2006 Grunnlån Nye bustader Utbetring og tilpassing av bustader
Grunnlån frå Husbanken Husbanken sitt grunnlån skal fremje god kvalitet i ny og eksisterande busetnad og sikre nødvendig bustadforsyning i distrikta. Lånet kan nyttast til finansiering av nye bustader, utbetring av bustader og tilpassing av bustader for personar med nedsett funksjonsevne. God kvalitet gir lån For å få grunnlån må bustaden i utgangspunktet oppfylle kvalitetskriterium knytta til universell utforming og miljø. Har bustaden tifredsstillande kvalitetar, kan Husbanken gi lån på inntil 80% av prosjektkostnadene eller salsprisen. Meir informasjon I nettrettleiaren (sjå www.husbanken.no under Lån > Grunnlån i venstremenyen) finst bl.a. retningslinjene for grunnlånet, meir detaljert informasjon, opplysningar om søknadsprosedyre og saksgang samt tips om andre publikasjonar som kan vere nyttige. På Husbanken sine nettsider finst også ein lånekalkulator. Innhald Kva kan du få lån til?...s. 3 Kor stort lån kan du få?...s. 3 Vurdering av lånsøkjarar...s. 4 Kvalitet er grunnlaget...s. 4 Kostnader...s. 6 Søknad om grunnlån...s. 6 Lånevilkår...s. 7 Startlån som toppfinansiering...s. 7
Kva kan du få lån til? Husbanken kan gi grunnlån til: Oppføring av alle typar heilårsbustader og lokale som naturleg høyrer med i eit bumiljø Det blir berre gitt lån til garasjar som blir ferdigstilte samtidig med bustadene. Personar med nedsett funksjonsevne som kan dokumentere behov for bil, kan få grunnlån til å byggje garasje uavhengig av når bustaden er bygd og opphavleg finansieringskjelde. Utbetring og rehabilitering av eksisterande bustader Du kan få grunnlån til utbetring og rehabilitering som gir bustaden auka kvalitetar knytte til miljø og universell utforming. Grunnlån kan også nyttast til tilpassing av bustader for personar med nedsett funksjonsevne. Husbanken kan tilby råd og rettleiing i slike tilfelle. Kjøp og utbetring av brukt bustad Husbanken kan gi grunnlån til kjøp og utbetring av brukt bustad i område der det er vanskeleg å få finansiering frå private bankar. Kor stort lån kan du få? Grunnlånet vil normalt utgjere inntil 80% av prosjektkostnadene eller salsprisen som Husbanken godkjenner, såframt det er nødvendig pantetryggleik for lånet. I utkantområde der det er vanskeleg å få privat finansiering kan også kostnadene ved kjøp inngå i grunnlaget for låneutmålinga. Du kan normalt ikkje få høgare lån enn prisen som du kan forvente å få ved sal av bustaden når den står ferdig. Det er ein føresetnad at betalingsevna di og pantetryggleik er tilfredsstillande. Utbetring Ved utbetring kan grunnlånet utgjere inntil 100% av dei utbetringskostnadene Husbanken godkjenner, dersom samla lånebelastning på eigedommen ikkje overstig 90% av salsverdien som det er grunn til å tru at bustaden vil få etter utbetring. Universelt utforma inngangsparti. Foto: Husbanken.
Vurdering av lånsøkjarar Husbanken vurderer om inntektene dine er tilstrekkelege til å betene framtidige renter og avdrag i løpetida til lånet og alle faste kostnader ved eigedommen. Husbanken tar også omsyn til andre levekostnader og økonomiske forpliktingar husstanden din har. Dersom Husbanken finn at inntektene dine er for låge til å betene lånet, vil du bli rådd frå låneopptak. Grunnlånet skal som hovudregel vere sikra ved 1. prioritets pant i bustaden. Kvalitet er grunnlaget Som grunnlag for finansiering må bustaden ivareta kriterium for universell utforming og miljø. Ved vurdering av ein bustad legg Husbanken vekt på moglegheitene for å oppfylle desse kriteria. Du kan få grunnlån med enkeltståande tiltak eller ved ei blanding av tiltak. Eit lågt nivå på eitt kvalitetsområde kan kompenserast med auka kvalitetar på andre område. Du bør avklare dette tidleg i søknadsprosessen. Unntak frå kvalitetskriteria kan bli vurdert når det gjeld bustader i distrikt der det er vanskeleg å få privat finansiering, bustader til vanskelegstilte og ved utbetring og rehabilitering. I bustader som blir selde av utbyggjarar med tilbod om husbankfinansiering er aktuelle tiltak på desse områda avklart med Husbanken på førehand. Kva er universell utforming? Universell utforming inneber at alle utan omsyn til alder og funksjonsevne på ein likeverdig måte skal kunne bruke bustader og uteareal. Dette føreset løysingar som i minst mogleg grad krev spesialtilpassingar for enkelte grupper. Universell utforming er ein fordel for alle anten du har småbarn, har brekt foten, er eldre, funksjonshemma eller pollenallergikar. Planlegging etter prinsippet om universell utforming tek utgangspunkt i personar med nedsett funksjonsevne, som vanlegvis blir delt i tre grupper: rørsle, orientering og miljø. Tilrettelegging ved rørslehemming Livsløpsbustader (sjå www.husbanken.no under Regelverk > Lån) dekkjer mange ulike brukarar sine behov. Der det ikkje er mogleg å oppnå full tilrettelegging, for eksempel i små bustader eller i bustader som ikkje har alle hovudfunksjonar på inngangsplanet,
