Nordleg dimensjon Partnarskap for transport og logistikk (NDPTL) er ei nyvinning for landa våre.



Like dokumenter
Ny strategiplan for Høgskulen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Psykologisk førstehjelp i skulen

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Auka finansiering av Interreg-programma i Norge

Lønnsundersøkinga for 2014

Den nye seksjon for applikasjonar

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

UTTALE NASJONAL TRANSPORTPLAN

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

INTERNASJONAL STRATEGI

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MAGNHILD FOLKVORD OG EBBA WERGELAND SEKSTIMARSDAGEN - DEN NESTE STORE VELFERDSREFORMA? GYLDENDAL ARBEIDSLIV

Forslag frå fylkesrådmannen

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Svar på innspel til organisasjonsmodell

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Skyss, Bergen Adm. direktør Bernt Reitan Jenssen, Ruter As. Ruter sine strategiar på miljøområdet - kva fungerer?

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Etablering av Helse Vest Innkjøp HF

Nyheitsbrev frå Havfront AS

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Psykologisk førstehjelp i skulen

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Årsrapport for Divvun 2013

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Sosialdemokratiet i dag?

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Budsjett Økonomiplan

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

«Ny Giv» med gjetarhund

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Kulturminnearbeid i Asplan Viak. Eit fagfelt dekka av Asplan Viak

Samansette tekster og Sjanger og stil

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Brødsbrytelsen - Nattverden

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Høyring - Transportetatane sitt grunnlagsdokument for NTP

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Last ned Malmtunge spor - Gunnar Grytås. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Malmtunge spor Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Plassebakken Barnehage

Nasjonale forventningar til hamner som logistikknutepunkt.

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

2015/ Høyring - "Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet"

Transkript:

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa NDPTL Tromsø 23. februar 2011 Kjære alle saman! Nordleg dimensjon Partnarskap for transport og logistikk (NDPTL) er ei nyvinning for landa våre. Partnarskapet er med på å forsterka transportsambanda i det nordlege Europa. Slik fremjar det interessene til heile denne ressursrike regionen. Partnarskapa er òg eit viktig verkemiddel i den norske regjeringa si satsing på nordområda. Det er dessutan ein god måte å bygga samarbeid og styrka relasjonar på. Aldri har vi arbeidd så tett saman på statleg nivå tidlegare. Partnarskapet vil bli ein viktig arena for å få på plass betre transportsamband og stimulera til berekraftig økonomisk vekst på tvers av landegrensene. Vonleg vil dette instrumentet senka terskelen for internasjonale korridorar. 1

Alle transportformer vil vera representerte i partnarskapet. Veg, jernbane og sjøgåande transport blir særleg viktig. Å fremja sjøtransport er eit heilt klart mål for partnarskapet generelt og for Noreg spesielt. Nedsmelting av sjøisen på grunn av global oppvarming vil truleg dra meir internasjonal merksemd mot nordområda. Mindre is gjer at nye sjøområde opnar seg og gir utvida sesong for Den nordlege sjøruta. Desse nye skipsrutene kan halvera transportavstanden mellom Vest-Europa og Asia. Den auka utvinninga av naturressursane i nordområda gir auka behov for maritim transport. Utan effektive logistikkløysingar til store marknader er ikkje ressursane i nord mykje verdt. Det er betydelege utfordringar knytt til skipsfart i arktiske farvatn: Mørketid, nedising av fartøy, mangel på gode kart og pålitelege vervarsel. 2

Dette tilseier eit behov for styrka regionalt og internasjonalt samarbeid. Det gjer det endå viktigare at Nordleg dimensjon Partnarskap for transport og logistikk no kjem på plass. Noreg har overteke formannsskapet for styringskomiteen i 2011. Det gir oss eit særleg ansvar for å sikra framdrifta og nå resultat. Det arbeidet er vi no godt i gang med. Tre hovudoppgåver peikar seg ut: 1: Få på plass leiar for sekreteriatet. Målet er å ha ein direktør på plass i løpet av våren og vera operative over sommarferien. Sekreteriatet er som kjent lokalisert saman med den Nordiske Investeringsbanken i Helsinki. 2: Få på plass mellombels løysing. Finland og Litauen har stilt med to nasjonale ekspertar som tar fatt i desse dagar. Dei står inntil vidare for det faglege arbeidet, fram til ny leiar er på plass. 3

