Brodd-NYTT. Nr.2 OKTOBER 2014 28.ÅRG.



Like dokumenter
IL BRODD. Årsmelding Medlem av:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

FJELLTRIMMEN 2014 Alfabetisk over 50 poeng

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Rekrutteringsplan FBK Voss

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ÅRSMELDING IL JOTUN Symjegruppa. for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2017 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Treningssamling oktober

Årsmelding for O-gruppa 2015

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

JÆRCUP FRIIDRETT 2018

MEDLEMSINFO. april 09

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

MEDLEMSINFO. august 2009

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Månadsbrev for Rosa september 2014

M/S NYBAKK SI HISTORIE

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Styret har vore samansett slik i 2012 :

«Kva ligg i botn for stadig å få fram utøvarar som presterer på høgt nivå? Kva er vi gode på og kva trur vi andre kan lære av oss?

Til deg som bur i fosterheim år

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brodd-NYTT. God aktivitet i IL Brodd og ei gledeleg auke i medlemstalet! Påske-Quiz på side 5 og 6! Sirkeltreninga i Runnevang

DIS- Sogn og Fjordane

Årsmelding Øystese Fotball 2012

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Drifta i år har gitt ei omsetning på vel 91000,- og der av eit overskot på ca ,-. Viser elles til rekneskapen og gjennomgangen av den.

Brukarrettleiing E-post lesar

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kjerstin Boge Solås. Fjaler Idrettsråd. Dale Idrettslag

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

6. trinn. Veke 24 Navn:

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Å rsmelding 2014 Nordbygda og Rand skyttarlag

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Plassebakken Barnehage

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Presentasjon Møteplassen Arve Hatløy Dimna IL. Into

INFORMASJON om førestellinga:

OLYMPIATOPPENS COACHING OG TRENERSEMINAR Arve Hatløy

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

SULA KOMMUNE Formannskapet

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Informasjon til elevane

Velkommen til nytt barnehageår!

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

ÅRSMELDING. IL JOTUN Turn for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2016 PÅ VEG MOT HUNDRE!

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ÅRSMØTE I V.I.L. Tid: kl kl Stad: Klubbhuset på Omenås

Nytt frå styret og innkalling til årsmøte KFUM Volda

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2014

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Fysisk aktivitet og kosthald

Årsmøte 2012 Ænes og Mauranger Bygdalag

Møteprotokoll for møte i

Informasjonshefte Tuv barnehage

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

ÅRSMELDING. IL JOTUN Symjegruppa for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2016 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Det er gledelig at den gode aktiviteten i friidrettsgruppa nå gjør at vi får støtte på denne måten.

Transkript:

Brodd-NYTT Nr.2 OKTOBER 2014 28.ÅRG. Kjære Broddarar! Hausten måtte kome i år òg. Vi har hatt eit fantastisk veir lenge. For siste halvår har det vore små utfordringar for dei som likar uteaktivitetar. Og det gjer vi sjølvsagt alle! Sommaren starta med godveir i mai og heldt fram med rekord-varme i juni, juli og august. Og jammen har september også bydd på sommartemperaturar som vi sjeldan har opplevd maken til. Her har nok vore dagar med unntak, men dei er ikkje mange. Med dette veiret har vi også kunna vore aktive både på bane, i ring og i skog og fjell. Friidrett kast på Loggane har hatt rekorddeltaking i trening og konkurransar. Barnefotballen med knøttelag og jenter i seriespel, held framleis god stand, og Fjelltrimmen har vel aldri hatt så mange topp-tur noteringar som i år. Jau, det er liv i Brodd! Fjelltrimmen veks framleis! Vi kan allereie no meddele at aldri før har det notert seg så mange besøk på våre trimpostar som i år. Vi må nok kunne seie at det å kunne notere seg i ei Brodd-trimbok er motiverande for mange og ei god unnskyldning for å kome seg ut. Postane som vi har er dekkande for både unge og eldre, trimmarar og hardhausar. Vi styrkjer folkehelsa! For Brodd er dette moro, men også krevande for dei som halde orden på trim-reikneskapen. Vi har kring 10000 registreringar i våre bøker, så vi skjønar alle at dette betyr mykje arbeid å finne ut av. Feil summering kan vere svært alvorleg Brodd Friidrett Mange gode friidrettsresultat frå Gloppenmeisterskapet, Sparebankleikane og UM i Haugesund. Brodd Fotball Knøttefotball og lag i serien jenter 11 år. Noregsrekord på Loggane & Loggane open større enn nokon gong! Les meir på side 2 og 3 Jonas, Håvard, Johan, Mathias, Julie og Gulisara Foto: Inger Haldis Lothe Brodd Fjelltrim / trimgruppa GEOREG Registreringssystem for fjellturer Brodd med i pioner-prosjekt Les meir på side 5 Ludvig Gimmestad i fint driv med ballen! Les meir om Broddfotballen på side 4 og 5

