UTVIKLINGSPLAN FOR DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE 2010-2014



Like dokumenter
Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet /12 Bystyret /12

Forslag frå fylkesrådmannen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Vurdering av allianse og alternativ

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

Plan for overgangar. for barn og unge

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Les for livet - del 2 (Ref # )

Samansette tekster og Sjanger og stil

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Tiltaksplan

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

STRATEGI FOR DKS-ARBEID I NÆRØY KOMMUNE. VEDTATT I KULTURFORUM NÆRØY 9. januar Innhold

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

8. Museum og samlingar

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Til deg som bur i fosterheim år

Aurland kommune Rådmannen

Direkte støtte til tiltak for barn og ungdom: Kulturmidler som er med og finansiere tiltak for barn og ungdom:

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

PLAN FOR LURØY-SEKKEN

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Høyringsfråsegn - NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Barnehageplan for Vinje kommune

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Poesislam i UKM (Ref # )

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Kvalitetsplan mot mobbing

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Den kulturelle nistepakken

FJORDHESTEN, VESTLENDINGEN SIN KULTURARV

Den kulturelle skulesekken i. Ål kommune. Handlingsplan Den kulturelle skulesekken i Ål kommune Handlingsplan

Plan for DKS 2015 Sendes:

Behandles av utvalg: Møtedato Utvalgssaksnr. Utvalg for kultur og oppvekst /10

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Strategiplan for Kulturskrinet, Karmøy kommune,

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

AVTALE OM MUSIKKSAMARBEID NOREG KINA 2013

Plan. Den kulturelle skolesekken. Narvik kommune

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Stemnehandboka for NKSF

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318)

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Transkript:

UTVIKLINGSPLAN FOR DEN KULTURELLE SKULESEKKEN I SOGN OG FJORDANE 2010-2014 1. Innleiing / bakgrunn 2. Den kulturelle skulesekken (DKS) status og utvikling 2.1 Nasjonal forankring 2.2 Regional og lokal forankring 2.3 Andre gjennomgåande satsingar 2.4 Innhald og omfang 2.5 Rammevilkår 2.6 Styringsorgan og organisering 2.7 Møtestader 2.8 Dataverktøyet KSYS 2.9 Evaluering av tilboda 3. Formidlinga i dag - innhald og kvalitet 3.1 Ulike kunst- og kulturuttrykk 3.2 Ulike typar formidling 3.3 Kompetanse 3.4 Utøvarane 3.5 Samarbeidspartar 3.6 Kvalitetssikring 4. Vegen vidare - utviklingsretningar 4.1 Organisering og økonomi 4.2 Kven høyrer til i DKS 4.3 Framlegg til nye styringsorgan/samarbeidspartar 4.4 Faglege utfordringar 4.5 Praktiske utfordringar 4.6 Turnéfaglege utfordringar 4.7 DKS som ein utviklingsaktør 4.8 Frå skulesekken til kultursekken 5. Mål og strategiar 5.1 Tiltak 5.2 Særskilte satsingsområde 6. Litteratur og bakgrunnsmateriale 1

1. Innleiing Den kulturelle skulesekken (DKS) vart i 2001 vedteke som Stortinget si nasjonale satsing på kunst og kultur til barn og unge. Kultur- og opplæringssektorane fekk saman eit ansvar for å medverke til at alle elevar i grunnskulen, og etterkvart vidaregåande skule, får oppleve, kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. I Sogn og Fjordane starta DKS opp som eit prøveprosjekt for åtte kommunar og om lag 5000 elevar våren 2002. Samarbeidet på regionalt nivå mellom skule og kultur vart formalisert gjennom ei styringsgruppe med representantar frå Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, fylkeskommunen og KS. Frå hausten 2004 var alle dei 26 kommunane i fylket, med sine om lag 15 500 elevar, deltakarar i ordninga. Samstundes som alle fekk del i fylkesprogrammet, utvikla kvar kommune sine lokale DKS-program. Den første utviklingsplanen, Utviklingsplan (2004-2007) Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, låg føre i juni same året. Frå hausten 2004 vart skulekonsertane den sentrale musikkdelen i DKS. Skulekonsertane har eksistert som fast tilbod til elevar i grunnskulen sidan slutten av 1970-talet. I 1987 desentraliserte Rikskonsertane produsentansvar. På same tid vart det etablert distriktsmusikargrupper i fleire kommunar, knytt til det som i dag heiter kulturskular. Alle kommunane i fylket er no med i Rikskonsertane si skulekonsertordning for grunnskulen, og 24 av 26 kommunar er med i barnehagekonsertordninga. I 2005 tok vi i bruk dataverktøyet ksys som ein felles informasjonskanal til alle skulane og kommunane. I 2007 vart Sogn og Fjordane valt ut til å delta i eit pilotprosjekt for utviding av Den kulturelle skulesekken til vidaregåande skule. Dei to første skuleåra deltok fire skular med elevar i vg2, og dei fekk to tilbod årleg. I tillegg fekk lærlingane eigne tilbod. Skuleåret 2009-2010 er ordninga utvida til fem nye vidaregåande skular. Inn til vidare får elevane i vg2 og lærlingane eit tilbod kvar per år, i staden for to. Eit viktig arbeid i planperioden er å utvide tilbodet til å nå fleire grupper. I første rekkje er det eit mål å innlemme alle elevane i vidaregåande opplæring i DKS. 2

2. Den kulturelle skulesekken (DKS) Utvikling og status 2.1 Nasjonal forankring Den kulturelle skulesekken er tufta på St. meld. nr. 38 (202-2003) Den kulturelle skulesekken, med tilhøyrande innstilling S. Innst. nr. 50 (2003-2004) og St. meld. nr 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida, med innstilling S. Innst. nr. 200 (2007-2008). I Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida, står følgjande: Regjeringa har som mål at Noreg skal verte ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet. Målet er at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014. I framhaldet blir det understreka at det er eit hovudmål å medverke til gode vilkår for å skape og formidle kunst og kultur. Grunngjevinga er at kunst og kultur har ein eigenverdi for det einskilde mennesket: Kunst, kultur og kulturarv er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem ifrå. Meldinga peikar vidare på at kunst og kultur har kraft i seg til å vere med å forme samfunnsutviklinga. Kunnskapssamfunnet treng menneske med idérikdom, kreative evner og evner til å omstille seg og sjå nye moglegheiter. Næringslivet etterspør i aukande grad nettopp slik kompetanse. Ei viktig føring i St. meld. nr 8 er at DKS skal vere ein naturleg del av skuledagen, og såleis kunne implementerast i ulike læreplanar og mål som er knytt til Kunnskapsløftet. Kunnskapsløftet er den nye reforma i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, jf. St. meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring, og Læreplanverket for Kunnskapsløftet. I den generelle delen av læreplanverket er dei skapande evnene vektlagde i eit eige avsnitt Det skapande menneske. Både kreativitet, nyfikne og vitskaplege arbeidsmåtar blir framheva, og vi les m.a. dette: Elevane skal få utvikle gleda ved å møte kunstnariske uttrykk og kunne utforske og utfalde sine eigne skapande krefter. Undervisninga skal vise korleis skaparkraft har vore med på å endre menneska sine levekår og livsinnhald. (St. meld. nr. 8, s.8) Dei einskilde læreplanane og den generelle delen gir mange gode tilknytingspunkt mellom skule og kultur. Ansvaret for å følgje opp tilboda med føre- og etterarbeid ligg til skulane, og såleis er det opp til skulane og den einskilde lærar i kvar grad det skjer (St. meld. nr. 8, s.26). Det er skulen/lærarane som har ansvaret for å knyte tilbod mot kompetansemål. I St. meld. nr. 8 blir det framheva at skulen lokalt skal følgje opp nye arbeidsmåtar knytt til m.a. kreativitet. Skulen er vidare forplikta til å rette seg etter prinsippa for opplæring, som er nedfelt i del 2 av læreplanverket. Der heiter det m.a.: For å utvikle elevens kulturelle kompetanse for deltakelse i et multikulturelt samfunn skal opplæringen legge til rette for at eleven får kunnskaper om ulike kulturer og 3

