Miljødirektoratet v/fylkesmannen i Hedmark fmhepost@fylkesmannen.no 8. januar 2015 KLAGE LØYVE TIL Å PLANTE VRIFURU Vi viser til vedtak gjort av Fylkesmannen i Hedmark 12.12.2014, sak 2014/7706. Vi fekk etter spørsmål tilsendt søknaden 15.12. Som følgje av juleferie har vi ved e-post 5.1.2015 fått utsett klagefristen til 9. januar. I denne klaga er det følgjande hovudtema: - Området rundt planteområdet. Søknaden manglar informasjon om naturverdiar i utplantingsområdet og rundt, og korleis negative påverknader på desse kan unngåast ved ei eventuell utplanting. - Kunnskapen om vrifuru med omsyn til frøspreiing. Området som det er søkt om ligg i lo, og med tanke på vindforholda i området kan dette gi frøspreiing over lange avstandar. Dette er ikkje vurdert i søknaden. - Grøfting av myr. Eit nærliggande område som blei tilplanta med vrifuru i 2013 er også blitt grøfta, men det er ingen informasjon om dette i søknaden. - Kostnadsspørsmål og rømlingkontroll. Søkjar har ikkje vist om det faktisk vil gi ein økonomisk vinst å plante til med vrifuru med ein tilfredsstillande rømlingkontroll. Kunnskap om området Fylkesmannen opplyser i vedtaket at Naturbase og Artskart er konsultert. Artskart har ingen registreringar på dei aktuelle teigane, noko som anten skuldast at det ikkje er så mykje å melde om, eller at det ikkje har vore nokon som har registrert her. I Naturbase finn ein tre lokalitetar som er særleg interessante å vurdere nærare. Den næraste, eit fisketomt vatn, ligg mindre enn hundre meter frå den vestre teigen. Dei to andre er gamal granskog som båe ligg ein knapp km nord for teigen. Fylkesmannen seier om kartlegging av det biologiske mangfaldet: «Elverum kommune er relativt godt kartlagt hva gjelder naturtyper og naturforekomster.»
Ved siste runde av naturtypekartlegging i kommunen er kartleggingssituasjonen vurdert (figur 1). På kartet har vi lagt inn eit grønt kryss for omsøkte teig. Som ein kan sjå er dette eit område som er rekna for å vere godt kartlagd, og sørafor, innafor ein sirkel på fem km frå omsøkte område ligg det areal som er dårleg kartlagd. Omsøkte felt ligg heilt inntil grensa til i Trysil kommune, og om kartleggingssituasjonen i Trysil kommune er det ikkje sagt noko. Figur 1. Dekningskart frå naturtypekartlegginga i Elverum kommune 2010. Grønt område = fullstendig kartlagt, oransje område = godt kartlagt, rødt område = dårlig kartlagt. Når det gjeld skogbruket si eiga kartlegging, Kilden, så finn ein at det berre er registrert to lokalitetar i området (figur 2). Figur 2. Frå Kilden. Ein lauvskogslokalitet i søraust, ein daudvedslokalitet i nord. Ein kan merke seg at dei to gamalskogslokalitetane som finst i Naturbase ikkje er med.
Figur 3. Frå Kilden. Blå punkt viser MiS-objekt. Raud markør er plassert som i figur 2. Det er påfallande få MiS-registreringar rundt det omsøkte området (figur 3). Kva som er årsaka til det er uklart. Ei mogleg forklaring kan ha med å gjere kva kunnskap ein har om området. Klagar vurderer det slik at naturtypekartlegginga truleg har fanga opp skogteigar som held gamalskogskvalitet nord for rv. 25 i det aktuelle området. Men området ser ikkje ut til å vere særleg kartlagd på artsnivå. Kartlegginga på sørsida av rv 25 er utilstrekkeleg, og på austsida av kommunegrensa er det ikkje opplyst noko. Det naturleg fisketome vatnet nord for planteteigen er ein potensiell lokalitet for salamander. Båe salamanderartane er raudlista, og småsalamander er påvist ikkje så langt unna. Det er ikkje gjort vurderingar knytt til dette i saka, og dette må seiast å vere ein betydeleg mangel ved vedtaket, sidan salamander er avhengig av terrenget rundt slike vatn. Vi har innhenta ein rapport 1 som Fylkesmannen i Hedmark har fått utarbeidd, der det går fram at vatnet er undersøkt, og at det ikkje er påvist salamander. Kunnskapsmangelen får difor ikkje praktisk verknad i dette høvet. I Naturbase er opplysningar om storfugl tilgjengeleg, og leikplassar ser ut til å vere kartlagd. Det er ingen som blir direkte råka. Opplysningar om orrfuglleikar har vi ikkje funne for dette området. På Artskart er det påfallande tynt med observasjonar. 1 Strand, Leif Åge 2009. Amfibieregistreringer i Hedmark 1990-2008. Fylkesmannen i Hedmark, miljøvernavdelingen. Rapport nr. 2/2009, 56 s.
