt eller helsesøster, er spurt om å bidra. Foreldresamarbeid Alle barnehagar skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (SU). I eit foreldreråd sit alle foreldre/føresette i barnehagen. Dei skal fremje felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Kvar haust blir det valt ein foreldrepresentant som er kontaktperson for foreldrerådet. Det er denne foreldrerepresentanten som kaller inn til foreldrerådsmøte etter ønskje frå foreldre eller når foreldre har meldt inn saker som foreldrerepresentanten meiner bør diskuterast i foreldrerådet. I samarbeidsutvalet sit foreldre/føresette, tilsette i barnehagen og representant for eigar, slik at kvar gruppe er likt representert. Styrar i barnehagen er alltid sekretær for samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet skal ha høve til å uttale seg om saker som har vesentleg betydning for barnehagedrifta, t.d. vedtekter, opningstider, barnehage- og skulerute mm. Samarbeidsutvalet er også det organ som fastset barnehagen sin årsplan. Foreldrerådet vel 1-2 representanter til samarbeidsutvalet og 1 2 vararepresentanter. Dette vil avhenge storleiken til kvar barnehage. Personalet og eigar vel tilsvarende representanter for seg.

FAGOMRÅDA Fagområda i barnehagen dekkjer eit vidt læringsfelt. Fagområda opptrer sjeldan isolert. Fleire område er ofte representert samtidig i eit temaopplegg og i samband med kvardagsaktivitetar og turar i nærmiljøet. I sosialt samspel, i leik og kvardagsaktivitetar skjer det ofte ein spontan kommunikasjon knytt til fagområda. At barn får rike opplevingar og del i kunnskapar på mange område, er òg ein føresetnad for at det skal bli god leik og eit godt samspel med barna. Her kjem ei kort oversikt henta frå rammeplanen: Kommunikasjon, språk og tekst Kropp, rørsle og helse Kunst, kultur og kreativitet Natur, miljø og teknikk FAGOMRÅDA Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Å samtale om opplevingar, tankar og kjensler er nødvendig for å utvikle eit rikt språk. Tekst omfattar både skriftlege og munnlege forteljingar, poesi, dikt, rim, regler og songar. Viktige sider ved kulturoverføringa er knytte til kommunikasjon, språk og tekst. I småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motorisk dugleik, kroppskontroll, fysiske eigenskapar, vanar og innsikt i korleis dei kan ta vare på helse og livskvalitet. Barne er kroppsleg aktive, og dei uttrykkjer seg mykje gjennom kroppen. Når barn kontaktar andre barn, startar dei ofte med kroppslege signal og aktivitetar. Dette er viktig for utvikling av god sosial kompetanse. Barnehagen må gje barn høve til å oppleve kunst, kultur og til sjølve å uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller skape noko felles, bidreg til samhald. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til samsing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Desse fagområda er mellom anna: kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur og film. Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og til all slags vêr. Fagområdet skal bidra til at barna blir kjende med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og vêr. Det er eit mål at barna skal få ei gryande forståing av kor viktig ei berekraftig utvikling er. I dette inngår kjærleik til naturen og forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen.

F a g o m r å d a Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn Tal, rom og form Etikk, religion og filosofi er med på å forme måten vi oppfattar verda og menneska på, og pregar verdiar og haldningar. I fleire hundre år har kristen tru og tradisjon saman med humanistiske verdiar prega norsk kultur. Respekt for menneskeverd og natur, åndsfridom og nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet er verdiar som kjem til uttrykk i mange religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane. Det at barn får påverke det indre liv i barnehagen, kan vere det første steget for å få innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn. Barnehagen skal bidra til at barna møter verda utanfor familien med tillit og undring. Barna skal få utforske og oppdage nærmiljøet sitt. Barn er opptekne av tal og teljing, dei utforskar rom og form, argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barnea matematisk kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre utforskinga og leggje til rette for tidleg og god stimulering.

Borna si rett til medverknad BARN SI MEDVERKNAD Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barns synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. ( Barnehageloven 3 Barns rett til medvirkning) Barn har rett til å uttrykkje seg og påverke alle sider av livet i barnehagen. Kor omfattande medverknaden er, og korleis medverknaden blir praktisert, er avhengig av alder og funksjonsnivå. Barn må både få og oppleve tilknyting og fellesskap og kjenne at dei kan bestemme sjølve og uttrykkje eigne intensjonar. Dette betyr ikkje at dei får bestemme alt dei vil, men skal oppleve å få val gjennom kvardagen der dei aktivt kan bestemme sjølv. Barn må støttast til å leve seg inn i andre sin situasjon og til å ta omsyn til andre. Både kroppsleg og språkleg gir barn uttrykk for korleis dei har det. Dei yngste barna formidlar synspunkta sine med kroppshaldningar, mimikk og andre kjensleuttrykk. Barna skal få oppleve : - At dei er med å påverkar det som skjer i barnehagen. - At dei har eit ansvar for eigen aktivitet og kvardag. - At dei får seie si meining Personalet skal: - Ta med barna på planlegging av saker og aktiviteter - Observere barna og lytte til kva dei har å seie - Sjå barna der dei er, utfordre og gje oppgåver som gjev moglegheit for utvikling

