Vår dato Vår referanse vår sakshandsamar UTDANNINGS 21.06.05 132/2005 AT



Like dokumenter
Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Retten til spesialundervisning

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Tiltaksplan

Forventningar til og utfordringar for nettlærarane

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps- og innovasjonslinje i Hordaland

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Eit lærande utdanningssystem?

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Ny strategiplan for Høgskulen

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Til deg som bur i fosterheim år

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

HØYRING AV FORSLAG OM ENDRINGAR I FORSKRIFT OM TILDELING AV UTDANNINGSSTØTTE FOR

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

INTERNASJONAL STRATEGI

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Øystese barneskule April - 08

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

Aurland kommune Rådmannen

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

på vegne av barn og unge

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Fagdag, minoritetsspråklege

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Pedagogisk plattform

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kommunedelplan for oppvekst

Vedlegg: doc; doc

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Verksemdsplan 2015 for Vest-Telemark PP-teneste

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Overgang Oppfølging Telling. Anne Gerd Strand

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

IKT-kompetanse for øvingsskular

Transkript:

Vår dato Vår referanse vår sakshandsamar UTDANNINGS 21.06.05 132/2005 AT Arkivkode Telefon Hordaland 56 12 5000 Hordaland fylkeskommune Arbeidslaget Kompetansefylket Hordaland v/ Brit A. Røkke P.b. 7900 5020 Bergen 6 HORDALAND FYLKESKOMMUNE Såkor. Eksp. HØRING: Strategiplan for Livslang læring i Hordaland Uttale frå Utdanningsforbundet Hordaland Arkivnr. J J V l 3 JUNI 2005 Saksh. Innleiing Utdanningsforbundet har eit grunnleggjande syn på utdanning og profesjon som noe som omfattar alle sider ved læring og lek hos mennesket. I den forstand vil det gi meining å tala om livsvid læring, så vel som livslang læring, slik at læring i ulike samanhenger, formelt og uformelt, blir verdsett. Vi set minst like mykje pris på prosess som på kompetansemål. Framover skal det skapast nærare band mellom utdanning, næringsliv og offentlige verksemder. Entreprenørskap er ofte nemnd i samband med verdiskaping, og vi vil særleg framheve mangfald og eit kollektivt verdisyn slik at eit konkurranseprega verdisyn ikkje blir einerådande. Det ligg ulike danningsprosessar i ulike modellar for utdanning, og dilemma i tilhøvet mellom realkompetanse og formalkompetanse må utreiast. Generelt om planen Utdanningsforbundet oppfattar at strategiplanen skal gje uttrykk for ein samla strategi for livslang læring (LLL) i Hordaland. Nokre stader har ein mest fokus på dei fylkeskommunale ansvarsområda, avklaring på dette kjem ikkje godt nok fram alle stader. Strategiplanen har innarbeidd tiltak for dei ulike områda. Dette kan vere svært nyttig, men det føreset at tiltaka vert finansiert. Korleis har Hordaland fylkeskommune tenkt å bidra? Nokre av utfordringane handlar om for lite ressursar, tiltak som krev finansiering vil då framstå som fromme ønskjer. LLL har hittil hatt mykje fokus på bredda i opplæringa, dvs. å anerkjenne læring frå uformelle arenaer. No er det meir fokus på å dekke heile opplæringsløpet, der særleg grunnopplæringa vil stå sentral. Utdanningsinstitusjonar og dei som gjev utdanning burde difor ha ein mykje større plass i ein strategiplan for LLL. Lærarar ifrå barnehage til høgskulenivå er viktige aktørar. Dei skal bidra til læring, men dei skal og sjølv lære. Utdanningsinstitusjonane vil kunne ha ei viktig rolle som utviklar av metodar og arenaer for LLL. LLL er frå vogge til grav, vi saknar noko om førskuletida. Vi saknar også den kulturelle arenaen som arena for LLL. Utdanningsforbundet vil løfte fram desse områda, som burde vore betre innarbeid i strategiplanen: Læring hos førskulebarn Rammevilkår for lokale læringssentra Tilpassa opplæring og spesialundervisning som del av LLL Lærarar på alle nivå som målgruppe for LLL Adresse E-postÆnternett Telefon Telefaks Org.nr.: Strandgaten 198 hordaland@utdanningsforbundet.no +47 56 12 50 00 +47 56 12 50 10 885 973 892 P.b. 1818 Nordnes hordaland.utdanningsforbundet.no 5816 Bergen