Figur 4. Førekomst av orrfugl, vist med fiolette punkt, i det omsøkte området. Data frå Artskart (henta ut 21.12.2014). Dei fleste observasjonane ser ut til å vere tilfeldige observasjonar gjort langs veg. Viss den kartlagde situasjonen speglar orrfuglbestanden i området, står det såpass dårleg til at ein må unngå ytterlegare negativ påverknad, t.d. av spelplassar. Planting av vrifuru på båe dei omsøkte teigane vil på sikt gi eit anna skogbilete enn det som har vore frå naturen av til no. Når det er usikkert om det har vore biolog på staden tidlegare, meiner vi det er nødvendig å synfare planteareala og noko av området rundt for i alle fall å klarlegge kva type myrareal som blir direkte påverka, og om det står eldre tre på eller ved planteteigane. Det finst heimel i nml 11 til å pålegge søkjar å legge fram dokumentasjon av at omsøkte tiltak ikkje er til skade for naturmangfaldet, om ikkje Fylkesmannen sjølv vil stå for synfaringa og vurderingane. Vår konklusjon om kunnskapsgrunnlaget er at det generelt truleg er middels, men at det ikkje er langt til område som er dårlegare kartlagd. Kunnskap meir på detaljnivå for området er svak. For enkelte tema er det ikkje framlagt dokumentasjon i det heile. Området som er omsøkt til planting vestre teig Kartet som følgde søknaden hadde opplysningar om bonitet, men var ikkje eigna til å gi så mykje anna informasjon. Vi har difor teikna inn vestre utplantingsområdet med gult på kart frå Gislink. Figur 5. Kart frå Gislink. Gul ramme, det omsøkte plantefeltet, er teikna inn av oss på grunnlag av kart som følgde søknaden.
Figur 6. Skogsbilete på eigedomen, med spor etter tidlegare hogst og gjensetting av frøtre. Foto: Naturvernforbundet. Figur 7. Frå Gislink, flybilete frå 2013. Vestre teig i det omsøkte området er innteikna med gul ramme. Det som er teikna med raudt er eit grøftesystem på teigen som er planta med vrifuru i 2013. Grøftesystemet syner ikkje på flybilete frå 2012.
Teigen ligg i høgdelag frå 650 til 680 m.o.h. på søraustsida tett oppunder toppen av Madsberget. Nordvestre del av teigen har bonitet F-6, resten G-8, i følgje kartet som følgjer søknaden. Delar av teigen er merka av som myr på karta frå Gislink. I den austre delen, ein knapp halvpart av teigen, har det vore hogd for få år sidan. Artskart har ingen observasjonar på denne teigen. Det er lite som tyder på at det har vore biolog som har kartlagd noko større på denne teigen, så manglande registreringar må ein rekne med skuldast manglande observering. Ein veit såleis ikkje noko om flora- og faunaverdiar på omsøkte teig. I følgje søknaden står det furuskog på teigen i dag. Dessutan seier søkjar at han er plaga av store beiteskader etter elg. I vedtaket i saka kjem det ikkje fram opplysningar om naturmangfaldet på omsøkte teig. Ved sjekk av flyfoto kan ein sjå at det sannsynlegvis ikkje er velutvikla gamalskog på teigen, men det står ikkje noko om at det er gjort vurderingar av dette. Området som er omsøkt til planting austre teig Den austre teigen ligg på kring 580 m.o.h. og har bonitet F8. Figur 8. Frå Gislink, flyfoto 2013. Austre teig i det omsøkte området er innteikna med gul ramme. Grensa mot nordaust følgjer Flisa som også er kommunegrense mot Trysil. Det er i vedtaket vist til kartet i søknaden. Kartet for den austre lokaliteten har ikkje sett av kantsone mot Flisa. Langs vassdrag skal det vere ei kantsone som ikkje blir hogd, og det er dessutan ikkje høve til treslagsskifte i kantsona. Dette ifølgje Levende skog, som miljøforskrifta viser til. På flyfoto frå 2013 ser det ut til å vere ei sone med trevegetasjon på sørvestsida av Flisa.
