VOLDA OMSORGSPLAN 2013-2016 KOMMUNE. Kommunedelplan Høyringsutkast til offentleg ettersyn



Like dokumenter
VOLDA OMSORGSPLAN KOMMUNE. Kommunedelplan Høyringsutkast til offentleg ettersyn

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Mestring og deltaking heile livet

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

1. Mål med samhandlingsreforma

Kvam herad. Sakspapir

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Planprogram. Kommunedelplan helse og omsorg. Tematisk kommunedelplan for helse og omsorg

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Rapport status måloppnåing Demensplan 2015 i Møre og Romsdal

Frivilligpolitisk plattform

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

STYRINGSDOKUMENT FOR FRAMTIDAS OMSORGSTENESTER ÅR Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Utval for helse-, oppvekst- og 045/

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Partane sitt ansvar for helse- og omsorgsoppgåver og tiltak partane skal utføre

Handlingsprogram 2015

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

VOLDA DEMENSPLAN KOMMUNE. Temaplan Høyringsutkast til offentleg ettersyn

Team Hareid Trygg Heime

Prosjekteigar: Flora kommune.

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: John Olaf Røhme Arkivsaksnr.: 08/2829. Helse- og omsorgsplan for Luster kommune Rådmannen si tilråding:

Undervisningsheimetenester i Ottadalen

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Lønnsundersøkinga for 2014

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

NASJONAL FOLKEHELSEKONFERANSE. Molde, september Kafedialog 1 Kosthald i Helse i plan, Volda kommune

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Faktaopplysningar Helse og omsorg per

Konsekvensanalyse. 5 % sparing i pleie og omsorgstenestene i Kvam. Kvam heradstyre

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Marit Hovde Syltebø Rådgivar Møre og Romsdal fylke Om kompetanseutvikling i lys av St.meld.nr. 25

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG I RADØY KOMMUNE

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

BREMANGER KOMMUNE: VÅR VISJON VEDTEKEN AV. KOMMUNESTYRET I MARS 2018: Leve, virke, nyte heile livet!

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

VINJE KOMMUNE. Møteinnkalling. Utval Stad Dato Kl. Referat og meldingar Drøftingssaker til rådet for eldre og funksjonshemma til møtet

Delavtale Samarbeid om kunnskap og kompetanse

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato

Transkript:

VOLDA KOMMUNE OMSORGSPLAN 2013-2016 Kommunedelplan Høyringsutkast til offentleg ettersyn

Samandrag Dette dokumentet er eit høyringsutkast for kommunedelplan Omsorgsplan 2013-2016. Omsorgsplanen inneheld strategiar for korleis Volda kommune skal møte utfordringar når det gjeld helse- og omsorgstenester, velferd og verdigheit til barn, unge og gamle. Hovudutfordringane er: Samhandlingsreforma med oppretting av nye tenestetilbod og med eit auka krav til kompetanse o Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester frå 01.01.2012 o Lov om folkehelsearbeid frå 01.01.2012 Rekruttering av fagpersonell Auka etterspurnad etter omsorgstenester Å auke fokuset på sjukdomsførebyggjande og helsefremjande åtferd Ei av hovudutfordringane for kommunen er samhandlingsreforma. Nasjonale føringar legg mellom anna opp til at kommunane må jobbe aktivt med førebyggande helsetiltak med tanke på å redusere behovet for helsetenester både på kort, men ikkje minst på lengre sikt. Reforma har lagt føringar for samhandling mellom kommune og Helseføretaket. Samarbeidsavtalar er inngått. Det er eit mål at kommunen skal ta imot pasientar same dag dei er klare for utskriving. Kommunen skal tilby kvalitativt gode tenester til personar med rehabiliteringsbehov, samt kunne tilby øyeblikkelig hjelpplassar (ØH-plassar). Folketalsframskrivingar viser ein venta auke i talet eldre innbyggjarar i Volda. Tilrettelagd bygningsmasse må ha kapasitet til å stette framtidig etterspurnad etter omsorgstenester. På nasjonalt nivå blir det jobba med å kunne ta teknologi i bruk utover det gjeldande lovgjeving har tillete så langt. Så langt det blir opna opp for det, bør kommunen gjere seg nytte av tilgjengeleg velferdsteknologi. Det er eit mål å gi forsvarlege tenester på eit lågast mogleg nivå i tenesteapparatet. Oppretting av nye tenestilbod og utviding av tenestekapasiteten krev fleire tilsette. Kommunen må nytte rekrutteringsstrategiar for å sikre nok fagpersonale til kapasitetsauken, mellom anna som følgje av at mange tilsette fråtrer grunna alder. Kvaliteten i tenestetilbodet er avhengig av ein velfungerande organisasjon, med kvalifiserte medarbeidarar. I tillegg til denne omsorgsplanen er det utarbeidd ein eigen temaplan for demens: Demensplan 2013-2016. Denne skal synleggjere kommunen sine utfordringar i høve til demenssjukdom og legge grunnlag for eit godt tenestetilbod til personar med demens og deira pårørande. For omsorgs- og demensplanane er det utarbeidd ein felles handlingsplan for perioden 2013-2016. Høyring Alle kan levere innspel og merknader til høyringsutkastet. Innspel og merknader skal vere skriftlege og merka med xxxxxxxxx. Dei skal sendast til: Volda kommune, pleie- og omsorgsavdelinga, 6100 Volda eller postmottak@volda.kommune.no. Det er også mulig å levere høyringsuttaler elektronisk via Volda kommune sine internettsider, www.volda.kommune.no. Høyringsfristen er xx.xx.xxxx. Høyringsutkast for omsorgs- og demensplanane med felles handlingsplan vert å finne på kommunen si heimeside i høyringsperioden. 2

Innhald Samandrag... 2 Høyring... 2 Innhald... 3 1 Innleiing... 5 1.1 Omsorgstenester... 5 1.2 Aktiv omsorg... 6 1.3 Kommunale planar... 8 1.4 Reformer i omsorg... 8 2 Ein førebyggjande strategi... 9 2.1 Folkehelsearbeid og helsefremjande tiltak... 10 2.2 Arbeids- og aktivitetstilbod... 12 2.3 Støttekontakt... 13 3 Omtale av tenesteområde og utviklingstrekk framover... 15 3.1 Utviklingstrekk og utfordringar på kort sikt... 15 3.2 Utviklingstrekk og utfordringar på lang sikt... 16 3.3 Tenesta for funksjonshemma... 17 3.4 Teneste for psykisk helse... 18 3.5 Institusjonsplassar ved Volda omsorgssenter... 19 3.6 Heimetenestene... 20 4 Samhandlingsreforma sine verknader for Volda... 21 4.1 Samarbeidsavtalar... 22 4.2 Ny korttidsavdeling for utskrivingsklare pasientar frå 2012... 22 4.3 Kommunale ØH-plassar... 23 4.4 Kommunal medfinansiering av spesialisthelseteneste... 23 4.5 Auka kompetanse og ressursar i kommunehelsetenesta... 23 4.6 Koordinering av tenester... 24 5 Rekruttering av fagpersonell... 26 5.1 Seniorpolitikk... 26 5.2 Positiv omdømebygging... 27 5.3 Ufrivillig deltid og ressursforvaltning... 27 5.4 Samarbeid på tvers av avdelingar i kommunen... 28 5.5 Løn som verkemiddel... 28 5.6 Rekruttering av personell... 29 3