erfaringer med et bredt spekter av kulturelle uttryksformer. Opplæringen skal fremme kulturforståelse og bidra til utvikling av både selvinnnsikt og identitet, respekt og toleranse. Elevene skal møte kunst og kulturformer som uttrykker både menneskers individualitet og fellesskap, og som stimulerer deres kreativitet og nyskapende evner. De skal også få mulighet til å bruke sine skapende evner gjennom ulike aktiviteter og uttrykksformer. Dette kan gi grunnlag for refleksjon, følelser og spontanitet. (St. meld. nr. 8, s.8) Omgrepet kunst blir nytta som fellesnemnar for dei ulike uttrykka og uttrykksformene som er dei sentrale områda i Den kulturelle skulesekken. I St. meld. nr.8 blir det påpeika at kunst ikkje er noko eintydig omgrep; Kunst er eit estetisk kulturuttrykk som kontinuerleg endrar uttrykksform og som gjev menneska opplevingar og utfordringar. Føresetnaden for å forstå kunst er noko den einskilde tileginar seg gjennom oppvekst, utdanning og deltaking i samfunns- og kulturlivet. Ved sidan av Den kulturelle skulesekken, har Regjeringa to andre sentrale ordningar i sin kulturpolitikk for barn og unge; Kulturskulane Ungdommens kulturmønstring (UKM). 2.2 Regional og lokal forankring I fylket er Fylkesplanen 2005 2008 Vegen vidare for Sogn og Fjordane førande for fylkeskommunen og samarbeidspartnarane regionalt og lokalt. Planen er prolongert til å gjelde ut 2010. Planen har som overordna mål å oppretthalde folketal og busetnadsmønster. Det blir lagt vekt på: Verdiskapinga: Å ta heile fylket i bruk ved å nytte kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte. Bu og leve: Å skape seg eit rikt og meiningsfylt liv der god helse, kultur og tilgjenge for alle i trygge og opne miljø er avgjerande verdiar. Kultur og identitet er eit av dei grunnleggande tema i planen: Gjennom aktiv kultursatsing kan identiteten styrkjast og utviklast. Vi skal vere opne for, vise interesse for og skaffe oss kunnskap om ulike uttrykksmåtar og kulturar. Det må skapast ulike arenaer for desse. Skal ein lukkast, trengst ei meir profesjonell kunstog kultursatsing med rot i den rurale vestlandske kulturen, i godt samarbeid med dei gode amatørkreftene vi har i fylket. Dette som ei motkraft til den sentraliserte, urbaniserte og bokmålsdominerte kunsten og kulturen. Gjennom ein eigen fylkeskommunal kulturstrategi, vedteken av fylkestinget i juni 2008, vart det framheva nokre satsingsområde. Eitt av desse er Kunst og kultur som skapande krefter. Her forpliktar fylkeskommunen seg til å vere ein pådrivar og ein aktiv samarbeidsaktør. I strategien blir m.a. følgjande framheva: Vi vil: - Kultursekk for alle aldersgrupper og miljø med auka bruk av profesjonelle krefter. Dette skal ein nå mellom anna ved å skape fungerande arenaer for produksjon og formidling av kunst og kultur. For å få dette til, vil DKS vere eit viktig verkty for fylkeskommunen. 4

Eit fokusområde under satsinga Bu og leve, er Ungdom. Her står det: Den sterke satsinga på kulturformidling til barn og unge, særleg gjennom Den kulturelle skulesekken, vil halde fram og vil bli styrka. Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane er samleomgrepet vi nyttar når vi omtalar den systematiske kulturformidlinga til grunnskule og vidaregåande opplæring. 2.3 Andre gjennomgåande satsingar Kulturskulen i den einskilde kommune skal gje barn og unge tilbod om opplæring i skapande og utøvande musikk og andre kunstformer (i tillegg til den obligatoriske opplæringa på skulen). Mange stader vil ressursar i kulturskulen også bli nytta i grunnskulen, gjennom delstillingar båe stader eller gjennom samarbeidsprosjekt dei to skuleslaga blir samde om. UKM er eit landsomfattande tiltak som først og fremst handlar om aktivitet. Gjennom ei rekkje lokale og regionale mønstringar får barn og unge opptre med ulike innslag og treffe andre kulturinteresserte på sin eigen alder. Til saman skal dei tre ordningane vere med å sikre at elevane får tilgang til ulike former for kulturell aktivitet og deltaking. Skulen er viktig både i fagopplæringa og som kulturarena. Kulturskulen har profesjonelle utøvarar som både kan bidra i opplæring av einskildelevar og som utøvarar i eller produsentar i t.d. lokale DKStilbod. UKM er, særleg for ungdomsgruppa, ein stad der mangfaldet blir synleg og elevane får opptre for mange. Eit godt samspel mellom DKS, kulturskule og UKM trur vi vil gje ein god vinst for læremiljøet. 2.4 Innhald og omfang Elevane i skulen skal møte kunst- og kulturuttrykk av alle slag, og det kan synast å vere svært omfattande. I den nærare konkretiseringa, femnar Den kulturelle skulesekken om desse seks hovudområda: musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, film, kulturarv. I nokre samanhengar vil fleire uttrykk bli nytta i eit og same tilbod, og ofte snakkar vi då om kunstartar i samspel (sjå pkt.3.1). I alle uttrykka skal elevane få møte fortida og samtida, innan eit kulturelt mangfald, men òg forankra i det lokale (St. meld. nr. 8 s. 26). Alle elevane i grunnskulane i våre 26 kommunar, har som før nemnt teke imot faste tilbod frå Den kulturelle skulesekken sidan 2004. Kvar kommune har og sine lokale program. Desse kan ha eit like stort, og ofte eit større omfang, enn det som blir gjeve frå fylket. Dei som deltar i dei lokale skulesekkane er grunnskuleelevar, og i nokre tilfelle dei eldste gruppene av barnehagebarn. Det er opp til den einskilde kommune å definere kva grupper som skal omfattast av tilbod i den lokale kulturelle skulesekken. Den lokale kulturelle skulesekken er eit viktig fundament i ordninga. Fylkestilboda er sikringskosten som kjem i tillegg, og som skal vere garantien for at alle elevane, uavhengig av kvar dei bur og kven dei er, skal ha lik tilgang til profesjonell kunst og kultur. 5

