Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta Valprogram 2015-2019. [Skriv inn undertittel for dokumentet]



Like dokumenter
[Skriv inn undertittel for dokumentet]

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

Hemsedal KRF Program

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Politisk program for Jølster KrF

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Innspel frå FUNK til kommuneplanen sin samfunnsdel

Program for Masfjorden Venstre

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Valprogram for Volda SV

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Program for. Sykkylven Venstre

Oversyn over økonomiplanperioden

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Program for. Seljord Venstre

Til deg som bur i fosterheim år

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Frivilligpolitisk plattform

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Ål Venstre. Ål Venstre

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Resept for eit sunnare FørdeF

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

6-åringar på skuleveg

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Utvikling av Ørsta. Informasjonsmøte om felles samferdselpakke Volda - Ørsta. 30. januar

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Kraftutbygging i relasjon til andre interesser i Luster kommune

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Program for. Årdal Venstre

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Program OSTERØY HØGRE

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Internasjonal vidaregåande skule

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Kommunedelplan for oppvekst

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Valprogram Sel SV

Tertialrapport 2 tertial 2015

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Sandeid skule SFO Årsplan

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

FOR MENNESKER OG MILJØ

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Til veljarane i Tysnes

Transkript:

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta Valprogram 2015-2019 [Skriv inn undertittel for dokumentet]

MILJØPARTIET DEI GRØNE ØRSTA VALPROGRAM 2015-2019 Målsettinga for politikken til MDG i Ørsta vil du kjenne att i tre hovudtema: Livskvalitet Vi vil ha eit samfunn der folk har meir tid til kvarandre heller enn å jage etter meir forbruk. Klimasmart samferdsel Gjere det enkelt og billeg å velje miljøvennleg transport. Berekraft Omstillinga til ei fornybar framtid med økologisk berekraft må starte no. MDG vil lytte til dine ønskjer for eit godt liv, og vi tek imot forslag i alle saker på Facebook eller e-post orsta@mdg.no. Sjå meir på: http://orsta-volda.mdg.no/ 1

Innhald HELSE OG OMSORG...3 OPPVEKST, SKULE, BARN OG UNGDOM... 4 KLIMASMART SAMFERDSEL... 5 LANDBRUK OG MAT... 6 MILJØ OG NATURMANGFALD... 7 AREALPLANLEGGING, NÆRINGSLIV OG ENERGI... 8 ØKONOMI... 9 KULTUR OG LEIK... 10 LIVSKRAFTIGE LOKALSAMFUNN OG INTERKOMMUNALT SAMARBEID... 11 2

Helse og omsorg Dei Grøne legg vekt på å fremje god helse og førebygge sjukdom ved å redusere ureining, fremje sunn mat og legge til rette for dagleg mosjon. Vi vil arbeide for livskvalitet gjennom kvardagsrehabilitering, nok sjukeheimsplassar, og styrka bemanning og kompetanse i pleie- og omsorgstenestene, - og i psykiatrisk helseteneste. revidere og realisere bustadsosial handlingsplan. bygge ut avlastingstilbod for personar med nedsett funksjonsevne. ha varierte bustadformer for menneske med funksjonshindringar. sikre og utvikle helsestasjonstenesta for ungdom. Sette ned ei interkommunal arbeidsgruppe for å fremme psykisk helse for ungdommen. styrke bemanninga på legekontoret i helgane i samarbeid med Volda legesenter. arbeide for døgnkontinuerleg akuttilbod og drift ved ortopedisk og medisinsk avdeling og fødeavdelinga ved Volda sjukehus, også i helgane. ha ein restriktiv skjenkepraksis og styrke førebyggande arbeid mot rusmidlar i samarbeid mellom føresette, helsestasjon, skule, politi og frivillige organisasjonar. gi rusavhengige tilbod om behandling og ettervern i offentlege eller ikkjekommersielle institusjonar. legge ned dei regionale helseføretaka og avvikle stykkprisfinansieringa. Kvart sjukehus må ha eige budsjett og eiga leiing, og få større fridom til å sikre korte ventetider og god pasientbehandling. 3

