ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009



Like dokumenter
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2017/2018

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2016/2017

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2006/2007

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Månadsbrev for Rosa september 2014

Møteprotokoll for møte i

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Brukarrettleiing E-post lesar

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Bitraf Resultatregnskap0per

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Til deg som bur i fosterheim år

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Finansiering av søknaden

Nytt HFK Intranett

mmm...med SMAK på timeplanen

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

Referat frå årsmøte i Silda Velforening påskeafta,

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

REPRESENTANTSKAPET PÅ VIKEDAL BYGDAHUS KLOKKA bygdahus.no

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

SULA KOMMUNE Formannskapet

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Brødsbrytelsen - Nattverden

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Referat. frå styremøte 6. og 7. desember 2012 på Hotell Norge Bergen.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Årsmøte i Øvre Guddal Storvald

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

ÅRSMELDING FOR RADØY SAU OG GEIT Leiar Kåre Hole * Nestleiar ; Ivar Soltveit * Skrivar ; Erna Tunsberg Erstad

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

ÅRSMELDING FOR VELLEDALEN I BALANSE AS

IKT-kompetanse for øvingsskular

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Laget har sete i Stranda kommune, og er medlem av Idrettsrådet i kommunen.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Velkomen til Mork barnehage

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Transkript:

ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til. Styret har då vore samansett slik : Leiar : Terje Rasdal Styremedlemmer : Ingfrid Rasdal, Arild Skjelbred, Frøydis Eide og Jan Rasdal Varamedlemmer : Frode Tufte, Paal Rasdal Revisor : Bergljot Tufte Valnemd : Jan Olav Larsen (1 år), Geir Rasdal (2 år) Møteverksemd Også dette året har det vorte halde to styremøte i grendalaget. Det første møtet var som vanleg halde ut i mai, tidspunktet var denne gongen 23.05. Det andre styremøtet gjekk av stabelen 10.10., begge møte med 9-10 saker på saklista. Årsmeldinga vil vidare setja fokus på eit utsnitt av dei sakene det siste året som me i styret synest er viktige for grendalaget - og som kan ha interesse for alle medlemmene. Informasjon Som tidlegare nemt i årsmeldingane, er det berre å logga seg inn på Rasdalssidene, www.rasdalen.no,som Arild er ansvarleg for. Han er ofte oppe i dalen, og då vert det lagt ut bilete og annan nyttig informasjon til

glede for alle dei som er interesserte i Rasdalen. Han får også til tider bilete og informasjon (sms) frå andre informantar, og dette er han interessert i at det kan verta meir av. Grendalaget har også eigne sider her, og dei håpar me folk også er inne og ser på. For tida er det 15 ulike skriv å studera når du klikkar deg inn på grendalaget. Denne årsmeldinga vert også lagd ut på dei same sidene etter at ho er godkjend av årsmøtet. Viktig informasjon vert også kunngjort som oppslag rundt omkring. Saker det har vore arbeidd med * Bibliotek/boklån i grendahuset Dette har det vore arbeidd med i 2008, og planen er at opplegget med boklån skal vera i funksjon frå våren 2009. Det er kjøpt inn to bokhyller, og det er også kome inn mange bøker til dette biblioteket. Så er det å håpa at dette kan verta litt til glede for folket i dalen. * Dugnad 24.05.08 Denne dugnaden gjekk i hovudsak på innvendig og utvendig måling. Det galdt kjøkkenet og diverse utvendig måling også på uthuset. I tillegg vart det rydda, montert hyller m.m. Etter kvart vart det mange som kom og tok eit tak denne dagen, det var minst 15 personar på det meste. Fellesmåltid hadde me sjølvsagt også, denne gongen utandørs i ganske fint ver. * Pussing av pipa Denne jobben vart utført sommaren 2008, og pipa vart mest som ny. Det vart eit ganske stort og omfattande arbeid, for pipa er ikkje av dei minste og er i tillegg heller vanskeleg tilgjengeleg. Men med hjelp av ein lift og ekspertise utanfrå vart dette arbeidet godt utført. * Sommarfesten 2008 Festkomitéen hadde som vanleg laga ei grei ramme rundt denne festen. Denne gongen var det laga til koldtbord i tillegg til allsong, åresal og ikkje minst : tid til at folk fekk preika i lag. Neste gong sommarfesten vert