Frå skuleåret 2009/2010 mottek ni av 13 vidaregåande skular tilbod frå Den kulturelle skulesekken. Inntil vidare får alle elevane i vg2 eitt tilbod kvar. Det er eit mål at alle elevar ved vg2 i dei 13 vidaregåande skulane får plass i DKS frå hausten 2010, og at alle elevar i vgo er innlemma i ordninga frå hausten 2012 (sjå neste pkt.). Skulekonsertordninga Skulekonsertane har vore musikkdelen i DKS sidan hausten 2004. Dette er ei god løysing. Rikskonsertane (RK) har si historie i fylket tilbake til byrjinga av 1980-talet. Dei første åra var det musikarar utanfrå fylket som turnerte, men i 1983 fekk Sogn og Fjordane si første regiongruppe av distriktsmusikarar knytt til dåverande Høyanger musikkskule. Ein del av stillingane var retta mot skulekonsertturnear. I 1987 vart det oppretta fleire distriktsmusikargrupper (Førde, Sogndal og Gloppen), og same året fekk fylket sin første musikkprodusent med ansvar for skulekonsertane. Fylkeskommunen og Rikskonsertane har ein samarbeidsavtale som regulerer ansvarsområdet i høve skulekonsertordninga. Partane må samarbeide tett, etter som RK er direkte inne som produksjonseining og tilretteleggar. Vi mottek informasjon om RK sine produksjonar og legg dei ut på DKS sine heimesider. Vi nyttar vårt turneverktøy ksys til å leggje ut RK-turnear på linje med dei andre turneane i DKS. På den måten får ikkje ulike organisatoriske løysingar noko å seie for dei som skal ta imot tilboda. Også informasjon og turneplanar for barnehagekonsertane blir lagt ut på ksys. Frå fylkeskommen si side ser vi ei stor føremon med samarbeidet og ansvarsdelinga, ved at vi er sikra eit kvalitativt godt programtilbod med stor breidde. Gjennom Rikskonsertane får vi nye impulsar og idear, og deltaking i større satsingar. Fagsamlingar og regionsamlingar som RK arrangerer er dessutan viktige møtestader for utveksling av informasjon og koordinering av planar. Planlegging og gjennomføring av fylket sin del av skulekonsertane, og ønskje om særskilte produksjonar, vert koordinert gjennom det interne DKS-teamet i kulturavdelinga i samråd med Rikskonsertane. 2.5 Rammevilkår Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ kulturavdelinga har det overordnar ansvaret for innhaldet i fylkestilbodet til Den kulturelle skulesekken. Tilsvarande er ansvaret for dei lokale kultursekkane i all hovudsak lagt til kulturfeltet i den einskilde kommune. I to kommunar er ansvaret lagt til skulesektoren, og nokre stader har kulturskulen fått ansvaret for å koordinere tilboda lokalt. Det er pengar frå overskotet til tippemidlane (Norsk Tipping) som finansierer tilboda, i tillegg til overføringar frå Rikskonsertane si skulekonsertordning. Rikskonsertane har eit sjølvstendig ansvar for 50% av skulekonsertane. Grunnskulen. Sidan 2005 har midlane til fylkeskommunane vore fordelt med den same fordelingsnøkkelen som for 2009, og summen har ikkje vore indeksregulert. Det inneber at vi i Sogn og Fjordane årleg har motteke kr. 4 387 397 til våre vel 15 500 elevar i grunnskulen. Summen er blitt fordelt med 2/3-delar til fylkestilboda og 1/3-del til tilboda som kvar kommune er ansvarleg for. I løyvingane frå fylket til kommunane har vi nytta same fordelingsnøkkel som den Kultur- og kyrkjedepartementet nyttar. 6

Fordelinga tek omsyn til elevtal, avstandar og kulturell infrastruktur. Av ein samla sum på om lag kr. 1 477 000 til kommunane, mottek den einskilde alt frå kr. 19 000 til kr. 148 000. Midlane vi har til rådvelde til fylkestilboda, har dei siste åra ikkje vore i samsvar med behovet knytt til målet om fire tilbod årleg til alle grunnskuleelevane i fylket. Det er igangsett tiltak frå skuleåret 2009/2010, for å få samsvar mellom tilbod og tilgjengeleg økonomi. Følgjene blir at nokre års-trinn får eitt tilbod mindre enn det dei brukar å få, dvs. tre tilbod (inkludert to skulekonsertar) i staden for fire. Dei økonomiske rammene har også ført til at utvalet av tilbod er redusert. Verkstadtilbod til få elevar om gongen, er berre unntaksvis teke med i fylkestilbodet til Den kulturelle skulesekken skuleåret 2009/2010. Det er ein type tilbod som kostar mykje per elev. Fylkeskommunen har teke inn kr. 10,- per grunnskuleelev per fylkestilbod. Dette har gjort det mogleg å dele ut igjen pengar i form av skysspengar til dei som må reise til ein eigna arena i kommunesenteret, eller til ein annan skule. Når det gjeld skulekonsertane dekker skulane sjølv evt transport og leige av lokale. Skulekonsertane kostar kr. 9,- pr. elev pr. konsert, som vert kravd inn av Rikskonsertane. Det har også blitt delt ut faste pengesummar til dei fire kulturhistoriske musea, slik at dei kan dekke skysspengar for elevar som nyttar museumstilbod i eigen region. På grunn av den økonomiske ramma for DKS er skysstilskot via musea teke bort skuleåret 2009-2010. Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane vart i 2007 valt ut til å delta som eit av sju pilotfylke i landet, som skulle prøve ut DKS i vidaregåande skule. Kyrkje- og kulturdepartementet har forventa ei opptrapping i fylka over ein treårs periode. I Sogn og Fjordane ser vi det som naudsynt å bruke noko meir tid. Opptrappinga av DKS til alle i vidaregåande skule (og opplæring), vil vere styrt av kombinasjonen av arbeidsressursar og økonomiske ressursar til gjennomføring. Tildelinga på kr 1 000 000 for 2008/2009 ser ut til å bli fast for vårt fylke. Til no har tildelinga vore romsleg i høve omfanget, og ubrukte midlar har blitt overført til neste år. På sikt, når alle dei 13 skulane er med, vil midlane likevel knapt rekke til to tilbod til alle dei vel 4.100 elevane i vidaregåande opplæring og i tillegg eigne tilbod til dei om lag 800 lærlingane i vgo (nivået vi ønskjer å ha som mål). Utvikling/opptrapping av DKS i Sogn og Fjordane I Sogn og Fjordane starta vi eit forprosjekt av Den kulturelle skulesekken våren 2002 som omfatta åtte kommunar; Flora, Naustdal, Stryn, Hornindal, Årdal, Lærdal, Høyanger og Hyllestad. Tilbodet var basert på utval som kommunane fekk velje frå. Alle elevane fekk to tilbod kvar våren 2002. Den nasjonale løyvinga var kr. 250 000. Prosjektet vart utvida til nye åtte kommunar hausten 2003, og den nasjonal løyving var på kr. 750 000. 7