bør ein så stor grad av tilgjengelegheit som mogleg vere eit mål. Tilrettelegging ved orienteringshemming Nedsett orienteringsevne omfattar synshemming, hørselshemming og svikt i forståing av omgjevnadene. Enkle, oversiktlege planløysingar lettar orientering for alle. Tilrettelegging ved miljøhemming Gruppa miljøhemma omfattar for eksempel astmatikarar, allergikarar og lungesjuke. Bustader bør planleggjast med god ventilasjon og med materialar som ikkje gir frå seg allergiframkallande stoff. Planløysingar og detaljar bør leggje til rette for effektivt reinhald. Kva er miljøkriteria? Husbanken satsar på å redusere bruk av energi og helse- og miljøfarlege stoff i bygningar. Aktuelle tiltak for å redusere oppvarmingsbehovet er auka isolasjon, betre isolerte vindauge, reduksjon av luftlekkasjar og kuldebruer, balansert ventilasjon med høgeffektiv varmeattvinning og meir bruk av solenergi, varmepumper og bioenergi til oppvarming. Energisparing lønner seg! Sjå www.lavenergiboliger.no for fleire tips. Det er viktig å syte for god ventilasjon og å bruke miljøvennlege produkt og materialar, løysingar som hindrar fukt og mugg og å sanere radon. Landets første lågenergibustad, som blei bygd av Jadarhus i Sola kommune i 2003. Foto: Jadarhus.
Foto: Husbanken. Kostnader For å fremje bygging og kjøp av mindre, nøkterne bustader, er grunnlånet avgrensa mot dyre bustader. Kostnadsgrensene følgjer regionale forskjellar, og blir vurderte for kvar enkel bustad. Husbanken gir ikkje grunnlån til bustader der høge kostnader skuldast stort areal, kostbar innreiing og/eller materialbruk. Derimot blir det teke omsyn til kostnader som fremjar universell utforming og miljø. Høge investeringskostnader som gir lågare driftskostnader over tid kan aksepterast. Husbanken kan også akseptere noko høgare kostnader for: Bustader i pressområde som har kvalitetar innanfor universell utforming og miljø. Bustader for personar med nedsett funksjonsevne eller store husstandar som krev ei spesiell planløysing og/eller større areal. Søknad om grunnlån Husbanken oppmodar til dialog tidleg i søknadsprosessen for å få avklart grunnlaget for å få lån. Søknad om grunnlån med teikningar og annan nødvendig dokumentasjon skal sendast Husbanken på eige skjema. I byggjeperioden bruker du eit byggjelån frå bank eller ein annan långivar. Kjøp av bustad i utbyggjarprosjekt I utbyggjarprosjekt har Husbanken allereie gitt ei låneutmåling etter søknad frå utbyggjaren. Utbyggjaren har ansvar for å gi kjøparane informasjon og hjelp til å fylle ut søknader og lånedokument til Husbanken. Etter at kontrakt er inngått, skal kjøparar sende inn søknad til Husbanken om å bli godkjent som låntakar.
Lånevilkår Husbanken tilbyr valet mellom flytande og fast rente eller ein kombinasjon av desse. Flytande rente endrar seg i forhold til endringar i det generelle rentenivået. Rentene kan regulerast kvart kvartal, avhengig av desse endringane. Husbanken tilbyr fastrente i tre, fem eller ti år. Du kan elles velje: løpetid inntil 30 år avdragsfri periode inntil 8 år serie- eller annuitetslån kvartalsvise eller månadlege betalingsterminar forfallsdato den 1., 12. eller 20. Startlån som toppfinansiering Som toppfinansiering kan startlån frå kommunen vere løysinga for dei som har problem med å etablere seg på bustadmarknaden. Det er opp til den enkelte kommunen å vurdere om du får startlån og kor stort lånet blir. Meir informasjon om startlån finn du på www.husbanken.no under Lån > Startlån i venstremenyen. Inngangen til ein eldre bustad i Risør er gjort tilgjengeleg for alle. Foto: Husbanken.
For ditt nærmaste regionkontor, ring 815 33 037 eller sjå www.husbanken.no HB 7.E.34 (N) Grunnlån Utgitt av Husbanken, desember 2006 Opplag: 5.000 ISBN: 82-90122-21-7 Framside: Ulsetlunden, Bergen Foto framside: Husbanken Design: Konvoi as Trykk: Molvik Grafisk as Alle skal kunne bu godt og trygt