Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Elev- og lærlingombod i HFK

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

jærskulen Beredskapsteamet mot mobbing -skulane i Gjesdal, Hå, Klepp og Time

Kommunedelplan for oppvekst

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsplan ved urovekkande fråvær

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Kravspesifikasjon for kjøp av PP-tenester

ARBEIDET MED BEREDSKAPSTEAM

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ungdomspanelet

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Invitasjon til deltaking i nasjonal ordning med fylkesvise mobbeombod

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HMS-RAPPORTERING 2018

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Ny 9a- Eit trygt. og godt skulemiljø. Kvinnherad kommune - rutinar. Anne Sofie Bjelland Kjeka KVINNHERAD KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Kvinnherad kommune Sekretariat for kontrollutvalet

Nettverksmøte for rådgivarar

Saksnr Utval Møtedato Ud-8/13 Utdanningsutvalet

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Psykologisk førstehjelp i skulen

Ungdomstrinnsatsinga

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

HMS-RAPPORTERING 2018

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Skulens tiltak for å styrke elevars psykiske helse

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Avvik 1: Kommunen sikrer ikkje forsvarleg vurdering av alle meldingar

Ad Hoc utval - Skuleutvalet

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

på vegne av barn og unge

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Orienteringssak - Nye avtalar om kjøp av PP-tenester til vidaregåande opplæring

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Søknad om godkjenning av ny privatskole - Ålesund Toppidrettsgymnas og Molde Toppidrettsgymnas

HANDLINGSPLAN FOR arbeid med skulemiljø ved Stord vidaregåande skule

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

elevar og foreldre viss to ulike instansar skal behandle ulike delar av ei klagesak. Det blir viktig med informasjon mellom Barneombudet og

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

Ørsta vidaregåande skule Orienteringsmøte for foreldre/føresette til elevar på Vg2

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 12.01.2018 3307/2018 Rose Mari Skarset Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 08.02.2018 Psykisk helse - orientering Bakgrunn Orientering i forbindelse med eit ønske om meir kunnskap om korleis vi arbeider med psykisk helse i vidaregåande opplæring (utdanningsutvalet 26.10.17). Sak om «Psykisk helse og fråfall i vidaregåande opplæring vidare arbeid» (UD 28/16) var fremma til utdanningsutvalet 8. september 2016. Bakgrunnen for den saka er framleis gjeldande, likeeins tiltaka som er beskrive i saka. Følgande tiltak gjeld (UD 28/16)- sitat: Det må vere eit mål å få utvikle eit system slik at alle dei vidaregåande skulane har lagt inn tid og rom for obligatoriske klasselærarråd med tydelege rammer. Skuleeigar skal utarbeide ei felles ramme for ressursteama, som omhandlar kor ofte møta skal haldast, innhald, struktur og deltaking. Sektoren må sikre kompetansestrategien for dei tilsette i vidaregåande opplæring som gir likeverdig prioritet til ulike kompetanseområde. Det må vektas mellom emosjonell og sosial kompetanse opp mot tradisjonell akademisk kompetanse. Ved å sikre elevar si psykiske- og emosjonelle helse, vil ein styrke deira akademiske læring. Det er dokumentert effekt både med skuleprogrammet VIP og oppfølgingsprogrammet VIP Makkerskap. Det må vere eit mål at alle skulane køyrer skuleprogrammet VIP og/eller VIP-Makkerskap på VG1. Psykisk helse skal vere eit fast punkt i Handlingsplana mellom den enkelte skule og PPT, inn under Kompetanse- og utviklingsarbeid (område 3). For å få til dette er ein avhengig av at Psykisk helse er innlemma i både Kvalitetsplanen, Oppdragsbrev og Dialogmøte. Sitat slutt.

Kvifor har elevane slutta i vidaregåande opplæring dei siste skoleåra: Påstand: Elevar som har god helse vil også fullføre vidaregåande opplæring Det ser ut til at elevane si psykiske helse vil være ei av dei store utfordringane vi vil ha framover. Skal gjennomføringstala i vidaregåande opplæring auke, må også innsatsen og kompetansen på feltet auke. Vi må skaffe oss kunnskap om korleis elevane sine problem kjem til uttrykk og korleis vi kan hjelpe dei med god tilpassa opplæring og tett oppfølging. Skoleleiarar og lærarar sin kompetanse vil vere avgjerande for om vi vil lukkast med denne elevgruppa. Det er «i tiden» å snakke om samhandling mellom etatar. For skolane sin del er dette langt i frå berre eit motebegrep. Skolen er avhengig av alle gode hjelparar frå andre instansar, og ikkje minst føresette, for å kunne gje kvar elev det akkurat han eller ho treng.