Områda rundt omsøkte lokalitet Mellom anna frøspreiing vil kunne ramme omliggande areal. Langdistansespreiing på opptil 5 km må ein ta høgde for der det er noko vind. I dette området har ein god dokumentasjon av vindtilhøve. Raskiftet vindkraftverk er planlagt og har fått konsesjon vel ei mil lenger nord. I konsesjonssøknaden for vindkraftverket finn ein følgjande dokumentasjon for vind: Figur 9. Vindmålingar frå konsesjonssøknaden til Raskiftet vindkraftverk. Dominerande vindretning kjem frå sørvest og er sterkast om vinteren. Omsøkte område ligg sør for dei næraste gamalskogslokalitetane og konglene slepp frøa i løpet av vinteren. Omsøkte område ligg vel 100 meter lågare enn vindkraftprosjektet, men vi reknar med at hovudtrendar er samanliknbare. Elles ligg omsøkte plantefelt på losida av toppen av Madsberget, med slak ås og vidde på nordsida. Dette gir nok omtrent optimale tilhøve for langdistansespreiing i retning gamalskogslokalitetane. Ein må under alle omstende vurdere alle naturtypelokalitetar innan 2 km frå omsøkte område, og ein bør ha eit visst oversyn over det som finst av naturtypelokalitetar og verneområde innafor 5 km.
Figur 10. Kart frå Gislink (henta ut 15.12.2014) med naturbaselokalitetar og verneområde (og artar frå naturbase). Raud sirkel markerar vestre omsøkte teig. Tala med raudt: 1. Rogstadbakkvollen, naturbeitemark, verdi C. 2. Rogstadbakkvollen S, gamal barskog, verdi B. 3. Madsberget N, gamal barskog, verdi B. 4. Håsjøen N, Kroksjøar, flomdammar og meandrerande elveparti, verdi B. 5A. Ormåsen, gamal barskog, verdi B, 5B Ormåssetra, naturbeitemark, verdi C. 6. Ulvåstrendene, slåttemark, verdi A. Naturtypelokaliteten BN00001356 Madsberget skogstjern er alt omtala. Nord for omsøkte plantefelt ligg det to gamalskogslokalitetar, den næraste 600 meter frå, den andre mindre enn ein kilometer frå. Lokalitetane er gitt verdi B regionalt viktig, t.d. same verdi som gamalskogen som nettopp er verna ved Hakaskallen i same kommune 2. Biofokus nemner at dei har kartlagd 2 skoglokalitetar med verdi A og 16 med verdi B i Elverum kommune ved siste kartlegging. Det er altså berre to gamalskogslokalitetar med vesentleg høgare verdi enn dei to aktuelle her i nemnte kartlegging. Figur 11. Kart frå Gislink, med naturtypelokalitetar, verneområde og raudlisteartar. Grå prikkar og brune kryss markerer «interessante artar», sirkel med radius i overkant av 5 km. Det omsøkte utplantingsarealet vestre teig vises som ein gul firkant. 2 https://www.regjeringen.no/nb/aktuelt/53-skogomrader-er-vernet-i-dag-/id2350968/?regj_oss=10
Ein god del av det som ligg innafor sirkelen på kartet over vil ikkje bli påverka av omsøkte tiltak. Men det høyrer med til sakshandsaminga å gå gjennom dette materialet, slik at ein kan ta omsyn til allereie kjent kunnskap. Det er både gammelskogslokalitetar og t.d. ulvelav innafor sirkelen. Ulvelaven (VU) er påvist ca. 1 km aust for den austre planteteigen. Spreiar vrifurua seg, vil dette sannsynlegvis representere slutten for ulvelavførekomstar over litt tid. Elgskadar på furu og vrifuru Søkjar ønskjer å bruke vrifuru for å redusere beiteskadar frå elg. Då er det eit spørsmål om korleis elgen bruker dette området om vinteren. Etter det vi veit er dette eit område med tidleg og tidvis ein god del snø, normalt tilhøve som elg vil trekke bort i frå på den tida av året då furuskot er på matsettelen for elg. Etter det vi har funne ut trekker elgen i dette området