side 2 Samarbeid mellom barnehage, skule og universitet og høgskular, med tanke på forsking- og utviklingsarbeid Når det gjeld vaksenopplæringa meiner Utdanningsforbundet at Hordaland fylkeskommune si politikk og praktiseringa av denne, gjer at mange vaksne får eit dårlegare tilbod enn dei burde hatt, i høve til intensjonen i Kompetansereforma. Omgrepet Definisjonane som nyttes er gode, men vi saknar eit fokus på danningsperspektivet. Det er bra at omgrepet Kompetanse inneheld dei tre elementa; kunnskap, haldningar og ferdigheiter, men her vil vi særleg presisere læring som sosiale og kulturelle prosesser, i tråd med nyare forsking. Dette samsvarar og med EU sitt syn på basisferdigheiter som eitt av fleire strategiske mål (Lisboaprosessen). Nasjonal satsing Som det står i planen, så har Noreg andre utfordringar enn det som er typisk elles i Europa. Vi støtter det synet at LLL i Hordaland særleg skal knyttes til måla om å oppretthalde eit levedyktig næringsliv og busetnad i distrikta. Internasjonalt perspektiv København-prosessen i EU kunne vore nemnt. Den har fokus på livslang læring innan yrkesopplæringa. Dei har innført Europass på 25 ulike språk, der norsk er eitt. (Også Afrika og Sør- Amerika ønskjer å utvikle noko tilsvarande). Her er nokre prinsipp for kvalitet som frivillig kan brukast i dei ulike landa. Kor står dette arbeidet i Noreg i dag? Det vert no arbeidd med eit rammeverk, ei felles referanseramme i Europa, for yrkesopplæringa, inkl. praksis. Bolognaprosessen har allereie utarbeidd felles referanserammar for høgare utdanning, og det skal no skapast meir fleksible læringsarenaer som inkluderer prosedyrar for å anerkjenne realkompetanse. Det er auka politisk krav om godkjenning av utdanningar på tvers av land. Noreg er og medlem i The European Agency, der 28 land samarbeidar om spesialundervisning. Også her ønskjer ein felles kriterium og definisjonar. EU er og oppteken av at barrierane mellom yrkesopplæring og akademiske miljø må byggast ned. Også i Noreg er det mykje som kunne betrast på dette feltet, men det er viktig å ta vare på både breidde og fordjuping. Frå vogge til grav Eldreperspektivet er med i planen, men ein har ikkje tatt med utfordringane knytt til dei første leveåra. Kompetanseberetningen 2003 har ein rapport, Bedre føre var enn etter snar-læring i førskolealder, om barns læring i familien og barnehagen. Der viser ein til forsking som seier at eit godt pedagogisk tilbod før skulealder har positive effektar for seinare læring i skulen for alle barn - uavhengig av sosial bakgrunn. Og at trong for spesialundervisning i skule vert kraftig redusert dersom barna har gått i eit pedagogisk tilbod før skulestart, og dersom ein relativt tidleg startår med systematiske skriftspråkstimulerande aktivitetar. Leik og læring stimulerar kvarandre gjensidig, og i barnehagen er og omsorg og oppleving knytt til læring. Daning, fellesskap og heilskap er stikkord som byggast vidare inn i ein strategi for LLL.