Frå hausten 2004 var skulekonsertane musikkdelen i DKS og alle dei 26 kommunane kom no med i ordninga. I perioden 2004-2005 utarbeidde alle kommunar eigne planar. Nasjonal løyving var på 1,8 millionar kroner. Frå hausten 2005 vart skulane tildelt tilbod i staden for at dei valde sjølve. Vi tok i bruk ny nettside med verktøy for turnelegging på internett. Nasjonal løyving var på 4,3 millionar kroner. Hausten 2007 vart DKS utvida til å gjelde vidaregåande skular og lærlingane. Samstundes fekk kulturavdelinga i oppgåve å leggje turnear for skulekonsertane (Rikskonsertdelen ei oppgåve som til då hadde ligge hos Fylkesmannen), etter at oppgåva vart overført til fylkeskommunen frå fylkesmannen. Nasjonal løyving til grunnskulane har halde seg på nivået frå 2005. Vi har ingen signal om auke, verken for løyvinga til grunnskulen eller til vgo. 2.6 Styringsorgan og organisering Sidan oppstarten i 2002 har grunnskulen hatt si styringsgruppe med deltaking frå KS i fylket, Høgskulen, Fylkesmannen og fylkeskommunen. I 2007 vart det etablert ei intern administrativ styringsgruppe for Den kulturelle skulesekken i vidaregåande opplæring. Kommunane har, etterkvart som dei kome med i ordninga, etablert sine lokale kulturforum. Desse har ansvar for å samordne tilbod frå fylket, sjå på lokale moglegheiter, fordele midlane som blir vidareført til kommunane og gjennomføre lokal plan. På fylkesnivå vart det i februar 2005 etablert ei referansegruppe, der føremålet var å samle representantane frå kulturinstitusjonar, skulen og kulturskulane. Føremålet var å få eit forum for idéutveksling og nytenking. Medlemmene har kome med innspel til kulturavdelinga både i høve fagleg innhald og praktiske løysingar. I ein oppbyggingsfase er styringsgruppe eit viktig samarbeidsorgan, som m.a. er med på å forankre ansvar hos ulike partar. Referansegruppa har også vore nyttig i ein fase der tilbodet skulle feste seg og institusjonar som musea, SOFteater, kulturskulerådet, fylkesbiblioteket m.fl. skulle involverast. Desse partane er framleis viktige, og vi kjem tilbake til korleis nytte desse i det vidare arbeidet i kap 4. 2.7 Møtestader Den årlege dagskonferansen i september er ein viktig møtestad for kulturkontakter på grunnskular og vidaregåande skular, rektorar og DKS-kontakter i kommunane. Nokre kulturskular har også teke del. Føremålet med konferansen, er å utveksle informasjon og erfaringar, tilby korte kurs (gjerne knytt til planlagde tilbod) - og motivere og inspirere kvarandre gjennom samvêr og kulturinnslag. Etter at utvidinga av Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring starta i 2007, har representantar frå vgo og opplæringsavdelinga teke del på konferansen. 2.8 Dataverktøyet sfj.ksys.no Heimesida til Den kulturelle skulesekken har adr. sfj.ksys.no. Dette er den viktigaste kommunikasjonskanalen mellom skulane og kulturavdelinga i det daglege. Alle 8

skulane og kommunane har sine eigne sider, der dei får informasjon om tilbod som kjem til den einskilde skule og til kommunen (tidspunkt, praktisk tilrettelegging m.m). I ksys loggar skulane seg også inn og gir tilbakemelding på eigne evalueringsskjema. Aktuell informasjon som planar framover, tidspunkt for konferanse og andre samlingar ligg på framsida i ksys. På denne heimesida finn skulane også eigne og andre sine planar for lokale tilbod. Slik er ksys både ein informasjons- og ressursbase. Skular og kommunar som ønskjer å leggje ut sine lokale tilbod i ksys, har høve til det dersom dei betalar eige abonnement. 2.9 Evaluering av tilboda Dei fleste tilbakemeldingar frå skulane blir gjeve på eigne skjema som dei sender direkte inn til ein base på heimesida i ksys. Det er lærarar som på vegne av elevane og skulen gir tilbakemeldingar. Utøvarane/kunstnarane har ikkje tilsvarande moglegheiter til å gje systematisk tilbakemelding knytt til møta på den einskilde skule, men blir oppmoda om å sende ein sluttrapport til fylket. Tilbakemeldingar som gjeld den einskilde turne blir så langt som råd oppsummert og sendt vidare til gruppe eller einskildutøvarar. Ved unntakstilfelle får vi tilbakemeldingar som det er naudsynt å formidle raskt per tlf., fordi det er naudsynt å justere tilbodet av praktiske eller faglege årsaker. 9

3. Kva blir formidla? Innhald og kvalitet 3.1 Ulike kunst- og kulturuttrykk Gjennom Den kulturelle skulesekken får skulane tildelt tilbod. Kommunane melder tilbake at dei ønskjer å halde fram med denne ordninga. Etter dei første åra med Den kulturelle skulesekken, der vi prøvde ut ein alternativ modell med ønskjer frå kommunane, ser vi tildeling som det einaste tenlege også ut frå økonomiske omsyn. Ei av oppgåvene for fylkeskommunen er å sjå til at elevane får breidde og variasjon slik at dei sentrale uttrykka i DKS når ut til alle fleire gonger gjennom skuletida. Skulane gir også tilbakemelding om at dei er nøgde med variasjonen i tilboda dei får, med utgangspunkt i uttrykka vi tidlegare har nemnt. Musikk Alle elevane i grunnskulen får to musikktilbod gjennom skulekonsertordninga til Rikskonsertane, som er musikkdelen i Den kulturelle skulesekken. Fylkeskommunen har eigen musikkprodusent som planlegg, produserer og leiar arbeidet med å gjennomføre skulekonsertane. Fem av dei ti årlege skulekonsertane blir produsert av Rikskonsertane. Ein del av dei andre produksjonane i DKS har også musikk som sentralt element, sjølv om dei sorterer under andre uttrykk (som t.d. kulturarv). Scenekunst (teater og dans) Alle elevane får gjennom året eit scenekunsttilbod (teater eller dans). Samarbeidspartar er frilansgrupper, i hovudsak regionale og nasjonale. Sogn og Fjordane teater har sidan starten av DKS hatt mange framsyningar til skuleelevar, og er ein naturleg samarbeidspart også i framhaldet. Tilgangen til teater er ein god del større enn tilgangen til dans, og fylkeskommunen må vurdere om ein skal ta initiativ i eigen region for å stimulere til fleire scenekunstproduksjonar knytt til dans. Visuell kunst Tema her er t.d. kunstutstilling, kunsthandverk, arkitektur og design. Fylkeskommunen har fleire gode samarbeidspartar i eige fylke, som Sogn og Fjordane kunstmuseum og Sogn og Fjordane husflidslag. Vi har samarbeidd med fagpersonar innan arkitektur, og håpar å få til nye produksjonar innan design i samarbeid med designmiljø i fylket eller miljø/institusjonar andre stader i landet. I tillegg til kunstmuseet, vil det også vere aktuelt å samarbeide innan dette feltet med andre avdelingar innan Musea i Sogn og Fjordane. Litteratur Dei seinare åra har vi engasjert utøvarar som turnerer med t.d. forteljartilbod (forteljar) og teater i kombinasjon med musikk (skodespelar og musikar). Nynorsk kultursentrum ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta har bidrege med fleire gode tilbod. Nynorsk språk eller litteratur er utgangspunktet, men blir formidla gjennom kunstartar i samspel. Forfattarbesøk var ein del av fylkestilbodet i DKS frå 2002-2004, og i perioden 2004-2007 organiserte fylkesbiblioteket forfattarbesøk til skular som ønskte det. Ein del stader har skulane åleine, eller i samarbeid med sitt lokale bibliotek, arrangert forfattarbesøk. Nokre har halde på med det i mange år, lenge før DKS vart ei satsing. 10