MEDLEMSKAP I BRODD I desse dagar vert det sendt ut innbetaling for medlemskap i Brodd. Det er veldig verdifult for idrettslaget å behalde, og aller helst auke medlemstalet. Vi oppmodar om at flest mogleg betalar medlemskap. Også dei som kanskje ikkje er så aktive, men som ynskjer å støtte idrettslaget sitt. Om du/de ikkje har motteke innbetalingsblankett, så kan de ordne det direkte i nettbanken. Bruk kontonummer 3710.07.05312 og merk innbetalinga med «Medlemskap og ditt namn/fam-namn». Satsane er: Familie 500,- Vaksne 250,- Barn 100,- Og til alle dokke som tippar: Hugs Brodd som grasrot-klubb. Inntektene frå grasrotandelen er eit verdfult bidrag til drifta. BRODD FRIIDRETT Vi har lagt bak oss ein aktiv friidrettsesong, med stafettar, stemner og trening. GLOPPENMESTERSKAPET vart arrangert torsdag 15. Mai på Byrkjelo. Her var det dårleg deltaking frå Brodd si side.vi hadde fire aktive utøvarar med (dette var den eine dagen med dårleg veir ) Julie Kristin Skjerdal utmerka seg med ein sterk 1.plass på 60m, med tida 10,50. Ho fekk og ein fyrste plass på 600m med den sterke tida 2,14 min. I kule vart det same plasseringa, med eit støt på 5,76 m. I tillegg fekk ho ein 2.plass i lengde med 3,14 meter. Jonas Arnestad fekk to fyrsteplassar. Ein i høgde med eit hopp på 1,05 og ein i liten ball, med eit knallgodt kast på 30,06 m. Hans Sande fekk og to fyrsteplassar. I diskos kasta han 41,08m og sleggja gjekk 57,78m. Evald Osnes Devik tok ein andreplass i slegge, med 57,06m. SBAREBANKLEIKANE Sparebankleikane gjekk av stabelen 4.-6.juli. Her stilte Brodd sterkt med mange gode utøvarar. Her er nokre resultat derifrå: Julie Kristin Skjerdal imponerte stort med ein suveren fyrsteplass på 60m hekk med tida 12,51sek. Elles fekk ho ein fin 2. plass på 60m. og ein 5. plass i lengde. Mathias Lothe fekk 2 fyrsteplassar, på 60m med tida 9,14 sek, og i høgde med eit hopp på 1,20m. Jonas Arnestad fekk 2.plass på 60m med tida 9,44 sek, og 2.plass på ein særs spanande 600m. Han kom i mål på tida 2,05,49 min. I tillegg fekk han ein 3.plass i høgde med 1,20m. Håvard Lothe fekk ein fin 2.plass i spyd og 4.plass på 60m og i diskos. Arne Osnes Devik fekk ein overlegen fyrsteplass i slegge med eit kast på 44,80m Av dei eldre utøvarane merkte Johan Lothe seg ut som ein allsidig utøvar med gode resultat i fleire ulike øvingar. Han fekk heile 4 gullmedaljar. 100m på tida 12,66 sek., diskos med eit kast på 33,83m, lengde med 5,28m, og spyd 32,47m etter eit avgjerande sistekast etter ein briefing med faren. Elles var Nora og Kristina Eide, Gulisara Panyarat, Emilie Engelbrektson og Susanne Skjerdal, som er aspirantar med på 60m og lengde. Alle gjorde ein kjempeinnsats! Sparebankleikane 2014 på Byrkjelo Alle foto: Inger Haldis Lothe