6 Kvalitet i tenestene... 31 6.1 Systematisk kvalitetsforbetring... 31 6.2 Tiltak og strategiar for å betre kompetansen hjå tilsette... 31 6.3 Tiltak og strategiar for å betre kvaliteten på tenester til brukarar... 33 7 Framtidsretta teknologi i omsorg... 35 7.1 Velferdsteknologi... 35 7.2 Bruk av IKT i tenesteapparatet... 36 8 Det frivillige omsorgsarbeidet... 38 8.1 Næromsorg... 39 8.2 Frivilligsentralen... 39 8.3 Den kulturelle spaserstokken... 39 8.4 Pårørande og pårørandeforeining... 39 8.5 Kyrkja, kristne forsamlingar og andre trusretningar... 40 9 Oppsummering... 41 Handlingsdelen av omsorgsplan og demensplan: Handlingsplan for perioden 2013-2016... 42 4

1 Innleiing 1.1 Omsorgstenester Pleie- og omsorgsavdelinga yter tenester til innbyggjarar som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming har behov for pleie- og omsorgstenester for kort eller lang tid. Avdelinga har om lag 500 tenestemottakarar, 13 driftseiningar og 288 tilsette fordelt på 195,55 årsverk. Pleie- og omsorgsavdelinga er den største avdelinga i kommunen og gir tenester innanfor om lag 1/3 av kommunen si budsjettramme. Volda omsorgssenter stod ferdig i 2004 og inneheld kontor for leiinga i pleie- og omsorgsavdelinga, sentralkjøkken, fysioterapi, ergoterapi, dagsenter for eldre, institusjonsplassar og Barstadtun omsorgsbustader. I Kaffistova er det kvar veke kulturtilbod med konsertar og tilstellingar. Heimetenestene er organisert i fire soner og omsorgsbustader på Fjordsyn, Folkestadtun, Mork bustader og Barstadtun er knytt til heimetenestene. Tenesta for funksjonshemma er organisert frå Bømarka, Kleppevegen og Sevrinhaugen 1 og 3. Tenesta for psykisk helse har hovudbase ved Volda omsorgssenter, i tillegg til Gnisten dagsenter og bustader på Sevrinhaugen 7. Samhandlingsreforma med nye lovverk fører til at kommunen får hovudansvar for å tilby tenester i heile rekkja av helse- og omsorgtenester; førebyggjing, behandling, rehabilitering og pleie. Ressursauken i pleie- og omsorgsavdelinga har siste åra i hovudsak gått til yngre brukarar med omfattande hjelpebehov. Også i åra framover vil kommunen måtte gi ressurskrevjande tenester til denne brukargruppa. Også born er brukarar av omsorgstenester. Aktuelle tenester: Praktisk hjelp: daglege gjeremål, opplæring i daglege gjeremål, brukarstyrt personleg assistanse Dagsenter/ dagtilbod Utlevering av mat Tryggleiksalarm Heimesjukepleie Avlasting i institusjon eller bustad Støttekontakt Omsorgsløn Habilitering/rehabilitering utanfor institusjon/bustad Omsorgsbustad (bustad med tilskot frå Husbanken) Annan bustad kommunen disponerer for helse- og omsorgsformål Langtidsopphald i institusjon eller i bustad med heildøgns omsorgstenester Tidsavgrensa opphald, utgreiing/behandling, habilitering/rehabilitering Dagopphald Nattopphald På lang sikt vil eit auka tal eldre innbyggjarar truleg bli ei utfordring. Det kan bli fleire eldre som vil trenge omsorgstenester. Rekruttering av fagpersonell med rett kompetanse vil bli ei anna stor utfordring framover. Kvart kapittel er avslutta med målformuleringar for korleis kommunen vil møte dei ulike omsorgsutfordringane. I tillegg til denne omsorgsplanen er det utarbeidd ein eigen temaplan for demens for Volda kommune. Denne skal synleggjere utfordringar i høve til demenssjukdomar og leggje grunnlag for eit godt tenestetilbod til personar med demens og deira pårørande. 5

1.2 Aktiv omsorg Omsorgsplanen til Volda kommune ynskjer å fokusere på aktiv omsorg. I dette ligg eit førebyggjingsperspektiv og eit signal til den einskilde om å ta ansvar for eiga helse gjennom deltaking på til dømes kulturelle og fysiske aktivitetar. Aktiv omsorg er å støtte den einskilde til å leve og bu sjølvstendig og til å ha ein aktiv og meiningsfull kvardag. (St.meld 25 2005-2006). Kvardagsrehabilitering vil vere eit viktig satsingsområde. Figur 1 Visjon for omsorgsplanarbeidet i Volda (Prosjektgruppearbeid våren 2011) 1.2.1 Plan- og bygningslova om kommunal planlegging Omsorgsplan 2013-2016 er utarbeidd etter plan- og bygningslova (pbl) kapittel 11. Kommuneplan. Planen er ein kommunedelplan. I tillegg til omsorgsplanen er det utarbeidd ein eigen temaplan for demens: Demensplan 2013-2016. I følgje pbl 11-2 skal kommunedelplanar ha ein handlingsdel som viser korleis planen skal følgjast opp dei fire komande åra eller lengre. Handlingsdelen skal reviderast årleg. For omsorgsplanen og demensplanen er det utarbeidd ein felles handlingsdel. 6

Prosess og medverknad Volda kommune har motteke prosjektmidlar frå Fylkesmannen til Omsorgsplanlegging som prosess ei konkret oppfølging av Helse i Plan-prosjektet. Bakgrunn for planarbeidet er Stortingsmelding 25 (2005-2006) Mestring, mulighet og mening. Framtidas omsorgsutfordringer. Prosjektgruppa og arbeidsgruppene sitt arbeid saman med temasamlingar er bakgrunn for den skriftlege planen. For å synleggjere utfordringane knytt til demens, har ein valt å utarbeide ein eigen temaplan for demens, som supplement til omsorgsplanen. Prosessen har følgt plan- og bygningslova som krev at tilsette og brukarar blir høyrde i planarbeidet. Sentrale vedtak og avgjerder i planprosessen: Vedtak om oppstart av arbeidet med kommunedelplan omsorgsplan og demensplan og at forslaga til planprogramma skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Vedtak fatta i det faste planutvalet i sak 31/11 Høyringsperiode for planprogram og høyringsfrist for innspel til planarbeidet i samband med oppstart 21.03.2011-08.05.2011. Fastsetjing av planprogram. Vedtak fatta av Volda kommunestyre 30.08.2012 (K-sak 112/12) Vedtak i formannskapet (sak xx/xx) om å leggje ut planforslaga til offentleg ettersyn. Høyringsperiode ved offentleg ettersyn xx.xx.xxxx xx.xx.xxxx Vedtak av omsorgs- og demensplan med felles handlingsdel fatta av Volda kommunestyre xx.xx.xxxx (K-sak xx/xx) Pleie- og omsorgsavdelinga er ei stor avdeling med omlag 1/3 av kommunen sine tilsette. Både tilsette, brukarar og pårørande har hatt høve til å kome med innspel og merknadar. Alle avdelingar i kommunen vart inviterte til å kome med innspel i høve til framtida sine omsorgsutfordringar. I tillegg til pleie- og omsorgsavdelinga, har desse avdelingane aktivt delteke i planarbeidet: Hamna dagsenter, seksjon innvandring, kultur- og næringsavdelinga og helseavdelinga. I arbeidsgruppene har brukargrupper vore representerte. Avdelingar, lag og samarbeidspartar har blitt inviterte med og har sjølve valt representantar til arbeidsgruppene. Arbeidet med omsorgsplanen er både ein administrativ og ein politisk prosess, der planprogram og planoppstart er handsama i formannskap og kommunestyre. Planprogram har vore ute til offentleg høyring. Planarbeidet er organisert slik: Styringsgruppe er det faste planutvalet i kommunen (formannskapet) Prosjektgruppe er samansett av fagpersonar frå dei ulike tenesteområda i pleie- og omsorgsavdelinga, tilsetterepresentant, leiinga i pleie- og omsorgsavdelinga, prosjektleiar og representant frå helseavdelinga Pleie- og omsorgsavdelinga har hatt sekretariatsfunksjon for planen Fem ulike arbeidsgrupper med seks til åtte deltakarar i kvar gruppe, har diskutert ulike tema: o Open, heimebasert omsorg o Heildøgns omsorgstilbod o Rekruttering og kompetanseheving o Partnarskap med pårørande og frivillige o Demensplan Dei ulike avdelingane i kommunen har fått informasjon om omsorgsutfordringane og fått høve til å kome med innspel om kva konsekvensar omsorgsutfordringane vil få for dei Det har vore eit ope oppstartsmøte med informasjon om omsorgsplanarbeidet 7