I framhaldet bør ordinære forfattarbesøk organiserast av folkebiblioteka og skulane i samarbeid. Fylkestilbodet bør, som praksis har vore dei siste åra, rettast mot det som i St. meld. 23 (2008-2009) er omtala som eleven sitt møte med litteraturuttrykk i nært samspel med andre kunstartar som musikk og/eller teater. Fylkesbiblioteket nyttar DKS sitt dataverktøy og legg ut bokbåtturnear på heimesida sfj.ksys.no. Slik får skulane samla oversikt over tilbod frå fylket. Film Filmtilbod til elevar, som møte med ein filmskapar og mobilfilmverkstad, har kome til i eit samarbeid med andre aktørar. Ein av dei er Firda vidaregåande skule i Glopppen, som er i gang med å utvikle eit ressurssenter for film i fylket. Fylkeskommunen har også dialog med Vestnorsk Filmsenter, med tanke på å få profesjonell rådgjeving og hjelp til å satse på gode filmtilbod i åra som kjem. Eit aktuelt fellestiltak er å formalisere samarbeid mellom vårt fylke, Hordaland og Møre og Romsdal, med føremål å få til felles tilbod som kan turnere i alle tre fylka. Filmsjanger vi diskuterer er dokumentarfilm, og vi ønskjer å profilere filmskaparar i eigen region. Det vil vere aktuelt å tilby elevar eit todelt tilbod; filmvising til mange, og kurs i dokumentarfilm til mindre grupper, t.d. elevar som går på vidaregåande studieretning innan media- og kommunikasjon. I det vidare arbeidet ønskjer Vestnorsk Filmsenter ein dialog der både dei nemnde fylka og filmmiljøet ved Høgskulen i Møre og Romsdal deltek. Kulturarv Musea i Sogn og Fjordane er viktige bidragsytarar til dei lokale kulturelle skulesekkane, men har også vore ein viktig aktør i fylkestilbodet. Framover ser vi det naturleg å samarbeide vidare med Musea i Sogn og Fjordane om tilbod som dei eller vi initierer knytt til fylkestilbodet. Andre aktørar er og vil vere frittståande kulturformidlarar, og institusjonar som t.d. Norsk Bremuseum i Fjærland. Fylkesarkivet vil gjerne vere ein bidragsytar i DKS. Eit konkret samarbeidstiltak kan knytast mot skuleprosjektet dei starta i Kulturminneåret (2008), som gjeld perioden 1890-1905. Arkivet har gode kjelder på kva skular som fanst, kvar dei låg, kven som eigde el. leigde skulane, interiør m.m. Det er mange moglegheiter til å kople ulike nettressursar som bilde og munnlege kjelder i ein eigen ressursmeny for skulane. Nettressursar kan også knytast til eit konkret DKS-tilbod for å fylle ut innhaldet, konkretisere nokre tema og knyte dei til lokale miljø. Generelt: I mange kommunar er der gode arrangørmiljø som tilbyr kunst- og kulturmøte gjennom heile året. Den kulturelle skulesekken ønskjer å vere samarbeidspart i høve hendingar og møte som er eigna for elevar i vår målgruppe. Det er særleg i vidaregåande opplæring vi ser moglegheiter for å nytte eksisterande tilbod meir. 3.2. Ulike typar formidling Opplevinga har ein viktig plass i Den kulturelle skulesekken. Det står ikkje i motsetnad til at elevane får delta som aktørar. Skulane har ulike ønskje i høve kva form tilboda skal ha, kor sterk elevdeltaking det skal vere og kor lenge det einskilde 11

tilbodet skal vare. Verkstadtilbod som varer opp til ein heil skuledag, lar seg gjennomføre i småskulen og på mellomstega, men er vanskelegare å prioritere for dei eldre elevane. I vidaregåande opplæring er det eit uttalt ønskje om at tilboda ikkje skal vare ut over ein normal skuletime, dvs. 45 minuttar. 3.3 Kompetanse Med ordet kompetanse meiner vi i denne samanhenge fleire slag. Vi snakkar om: 1) Kunst- og kulturfagleg kompetanse 2) Pedagogisk kompetanse i høve bruk av den kunstnarlege kompetansen 3) Formidlingskompetanse 4) Arrangørkompetanse Vår forståing av omgrepet kompetanse legg vekt på to former som må virke saman: - å ha kompetanse, dvs ha kunnskap innan eit fagfelt. - å vere kompetent, dvs. kunne nyttiggjere seg kunnskapen ein har på ein god måte, til rett tid Det er ønskjeleg å byggje kunst- og kulturkompetanse i skuleverket på fleire måtar enn gjennom tilboda vi gjev skulane. Korte lærarkurs i samband med den årlege dagskonferansen i september, som har vore fast dei siste åra, kan vere ei form for kompetansebygging. Vi ser likevel tydeleg behov for ei sterkare satsing på kompetanse enn det som skjer i dag. Midlar til Den kulturelle skulesekken skal gå til innhald, ikkje kompetanseutvikling. Dersom vi i Sogn og Fjordane skal få til ei heilskapleg satsing på ulike former for kompetanse, må det veljast ut nokre gode, målretta tiltak som er viktige og som ein er samde om skal prioriterast. Partane må sjølve legge eigne midlar inn i slike tiltak. Det kviler eit særleg ansvar på kommunane, fylkesmannen, institusjonar innan kultursektoren og høgskulemiljøet å ta eit ansvar for kompetanse knytt til kulturfeltet/skuleverket relatert til DKS. Fylkeskommunen kan vere bidragsytar og stille med arbeidsressursar og fagkompetanse. 1) Kunst- og kulturfagleg kompetanse Fylkeskommunen formidlar årleg mellom 40 og 50 ulike kunst- og kulturtilbod til 15 500 grunnskuleelevar og om lag 1 600 vg2 elevar og lærlingar i vgo. Opplevingane, deltakinga og erfaringar inneheld også mykje læring om ulike kunst- og kulturuttrykk. I den forstand er tilboda i seg sjølve med på å auke kompetansen hos både elevar og lærarar. Gjennom åra har vi fått ei mykje meir kompetent brukargruppe enn i starten, noko som m.a. viser igjen i forventningar og tilbakemeldingar på dei einskilde tilboda. Tilsvarande har fylkeskommunen tilsette som har fått utvida kompetanse på mange område. Fylkesmannen har eit ansvar for å kartlegge den einskilde kommune sine kompetansebehov, og stimulere til samarbeid mellom skuleeigar (kommune) og 12