UM FRIIDRETT I HAUGESUND 3 Medaljar til Brodd!!! Under UM i Haugesund 5.-7. september stilte Brodd med 3 deltakarar, det vart medalje på alle: Johan Lothe(15) slo til med 5 meter pers og tok bronse med 38,90 i diskos. I lengde klaffa det ikkje heilt i tilløpet, det vart 12. plass med 4,78. Hans Sande(18/19) fekk medalje i "feil" øving: bronse i diskos 1,75 kg med 43,20. I kule vart det 4. plass med pers på 12,80, og i slegge vart det 5. plass med 56,77, eit stykke bak persen på 59,96. Evald Osnes Devik(18/19) tok sølv i slegge med 59,51. I kule vart det 7. plass med 10,55. 3 medaljar til 3 utøvarar. Flott innsats av Brodd! Vi gratulerer dei alle 3 og ikkje minst støtteapparatet! TRENING PÅ LOGGANE Vi har hatt treningar på Loggane torsdagarkl. 18.00, for dei yngste under 10 år. Det har vore litt varierande oppmøte. Gjennomsnitteleg mellom 6-8 stk. Her har vi trent på sprint, reaksjon, lengde og liten ball. I tillegg til litt drill/teknikk, stafett-trening og leik. LOGGANE OPEN Loggane har no fått sin første norske rekord på junior/seniornivå! Tidlegare er det sett fleire norske aldersrekordar i slegge, m.a. av Trude Raad og Beatrice Llano(Laksevåg) og i år av Ørjan Rygg. Den 3. august i år sette Svein Martin Skagestad(19) frå Loddefjord norsk juniorrekord i kule med resultatet 18,84. Skagestad er dessutan ein sterk diskoskastar, han tok bronse under U20-VM i USA denne sommaren. Persen med 1,75 kg diskos er 65,66, det er også norsk juniorrekord. Foto: Jørund Årdal OLDENSTAFETTEN OG BREIMSTAFETTEN Søndag 27.april var det duka for Oldenstafetten i nydeleg vårver og med fin sommartemperatur i lufta.vi var ein fin og forventningsfull gjeng som reiste innover. Utøvarane hadde eit godt støtteapparat rundt seg med foreldre, heiagjeng og trenarar. Johan Lothe - Håvard Lothe - Runar Hellerud - Julie Kristin Skjerdal (for ein skada Mathias Lothe) - Jonas Arnestad Vi gjorde ein god stafett og var framme i teten i midten av stafetten. Alle gjorde sitt beste og vi enda på ein 5.plass etter fotofinish, der vi tevla om 4.plassen. Kun 9 sekund ifrå teten. 10 gutelag var med denne gongen, og Hyen sikra sigeren. Breimstafetten gjekk av stabelen søndag 4.mai. Det var vanskeleg å få fullt lag, så vi lånte Jørgen Myklebust frå Ålfoten på sjuande etappe. Elles er her berre broddarar. Også denne stafetten vart spennande. Vi var med på å kjempe i teten heile vegen, og veksla som nummer to ved siste veksling. Mathias sprang oss då opp på fyrsteplass, men så kom der eldre og sterkare løparar etter og tok oss igjen, men det vart ein fin-fin fjerdeplass. Det var vi godt nøgde med. Pokal vart det også! Dei som sprang var: Johan Lothe, Håvard Lothe, Erik Koopmans, Jelle Koopmans, Mathias Lothe, Jonas Arnestad, Sander Skogli Rauset og Jørgen Myklebust. Foto: Inger Haldis Lothe For Friidrettsgruppa i Brodd v/ Daniel Dyrnes og Jørund Årdal BRODD VEKTLØFTING Brodd Vektløfting kan vise til ei imponerande utvikling frå oppstarten for berre nokre få år sidan. Utøvarane har henta heim edelt metall både individuelt og for lag i nasjonale og nordiske stemner. No har tyngda i utøvargruppa vokse og blitt eit år eldre, og dermed har eit lag flytta seg opp i juniorklassa. Her blir nok konkurransen enno tøffare, men vi er veldig spent på kva Jørund kan få til med Evald, Hans, Peter m.fl. i denne klassa. Evald er tilbake i Brodd-drakta etter eit lite låne-opphald i Tamerskjelvar. Vi i Brodd er svært nøgde med å ha han med tilbake i vektløftargruppa vår. Vi skal også følgje spent med på dei yngre klassane, det vert meldt om god trening og fin utvikling. Vektløftarane takkar SFE for støtte i 2014!

Brodd Knøttefotball 2014 Nok ein sommar er over, og som vanleg er det fotballen som har vært hovudaktiviteten i gruppa. Ca 30 ungar har trena på Loggane denne sesongen. Vi har delt desse i 3 grupper (6-7år, 8-9 år, og 10-11 år). Dei 2 yngste gruppene har 1 trening i veka, medan dei eldste har 2. Det har som vanlig vært stor innsats og ungane har kosa seg på treningane. Dei minste har deltatt på 4 turnerigar i løpet av sommaren (Sandane, Breim, Innvik, Skei). Vi har stillt med 4 lag på kvar av dei. Det er gutar 6 år, gutar 7 år, og 2 lag jenter 8 år. Det har vært mange oppturar og nokre nedturar, noko som er viktig for ungane å lære seg. Desse turneringane er svært sosiale både for foreldre og barn. Sesongen blir som vanleg avslutta med pizza-fest i Runnevang. No startar snart treningane i Runnevang igjen, og her blir det allidrett og handball som blir prioritert. Håpar mange kjem og blir med i år også. Alle foto: Bjarne Rygg