3: Viktigast av alt: utvikla innhaldet og tiltaka. Her er det fire hovudmål for Partnarskapet for transport og logistikk: - Arbeida saman for å forbetra transportkorridorane mellom deltakarlanda i partnarskapet. - Framskunda gjennomføring av prosjekt innan transport eller logistisk infrastruktur langs større grenseoverskridande transportårer. - Framskunda fjerning av flaskehalsar som ikkje kan relaterast til infrastruktur. Til dømes kan grensepassering vera tidkrevjande for vegfarande. På jernbanesida har internasjonale godstransportar stort potensiale for effektivisering. - Partnarskapet skal setja opp effektive strukturar for gjennomføring av prosjekt og tiltak, og identifisera nye flaskehalsar og tiltak. Frå norsk side vil vi forsterka dei internasjonale transportkorridorane. 4

Vegsambandet til Sverige over Svinesund mot Gøteborg og vidare sørover mot Danmark, Tyskland og resten av det europeiske fastlandet er prioritert høgt. Her er det no firefelts motorveg heile vegen, med eit lite unntak på svensk side. Dette er ein del av det nordiske triangelet: forbindelsane mellom dei skandinaviske hovudstadane. Det vil også bli satsa på jernbane og utbetring av dei andre grensekryssande vegane mellom Noreg og Sverige. I Trøndelag er det òg ei viktig jernbanestrekning mot Sverige: Meråkerbanen. Denne skal bli betre. Vi gjennomfører analysar som gje underlag for å vurdera elektrifisering. Det vil effektivisera drifta på banen og gjera den meir miljøvenleg. Den norske regjeringa har store ambisjonar om å skapa berekraftig vekst og utvikling i nordområda. Vi har i Nordområdestrategien sjølvsagt peika på behovet for å betra transportinfrastrukturen. Vegsambanda mot Russland, Finland og Sverige er viktige og blir satsa på framover. 5

Den tyngste grensekryssande transportkorridoren er utan tvil Ofotbanen mellom Narvik, Kiruna og Bottenvika. Denne banen har dei seinare åra blitt forsterka til å tola tyngre og lengre tog. Vi treng meir kunnskap om korleis godsstraumane i nord vil arta seg, ikkje minst i lys av petroleumsaktivitetane og utvida aktivitet i gruve- og malmindustrien. Difor gjennomfører vi ein brei studie av framtidig behov for infrastruktur i nord. Den skal òg ta med tilsvarande planar i nabolanda. Studien skal vera ferdig før sommaren i år. Vonleg vil den gje oss kunnskap som blir nyttig i arbeidet med neste Nasjonal transportplan. Partnarskapet fekk rett før jul ein svært god rapport: Nordimrapporten, Eg vil gje honnør til EU-kommisjonen som har vore pådrivar og som har finansiert rapporten. Rapporten gir viktig kunnskap med tanke på å få på plass nye infrastrukturprosjekt og overvinna logistikkhinder. 6

Ofte er det nemleg ikkje manglande infrastruktur som hindrar internasjonale transportar. Det oppstår altfor ofte køar ved grensepassering. Det kan også gå for lang tid til klarering av papir, ulike kontrollar og så vidare. Flaskehalsar kan vera mangel på kapasitet, opningstider som ikkje er tilpassa, ulike sporvidder på jernbane eller it-system som ikkje snakkar med kvarandre. Kartlegging av flaskehalsane og realistiske planar for korleis dei kan fjernast er nødvendig. På dette området må det vera eit nært samarbeid mellom statane. Dette vil Partnarskapet for transport og logistikk ta tak i framover. No er neste mål å vidareutvikla Nordim-rapporten til ein handlingsplan. Denne handlingsplanen blir rett og slett ei konkret prosjektliste. Arbeidet er i gang! 7

Miljøaspektet er her viktig. Meir effektiv transport sparer drivstoff og gir mindre utslepp. Smartare transportløysingar som gjer bruk av IKT-verkty og god logistikk er òg med på å betra energieffektiviteten. Avslutningsvis: lat meg nemna at vi toler å bli fleire. Eg veit eg har alle med meg når eg seier at Island er hjarteleg velkomne til å bli med! Eg har store forventningar til partnarskapet og vil nytta høvet til å gje mi fulle støtte til det vidare samarbeidet. Vi samarbeider godt med Russland, som har formannskapet i høgnivågruppa, med EU-kommisjonen og med Nordisk Investeringsbank. Samarbeid om god infrastruktur og logistikk på tvers av landegrensene vil bli svært viktig for heile den nordlege dimensjon i framtida. At vi no er i ferd med å få NDPTL operativt lovar godt for framtida! Eg gler meg til å samarbeida med dykk om dette også vidare! Takk for meg! 8