Viktig informasjon til innbyggjarane i Hordaland Forsvaret trenar på Vestlandet frå 11. til 23. november Vi trenar for di sikkerheit Noreg er eit langstrakt land med store avstandar og variert natur. For å kunne forsvare heile landet må Forsvaret halde treningar på ulike stader i Noreg. Denne gongen har vi valt Hordaland.
forsvaret trenar PÅ VEstLanDEt For å løyse sine oppgåver må Forsvaret trene i naturlege og utfordrande omgivnader. I den samanhengen gjennomfører Forsvaret ei av sine fire årlege fellestreningar på Vestlandet i november 2013. Aktiviteten inneber at Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet trenar i ei fellesoperativ ramme. Forsvaret løyser oppdrag kvar dag, heile døgnet og i heile landet. For å sikre den kvaliteten som dei politiske styresmaktene har vedteke, må vi trene alle ledd i organisasjonen. Vi må òg bli kjende i områda der folk bur og jobbar. Denne hausten vil Forsvaret trene langs Vestlandskysten og i Hordaland. Under treninga vil Forsvaret bli svært synleg på vegane med køyretøy og soldatar, fly og helikopter i lufta og stor aktivitet med militære fartøy på sjøen. Eg ber om forståing frå innbyggjarane i Hordaland i perioden Forsvaret trenar. Frå vår side legg vi vekt på å ta omsyn til befolkninga så langt dette er mogleg. Morten Haga Lunde Generalløytnant Sjef, Forsvarets operative hovedkvarter Breie fjordar, høge fjell og djupe dalar. Naturen i Noreg er vakker og utfordrande. Slik er òg naturen i ytre Hordaland. I tillegg har området mange menneske, viktig industri og infrastruktur som hamner, flyplassar og jernbane. Å trene i slike realistiske omgivnader gjer Forsvaret førebudd og betre i stand til å ta vare på landet vårt. informasjon om treninga Kven? Om lag 3 200 deltakarar frå Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret, Cyberforsvaret, Forsvarets logistikkorganisasjon og Bergenhus heimevernsdistrikt 09. I tillegg deltek fartøy og personell frå allierte land som Danmark, Tyskland og Sveits. Kva? Treninga er ei felles trening for alle greinene i Forsvaret. Kvart år blir det halde fire slike treningar i Noreg. Kvifor? Noreg skal til kvar tid ha eit robust og effektivt forsvar. Treningar som denne skal vise at Forsvaret har evne til å forsvare heile landet uansett klima og geografi. Dei ulike greinene i Forsvaret får trening i å arbeide saman, og med sivile etatar som Fylkesmannen og politiet. Vi får òg trena på å flytte utstyr og materiell over store avstandar. KVa skjer UnDEr treninga? BLa om!
Dette skjer under treninga STADER SOM FÅR AUKA VEGTRAFIKK SOM FØLGJE AV TRENINGA: Ulven-området nord for Os Vegane mellom Flesland, Bergen og Sotra Sotra (særleg i perioden 19. til 21. november) STADER DU KAN HØYRE LUFTTRAFIKK: Jagarflya vil trafikkere strekninga mellom Hordaland og Trøndelag. Denne trafikken vil ikkje kunne høyrast i nemneverdig grad av lokalbefolkninga Det vil tidvis bli noko helikoptertrafikk rundt Bergen og Sotra ØYGARDEN FJELL 555 ASKØY 562 Haakonsvern Raune- BERGEN E39 E16 HER BLIR DET AUKA TRAFIKK PÅ SJØEN: Hjeltefjorden Byfjorden Raunefjorden Lerøyosen Kalender over aktivitetar 11. november Heimevernet begynner å sikre militære installasjonar og sivil infrastruktur som industrianlegg og hamner i Bergensområdet. Sjøforsvaret skal samtidig drive førebuande arbeid, som kontroll og overvaking av hamner og kaier i treningsområdet. 16. 18. november Hæren kjem til Bergensom rådet med sine folk og sitt materiell. Dette blir transportert til Bergen med tog, fly og båt, og frakta vidare på vegane til treningsområda. I denne perioden vil det bli ein del mindre kolonnar av militære køyretøy langs vegane i området Flesland, Sotra og Ulven. 561 Flesland 580 E39 19. 21. november Stridsfase. Dette er sjølve treninga, der Hæren, Luftforsvaret, Sjøforsvaret og Heimevernet trenar saman. Det vil bli aktivitet på sjøen, på land og i lufta på dagtid og om natta. SUND Lerøyosen Ulven 22. november Treninga er over, og Forsvaret ryddar opp og trekker ut mannskapar, køyretøy, skip og anna materiell. TRENINGSOMRÅDE KARTUTSNIT T 0 5 km OS 23. november Open dag for publikum på området rundt Bergenhus festning. Forsvaret stiller ut køyretøy og utstyr. Sjøforsvaret har også heile sin styrke i Vågen. Det vil bli aktivitetar og mogelegheit for å helse på, besøke skip og studere noko av Forsvaret sitt ut styr. Alle er hjarteleg velkomne.