Side, Hordaland fylke si satsing på Livslang læring Førskulealder Som nemnt ovanfor, så saknar vi strategiske tankar om barnehagar. Pedagogisk tilbod til små barn har både individuelle og samfunnsmessige perspektiv. Skal ein legge til rette for arbeidsplassar er tilbod for heile familien ofte avgjerande. Dagens unge har også forventningar om at samfunnet stillar barnehageplass til disposisjon, slik at begge foreldra kan delta i lønna arbeid. Universitets- og høgskolemiljø Det regionale utviklingsarbeidet bør også knyttes til fagmiljøa ved universitet og høgskular. Her kan fylkeskommunen vere pådrivar i høve til fremje samarbeid om undervisning og forsking/utviklingsarbeid mellom høgskular/universitet og barnehagar, grunn- og vidaregåande skular. Men også mellom utdanning og næringsliv, og utdanning og arbeidsliv. Ein modell for samarbeid er partnarskap, og avtale kan til dømes inngåast mellom skoler/barnehagar og høgskolar. Ein kan til dømes inngå avtale mellom 5 ulike skolar med øvingslærarar, og ein klasse ved ein av høgskolane eller ved universitetet. Partnarskap vil gi utvikling for lærarar i skole/barnehage og lærarutdannarar gjennom eit langsiktig samarbeid, og styrke profesjonsrettinga på utdanninga. Når det gjeld spesialpedagogisk kompetanse i utdanningssystema vil vi syne til at det 01.03.01 var inngått ein intensjonsavtale om regionalt samarbeid. Avtalen vart inngått mellom HiB, UiB, Vestlandets kompetansesenter, Eikelund kompetansesenter, NLA og Statens utdanningskontor i Hordaland, med tanke på å fremme spesialpedagogisk kompetanseutvikling i Hordaland. Utdanningsforbundet meiner det er grunn til å følgje opp det samarbeidet som ble satt i gang med omsyn til undervisning og forsking. Dette er ikkje minst viktig i samband med strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005-2008. Fleire av utfordringane i LLL handlar om å legge til rette for at flest mogeleg skal få utvikla og dokumentert kompetansen sin. Kulturlivet Eit aktivt kulturliv er ein viktig faktor for å sikre busetnad i distrikta. Dertil er det ein arena for læring og utvikling av realkompetanse. Vaksenopplæring Det er positivt at ein har tatt i bruk verkty for kartlegging av realkompetanse av vaksne, og at desse kan få kompetansebevis og tilpassa opplæring. Det er viktig at det er utdannarane som sett kriteria, gjennomførar kartlegginga, og utstettar kompetansebevis. Det er og positivt at der no kjem verkty for bruk i bedrift, og at ein har auka fokus på minoritetsspråklege. Men Utdanningsforbundet er uroa over at arbeidet med å sikre vidaregåande opplæring for alle, har gått for seint. Av 3000 personår registrert ved realkompetansesentra, har berre 800 starta opplæring. Vi er og uroa over at fylkeskommunen har bygd ned dei faste tilboda med eigne klasser for vaksne. Den individretta innsatsen som er nemnt i planen, viser til at 1100 vaksne har fått tilbod innan allmenne fag og hjelpepleie. Alle desse klassane er no lagt ned som faste tilbod. Dette er ei klår svekking av tilbod vaksenopplæringa. Mange vaksne har hatt stor glede av ordninga, skulen har kunne hatt ein fast lærarstab med god kompetanse innan vaksenpedagogikk og tilpassa opplæring.