Det har vore ein open temadag med tema: Partnarskap med pårørande og frivillige Det har vore ein temadag for leiarar og representantar frå pleie- og omsorgsavdelinga, helseavdelinga, løns- og personalstaben og Hamna dagsenter med fastsetjing av målformuleringar Kommuneplanleggjar har vore rådgjevar undervegs i prosessen. 1.3 Kommunale planar Desse kommunale planane er gjeldande og er bakgrunn for arbeidet med omsorgsplanen: Økonomiplan 2012-2015 for Volda kommune Bustadsosial handlingsplan for 2010 2014 Fysisk aktivitet og anlegg for idrett, friluftsliv og nærmiljø 2008-2012 Klimaplan for Volda kommune 2010-2020 Psykiatriplan 2008-2010 Handlingsplan for eldreomsorga i Volda kommune 2000-2003 Rehabiliteringsplan 2005-2009 Kommuneplan 1996-2008 Kompetanseplan for tilsette i Pleie- og omsorgsavdelinga 2011-2013 1.4 Reformer i omsorg Desse lovendringane har ført til utbygging av kommunen sine pleie- og omsorgstenester: Midl. lov om avvikling av fylkenes HVPU. Midlertidig lov om avvikling av institusjoner og kontrakter om privatpleie under det fylkeskommunale helsevern for psykisk utviklingshemmede. (1988-06-10) Sjukeheimsreforma i 1988 Psykisk helsevernloven phlsvl. Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven). (1999-07-02) Helse- og omsorgstjenesteloven. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) (2011-06-24) Folkehelselova (2011-06-24) 8

2 Ein førebyggjande strategi Kommunal helse- og omsorgslov: 3-3. Helsefremmende og forebyggende arbeid Kommunen skal ved ytelse av helse- og omsorgstjenester fremme helse og søke å forebygge sykdom, skade og sosiale problemer. Dette skal blant annet skje ved opplysning, råd og veiledning. Helse- og omsorgstjenestene skal bidra i kommunens folkehelsearbeid, herunder til oversikten over helsetilstand og påvirkningsfaktorer etter folkehelseloven 5. Helse- og omsorgstjenesten skal arbeide for at det blir satt i verk velferds- og aktivitetstiltak for barn, eldre og funksjonshemmede og andre som har behov for det. Ein førebyggjande strategi er naudsynt for å møte ein situasjon som elles vil kunne gi sterk behovsvekst og raske endringar i omsorgstenester om nokre år. Førebyggjande tiltak som kan redusere framtidige omsorgsbehov er: Folkehelsearbeid og helsefremjande tiltak knytt til fysisk aktivitet, kosthald og tobakk Universell utforming av bustadar og omgjevnader for å redusere eller eliminere konsekvensane av funksjonstap Sosiale og kulturelle tiltak som kan styrke og utvikle sosiale nettverk og fellesskap Ulykkesførebyggjande arbeid som til dømes førebyggjing av fall Førebyggjing kostar mindre enn å reparere og er betre for den einskilde. Ein ønskjer difor å flytte tiltak frå behandling til førebyggjing. Dette blir omtala som ei venstredreiing av behandlingstilbodet, slik figuren under viser. Figur 2 Førebygging kostar mindre enn behandling. (Frisklivskonferanse Trondheim 2010) 9

2.1 Folkehelsearbeid og helsefremjande tiltak Volda kommune har heilt sidan 90-talet jobba målretta med folkehelsearbeid. Kommunen er med i Sunne kommuner og har sidan 2004 vore med i folkehelsepartnarskapet God Helse i Møre og Romsdal. Gjennom langsiktig og heilskapleg førebyggjingsarbeid skal ein skape gode lokalsamfunn og god livskvalitet for innbyggjarane. Kommunen har gjennom prosjektet Helse i Plan jobba med å trekkje folkehelseperspektivet inn i all samfunnsplanleggjing, endre fokus og ha ei medvita haldning til korleis planleggjing av lokalmiljøet får konsekvensar for kvardagen til einskildpersonar, og dermed for helsa til den einskilde. I ein førebyggjande strategi blir tiltak sette inn tidleg. Ved helsetap kan støttande tenester vere med på å oppretthalde eigenfunksjonen lengre. Tenester i ein tidleg fase vil gi pårørande avlasting og støtte slik at personar med nedsett funksjon kan bu heime lengre. 2.1.1 Kvardagsrehabilitering Kvardagsrehabilitering er ei endring av tenesta i heimen med sterkare fokus på personen sine ressursar. Ein tek utgangspunkt i brukaren sine ynskjer og evner og nyttar trening og tilrettelegging der det trengs og pleie der ein må. Kvardagsrehabilitering i brukaren sitt eige miljø skal hjelpe brukaren til å klare seg lengst mogleg i eigen heim og eige nærmiljø, og ha ein meiningsfull og aktiv kvardag. 2.1.2 Frisklivssentralen Aktiv i Volda Frisklivssentralen Aktiv i Volda vart oppretta hausten 2011. Målsetjinga er å støtte personar som ynskjer varige endringar i levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. Ein treng ikkje vere sjuk eller ha ein diagnose for å nytte frisklivssentralen, men ein må ha ein frisklivsresept. Resepten gir rett til helsesamtalar med mål om å motivere for varige livsstilsendringar (frisklivsplan). Deltakarane får tilbod om å vere med på aktivitetar individuelt eller i grupper, til dømes treningsgruppe og Bra Mat-kurs. 10

