Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Anny Bastesen FA - M50 17/2800 Saksnr Utvalg Type Dato 136/2017 Formannskapet PS 29.11.2017 Kommunestyret PS Renovasjonsgebyr 2018 Vedlegg: NGIR - vedtak i representantskapsmøte Saksopplysningar: Bakgrunn Styret i NGIR gjorde i møte 24.10.2017 vedtak om å rå til auke i renovasjonsgebyret for 2018 (normalabonnement). Representantskapet vedtok dei nye satsane samrøystes i møte 13.11.2017. Auken heng saman med behovet for å stabilisere situasjonen etter at RenoNorden gjekk konkurs. Renovasjonsgebyret hadde ein mindre nedgang frå 2016 til 2017, etter siste anbodsrunde. Dersom tilbydar nr 2 hadde blitt valgt som ny renovatør, ville gebyret gått vesentleg opp frå 2016 til 2017. Innsamlingskostnadene isolert sett ville ha vore kr 815,- pr husstand i staden for RenoNorden sitt anbod på kr 449,-. NGIR har i tillegg rekna på skilnaden mellom anbod nr 2 og innsamling i eigen regi, denne utgjer kr 52,- pr husstand. Etter konkursen, henter NGIR inntil vidare avfallet i eigen regi. Styret og Representantskapet behandlar sak om eventuell vidare anbodsutsetting, men renovasjonsbudsjettet er inntil vidare sett opp i høve til kostnader med eigen drift i 2018. Gebyret skal dekke personalkostnader, behandling av avfallet utover innsamlingskostnadene, kapitalkostnader og andre faste kostnader knytt til mengden avfall frå hushaldningane, i tillegg til innsamlingskostnadene. Det medfører at renovasjonsgebyret (normalabonnement) må aukast frå 2 944,- i 2017 til 3 488,- i 2018. Auken utgjer kr 544,- (18,5 %). Før siste anbodsrunde (dvs før RenoNorden overtok) tilsa prognosen at renovasjonsgebyret skulle vore kr 3 230,- i 2018. På grunn av utviklinga i avfallsmengden det siste året, m.a. med mindre næringsavfall og meir hushaldsavfall, må gebyret aukast noko meir for at tenesta igjen skal drivast i balanse.
Vurdering NGIR handterer og administrerer renovasjonstenesta fullt og heilt, medrekna innkreving av gebyr. Det kjem såleis ikkje eit tillegg av kommunale administrative kostnader på dette gebyret. Tenesta blir drive etter sjølvkostprinsippet og går i balanse over tid. Folkehelse: Ikkje relevant i denne saka Miljø: Trygg behandling av alle typar avfall er framtidsretta og positivt for miljøet. Økonomi: Satsane går fram av vedlegget. Meland har ingen kostnader eller arbeid med innkreving av dette gebyret. Konklusjon Rådmannen rår til at kommunestyret gjer vedtak om gebyrsatsar slik NGIR ber om og i tråd med Representantskapet sitt vedtak. Framlegg til vedtak: «Kommunestyret godkjenner renovasjonsgebyret for 2018 slik Representantskapet i NGIR har gjort vedtak om i møte 13.11.2017. Vedtaket er fatta med heimel i Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) 34.» Formannskapet - 136/2017 FS - behandling: FS samrøystes framlegg til vedtak: «Kommunestyret godkjenner renovasjonsgebyret for 2018 slik Representantskapet i NGIR har gjort vedtak om i møte 13.11.2017. Vedtaket er fatta med heimel i Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) 34.»
NGIR sine medlemskommunar Gebyr renovasjon for 2018 Representantskapet i NGIR gjorde 13.11.17 vedtak om kva gebyrsatsar NGIR vil tilrå kommunane å vedta for 2018. Her fylgjer satsane med kommentarar. Alle tal er utan meirverdiavgift. NGIR ber kommunen gjera vedtak om gebyrsatsar. Då NGIR i 2016 inngjekk transportavtale med RenoNorden gjekk kostnaden til transport av avfall inn til NGIR monaleg ned. Likevel kunne ikkje gebyret setjast tilsvarande ned fordi ein del andre kostnader auka, m.a. kapitalkostnader og kostnader til handsaming av avfall. I tillegg hadde NGIR i 2016 finansiert ein del av gebyret ved å bruka av utjamningsfondet, medan ein i 2017 ikkje hadde tilsvarande fond å "subsidiera" gebyret med. Endring i bruk av utjamningsfondet utgjer størsteparten av "Andre kostnader" i gebyrendringa frå 2016 til 2017. Kostnaden per abonnent med selskapet som vart rangert som nr. 2 i anbodskonkurransen var om lag kr. 366 høgare enn med RenoNorden. Etter at RenoNorden AS gjekk konkurs hentar NGIR inntil vidare avfallet i eigen regi. Kostnaden med dette er kalkulert på grunnlag av avtalar og erfaringsdata per 15.10.17. Kostnaden er kalkulert til kr 52 per abonnent høgare enn anbodet som vart rangert som nr. 2. Det ligg føre planar for å setja transporttenesta