Oppvekst, skule, barn og ungdom Skulane i Ørsta må dimensjonerast i tråd med bustadbygging. Vi må ha trygge skular og barnehagar i sentrum, Hovdebygda, Vartdal, Dalane og på Sæbø. Det er behov for et livssynsnøytralt lokale der ulike livssynssamfunn kan gjennomføre sine seremoniar ved fødsel, ungdomsalder, partnarskap og gravferder. at grunnskuleelevar i Ørsta skal ha leksefri alle helgar og to av skuledagane i veka. at kvar skule og barnehage skal ha eigen skulehage for dyrking av bær, frukt og grønsaker eller samarbeidsavtale om dette med gard i nærleiken. styrke symjeopplæringa. ha 15 elevar per kontaktlærar og styrke bemanning i småskulen. utvide tilbodet på Ørsta Vidaregåande skule til også å gjelde fag om fornybar energi. halde på og styrke Ørsta vidaregåande skule sine tilbod. Styrke og fremje yrkesfaga til høgstatus fag Sikre planleggingsmuligheter for foreldre med barn i barnehagen. Ferieavvikling må settast allerede i januar SFO tilbud der barna bur for alle barn som treng det. Sjå det som kommunen si oppgave å aktivt arbeide med integrering av flyktningar Aktivt drive genusarbeid i barnehagar og skular. Arbeide for livssynsnøytral barnehage 4

Klimasmart samferdsel I industribygda Ørsta kryr det av barn og ungdom overalt. Fartsgrenser og trafikkreguleringa må tilpassast kollektivtrafikk, rullebrett, syklar, el-syklar, barnevogner, rullestolar og gåande slik at alle kan ferdast trygt og kome seg trygt fram utan bruk av bil. Meir enn 40% av innbyggarane disponerer ikkje bil, framtidsbyen må legge til rette for alle. Gangvegar og fortau bør danne hovudferdselsåra i tettbygde strøk. Eventuelle fjordkryssingar med bru eller tunnel kan MDG vurdere dersom det er billigare og meir miljøvennlig enn å drifte ferje i 10 år. Alle fjordkryssingar må vere tilrettelagde for syklande og gåande. Elektriske ferjer er ei viktigare satsing enn ferjefri E39. Nye tunnelar bør ha sykkelfelt som er skjerma frå bilstøy, eksos og støvpartiklar. Desse kan fungere som rømingsveg. ha fartsgrense på 40 km/t i det meste av 50-sona i sentrum og på Sæbø. bygge heva gangfelt mellom anna på E-39 på Vartdal og Barstadvik at busskonsesjonar må ha krav om el-bussar eller fossilfrie motorar. Betre rutinar for vedlikehald av gangfelt Ha kvilebenkar i bratte gater oppover frå sentrum. Skilte snarvegar og stiar Ha samanhengande skilta sykkelveg mellom Volda og Ørsta Hyppigare bussavgangar og rutetider tilgjengelig på kvar busstopp. Ha el-ferjer mellom Festøy og Solevågen og Festøy Hundeidvik. Ha ladestasjonar for el-bil ved ferjekaia på Festøy Sikre ferje- og båttilbodet på Hjørundfjorden Få godstransport over på skip, og ha ein godt utbygd godsterminal i Volda/Ørsta At nye parkeringsareal i sentrum planleggast under bakken. 5

Landbruk og mat Matjord vil bli langt viktigare i framtida enn det er no når maten vår vert fabrikkprodusert og i stor grad importert. Vi må rekne med at maten til ørstingar i langt større grad må produserast lokalt i framtida, og vi støttar alle tiltak for kortreist, giftfri og næringsrik mat. I praksis bør flest mogleg av innbyggarane bli sin eigen deltidsbonde innan hagebruk. støtte sentrumsnære lutbruk og parsellhagar. Legge desse til rette også for studentar, asylsøkarar og innvandrarar. omfanget av ureining under og kring oppdrettsanlegga må dokumenterast. Vi går imot konsesjonar for nye anlegg inn til eksisterande anlegg er lukka. ta vare på matjord for framtidige generasjonar. av omsyn til dyrevern bør bønder i Ørsta ha tilgang til mobile slakteri. søke miljødirektoratet om tilskot til lokale fisketiltak for å ta vare på og fremje berekraftig bruk av bestandane av villaks og sjøaure. at minst 50 prosent av alle kommunale matinnkjøp blir økologiske. innføre kjøttfri måndag i alle kommunesektorar sjå på muligheita for eit framtidig mobilt slakteri, for å legge til rette for småskala kjøttproduksjon og muligheiter til sal av lokalt produsert kjøtt 6