2.1.3 Kosthald og ernæring Bra mat for betre helse er eit kurstilbod for personar som ynskjer å endre levevanar. Kurset byggjer på Helsedirektoratet sine retningsliner for ernæring og fysisk aktivitet. Endringar i kosthald og meir fysisk aktivitet kan gi store helsegevinstar og førebyggje ulike sjukdomar som er knytt til levevanar. I 2013 vil helseavdelinga og pleie- og omsorgsavdelinga ha klart eit kurskonsept for tilsette og brukarar i tenesta for funksjonshemma. Målet er tilpassa teoretisk og praktisk opplæring knytt til kosthald og fysisk aktivitet. Eldre er av ulike årsaker i faresona for å utvikle underernæring. Sjukdom kan påverke matlyst og matinntak. Nasjonal helseplan slår fast at det er behov for å utvikle system som fangar opp personar som står i fare for å utvikle feil- og underernæring. Fysisk aktivitet, god tannhelse, næringsrike og freistande måltid i hyggjelege omgjevnadar er viktig for god appetitt og tilstrekkeleg næringsinntak hjå eldre. Dette krev ein ekstra innsats retta mot heimebuande eldre så vel som eldre i institusjon. Nasjonale faglege retningslinjer for førebyggjing og behandling av underernæring (Helsedirektoratet 2009) stiller krav om at alle bebuarar i heildøgns omsorgstilbod og mottakarar av heimesjukepleie vert vurderte og følgt opp i høve til ernæring. I 2010 arrangerte kommunane på Søre Sunnmøre temadagar med fokus på betre ernæring for eldre. Kommunen har som mål å utvide denne satsinga, slik at ernæring vert ei prioritert oppgåve for alle som arbeider i pleie- og omsorgstenestene. 2.1.4 Førebyggjande heimebesøk for eldre Hausten 2010 arrangerte Volda kommune temadag med temaet Førebyggjande og helsefremjande arbeid for eldre. Representantar frå Infosenteret for seniorer i Trondheim kommune delte erfaringane sine frå førebyggjande heimebesøk. Hausten 2011 vart det utarbeidd prosedyrar og materiell for førebyggjande heimebesøk for eldre. Aldersgruppa 80 år vart plukka ut og heimebesøka har blitt gjennomførte våren 2012 til alle som ynskte det i denne aldersgruppa. Målet er å jobbe førebyggjande for å ta vare på funksjonsevna, hindre passivitet og ulukker hjå eldre heimebuande, mellom anna gjennom informasjon og rettleiing tilpassa den einskilde sine føresetnadar. Føremålet er at den einskilde skal kunne ta ansvar for eiga helse og nytte eigne ressursar og kunne halde fram med eit aktivt og meiningsfullt liv i eigen bustad lengst mogleg. 2.1.5 Universell utforming Universell utforming (UU) er ein strategi for tilretteleggjing av samfunnet som gir auka sjølvstende og auka samfunnsdeltaking for den einskilde. Kommunen må stille krav til private utbyggjarar, slik at det ligg til rette for at tenestemottakarar kan bu i privat bustad. Det må også stillast krav til tilretteleggjing av UU i tilknyting til bustaden, til dømes tilkomst og planleggjing av uteområde. Rådgjevarteneste for Husbankfinansiering er oppretta i Volda kommune. Husbanken kan gi stønad/lån til ombyggjing eller nybyggjing av eigna privat bustad. For å møte utfordringane med eit auka tal eldre innbyggjarar i dei komande åra, må den einskilde sjølv ta ansvar for ein føremålsteneleg bustad. 11

2.1.6 Fallførebyggjing Fall kan gi store konsekvensar for den einskilde samt store samfunnsøkonomiske utgifter. Førebyggjing er effektivt og naudsynt. Aktuelle tiltak er mellom anna fysisk tilretteleggjing både inne og ute, strøing, fysisk trening og vurdering av medisinbruk. 2.2 Arbeids- og aktivitetstilbod 2.2.1 Styrk-Arbeid Styrk-Arbeid er eit eige prosjekt finansiert gjennom eksterne midlar. Dette er eit arbeids- og aktivitetstilbod for personar som ikkje er i ordinært arbeid eller skule, og heller ikkje kan gjere seg nytte av eksisterande NAV-tiltak. Målgruppa for tiltaket er personar som fell utanfor grunna rus eller psykiske vanskar. Målet for den einskilde deltakar er at vedkomande skal oppleve meistring og tilhøyrsle gjennom arbeid og aktivitet. Styrk-Arbeid har base på Maurtua og har arbeidsområde på ulike arenaer i kommunen. Dette blir tilpassa arbeidsoppdrag etter årstid og kva behov den einskilde deltakar har. Styrk-Arbeid samarbeider med ulike avdelingar i kommunen, NAV og delar av arbeidsmarknaden. 2.2.2 Hamna dagsenter Hamna dagsenter vart skipa som eit interkommunalt tiltak i 1991 og er eit dagsentertilbod til vaksne utviklingshemma heimehøyrande i Ørsta og Volda. Dagsenteret tilbyr arbeid, opplæring og habilitering i eit aktivt tilvære i samvær med andre. Tilbodet er tilpassa den einskilde brukar og det vert lagt stor vekt på samspel, utvikle evne til deltaking, individuell meistring og god fysisk funksjonsevne. Hamna dagsenter tek i mot arbeidsoppdrag frå næringslivet og har eigenproduksjon av ulike produkt. 2.2.3 Dagsenter for eldre Dagsenter for eldre ved Volda omsorgssenter gir tilbod til heimebuande eldre. Brukarane kan kjøpe transport til og frå dagsenteret av fast sjåfør. Brukarane kan også kjøpe frukost, middag og kaffi. Dagsenteret har eit allsidig aktivitetstilbod og det vert arrangert ulike tilsteljingar, ofte i samarbeid med dei andre avdelingane i pleie- og omsorgsavdelinga og kulturavdelinga. Brukarane ved dagsenteret er aktivt med i drift av hønsehus, drivhus og kan nytte seg av sansehagen. Dagsenterplass er eit kostnadsmessig lågt omsorgstiltak som kan utsetje behovet for høgare omsorgsnivå. Det kan vere eit viktig tiltak for å avlaste pårørande. Førebyggjande heimebesøk til personar over 80 år kan avdekkje trong om dagsenterplassar. 12

2.2.4 Dagsenteret Gnisten Dagsenteret Gnisten er organisert under tenesta for psykisk helse. Gnisten er eit viktig førebyggjande tiltak for personar som har, eller har hatt psykiske lidingar. Tiltak innan psykisk helse er eit viktig satsingsområde. Tilbodet kan utsetje eller hindre behov for meir omfattande tenester. Gnisten treng nye lokale der ein mellom anna kan vidareutvikle keramikkverkstaden Hjartekråa. Ved å etablere eit utsal ynskjer ein å skape ein trygg møtestad mellom brukarane og samfunnet elles. 2.2.5 Trong om utvida dagsentertilbod Det er trong om eit nytt dagsentertilbod til brukarar som fell utanfor eksisterande tilbod ved Hamna dagsenter og/eller Furene AS. Oppretting av eit slikt dagsentertilbod vil frigjere plass ved dei etablerte tilboda. Ein sosial møteplass er eit betre og meir økonomisk tilbod enn bemanning kring einskildbrukarar i heimen. Det manglande tilbodet er etterspurt av brukarar, pårørande og tilsette i tenesta for funksjonshemma. 2.3 Støttekontakt Støttekontakt er ei teneste som skal gi personar med særskild trong for hjelp ei meiningsfull fritid med sosialt samvær. Støttekontaktordninga omfattar hjelp og følgje til kulturarrangement, fysisk aktivitet og sosiale aktivitetar. Støttekontakt kan tildelast personar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale vanskar. I åra som kjem må tenestetilbodet utformast i samsvar med utviklinga i samfunnet. Ein vil sjå fleire brukarar med samansette helse- og sosialvanskar som ynskjer eit meir aktivt omsorgstilbod. Kommunen kan tilby støttekontakttenester på fleire måtar enn den tradisjonelle, individuelle støttekontaktordninga. Det er ei utfordring å rekruttere nok støttekontaktar til eit stabilt individuelt og/eller gruppetilbod som er tilpassa brukarane sine behov. Nokre støttekontaktar er utdanna treningskontaktar. 13

Mottakarar av støttekontakttenester etter alder i Volda 45 40 35 30 25 20 15 Mottakarar av støttekontakttenester etter alder i Volda 10 5 0 0-17 18-49 50-66 67-74 75-79 80-84 85-89 90-110 Kortsiktige mål: Å skape ein meiningsfull kvardag for den einskilde gjennom arbeid og aktivitet Tidleg innsats på lågast mogleg tiltaksnivå Kvardagsrehabilitering Førebyggjande heimebesøk til 80-åringar Langsiktige mål: Kommunen har fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid for å gje innbyggjarane eit sjølvstendig og friskt livsløp Vidareutvikle samarbeid mellom avdelingar i kommunen, næringsliv og frivillige for å yte gode førebyggjande tenester Å ha tilbod som vert opplevde rette og meiningsfulle, der eigne ressursar vert stimulerte Strategisk arealplanlegging av kommunal og privat utbygging av bustadar for ulike behov Utvikle rådgjevartenesta for Husbankfinansiering og fokusere på at kommunen stiller krav til private utbyggjarar når det gjeld UU Å vidareutvikle og etablere nye dag- og aktivitetstilbod til eldre, unge med demens, eldre utviklingshemma og personar med psykiske lidingar 14