arrangert, vil det verta lagt meir vekt på å delegera dei ulike arbeidsoppgåvene. Inntektene på denne festen er viktige for grendalaget, og i fjor fekk me inn ca 10.200 kr på inngangsbillettar og åresal. Elles er me stadig av den oppfatning at tradisjonen med sommarfest er viktig med tanke på samhald og sosialt engasjement i dalen. * Kjøkkenet m.m. Innkjøpet til nytt kjøkken vart gjort hausten 2008. I tillegg til sjølve kjøkkenet er det også kjøpt inn ny oppvaskemaskin og nytt kjøleskåp. Det er også kjøpt inn tre varmeomnar som skal monterast i kjellaren og i stova. Når det gjeld innkjøp, er det også kome på plass to bokhyller og ein leselampe. Det som no gjenstår, er å få montert kjøkkenet og å få alt på plass inkludert vatn og straum. Dette vert hovudutfordringa som grendalaget har i tida framover. Planen er at dette kan vera gjort i løpet av dei nærmaste månadene, så her må styret berre ta tak og organisera arbeidet framover. * Påskebasaren Denne basaren, som vert arrangert påskeaftan, har for lengst funne si form, og basaren er utan tvil den viktigaste økonomiske melkekua for Rasdalen grendalag. Basarkomitéen er svært rutinerte, og dei skal også ha honnør for godt utført arbeid gjennom mange år. Folk har også vore flinke til å gje gevinstar til åresalet. I samband med dette vil styret få presisera at til påskebasaren treng ein ikkje så store og dyre gevinstar. Derimot til åresalet på sommarfesten ynskjer me berre ein gevinst frå kvar husstand/hytte, men denne gevinsten bør vera av ein litt meir eksklusiv kvalitet og høgare verdi. * Økonomien til grendalaget Dei siste åra har me hatt ei kjensle av å ha ein viss kontroll med økonomien. Inntekter og utgifter har har oppført seg på kontrollert vis, og det gjer det også lettare for styret å driva og å halda oppe aktiviteten i grendalaget. I fjor haust gjorde me ein god del investeringar i kjøkken og diverse utstyr, så dermed er det berre ca 3.300 kr på kontoen til grendalaget. Men me reknar med at me som vanleg får eit godt påfyll allereie no på påskebasaren.elles kjem kasseraren attende til dette emnet under Rekneskap på saklista.

* Småkraft si utbygging Arbeidet har gått sin gang i løpet av det siste året, og det har også kome informasjon som grendalaget har lagt ut. Det vil verta gjeve meir informasjon om denne utbygginga litt seinare på dette årsmøtet. Det som styret i grendalaget vil ha som målsetjing, er at vegen opp til Rasdalen skal vera i god stand når utbygginga er ferdig. For oss er det viktig at vegen ikkje vert privatisert og at me får ein veg som er godt framkommeleg og vert halden ved like. Vurdering av arbeidsåret og vegen vidare Også i dette året har det vore ein god del aktivitet i grendalaget sin regi. Det har vore nok saker å arbeida med gjennom denne perioden, og me kan konkludera med at det har vore eit ganske godt arbeidsår. Som det tidlegare har vorte kommentert, så er det ein føremon å ha eit styre som kjenner Rasdalen godt, og som i tillegg ganske ofte er å sjå i dette området. Som leiar synest det har vore godt å ha kontinuitet i arbeidet med Rasdalen grendalag desse åra eg har fungert. Men det er også viktig at me ikkje stivnar til, så etter kvart vert det viktig å sleppa til nye og yngre krefter i styret. Hovudsatsinga i tida framover vert å få på plass eit nytt kjøkken. Det er på høg tid å få skifta ut det gamle kjøkkenet det er ikkje så mykje å tilby dei som er interesserte i å leiga grendahuset. Økonomien til grendalaget er heldigvis ikkje prega av bankkrisa, så derfor er det rom til å gjera slike investeringar. Avslutningsvis er å seia at grendalaget vonar at det framleis vert aktivitet og liv i dalen, og at alle som har tilhørigheit her til vil trivast godt i lag. Det å ha ein del møteplassar som t.d. sommarfesten, påskebasaren og dugnader, er viktig for samhaldet og det sosiale livet i dalen. Så desse aktivitetane og arrangementa må me syta for skal halda fram. For styret i Rasdalen grendalag Terje Rasdal leiar 02.04.09