Regionplan for museum 2011-2014

Like dokumenter
Forslag frå fylkesrådmannen

8. Museum og samlingar

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Oppfølging av Regional plan for museum 2015

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Privatarkivarbeidet Sett frå Møre og Romsdal ( og i lys av arkivmeldinga)

Lønnsundersøkinga for 2014

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

STORTINGSMELDING OM ARKIV - ST.MELD. 7 ( ) - FRÅSEGN

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Trykte vedlegg: Regionalplan for museum , høyringsutkast Utrykte vedlegg:

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Til deg som bur i fosterheim år

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Samansette tekster og Sjanger og stil

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Ny strategiplan for Høgskulen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Handlingsplan for Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap

Lotteri- og stiftingstilsynet

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ehandel og lokalt næringsliv

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

TILSKOT TIL KULTURMINNEÅRET 2009

Informasjon til pasientar og pårørande

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Den nye seksjon for applikasjonar

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Evaluering av museumsreforma for Møre og Romsdal. Rapport frå PricewaterhouseCoopers og kommentarar frå regionmusea.

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Kulturrådet og audiovisuell kulturarv Det 8. norske arkivmøte - Parallellsesjon 8. april Stig Johan Kalvatn

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Utlånt: Hans Johan Rishaug, Bud.

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Introduksjon til dokumentasjon

Aurland kommune Rådmannen

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

7. Sterk auke i enkeltbesøka ved musea

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Regionalplan for museum Høyringsutkast

Innfartsparkering Kollektivtransportforum årskonferanse 2015

1.2. Rammeverk for det nasjonale og regionale privatarkivarbeidet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

DIGITAL KOMMUNIKASJON SOM HOVUDREGEL - ENDRINGAR I FORVALTNINGSLOVA - HØYRING

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

10. Arkiv. Riksarkivet og statsarkiva lesesalbesøk ved dei statlege arkiva. Utlån til arkivinstitusjonar og andre institusjonar

Styresak. Gjertrud Jacobsen Tilrettelegging av sjukehustenester i Bergensområdet. Styresak 92/05 B Styremøte

HØYRING OM NYE IT-STANDARDAR FOR OFFENTLEG SEKTOR

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Transkript:

Utvalg for kultur og oppvekst 20.06.11 sak 49/11 vedlegg 2 Regionplan for museum 2011-2014 Fellesuttale frå Ryfylkemuseet, Jærmuseet og Dalane Folkemuseum Dalane folkemuseum, Jærmuseet og Ryfylkemuseet har drøfta høyringsutkastet til Regionplan for museum og vil gi slik felles høyringsuttale om delar av planen som vedkjem alle musea. Musea tykkjer det er bra at den vidare utviklinga av musea i Rogaland blir tatt opp til drøfting og ønskjer velkomen forslaga om styrking av forskinga og bidraga til realisering av særlege oppgåver ved fleire av musea. Hovudfokuset ser likevel ut til å vera eit radikalt grep i arbeidet med samlingsforvaltinga. Kombinert med det som kan sjå ut som eit signal om frysing av dei generelle driftstilskotta på nåverande nivå, finn vi grunn til å stille spørsmål ved korleis ein har tenkt seg rollefordelinga mellom fylkeskommunen og musea, og korleis dette går i hop med museumspolitikken til staten. DRIFTSTILSKOTT Vi merkar oss generelt at planen tar til orde for å satse vidare på oppbygging av regionmusea som solide økonomiske og faglege institusjonar. På denne bakgrunnen er vi spørjande til kva det betyr at det faste driftstilskottet skal ha dagens tilskot til regionmusea som ramme (s 9) og ta utgangspunkt i dei faste tilskota som blir gitt i dag og i prinsippet vidareføre desse (s 54). Svaret er truleg å finne på side 10, der det står at Rogaland fylkeskommune tek ikkje sikte på å auka driftstilskotta til musea. Dette er eit utgangspunkt som samsvarar dårleg med dei behova som er kartlagt i planen (oppsummert s 27). Musea har behov for sterk vekst i driftsmidlar, stillingar og investeringsmidlar om dei skal kunne realisere måla for verksemda, men planen gir ingen signal om å imøtekomma desse behova. Dersom dette betyr at det ikkje blir gitt noen opning for generell styrking av driftsgrunnlaget for musea betyr det at grunnlaget for utvikling av dei mange museumsavdelingane som er knytt til musea gjennom konsolideringa fell bort. Som eit døme har Ryfylkemuseet, i lag med Kvitsøy kommune og frivillige krefter, og med støtte frå fylkeskommunen, bygt opp Kvitsøy Hummarmuseum, men museet har slite med å finne midlar til ei tilfredstillande drift. Medan det altså var investert nokså mye i eit nokså flott museum, har formidlinga av museet vore avhengig av avgrensa dugnadsinnsats. Nå har ein brann sett eit førebels punktum for vidare utvikling, men utfordringa er generell. Det er fleire slike avdelingar under utvikling ved musea. Skal vi få til ei positiv utvikling av 14500118.11r Side 1 av 8