3 Omtale av tenesteområde og utviklingstrekk framover 3.1 Utviklingstrekk og utfordringar på kort sikt Figur 3 Illustrasjon av endra sjukdomsførekomst i Noreg (Helsedirektoratet, Frisklivskonferanse 2010) I nær framtid kan ein vente ei ytterligare auke av brukarar under 67 år med omfattande hjelpebehov (St.meld 25: Mestring, mulighet og mening). Førebyggjing og informasjonsarbeid om folkehelse, helseåtferd og tidleg innsats er nyttig då førekomst av livsstilssjukdomar er aukande. Det er nyttig med samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon, omsorgstenester og frivillige lag. Satsingsområde er kosthald, mosjon, daglege gjeremål og sosiale aktivitetar. Den einskilde må ta ansvar for eiga helse, og kommunen og lokalsamfunnet må leggje til rette for at dette let seg gjere. I Volda ser ein allereie auken i tenestemottakarar i aldersgruppa under 67 år. Tenestemottakarar med omfattande hjelpebehov er ressurskrevjande både økonomisk og personalmessig. Fokuset på rusmisbruk i samfunnet gir nye utfordringar for hjelpeapparatet. 15

3.2 Utviklingstrekk og utfordringar på lang sikt Figur 4 Folketalsutvikling for eldre personar i Volda (ssb.no) 3.2.1 Fleire eldre innbyggjarar i Volda I Volda vil det i 2030 vere omlag 500 fleire eldre over 70 år enn det er i dag. Det er viktig at kommunen legg grunnlaget for å kunne møte etterspurnad etter tenester i samsvar med folketalsutviklinga. Dette gir trong for gradvis utbyggjing av tenestetilbodet gjennom utdanning og rekruttering av personell, investering i bygningsmasse og teknologi. Alderssamansetjing er ein av indikatorane for utvikling og behov for pleie- og omsorgstenester. Andre indikatorar er flytting frå bygd til sentrum og fysisk stor avstand mellom pårørande og hjelpetrengande. I aldersgruppa 70-79 år er det venta ei jamn auke frå omlag 530 i 2010 til omlag 900 i 2030. Dette medfører truleg ein vesentleg auka etterspurnad etter heimebaserte tenester. For aldersgruppa >80 år vil det vere eit stabilt innbyggjartal framover. Frå 2020-2030 vil det likevel vere ein auke på 140 fleire personar i denne aldersgruppa. Den store etterspurnaden etter tenester er fyrst venta om 15-20 år. Aldersgruppa 90 år og eldre ser ut til å halde seg stabil. Andre prognosar går på at innbyggjarane i Norge vil leve lenger i framtida. Førekomst av depresjon aukar med alderen. Med høgare alder i befolkning vil depresjonar truleg medføre store økonomiske og sosiale utfordringar. (St.meld. 25, 2005-2006) Eit auka tal eldre gir også høgare førekomst av demens. 16

Figur 5 Fleire eldre og auka levealder i Noreg (Helsedirektoratet, Frisklivskonferanse 2010) 3.2.2 Bygningsmasse Volda kommune har ei relativt ny bygningsmasse når det gjeld institusjonsplassar. I tillegg er fleire omsorgsbustadar renoverte eller nybygde siste åra. Framover må ein pårekne vedlikehaldskostnadar til denne bygningsmassen. For å møte ein venta auka etterspurnad etter omsorgstenester, må areal til nye omsorgsbygg inn i kommunale reguleringsplanar og utbyggjing planleggjast ut frå eit auka framtidig behov. 3.3 Tenesta for funksjonshemma Tenesta for funksjonshemma yter tenester i døgnbemanna bustadar for menneske med utviklingshemming. Tenesta er fordelt på tre bustadar med ein leiar i kvar bustad. I tillegg til bustadane, gir dei tilsette tenester til brukarar som bur i nærmiljøet. Tenesta for funksjonshemma yter tenester knytt til daglege gjeremål, sosiale aktivitetar, helse, mosjon og kosthald. Tenestene er tilpassa individuelle behov og høg tverrfagleg kompetanse sikrar eit best mogleg tilbod til den einskilde. Pårørande er ein ressurs og det er lagt til rette for eit godt samarbeid og brukarmedverknad. Kleppevegen 1 har fem samlokaliserte bustadar der ein av dei er nytta til avlasting. Bustadane vart opna i 2000. Eininga er sentralt plassert, med vidaregåande skule og busstopp like ved. Sevrinhaugen 1 og 3 består av fire samlokaliserte bustadar som vart opna i 1995 og fem som vart opna våren 2010. Bømarka 8 har fire bustadar for vaksne brukarar og ein som nyttast til avlastingstilbod for born/unge. Bustadane vart opna i 2001. 17

3.3.1 Utfordringar innan Tenesta for funksjonshemma Tenesta for funksjonshemma ser auka utfordringar no og i åra framover. Det blir fleire oppgåver i høve til medisin, pleie/stell og oppfølging i samarbeid med legar og andre delar av helsevesenet. Dette er særleg krevjande når det gjeld denne brukargruppa og ein må bruke mykje tid på planleggjing og oppfølging. Det er også utfordringar knytt til psykiske lidingar hjå personar med utviklingshemming. Pr. 2012 har kommunen stor pågang av søkjarar til avlasting for born og unge brukarar. Fleire av desse vil ha behov for bustad med mykje oppfølging som krev utbyggjing og auka bemanning. Kommunen ynskjer å gi dei tilsette gode arbeidsvilkår i høve til arbeidstider, oppgåver og medverknad. Likevel er det utfordringar knytt til mange små stillingar, med mykje kvelds- og helgearbeid. Dette gir stor turn-over i stillingane. Det at ein ikkje kan opprette faste stillingar, er også med på å gi stor turn-over. Kommunen må både på systemnivå og på tenestenivå jobbe målretta for å finne løysingar som kan gje meir stabilitet og kontinuitet i personalgruppa. Pr. desember 2012 manglar ein framleis finansiering av ein del av det eksisterande tenestetilbodet. 3.4 Teneste for psykisk helse Tenesta for psykisk helse er eit tilbod til personar med psykiske vanskar, rusmisbruk og problemstillingar knytt til heim/bustad. Tenesta har fire basistilbod: Psykisk helseteam, psykososialt team, dagsenteret Gnisten og døgntenester. Avdelinga har ei rekkje samarbeidspartnarar som NAV, fastlegane, helsestasjonen, barnevernstenesta, seksjon innvandring og andrelinetenesta. 3.4.1 Utfordringar innan Teneste for psykisk helse Tenesta for psykisk helse står framfor ulike utfordringar. Talet på personar som slit med rusmisbruk og/eller psykisk helse er aukande. 10-15 % av befolkninga har psykiske lidingar (Statistisk sentralbyrå). Fleire eldre innbyggjarar dei komande åra gjer at tiltak på systemnivå må opprettast i høve demens og depresjon. Opptrappingsplanen for rusfeltet og opptrappingsplanen for psykisk helse har avdekka store behov. Talet på yngre brukarar av kommunale omsorgstenester er nær dobla. Eit viktig mål er å førebyggje at rus og psykiske lidingar oppstår eller utviklar seg i alvorleg eller kronisk retning. Tilboda til rusmiddelavhengige er styrka kvalitativt og kvantitativt sidan rusreforma i 2004. I tråd med samhandlingsreforma skal det utviklast meir lokalbaserte tenester for rusmiddelavhengige. Eit av måla til spesialisthelsetenesta er å redusere talet på liggedøgn i institusjon. Dette gir eit større press på dei kommunale tenestene. Ein stabil bustad er viktig for helse og verdigheit og legg til rette for auka meistring og sjølvstende. Bustadsosial handlingsplan 2010 2014 peikar på trong om nye småhus. Nokre personar vil ha behov for tilrettelagde og samlokaliserte bustader knytt til ein bemanna base. 18