lenger sør i kommunen om vinteren. Viss det likevel går elg i dette området om vinteren, så vil det vere overraskande viss elgen kjem til å ete mindre enn no viss det blir planta treslag som elgen ikkje eter. Det vil i så fall føre til at vinterknipa for elgen blir større, med lågare vekter for elgen som resultat. Eller det vil føre til hardare beite av furu på naboeigedomane. Elgen representerer felles verdi for fleire. Det kan vere litt tvilsamt at ein grunneigar ved hjelp av løyve frå Fylkesmannen kan gjere tiltak som får denne typen verknad for fleire andre utan at dei blir varsla om det og dei får høve til å ta i vare sine interesser. Viss elgen flytter seg til naboteigar, vil det vere ei form for konkurransevriding der sistemann som søkjer om å få byte treslag over til vrifuru får ansvaret for å halde elgen i live vinteren over i dette området. Figur 12. Artskart 21.12.2014. Observasjonar av elg, markert med raude punkt. Artskart viser i alt 6 observasjonar på utsnittet (figur 12), 2 observasjonar frå 1998, 3 frå 1999 og 1 frå 2011. Om dette tyder på at det går lite elg i området, eller om det er underrapportering, er uvisst. Utsegner vi har funne kan elles tyde på at elgen er i tilbakegang, og at problemet med beiteskadar difor vil gå over. Varaordførar Arnfinn Uthus seier til Østlendingen 4.10.2014:
Dessverre er det mange jaktlag som har sett ulv i år. De har opplevd det samme som mitt jaktlag: Det er stadig lengre mellom elgene og stadig tettere med ulv. Fortsetter denne utviklingen, kan elgjakta være historie i vårt område om noen få år, frykter Uthus. 3 Tal felte elg for heile kommunen har gått ned frå 508 i 2008 til 277 i 2014 4. Det finst nokre undersøkingar når det gjeld beiting og vrifuru. Ved Hirkjølen har ein påvist skilnader, der det i nokre høve var 97% beiteskade på furu og «berre» 89% beiteskade på vrifuru. 5 Men det ser ikkje ut til at det er eit eintydig bilete når det gjeld beiteskadar av elg, bortsett frå at det er ein klar samanheng mellom vinterbestanden av elg og skader på skog generelt. Glommen Skog melder 14.06.2013 om at elgen har begynt å beite i granplantefelt andre stader i Elverum. 6 Då må ein rekne med beiteskadar på dei fleste treslaga. Viss det er like mange elg som før, så vil elgen beite andre stader, slik at ein ikkje løyser problemet totalt sett, berre flytter det. I denne saka manglar det ei vurdering etter nml. 12: For å unngå eller begrense skader på naturmangfoldet skal det tas utgangspunkt i slike driftsmetoder og slik teknikk og lokalisering som, ut fra en samlet vurdering av tidligere, nåværende og fremtidig bruk av mangfoldet og økonomiske forhold, gir de beste samfunnsmessige resultater. Grunngjevinga for å bruke vrifuru er at søkjar meiner det er store beiteskader på furua i området. Viss ein løyser dette med å innføre nye treslag, så aukar ulempene som følgje av dette treslaget, samtidig som dei totale beiteskadane truleg ikkje går ned. Dette kan umogleg gi dei beste samfunnsmessige resultata. Men det er ikkje gjort forsøk på vurdering av dette i saka. Det er både i søknaden og i vedtaket nemnt at det er andre plantefelt i området. Verken søknaden eller vedtaket har kart som syner andre felt, og det er heller ikkje gitt andre opplysningar om dette, bortsett frå at det er opplyst om at det er planta 60 000 dekar med vrifuru i Hedmark. For å kunne vurdere samla verknad, og vidare vurdere om det er nye område som blir utsett