aktuelle fagmiljø. Vidare står det i St.meld. nr.8 at fylkesmannen skal føre tilsyn med kompetanseutviklinga hjå skuleeigarane og fordele ressursane som finst til dette føremålet. Knytt til arbeidet med DKS er det ei utfordring at det ikkje blir gitt noko konkret ansvar for satsinga i oppdragsbrevet til Fylkesmannen. I den elektroniske utviklingsbasen www.skuleutvikling.no legg grunnskulane, kulturskulane, dei vidaregåande skulane og kommunane inn sine kompetanseplanar. Basen viser alle, også dei kulturelle satsingane, innan grunnopplæringa. Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) kan tilby etterutdanningskurs og vidareutdanningsmodular, også som kombinerte tilbod. Høgskulen har gode fagmiljø innanfor språkfag, historie/samfunnsfag og naturfag. Innanfor relevante praktiske og estetiske fag har skulen små fagmiljø i drama, musikk, kunst/handverk, dans og IKT/media. Fagmiljøa kan både yte kompetansehevingstiltak og vere delar av nettverk knytt til Den kulturelle skulesekken. Alle dei nemnde fagmiljøa er knytte opp til lærarutdanningane og har ein didaktisk kompetanse ved sidan av kompetanse i forsking og utviklingsarbeid. Ei tettare fagleg samhandling mellom høgskulen og DKS kan og ha den positive gevinsten at studentane i lærarutdanningane får kulturelle møte som kan vere verdifulle når dei som framtidige lærarar møter att Den kulturelle skulesekken. Det bør vurderast om lærarutdanninga kan ta imot eit par årlege tilbod i DKS på linje med grunnskulen og vidaregåande skule. Det er eit mål å vidareutvikle dei faglege kontaktpunkta som ein har fått til - og finne nye. I 2009 starta HSF arbeidet med å utvikle eit studium i handverk og design, m.a. i samarbeid med fylkeskommunen. I framtida vil her vere moglege koplingar til DKS i form av produksjonar til DKS. Fylkesbiblioteket/folkebiblioteka Fylkesbiblioteket ønskjer framover eit samarbeid med DKS i form av ei rådgjevarrolle, gjennom deltaking i fagforum. I St.meld. nr. 23 (2008-2009) Bibliotek; Kunnskapsalmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid står det i kap. 11 Litteratur i Den kulturelle skulesekken, at kommunane bør syte for at folkebiblioteka blir ein naturleg samarbeidspart i den lokale kulturelle skulesekken. Det er også presisert at alle folkebibliotek bør invitere skuleklassar til bibliotekorientering og bokprat, og at alle elevar bør få lånekort. Det gjeld også elevar i vidaregåande skule. I tilknyting til ei profesjonalisert formidling, les vi m.a. dette i stortingsmeldinga: Ulike typar formidlingskurs er viktige for å profesjonalisere litteraturformidlinga i biblioteka. Dette arbeidet må halde fram og knytast tettare til ulike former for biblioteksamarbeid. Fylkesarkivet I sin 3-års plan har fylkesarkivet eit uttrykt ønskje om å vere ein bidragsytar til arbeidet med Den kulturelle skulesekken, og behov knytt til ulike tilbod vert meldt inn 13

der. Fylkesarkivet har ei mengde digitale ressursar knytt til foto, munnlege kjelder, musikk, film osb. ABM i Sogn og Fjordane Digitaliseringsmeldinga - St.meld. nr. 24(2008-2009) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv framhevar at digitale tenester i høve skule og utdanning skal prioriterast. I Sogn og Fjordane er www.skulestova.no ein ressurs som fleire skular kan ha glede av å nytte. Føremålet med www.skulestova.no er å inspirere skuleelevar, lærarar og andre enkeltpersonar til å ta i bruk ressursar i nærmiljøet. For at det skal skje, kan eit tiltak vere at fleire partar innan kultursektoren i samarbeid tilbyr kurs knytt til digital formidling og bruk av nettstaden. Andre kulturinstitusjonar Utøvande kunstnarar treng gode arenaer for å kunne arbeide målretta med å utvikle kvalitative produksjonar, og får rettleiing i god kunst- og kulturformidling. I samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Høgskulen i Møre og Romsdal, er det etablert eit kunstfagleg produksjonsmiljø i Volda, som har fått namnet Seanse (før Prøvekluten). Sogn og Fjordane er representert i fagrådet til Seanse, og fleire utøvarar frå fylket har utvikla produksjonar under opphald i Volda, som seinare har kome inn i turnetilbodet her. Fylkeskommunen tilrår kunstnarar innan ulike uttrykk å søkje profesjonell rettleiing i regi av Seanse. Høgskulane på Vestlandet og Universitetet i Bergen er i ferd med å etablere eit tett fagleg samarbeid innanfor paraplyorganisasjonen UHnett Vest. Dette betyr at Høgskulen i Sogn og Fjordane blir tettare integrert i tunge kulturfaglege miljø på dei andre høgskulane. Det kan kome samarbeidet med DKS i fylket til gode og gjere det lettare å bringe dei andre høgskulane sine fagmiljø til oss. Kunstnarar, formidlarar, museumspedagogar og kulturarbeidarar treng å vite meir om målgruppa og ha god kjennskap til det nye læreplanverket. Det er vidare ønskjeleg at fleire institusjonar, også i eige fylke, tek initiativ til kurs og kompetansehevande tiltak innan produksjon og formidling. Fylkeskommunen bør på sjølvstendig grunnlag ta initiativ og initiere samarbeid mellom kunst- og kulturmiljø regionalt og nasjonalt. I høve regionale initiativ, vil det vere naturleg å utvikle vidare samarbeid med m.a. Musea i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen prioriterer så langt som råd å følgje opp kulturlivet og kulturelle hendingar, og halde kontakt med ulike miljø og enkeltutøvarar. Fylkeskommunen ser det som viktig at eigne tilsette har eit nært tilhøve til samfunns- og kulturliv i og utanfor fylket. Her handlar det både om å byggje kompetanse, utvikle og ivareta nettverk. 2) Pedagogisk kompetanse Skulane har jf. St.meld. nr.8 at ansvaret for å følgje opp tilboda i DKS med føre- og etterarbeid. Den einskilde skule og den einskilde lærar er med andre ord med på å bestemme kor tett DKS-tilboda skal knytast til fag, og kva utbyte elevane skal få av det einskilde tilbodet ut over besøket og formidlinga som kjem til skulen. 14

Tilbydarsida kan og bør peike på moglegheiter og foreslå oppgåver og fordjupningsarbeid. Skulane skal også kunne forvente at pedagogisk innsikt er tilstades hos aktørar og formidlarar i ei slik grad at formidlinga fungerer best mogleg for den aldersgruppa som får dei ulike tilboda. Men det er skulesida som har kunnskapen om både faglege moglegheiter og gode metodar. Etter som DKS er blitt, eller i stadig sterkare grad blir ein naturleg del av skulekvardagen, er det naturleg å forvente at skulane har strukturar og system som ivaretek hovudansvaret for å knyte kunsten og kulturen til tema og mål innan ulike fag. 3) Formidlingskompetanse Dei nasjonale aktørane i DKS arbeider alle med kompetansehevande tiltak innan sine fagområde, retta både mot kultursektoren og opplæringssektoren. Som døme vil vi her framheve Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, som årleg arrangerer Kunsttorget, ei samling for nettverket til museet som Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein del av. Der kan ein delta på eit fagleg program. I tillegg har dei ei produksjonssamling for nye og eksisterande utøvarar i landet, og eit forum for formidlarar. Rundt i fylka arrangerer Nasjonalmuseet kurs i kunstformidling til skular som skal ha utstillingar formidla av lærarar. Det er prøvt ut i Sogn og Fjordane, og skal igjen prøvast ut for ni kommunar i fylket skuleåret 2009/2010. Slik bidreg Nasjonalmuseet også til å auke formidlingskompetansen hos lærarane. Rikskonsertane har nyleg lansert boka Bruk konserten!, som handlar om kva læringspotensiale som ligg i kulturopplevingar generelt, og i musikkopplevingar spesielt. Dette er ei praktisk inspirasjonsbok om ulike samspel; mellom oppleving og læring, mellom kunst og pedagogikk og mellom skule og kultur. Boka vil framover bli nytta som idégrunnlag for mange av råda fylkeskommunen gir vidare til skulane. Vi ønskjer også å hente idear derifrå til kurs og føredrag vi initierer i ulike samanhengar. 4) Arrangørkompetanse I oppbyggingsfasen av Den kulturelle skulesekken har fylkeskommunen vore på kommunebesøk til alle som har takka ja til det. Då har lokale kulturforum fått innføring i arbeidet med tilboda og korleis ein best tilrettelegg (før og etter) for gode møte og opplevingar, og for ei god vidareføring. I samband med utvidinga av Den kulturelle skulesekken i vidaregåande skule, skal alle skulane og kollegium ha eigne informasjonsøkter før dei blir aktive i tilbodet. Elevar som arrangørar er eit eige tema vi vil halde fram å arbeide med. I samarbeid med Rikskonsertane har fylkeskommunen arrangert kurs i alle ungdomsskulane i fylket. Føremålet er å la elevane få vertskapsrolle og ta ansvar for tilrettelegging. Tiltaket har vist seg å fungere svært godt. På denne måten blir elevane lært opp til å ta ansvar på vegne av skulen og sine medelevar, dei lærer kva som må til av planlegging, dei får direkte møte med profesjonelle kunstnarar og dei får ei sterkare involvering i dei einskilde tilboda. 15

