Stadbasert entreprenørskap og læring Studietur/fagtur 19. - 22. oktober 2011 Cotswold i England: Ruskin Mill Educational Trust Nailsworth Stroud Cotswold landskapet, jan. 2007 Påmelding til Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule: - e-post: paamelding.sjh@sfj.no - tlf. : 57 63 26 50 / 66 Farmers market i Stroud, april 2009 Fristar: 29.08.2011: førebels påmelding 12.09.2011: endeleg påmelding Studentane et lunsj i skogen, Ruskin Mill
Innleiing Ein studie-/fagtur er eit effektivt virkemiddel for læring, faglig utvikling og nettverksbygging. Ein fagtur kan bidra til nye idear og metodar i det vidare arbeidet. På ein fagtur kan ein også lære direkte av erfaringar frå personar som er involvert i liknande prosesser, og gruppa som heilskap kan dermed bruke desse erfaringane i ein refleksjon over eigne idear og praksis. Tema det skal fokuserast på: Studieturen har fleire fokus - Innspel til fagleg vinkling av pilotkurset Stadbasert entreprenørskap og læring ilag med sentrale aktørar frå Aurland kommune/ regionen. (KIL) Tid til å arbeida med eigne prosessar, basert på samlinga 9. september i Aurland. - Møte med Ruskin Mill College og tilrettlagt undervisning for Inn på Tunet -studentar. - Lokalsamfunna Nailworth og Stroud i Cotswold Undervegs på turen kan det vera nyttig at kvar og ein ber med seg nokre enkle spørsmål som kan drøftast i fellesskap: - Kva er mine interesser; kva ynskjer eg i særlig grad å læra? - Kva for erfaringar og opplevingar har gjort særlig inntrykk? - Kva har gitt idear og inspirasjon til vidare utvikling av stadbasert entreprenørskap og læring i Nærøyfjordområdet? - Kva har vore nyttig å ta med seg heim som inspirasjon til eiget arbeid og som bidrag til utvikling av Aurland modellen og Inn på Tunet? Vi kjem til å ta dette fram på dei to felles møta vi skal ha undervegs den 20. og 21. oktober. Ruskin Mill Educational Trust er ein utdanning stad for studentar med spesielle behov som er utvikla og inspirert av Rudolf Steiner, William Morris og John Ruskin. I ein vakkert skogkledd dal, med fiskeoppdrett og gardsbruk tek studentane del i individuelle planar som er designa til den enkelte og basert på deira eigne potensiala. Sosiale og personlege ferdigheiter vert utvikla i små grupper i arbeid med handverk på verkstader eller ute. Også ein til ein rådgiving og terapi-timar blir gitt i grupper der dei arbeider med drama, historieforteljing og musikk. Arbeidstrening får dei utvikla etter evne i lokale bedrifter. På Ruskin Mill får dei moglegheit til å bygga opp sjølvsikkerheit, forsterka konsentrasjonen og å utvikle sosiale ferdigheiter. For meir informasjon sjå: www.rmet.co.uk. Stroud er ein liten by, eit kreativt senter i Cotswold-landskapet, kor det vert mogleg å få høyra om korleis entreprenørskap, organisasjonar og frivillige grupper arbeider med stadog næringsutvikling på lokalt nivå gjennom prosjekt omkring i byen kor vi har vår base. I Stroud skal vi besøke ein av dei største Farmers Markets i England. Byen er eit alternativt sentrum for nytenking og berekraftig utvikling. Utdanning for berekraftig utvikling Eit sentralt verkemiddel i berekraftig stadutvikling er å etablere gode møtestader for meiningsutveksling, læring, sosial og kulturell verdiskaping. Seksjon for læring og utdanning ved UMB som har kursansvaret er involvert i alle prosjekta og er ei viktig fagleg forankring med vekt på bærekraftig lærarutdanning. 2