for frøspreiingsfare, eventuell ei auka fare, er det nødvendig med eit slikt oversyn. Friluftslivet bør også vere ein del av ei slik sak som dette. Det er oppkøyrt skiløype som kryssar den aktuelle skogeigedomen. Området er såpass vegnært at sjølv dei som går korte turar vil kunne nytte seg av det. Naturskog mot toppen av Madsberget vil ha ein langt høgare verdi for friluftslivet enn om det blir planta vrifuru med 2 meter mellom trea. 3 http://www.ostlendingen.no/nyheter/elverum/varaordforer-hadde-to-ulver-rett-foran-seg-pa-elgjaktskjot-for-a-skremme-1.8605901 4 Data frå Hjortevilregisteret; http://www.hjorteviltregisteret.no/ 5 Solbraa, Knut. 2000. Hirkjølen - foryngelse av bartrær. NISK/NLH. ISBN 82-7333-118-0 Skogbrukets Kursinstitutt 2000 6 http://www.glommen-skog.no/2013/06/14/elgen-beiter-pa-granskogen/
Grøfting På flybilete frå 2013 kan ein sjå at det er grøfta eit område som blei planta med vrifuru i 2013 (figur 13). Desse grøftene syner ikkje på flybilete frå 2012 (figur 14). Mykje av grøftene går på fastmark, men ein del av dei ligg inne på blått raster på kartet (sjå fig. 5). Grøfting av denne typen areal representerer større påverking av området enn berre tilplanting. Det går ikkje fram av søknaden i 2014 om det er planlagd grøftetiltak. Viss grøfting er aktuelt, må dette reknast med som negativ konsekvens av tiltaket, jf. nml. 10. Myr er det elles forbode å grøfte til skogbruksføremål. Figur 13. Frå Gislink. Flyfoto 2013. Figur 14. Frå Gislink. Flyfoto 2012 av same område som ovafor.
På flybileta frå 2013 kan vi sjå skilnader i områda langs dei nye grøftene. Der grøftene går over fastmark (grønt på kartet, fig. 5) er det lyse flekkar i grøftekastet. På strekningar med blått raster på kartet ser ein ikkje slike lyse flekkar. Vi går ut frå at desse lyse flekkane er stein som er grave opp. Følgjeleg kan det sjå ut til at grøftene i myrområdet i mindre grad har nådd ned til morenegrunn under. Vrifuru og spreiingseigenskapar Vrifuru har fått vurdering PH, potensielt høg risiko i Norsk svarteliste 2012. Det er ei risikovurdering som høver for artar som ein t.d. ser kan spreie seg mykje andre stader, men som ein ikkje har så mykje erfaring med så langt i heimelege tilhøve. Innlandsforma har konglar med ein del harpiks, slik at frøa ikkje slepp ut så lett. Ved skogbrann i området vil frøa sleppe ut og spire. Men det viser seg at frø slepp ut også utan skogbrann. Undersøkingar (Engelmark 2011) 7 knytt til svenske plantefelt viser at utilsikta spreiing skjer i nær 50% av bestanda eldre enn 25 år. Det er påvist spreiing i høgareliggande område og over lengre avstandar (opp til 20 km). Vrifuru etablerer seg lettare enn furu og gran over skoggrensa. Vrifuru har høgare skuggetoleranse enn furu, og etablerer seg under skjerm i gran-, furu- og bjørkebestand. Så langt den svenske rapporten. I vedtaket står det i samband med vurdering av spreiingsfare til gamalskogslokalitetane: «Vrifuru har lavere evne til å etablere seg i eldre skog enn vanlig furu. Dette, kombinert med avstanden, gjør at faren for spredning inn i den eldre granskogen anses å være relativt liten.» Dette harmonerer ikkje heilt med resultata frå Sverige, ovafor, og heller ikkje med det Glommen Skog seier, sjå nedanfor. Glommen Skog seier følgjande om vrifuru 8 : 7 Engelmark, Ola. 2011. Contortatall i Sverige ett storskaligt ekologiskt experiment 8 Haagenrud, Merete. 2014. Utenlandske trær plantes som før, 17.06.2014.