Mat og kosthald Alle barnehagane har smørjemåltid til lunsj i barnehagen. Me tilbyr eit normalt sunt og variert kosthald. Ein vanleg lunsj inneheld grovt brød, pålegg som ost, kjøttpålegg, leverpostei, makrell i tomat og ulike smørjeostar. I tillegg kjem grønnsaker som agurk, paprika, tomat ol. Til drikke får borna melk, jus og vatn dersom nokon ynskjer det i tillegg. I tillegg har alle barnehagane eit fruktmåltid i løpet av dagen der barna får servert oppskåren frukt som banan, eple, pære, appelsin m.m. Fleire avdelingar har vore på fiskesprellkurs der nokre av dei tilsette har lært korleis me kan bruka meir fisk i barnehagen både som smørjemåltid og varmlunsj. Målet med fiskesprell er å gje barn og unge lyst til å ete meir sjømat, både fordi det smakar godt og fordi det er ein viktig del av eit sunt kosthald. Måltid Me oppfordrar også alle foreldre til å tenkje over kva borna har i nisteboksen til frukost. Dersom det er born som har spesielle behov knytt til måltida grunna allergi, intoleranse el.likn, må personalet bli informert slik at dei kan ta omsyn og evt. inngå eigne avtaler med barnet og familien. Dersom du ynskjer å lese meir om fiskesprell og få inspirasjon til oppskrifter kan du gå inn på: www.fiskesprell.no.

S a m a r b e i d Samarbeid med andre instansar For at barna og foreldra skal få eit mest mogleg heilskapleg tilbod til beste for oppveksten og utviklinga til barna, samarbeider barnehagen med andre tenester og institusjonar i kommunen. Både foreldra og barnehagen kan ha behov for å samarbeide med ulike hjelpeinstansar. Ved samarbeid følgjer dei tilsette føresegnene om teie- og opplysningsplikt i barnehagelova og anna regelverk. Ressursteam Barnehagane organiserer ressursteam der pedagogisk personale kjem saman og legg fram og får rettleiing kring problemstillingar dei har på sin avdeling. Dette kan være problemstillingar knytt til barnegruppa eller kring einskildbarn. PPT deltek fast i ressursteama ein gong pr mnd. Helsesøster og barnevern blir inviterte eit par gonger pr år for å setje fokus på særskilde tema. Alle saker som blir drøfta i ressursteamet er anonymiserte. Ressursteama blir og nytta til opplæring innan einskilde tema for pedagogisk personale, og er eit viktig arbeid for å drive førebyggjande arbeid i barnehagen innan t..d. mobbing, utestenging, språkvansker mm. Grunnskulen: I samarbeid med skulen legg barnehagen til rette for overgangen frå barnehage til første klasse og eventuelt skulefritidsordning. Det skal skje i nært samarbeid med heimen. Viser til eigen plan for overgang bhg/skule. Barneverntenesta: Barnevernet er ein viktig samarbeidspart for barnehagen kring einskilde familier som er i ei vanskeleg situsajon, og for å gi råd og rettleiing til barnehagetilsette innan ulike tema som omhandlar møte med barn som er utsett for omsorgssvikt. Gjennom den daglege nære kontakten med barn er dei tilsette i barnehagane i ein sentral posisjon når det gjeld å kunne observere og ta imot informasjon om omsorgs- og livssituasjonen til barna. Alle tilsette i barnehage og skule har opplysningsplikt til barnevernet etter 22 i barnevernslova når det er mistanke om omsorgssvikt for eit barn.

S a m a r b e i d Helsestasjonen : Helsestasjonen har ansvar for å drive generelt førebyggjande og helsefremjande arbeid for å tryggje oppvekstvilkåra til barna i kommunen. Helsestasjonen skal kunne bidra med råd og rettleiing i samband med lækjemiddelhandtering i barnehagar og om smittevern. Vidare er helsestasjonen sentral når det gjeld å kartleggje den motoriske og språklege utviklinga til småbarn. Den pedagogisk-psykologiske tenesta (ppt): Den pedagogisk-psykologiske tenesta er sakkunnig instans ved tilråding om spesialpedagogisk hjelp. Dersom barnehagen ønskjer samarbeid om og hjelp til einskildbarn i barnehagen, må foreldra samtykkje. Foreldra må trekkjast aktivt med i dette samarbeidet. Andre samarbeidspartnarar: Barnehagen samarbeider med lokalsamfunnet for å gi barna varierte opplevingar og tilknyting til nærmiljøet. Eit godt samspel mellom barnehagen og skulen, kulturlivet, institusjonar, frivillige organisasjonar og kyrkjelydar kan gjere både barnehagen og lokalmiljøet rikare og bidra til å gi barnehagen lokal forankring.

