INFORMASJON vestavindkraft.no Okla Vindpark Mellom Kyrnosa og Kjødnosa på Stadlandet Sogn og Fjordane 1
2
Visualisering av Okla vindpark sett frå vegen opp til fjellet Kjerringa. kvifor vind Dei globale CO 2 utsleppa aukar stadig, og resultatet er auka drivhuseffekt med påfølgande klimaendringar. For å unngå dei dramatiske klimaendringane som vi berre ser starten på no, er det ei stor utfordring å erstatte fossil energi med rein og fornybar energi. Energi frå energikjelder som ikkje blir oppbrukte. Dei 7 kraftselskapa som står som stiftarar av Vestavind Kraft AS, har lang tradisjon i produksjon og levering av rein og fornybar energi frå vasskraft. Vi tek utfordringane på alvor og bidreg til å kutte klimaendringane. Å satse på vindkraft er ein viktig del av løysinga på det stigande klimaproblemet. Det er eit uttala politisk mål at produksjonskapasiteten for elektrisk energi må aukast og at vindkraft skal vere ein viktig bidragsytar. Norge er eit langstrakt land med mykje og stabil vind. På grunn av dette er norsk vindkraft om lag 50 % meir effektiv samanlikna med vindkraft i EU. I tillegg har Norge ein lang og stolt tradisjon i produksjon av rein og fornybar energi. Dei viktigaste grunnane til Vestavind Kraft AS si satsing på vindkraft er: Norge sine vindressursar er av dei beste i Europa Vindturbinar er ein godt utvikla teknologi for produksjon av fornybar energi Vind er miljøvennleg og fornybar energi, som det alltid vil vere nok av Utan skadelege klimagassutslepp og støy Produksjonen er størst når forbruket er høgast Når vassmagasina er minst, har vi rikeleg med vind Med rein energi frå vatn og vind er vi sikra stabil drift Vindkraftverk er eit reversibelt inngrep 3
Vindmøllene kan så vidt sjåast frå kapellet i Ervika. Ser ein nøye etter ser ein vindmøllene i horisonten midt i bildet. kvifor Okla? Planområdet er lokalisert nord på Stadlandet i fjellområda mellom Kyrnosa og Kjødsnosa, og ligg på mellom 300 og 500 m.o.h. Dei viktige årsakene til at Vestavind Kraft har valt å lokalisere ein vindpark på Stadlandet er: Svært gode vindressursar Vindkraftverket vil gi ein el-produksjon på ca. 65 GWh som dekkjer kraftforbruket til 3200 hushald Eksisterande kraftleidningstrase kan nyttast Vindparken vil ha tilstrekkeleg avstand frå busetnad Ingen verna område vert råka I tillegg er området peika på av Forsvarsdepartementet som ei «mogeleg alternativ plassering». Selje kommune, som er interessert i å få til eit vindparkprosjekt, bad om Forsvarsdepartementet si vurdering av kva for område i kommunen som kunne vere akseptable for vindkraftetablering, etter at Forsvaret var negative til eit tidlegare vindparkprosjekt på Stadlandet. 4
Okla vindpark Synlegheitsanalyse Alternativ 2b 1-4 møller heilt eller delvis synlege 5-7 møller heilt eller delvis synlege Gul/oransje farge indikerar at ei eller fleire vindmøller vil vere synlege frå det aktuelle området i klart vêr. Synlegheit er berekna for ruter på 25x25 meter på grunnlag av ein digital terrengmodell. Sikthinder som bygningar, vegetasjon og liknande er ikkje tatt med i berekninga. I praksis vil difor møllene si synlegheit vere mindre omfattande enn områda som viser på kartet. Målestokk 1:100 000 i A3 format Ekvidistanse 20 m Kart: Trond Siemensen, Sweco Grøner 06/2006 Sidan sommaren 2005 er det gjennomført