Stadbasert entreprenørskap og læring Studietur/fagtur i England for bønder/inn-på-tunet-tilbydarar/pedagogar/offentleg forvaltning/småskala bedrifter/forskarar. Program Onsdag 19. oktober 2011 Reisedag Norge (Bergen/Oslo) London - Stroud ettermiddag/ Deltakarar og turleiing er framkomne til Stroud og har sjekka inn på kveld Rodborough Bear Hotel Torsdag 20. oktober 2011 Ruskin Mill: Praktisk terapeutisk undervising med utgangspunkt i staden frå 07.00 Frukost på Rodborough Bear Hotel 08.30 Avreise med buss til Ruskin Mill 09.00 Presentasjon av Ruskin Mill Educational Trust Praktisk og terapeutisk undervising, ved Aounghus Gordon 12.00 Lunsj på Ruskin Mill 13.00 Vandring og orientering i Ruskin Mill-dalen The Field Centre in the Horsley Vally; «å byggja ut frå staden» 16.00 Retur med buss til hotellet 17.00-18.30 Felles samtalar på hotellet: Måla med studieturen; Deltakarane sine interesser og idear til utvikling av pilotkurs i «Stadbasert entreprenørskap og læring» 20.00 Middag på Rodborough Bear Hotel Fredag 21. oktober 2011 Nailsworth: Lokalsamfunn og læring frå 07.00 Frukost 09.00 Avreise med buss til Nailsworth 09.30 Stadutvikling ved Sue Reed, tidlegare ordførar i Nailsworth Ekskursjon i Nailsworth 13.00 Lunsj på lokal pub 14.00 Praktisk kunstnerisk verkstadarbeid med ull og anna 16.30 Retur med buss til hotellet 17.00-18.30 Korleis finna fram til og nytta staden sin eigenart og ressursar? ved Morten Clemetsen Felles diskusjon og samtalar mellom deltakarane (på hotellet) 19.30 Storytelling 20.00 Middag på Rodborough Bear Hotel Laurdag 22. oktober 2011 Landskapet og lokalt entreprenørskap frå 08.00 Frukost 09.00 Vandring med orientering frå Rodborough Common til byen Stroud (Martin Large/Richard Keating) 10.00 Bondens marknad i Stroud 11.00 Lunsj, individuelt på bondens marknad eller på Star Anise Cafe 11.30 Felles oppsummering ved Star Anise cafe 13.34 Tog frå Stroud til London Paddington (direktetog) 3
Arrangør: Seksjon for læring og lærerutdanning ved Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB), Aurland Naturverkstad og Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH). Turleiarar og kontaktperson: Aksel Hugo, UMB, og Jorun Barane, SJH. Kontaktperson: Jorun Barane; jorunn.barane@sfj.no, tlf. 57 63 26 66 / mobil 97 00 59 51 Praktiske opplysningar: Deltakaravgift: kr 3.500,- (inkluderer overnatting m/frukost frå 19.-22.10.2011, lunsj, middag og transport 20.10. og 21.10.2011) Turen er delvis finansiert med midlar bl.a. frå prosjekta: Pilotkurs i Stadbasert entreprenørskap og læring (KIL-midlar); Verktøy for berekraftig stadutvikling (LA21-midlar), InnPåTunet-løftet Aurland kommune. Studie-/fagturen byrjar og vert avslutta i Stroud. Fly- og togbillettar T/R Stroud bestiller og betalar deltakarane sjølve. Døme på flytider og tog: 19. oktober 2011: Frå Oslo/Gardermoen Frå Bergen/Flesland 16.10 (via København) 16.05 (via København) Til Heathrow 19.10 Til Heathrow 19.10 Flytog til Paddington station ca 25 min Tog frå Paddington station 20.45, til Stroud 22.22 22. oktober 2011: Frå Heathrow 17.30 Til Oslo 20.40 Frå Heathrow 18.05 (via Frankfurt) Til Bergen 23.20 Påmelding til Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule: e-post paamelding.sjh@sfj.no eller tlf. 57 63 26 50 / 97 00 59 51 Fristar: 29.08.2011: førebels påmelding (må reservera hotellrom innan 30.08.2011) 12.09.2011: endeleg påmelding 4
5