Brodd fotball - 11 år jenter (fødd 2003/2004) Trimsesongen 2014 Jenter 10-11 år (2003-2004) har også i år spelt seriefotball. Dei har spelt mot Sandane, Breim, Loen, Stryn og Eid. Her har Tom vore og myndig og dyktig trenar! Jentene har fått mange fine resultat både heime på Loggane og på bortebane. Det å spele serie er både morosamt og lærerikt, så dette er noko vi må prøve og få til ved fleire høve. Ein ekstra takk til Tom som har brukt mange timar av fritida si på jentene. Og det er vel fyrste gong i Brodd-hitoria at vi stiller med 11-års jente-lag i serien, eller? Bak f.v. Emily Wilke, Emma Lothe, Leah Frøyseth, Ida Moen, Tom Wilke. Framme f.v. Amalie Skeistrand, Rebecca Frøyseth, Thea Rygg, Julie Skjerdal og Andrea Lothe Trimbøkene er no henta inn og oppsummeringa av poeng er i full gong. Aldri har det vel vore så mange noteringar i trimbøkene våre? Det er vel litt tidleg å seie sikkert enno, men gruppa kan iallfall melde om svarttrakka ræser og stadig utskrevne bøker. Mange born har fullført Mini- og Junior- Hardhausen, og fyrste HHP markeringane kom allereie tidleg på sommaren. Kor mange og kven som har mest, må vi vente til Broddmarknaden med å få svar på. Men det vi kan love er at det blir skjorter og krus i fleng på Runnevang-scena også i år. Det er no lagt ut nye trimbøker på postane, så det er ingen grunn til å legge seg nedpå. Vi takkar For god støtte til Fjelltrimmen På Berdalsegga: Sunniva, Mathea, Ludvig, Susanne, Benedikte, Julie, Kristina, Emily og David. På Berdalsaksla: Maria, Oda, Thea, Hedda, Mari, Sofie, Selma, Andrea og Emma Kontaktperson for trimgruppa: Arvid Lothe, mob 46982788 arvid.lothe@enivest.net GEOREG Registreringssystem for fjellturer Brodd har teke initiativ til å få opp eit system for registrering av trimpoeng. Bakgrunn for dette er den store arbeidsmengda som det er for gjengen som skal summere og systematisere alle bøkene. Og ikkje minst greie å tolke handskrifter og få rett notering. Vi har no vore med og fått utvika Georeg. Eit system som ein v.hj.av mobiltelefon kan registrere seg på dei aktuelle postane ved å sende ein SMS. Ein må på førahand installere ein app som brukast som verktøy ved sending. Det må være ein smarttelefon med GPS. Ved registrering i systemet har du også tilgang til ei side der ein har full oversikt over eigne turar og opptente poeng. I fyrste omgang er dette eit system som kan nyttast ev dei som ynskjer det. Ein kan framleis notere seg i bøkene, men vi håpar at flest mogleg kan gå inn på denne nye ordninga slek at vi får ned arbeidsmengda og sikrare summering. Registrer deg i systemet allereie no: www.georeg.no Vi kjem attende på Broddmarknaden med meir info om systemet, kostnad og bruk.

BRODDMARKNAD Fredag, 21. november vert det Broddmarknad med basar og premieutdeling i Runnevang. Sett av denne kvelden til basar-kos! Vi håpar på god oppslutnad! KL. Måndag Onsdag Fredag 17:00 17:00 Allidrett 17:00 1-3. klasse 17:30 v/ foreldre & 17:30 Handball gutar evt. Firdaelevar Knøttetrim 1-4. klasse 18:00 (barnehage-alder) 18:00 Turn/Allidrett Terje Arnestad v/ Foreldre 18:30 Handball jenter 19:00 2-4. klasse Julie Varpe + foreldre 19:00 19:30 Dametrim 20:00 Sirkeltrening v/ Hege Aagaard 20:00 20:30 21:00 TRENINGSTIDER RUNNEVANG HAUST/VINTER 4-7. klasse v/ foreldre & evt. Firdaelevar (ledig) Herretrim Basistrening & volleyball 18:30 Ballspel, etc. Oppvarming til Basis/sirkeltrening 19:00 Basis/ Sirkeltrening Ungdom og vaksne v/sølvi H. Sælen 20:00 Basket for interesserte under eiga leiing BRODD IL Leiar: Bjarne Rygg - tlf. 91317988 Nestleiar: Egil Ravnestad Kasserar: Hilde Mellingen Sekretær: Liv Randi Teige Styremedlemer: Alle gruppeleiarar Runnevang Bygda sitt hus for trening, kultur og sosial samkome Leiar: Pieter Koopmans, tlf. 95964499 Utleige: Ingeborg Dale, tlf. 97586093 Teknisk: Eirik Alf Rygg / Magnar Holme Det Skjer i Runnevang 2014! Fredag, 21. november: Broddmarknad Søndag, 30. november: Juleverkstad Laurdag, 27. desember: Jule-Quiz med dans Mandag, 29. desember: Juletrefest Våre sponsorar til denne utgåva av Brodd-Nytt: Accountor støttar Fjelltrimmen i Brodd!