museumstilbodet i heile fylket og kunne imøtekoma dei forventningane konsolideringa har skapt, må det bli stilt midlar til rådvelde som kan betale for eit utvida museumstilbod. Eit anna eksempel er Jærmuseet som nå er inne i ein konsolideringsprosess med musea i Sola, og Sola kommune har klare forventningar om at Rogaland fylkeskommune følgjer opp prosessen slik at konsolideringa også her kan sluttførast. FORVALTING Så vidt vi skjønner er eit hovudgrep i planen å etablere eit regionalt konserverings- og kompetansesenter på Åmøy. Dette blir grunngitt med at det er behov for ei samordning av samlingane slik at ein kan få eit representativt utval, og geografisk.. Planen tar til orde for at fylkeskommunen må gjera prioriteringar ut frå si rolle som regional aktør. Det blir stilt spørsmål ved om fylkeskommunen skal ta ansvar for magasinering av alt det innsamla materialet ved musea, eller prioritere det som er av regional eller nasjonal verdi (s 36). I sin konsekvens fører dette til ein tanke om eit fylkesmuseum som skal ha overordna samordningsoppgåver og fellesoppgåver som magasin, konservering etc. (s 41), der det blir spørsmål om ein bør etablere ei regional samling med eit representativt utval av gjenstandar i høve til geografi, tid og tema (s 56). Planen ser ut til å fokusere særleg sterkt på gjenstandssamlingane i musea. Det er rett at ein stor del av musea sine samlingar består av gjenstandar, og det er viktig at desse får trygg oppbevaring og tenleg konservering, men dei fleste museumsfolk i dag er vel einige i at samlingsforvaltinga må ta utgangspunkt i ei samlingsforståing som inkluderer alle former for museumssamlingar - dvs. gjenstandar, foto, papir og papirarkiv, musea er store privatarkivinstitusjonar, lydarkiv, film/video. Vi saknar dette perspektivet i planforslaget. Dessutan er planen tydeleg på at det ikkje er planar om å utvida kapasiteten eller bygga nye fellesmagasin i Rogaland. Dermed avgrensar planen også typen gjenstandsmateriale fylkeskommunen vil prioritera. Både Dalane folkemuseum og Jærmuseet har understreka at deira magasinbehov framover først og fremst er knytt til sterkt behov for magasin for store gjenstandar som det verken er plass til eller muleg å få inn i magasina på Åmøy. Dette behovet vil bli yttarlegare aktualisert når ein ser på samlingane til Flyhistorisk Musem Sola og Rogaland Krigshistoriske Museum. Her har ein også behov for anna type konserverings- og restaureringskompetanse enn tradisjonelle konserveringstenester innanfor eit tradisjonelt konserveringssenter. Musea er og sterkt opptekne av immateriell kulturarv som mattradisjonar, tradisjonshandverk, livsminne og folkemusikk; I like stor grad som den materielle kulturarven skal musea ta vare på den immaterielle kulturarven og handlingsboren kunnskap, og det er svært viktig at ein samlingsforvaltningsplan også legg stor vekt på desse arbeidsområda. 14500118.11r Side 2 av 8

