MØTEBOK Vestlandsrådet Dato: 17. februar 2012 Kl.: 09.00 13.45 Stad: Clarion hotel Bergen Airport (Flesland) Saknr.: 1/12-10/12 MØTELEIAR Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, DESSE MØTTE Djuvik, Frank Willy (Frp) Følling, Jenny (SP) Henden, Olin Johanne (H) Vara Kjelsnes, Åshild (A) Nøringset, Norvall (SV) Halleland, Terje (Frp) Johnsen, Janne (H) Tengesdal, Solveig Ege (KrF) Vara Tvedt, Tom (A) Til kl. 13.25 Asbjørnsen, Randi (SML) Vara Orten, Helge (H) Strand, Toril Melheim (A) Sve, Frank (Frp) Aasen, Jon (A) Bondhus, Benthe (SP) Grung, Ruth (A) Hellesnes, Mona Haugland (V) Nilsen, Tom-Christer (H) Njåstad, Helge Andre (Frp) Vara FORFALL Noralv Distad (H) Solheim, Ellen (KrF) Bergsvåg, Arne (SP) Gjerde, Gunn Berit (V) Søviknes, Terje (Frp) 1
DESSUTAN MØTTE Fylkesrådmann Jan Øhlckers Fylkesrådmann Trond Nerdal Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Randi Klæbo Trond Ueland Odd Erik Hansgaard Matti Torgersen Gro Stien Thorvaldsen som sekretær MERKNADER TIL INNKALLINGA Det var ingen merknader til innkallinga. GODKJENNING AV SAKLISTA Saklista vart godkjend. GODKJENNING AV MØTEBOKA 21.11.2011 Janne Johnsen påpeikte at det var ein feil i møteboka under sak 14/11, tredje siste avsnitt, der det står: Kravet om auke i rassikring til kr 2 mill kroner skal og følgjast opp. Rett beløp skal vere 2 milliardar kroner. Ut over dette vart møteboka godkjend. YMSE Regiondirektør Tom Knudsen i NHO presenterte på vegner av NHO og LO om sentrale næringspolitiske saker i Vestlandsfylka. Leiar av strategistaben i Statens Vegvesen region vest, Signe Eikenes, og prosjektleiar Olav Ellevset frå Vegdirektoratet orienterte om status for arbeidet med Ferjefri E39 Kyststamvegen og om arbeidet med KVU på E39. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen takka avtroppande sekretariatsleiar Trond Ueland for arbeidet han har gjort for Vestlandsrådet og ønskte Odd Erik Hansgaard velkomen som ny sekretariatsleiar. På førespurnad frå fylkesordførar Tom-Christer Nilsen slutta Vestlandsrådet seg til at berre stemmetal vert referert i samband med røysting. 2
MELDINGAR Periode: 03. desember 2008-17. februar 2012 Nr. Arkivsak Referatsakstittel 1/12 201200158-16 Auka krav til vedlikehald av fylkesvegane - Fråsegn 2/12 201200158-5 Plattform for framtidige veginvesteringar 3/12 201200158-18 Samarbeidsavtale om Vestlandskonferansen 4/12 201200158-17 Vestlandsrådet er uroa over manglande mobildekning langs vegnettet 3
SAKNR. 1/12 ÅRSMELDING 2011 Vestlandsrådet vedtek årsmeldinga slik den ligg føre. 2/12 KLIMATILPASSING OG SAMFUNNSBEREDSKAP Åshild Kjelsnes sette fram slikt forslag: A. Punkt 1. Tillegg ny setning til slutt Vestlandsrådet støttar Nasjonal rassikringsgruppe sitt krav om at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030. B. Punkt 4. Leggje til og sektorovergripande etter ordet heilskapleg. C. Nytt punkt: Den planlagde stortingsmeldinga om klimatilpassing må setje søkjelys på regionvise utfordringar. Det bør byggjast opp sterke regionale kompetansesenter som kan rettleie i spørsmål om klimatilpassing. D. Nytt punkt: Vestlandsfylka har fleire fellesnemnarar når det gjeld topografi og klima. Både lokalt og regionalt nivå må setjast økonomisk i stand til å gjennomføre klimatiltak, både i høve til beredskap, førebygging/planlegging og kostnader som følgje av