Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 21.09.2011 Sakhandsamar: Hilde Christiansen Saka gjeld: Status eigne læreplassar i helseføretaka Styresak 106/11 B Styremøte 5.10. 2011 Forslag til vedtak Styret viser til styresak 55/2010 og ber føretaksgruppa Helse Vest i fellesskap utvikla tilstrekkelege strategiar og aktivitetar for å nå dei langsiktige måla for rekruttering til ambulansefaget og helsefagarbeidarfaget. 1
Oppsummering Føretaksgruppa Helse Vest er store opplærings- og kompetanseverksemder. Det er eit stort spenn frå lærlingeordning til spesialisering. I årleg melding for 2010 rapporterte helseføretaka: 2010 Ambulanse Eigne lærlingar Helsefagarbeidarar I samarbeid med kommunar Helsefagarbeidarar Totalt Helse Stavanger 13 42 Helse Fonna 13 48 Helse Bergen 32 40 Helse Førde 14 20 Totalt 72 42 108 222 Ambulansefaget er bra dekka i alle helseføretaka. For ambulansefaget må ein sjå lærlingeordninga i samanheng med dei tilsette som etter kvart kan ta fagprøven. Dette har vore ein av utfordringane for ein del av dei tilsette innan ambulansefaget. For helsefagarbeidarfaget er det berre Helse Stavanger som har eigne lærlingar. Dei andre helseføretaka har etablert samarbeid med kommunane. Det er eit krav at alle lærlingar skal ha minst 4 månadar sjukehuspraksis for å få godkjent opplæringa. Helse Stavanger hadde 64 søkjarar til 25 eigne læreplassar innan helsearbeidarfaget våren 2011. Det er ein betydeleg auke i høve til tidlegare år. Helse Bergen har 40 helsefagarbeidarlærlingar i samarbeid med Bergen kommune. Helse Bergen rapporterar at dei ikkje har utfordringar med rekruttering av helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar. Talet på lærlingar i samarbeid med kommunane aukar til 80 i 2012. Det er ein utfordring å få rekruttere tilstrekkeleg tal lærlingar til dei læreplassane som er oppretta i samarbeid med Bergen kommune. Helse Førde har eit tett samarbeid med opplæringskontoret i Sogn- og Fjordane. Det er for tida fleire læreplassar enn det er lærlingar. Helse Førde etablerar eigne læreplassar frå hausten 2012. Helse Fonna har samarbeid med kommunane om læreplassar og vil i tillegg etablere eigne læreplassar for helsefagarbeidarar frå hausten 2012. Helse Fonna har sett av midlar til 7-10 eigne lærlingar i helsefagarbeidarfaget per år. Helse Fonna beheld og styrkjer samarbeidet med kommunane i lærlingeordninga. Med bakgrunn i tilbakemeldingane frå helseføretaka er det særleg i Hordaland og Sogn og Fjordane som har utfordringar med rekruttering til dei læreplassane som er etablerte. Ein må sjå nærare på korleis ein kan betre kommunikasjonen og marknadsføringa av fagopplæringa, og ikkje minst synleggjera satsinga på helsefagarbeidarfaget i sjukehusa. Fakta I Styringsdokument frå Helse Vest for 2011 er det stilt krav om at helseføretaka skal sørgje for at det blir etablert tilstrekkeleg mange eigne læreplassar innafor helsefagarbeidarutdanninga og ambulansefagarbeidarutdanninga. Det same kravet var stilt i styringsdokumentet for 2010. RHF-styresak 055/10 B Rekruttering og kompetanse i føretaksgruppa Helse Vest omhandlar også temaet knytt til behova på kort og lang sikt. 2
Helse Vest følgjer opp styringsdokumentet innan HR området med gjennomgang og rapportering av styringskrava. Gjennomgangen skjer per tertial og i årleg melding i tillegg til at dei ulike tema blir diskutert i regionalt HR direktørmøtet og direktørmøte. I brev av 13. april 2011 til helseføretaka bad vi om ei orientering på korleis helseføretaka vil imøtekomme kravet i Styringsdokumentet: Kva er status i arbeidet med å etablere eigne læreplassar i HF-a Kva tiltak er planlagt for å auke talet på eigne lærlingar i HF-a o Innan helsefag o Innan ambulansefag Kva er status i arbeidet med å etablere læreplassar i samarbeid med kommunane Kva tiltak er planlagt for å auke talet på læreplassar i samarbeid med