Bygningar Vi må heller ikkje gløyme alle dei kulturhistoriske bygningane som musea forvaltar og som er ein viktig del av samlingane våre. Dei fleste av regionmusea har gjennom dei regionale konsolideringane fått ansvar både for kommunale og tidlegare privare samlingar og bygningar. Når kommunane har overdrege driftsansvaret for sine antikvariske bygningar til det konsoliderte museet er det sjølvsagt med forventning om at regionmusea har kompetanse og kapasitet til å forvalta og vedlikehalda desse bygningane og anlegga på ein profesjonell måte. Vi meiner det er viktig at bygninsvernet blir tydlegare prioritert i museumsplanen. Antikvarisk kompetanse blant handverkarar minkar i tråd med standardisering og industrialiseringa av byggesektoren. Det er eit framtredande trekk at ein i dag finn det meste av den antikvariske kompetanse på musea. Det er viktigare enn nokonsinne at musea får styrka sin antikvariske kompetanse med sikte på å vidareføra kunnskapen til nye genearasjoner. Dalane Folkemuseum har for eksempel behov for å restaurere dei to bygningane på Slettebø etter sorenskrivar Feyer, Hovedbygning og gardsbestyrarbolig begge frå slutten av 1850 åra samt konsul Kroghs lysthus frå 1830-åra. Musea som kunnskapsprodusentar Dessutan er ikkje musea berre passive mottakarar og oppbevarar av ulike typar kjeldemateriale. Musea er i høg grad kunnskapsprodusentar - som og skaper sine eigne kjelder: m.a. gjennom samtidsdokumentasjon og deltakande observasjon - foto, film og intervju, og mange museum dokumenterer endringar som skjer i nåtida. Ofte er det fleire ulike samlingstypar som må knytast saman for å undersøka og dokumentera eit tema. Her låner vi eit eksempel frå Jærmuseet og dokumentasjonen av Rundballepakkaren : Den tradisjonelle museumsgjenstanden, for eksempel den rosemåla ølbollen frå 1700- talet, blei laga i ei tid der me har lite av andre samtidige kjelder som kan fortelja om produksjon og bruk. Ein meir moderne museumsgjenstand, rundballepakkaren (1994-2004), som lagar traktoregg, er ein gjenstand frå vår samtid. Her har museet følgjande utfyllande kjelder: Eigenprodusert video frå produksjonen Brosjyrar og katalogar frå marknadsføring og sal Instruksjonshefte / infovideo berekna på brukaren Eigenprodusert dokumentasjonsmateriale frå bruken i eit av museet sine samtidsdoumentasjonsprosjekt Digitalisering av gjenstanden vil omfatta registrering og katalogisering av alt dette kjeldematerialet på ein slik måte at brukaren, anten forskaren/formidlaren i museet 14500118.11r Side 3 av 8