Miljø og naturmangfald Innan kommande periode vert det kravd full kjeldesortering av VØR. Vi vil arbeide for at VØR saman med dei andre renovasjonsselskapa på Sunnmøre må samarbeide breiare enn i dag. Vi vil at det skal greiast ut moglegheita for eit fullskala Biogassanlegg på Sunnmøre. Framande artar konkurrerer ut stadeigne artar, og uønskt vegetasjon spreier seg raskt. Organismar kring oppdrettsanlegga vert påverka av spillfor, medisinar, lusemiddel og avføring frå anlegga. Dette må kommunen følgje med på. gå imot etablering av snøskooterløyper for fritidskøyring. be om årlege rapportar på medisinbruk i oppdrettsnæringa i fjordane i Ørsta, og tilstanden kring anlegga. Gå imot meir oppdrett før alle anlegg i fjordane er lukka. så langt som råd unngå bruk av kjemiske sprøytemidlar glyfosat i kommunen. opprette hummarreservat i ein av fjordane i Ørsta. følgje opp og forbetre tiltak i lokal klimaplan. i samarbeid med næringslivet i kommunen hindre import av for og mat som går ut over regnskog. Volda Ørsta Renovasjon (VØR) bør ha ansvar for oppryddingsaksjonar kvar vår i samarbeid med "Hold kysten ren". Matavfall må skiljast frå restavfall. VØR bør også fungere som utlånssentral for hagereiskap. Arbeide for fullskala biogassanlegg. følgje opp tiltaksprogram for Søre Sunnmøre vassområde i regional forvaltningsplan i Møre og Romsdal vassregion (Vannportalen.no). arbeide for Biogassanlegg og mange nye grøne arbeidsplassar på Sunnmøre arbeide for at det vert planta mange ulike treslag ved nyplanting etter hogst. at kommunen skal søke midlar hos Fylkesmannen til kartlegging, førebygging av spreiing, og fjerning av nokre av dei mest skadelege framande artane, og utvikle lokale løysningar for tiltak mot desse. (Platanlønn, hagelupinar, fagerfredløs, kjempeslirekne, sitkagran m. fl) 7

Arealplanlegging, næringsliv og energi Framsynte byplanleggarar satsar på at folk skal kunne nå arbeidsplassar, skular, butikkar og offentlig service med 10-15 minutts gangavstand. Dette minimerer trongen for vegutbygging, bilkøyring og nye samferdselsprosjekt. Fortetting av busetnad i Ørsta sentrum kan vere eit godt tiltak, men etter ein estetisk plan for å unngå blokkliknande bygg i etablerte einebustadsfelt. Samtidig må vi legge til rette for alle som vil busetje seg i smågrendene. I kommunen har vi svært mange vasskraftprodusentar som gir eit godt bidrag til beredskap og energi utan klimagassutslepp. MDG er, av omsyn til naturmangfald, særs restriktive til endå meir vasskraftutbygging. Oslo kommune tilbyr finansiering og gir huseigarar opp til 40% støtte til fornybar energi uansett prosjektstorleik, i tillegg til Enova-midlar. Sjå oljefri.no. Ørsta kommune må innføre slik støtte for å kome i gang med omstilling lokalt. Utbygging av småskala solenergi kan gi mange nye arbeidsplassar. sikre jordbruksareal for framtida. at byggfirma bør ha krav om universell utforming for ca 70 % av bustadane, dette gir høve til å tilby billige bustader for ungdom, og gir meir varierte bustadfelt. unngå monoton arkitektur ved fortetta bustadbygging. legge til rette for bustadbygging i småbygdene. arbeide for meir aktivitetar retta mot nærprodusert mat til Bondens marknad. gå imot bilveg til fjelltoppar styrke energiberedskap på bygdene ved å tilpasse lokale kraftverk til lokale straumnett. legge til rette for solenergiproduksjon frå private bustadhus, bedriftsbygg og offentlige bygg. At Ørsta kommune støttar fornybarinvesteringar med 25% av utgiftene. Støtte bustadbygging på bygdene gjennom å arbeide for at bu og driveplikt oppretthaldast 8