kommunane Korleis er rekrutteringa til læreplassar for helsefagarbeidarar og ambulansefag? I åra framover vil det vere eit aukande behov for helsefagarbeidarar i sjukehusa så vel som i primærhelsetenesta. Det er den gruppa som er trekt mest fram i forhold til underdekning i eit langsiktig perspektiv. Det er difor viktig at vi legg et godt grunnlag nå for å imøtekomme behova som vil tilta i åra som kjem. Helseføretaka har meldt tilbake: Helse Stavanger HF Helse Stavanger HF har så langt vore einaste helseføretak i landet som har organisert lærlingeopplæring i eige opplæringskontor. Helse Stavanger HF blei godkjent lærebedrift sommaren 2008. Helse Stavanger har flest eigne lærlingar av alle landets helseføretak. Opplæringskontoret i føretaket har ansvar for lærlingar i ambulansefaget og helsearbeidarfaget. Lærlingane vert tilsett i eigne avdelingar, kor avdelingsleiar har personalansvar. Dei ulike avdelingane har eigne instruktørar med godkjende rettleiarkompetanse, desse har ansvar for å rettleie lærlingen i det praktiske arbeidet. Opplæringskontoret har ansvar for det faglige innhaldet i opplæringa og administrative oppgåver som rekruttering, oppretting av lærekontrakt, rapportering til fylkeskommunen, planleggje lærlingeforløpet og postrulleringar, organisering og gjennomføring av teoridagar, samarbeid med lærlingane sine arbeidsplassar, kommunar og vidaregåande skular. Helse Stavanger HF gjennomførte sommaren 2010 for første gang fagprøve for helsefagarbeidarlærlingar. 17 kandidatar tok fagprøva, og alle besto. Sommaren 2011 gjennomførte vi fagprøver for 22 helsefaglærlingar, alle besto med svært gode resultat. Helsefaglærlingane er ofte svært unge. Vår erfaring er at nokon undervegs endrar sine planar og ønskjer ein annan yrkeskarriere og 3-6 lærlingar fell frå under læreperioden. Auke tal på lærlingar Lærlingeforløpet går over to år. Helse Stavanger HF har målsetting om å tilsette 25 helsefagarbeidarlærlingar og 7 ambulansefaglærlingar kvart år. Det tilseier at vi til ein kvar tid vil ha om lag 50 helsefaglærlingar og 14 ambulansefaglærlingar i føretaket. Med dette talet på lærlingar kan vi sikre svært god kvalitet på opplæringa. Læreplassar i samarbeid med kommunane Då vårt føretak har valt ein organisering med eige opplæringskontor er behovet for kommunalt samarbeid noko mindre enn der ein mottar lærlingar frå de kommunale opplæringskontora. Vi har likevel eit nettverkssamarbeid for erfaringsoverføring. Vi har utvikla felles opplæringsplanar, har felles utlysning for opptak av nye lærlingar, felles lønnsregulativ etc. Vi samarbeidar også med kommunar for å finne gode løysingar for lærlingar der praksisplass ved vårt føretak ikkje er den beste løysinga. For eksempel for unge som har opplevd det vanskelig å bu på hybel i byen. Der har vi så langt klart å overføre 3
lærekontrakten til heimstadskommune og institusjon nær heimen for å fullføre lærekontrakten. Rekruttering Kvart år organiserer vi ein rekrutteringspatrulje som besøker alle 10. klassane i ungdomsskulane i Sør-Rogaland. Våre lærlingar fortel om helsefagarbeidet og lærlingeforløpet, deler ut informasjon, svarar på spørsmål etc. Dette er evaluert svært positivt. Føretaket deltek med stand på Yrkesmessa i Sør-Rogaland. Vi har også tillate at 10 12 elevar frå vidaregåande skular helse og sosial linja har fått fordjupingspraksis i føretaket om lag 6 veker per år. Dette har motivert svært mange til å søkje til helsefagarbeidar yrket. Våren 2011 hadde vi 64 søkjarar til 25 eigne læreplassar for helsefagarbeidarar. Spesielle resultat Ein av lærlingane i Helse Stavanger har saman med ein lærling frå kommunen delteke i NM, EM og Nordisk meisterskap med svært gode resultat. Dei skal representere Noreg i VM i Yrkesfag i ExCeL London WorldSkills Competition 5.