Side4 Utdanningsforbundet er svært skuffa over at handtering av lovendringa i Kompetansereforma, som skulle sikre grunnopplæring, i praksis har gitt færre tilbod. Det er misbruk rettane i lova når politiske vedtak og praktisering vert brukt til å utelukke, ved å vise til "ikkje-lovpålagte" oppgaver. Vi meiner at lovens intensjon om å tilpasse tilbod til vaksne sin situasjon, handlar om å ha fleire alternativ. I distrikta må ein kanskje ha fjernundervisning med samlingar, men i Bergen kan ein ha eigne faste klasser i dei mest aktuelle programma. Det er og viktig at vaksne kan få plass i ordinære klassar, om dei måtte ønskje det. Dette er ofte ei god løysing for vaksne med små born, og særleg i dei yrkesfaglege kursa. Dagens politikk hindrar dette. Det er svært synd i eit LLL-perspektiv, og i høve til å utvikle distrikta. Den viktigaste årsaka til denne politikken, trur vi er at ein manglar vilje til å bruke pengar på dette formålet. Vi kan nemne vedtaka knytt til vaksne med spesielle behov ved Kyrre, Valekrossen og Ulriken skolesenter. Det er også denne politikken som gjer at vaksne betalar studieforbunda mykje pengar for å få vidaregåande opplæring. Dette gjeld ikkje berre distrikta, det er størst tilbod i Bergen. Fleire av desse er vaksne rettselevar som ikkje får tilfredsstillande tilbod frå fylkeskommunen. På andre område enn grunnopplæringa, har studieforbund viktige funksjoner i høve til LLL. Konklusjonen vår vert at ein må auke kraftig budsjettposten for vaksenopplæring, og samstundes fjerne kravet om å ikkje gje tilbod til dei over 21/25 år. Dei vidaregåande skulane som lokale læringssentra Vi er positive til at vidaregåande skular skal utviklast til læringssentre som skal tilby samordna og fleksible utdannings- og læringstilbod. Dette vil vere ei vidareutvikling av skulane si oppdragsverksemd. Opplæringsavdelinga har vurdert korleis oppdragsverksemda fungerer i dag. Det har vore noko nedgang i verksemda, og skulane viser til rammetilhøve som gjer arbeidet vanskeleg. Planen nemner avtalen om løns- og arbeidsvilkår for lærarar som døme. Utdanningsforbundet vil understreke at det ikkje er avtalane som er problemet, men at skulane ikkje klarar å legge arbeid med verksemda inn i lærarane si normale stilling, slik at ein slepp overtid. Mange lærarar, særleg kvinner og småbarnsforeldre, ønskjer ikkje først og fremst eit overtidstillegg, dei ønskjer å arbeide eit normalt årsverk. Det er ikkje eit mål at nokre får svært stor arbeidsbelasting i periodar, eller at fleire ikkje får fast, full stilling. Desse utfordringane må ein gjere noko med, slik at alle lærarane sikres skikkelege arbeidsavtalar. Dette må også leggast til grunn for vurdering av organisasjonsform. Yrkesrettleiing Det er positivt at ein etablerer eit senter der ein samarbeider nært med partane i næringslivet, opplæringskontora og aetat. Vi vil understreke utfordringane knytt til reforma Kunnskapsløftet. Her har fylkeskommunen eit særskilt ansvar for å utvikle kompetansen til rådgjevartenesta, det burde vore eit av tiltaka. Ungt entreprenørskap Teksten er ikkje tydeleg nok på kva ein meiner med entreprenørskap. Kvifor er det viktig? Det må vere samsvar mellom mål og tiltak. Ungt entreprenørskap er ikkje ein metode, men ein organisasjon. Metoden er elevbedrift og ungdomsbedrift.

Side5 Tiltaka her er ganske detaljerte og knytt berre til vidaregåande opplæring. Vi er eingige i at lærarane må få tilbod om utdanning i entreprenørskap som pedagogisk reiskap, men vi trur det bør utredast kva samarbeidsformer med lærarutdanningsinstitusjonane som er dei mest tenlege for å utvikle entreprenørskap. Skal det fungera som metode, må elevane få meiningsfull praksis, og målsettinga må ikkje berre vere å meistre konkurranse, men og å meistre samarbeid med andre aktørar. For å få livskraftige distrikt og regionar er ein avhengig av god samhandling mellom ulike lokale aktørar. Ungt entreprenørskap kan og vere med på å knytte næringsliv og skule nærare samane Eldreperspektivet Teksten kunne vore tydelegare på å skilje mellom målsettingar for fylkeskommunen som arbeidsgjevar, og andre mål. For å motivere eldre for å stå i yrket, bør ein sjå på fleire områder enn berre mentorordningar. Eit seniortiltak kunne vore stipend som t.d. gir høve til FOU-arbeid. Men ein må og kunne motivere grupper som ikkje skal/vil ta utdanning, og ein må skilja mellom ulikt utdanningsnivå. Vi vil og nemne at frivilligsentralar kan vere ein aktuell samarbeidspartnar ved oppretting av læringssentra. Med helsing UTDANNINGS HORDALAND Ingunn Alver fylkesleder Audhild Tveiterås seksjonsleiar VGO