vindanalysar, teknisk planlegging, konsekvensutgreiingar og drøftingar med lokale styresmakter, grunneigarar og organisasjonar. Dette har danna grunnlaget for lokaliseringa og utforminga av vindparken som Vestavind Kraft no presenterer i konsesjonssøknad og reguleringsplan. Vi har høyrt på ulike kommentarar og vurdert det som har komme fram i arbeidet med konsekvensutgreiingane. Prosjektet omfattar ei utbygging av inntil 10 vindmøller á 2-3 MW med total høgde 120-130 m. Den totale produksjonen vil vere på opptil 21 MW. Utbygginga vil i tillegg omfatte tilkomstveg, internt vegnett og nettilknyting. Tilkomstvegar, interne vegar og vindturbinar med kranoppstillingsplass ved kvar vindturbin vil krevje eit samla areal på ca. 80 da. Det meste av det vurderte planområdet for vindparken vil likevel ikkje bli direkte råka av fysiske tiltak i terrenget. Tilkomstvegen er tenkt lagt ovanfor Borgundvåg frå fylkesveg 633 og opp til vindparken. Det vil bli lagt jordkablar frå kvar vindturbin og fram til ein koplingsstasjon i vindparken. Den totale lengda på luftleidningar i området vil verte redusert som følgje av at eksisterande luftleidning forbi Leikanger vil verte skifta ut med jordkabel. 5
Hovuddata for utbygginga av Okla vindpark Skisse som viser storleiken av den største aktuelle vindturbintypen på 3MW. Dersom denne vert nytta vil talet vindturbinar bli maksimalt 7. Komponentar Vindmøller opp til 10 Samla installasjon 21 MW Årleg produksjon 65 GWh Totalt arealbeslag ca 80 da Vegar 7,3 km Kabelnett 7,8 km 22 kv kraftlinje, luft 15,8 km 22 kv kraftlinje, kabel 3,5 km Utbyggingskostnader 190 mill. NOK Vindmølle 3MW 66kV elmast Vegetasjon Menneske 6
7
Olavskrossen, eit minnesmerke over kristninga av Vestlandet i år 997. Vindparken vil ikkje vere synleg herifrå konsekvensar for nærmiljøet / samfunnet Landskap, friluftsliv og kulturminne Stadlandet representerer ein landskapstype med stor verdi, med eit særmerkt kulturlandskap. Både Selja, øya med restar etter bispesete og klosteret frå middelalderen og Olavskrossen på Dragseidet er viktige identitetssymbol av nasjonal verdi. Den omsøkte vindparken er svært kompakt og råkar eit avgrensa areal. Frå dei viktige kulturmiljøa Selje kloster, Dragseidet og Hoddevik, vil vindparken ikkje verte synleg. Vindturbinane vil heller ikkje vere synlege frå sjølve utsiktspunktet Vestkapp på Kjerringa. Derimot vil vindparken vere synleg frå vegen opp til Kjerringa og frå fjellområda kring vindparken og delvis også frå delar av Ervikbygda, men blir lite eller ikkje synleg frå busetnaden elles på Stadlandet. 8
Frå nabofjellet, Hoddevikfjellet som er nytta til turgåing, vil vindparken verte godt synleg. Opplevingsverdien vil bli påverka av den planlagde vindparken. Det er også turstiar i sjølve planområdet, Okla Kyrnosa, men desse er mindre nytta enn Hoddevikfjellet. Vegetasjon, flora og fauna Vindparken ligg i eit område med gras og lynghei, som er kulturpåverka vegetasjonstypar. Det opne kulturlandskapet er i ferd me å gro til med kratt og småskog. Verknadane av vindparken på vegetasjonen vil først og fremst vere knytt til direkte arealbeslag som følgje av bygging av veg, fundament for vindturbinane og kranoppstillingsplassar ved kvar vindturbin. Totalt vil om lag 80 da verte direkte råka. Eit styrka inntektsgrunnlag