- 8. oktober 2011. Det er venta om lag 150 000 besøkande som vil sjå dei om lag 1 000 konkurrentane frå meir enn 50 land/regionar konkurrere i 46 ulike fagområde over 4 dagar. Noreg har 21 deltakarar som skal delta i 18 ulike fag. Helse Bergen Helse Bergen har lærlingar innan ambulansefaget, helsefagarbeidarfaget og diverse yrkesfag i Drifts teknisk divisjon. Innan ambulansefaget er det etablert eigne lærlingkontor og eigne lærlingar. Tal på lærlingar blir til ein kvar tid styrt i forhold til føretaket sitt behov, og det er god rekruttering til lærlingstillingane. Når det gjeld helsefagarbeidarutdanninga er det etablert eit samarbeid med kommunane om etablering av læreplassar samt rekruttering av kandidatar til lærlingplassane. I Bergensregionen som heilskap er det i dag ei utfordring å rekruttere tilstrekkelig tal på lærlingar til de eksisterande lærlingplassane. Det er difor viktig å få på plass robuste system som sikrar rekruttering og kompetanse totalt sett. Vi ønskjer gjennom dette samarbeidet å styrke satsinga som heilskap, og unngå at vi konkurrerer mot kvarandre om denne arbeidskrafta. Dette samarbeidet er slik vi ser det med å understøtte intensjonane i Samhandlingsreforma. Det er viktig å presisere at sjølv om vi ikkje har etablert eigne læreplassar gjennom eigne lærlingkontor, så er læretida i Helse Bergen ein integrert og fullverdig del av lærlingen si totale læretid. Læreplassane hos oss er ikkje hospiteringsplassar og Helse Bergen har fagansvar og personalansvar for lærlingane i læretida. Helse Bergen ønskjer i framtida å auke tal på helsefaglærlingar gjennom eit eige TAF prosjekt, og vil søkje finansiering til dette via ulike støtteordningar. Helse Fonna Sak om inntak ev eigne lærlingar i helsearbeidarfaget blei behandla i styret 24.08.11. Styret støttar oppretting av 7-10 eigne læreplassar innan helsefagarbeidarfaget samstundes som Helse Fonna vidarefører eit godt etablert samarbeid med kommunane. Ein vil framleis sjå på mulegheita for å samarbeida med kommunane parallelt med at ein har eigne lærlingar. Ved årets inntak av lærlingar til ambulansetenesta, var tal på søkjarar rekordhøgt. Helse Fonna har denne gong tatt inn 10 slike lærlingar mot 6-7 som har vært vanleg dei siste åra. Dette er nødvendig for å kunne dekke føretaket sitt behov i nær framtid, og det blei derfor inngått eit samarbeid for ambulanseutdanninga ved Sauda vidaregåande skule. Når det gjeld helsefaglærlingar, har eksisterande avtale med kommunane gitt mulegheit til at Helse Fonna har inne 16 lærlingar samtidig for periodar på 4 månader. 4
Det har ikkje i nokon periodar i avtaletida, vore så mange helsefaglærlingar i systemet at alle plassar har vore fylt opp. Dette kan tyde på manglande rekruttering til lærlingplassane. Helse Vest har delteke på eit felles møte for kommunane på Haugalandet for å inspirere til satsing på helsefagarbeidarfaget. Eit godt døme på gode resultat er Karmøy kommune som har satsa bevisst på eigne lærlingar. Vi trur at dette møtet vil resultere i at kommunane styrkar satsinga på lærlingar. Helse Førde Helse Førde vil arbeide for å opprette eigne lærlingplassar for helsefagarbeidarar frå og med 2012. Dette må takast med i budsjettprosessen for 2012. I tilfelle ein etablerer eigne lærlingplassar bør det setjast av 20-50% stillingsressurs for å koordinere dette arbeidet og følgje opp det faglege ein slik lærlingordning krev. Når ein snakkar med leiarar på avdelingane er det mange som meiner at hjelpepleiaren/helsefagarbeidaren ikkje vil ha sitt arbeide på sjukehuset i framtida. Likevel er Helse Førde merksam på at det må være ei god arbeidsfordeling mellom ulike yrkesgrupper også i framtida. Leiinga trur at helsefagarbeidaren også har ein naturleg plass, sjølv i spesialiserte avdelingar. Helsefagarbeidar/ambulansefaget er studieretningar i vidaregåande skule, og elevane gjennomfører først to års teori (VG1 og VG2), deretter skal dei ha to års læretid i bedrift (VG3). Kommentar