ekstremver. Fylkesrådmannen sitt forslag til punkt 1 vart samrøystes vedteke. Kjelsnes sitt forslag A var samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen sitt forslag til punkt 2 og 3 vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen sitt forslag til punkt 4, første og andre setning med Kjelsnes sitt forslag B vart samrøystes vedteke. Kjelsnes sitt forslag C vart vedteke med 13 røyster mot 6 røyster for fylkesrådmannen sitt forslag til punkt 4, tredje setning. Kjelsnes sitt forslag D vart samrøystes vedteke. 1. Vestlandet vart hardt ramma av stormen Dagmar jula 2011. Vestlandsrådet ber Regjeringa setje i verk tiltak for å sikre betre beredskap, førebygging og klimatilpassing. Både straumnett og telekommunikasjonssystem må rustast opp og sikrast betre. Vidare må innsatsen for skredsikring av vegar og jernbane styrkjast vesentleg. Vestlandsrådet støttar Nasjonal rassikringsgruppe sitt krav om at det offentlege vegnettet skal vere sikra mot ras innan 2030. 2. Staten må sørgje for ei styrking av kompetanse og kapasitet innanfor kommunal plan- og beredskap, slik at kommunane vert rusta til å gjere naudsynte tilpassingar lokalt. Små og mellomstore kommunar bør oppmodast til interkommunalt samarbeid om klimatilpassing. 3. Skredsikring må prioriterast. NVE sin plan for skredfarekartlegging (NVE-rapport 14-2011) må snarast tilførast tilstrekkeleg finansiering. 4
4. Vestlandsrådet forventar at stortingsmeldinga fokuserer på dei regionale utfordringane ved klimatilpassing. Sektorvise tilnærmingar som Regjeringa legg opp til, er naudsynt, men må samstundes kombinerast med ei heilskapleg og sektorovergripande tilnærming til klimatilpassingsarbeidet. 5. Den planlagde stortingsmeldinga om klimatilpassing må setje søkjelys på regionvise utfordringar. Det bør byggjast opp sterke regionale kompetansesenter som kan rettleie i spørsmål om klimatilpassing. 6. Vestlandsfylka har fleire fellesnemnarar når det gjeld topografi og klima. Både lokalt og regionalt nivå må setjast økonomisk i stand til å gjennomføre klimatiltak, både i høve til beredskap, førebygging/planlegging og kostnader som følgje av ekstremver. 3/12 TRANSPORTPLAN FOR VESTLANDET 2007-2019. HANDLINGSPROGRAM 2012-2015 - UTSETT FRÅ TIDLEGARE MØTE Det vart peikt på at saksutgreiinga inneheld fleire faktafeil. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen vil syte for at tabellar og tekst vert oppdatert. Helge Orten sette fram slikt oversendingsforslag: Tillegg punkt 2: Det betyr mellom anna at fjordkryssingsprosjekta på E39 må behandlast konsistent i tabell 11. Kryssing av Romsdalsfjorden (Møreaksen) må leggjast inn med fullt investeringsbeløp, og ikkje berre som ei startløyving. Kryssing av Storfjorden må med i tabellen på lik linje med kryssing av Sognefjorden. Orten sitt forslag vart samrøystes vedteke oversendt til fylkesrådmannen. 1. Vestlandsrådet sluttar seg til Handlingsprogrammet 2012-2015 slik det ligg føre, og legg dette til grunn for høyringsframlegget til dei statlege transportetatane sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2014-2023. 2. Dei fire fylkesordførarane får fullmakt til å justere Handlingsprogrammet 2012-2015 Transportplan 2007-2019 ut i frå nye opplysningar i dei statlege transportetatane sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2014-2023. 4/12 VESTLANDSRÅDET - VIDARE ARBEID MED NASJONAL TRANSPORTPLAN 2014-2023 Vestlandsrådet ber arbeidsutvalet utforme eit konkret opplegg for politiske initiativ/mobilisering i regi av Vestlandsrådet, fram mot framlegging av St.meld. om Nasjonal transportplan 2013-2024 og endeleg handsaming i Stortinget. 5