Elles skal ein vere merksam på at fleire av hakkespettartane driv med matsøk meir enn ein km frå favorittstaden sin. Særleg i år når andre treslag ikkje har frøsetting og vrifurua har noko frøsetting, vil hakkespettar med tilhald i gamalskogslokalitetar kunne hente med seg konglar frå vrifurufelt rundt. Etter nokre år vil ein då kunne finne småplanter av framande treslag under spettesmiene rundt om i gamalskogen. I følgje avgjerda i ei tidlegare klagesak (Surnadal) 9 blir det i Sverige ikkje tilrådd å plante framande treslag i fjellnær skog, eller innan 1000 meter frå verneområde. Elles må ein vere merksam på at det ikkje er heilt enkelt å skilje småplanter av furu og vrifuru frå kvarandre. Når ein må undersøke knoppane, eller vente til det kjem konglar, for å vere heilt sikker, så vil rømlingskontroll vere tidkrevjande. Viss naboane er usikre på om dei trea som blir fjerna er vrifuru eller framtidig laftestokk av furu, så kan rømlingskontrollen bli komplisert. I vedtaket står det: «Ut fra foreliggende kunnskap om invasjonspotensial, artens virkning på økosystemet samt kunnskapen om utplantingsområdet, vurderer Fylkesmannen at den samlede belastningen som økosystemet vil bli utsatt for ved utplanting av vrifuru er akseptabel, jf nml. 10.» Vi meiner at det er ein del moment som manglar i denne vurderinga. Innafor sirkelen på 5 km frå omsøkt område er det 4 lokalitetar av naturbeitemark, 2 av slåttemark, 3 med gamal barskog, og 3 forskjellige lokalitetar knytt til vatn. Både naturbeitemarka og slåttemarka er alt under press som følgje av manglande beite/slått, utan at det står noko om det i vurderinga etter nml. 10. Korleis det står til med barskoglokalitetane er det ikkje sagt noko om. I Naturbase står det til den nordaustre lokaliteten: «Lokaliteten representerer et element som er forholdsvis uvanlig og på tilbakegang i Elverum og tilstøtende områder. Den store forekomsten av rødlistearten gubbeskjegg (NT) samt sprikeskjegg (NT) i tillegg til områdets urørthet og størrelse gjør at dette området har regional verdi (B-verdi).» Under påverkingsfaktorar står det: «Området er påvirket av skogsdrift og grenser til tidligere hogstflater på flere kanter.» Teigen mot nordvest har denne skildringa: «Verdiene er knyttet til den gamle granskogen. Slik skog er forholdsvis sjelden i Elverum kommune. Det er funnet en rekke rødlistede arter i lokaliteten og potensialet for å bygge opp større mengder med død ved på sikt er god. Området er vurdert til å ha regional verdi (B-verdi).» Ulvåstrendene ligg i sørleg retning, med ein lokalitet av den utvalde naturtypen slåttemark. I same område ligg og ei naturbeitemark og ein gamal barskogslokalitet. Alle desse er utsett for negativ utvikling frå før. I barskogslokaliteten er det mellom anna rasmark, ein stad ein kan vente seg at vrifuru vil etablere seg om det kjem frø. Avstanden til desse er lang, men konsekvensar av frøspreiing vil vere alvorleg. I forskrifta 7, første ledd står det: «Ved vurderingen av om det skal gis tillatelse til utsetting, skal eventuelle uheldige følger av utsettingen for naturmangfoldet vektlegges. Det legges særlig vekt på om treslaget og eventuelle følgeorganismer medfører risiko for uheldige følger for det biologiske mangfold. Det kan ikke gis tillatelse hvis det er grunn til å anta at utsettingen vil medføre vesentlige uheldige følger for det biologiske mangfold.» I rettleiaren står det nærare definert om «uheldige følger» og «vesentlige uheldige følger». Det er i alle fall tilhøve i denne saka som høyrer under første kategori, og det er fleire tema som i alle fall treng vurdering opp mot den strengaste kategorien. 9 http://www.miljovedtak.no/vedtaksøk/vissak?sakid=1090