Ambulansefaget Helseføretaka har etablert lærlingeordning for ambulansefaget i tillegg til at dei legg godt til rette for tilsette som kan ta fagbrevet. Det er ennå for låg dekning av godt kvalifiserte ambulansemedarbeidarar i enkelte områder i føretaksgruppa Helse Vest. Dei tiltaka føretaka har etablert tyder på at dei er på rett veg. Det tek tid å bygga opp bærekraftige miljø innan ambulansetenesta i deler av regionen. Det er viktig at ein har tålmod nok til å etablere og seinare halde vedlike og bygga vidare på kompetansen i ambulansetenesta. Helsefagarbeidarfaget Det langsiktige behovet i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta er synleggjort i ulike analyser. Dei regionale helseføretaka har saman med Helsedirektoratet og Spekter stilt til rådvelde analysematerialet for helseføretaka. Analysane peikar spesielt på helsefagarbeidarfaget som eit av dei store satsingsområda om ein skal lukkast i perspektiva for Helse2020 og fram mot 2035. Det vil krevje ein kulturbygging hjå leiarar og medarbeidarar i sjukehusa. Helse Bergen HF, ved Barneklinikken, har vore gjennom prosessar for å sjå kva for kompetansekrav som ligg til ulike grupper. Det er også tilsvarande eksempel i Helse Stavanger som er landets største lærlingverksemd for helsefagarbeidarfaget. Helse Vest har inngått avtale med Fagforbundet om å samarbeide for å auke talet på helsefaglærlingar, for å møte utfordringane framover. Helse Vest har også tatt initiativ overfor Rogaland Fylkeskommune for å sjå nærare på muleg pilotprosjekt for utvikling og reetablering av helsesekretærfaget, samt utvikling av helsefagarbeidarfaget. Det er ein utfordring at mange som har fullført læretida som helsefagarbeidarar må velja å ta vidare opplæring når dei ikkje får tilbod om tilsetting i helseføretaka. Det er viktig å gjennomføre gode analysar på kva for oppgåver som skal gjennomførast i sjukehusa, og kva for oppgåver som kan løysast av helsefagarbeidaren. Vi syner også til pilotprosjektet for inkludering og mangfald der Helse Stavanger har gjennomført prosjektet for framandspråklege helsefagarbeidarar. Det var eit vellukka utdannings- og inkluderingsprosjekt som bør vurderast vidareført i Rogaland og om mogleg bli 5
etablert i Hordaland og Sogn- og Fjordane. Prosjektet hadde som mål å gi moglegheiter for innvandrarkvinner som ikkje er sysselsette. I Styringsdokumentet til HF-a frå 2011 står det: Helseføretaka skal sørgje for at det blir etablert tilstrekkeleg mange eigne læreplassar innanfor helsefag og ambulanseutdanninga. Administrerande direktør vil føreslå at ein saman med HF-a vurderar om dette er eit hensiktsmessig krav framover, eller om det bør vurderast justeringar. Helseføretak og kommunar i heile landet har dei seinare år inngått samhandlingsavtaler. Det er naturleg at samarbeid om lærlingeordninga også får sin plass i denne avtalen. Kompetanseløftet 2007-2015 Stortingsmelding 25, (Omsorgsmeldinga), peikar på behov for kompetanse i pleie- og omsorgssektoren 12.000 nye helsefagarbeidarar gjennom vaksenopplæring 6.000 hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar skal få fagskuleutdanning i HS-fag Konklusjon Vi må trekke erfaringane frå dei beste elementa i kvart av helseføretaka, halde på forventningane til å ha eigne lærlingar og utvikle positiv kultur kring lærlingane. Det er ulike tilnærmingar til lærlingeordninga i Rogaland, Hordaland og Sogn- og Fjordane. Lærlingeordninga står spesielt sterkt i Rogaland. Helseføretaka i Helse Vest har meldt tilbake at dei har fokus på utfordringane knytt til framtidige behov for helsefagarbeidarar. Det er viktig at det blir tatt grep i lag, som sikrar ei god utvikling for å møte behova framover. Samtidig er det viktig at det blir gjort grundige analysar på dei ulike einingane i sjukehusa, på kva for oppgåver som skal løysast og kva for oppgåver som kan løysast av helsefagarbeidaren. 6