3.4. Utøvarane Fylkeskommunen har eit breitt nettverk av utøvarar og grupper både frå eigen region og landet elles.. Det er viktig at fylkeskommunen hjelper kunst- og kulturaktørar til å kunne leve av sine tilbod. Gjennom DKS-engasjement kan vi bidra til at dei kan vere utøvande, sjølv om vi berre kan tilby arbeid i avgrensa periodar. Ein god del enkeltpersonar frå fylket har gjennom åra vore knytt til DKS innan område som visuell kunst, scenekunst, kulturarv og musikk. Den kulturelle skulesekken har også ei viktig rolle som fødselshjelpar for dei som er nye innan dette store feltet, og som treng støtte og rettleiing fram mot eit ferdig tilbod. Når vi mottek innspel og idear frå nye utøvarar, eller sjølve initierer nye tilbod, er vi opptekne av å bidra til ein god utviklingsprosess med profesjonell rettleiing. Midlar til produksjonar må søkjast gjennom ordinære ordningar, som t.d. Norsk Kulturråd. Det er ingen som har faste oppdrag i Den kulturelle skulesekken over lengre tid. Variasjon i høve aktørar, uttrykk og former, er viktig for at vi skal oppretthalde eit dynamisk tilbod. 3.5. Samarbeidspartar Nasjonale aktørar i Den kulturelle skulesekken Styringsgruppa i DKS nasjonalt vedtok i juni 2008 at følgjande nasjonale aktørar skal vere knytt til tiltaket: - Rikskonsertane Musikk - Norsk scenekunstbruk Scenekunst - Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Visuell kunst - Film & kino Film - ABM-utvikling Kulturarv -Norsk Forfattarsentrum Litteratur Regionale aktørar i Den kulturelle skulesekken Dagens styringsgrupper i DKS i Sogn og Fjordane har ikkje gjort vedtak om institusjonar som skal vere faste aktørar knytt til fylkestilbodet. Det er naturleg at fylkeskommunen samarbeider så breitt som råd, og stadig fornyar og utvidar sitt kontaktnett. Fylkeskommunen har etablert eit godt samarbeid med institusjonar som Musea i Sogn og Fjordane, Norsk Bremuseum i Fjærland, Sogn og Fjordane teater, Sogn og Fjordane Husflidslag og Distriktsmusikarane. I høve dagskonferansar og kurs knytt til desse, har vi samarbeidd m.a. med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen er medarrangør av dei årlege dagskonferansane. Fylkeskommunen er i seg sjølv ein viktig kompetansebase med sine ulike einingar innan kultursektoren; arkiv, bibliotek, kulturminne, m.m. som kan vere viktige bidragsytarar i arbeidet med å utvikle nye tilbod. Lokale aktørar i Den kulturelle skulesekken Slik forvaltninga er bygt opp, ligg det til rette for at både det lokale og det regionale nivået, saman og kvar for seg, tenkjer heileskapleg i å bruke ressursane som finst i og 16

utanfor kulturinstitusjonane i regionen. Frilansgrupper, frittståande organisasjonar, dei nye designmiljøa i fylket, kunstnarorganisasjonane og enkeltaktørar, vil alle vere aktuelle samarbeidspartar som skal ha lik tilgang til å få presentere idear og utvikle tilbod som kan bli ein del av Den kulturelle skulesekken. For alle gjeld krav om kvalitet og profesjonalitet, og aksept for DKS-nettverket nasjonalt sine føringar for alminnelege vilkår i høve ressursbruk og godtgjering. 3.6 Kvalitet og profesjonalitet Den einskilde kommune vel å utforme sine tilbod ut frå tilgang til lokale ressursar, og sjølvsagt ut frå det som naturleg bør veljast knytt til særeigne føresetnader (som kulturminne, lokale kunstnarar og lokalt museum). Felles for Den kulturelle skulesekken lokalt og på fylkesnivået, er at innhaldet skal halde høg kvalitet og at utøvarar eller formidlarar skal vere profesjonelle. Både kvalitet og profesjonalitet er omgrep som vanskeleg lar seg måle. Med kvalitet meiner vi at tilboda skal halde høgt nivå, både i form og innhald. Mottakarane, dvs. elevar og lærarar, skal kunne ha høge forventningar til opplevinga eller møtet som skal skje, og få desse innfridde, om ikkje alltid slik dei hadde forventa. Med profesjonell meiner vi at dei som gjennomfører eit tilbod skal ha høg kompetanse innan sitt fagområde, og at dei fyller rolla som dyktige formidlarar. Mottakarane skal oppleve at Den kulturelle skulesekken er noko ekstraordinært i skulekvardagen, på same tid som tilboda skal vere ein naturleg del av den same kvardagen. 3.7 Kvalitetssikring Samarbeidet med nasjonale aktørar, særleg innan musikk, scenekunst og visuell kunst, har vore og er ei svært viktig støtte. Desse bidreg til kvalitetssikring av fylkestilboda i DKS i Sogn og Fjordane på ein god måte, gjennom ansvaret dei har for å tilby produksjonar av høg kvalitet og profesjonalitet. I Sogn og Fjordane har vi eigen fylkesmusikkleiar/musikkprodusent, som er ein del av det interne DKS-teamet. Han er produsentansvarleg og skal kvalitetssikre skulekonsertar som fylket sjølv har ansvaret for. I nye organisasjonsmodell legg vi opp til at musikk som andre uttrykk skal vurderast i eit fagforum. Slik vil vi sikre større fagleg breidde, og tilfang av fleire idear for alle uttrykka i DKS. Ein del av kvalitetssikringa handlar om ei best mogleg tilrettelegging på skulane og ei god oppfølging av aktørane før og under turné. Den samla kvaliteten, sjølv om den er vanskeleg å måle, vil ikkje minst vere knytt til kor godt den einskilde skule og lærar sjølv er budd og kor god dei bur sine elevar i høve forventningar knytt til kvart tilbod. Arrangørkompetansen, som vi tidlegare han omtala, er viktig i høve den samla kvalitetssikringa. Evaluering er viktig, og dataverktøyet vårt ksys har eit system for direkte evaluering på internett ved at skulane loggar seg inn og fyller ut skjema. Sidan januar 2009 har alle skulane hatt passord og brukarnamn for å kunne bruke dette systemet, og aktiviteten her er aukande. 17