Planlegging, dokumentasjon og vurdering Barnehagen er ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast, dokumenterast og vurderast. Den enkelte barnehage står fritt til å velje metodar og omfang utifrå lokale føresetnader og behov. Gjennomføringa av planane må vere så fleksible at det er rom for spontanitet og medverknad frå borna. Styraren og den pedagogiske leiaren har ansvar for at måla og rammene til barnehagen er klarlagt for personalet, for at der blir utvikla er felles forståing for måla blarnt medarbeidarane, og at foreldra får god og nok informasjon om barnehageverksemda. Det bør leggjast til rette for brei medverknad frå barna, foreldra, barnehagepersonalet og eigaren når ein planlegg, dokumenterer og vurderer den pedagogiske verksemda. Planlegging: God planlegging kan bidra til gjennomtenkt og fornuftig bruk av dei menneskelege og materielle ressursane i barnehagen, nærmiljøet og naturområda. Planlegginga av organisering, innhald og prosessar i barnehagane byggjer på måla i årsplanen og underliggjande dokument (Lov om bhg, rammeplan, kommunedelplan m.fl) Planlegginga er basert på kunnskap om korleis barn utviklar seg og lærer, på observasjon, dokumentasjon, refleksjon, systematisk vurdering og samtalar med barn og foreldre. Dokumentasjon: Dokumentasjon på barnehagen sitt arbeid er viktig for å kunne vidareutvikle arbeidet å sikre kvalitet i tilbodet. Dokumentasjon skal vere eit middel for å få fram ulike oppfatningar og opne for ein kritisk og reflekterande praksis. Læringa til barna og arbeidet til personalet skal gjerast synleg som grunnlag for refleksjon over verdigrunnlaget og oppgåvene til barnehagen og barnehagen som arena for leik, læring og utvikling. Aktuell dokumentasjon er ulike planer og sjekklister for gjennomførte aktiviteter gjennom året, og evaluering av desse. All dokumentasjon i barnehagen er til internt bruk og er ikkje tilgjengeleg for andre utan samtykke frå dei dokumentasjonen omhandlar. Vurdering: Personalet vurderer arbeidet i barnehagen fortløpande gjennom året og bruker ulike verktøy for å måle trivnad og utvikling hjå det einskilde barn. Evaluering av aktivitetar etter avslutta temaperiode, barnesamtaler, og kartlegging med TRAS for alle tre- og femåringer er ein del av vurderingsarbeidet i barnehagen.

Vaksdal Barnehage Barnehagen på Vaksdal har fire avdelingar for aldersgruppa 1-6 år. Det flotte nybygget på Tveitane opna dørene 4. august i år, og har tre avdelingar for born i alderen 0-6 år. Barnehagen har i tillegg ein avdeling i barnehagen på Jamne. Denne avdelinga har i år 24 plassar for småbarn. Begge barnehagebygga ligg fint til i boligområde med gangavstand til turterreng, skule og butikk. Barnehagen har særleg fokus på lokale tradisjonar og samarbeid med lokalsamfunnet. Barnehagane våre Barnehagen på Tveitane.

Stanghelle Barnehage Ny barnehage er under bygging og er rekna å stå ferdig til bruk i oktober 2014. Barnehagen vil då ha 5 avdelingar og kan ta imot born frå 0-6 år. Stanghelle barnehage har gangavstand til butikk, skule, badeplass og turområder, og har særleg fokus på lokale tradisjonar og nærleik til naturen. Barnehagane våre

Dale Barnehage Du finn oss i Dale sentrum nært innpå forretningsliv og anna aktivitet i det travle kommunesenteret. Barnehagen har gangavstand til butikk, skule og fint tur- og parkområde som blir flittig nytta. Vi har et godt samarbeid med lokalsamfunnet. Barnehagen har to avdelingar for born i alderen 1-6 år, og vi har særleg fokus på nærmiljø, fysisk aktivitet og lokale tradisjonar. Barnehagane våre

Stamnes Barnehage Barnehagen ligg i utkanten av Stamnes sentrum i naturskjønne omgivnader med akebakkar og beiteområde for sau like utanfor gjerdet, og gangavstand til turterreng og butikk. Barnehagen er ein 1-avd barnehage med aldersgruppe 0-6 år, og er den einaste barnehagen i kommunen med full søskengruppe der alle born, uavhengig av alder, har plass på same avdeling. Barnehagen er godt integrert i lokalsamfunnet og har særleg fokus på bygdeliv, friluftsliv og lokale tradisjonar. Barnehagane våre

Kontakt informasjon Kontaktinformasjon Vaksdal Barnehage Tlf: 56593780 Styrar Åse Hauståker: E-post: Ase.haustaker@vaksdal.kommune.no Stanghelle Barnehage Tlf : 56593170 Styrar Brita Hesjedal Lunde E-post: Brita.hesjedal.lunde@vaksdal.kommune.no Dale Barnehage Tlf: 56593760 Styrar Karianne Pettersen E-post: Karianne.pettersen@vaksdal.kommune.no Stamnes Barnehage Tlf:56593660 Styrar Karianne Pettersen E-post: Karianne.pettersen@vaksdal.kommune.no Einingsleiar for barnehagane Ann Therese Stamnesfet Tlf:56594463 E-post: ann.therese.stamnesfet@vaksdal.kommune.no