eller publikum på internett, finn fram til samanhangen mellom desse kjeldene/elementa. Museet har ikkje berre gjenstanden; det har og bedriftsarkivet! Det er bra at fylkeskommunen vil bruka midlar på samlingsforvaltning og magasin, men det er nokre idear og oppfatningar som er knytte til denne løysinga musea finn problematisk. I planforslaget står det m.a.: Fylkeskommunen er óg usikker på om musea på eiga hand vil evna å prioritera og gjennomføra nødvendige tiltak. Ved at fylkeskommunen tek eit større grep om desse fagfelta er det eit mål at musea skal få større høve til sjølv å prioritera driftsoppgåver og det viktige formidlingsarbeidet. (s 10) Er det meininga at regionmusea skal reduserast til formidlingsarenaer? Musea si drift skal bygga på dei fire F ane slik museumsmeldinga frå 2009 gjer greie for (Forvalting, Forsking, Formidling og Fornying). At den eine F en skal trekkast ut av musea si daglege forvaltning, drift og og myndigheit og overførast til ei anna administrativ eining, står i motstrid til slik vi oppfattar Museumsmeldinga nemleg at målet faktisk er tettare integrasjon mellom forsking, samlingsforvaltning og formidling. Det må også vera målet med ein fylkesplan for samlingsforvaltning. Då kan ikkje musea outsoursa kjerneaktiviteten sin. Dessutan reiser planen og viktige problemstillingar med omsyn til kva samlingar som er av lokal, regional eller for den slag skuld nasjonal verdi. Det er utan tvil behov for opprydding i museumssamlingane, langt strengare prioritering og samordning regional og nasjonalt. Me kjem neppe unna avhending og kassasjon. Men det er det enkelte museum som må vera ansvarleg for eigne samlingar, for val, prioriteringar og beslutningar. Vi finn det underleg at ein ser for seg ein side- eller overordna institusjon som skal ha ansvar for den grunnleggande samlingsforvaltinga i Rogaland. Dette er til forveksling likt ei konsolidering i eit fylkesmuseum organisert rundt ein ide om funksjonsfordeling, der samlingsforvaltinga er sentralisert medan dei eksisterande musea blir redusert til formidlingsarenaer kring om i regionane. Vi kan ikkje sjå at dette er svaret på den situasjonsomtalen handlingsprogrammet i planen bygger på og dei behova som har kome til uttrykk i kontakten med musea. Planen er i stor grad ei opplisting av ei nokså stor mengde uløyste oppgåver og behov. Kombinasjonen av eit signal om nullvekst i driftsbudsjetta og sterk satsing på ein sentral forvaltingsinstitusjon er eit dårleg svar på dei utfordringane som ligg føre. Dette er ikkje i samsvar med den statlege politikken for kunnskapsbaserte museum, der det blir vist til at det må vera ein klar samanheng mellom forvalting, forsking og formidling (jfr. St.meld. nr. 49 (2008-2009) Framtidas museum). 14500118.11r Side 4 av 8

Samlingsforvalting er ei kjerneoppgåve for musea og omfattar eit breitt spekter av oppgåver. I eit utgreiingsarbeid som Kulturrådet har sett i gang på oppdrag frå Kulturdepartementet tar ein høgde for at samlingsforvaltinga skal omfatte både gjenstandar, foto, video og film, lydband, papirarkiv, bygningar, fartøy, båtar og naturhistoriske samlingar. Samlingsforvaltinga omfattar både planlegging, innsamling, sikring, bevaring og pleie, dokumentasjon og digitalisering. Det er vanskeleg å sjå korleis desse aktivitetane skal kunne lausrivast frå resten av museumsdrifta og kor fagkompetansen som desse aktivitetane må bygge på skal ligge, om han ikkje skal ligge på musea. EI NETTVERKSBASERT SAMLINGSFORVALTING Det som er sagt ovanfor betyr ikkje at musea er kritiske til fellesløysingar, tvert i mot. I Rogaland har me hatt ein modell for konserveringssamarbeid mellom dei fem regionmusea og Arkeologisk museum, gjennom Senter for konserveringssamarbeid i Rogaland. Opphavleg var tanken at Arkeologisk museum stilte sin infrastruktur til rådvelde, medan fylkeskommunen betalte løn og dekka ein del driftskostnader knytt til ei teknisk konservatorstilling. Musea utgjorde ei styringsgruppe/brukargruppe der dei på årsmøtet vedtok arbeidsplan/prioriteringar, kva oppgåver teknisk konservator skulle utføra for det enkelte museum, og budsjett. Dette har vore ein god modell. Dei fleste regionmusea har hatt størst nytte av kompetansen på førebyggande konservering, dei fleste av oss kan gjerne tenka oss ei stillling til, og eit fleirtal av regionmusea i Rogaland ønskjer å bygga vidare på denne modellen. I staden har fylkeskommunen dei siste åra redusert sitt tilskot, og dermed regionmusea sin tilgang på desse tenestene, og fylket skriv og at dei har blitt skeptisk til om dette er ein god modell for musea, utan å grunngi dette nærare. Fleirtalet av regionmusea meiner derfor at ein burde kunna bruka nokre av dei tiltenkte millionane til å styrka og bygga opp om eksisterande tilbod det er meir rasjonalt og billegare. Og her er allereie eit breitt kompetansemiljø. Eit anna døme på eit nettverksbasert samarbeid er Fotonettverk Rogaland. Her følgjer ein stutt omtale av dette: Historiske fotosamlingar er ein arkivtype ein finn både arkiv og museum. I Rogaland har det difor vore samarbeid mellom relevante institusjonar om dette arbeidfeltet sidan 1999. Då tok fylkeskommunen initiativ til samarbeid for å kartlegga tilstanden for fotovernarbeidet i Rogaland. Dei finansierte kartlegginga, og Statsarkivet stilte arbeidsplass til disposisjon. Førstearkivar Lisabet Risa stod for arbeidet som munna ut i ein rapport i 2004. Med bakgrunn i denne blei samarbeidet formalisert i Fylkesfotonettverk Rogaland med 13 medlemmar. Rapporten inneheld fotohistorie for Rogaland fram til 1960 og eit framlegg til verneplan. Konklusjonen i rapporten var: Mykje er samla lite er verna. Nettverket formulerte derfor ein søknad til ABM-utvikling og Rogaland fylkeskommune. Målet var 14500118.11r Side 5 av 8