ut på anbod frå ca. 01.09.18, men det er for enkelhets skuld budsjettert med kostnader for eigen drift for heile året. Basert på driftsbudsjettet må renovasjonsgebyret aukast frå kr 2976 til kr 3488 (normalabonnement). Under er gebyrendringane for 2016-2018 vist (der endringa frå 2016 til 2017 er henta frå saksutgreiinga i tilsvarande sak i 2016). Gebyr 2016 kr 2 976 Transport inn - kr 468 Transportkostnader ut - kr 211 Personalkostnader kr 33 Ekstern handsaming av avfall kr 263 Kapitalkostnader kr 106 Andre kostnader kr 245 Gebyr 2017 kr 2 944 Diff. RenoNorden - transp.anbod nr. 2 kr 366 Tillegg for drift i eigen regi 2018 kr 52 Andre kostnader * kr 126 Gebyr 2018 kr 3 488
* Størstedelen av denne kostnadsauken skuldast nedgong i næringsavfall. Dette fører til at kostnadsfordeling mellom hushald og næring endrar seg (t.d. faste kostnader som avskriving, vedlikehald m.m). Slike kostnader vert fordelt mellom hushald og næring utifrå tal tonn avfall som vert handsama og med færre tonn næringsavfall vert hushalda belasta for ein større del av desse kostnadene. I perioden NGIR hadde kontrakt med RenoNorden har abonnentane spart 4-5 millionar kroner i forhold til dersom RenoNorden ikkje hadde gjeve det lågaste tilbodet. Dersom RenoNorden ikkje no hadde gått konkurs, ville auken i renovasjonsgebyret vore om lag 4,3 % frå 2017 til 2018. Figuren nedanfor viser forventa gebyrutvikling i dei 3 siste økonomiplanane: Sjølvkostrekneskap og forventa endring av utjamningsfond Sjølvkostrekneskapen viser eit overskot på kr 1 532 for 2018, som er tenkt sett av til utjamningsfondet. Resultat 2018 785 000 + Rentekostnader 211 804 - Renteinntekter bankinnskot 291 846 - Kalkulatorisk rentekostnad 703 427 = Sjølvkostresultat 1 532 Ujamningsfondet er forventa å auka frå - kr 70 883 per 01.01.2017 til kr 979 497 ved utgongen av budsjettåret, under føresetnad av at ein kan avsetja kr 1 018 588 til fondet i inneverande år som budsjettert.
Utjamningsfond 01.01.2017-70 883 Budsjettert avsetning til (+)/ bruk av (-) utjamningsfond 2017 1 018 588 Kalkulert rente utjamningsfond 2017 16 388 Budsjettert avsetning til (+)/ bruk av (-) utjamningsfond 2018 1 532 Kalkulert rente utjamningsfond 2018 13 872 Budsjettert utjamningsfond 31.12.2018 979 497 Renovasjonsgebyr 2018 Renovasjonsgebyr for 2017 (eks. mva.) er som fylgjer: Renovasjonsgebyr 2018 Rabatt/tillegg* Utan heimek. Med heimek.** Restavfall kvar 4. veke, 140 -kr 320,00 kr 2 624,00 kr 2 224,00 Restavfall kvar 2. veke, 140 Utgangspunkt kr 2 944,00 kr 2 544,00 Restavfall kvar 2. veke, 240 kr 320,00 kr 3 264,00 kr 2 864,00 Hytterenovasjon kr 1 472,00 * Rabatt/tillegg for sjeldnare tøming / større dunk er oppgjeve utan mva. Kr 320,00 + mva. = kr 400. ** Rabatt for heimekompostering er kr 400 utan mva / kr 500 med mva. Ved kr 512 i auka gebyr frå 2017 til 2018 vil gebyra for 2018 (eks. mva.) verta som fylgjer: Renovasjonsgebyr 2018 Rabatt/tillegg* Utan heimek. Med heimek.** Restavfall kvar 4. veke, 140 -kr 320,00 kr 3 168,00 kr 2 768,00 Restavfall kvar 2. veke, 140 Utgangspunkt kr 3 488,00 kr 3 088,00 Restavfall kvar 2. veke, 240 kr 320,00 kr 3 808,00 kr 3 408,00 Hytterenovasjon kr 1 744,00 * Rabatt/tillegg for sjeldnare tøming / større dunk er oppgjeve utan mva. kr 320,00 + mva. = kr 400. ** Rabatt for heimekompostering er kr 400 utan mva / kr 500 med mva. Då Fedje kommune utfører ein del tenester sjølv, vil prisane til Fedje kommune (frå NGIR) vera kr 134 lågare per hushaldskunde og kr 67 lågare per hyttekunde.
Dagleg leiar sitt framlegg til vedtak: Styret rår representantskapet til å gjera vedtak om fylgjande renovasjonsgebyr (eks mva.) for hushald og hytter i 2018: Renovasjonsgebyr 2018 Rabatt/tillegg* Utan heimek. Med heimek.** Restavfall kvar 4. veke, 140 -kr 320,00 kr 3 168,00 kr 2 768,00 Restavfall kvar 2. veke, 140 Utgangspunkt kr 3 488,00 kr 3 088,00 Restavfall kvar 2. veke, 240 kr 320,00 kr 3 808,00 kr 3 408,00 Hytterenovasjon kr 1 744,00 * Rabatt/tillegg for sjeldnare tøming / større dunk er oppgjeve utan mva. kr 320,00 + mva. = kr 400. ** Rabatt for heimekompostering er kr 400 utan mva / kr 500 med mva. Handsaming i styremøte 24.10.17: Samrøystes tilrådd av styret. Handsaming i representantskapsmøte 13.11.17: Samrøystes vedteke av representantskapet. Kjevikdalen, 14.11.17 Erlend Kleiveland - økonomisjef -