for grunneigarar til vindparken kan gjere det mogleg å oppretthalde sauehald i området, og på den måten skjøtte kulturlandskapet og hindre attgroing. Det hekkar nokre raudlista fugleartar i områda omkring vindparken. Det går også fugletrekk vår og haust over og utanfor Stadhalvøya. Ein kan ikkje sjå bort frå at fugl på trekk eller næringssøk kan kollidere med vindturbinane. Med berre 7 10 vindturbinar innafor eit svært avgrensa område, blir konfliktpotensialet sterkt redusert. Støy, skugge og forureining Ingen bustadhus eller hytter vil få berekna støy frå vindparken som overstig SFT sin grenseverdi på 45 dba. Støy frå vindmøllene vil kunne verke sjenerande for folk som driv med friluftsliv i nærleiken av vindparken. Forureiningsfaren i anleggsperioden vil førebyggjast ved at utbyggjar stiller krav til utførande entreprenørar om sikker handtering av kjemikaliar og drivstoff. I solskin og på spesielle tider på dagen vil ei vindmølle kaste skugge i ein bestemt retning. Berekningar viser at skuggekast frå vindmøllene ikkje vil vere eit problem for hytter og bustadhus på Stadlandet. Under utøving av friluftsliv i eller i nærleiken av vindparkområdet kan den roterande skuggen opplevast som sjenerande. Samfunnsmessige verknader Total investering for utbygging av Okla vindpark er forventa å bli omlag 190 MNOK. Av dette vil norske leveransar utgjere omlag 20 % av dei totale investeringskostnadane. I anleggsperioden kan sysselsetjingseffekt vere på omlag 12 årsverk for det lokale næringslivet. I driftsfasen er dagleg drift og vedlikehald stipulert til 1-2 årsverk. Selje kommune vil ta imot ein eingongskompensasjon for å ikkje belasta vindparken med eigedomsskatt i framtida. Reiseliv og turisme er av stor verdi for Selje kommune. Det er vanskeleg å seie om eller korleis ein vindpark vil påverke turismen på Stadlandet. Undersøkingar frå utlandet tyder på at det er særleg der vindkraftanlegg sterkt påverkar hovudattraksjonar at slike utbyggingsprosjekt kan verke negativt på turismen. Selje kommune vil motta ein årleg kompensasjon. Dersom kommunen innfører eigedomsskatt for denne typen eigedomar, vil den direkte kompensasjonen verte avkorta tilsvarande. 9
10
vegen vidare... Vidare sakshandsaming hos NVE Norges vassdrags- og energidirektorat behandlar konsesjonssøknaden etter energilova og vil sende søknaden med konsekvensutreiing på høyring til lokale og regionale styresmakter, lag og organisasjonar som måtte ha interesse av utbyggingsplanane. I tilknyting til høyringa vil det verte arrangert eit ope møte på Leikanger. Selje kommune har fått tilsendt reguleringsplan for vindparken og planen vil verte behandla etter Plan- og byggingslova (PBL). Planen vil også verte lagt ut for offentleg ettersyn. Gir NVE konsesjon og Selje kommune godkjenner reguleringsplanen, kan utbygginga tidlegast ta til ved årsskiftet 2007/2008 Aktivitet/Dokument 2007 2008 2009 1 2 3 4 1 2 3 4 1 2 3 4 Høyring av søknad KU, offentleg ettersyn av reguleringsplan. Konsesjonshandsaming i NVE og handsaming av reguleringsplan i Selje kommune. Anbodsgrunnlag/ Kontraktsinngåing/ Bygging 11
A TIL Å REKLAMEBYRÅ - www.atila.no Foto: www.gettyimages.com, Trond Sagen 12 medvind for lokalsamfunnet Vestavind Kraft AS N-6823 Sandane, Norway Tel: +47 5788 3702 Fax: +47 5788 3701 www.vestavindkraft.no