Det må vere eit mål å kunne prioritere systematisk oppsummering av kvar av tilboda i DKS på bakgrunn av m.a. evalueringar som kjem inn. Vidare bør utøvarane konsekvent, og skriftleg, bli kjende med tilbakemeldingane som gjeld dei. Tilsvarande evalueringssystem som for utøvarane, må vurderast i høve skulane. Skulane bør kunne evaluerast t.d. i høve arrangørkompetanse, fagleg og praktisk tilrettelegging og oppfølging. Evalueringane må nyttast i eit målretta utviklingsarbeid, for å få til best moglege rammer og kunstmøter for den einskilde eleven. Det vil vere ei utfordring å etablere kvalitetssikrings- og evalueringsordningar som ei naturleg forlenging av den evalueringa kvar skule kan gjere i dag etter å ha hatt besøk på sin skule. Dette er ein viktig dimensjon i evalueringsarbeidet. 18

4. Kvar skal vi gå? - Utviklingsretningar 4.1 Organisering og økonomi Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing og eit varig tiltak som blir finansiert av overskotet til Norsk Tipping. I alt 167 millionar kroner blir fordelt etter ei ordning som Stortinget vedtok i samband med handsaminga av St. meld. nr. 38 (2002-2003) Den kulturelle skolesekken. Det inneber at 80 prosent av midlane er øyremerkte lokale og regionale tiltak, medan 20 prosent av midlane går til sentrale tiltak. Sogn og Fjordane fylkeskommune får skuleåret 2009/2010 tildelt kr 5 387 397. Av dette skulle 1 000 000 kroner finansiere utvidinga av Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring. Midlane skal brukast til å tilføre alle elevane meir kunst og kultur enn dei elles ville fått, og ein skal prioritere nyskaping og utvikling. Med andre ord skal Den kulturelle skulesekken vere eit tillegg til eksisterande satsing på skule-, kunst- og kulturområdet. Fylkeskommunen har ikkje høve til å bruke midlane til administrasjon, kompetanseheving, o.l. Vi har i tidlegare i dokumentet gjort greie for dei økonomiske rammene for DKS i Sogn og Fjordane. Vi har i 2009 ikkje tilstrekkelege arbeidsressursar til å handtere ei utviding av DKS i vidaregåande skule, på same tid som vi skal syte for ei god dagleg drift og oppfølging av turnear og oppgåver til alle grunnskulane og utvalde vidaregåande skular. Vidare er dei økonomiske ressursane for små til at vi i særleg grad kan formidle verkstadtilbod og kostnadskrevjande scenekunstproduksjonar til grunnskulen. Følgjene blir at vi må avgrense mangfald og breidde i formidlingsformer. Ei årsak til den strame økonomien, er reiseavstandar som medfører mykje reisetid. Som følgje av det får fylket heller store kostnader knytt til reise og overnatting. Mange av utøvarane må vi hente frå andre stader i landet, noko som også med på å auke kostnadane. Ein anna grunn er at fylkeskommunen så langt ikkje har lagt inn eigne midlar til innhaldet i skulesekken utover den finansieringa vi har på å administrere ordninga. Det er eit mål at vi skal klare å gje alle grunnskuleelevane 4 tilbod og alle elevar i vgo 2 tilbod årleg. For å løyse denne utfordringa, og få til ei vidare positiv utvikling av Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane, ser vi følgjande aktuelle tiltak: For å realisere dette målet, må dei samla ressursane til denne satsinga aukast. Det er eit problem i den samanheng at dei statlege løyvingane som kjem frå spelemiddeloverskotet ikkje vert løns-/prisjustert, medan kostnadane med produksjonar aukar. Skal vi realisere det skisserte målet, og utan at staten aukar opp sin del av innsatsen, er det trong for at fylkeskommunen fyller inn med ressursar. Nærare vurdering av storleik kjem i samband med budsjettprosessen. Dersom det ikkje kjem auka ressursar, ser vi følgjande alternative tiltak: Talet på tilbod til elevane blir redusert, og/eller ein avgrensar i endå sterkare grad mangfald og formidlingsformer for å redusere utgiftene 19

Vi ber skulane ta eit større ansvar for å organisere enkelttilbod, for å økonomisere arbeidsressursar (truleg meir aktuelt å vurdere i vgo enn i grunnskulen). Grunnskulen og vidaregåande skule har kvar sin eigenart, og kvar skule er igjen eigne små samfunn med ulike strukturar, rutinar og røynsler med Den kulturelle skulesekken. Kultursida må ha respekt for ulikskapar og dei ulike måtane skulane vel å innlemme DKS i skulekvardagen på. På både fylkes og lokalnivåa er vi avhengige av eit tett samarbeid med skuleleiing og lærarar for at vi skal oppnå gode resultat. Det er gjennom ein god dialog vi saman kan forme ein kulturell skulesekk i Sogn og Fjordane framover som er mest mogleg til nytte og gagn for elevane. Erfaringar viser at ei aktiv og inkluderande haldning frå skulane si side, er ein sentral premiss for kor vellukka Den kulturelle skulesekken blir samla sett. Det gjeld alt frå fagleg og praktisk tilrettelegging, til korleis vertsskapsrolla blir utøvd. I høve vidaregåande skule, vil vi trenge planperioden (2010-2014) til å finne fram til ein best mogleg modell for korleis vi skal organisere samarbeidet og kva rutinar som bør vere eins for alle. I tildelingsbrevet frå Kultur- og kyrkjedepartementet for skuleåret 2008/2009 heiter det i pkt. 5.: Fylkeskommunane bør inngå konkrete samarbeidsavtalar med kommunane om mellom anna arbeidsdeling og kompetansetiltak. Slike avtalar vil gjere planlegginga og rolleavklaringa mellom fylkeskommunen og kommunen enklare, og dermed medverke til at ein når måla med Den kulturelle skulesekken. I dag har vi politisk vedtekne planar som blir jamnleg oppdaterte og årleg sendt inn til fylkeskommunen i samband med søknad om midlar til lokale DKS-tilbod. Dei første planane vart vedtekne i 2004, i samband med at alle kommunane gjorde vedtak om at dei ville delta i ordninga og godtok premissane for å delta, m.a. ved å betale kr. 10 per tilbod (kr 9 for skulekonsertane). Det er viktig for den vidare utviklinga at slike avtalar blir utarbeidde (eller fornya) mellom fylkeskommunen og kommunane, og mellom dei ansvarlege avdelingane i fylkeskommunen (kultur og opplæring). Det vil vere naturleg at den nye rådgjevargruppa får i oppgåve å forme eit dokument som stadfestar roller og ansvar i kommunen, og mellom partane i kommunen og regionnivå. Her må det presiserast at Den kulturelle skulesekken må forankrast i skulen si leiing. Dokumentet må vise tydeleg kva forventningar ulike samarbeidspartar skal kunne ha til kvarandre. I høve tilrettelegging og gjennomføring, vil kulturkontaktene på den einskilde skule og i kommunen har nøkkelroller. Kommunekontakten har ansvaret for det lokale kulturforumet, som legg planar og fordeler ressursar. Kulturkontaktene på skulane og i kommunane tar ved behov direkte kontakt med det interne DKS-teamet i fylket. Dei fleste kommunale kulturskulane tilbyr i dag opplæring i mange kunst- og kulturuttrykk. Dei er også ein viktig ressurs for elevar i ordinær skule. I sin strategiske plan for kunst og kultur i opplæringa, Skapende læring, peikar kunnskaps- 20