3.5 Institusjonsplassar ved Volda omsorgssenter Volda omsorgssenter inneheld 74 institusjonsplassar fordelt på tre avdelingar. Her er det lyse lokale med bugrupper som har 9-10 einerom med eigne bad. Middag og tørrmat blir levert av sentralkjøkkenet til avdelingskjøkken på kvar bugruppe. Fire av plassane er avsette til rehabilitering. 37 plassar er tilpassa personar med demens, der 18 plassar er i tilpassa avdeling for aktive personar med demens. Pile- og Kleppetunet er to bugrupper med tilsaman 18 plassar Selje- og Hasletunet er to bugrupper med tilsaman 19 plassar Kaptein-, Otta- og Karvestova er tre bugrupper med 27 plassar Klokkarstova er ei bugruppe med 9 rom avsette til korttidsplassar og rehabilitering Samhandlingsreforma stiller krav til kommunen om å tilby plassar til utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, rehabiliteringsplassar og akuttplassar. Klokkarstova i tredje etasje på omsorgssenteret fekk omgjort fem langtidsplassar til korttidsplassar frå den 01.01.2012 for å stette krava i samhandlingsreforma. Klokkarstova har frå før fire rehabiliteringsplassar, jamfør Rehabiliteringsplan for Volda kommune (2005-2009). Kommunestyret oppretta i desember 2011 nye 2,2 årsverk sjukepleiestilling, 50 % fysioterapeutstilling og 70 % stilling som sjukeheimsoverlege. I kommunestyret i mai 2012 vart det oppretta nye 1,97 årsverk sjukepleiarstilling på natt. 3.5.1 Utfordringar for institusjonsdrifta ved Volda omsorgssenter Samhandlingreforma stiller nye krav til tenester og fagkompetanse i kommunen. Kommunal korttidsavdeling er oppretta. Korleis dette tilbodet skal utformast og organiserast framover blir vurdert av ei eiga prosjektgruppe. I tillegg til å ta imot rehabiliteringspasientar og andre utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, skal avdelinga ha kommunale ØH-plassar som alternativ til innlegging i sjukehus (sjå kapittel 4.3). Omgjering av plassane på Klokkarstova har redusert talet på langtidsplassar. Tilsette ved omsorgssenteret har lang erfaring og god kompetanse. Utfordringa framover er å rekruttere nye medarbeidarar og å sikre god fagkompetanse (sjå kapittel 5). Lokala ved Volda omsorgssenter er godt eigna for drifta i dag, men krev vedlikehald for å halde same standard framover. Pr. april 2012 er det behov for fleire kontorlokale, på grunn av at fleire tenester er samla ved omsorgssenteret enn det som var tenkt frå starten av. Frå 2025 ventar kommunen ytterlegare etterspurnad etter heildøgns omsorgstilbod som følgje av folketalsutviklinga. Kommunen må nytte tida framover til planlegging av nye heildøgns omsorgstilbod. Utbyggjing av tenester på eit kostnadseffektivt lågt nivå vil utsetje og redusere behovet for ressurskrevjande institusjonsplassar. Av erfaring ser ein at det er føremålstenleg å opprette tilrettelagde heildøgnstilbod i små eller individuelle einingar til eldre brukarar med særskilde behov. 19

3.6 Heimetenestene Heimetenestene er organisert i fire soner med kvar sin leiar. 98 omsorgsbustadar har heildøgnsbemanning. Heimetenestene gir tenester til brukarar i kommunale og private bustadar i heile kommunen. På helg, kveld og natt har sone 1, 2 og 3 felles brukarliste. Kompetansen blant tilsette er høg og dei kan tilby avansert medisinsk behandling og oppfølgjing i heimen til brukarane. I private husvære i sentrum er talet på brukarar dobla frå 1999 til 2012. Mange brukarar frå bygdene har fått tilbod om omsorgsbustader i sentrum. Nokre årsverk er i same periode omdisponert til bemanning i nye bustadar. Presset på tenestene har auka, særleg i sentrum. Sone 1 har ansvar for brukarar i sentrum og på Lauvstad, frå Velsvik til Innselset. Det er ikkje bemanna bustader knytt til sone 1, men dei tilsette gir tenester til brukarar i kommunale bustader på Legeloftet og på Lauvstad. Sone 2 har ansvaret for heimetenester til brukarar i sentrum, Vikebygda og i Austefjorden. Barstadtun har 24 døgnbemanna bueiningar delt på tre grupper, der ei er særskilt tilrettelagt for personar med demens. Sone 3 har ansvaret for heimetenester til brukarar i området frå Bjørkedalen til Åmelfoten, samt eit område i sentrum. Fjordsyn omsorgsbustadar var ferdig renovert i 2009. Her er det 34 døgnbemanna omsorgsbustadar delt på tre grupper. Folkestadtun har 13 døgnbemanna omsorgsbustadar. Sone 4 har ansvaret for Mork bustadar og brukarar i området frå gamle pleieheimen til Berkneset. Mork bustader har 26 døgnbemanna omsorgsbustadar for langtids-, avlastings- og korttidsopphald. Det har vore ei ombygging av kjøkken og matsal for å stette Mattilsynet sine krav for vidare drift. Lokala er gamle og dårleg eigna for drifta, og bygging av erstatningsbustadar er vedteke og er under planleggjing. 3.6.1 Utfordringar i heimetenestene Presset på omsorgsbustadane aukar ved at brukarar som flyttar inn treng ofte mykje hjelp. Det er eit udekka behov for tilpassa bustader for personar med demens og psykiske lidingar. Det er planlagt å byggje nye bustadar som erstatning for Mork bustadar Ei utfordring framover vil vere å ha nok plassar til korttidsopphald, avlasting, infeksjonsutfordringar, alderspsykiatri og demens. Heimetenesta opplever eit ekstra press som følgje av samhandlingsreforma. Rekruttering og oppbemanning av heimetenestene med sjukepleiekompetanse på alle vakter er naudsynt for å kunne gi eit kvalitativt tilbod. Brukarar som har mellombels behov for eit høgare omsorgstilbod, treng ekstra bemanning der vedkomande er. Det er eit mål at personellressursar blir flytta dit pasienten er, i staden for å flytte pasienten. I periodar må ein leige inn ekstra personell for å kunne gi fagleg forsvarlege tenester. Dette kan også gjelde personar som ventar på plass ved eit høgare omsorgstilbod. Geografien i Volda gir utfordringar for kommunen i høve til å gi innbyggjarar på bygdene eit fagleg forsvarleg helsetilbod til ei kvar tid. Behov på bygdene kan oftare krevje ekstra innleige av personell. 20