å bygga opp eit permanent Fotonettverk for å få i gang bevaring, ordning, registrering og formidling av fotosamlingane i den enkelte institusjonen. Nettverket fekk midlar til eit treårig bevaringsprosjekt. Fotograf Harald Hognerud arbeidde som prosjektkoordinator frå 1. mai 2007 til 1. august 2009. Gjennom det prosjektet har vi oppnådd følgjande: Etablering av www.fylkesfotonettverk-rogaland.no i april 2008. Nettsida presenterer: Fotohistoria i Rogaland Fotobevaringsarbeidet ved alle institusjonane i nettverket med fleire fotoseriar frå arkiv og samlingar. Samsøk over internett i fotosamlingane frå mars 2010 er fire av dei 13 institusjonane med i søket, med om lag 20 000 foto pr i dag. Prosjektkoordinatoren brukte det meste av tida til tilrettelegging og samordning av registrerings- og digitaliseringsarbeidet ved institusjonane. Han har arbeidd minst eit månadsverk i kvar institusjon som ønska slik hjelp. Han digitaliserte om lag 8000 foto, slik at alle institusjonar hadde materiale å registrera og formidla. Vi kom eit godt stykke på veg i fotovernarbeidet: programvare, retningsliner og rutinar er på plass. Kvaliteten på fotovernarbeidet i institusjonane er betra. Utfordringa er mengde: Det er om lag 3 millionar fotografi i institusjonane, 150 000 av desse er digitaliserte, langt færre er registrerte og katalogiserte i databasar. Skal me komma vidare her treng institusjonane hjelp til å legga data inn i databasane. Derfor støtter me Tiltak 13: Vidareføring av fylkesfotonettverk og katatogisering og digitalisering av foto i museum. Ein 2-årig prosjektstilling vil kunna føra vidare arbeidet som er i gang. Nettverksmodellen har vist seg å fungera bra. Utfordringa i musea vil vera å prioritera kva fotosamlingar som skal tas først og å bruka eigne ressursar i samarbeid med prosjektmedarbeidaren. I tillegg må vi også legga til rette for å ta hand om dei store mengdene digitalt materiale som skal bevarast for ettertida. Utvidinga av arbeidet til også å omfatta biblioteka vil vera ein styrke for det samla fotovernarbeidet i fylket. Både regionalt og nasjonalt er det viktig at me bygger på dei kompetansemiljøa me allereie har, og samordnar og fordeler spisskompetanse. Me må undersøka og vurdera kva miljø som har kompetanse innanfor kva område, og kor det er potensiale for å bygga ut og spissa kompetansen. Som eit alternativ til den modellen som blir foreslått i høyringsutkastet vil vi derfor foreslå ei nettverksbasert samlingsforvalting som tar utgangspunkt i dei kompetansemiljøa som alt finst. I eit utkast til regionalplan for museum i Hordaland, som var på høyring i mars/april 2011, blir det lagt opp til ein slik modell. Vi meiner organiseringa av konserveringstenesta kan tene som ein modell, sjølv om gjennomføringa har hatt veikskapar, ikkje minst på grunn av mangelfulle ressursar. 14500118.11r Side 6 av 8