5/12 HAV21 - INNSPEL TIL NY NASJONAL MARIN FORSKINGSSTRATEGI 1. Framtidig marin næringsutvikling vil i stadig større grad vere avhengig av kunnskap. Vestlandsrådet stør at det vert utarbeidd ein ny marin forskingsstrategi med mål om at næringa skal ha berekraftig vekst og oppretthalde internasjonal konkurranseevne. 2. Forskingsmiljøa på Vestlandet skårar høgt på forskingskvalitet og gjennomføringsevne. Vestlandsrådet ynskjer difor at kunnskapsmiljøa i regionen vert styrkt for å sikre berekraftig vekst i næringa og kunnskapsbasert forvaltning. 3. Vestlandsrådet speler inn tilrådingane i vedlagde rapport, Tilråding og innspel til tiltak, til Regjeringa sitt arbeid med å utarbeide ein ny norsk marin forskingsstrategi, HAV 21. 6/12 BUDSJETT 2012 Vestlandsrådet vedtek budsjettet slik det ligg føre. 7/12 INNFØRINGSKURS OM EU/EØS FOR VESTLANDSRÅDET Tom-Christer Nilsen sette fram slikt forslag: Vestlandsrådet vil gjennomføre eit kompetansehevingstiltak relatert til EU/EØS i oktober, i tilknyting til Open Days slik det er skissert i saka, med tillegg av transport og samferdsel. Nilsen sitt forslag vart samrøystes vedteke. Vestlandsrådet vil gjennomføre eit kompetansehevingstiltak relatert til EU/EØS i oktober, i tilknyting til Open Days slik det er skissert i saka, med tillegg av transport og samferdsel. 8/12 EU SIN MARITIME POLITIKK - OVERFØRING AV ANSVAR FRÅ AD- HOCPOLITISK GRUPPE TIL AU Ad-hocutvalet som vart oppnemnt av Vestlandsrådet i 2008 for å følgje opp EU sitt arbeid med ein integrert maritim politikk, vert avslutta. Det vidare arbeidet vil bli følgt opp av AU. 6
9/12 KYSTSKOGBRUKET - OVERFØRING AV OPPFØLGING TIL FYLKESKOMMUNANE Tom-Christer Nilsen gjorde framlegg om at fylkeskommune tek over ansvaret med å nemne opp eit medlem i styringsgruppa for Kystskogbruket. Nilsen sitt forslag vart samrøystes vedteke. Vestlandsrådet ber fylkeskommune ta over det ansvaret Vestlandsrådet har hatt med å nemne opp eit medlem i styringsgruppa for Kystskogbruket. 10/12 UTKAST TIL NY PLATTFORM FOR VESTLANDSRÅDET 2012-15 Benthe Bondhus sette fram slikt forslag: Utkast til Politisk plattform /Satsingsområde /Auka statleg satsing på rassikring. Tillegg til siste setning: og støtte kravet til den nasjonale rassikringsgruppa om at all offentleg veg skal vere rassikra innan 2030. Bondhus sitt forslag vart samrøystes vedteke. Vestlandsrådet sender utkast til plattform 2012-2015 til drøfting med relevante partnarar i dei respektive fylkeskommunane med sikte på endeleg handsaming i møte i Vestlandsrådet 10. mai. Utkast til Politisk plattform / Satsingsområde /Auka statleg satsing på rassikring får slik ordlyd: Både uvêr og framtidige klimaendringar gjer rasfare til ei stor utfordring på vestlandsvegane. Ras har ført til ulykker med tap av liv og stengde vegar med transportulemper for busette og næringsliv. Gjennom dagens øyremerkte tilskot må staten styrke rassikringa i tråd med det samla rassikringsbehovet og støtte kravet til den nasjonale rassikringsgruppa om at all offentleg veg skal vere rassikra innan 2030. Gro Stien Thorvaldsen sekretær 7