Nokre perspektiv på utfordringane i samfunnet elevane våre skal ut i: Våre eigne tankar er nåtidas største utfordring (Bill Gates). Har vi kome så høgt på Maslow si behovspyramide at vi har vorte for individualistiske og fått for mykje tid til å tenkje berre på oss sjølv? Dei som er under 30 år og utanfor arbeid har dei same utfordringane som elevane i vidaregåande opplæring: Muskel-/skjelettlidingar, psykiske plagar, relasjonsutfordringar, isolasjonsadferd, søvnproblem og spiseforstyrrelsar. Det er ei overvekt av kvinner, men det er òg mange menn. Problema som barn og unge slit med vil oftast ikkje forsvinne når dei blir vaksne. Det er ei samfunnsoppgåve å hjelpe dei unge. Skolen kan ikkje klare det åleine. Kva gjer vi i vidaregåande opplæring i dag: Profesjonsutvikling av skoleleiarane Psykisk helse på agendaen i mange samanhenger. Skoleleiarane ynskjer å ha kompetanseheving innanfor psykisk helse i samlingane sine. Dette gjeld både nasjonale samlingar, leiarsamlingane i Geiranger og rektormøta. Leiardialogen Fylkesutdanningssjefen ser på kvar enkelt skole sine utfordringar med læringsmiljø og psykisk helse gjennom å analysere årsmeldinga til skolane. Elevundersøkinga, årsmeldinga og undervisningsevalueringa er godt grunnlag for samtaler i leiardialogen med skolane. Oppdragsbreva skal innehalde element om psykisk helse utifrå skolane sine særskilde utfordringar. Aktuelle spørsmål no er i korleis skolane systematisk arbeider, til dømes i klasselærarråd og ressursteam, for å møte kvar elev sitt behov for tilpassa opplæring og behov for tilrettelegging i samband med psykisk helse. VIP-makkerskap VIP-makkerskap blir no gjennomført på 18 av dei 23 skolane våre. I inneverande skoleår blir tiltaket forska på. Det blir spanande å erfare i kva grad tiltaket gjer at skolane opplevast å ha eit betre psykososialt læringsmiljø som vil føre til auka gjennomføring. VIP-makkerskap forsvinn ikkje som tiltak.

Robuste elevtenester Når skolane våre etter kvart både gjennomfører nybygging, rehabilitering av bygg, organisasjonsendringar og nytilsettingar er det hos mange fokus på å etablere ei samlokalisert og tverrfagleg elevteneste som kan arbeide mest mogleg heilskapeleg med elevane. Med samlokalisering kjem moglegheitene til å arbeide for godt fungerande system slik at skolane driv førebyggande arbeid og ikkje brannslokking. Kompetanseheving gjennom PPT Ny kravsspesifikasjon følgde ny avtale om kjøp av PP-tenester 1. august 2017. Skolane blir utfordra til å trekke PPT inn som kompetanseleverandør og medspelar i systematisk arbeid kring elevane. Som vedlegg til kravsspesifikasjonen ligg det eit døme på korleis skolane kan organisere ressursteama for å sikre arbeidet med elevar som har faglege, sosiale eller psykososiale utfordringar. Innsatsteam mot mobbing PP-tenesta har sett i gang eit stort arbeid mot kommunane for å kompetanseheve skolane slik at dei kan førebygge, avdekke og følgje opp mobbesaker. Dette er eit svært viktig arbeid, ikkje berre fordi det har kome ein ny 9a i opplæringslova, men òg fordi vi veit at elevar som vert utsette for mobbing og trakassering ofte vil slite med den psykiske helsa si gjennom mange år, kanskje heile livet. PPT si første satsing vart kalla «Beredskapsteam mot mobbing». No er vidaregåande opplæring «hekta på» ei vidareføring av dette arbeidet, dette vert kalla «Innsatsteam mot mobbing». Målet her er å gjere skolane rusta til å handtere eigne mobbesaker. Tre skolar deltek, Atlanten, Fræna og Haram vidaregåande skolar. Leiarane ved skolane har allereie delteke på ei samling, to samlingar til kjem utover våren 2018. Til hausten skal alle tilsette ved dei tre skolane gjennomføre ei fagleg skolering. Universitetet i Stavanger er fagleg ansvarleg i prosjektet. Skolane blir mellom anna kjend med verktyet «Spekter» som er eit kartleggingsverkty for å forstå relasjonar mellom elevar i ein klasse som har sosiale utfordringar og mobbeproblematikk. Haustar skolane gode erfaringar med prosjektet og verktya vil skoleeigar sjå på korleis kunnskapen skal spreias og nyttast på alle skolane våre. Elevhandbok for godt og trygt skolemiljø I kjølvatnet av ny 9a i opplæringslova er det frå skoleeigar utarbeidd ei elevhandbok for godt og trygt skolemiljø. Handboka er praktisk lagd opp med mykje nyttig informasjon om ansvar, dokumentasjonskrav og definisjonar. Heftet har ein del med prosedyrar og ressursar om korleis ein skal handtere saker som handlar om elevane sitt skolemiljø. Handboka er tilgjengelig på fylkeskommunen si heimeside.

Utfordringar Tiltaka i sak UD 28/16 gjeld framleis. I tillegg er det i saka belyst andre innsatsområde som har kome til. Det er utfordrande å halde tak i alle satsingar som kjem skolen sin veg, både nasjonale føringar og lokalt initierte tiltak. Det er mange satsingar og travle kvardagar i skolen. Det er mykje som skal planleggast, gjennomførast og implementerast innanfor det som opplevast som knappe tidsrammer. Vurdering Psykisk helse har vorte anerkjent som eit særs viktig felt å arbeide systematisk med i skolen. Det gode arbeidet som er i gang skal halde fram. Vi vil reflektere, evaluere og forbetre dei tiltaka som er sett i gang. Erfaringsdeling mellom skolane for å forbetre praksis ser vi som viktig. Skoleeigar nyttar egna forum til føremålet. Mange er bidragsytarar i arbeidet mot elevane; elev- og lærlingombodet, ungdomspanelet, føresette, skolane og skoleeigar. Saman skal vi halde fram med godt og stadig betre arbeid med gode tiltak til elevane sitt beste. Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek saka om psykisk helse til orientering. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Erik Brekken fylkesutdanningssjef