Det er altså tale om spesielle verdiar, og det er grunn til at det kan vere negative påverkingsfaktorar frå før. Frøspreiing av utanlandske artar er i alle fall ein negativ påverkingsfaktor for dei, det er først og fremst spørsmål om kor mykje, og det kjem i tillegg til negative faktorar som er der frå før. I samband med saka er det nemnt noko om at det er eksisterande felt med vrifuru i området. Det manglar oversyn over kvar det er planta vrifuru i området, kva tid plantefelta er frå og vurdering av kva verknad desse har på området, og kva påverknad ein får av omsøkte tiltak både i mengde (areal) og tidsperspektiv når dei ulike plantingane blir hogstmodne og eventuelt kan avviklast på ordinært vis. Økonomi Bonitet F-6 tyder at når furua har ein alder av ca. 55 år har ho ei overhøgde på 6 m. Vrifuru har ein tilvekst som kan vere 30-40% meir enn for furu. Skogbruksetaten reknar omlaupstid på 80-90 år for vrifuru i området. I tabellane for gran og furu finn ein at viss lågaste alder for hogstklasse V er 90 år så er det tale om minimum bonitet G14/F14. Det ser ikkje openbert rett ut at ein i område med bonitet F6-8 kan oppnå bonitet F14 eller meir ved skifte av treslag til vrifuru. For økonomien sin del vil innsats som kjem lang tid før hogst påverke resultatet mykje. Vi meiner det må reknast på økonomien i eit slikt prosjekt. Plantekostnaden i Elverum var i 2013 på 890 kroner/dekar. Viss det t.d. skal gjerast andre arbeid i samband med planting, så kjem det i tillegg. Vidare vil t.d. tynningskostnader kome på. Det skal til ein viss inntekt om 90 år viss ein skal få igjen for desse kostnadene. I ei sak som dette bør ein få reknestykke på slikt. Får ein meir pengar om 90 år ved å setje dei i banken, så må ein berre gløyme å bruke anna enn naturskog på område som dette. Når ein bruker utanlandske treslag, må ein rekne med kostnader til fanging av rømlingar i tillegg. Når det gjeld fanging av rømlingar legg vi til grunn følgjande: Kontrollareal for frøspreiing: Innafor ein radius av 2 km frå omsøkte felt (burde truleg vore meir). Det kan gjerast frådrag for vatn, og andre plantefelt, der rømlingar blir fjerna ved avstandsregulering/tynning som må til likevel. Arealet som skal kontrollerast utgjer då 6 000 dekar (Må vurderast nærare, men vi reknar med 50% i mangel av konkret vurdering, truleg kan arealet vere større). Ved kontroll av 500 dekar kvart år når ein rundt på 12 år. Legg ein inn ein kostnad på kr 5 pr. kontrollert dekar, utgjer dette kr 50 pr. dekar planta areal for kvart år frå 15 til 90 år. Areal og pris krev at det blir gjort kontroll/fjerna rømlingar på ca. 14 m 2 pr. sekund, så det er mogleg vi har overvurdert kor effektiv ein skogbrukar er på slikt arbeid. Vi kan ikkje forstå anna enn at kontrollen med rømlingar vil øydelegge økonomien i planteprosjektet totalt. Omsøkte prosjekt må reknast som ein dyr hobby Naturmangfaldlova 14 seier noko om andre omsyn som kan vurderast, men det går ikkje an å ta risiko for det biologiske mangfaldet for at nokon skal få drive med hobbyverksemd i skogen. Forskrifta om utanlandske treslag seier i 1 at det er omsynet til biologisk mangfald som er avgjerande. Reknestykket over viser elles at det er viktig å vere konkret med å skildre kva internkontrollsystem det må vere tale om. Viss ein ikkje gjer slike vurderingar før planting, er det for seint å angre seg på plantinga når kostnadene kjem til syne.
Konklusjon: Det er i denne saka ein del manglar når det gjeld kunnskapen om området. Det verkar ikkje som dette er eit vinterbeiteområde for elg. Viss vrifuru blir beita mindre enn furu, vil elgbeiteproblema bli flytta over til andre grunneigarar. Frøspreiingseigenskapane ved vrifuru som er lagt til grunn ser ut til å kunne vere ukorrekte. Økonomien knytt til såpass låge bonitetar er i liten grad dokumentert. Det er ikkje vurdert/tatt høgde for negative verknader av grøfting i området. Kostnadene med rømlingkontroll er ikkje vurdert, og vil øydelegge økonomien i planteprosjektet. Verknader for friluftslivet er ikkje vurdert. Når alle desse momenta blir vurdert på nytt, meiner vi at søknaden må avslåast. Med venleg helsing Øystein Folden Rådgjevar, Naturvernforbundet Christian Steel Generalsekretær, SABIMA Heidi Sørensen Teamleder landmiljø, WWF-Norge