Dette skjer 3200 personar frå alle forsvarsgreiner, samt styrkar frå Danmark,Tyskland og Sveits, kjem til Hordaland. 10 Treninga omfattar 10 kommunar: Øygarden, Fjell, Sund, Meland, Askøy, Bergen, Os, Austrheim, Radøy, Lindås. KontaKtinformasjon på land Soldatar, i hovudsak frå Hæren og Heimevernet, kjem til å vere synlege i heile området. Under sjølve treninga kjem Hæren primært til å vere utplassert på Sotra. Kolonnar av militære køyretøy kjem til å ferdast langs vegane, og større køyretøy kan i periodar stå parkerte i vegskuldrer, grøfter og busslommer. Vegane kan bli noko mindre framkommelege under treninga, men stort sett skal ferdsla gå som normalt. Folk vil kunne sjå soldatar med stridsutrustning og våpen i heile området. Du kan også treffe på soldatar som kjøper seg ein kopp kaffi eller ei pølse på kafear og bensinstasjonar. Forsvaret kjem til å bruke lausammunisjon, og innbyggjarane i treningsområdet kan derfor høyre smell. Det vil vere aktivitet både om dagen og om natta, men Forsvaret vil unngå å trene i nærleiken av stader som barnehagar, skular og pleieheimar. Dette deltek Hæren og Heimevernet med: Hæren deltek med soldatar frå Brigade Nord, som kjem frå både Troms og Østerdalen. Den største kampavdelinga er Telemark bataljon. Heimevernet deltek med land- og sjøheimevern frå Bergenhus heimevernsdistrikt 09. Stormpanservogner CV9030 (20 tonn), stridsvogner Leopard 2 A4NO (55 tonn), lastebilar, feltvogner og terrengkøyretøy («ATV-ar»). Totalt kjem brigaden med over 200 køyretøy. i lufta Luftforsvaret stiller med blant anna jagarfly og helikopter. Desse vil trafikkere heile treningsområdet, særleg luftrommet rundt Bergen og over Sotra. Det vil også bli noko jagarflytrafikk mellom Hordaland og Ørland i Sør-Trøndelag, der det blir arrangert ei anna trening. Deltakarar herifrå, blant anna fly frå Tyskland og Sveits, vil også bidra og delta i treninga i Hordaland. Dette deltek Luftforsvaret med: F-16 jagarfly, Bell-412 SP helikopter, P-3C Orion, DA-20 Jet Falcon, og C-17 transportfly fra NATOs Heavy Airlift Wing. på sjøen Sjøforsvaret kjem til å vere synleg både på sjøen og på land før og under treninga. Frå 11. november vil Sjøforsvaret drive førebuande operasjonar, blant anna ved å sjekke og overvake hamner og kaier. Under sjølve treninga skal Sjøforsvaret støtte styrkane frå Hæren, for eksempel ved å bruke korvettar og fregattar frå sjøen. Under treninga vil fartøya også nytte lausammunisjon for å simulere skyting. Patruljar frå Kystjegerkommandoen vil operere på land og langs sjøområda rundt Sotra og Øygarden. Det blir også noko aktivitet ved Fjell og Sund samt i Bergen hamn. Befolkninga vil òg oppleve at det blir ein del aktivitet med marinefartøy og småbåtar i Hjeltefjorden, Byfjorden, Raunefjorden og Lerøyosen i heile trenings perioden. Sivil skipstrafikk og fritidsbåtar blir oppmoda om å halde tilstrekkeleg avstand når dykkarar og mineryddarfartøy skal trene. Dette deltek Sjøforsvaret med: Fregattar, korvettar, mineryddarfartøy, logistikkfartøy, stridsbåt 90, patruljar frå Kystjegerkommandoen, Marinejegerkommandoen og Minedykkarkommandoen. For publikum: Forsvaret legg ned mykje arbeid for å unngå skadar, utslepp og forsøpling. Likevel kan det skje uhell. Ta kontakt med oss om du skulle få øydelagt noko, eller oppdagar utslepp på grunn av treninga. Miljøoffiser Ove A. Andreassen kan treffast på telefon 970 48 093 til og med fredag 22. november. Oppdagar du skadar etter dette, kan du melde dei inn til Haakonsvern på telefon 55 50 22 22. Generelle spørsmål om treninga: Kontakt oberstløytnant Ivar Moen, telefon 958 85 816. Hæren: Dersom du ønsker informasjon om Hæren sine aktivitetar, kan du kontakte major Ingvar Kristensen, telefon 400 29 874. Sjøforsvaret: Dersom du ønsker informasjon om aktivitetar på sjøen, kan du kontakte vaktsjef i Kysteskadren på telefon 55 50 46 00. Linja er døgnopen. Luftforsvaret: Dersom du ønsker informasjon om aktivitetar i lufta, kan du kontakte Espen K. Bragstad: 932 41 876. Heimevernet: Har du spørsmål om heimevernsdistrikt 09 sine aktivitetar? Kontakt oberstløytnant Helge Orbekk: 55 54 63 00 / 55 54 63 01. Har du spørsmål om Heimevernets generelle aktivitetar på treninga? Kontakt Bengt Henriksen: 488 82 266/ 75 53 63 65. For media: Forsvarets operative hovedkvarter: Oberstløytnant, Vegard Finberg, 953 03 636. Hæren: Oberstløytnant Terje Bruøygard, 400 29 631. Luftforsvaret: Major Lars Wroldsen, 984 27 111. Sjøforsvaret: Kommandørkaptein Nils Kristian Haugen, 951 92 286. Heimevernet: Major Ola K. Christensen, 474 83 703.
Meir informasjon finn du på www.forsvaret.no Design: REDINK www.redink.no