Økonomi Veljarane må vere merksame på at Ørsta kommune har svært dårleg økonomi. På lang sikt bør kommunale lån reduserast til 50 % av nivået i 2014, for å unngå at framtidige generasjonar må finansiere våre ynskjer. Kommunen må ha høve til å regulere inntekter etter behov; i tillegg til avgifter er eigedomsskatt eit aktuelt virkemiddel, med skattefritaksreglar for verksemder, organisasjonar og private med dårleg betalingsevne. Mange hushald i Ørsta er under fattigdomsgrensa. Sosialsatsane må vere på eit slikt nivå at dei langtidsfattige slepp å engste seg for neste dag. Kommunen må ha høve til å regulere inntekter etter behov; i tillegg til avgifter er eigedomsskatt eit aktuelt virkemiddel, med skattefritaksreglar for verksemder, organisasjonar og private med dårleg betalingsevne. Mange kan trenge eit lokalt NAV-kontor for lettare tilkomst til hjelp med arbeids- og trygdespørsmål og tolking av formelle NAV-brev. Sosialsatsane må vere på eit slikt nivå at dei fattige slepp å engste seg for neste dag. prioritere bedrifter som ynskjer å etablere økologisk berekraftig og energieffektiv næringsverksemd ved eventuell støtte og tilrettelegging frå kommunen. at klimaplanen i kommunen skal fungere som styringsdokument for anna planarbeid. plassere kommunale investeringar i grøne fond, fornybar teknologi, og grønt næringsliv. Unngå kommunale pengeplasseringar i bankar som har kontor i skatteparadis. Be Kommunal Landspensjonskasse (KLP) kutte investering i fossil energi, som olje, kol og tjæresand. sikre at kommunal klimaplanen vert oppdatert regelmessig saman med årleg budsjettarbeid. drive haldningsarbeid om økonomisk vekst. Økonomisk vekst er ikkje eit mål i seg sjølv. justere sosialhjelpsatsane slik at langtidsfattige kan ha god livskvalitet. Arbeide for at eit grønt næringsliv med grønne arbeidsplasser. For eksempel arbeide for at eit biogassanlegg realiserast i nær framtid og gjerne plassert i Ørsta Følgje med på food2waste2food http://www.food2waste2food.eu/?page_id=442 og Ålesundsbaserte Lotecs for å skape arbeidsplassar frå biodynamiskt avfall. 9

Kultur og leik Ørsta har eit rikt organisasjonsliv, mange kulturhus og gode naturtilhøve for leik og friluftsliv i alle aldrar. MDG vil tilgodesjå kulturtiltak på alle nivå, særleg dei små organisasjonane som styrker lokalsamfunna i kommunen. MDG ser særleg positivt på uformelle aktivitetar som stiller låge krav til anlegg, til dømes terrengsykling, skateboarding, tuftepark, turorientering, trimpostar, seniordans, korsong og fleire. halde på Frivilligsentralen som koordinator og hjelpar for organisasjonar. at Kulturskulen i større grad samarbeider med skulane om konsertar og fellesarrangement. tilgodesjå alle organisasjonar ved støtte til kulturhus og arrangement sikre at ungdommen får behalde Kaihuset legge til rette for rokkeskule for ungdomen sjå til at funksjonshindra kan sleppe til som aktive kulturmenneske. sikre at turvegtilbodet på Rjåneset vert oppretthalde. arbeide for svømmehall arbeide for ei opprustning av kulturhuset til ein fellearena for forskjellige kunstarter at kulturtilbod for eldre må omfatte alle sjukeheimsavdelingar og heimebuande. at Ørsta folkebibliotek i større grad skal fungere som kulturformidler med gratis arrangement for alle 10

Livskraftige lokalsamfunn og interkommunalt samarbeid 10-minuttsbygda: Framsynte byplanleggarar satsar på at folk skal kunne nå arbeidsplassar, skular, butikkar og offentlig service med 10-15 minutts gangavstand. Dette minimerer trongen for vegutbygging, bilkøyring og nye samferdselsprosjekt. MDG vil ha eige NAV-kontor, legesenter og andre serviceinstitusjonar i både Ørsta og Volda sentrum. Vi ser at smådriftsfordelar i lokalsamfunnet er av stor verdi, og er svært skeptiske til kommunesamanslåing. For dei fleste i Ørsta kan livskvaliteten bli betre ved å senke tempo i kvardagen. Vi kan se til Cittaslow, der mellom andre Levanger er med. Kanskje Ørsta kan dempe fokuset på breiare og beinare vegar, og bli med i nettverket. Vi har også mykje å lære av økokommunen Tingvoll. samarbeide med nabokommunar om barnevern, renovasjon og andre godt etablerte samarbeidstiltak. styrke bemanninga på legekontoret i helgane i samarbeid med Volda legesenter. ha eige NAV-kontor i Ørsta sentrum. ikkje utelukke kommunesamanslåing eventuell kommunesamanslåing må kome etter ei grundig brukargransking og folkerøysting. arbeide med kommuna sin kommunikasjonsplan. Kven vil kommunen lokke til seg og kva er det vi som kommune signaliserer. oppretthalde kulturtilbod i utkantstrøk. Gjenopne nedlagde/stengde bibliotekfilialar. 11

Målet til Miljøpartiet Dei Grøne er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal vere underordna sunne økologiske prinsipp og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokale ressursar, er ein føresetnad for å nå målet. 12