Konserveringstenesta er knytt til eit etablert kompetansemiljø (Arkeologisk museum) og blir styrt av ei brukargruppe med representantar for dei deltakande musea. Det kan og vera tenleg å vurdera tettare samarbeid på enkelte område over fylkesgrensene, ikkje minst på konserveringssida. I nabofylket Hordaland har dei kanskje den fremste kompetansen på teksilkonservering i landet, og musea i Rogaland bør kunna nyttas seg av denne kompetansen. Vi ser såleis for oss eit utvida samarbeid om fellestenester organisert etter ein nettverksmodell, og er heller ikkje framande for at ein kan organisere fellestenester for andre arbeidsoppgåver (forsking og formidling) på same måte; gjerne med mulegheiter for ambulerande tenester. Grunnlaget for å utvikle ein slik modell må vera ein samla plan for samlingsforvalting. Musea kan sjølve utarbeide ein slik plan, gitt midlar til sekretærtenester. Vi vil f.eks peika på at dei tre institusjonane har, eller har potensiale til, å utvikla spisskompetanse på følgjande område: Ryfylkemuseet: o antikvarisk bygningsvern o folkemusikkarkiv, kompetanse lyd Dalane folkemuseum: o Potensiale for å utvikla ansvar for felles fototenester o Privatarkiv Jærmuseet: o o o mekanisk og teknisk kompetanse produksjon og formidling av interaktive utstillingar og installasjonar ambulerande vitensentertilbud Samtidig må kvart museum ha ein grunnleggande basiskompetanse og basisbemanning, m.a. bygningshandverkarar, men Ryfylkemuseet kan vera ein kompetansebase for opplæring og spisskompetanse innan antikvarisk bygningsvern i fylket. Vi vil samtidig peike på behovet for å vedlikehald og vidareutvikle dei nettverkssamarbeida som går ut over fylkesgrensene. Alle musea er med i nasjonale nettverk, noen også i internasjonale nettverk, og fleire museum har avtalar om meir avgrensa samarbeid med andre institusjonar. Dette er samarbeidsløysingar som speglar satsingsområde innafor det enkelte museum og som er viktige for den faglege utviklinga av institusjonane. 14500118.11r Side 7 av 8

KONSOLIDERING Arbeidet med konsolidering av musea i Norge hadde som eitt av sine utgangspunkt den regionaliseringa av museumsstellet som var gjennomført i Rogaland. Seinare har konsolideringa gått vidare, og vi har fått fleire museum som omfattar heile eller delar av fylke. I den planen som her ligg føre er det ikkje gjort greie for noen klare resultatmål som ein meiner å ville oppnå ved ei konsolidering ut over den regionale konsolideringa i Rogaland. Dette må vera første steget i ein slik prosess, og så må ein eventuelt greie ut om konsolidering er den beste måten å nå desse måla på. Ein slik prosess må eventuelt skje i nært samarbeid med musea og dei andre forvaltingsnivåa. Me tillet oss også å sitera frå Museumsplanen for Hordaland der det m.a. heiter Det er avgjerande at slike endringar i Hordaland berre skal gjennomførast dersom det gjev ein fagleg og økonomisk gevinst Vi meiner det er positivt at det blir stilt stimuleringsmidlar til rådvelde for vidare konsolidering i regionane, men meiner desse midlane er utilstrekkelege for å stimulere til meir omfattande konsolideringsprosessar, og saknar samtidig, som vi har peika på ovanfor, midlar som kan sikre ei positiv utvikling av dei avdelingane som alt er konsoliderte. Egersund/Nærbø/Sand i juni 2011 Dalane Folkemuseum Jærmuseet Ryfylkemuseet 14500118.11r Side 8 av 8