Kortsiktige mål: Tilpassa bemanning etter brukar sitt behov Tilgang på avlastingsplassar og korttidsplassar i heildøgns omsorgstilbod Samarbeid med nettverket rundt brukaren Strategi for tenestetilbod på bygdene Langsiktige mål: Tilrettelagde bustader og butilbod for å redusere behov for hjelp Nye korttids- og avlastingsplassar for eldre, barn og unge med funksjonshemming Fysisk tilrettelagt heildøgnstilbod i små eller individuelle einingar til brukarar med særskilde behov 4 Samhandlingsreforma sine verknader for Volda Samhandlingsreforma med nye lovverk trådde i kraft 1. januar 2012. Kommunen har eit større ansvar i heile rekkja av omsorgstenester med førebyggjing, behandling, rehabilitering og pleie. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester og Lov om folkehelsearbeid, er oppfølging av St. meld 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen Rett behandling på rett sted til rett tid. Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015) er også utarbeidd. Figur 6 Lovendringar som følgje av samhandlingsreforma (Samhandlingskonferanse 2011) 21

4.1 Samarbeidsavtalar I kommunen er det fleire prosessar i gong i høve samhandling, både mellom avdelingar i kommunen og med eksterne samarbeidspartar som Nav, Høgskulen i Volda, Sjustjerna helse- og omsorg og pasientforeiningar. Samhandlingsavtalen mellom Rusbehandling Midt-Norge og Volda kommune vart handsama i kommunestyret i 2012 (K-sak 87/12). Samarbeidsavtale mellom Helse Møre og Romsdal HF og kommunen vart vedteken i kommunestyret i mars 2012 (K-sak 23/12). Samarbeidsavtalen er viktig for eit godt pasienttilbod både i sjukehus og kommune og for god samhandling mellom føretaket og kommunen. Samarbeidsavtalen har 11 vedlegg som omhandlar ulike tenesteområde. 4.2 Ny korttidsavdeling for utskrivingsklare pasientar frå 2012 Kommunal helse- og omsorgslov 11-4. Kommunalt finansieringsansvar for utskrivningsklare pasienter Kommunen skal fra og med dag én dekke utgifter for pasienter som er utskrivningsklare, men som oppholder seg i privat eller offentlig institusjon i spesialisthelsetjenesten i påvente av et kommunalt helse- og omsorgstjenestetilbud. Frå 01.01.2012 fekk kommunen ansvar for utskrivingsklare pasientar frå sjukehus frå utskrivingsdato. Dersom kommunen ikkje kan tilby eigna omsorgstilbod, må kommunen betale kr. 4.000,- pr. døgn til helseføretaket (2012). Tidlegare var pasientane ferdigbehandla før utskriving. Utskrivingsklar er eit nytt omgrep som medfører at behandlinga vidareførast i kommunen. Kommunal korttidsavdeling vart oppretta den 01.01.2012 i eksisterande avdeling, Klokkarstova, ved Volda omsorgssenter. Avdelinga gir tilbod til utskrivingsklare pasientar og har ein korttids- og avklaringsfunksjon. Trongen om plassar kan medføre at to pasientar må dele rom. For å gi eit kvalitativt godt tilbod er stillingar innan sjukepleie, fysioterapi og sjukeheimslege oppretta. Kommunestyret vedtok i mai 2012 å løyve kr. 200.000,- til hjelpemidlar og elektromedisinsk utstyr (K-sak 56/12). 4.2.1 Korttids- og avlastingsplassar i omsorgsbustad Pleie- og omsorgsavdelinga arbeider med å ha ledige bustadar til korttids- og avlastingsplassar. Plassane blir tildelt på inntaksmøte etter behov og ledig kapasitet. 22

4.3 Kommunale ØH-plassar Kommunal helse- og omsorgslov 3-5: Kommunen skal sørge for tilbud om døgnopphold for helseog omsorgstjenester til pasienter og brukere med behov for øyeblikkelig hjelp. Plikten gjelder kun for de pasienter og brukere som kommunen har mulighet til å utrede, behandle eller yte omsorg til. Kommunen har fått lovfesta krav om å gi tilbod om døgnopphald og ø-hjelp innan 01.01.2016, ØHplassar stiller krav til auka kompetanse, bemanning og medisinsk utstyr. Volda kommune har ei prosjektgruppe som planlegg forsterka sjukeheimsavdeling. Volda kommune er open for interkommunalt samarbeid. Volda kommune har fått tilskotsmidlar i 2012, og det er etablert ØH-tilbod frå 01.10.2012. 4.4 Kommunal medfinansiering av spesialisthelseteneste Forskrift om kommunal medfinansiering av spesialisthelsetjenesten og kommunal betaling for utskrivningsklare pasienter 4 Kommunens medfinansieringsandel I første ledd første setning fastslås det at kommunen som utgangspunkt skal medfinansiere 20 prosent av antall DRG-poeng for de typer pasientbehandling som er omfattet av ordningen. FOR-2011-11-18-1115 Kommunen er i forskrift gjeldande frå 01.01.2012 pålagt medfinansiering av behandling gitt av sjukehus og poliklinikk med 20% av kostnadene opp til kr. 30.000,- pr. behandling. I 2012 har kommunen fått tilført 11,7 millionar kroner frå staten. Omlag 10,4 millionar kroner av dette er venta å gå til medfinansieringa. Kommunen har medfinansieringsplikt for behandling til alle innbyggjarar i kommunen. Pr. 2012 er følgjande behandling unnateke medfinansiering: kirurgi, fødslar, behandling av nyfødde born og behandling med nokre kostbare legemiddel. 4.5 Auka kompetanse og ressursar i kommunehelsetenesta Samhandlingsreforma krev auka kompetanse og nye stillingsressursar innan fleire fagfelt. Under ser ein nærare på nokre av dei. 4.5.1 Legeressurs i institusjon Pleie- og omsorgsavdelinga i Volda har hatt ein stor vekst i stillingar og ressursbruk grunna utfordrande og krevjande oppgåver dei siste 25 åra. Talet på legetimar innan pleie- og omsorg har ikkje blitt tilsvarande oppjustert, men har vore uendra frå 1988 til 2011. Veileder for Legetjenester i sykehjem (IS-1436) frå 2007 krev at kommunane aukar legedekninga i sjukeheim, for å stette nasjonale kvalitetskriterium for legetid for pasient pr. veke. 23

Ved innføring av samhandlingsreforma oppretta kommunestyret i desember 2011 ei 70 % fast stilling som sjukeheimsoverlege. Dette vil særleg styrke den oppretta korttidsavdelinga. I tillegg har ein av fastlegane tilsynslegefunksjon ein dag pr. veke. 4.5.2 Fagkompetanse Med det auka ansvaret som kommunane får for førebygging, behandling og rehabilitering, må det vere tilstrekkjeleg fysio- og ergoterapiressursar i kommunen. Samanlikna med andre kommunar har Volda kommune låg fysioterapidekning. Fysioterapitenesta er styrka for å gi eit tilbod ved korttidsavdelinga. Ergoterapi er eit tenesteområde som bør styrkast. Ved Volda omsorgssenter er nye stillingar oppretta for å styrke sjukepleiedekninga på dag, kveld og natt. (Sjå kapittel 3.5). Med bakgrunn i samhandlingsreforma sine krav til tenester må fagkompetansen utviklast og ressursane fordelast etter behov. 4.6 Koordinering av tenester Samhandlingsreforma skisserer behov for betre koordinering av tenester. Ei strategisk forvaltning av ressursar og fagkompetanse etter varierande behov for tenester er viktig. Nedanfor kjem ein nærare inn på ulike tiltak som kan betre samhandlinga mellom ulike tenesteområde. 4.6.1 Koordinerande eining Helse- og omsorgstenestelova seier at kommunen skal ha koordinerande eining og system for koordinator og individuell plan (IP). Kommunen må revidere prosedyrar og retningsliner for koordinerande eining, koordinator og IP etter nytt lovverk. 4.6.2 Kreftkoordinator Fastlegane, heimetenestene og sjukeheimen tilbyr avansert medisinsk behandling og omsorg til personar med alvorleg sjukdom. Fleire pasientar får tenester i heimen. Samhandlingsreforma ventar at kommunen gir eit tilbod på line med sjukehusa. Dette krev kompetanseheving innan fleire fagområde. Eit viktig område er kreftomsorg og lindrande behandling. Volda kommune har i 2012 fått tildelt midlar frå Kreftforeningen til oppretting av kommunal kreftkoordinatorstilling. Målet er at funksjonen blir ei varig kommunal teneste. Kreftpasientar må oftast forhalde seg til mange ulike fagfolk og instansar. Kreftkoordinatoren si oppgåve er å koordinere hjelp og tenester til beste for kreftpasientar og pårørande. Koordinatoren må jobbe tverrfagleg og i samarbeid med pasientforeiningar, frivillige og andre samarbeidspartnarar. 4.6.3 Fastlegen si koordineringsrolle Fastlegane har både eit samfunnsøkonomisk ansvar og eit fagleg ansvar for praktiseringa av samhandlingsreforma sine målsetjingar. Det er fastlege eller kommunal legevakt som avgjer om pasientar skal leggast inn i sjukehus eller i kommunalt ØH-tilbod. Fastlegen skal ivareta ei 24

medisinskfagleg koordineringsrolle og samarbeide med andre relevante tenesteytarar om personane på fastlegelista si (jfr. Forskrift om fastlegeordning i kommunene 19, 29.08.2012). I heimetenestene, tenesta for psykisk helse og tenesta for funksjonshemma har kommunen heildøgns omsorgstilbod i omsorgsbustader. Omsorgsbustader har ikkje tilsynslegeordning og bebuarane nyttar fastlegeordninga. Dette gir utfordringar som krev eit godt samarbeid mellom fastlege, heimetenester og pårørande for å få legetilsyn på legekontor eller i bustad. Kortsiktige mål: Auka ressursar innan sjukepleie, ergoterapi og fysioterapi i institusjon og heimeteneste Heva kompetanse innan rehabilitering, kreft, førebygging og aktiv omsorg Strategisk forvaltning av ressursar etter varierande behov for tenester Vidareutvikle tverrfagleg samarbeid for å gi trygge tenester og gode overgangar mellom tenesteområda Oppretting av faste korttids- og avlastingsplassar i omsorgsbustad Langsiktige mål: Kompetanseheving Strategisk forvaltning av ressursar etter varierande behov for tenester 25

5 Rekruttering av fagpersonell I åra framover er det behov for rekruttering av fagpersonell grunna auka krav til spesialisert kompetanse i samhandlingsreforma. Det er behov for rekruttering mellom anna som følgje av at delar av personalet går av med pensjon. På lang sikt kan ein vente ein auka etterspurnad etter tenester, noko som krev fleire helse- og omsorgsarbeidarar. Det er heilt avgjerdande å ta i bruk ulike verkemiddel for å sikre rekruttering av fagpersonale i åra framover. Desse vert omtala i dette kapittelet. Alderssamansetjing i dei ulike yrkesgruppene 40 35 30 25 20 15 10 5 Sjukepleier, vernepleier Hjelpepleier, omsorgsarbeidar, spesialhjelpepleier Miljøterapeut, aktivitør miljøarbeidar Pleiemedhjelpar, assistent, heimehjelp 0 < 30 år 30-39 år 40-49 år 50-59 år > 60 år Figur 7 Oversikt over tilsette i Pleie- og omsorgsavdelinga i Volda etter yrke og alder (Tal frå 2011) I pleie- og omsorgsavdelinga er meir enn 40 helsearbeidarar over 60 år. Figuren over viser alderssamansetjing i dei ulike yrkesgruppene i pleie- og omsorgsavdelinga pr. april 2011. Leiarar, sekretærar, konsulentar og andre støttefunksjonar er ikkje tekne med i oversikta. 5.1 Seniorpolitikk Gjennomsnittsalderen mellom dei tilsette er høg, noko som viser igjen i god kompetanse og kvalitet i tenestene. God seniorpolitikk og inkluderande arbeidsliv er verkemiddel for at tilsette kan vere i arbeid lenger. Det er likevel mange som går av med pensjon dei komande åra og det blir behov for rekruttering av nye fagpersonar. I ein utfordrande rekrutteringssituasjon dei komande åra er det avgjerande å halde på seniorane lenger. 26

5.2 Positiv omdømebygging Trivsel for brukarane av tenestene og deira pårørande er viktig for eit godt omdøme. Omdøme er eit verkemiddel som dei tilsette må skape sjølve, og dette er viktig for å gjere arbeidsplassane attraktive. Tilsette kan vere med å snakke positivt om yrket og arbeidsplassen sin. Både politisk og administrativ leiing på alle nivå har eit stort medansvar for omdømebygging. 5.3 Ufrivillig deltid og ressursforvaltning 5.3.1 Ufrivillig deltid Dei fleste tenestene i pleie- og omsorgsavdelinga er heildøgnsbaserte. Personalressursane må fordelast på heile døgnet for å ha fagfolk på alle vakter. Dette medfører mange deltidsstillingar og det er særleg fagarbeidarar og assistentar som går uønska deltid. Grunnbemanninga er låg. Ved korttidsfråver må det difor leigast inn vikarar på alle vakter. Ein finn dokumentasjon på eit høgare sjukefråver mellom dei med små deltidsstillingar enn mellom dei med store stillingsprosentar. Auke i grunnbemanning vil redusere trongen for å leige inn vikarar ved alt fråver. Arbeidet med å redusere talet på deltidsstillingar og auke talet på heiltidsstillingar vil vere avgjerande viktig. I 2012 har 26 deltidstilsette i pleie- og omsorgsavdelinga fått auka opp stillingane sine. Auke i stillingsstorleik gir færre tilsette som kan ta vikarvakter. Dette gir ufordringar ved fråver og utløyser ofte overtidsutbetaling. Kommunen har allereie store utfordringar med å rekruttere nok fagfolk til ledige stillingar og vikarvakter i pleie- og omsorgsavdelinga. Uønska deltid er ei medverkande årsak til at dei unge i dag ikkje vel helsefagarbeidarutdanning. Mangelfull rekruttering kan i framtida gi alvorlege konsekvensar for kvaliteten på tenestene dersom ingen tiltak vert sett i verk. Kommunestyret løyvde i juni 2011 kr. 500.000 til tiltak for å redusere ufrivillig deltid i omsorgsyrka og har løyvd 1 million kroner i 2012, med intensjon om det same for 2013. Både politikarar og administrasjonen ser at situasjonen må takast på alvor og vil i fellesskap med fagorganisasjonane arbeide med ulike løysingar i høve ufrivillig deltid. Ein ynskjer å gi tilsette rett til heiltid, men høve til deltidsarbeid. Både Arbeidsmiljølova og Hovudtariffavtalen sin hovudregel er tilsetjing i heile stillingar, samt at deltidstilsette har fortrinnsrett til utviding av stilling framfor å ta inn nye arbeidstakarar. Utfordringane i avdelingane er svært ulike og varierte. I periodar er det store utfordringar i høve til samansette sjukdomsbilete. Det er då avgjerande å kunne sette inn tiltak som ekstrabemanning i periodar, for å gi kvalitativt gode tenester. 5.3.2 Faste fagpersonar som fleksible ressursar Sidan 2009 har fleire sjukepleiarar og helsefagarbeidarar blitt tilsette i 100 % stilling som "fleksipleiarar". Finansiering av stillingane er vikarmidlar ved sjukefråvær, permisjonar og ferieavvikling. Dette er til god hjelp ved mange vanskelege bemanningssituasjonar i tenestene og kvaliteten på tenestene har blitt mindre sårbar sidan fagpersonell går inn i vikarvakter. 27